Velkomen til Ryfylke. matknutepunkt i Norge



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til Ryfylke. matknutepunkt i Norge

Kom skal vi klippe sauen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

RAPPORT FRA PROSJEKT OMDØMMEBYGGING FOR LOKALMAT-OG REISELIV I RYFYLKE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Brukarrettleiing E-post lesar

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Brukarrettleiing. epolitiker

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Minnebok. Minnebok NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Plassebakken Barnehage

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«Ny Giv» med gjetarhund

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Lærarrettleiing 2. Frå jord til bord

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kvar kjem maten vår frå?

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

La meg få ein sjanse til...

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Tenk Alternativt 2015

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Plan for selskapskontroll

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Transkript:

Velkomen til Ryfylke matknutepunkt i Norge

Velkommen til RYMAT SA er eit fellesskap av 16 lokale matprodusentar i Ryfylke, frå Sauda i nord til Forsand i sør. I 2014 kom fire av desse produsentane til den store finalen i Det Norske Måltid. Dette var knekkebrød og røykt laks frå Finnøy, tomatar frå Rennesøy og skinke frå Suldal. Dessutan har andre produkt vunne fleire prisar i nasjonal målestokk dei seinare åra. I dette heftet kan du lesa om dei ulike råvarene og matprodukta me har i Ryfylke. Du får også vita kor alle godsakene blir produsert og kva som gjer dei unike. Ofte kan du finna denne gode ryfylkematen på matfestivalar og marknader i Rogaland. På dei neste sidene kan du også sjå kor du finn produkta året rundt. På baksida av heftet finn du også eit kart over Ryfylke og kor matprodusentane held til! RYMAT SA starta som eit prosjekt i regi av Ryfylke Næringshage i 2009. Tittelen var: «Smaken av Ryfylke». Prosjektet var finansiert med midlar frå Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Fylkeskommune, Ryfylkefondet og kommunar i Ryfylke. I 2012 blei RYMAT SA stifta. Produsentnettverket driv samvirke innan produktområdet lokale matspesialitetar. Føretaket har til formål å fremja medlemene sine økonomiske interesser gjennom deira deltaking i verksemda ved: - Omdømmebygging - Utføra tenester medlemene har bruk for - Opptre på vegner av medlemene som felles kontaktpunkt og forhandlingspartnar «Me skal læra av kvarandre», er slagordet til RYMAT. I 2014 fekk Ryfylke Næringshage tilskot frå Landbruks- og Matdepartementet og Ryfylkefondet til eit ett-årig prosjekt: «Omdømmebygging for lokalmat og reiseliv» Prosjektet er eit samarbeid mellom Ryfylke Næringshage, Ryfylkealliansen, Rymat SA og Reisemål Ryfylke. Dette heftet er eit av fleire tiltak i prosjektet. www.ryfylke.no/mat-i-ryfylke

Om Ryfylke Ryfylke er dei åtte kommunane Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Til saman utgjer kommunane eit område på 4 546,39 km² med nærare 34 000 innbyggjarar. Fem av kommunane deltar i det interkommunale selskapet Ryfylke IKS. Dei som er med er Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Ryfylkingen blir stundom skildra som smålåten, humoristisk og stolt. Vel, me er garantert stolte av å bu tett på naturen, tett på fjell, fjord, øyar og dalar. Me har levande bygdesamfunn og pulserande tettstader, ja til og med to småbyar i Jørpeland og Sauda. Dessutan tør me i Ryfylke å seia at me bur i Rogaland sitt spisskammer. På dei neste sidene blir du kjent med mange av matprodusentane i RYMAT. I tillegg har me mange andre og dyktige produsentar, leverandørar og dyrkarar av blant anna tomatar, kveite, laks, frukt, ulike landbruksprodukt m.m. Reiselivet står sterkt i Ryfylke. Her er flotte serveringsstader, overnattingsplassar og spennande opplevingar. Ryfylkealliansen er ei foreining i Ryfylke som gjennom langsiktig merkevarebygging skal fremja identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke. Medlemene er kommunar, bedrifter og institusjonar som sluttar seg til formålet og vedtektene for foreininga. Dei som har kjøpt seg rett til å bruka Ryfylkelogoen er med i Ryfylkealliansen. Reisemål Ryfylke er namnet på destinasjonsselskapet. Sjå www.ryfylke.com Gå inn på www.ryfylke.no, der du finn meir informasjon om Ryfylke!

