Vedtekter til Mittetdalen viltlag 1. Mittetdalen viltlag: Mittetdalen viltlag, heretter kalt "Laget", er ei samanslutning av grunneigarar av bruk under gnr. 145, 146, 147, 148, 149 og 150 i Rauma kommune som har eigedomsrett / bruksrett til jakt på eigedommane under desse gnr. Når det gjeld storviltjakt også av grunneigarar av bruk under gnr. 120 og 121 i Nesset kommune. Laget er eit eigarlag og medlemane har avgrensa ansvar i samsvar med sin eigarpart (sjå 6). 2. Føremål: Laget sitt føremål er å samle grunneigarane i området slik at dei i fellesskap ved ei planmessig forvaltning skal kunne utnytte viltressursane på ein måte som skaper grunnlag for arbeid og inntekter, samtidig med at beiteskade på skog og innmark blir halde på eit akseptabelt nivå. 3. Avgrensing av området: Området til Mittetdalen viltlag er avgrensa til eigedommane til gnr. 145, 146, 147, 148, 149 og 150 i Rauma kommune, og når det gjeld storvilt også av eigedommane gnr. 120/2 og 121/1 i Nesset kommune, alt slik som vist på kart dat. 22.4.2004 kartblad 3 og 4. Karta er vedlagt saka. Når det gjeld småvilt er ikkje arealet til gnr. 120/2 og 121/1 i Nesset kommune med.
4. Inndeling i jaktsoner: A. Småvilt: For jakt på småvilt blir ikkje området inndelt i soner (kartblad 4). B. Storvilt: For jakt på storvilt er jaktområdet inndelt i 4 soner som er avgrensa slik som vist på vedlagt kart (kartblad 3). Sone 1: Eigedommane under gnr. 145 og 146 i Rauma kommune og eigedommane gnr. 120/2 og 121/1 i Nesset kommune. Sone 2: Eigedommane under gnr. 147 i Rauma kommune. Sone 3: Eigedommane under gnr. 148 og gnr. 149 i Rauma kommune. Sone 4: Eigedommane under gnr. 150 i Rauma kommune. 5. Medlemskap: Desse eigedomane er medlemar i laget: Gnr. i Rauma kommune: Under gnr. 145: Bnr. 1. Under gnr. 146: Bnr. 1 og 2. Under gnr. 147: Bnr. 1, 2, 3, 4, 5, 9, 10 og 15. Under gnr. 148: Bnr. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 9 og 10. Under gnr. 149: Bnr. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18, 20 og 25. Under gnr. 150: Bnr. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17 og 20. Gnr. i Nesset kommune: Under gnr. 120: Bnr. 2. Under gnr. 121: Bnr. 1. Medlemsskapet i laget er pliktig, og medlemsskapet fylgjer eigedomen og kan ikkje skiljast frå denne. Er det same eigar av fleire gnr. og bnr. blir desse eigedomane å sjå på som ei driftseining og blir rekna som eit medlem med ei stemme. Er der fleire eigarar av ein eigedom (driftseining) skal dette også reknast som eit medlem med ei stemme. Eigedomane i Nesset kommune er ikkje å sjå på som medlem i laget i spørsmål som gjeld småviltet. Ved deling av eigedom vert den frådelte eigedom automatisk medlem i bruksordninga, dersom eigedomen ved delinga får jaktrett. Kor stor part den frådelte eigedomen skal ha av den opphavlege parten til eigedomen som blir delt, skal avtalast mellom seljar og kjøpar på førehand.