Ryfylke Mat AS Ryfylke Mat AS er ei ung verksemd som opna produksjon og butikk i september 2014. Verksemda ligg i Sauda og foredlar lokalt kjøtt av lam, utegris og storfe. I tillegg blir det laga pølser, fenalår, pinnekjøtt, pålegg og andre speke produkt. Gründar Nicholas Guindani er kokk og kjøkkensjef av yrke. Han veit kva som skal til for at produkta får den heilt spesielle smaken. Ved sida av foredlinga, leverer Ryfylke Mat catering til ulike arrangement, gjerne med Nicholas som kokk med på lasset. Nicholas Guindani er nøgd med oppstarten. Han får gode tilbameldingar og omsetnaden på produkta er god. Nicholas utviklar stadig nye produkt og salskanalar. På spørsmålet kvifor produkta er så bra, svarar Nicholas følgjande: «Me følgjer heile prosessen, frå fødsel til ferdig vare, følgjer dyret på beite, er med på samling på hausten og skjærer ned dyret sjølv i eigne lokale. Resultatet blir eit skikkeleg handverk som ein kan finna i butikkhylla. Kvart individ har ei historie og me prøver å tilpassa oss kunden sine ønske». Produkta kan kjøpast i gardsbutikken i Sauda og på nettbutikk. Nicholas fortel at det også er på gang fleire salskanalar. I tillegg har verksemda avtalar med restaurantar, hotell og lokale butikkar. Ryfylke Mat Austarheimsvegen 106, 4200 Sauda, post@ryfylkemat.no Tlf: 917 30 856 www.ryfylkemat.no

Røsslyngen Beitelag Bøndene Guttorm Gudmestad, Ove Heggland og Knut G. Gangenes gjekk i 2005 saman og skipa Røsslyngen beitelag. Då hadde trioen gått med idéen sidan tidleg på 1990-talet. Røsslyngen Beitelag driftar og vedlikeheld eit område på vel 2000 mål av Rogalands utvalde kulturlandskap på Rennesøy. Verksemda produserer kjøtt av rasen Aberdeen Angus. Denne rasen er nøysam og eit godt beitedyr som produserer høg kjøttkvalitet direkte frå utmarksbeite. Du kan få kjøpt ulike foredla produkt som burgarar, biffdeig, spekepølse, oksekjøtt og skinn av angus. I tillegg blir det produsert heimelaga iskrem med mjølk frå garden. Iskremen er eit spennande produkt som nå blir vidareutvikla, og nyleg har kome på marknaden. Røsslyngen beitelag er stadig i utvikling og tilbyr fleire og fleire produkt av desse store flotte og svarte kulturbeitedyra. Ny butikk er opna i Hodnevegen på Østhusvik i Rennesøy. Her kan du kjøpa produkta. I tillegg køyrer verksemda ut bestillingar til kunden. Du har fleire høve til å kjøpa iskremen til Røsslyngen: Mange av musea i Stavanger (MuST), Hå Gamle Prestegård, Pilegrimsgarden Utstein Kloster, Grønvik Gard og Hagali Gard i Hjelmeland samt Sjøberg feriesenter på Østhusvik. Nå blir også produktet testa ut på FK- Butikken Felleskjøpet i Stavanger. RØSSLYNGEN BEITELAG Landskapspleie & Gardsmat Hodnevegen 80 4150 Rennesøy E-post: beitelaget@lyse.net Mila Heggland tlf. 475 06 259 Ove Heggland tlf. 905 05 325 Guttorm Gudmestad tlf. 950 73 726 www.beitelaget.no.

frå Energimat AS FROKOSTBLANDING Blanda og rista på Finnøy Superknask knekkebrød blei lansert under Tomatfestivalen 2013, etter fleire års utviklings arbeid frå kjøkken benken til industriell produksjon. I dag har selskapet tre produkt: Det er to typar Superknask knekkebrød som er elta og bakt på Finnøy. Det er den originale varianten og den med havsalt. I tillegg lagar Energimat frukostblanding Blanda og rista på Finnøy. Fleire produkt er under utvikling. Super knask knekkebrød, har hatt ei spennande reise. Produksjonen har auka og produkta når stadig nye marknader i heile Norge. I tillegg til distribusjon via Hodne og Matcompaniet jobbar selskapet med nye salskanalar som m.a. nettsal. ET NYTT VELSMAKENDE PRODUKT utviklet av ernæringsterapeut Mette Lund Larsen! SMAKFULLT Superknask-serien er unik, Superknask er ein serie smakfulle, næringsrike og allergi GLUTENFRITT skal vera smakfulle, nærings NATURLIG då fokus er at alle produkta venlege matprodukt. Produkta passar for dei aller UTEN rike TILSATT og SUKKER allergenvenlege. Det www.energimat.com inneber at Energimat facebook/superknask bruker fleste uansett helsetilstand, få og næringsrike råvarer, aktivitetsnivå og alder, og utan dei vanlegaste allergenar som gluten, mjølk, gjær, dekkjer fleire ulike ønske og behov. egg, nøtter, soya og tilsettingsstoff. Det er svært få liknande produkt på marknaden med same fokus. I dag får du kjøpt Super knask original i Coop og Helgø Meny i heile Rogland. I tillegg blir alle tre produkta selt i vel 60 ulike spesial butikkar fordelt over heile landet. Du finn oversikt over utsalsstader på heimesida. ENERGIMAT Gründar: Mette Lund Larsen, tlf: 997 09 638 email: mette@energimat.com Driftsleiar tlf: 455 01 463 admin@energimat.com www.energimat.com Visjonen: Sunnare kvardag for alle inneber også at ein del av omsettinga går til eit ernærings prosjekt for feil- og underernærte barn i Malawi. Finnøy Næringspark Judaberg 4160 Finnøy

King Mikal Salmon frå Mikals Laks AS Mikals Laks AS produserer røykt og grava laks etter tradisjonsrike oppskrifter. Lenge før gründaren Mikal Viga starta selskapet i år 2000, røykte han laks som hobby då han hadde fri frå jobben i Nordsjøen. Selskapet er lokalisert på Skiftun i Hjelmeland kommune. Produkta som går under merkenamnet King Mikal Salmon har vunne mange prisar for kvaliteten. Ja, det er ikkje få gull, sølv og bronse som Mikals Laks har fått med seg i fleire Norgesmeisterskap i røykt laks. Laksen blir foredla basert på gamle, tradisjonsrike oppskrifter som inneber tørr salting og røyking med einer. Utviklinga av selskapet har gått bra, med jamn og kontrollert vekst. Mikals Laks har ekteparet Astrid og Mikal Viga i front. Astrid er den solide daglege leiaren og Mikal er den joviale seljaren. Du finn røykt laks frå King Mikals Salmon i mange butikkar: Helgø Meny i Stavanger/ Sandnes området, Rema 1000, Coop, lokale daglegvarebutikkar, Gutta på Haugen i Oslo og mange mindre fiskeforhandlarar. 10% av omsettinga er eksport, hovudsakeleg til Tyskland, Frankrike, Sveits og Austerrike. MIKALS LAKS Jøsnesvegen 142, 4146 Skitun Tlf.: 51 75 01 90 Astrid F. Viga Mob. 959 76 678 mikal@kingmikal.no www.kingmikal.no

Allergikokken AS Allergikokken held til i det gamle meieriet på Sand i Suldal. Gründaren Hilde Brenne Rugås starta å produsera kaker i 2010. Hilde såg eit behov for ei kake som kunne nytast av alle, også allergikarar. Frøet som blei sådd vaks, og saman med dyktige konditorar blei det utvikla ei god sjokoladekake. I oppstarten fekk verksemda selja Hildes Sjokoladekake via Coop Rogaland. Etter nokre månader fekk ein salsavtalar med Coop og Norgesgruppen. Allergikokken sel no sjokoladekake og gulrotkake over heile landet. Hildes sjokoladekake og Hildes Gulrotkake er frossenkaker som er heilt utan mjølk, egg, gluten, kveite, soya og nøtter. Kakene inneheld naturlege og gode råvarer som eple, tyttebær, maismjøl, rismjøl og brunt sukker. Kakene ligg i frysedisken i dei fleste store Coop-, Ultra- og Menybutikkane over heile landet. Og mange stader kan du også finna dei i mindre butikkar som Coop Extra, Mega, Prix, Spar og Joker. Finn du ikkje kakene i butikken, så er det berre å be butikkane ta kakene inn. Alle kan eta Hildekakene, også dei med matallergi. Kakene blir produsert i heilt allergireine lokale. Det betyr at dei som er veldig sensitive også kan eta kakene. Det beste er at ein kan servera den same maten til alle, allergikarar og ikkje-allergikarar. Ja, enten det er snakk om ein barnebursdag, eit bryllup eller i kantina på jobben. Allergikokken Hilde Brenne Rugås hilde.rugaas@gmail.com Bakeriet er i det gamle meieriet på Sand (Allergikokken, 4230 Sand) Kontoradressa er Hilde Brenne Rugås, Øvre Stokkav 19, 4023 Stavanger www.hildekaken.no www.allergikokken.no Tlf: 926 66 486