6. Delingstal: (Rettsforholdet mellom medlemane). A, Småvilt: Delingstal når det gjeld rettsforholdet for småviltet kjem fram av tabell 1 (kolonne 7). Delingsnykel ved småviltjakt i Mittet tabell 1 Areal Skyld Intern Fordeling Gnr./bnr. Eigar Daa Prosent M./ø. Prosent Prosent 145/1 May Iren Mittet 1.69 100.0 % 1.40% 786.0 1.4 % 1.69 146/1 Odd Slettfjerding 2.22 50.0 % 1.17% 146/2 Peder Einar Dahle 2.22 50.0 % 1.17% 1309.4 2.3 % 4.44 147/1 Iver Artur Mittet 3.50 22.38% 1.23% 147/2,9 Kjartan Dahle 3.57 22.83% 1.26% 147/3 Nedresæter 3.95 25.26% 1.39% 147/4 Oddvar Dahle 0.31 1.98% 0.11% 147/5 Korneliusen 2.95 18.86% 1.04% 147/10 Sigrid Mittet 0.46 2.94% 0.16% 147/15 Per Ole Mittet 0.90 5.75% 0.32% 3089.7 5.5 % 15.64 148/1 Tore Gunnar Faye 5.47 11.26% 5.86% 148/2 Kåre Håkon Staurset 0.42 0.98% 0.51% 148/3,7 Trond Dahle 6.61 16.08% 8.37% 148/4; 149/20 Lars Petter Staurset 2.28 6.18% 3.22% 148/5; 149/9,11,13 Ernst Rolf Grøvdal 3.38 6.45% 3.36% 148/6; 149/1,2,10,12 Tor Erling Vik 3.71 7.80% 4.06% 148/9 Emil og Idar Staurset 0.16 0.34% 0.18% 148/10 Kirsti I. Spjelkavik 0.28 0.34% 0.18% 149/3 Jannike og Jone Lønø 4.03 8.12% 4.23% 149/4,14,17 Jakob Gunnar Hagen 1.28 2.11% 1.10% 149/5 Odd Inge Sande 1.56 4.16% 2.17% 149/6 Sissel Tone Dahle 6.22 10.64% 5.54% 149/7 Svanhild K. Dahle 6.75 13.32% 6.93% 149/8,21 Halvard Dahle 1.95 4.88% 2.54% 149/15 Per Magne Mork 0.70 2.48% 1.29% 149/16 Karstein Dahle 1.43 3.89% 2.02% 149/18 Sverre O. Staurset 0.07 0.52% 0.27% 149/25 Hammervoll/Pedersen 0.05 0.40% 0.21% 29143.4 52.1 % 46.35 150/1 Bjørn Magne Mittet 2.95 8.49% 3.28% 150/2,9,13,20 Karin og Per Paus 7.17 20.64% 7.98% 150/3 Erik Mittet 4.64 13.36% 5.17% 150/4,8 Ole Kolbjørn Mittet 4.75 13.67% 5.29% 150/5,12,15 Palma og Per Malme 2.88 8.29% 3.21% 150/6 Ingbjørn Mittet 5.06 14.57% 5.63% 150/7 Arne Magnar Langseth 3.78 10.88% 4.21% 150/10 Kåre Sigmund Holm 0.80 2.30% 0.89% 150/11 Odd Inge Sande 0.66 1.90% 0.73% 150/14 Hjalmar Anker Mittet 1.80 5.18% 2.00% 150/16 Egil Einar Mittet 0.05 0.14% 0.06% 150/17 Kristine M. Mittet 0.20 0.58% 0.22% 21657.8 38.7 % 34.74 Sum areal og skyld: 55986.3 100.0 % 102.86 100.0 %
B, Storvilt: Delingstal når det gjeld rettsforholdet for storviltet kjem fram av tabell 2 (kolonne). Delingsnykel ved storviltjakt i Mittet tabell 2 Areal Skyld Intern Fordeling Gnr./bnr. Eigar Daa Prosent M./ø. Prosent Prosent 120/2 Erling Stranden 0.82 25.23% 0.66% 121/1 Erling Stranden 2.43 74.77% 1.96% 916.2 2.6 % 3.25 100.0 % 145/1 May Iren Mittet 1.69 100.0 % 2.04% 711.4 2.0 % 1.69 100.0 % 146/1 Odd Slettfjerding 2.22 50.0 % 1.59% 146/2 Peder Einar Dahle 2.22 50.0 % 1.59% 1113.5 3.2 % 4.44 100.0 % 147/1 Iver Artur Mittet 3.50 21.63% 1.74% 147/2,9 Kjartan Dahle 4.11 25.40% 2.04% 147/3 Nedresæter 3.95 24.41% 1.96% 147/4 Oddvar Dahle 0.31 1.92% 0.15% 147/5 Korneliusen 2.95 18.23% 1.46% 147/10 Sigrid Mittet 0.46 2.84% 0.23% 147/15 Per Ole Mittet 0.90 5.56% 0.45% 