Lysefjorden Sjokolade AS Lysefjorden Sjokolade lagar sjokolade med smak og opplevingar frå den sagnomsuste Lysefjorden. June K. Dahlskaas er gründaren av verksemda som starta opp i 2013. Lysefjorden Sjokolade er lokalisert på Eiane i Forsand kommune. Bedrifta har hatt ein pangstart og sjokoladen markerer seg både nasjonalt og internasjonalt. Det er ikkje rart sjokoladen frå Forsand får så mykje merksemd. Råvarene er av ypparste kvalitet. Du finn heller ikkje tilsettingsstoff i produkta. Dessutan har kvart sjokoladeprodukt knytt til seg ei historie. Det skjer noko med deg når du let Preikestolen smelta på tunga. Eller kva med «Bjørnen» eller «Salte Fjelltopper»? «Pilt-Ola» er også ein godbit, som viser til ein uthaldande og eventyrlysten forsandbu på 1700- og 1800-talet. Historiene og råvarene gjev forbrukaren ei unik oppleving. Du berre må ha det, må ha det! Sjokolade frå Lysefjorden! Sjokoladen frå Lysefjorden Sjokolade kan kjøpast i eige sjokoladeutsal på Eiane, men også i ulike butikkar i Rogaland, Hordaland og i Oslo. Du kan også ta direkte kontakt for levering. LYSEFJORDEN SJOKOLADE Eiane 4110 Forsand, Tlf: 915 70 090 june@lysefjordensjokolade.no www.lysefjordensjokolade.no Bli med på sjokoladekurs med Lysefjorden Sjokolade. Følg med på verksemda sine fjesboksider.

Eplemost frå Grønvik Grønvik Gard starta Grønvik Eplemost i 2011. Produktet Eplemost er ein eplemost basert på reine, naturlege råvarer. Produktet er pressa på eple utan noko tilsetting. Smaken er rein, frisk og naturleg og passar godt til alle typar mat, frå frukost til finaste middag. Berre førestill deg ein kald leskedrikk ein varm sommardag, tørstedrikk eller som velkomstdrikk. Produktet blir produsert på Grønvik Gard i Fister i Hjelmeland kommune. Grønvik Eplemost har gått frå å produsera årleg 20 000 liter til 35 000 liter i dag. Verksemda greier rett og slett ikkje levera nok i følgje etterspurnaden. Eple er ei mangelvare og verksemda har nå planar om å planta 5 000 tre dei neste to åra. Produsenten er ærleg ovanfor råvare og kunde. Elisabeth Grønvik har kunnskap om korleis god kvalitetseple skal vera. Fordi presseriet er i nærleiken til epleproduksjonen, blir det inga lagring og transportering av eple. Då blir heller ikkje kvaliteten på epla forringa. Eplemosten har inga tilsetting, kun reine råvarer. Du finn Grønvik Eplemost i alle Coop sine butikkar i Rogaland og Agder. Eller på restaurantar i Stavanger som t.d: Fisketorget, Fish & Cow, PastaPasta Madla, alle Sabi Sushi sine restaurantar, Godtbrød, Ryfylke Bakeri & konditori, Buøy Bakeri & konditori, Lyst på SUS, Måltidets Hus og Kolonihagen sine restaurantar i Oslo, Hamar og Tønsberg. Grønvik Gard Elisabeth Grønvik Grønvikvegen 89 4139 Fister elisabeth@gronvikgard.no Mob.481 34 899 www.gronvikgard.no

Ryfylke Vaktel Ryfylke Vaktel starta opp på Tau i Strand kommune i 2011. Produksjonen er egg frå dei små og yndige vaktelhønene. Ekteparet Anne og Harald Strand starta forsiktig opp med produksjon av nokre få vaktelegg. Nå kan ein trygt seia at omfanget aukar. I dag er det mellom 250 og 300 høner, eller vaktel som hønene heiter, i flokken. Hønene verper små egg, som kvar for seg ser ut som kunstverk. Det siste året har verksemda brukt tid på å byggja eige slakteri for å kunna slakta vaktlane på ein heilt spesiell måte. Slaktemåten som er tenkt, tar spesielt godt vare på den særprega smaken i vaktelkjøttet. Det er spennande tider og dermed fleire produkt på gang. Kva skil vaktelegg frå andre ordinære egg? Vaktelegga er små og delikate egg proppfulle av smak. Dette er smaksbomber som set ekstra spiss på måltidet, både for store og små! Kor kan me kjøpa produktet? Vaktelegga blir stort sett levert direkte til utvalte restaurantar, men kan også kjøpast på einskilte gardsbutikkar eller på garden. Ta gjerne kontakt direkte med Anne og Harald om det freistar med vaktelegg. Hugs: Vaktelegg er ein eksklusiv delikatesse du bør unna deg. Ryfylke Vaktel Anne og Harald Strand Kyrkjebakken 45, 4120 TAU Tlf. 930 88 075 ryfylkevaktel@lyse.net

Fjellmat frå Suldal AS Skinka frå Suldal er basert på lange familietradisjonar frå familiane Lundal på Haugalandet og Vetrhus i Sulda. Produksjonen er under naturlege forhold. Tørking og modning føregår i eige tørkeloft på 640 m.o.h. ved Mostøl i Suldal kommune. Fjellmat frå Suldal AS starta opp i 2002 med produksjon av Skinka frå Suldal. Modningsfasen er på 15-18 månader der skinka utviklar unik smak og konsistens gjennom ein kontinuerleg straum av frisk luft frå fjellet. På Mostøl møtest tre dalføre frå nord, aust og sør. På Sør-Vestlandet har me ei blanding av bartre og lauvtre i fjella våre. Denne vegetasjonen gjev ei heilt spesiell luftgjennomstrøyming i tørkehuset. Fuktig atlanterhavs luft som gjev tåke og regn, blir avløyst av krystallklare timar med blå himmel. Det er ikkje uvanleg med temperatursvingingar på opptil 25 grader i veka på vinterstid. Det er dette som er kjelda til Skinka frå Suldal sin unike karakter. Modninga føregår dermed med naturen som viktigaste verktøy. Verksemda har utvikla seg frå ein småskalaidé til ei verksemd med langsiktige mål om å tilby langtidsmodna kvalitetsskinke til eit stadig meir kresent publikum i Norge. Produktet er unikt med sitt kompromisslause fokus på kvalitet. I mai 2015 fekk Fjellmat frå Suldal spesialitetsmerke - unik smak frå Matmerk, eit spesialmerke som blir gjeve til utvalte produkt i Norge og der terskelen er høg for å motta merket. Kor kan me kjøpa produktet? I dei fleste daglegvarebutikkar i Rogaland, samt Menybutikkar i Osloregionen. Fjellmat frå Suldal Br Lundal as, 5563 Førresfjorden Tlf: 907 51 025 ssk@ipaxmat.no www.fjellmatfrasuldal.no

Tau Mølle AS Tau Mølle AS har røtter tilbake til 1855 og er den eldste matprodusenten i Ryfylke. Puffing av kornvarer starta i 1960. Denne produksjonen er hovedverksemda i dag. Mølla på Tau er som eit landemerke, der du ser den kvite gamle bygningen ruva på mils avstand. Frå Stavanger og omegn kan du lett manøvrera deg inn til Tau med mølla som seglingsmerke. Produkta til Tau Mølle er alle 100% naturlege og er ikkje tilsett sukker eller noko anna. Puffing betyr at kornet eller frøet varmast opp under trykk og etter kvart så poppar kornet liksom popcorn. Produkta har liten tyggemotstand og passar særs godt til barn. Puffa ris 100% naturleg er veldig bra også for små barn. Ris er blant anna skånsamt mot magen. Dessutan blir dei puffa riskorna oppløyst i væske slik at faren for å setja fast i halsen blir liten. Puffa ris kan til dømes nyttast til å trena griperefleksen hjå barnet ditt. Puffa havre er også 100% naturleg og inneheld 100% fullkorn, er utan sukker og godt for hjartet! Kor kan me kjøpa produktet? Rema 1000 har produkta til Tau Mølle. Dessutan produserer Tau Mølle produkt for FirstPrice og Coop. Tau Mølle Kvernveien 62 4120 TAU Aslak Lie Tlf: 51 74 03 00/ 977 66 044 aslak.lie@taumolle.no www.taumolle.no