2804.3 8.0 % 16.18 100.0 % 148/1 Tore Gunnar Faye 5.47 11.26% 4.98% 148/2 Kåre Håkon Staurset 0.42 0.98% 0.43% 148/3,7 Trond Dahle 6.61 16.08% 7.11% 148/4,149/20 Lars Petter Staurset 2.28 6.18% 2.73% 148/5,149/9,11,13 Ernst Rolf Grøvdal 3.38 6.45% 2.85% 148/6,149/1,2,10,12 Tor Erling Vik 3.71 7.80% 3.45% 148/9 Emil og Idar Staurset 0.16 0.34% 0.15% 148/10 Kirsti I. Spjelkavik 0.28 0.34% 0.15% 149/3 Jannike og Jone Lønø 4.03 8.12% 3.59% 149/4,14,17 Jakob Gunnar Hagen 1.28 2.11% 0.93% 149/5 Odd Inge Sande 1.56 4.16% 1.84% 149/6 Sissel Tone Dahle 6.22 10.64% 4.71% 149/7 Svanhild K. Dahle 6.75 13.32% 5.89% 149/8,21 Halvard Dahle 1.95 4.88% 2.16% 149/15 Per Magne Mork 0.70 2.48% 1.10% 149/16 Karstein Dahle 1.43 3.89% 1.72% 149/18 Sverre O. Staurset 0.07 0.52% 0.23% 149/25 Hammervoll/Pedersen 0.05 0.40% 0.18% 15444.5 44.2 % 46.35 150/1 Bjørn Magne Mittet 2.95 8.49% 3.39% 150/2,9,13,20 Karin og Per Paus 7.17 20.64% 8.23% 150/3 Erik Mittet 4.64 13.36% 5.32% 150/4,8 Ole Kolbjørn Mittet 4.75 13.67% 5.45% 150/5,12,15 Palma og Per Malme 2.88 8.29% 3.31% 150/6 Ingbjørn Mittet 5.06 14.57% 5.81% 150/7 Arne Magnar Langseth 3.78 10.88% 4.34% 150/10 Kåre Sigmund Holm 0.80 2.30% 0.92% 150/11 Odd Inge Sande 0.66 1.90% 0.76% 150/14 Hjalmar Anker Mittet 1.80 5.18% 2.07% 150/16 Egil Einar Mittet 0.05 0.14% 0.06% 150/17 Kristine M. Mittet 0.20 0.58% 0.23% 13916.6 39.9 % 34.74 100.0 %
Sum areal og skyld: 34906.5 100.0 % 106.65 100.0 % Då tildeling av fellingsløyve på storvilt bygger på arealet som går inn i jaktvaldet vil arealet som det einskilde gnr. går inn i valdet med, bli lagt til grunn ved utrekning av rettsforholdet gnr. i mellom. Sidan jaktretten til gnr. 148, Staurset, og gnr. 149, Dahle, etter utmarksjordskifte slutta 24.09.1987, ligg i fellesskap, blir arealet for desse to gnr. rekna samla. Etter dom i Frostating lagmannsrett av 12. august 2002, ligg også fjellområde som Staurset/Dale eig, i fellesskap. Då gnr. 120 og 121 i Nesset kommune ikkje er med i laget når det gjeld småvilt, vil rettsforholdet mellom medlemane vere todelt. Med utgangspunkt i det som er nemnt ovafor får ein ved fordeling av storviltløyve på sonene eit slikt oppsett: Storvilt - tildeling av løyve på sonene: Sone Gnr. Areal i daa Prosent 1 120,121,145,146 2741,1 7,9 % 2 147 2804,3 8,0 % 3 148, 149 15444,5 44,2 % 4 150 13916,6 39,9 % Sum: 34906,5 100,0 % Dersom viltnemnda i Rauma finn grunn til å justere arealet, må tabellen justerast etter den nye arealjusteringa. 7. Utøving av jakta: A, Småviltjakta: Alle som vil jakte på småvilt må løyse jaktkort. Dette gjeld også grunneigarane. Jaktkorta kan vere for eit visst tal døger (døgnkort), veker (vekeskort), eller for heile jaktsesongen (sesongkort) B, Storviltjakta: Søknad om tildeling av dyr/løyve Dei av medlemane som vil jakte, må søkje på tildeling av dyr. Då området er inndelt i jaktsoner, må søknaden gjelde den sona som vedkommande søkjar er grunneigar. Har sona meir enn eit fellingsløyve må ein i søknaden oppgje kor mange av dei tildelte fellingsløyva ein søkjer på og kva slags dyr (kalv, kolle, bukk) ein er interessert i. Søknaden skal sendast styreleiaren for laget, jfr. 12 pkt. 2. Jaktlag Medlemar i viltlaget kan også skipe jaktlag som kan søkje på tildeling av dyr. Eit slikt jaktlag kan også ha med personar som ikkje er medlemar i viltlaget, men fleirtalet i jaktlaget må vere medlemar i viltlaget. Eit medlem som er med i eit jaktlag som får tildelt dyr, kan ikkje få tildelt dyr utanom det jaktlaget får.
Vidaresal av løyve Løyve som blir tildelt eit medlem kan ikkje seljast vidare, men kan nyttast av andre familiemedlemar i rett opp - eller nedstigande linje. Andre kan delta på jakta saman med den som har fått tildelt dyr. Jakt i andre soner Dersom det på slutten av jakttida viser seg at ein på grunn av lite dyr i ei eller fleire soner ikkje har skote dei dyr som er tildelt i sona, medan det framleis står mykje dyr i andre soner etter at kvoten der er fylt, kan styret gje samtykk til at jegerar frå andre soner kan jakte i dei soner der det er mykje dyr. Dette for å kunne oppfylle den avskyting som driftsplana (bestandsplana) legg opp til. Feilskyting Dersom det blir skote for mange dyr i høve til fellingskvoten eller skote feil dyr i høve til fellingsløyvet, skal dette rapporterast til styreleiaren same dag som feilskytinga er gjort. Styret vurderer feilskytinga, og om moreleg og på beste vis byte med andre løyve i valdet. Det er høve til bøtlegje til inntekt for laget. Jakt på innmark Ved jakt på innmark må grunneigaren kontaktast. 8. Rapportering, fellingsavgift m.m. A, Småvilt: Etter avslutta jakt skal jegeren rapportere resultatet av jakta til styreleiaren. B, Storvilt: Seinast 16 timar etter at dyr er skote, skal styreleiaren ha melding om dette. Hovud og kjønnsorgan skal ein ta vare på til tilbakemelding om kontroll er gjeve. Fellingsresultat skal rapporterast til styret 2 dagar etter at jakttida er slutt. Kommunale fellingsavgifter og avgifter til laget skal betalast saman med rapporten. Ved for sein innbetaling skal det betalast dagsbøter som blir sett til kr. 25,- pr. døger. For fellingsløyve som blir tildelt medlemane i laget, skal der betalast ei mindre grunnavgift i tillegg til at der skal betalast for pr. kg. kjøt. 9. Arbeidsår og plikter. Rekneskaps- og arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Innanfor rammene av vedtektene, vedteke budsjett og arbeidsplan og andre vedtak gjort på årsmøtet, vert laget forplikta av leiaren saman med kasseraren. 10. Årsmøte: Årsmøtet er laget sitt øvste styreorgan. Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. mars kvart år. Berre medlemar har stemmerett på årsmøtet. Eit medlem kan la seg representere ved fullmektig med skriftleg fullmakt. Ingen kan møte med fleire enn ei fullmakt. Årsmøtet vert kalla inn av styret.