Ryfylke bakeri og konditori as Ryfylke bakeri og konditori starta opp i 1994 og er eit bakeri, konditori og ein kafé med fokus på gamle handverktradisjonar og kortreist mat. Gunvor Fiskå er leiar og primus motor for gjengen som held til i Strand kommune. Verksemda produserer brød og kaker, og har også ein cateringavdeling som lagar koldtbord, smørbrød, middag og elles kva ein måtte ønska. Alt bakverk er utan tilsettingsstoff og er laga for hand etter gamle tradisjonar, og steikt i ein gamal steinomn. Det er årsaka til den gode smaken og den lange haldbarheita. Kundar av Ryfylke bakeri og konditori fortel ofte at verksemda har det beste brødet i verda! Det er ingen tvil om at dei tilsette ved Ryfylke bakeri og konditori er stolte av produkta sine! Du merkar det godt når du er innom kafeen på Jørpeland eller utsalet på Tau. Konditoriet har høg fagleg kompetanse og tryllar fram dei lekraste kaker og bakverk, alt etter kva kunden ønskjer. Mange likar å slå seg ned på kafeen på Jørpeland. Ja, store delar av året kan du også kosa deg utandørs på terrassen. Bakeriutsalet på Tau er også populært, og mange nyttar Ryfylke bakeri og konditori til levering i alle samanhengar. Ryfylke bakeri og konditori gunvor@ryfylkebakeri.no www.ryfylkebakeri.no 51749144 Bakeriet Nedre Barkvedvei 54, 4100 Jørpeland Kafeen på Jørpeland Rådhusgata, 4100 Jørpeland Tau Konditori Fiskåveien 2, 4120 Tau

Me e me! Du er nå blitt kjent med 11 av dei 16 produsentane i RYMAT. Her er oversikten over alle dei 16 dyktige matformidlarane som er med: Allergikokken Bjerga Turistgartneri Energimat Fjellmat frå Suldal Grønvik Gard Hanasand Gård og Kjøkken Handeland Gard Lysefjorden Sjokolade Mikals Laks Ryfylke Bakeri og Konditori Ryfylke Laks Ryfylke Mat Ryfylke Smak Ryfylke Vaktel Røsslyngen Beitelag Tau Mølle www.hildekaken.no post@bjergaturistgartneri.no www.energimat.com www.fjellmatfrasuldal.no www.gronvikgard.no www.hanasandgard.no ijhandel@online.no www.lysefjordensjokolade.no www.kingmikal.no www.ryfylkebakeri.no torfinn.idso@lyse.net www.ryfylkemat.no www.ryfylke-smak.no ryfylkevaktel@lyse.net www.beitelaget.no www.taumolle.no

Vil du besøkja oss? Lurar du på kor me held til? I det ekte og mangfaldige Ryfylke finn du oss her: 1 Ryfylke Mat, Sauda 2 Røsslyngen Beitelag, Rennesøy 3 Energimat, Finnøy 4 Mikals Laks, Hjelmeland 5 Allergikokken, Suldal 6 Lysefjorden Sjokolade, Forsand 7 Grønvik Eplemost, Hjelmeland 8 Ryfylke Vaktel, Strand 9 Skinka frå Suldal, Suldal 10 Tau Mølle, Strand 11 Ryfylke bakeri og konditori, Strand 12 Handeland Gard, Sauda 13 Ryfylke Smak, Finnøy 14 Bjerga Turistgartneri, Finnøy 15 Hanasand Gård og Kjøkken, Rennesøy 16 Ryfylke Laks, Finnøy 15 2 13 16 3 10 8 14 7 4 5 1 12 9 11 6 www.synligogstolt.no - www.ryfylke.no Illustrasjon: Jens Flesjå for Ryfylke Livsgnist