Innkalling skal skje skriftleg med minst to vekers varsel. Saklista skal ligge ved innkallinga. Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet må vere innkome til styret innan 1. februar. Årsmøtet kan ikkje gjere bindande vedtak i andre saker enn dei som står i innkallinga. Årsmøtet er vedtaksført når innkallinga er gjort på lovleg vis. Det enkelte vedtak på årsmøte vert gjort ved vanleg fleirtal mellom dei frammøtte. Eit medlem har ei stemme. Dersom eit medlem krev det, skal det brukast gradert stemmegiving. Kvart medlem har då stemmevekt i høve til sin part etter 6. Fleirtalsvedtak må ikkje påføre nokon medlem større kostnader og ulemper enn nytte. Vedtaket må ivareta fellesskapet sitt "ve og vell" og ikkje gje urimelege fordelar til fleirtalet til skade for mindretalet. Medlemar som meinar at eit fleirtalsvedtak er i strid med desse vilkåra, kan bringe saka inn for ei voldgiftsnemnd etter 16. Årsmøtet skal: Godkjenne innkallinga, fullmakter og saklista. Velje protokollførar og to personar som saman med leiaren skal skrive under møteprotokollen. Handsame styret si årsmelding, revidert rekneskap og arbeidsplan. Handsame innkomne saker. Vedta kor mange og kva for type småviltkort som skal seljast i sesongen og prisen på desse. Fordele fellingsløyva (storvilt) på jaktsonene og føre liste over kva som er tildelt. Dette skal gjerast ut i frå den avskytingsprofil for hjort og elg som den til ei kvar tid gjeldande driftsplan (bestandsplan) for Mittetdalen legg opp til. Dersom det etter driftsplanen ikkje er nok fellingsløyve til at alle soner kan få tildelt dyr kvart år, skal tildelinga over ein driftsplanperiode gjennomførast slik at alle soner i store trekk, får tildelt dyr i høve til arealet. Ved tildeling av dyr skal hjort og elg sjåast under eitt. Fastsette fellingsavgifta som medlemane skal betale og kiloprisen på kjøtet. Vedta godtgjersle til tillitsvalde. Vedta kor stor sum av årlege jaktinntekt som skal gå til utbetaling til medlemane, kor mykje som skal gå til viltfremmande tiltak og tiltak som kan motverke beiteskade og kor mykje som skal gå til administrasjon. Vedta budsjettet for komande år. Gje retningslinjer for samordning av jakt og jakttider med beitebruk. Velje styre og styreleiar. Styreleiaren skal veljast kvart år. Velje revisor. Revisor skal veljast kvart år. Velje eit tilstrekkeleg tal på jaktkontrollørar som fører statistikk over t.d. slaktevekt, kjønn, alder, m.m. Velje valnemnd for eit år. Valnemnda skal ha 3 medlemmar. Eit gnr. kan berre ha eit medlem. Årsmøtet kan: Gjere vedtak om det skal vere serskilt jaktkort for jakt på storfugl og på ryper, eventuelt andre småviltartar. Gjere vedtak om å avgrense jakttida for småvilt, frede enkelte småviltarter og/eller frede enkelte områder for småviltjakt. Gjere vedtak om å teikne forsikring mot erstatningsansvar.
Gjere vedtak om deler av storviltjakta skal leigast ut til ikkjemedlemar. Vedtek årsmøtet å leige ut deler av storviltjakta, skal det også gjerast vedtak om kor mange og kva slags dyr som skal kunne fellast (kalv, kolle, bukk), til kva pris og i kva sone. Også tidsrommet må fastsettast. 11. Ekstraordinært årsmøte: Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn grunn til det eller når minst 1/4 av medlemane krev det. Frist og framgangsmåte for innkalling er den same som for vanleg årsmøte. Saklista skal ligge ved innkallinga. Det kan berre gjerast vedtak i saker som er nemnde i innkallinga.
12. Styret: 1. Samansetting. Laget vert leia av eit styre på 6 medlemar med personlege vararepresentantar. Sona som femnar og gnr. 145 og 146 i Rauma og gnr. 120 og 121 i Nesset, skal ha ein representant i styret. Gnr. 147 skal ha ein representant, gnr. 148 ein representant, gnr. 149 ein representant og gnr. 150 to representantar. Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar og sekretær. For at styret skal vere vedtaksfør må minst 5 av styremedlemane eller varamedlemane vere til stades. Ved likt stemmetal har formannen dobbeltstemme. Ved økonomiske avgjerder skal kasserar vere tilstade. Styremedlemane vert valde for to år om gongen, men likevel slik at i det fyrste styret står 2 medlemar med varamedlemar, etter loddtrekning, på val etter 1. året. Kvart medlem i laget pliktar å ta i mot val som styremedlem eller varamedlem. Styremedlem som går ut av styre kan nekte attval i så mange år som vedkomande har sete i styret. 2. Etter retningslinjer frå årsmøtet skal styret: Kalle inn til årsmøte og på årsmøte legge fram årsmelding og revidert rekneskap for siste år, og legge fram forslag til budsjett og arbeidsplan for komande år. Legge fram for årsmøte forslag til vedtak i dei saker som årsmøtet etter 9 skal gjere vedtak om. Administrere jakta i samsvar med vedtektene og det årsmøte har vedteke. Nemne opp jaktleiar i dei tilfelle der fleire jegerar har gått saman i jaktlag. Reagere på ulovleg jakt innan området. Vere bindeledd i forhold til offentleg viltstyresmakter. Vere laget sitt taleorgan overfor offentlege og private i vilt- og jaktspørsmål. Melde laget inn i aktuelle register. Saman med viltnemnda i Rauma kommune arbeide med forslag til rullering av driftsplanen (bestandsplanen) og legge forslaget fram for årsmøtet til drøfting og vedtak. Bestandsplanen må ikkje vere i strid med vedtektene. Tildele løyve til jegerane/jaktlaga ut i frå søknadene. Ved tildelinga skal ein ta omsyn til storleiken på rettane partane imellom, eventuelt trekkje lodd. Dersom det er fleire søkjarar enn løyve må den som får tildelt dyr eit år, stille bakerst i køen året etter. 3. Protokoll: Det skal førast protokoll for styremøta. Protokollen skal ligge hjå sekretæren, men skal vere tilgjengeleg for medlemane i laget. 13. Inntekter og utgifter: A, Småvilt: Summen som årsmøtet vedtek skal utbetalast medlemane for småvilt, skal fordelast på medlemane i samsvar med rettsforhold for småvilt, jfr. 6, tabell 1. B, Storvilt: Summen årsmøtet vedtek skal utbetalast medlemane for storvilt, skal fordelast på medlemane i samsvar med rettsforhold for storvilt, jfr. 6 tabell 2.
Utbetaling Er den årlege summen som går til medlemane liten, kan årsmøtet bestemme at pengane skal settast inn på særskilt bankkonto og utbetalast til medlemane kvart 3. eller 5. år. 14. Utmelding: Det er ikkje høve til å melde seg ut av laget. 15. Vedtektsendring: 1, 2, 3, 5, 6, 13, 14, 15, 16 og 17 kan ikkje endrast. For å kunne endre dei andre paragrafane må dette takast opp som sak på årsmøtet. Minst 2/3 av dei frammøtte rekna etter partshøve, jfr. 6, må stemme for vedtektsendring. Ved andre gongs handsaming krevst det likevel berre vanleg fleirtal av dei frammøtte, rekna etter partshøve. Vedtektsendring kan ikkje skje før 3 år etter at jordskiftesaka er rettskraftig. 16. Tvistar: Oppstår det tvist mellom laget og medlemar i laget, eller mellom medlemane innbyrdes, om forståinga og gjennomføringa av desse vedtektene, skal ein freista å få tvisten avgjort med bindande verknad for alle partar, av ein voldgiftsrett på tre medlemar. Jordskifteoverdommaren i Frostating jordskifteoverrett nemner opp desse. Kjem voldgiftsavtale ikkje i stand, skal tvisten avgjerast av dei ordinære domstolane. 17. Oppløysing: Oppløysing av laget kan berre skje ved nytt jordskifte og fyrst etter 10 år, jfr. jskl. 4.