( Det skjulte Sverdet )



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

«Ny Giv» med gjetarhund

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tormod Haugland MØRK MATERIE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Forslag frå fylkesrådmannen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tor Arve Røssland. Oslo

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Kom skal vi klippe sauen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Samansette tekster og Sjanger og stil

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

8. Museum og samlingar

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Teknikk og konsentrasjon viktigast

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

G A M A L E N G K U L T U R

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kulturhistoriske registreringar

5. Soknerådsmøte mai Referat

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Vurdering av allianse og alternativ

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Kva er økologisk matproduksjon?

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Setring ved Håbakkselet Hareid

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Transkript:

( Det skjulte Sverdet ) Han er redd for at sverdet, som er svært skjørt, kan bli øydelagt, eller sendt til eit museum i Tyskland. Men mest av alt fryktar han at det skal bli knytt til Hitlers grufulle ideologi. Dette er ei moderne historie som minner om Ringenes herre (Ringdrotten), men som er sann. Ho handlar om det vakraste sverdet i landet, det 1500 år gamle Snartemosverdet. Ho handlar om korleis vonde krefter jakta på sverdet i kampen for å erobre verda, og om korleis nokre få personar sette seg sjølv i fare for å redde det. Skyene samlar seg Det er 1. september 1939. På kontoret sitt i Universitetets Oldsaksamling i Oslo går professor Anton W. Brøgger fram og tilbake. Den gnagande kjensla han har hatt i magen i fleire månader, er blitt sterkare. Med bekymring har han sett korleis Tyskland sakte, men sikkert har førebudd seg til krig. Det er økonomiske nedgangstider, Tyskland slit med såra stoltheit etter at landet tapte første verdskrig, og ein karismatisk og ambisiøs leiar ved namn Adolf Hitler har komme til makta i landet. Alt dette har bokstaveleg tala gjort Tyskland til ei tikkande bombe. Brøgger fryktar kva som skjer viss tyskarane invaderer Noreg, ikkje berre med nasjonen Noreg, men også med gjenstandane han har ansvaret for. Særleg er han bekymra for sjølve gullskatten i Oldsaksamlinga, Snartemosverdet. Sverdet blir rekna som eit av Noregs vakraste gravfunn, og Brøgger veit at hakekorset som er brodert på bandolæret, gjer det særleg attraktivt for nazistane. I lang tid har han sett at tyske arkeologar har blitt stadig meir interesserte i norske oldsaker, og gjennom forelesingar og artiklar har han åtvara mot faren som truar. Nazistane bruker vakre gravfunn for å bevise at den ariske/nordiske rasen er overlegen. anton w. brøgger Hakekorset er eit svært gammalt symbol som har eksistert i ulike kulturar. I Kina er det eit lykketeikn og talteikn for 10 000. I Japan har det vore brukt som emblem for gamle adelsfamiliar, og i andre kulturar har det vore knytt til religion eller magi. Også i dag finst det ekstreme grupper som fremmar terror og vald. Slike grupper har ein tendens til å bruke symbol, gravfunn og historiske stader i propagandaen sin, slik nazistane gjorde under krigen. Ifølgje nazistane er den ariske rasen lys i huda, meir intelligent og modigare enn andre folk, og meir «riktige» menneske. Snartemosverdet er perfekt i ein slik saman-heng. Det strålar makt og handlekraft av det. Professor Brøgger er overbevist om at nazistane ønskjer å slå klørne i det dersom dei får sjansen. Brøgger blir brått riven ut av tankane då det bankar hardt på døra. Han får eit telegram som fortel at Hitlers hær har invadert Polen, og dermed er andre verdskrig eit faktum. Professoren tek ei avgjerd. Tida med uro og åtvaringar er over, no må det handlast. Snartemosverdet må flyttast. Det må gøymast på ein trygg og bombesikker stad langt frå byen og nazistane. Men kvar?

Sverd på ville vegar Nokre har kanskje sett filmane om Indiana Jones og hugsar at vi i fleire av dei møter nazistar som jaktar på spesielle gravfunn. Ein berømt replikk frå Indiana Jones og det siste korstoget frå 1989 er «Nazis I hate those guys». Ein skulle tru det berre var tull og fantasi, men det er faktisk slik at filmen har henta inspirasjon frå det verkelege livet. I 1935 vart organisasjonen Ahnenerbe («Arven frå forfedrane våre») stifta med det formålet å bevise at den ariske rasen var det første og mest ekte folkeslaget på jorda. Organisasjonen I løynd vart sverdet pakka ned i ei kasse og bore ut i ein ventande bil. Men kvar køyrde bilen denne mørke haustkvelden? Svaret har vore eit mysterium. Berre nokre få personar kjende til den hemmelege planen: professor Brøgger, understyrar ved Oldsaksamlinga Sigurd Grieg og personen som gøymde sverdet i krigsåra. Ingen av dei røpte gøymestaden så lenge dei levde. Først på 2000-talet kom svaret fram gjennom arkivstudium. Før den tid hadde det versert fleire rykte. Var praktsverdet gøymt i sølvgruvene i Kongsberg? Låg det i krypta under ei steinkyrkje i Valdres? Nei, sanninga var at sverdet låg skjult under ein pall i kvelvet til Fagernes Sparebank. Det var banksjef Thomas Ranheim som tok imot transporten med den dyrebare lasta frå Oslo septemberkvelden i 1939. Endeleg var sverdet trygt, eller? Ranheim må ha vore uroleg i aprildagane 1940, då tyskarane marsjerte gjennom Valdres. Her møtte dei motstand, og nokre av dei hardaste kampane under krigen føregjekk i regionen. Totalt fall 46 nordmenn i desse kampane, og rundt 240 vart såra. Poenget med å frakte Snartemosverdet til Valdres var nettopp at staden vart rekna som trygg og roleg, og langt unna tyskarane. Ranheim hadde nok hjartet i halsen då han såg frå arbeidsplassen sin i banken at tyskarane marsjerte over brua og mot banken, rett forbi skatten han hadde fått i oppdrag å vakte. reiste rundt i verda og samla arkeologiske skattar som skulle vise at den nordiske rasen hadde spreidd seg til andre verdsdelar. Fagernes Sparebank var lokalisert i bygningen Bruberg, som var eit av dei eldste husa på Fagernes. Bygningen låg til høgre etter brua mot Skarpsno, og vart riven i 1963. Ranheim var banksjef frå 1931 til 1952. frå oska til elden Det skulle vise seg at professor Brøgger hadde grunn til å bekymre seg. Alt fjorten dagar etter invasjonen, samtidig med at tyske troppar kjempa for å få kontroll over Noreg, melde Reinhard Heydrich si interesse for norske oldsaker. Han var ein av nazileiarane og seinare medansvarleg for utryddinga av millionar av menneske. Tre gonger i løpet av krigen prøvde nazistane å få tak i Snartemosverdet. Første gong var i januar 1941. Oldsaksamlinga fekk eit krav om å utlevere tre oldsaker. Det vart ikkje spesifisert kva for oldsaker, men det hasta, utleveringa skulle skje same dag. Professor Brøgger var ikkje til stades, og fungerande styrar Grieg vart i villreie. Kva skulle han gjere? Han rådførte seg med rektor Didrik Arup Seip, som meinte at det ikkje var mogleg å utlevere gjenstandar utan at Brøgger hadde vore med på å avgjere det. Dei svara nazistane med at kravet var for uklart. Kva for gjenstandar var det eigentleg snakk om, og kva skulle dei brukast til? Nazistane skreiv tilbake nokre dagar etter og sa at dei ikkje lenger hadde bruk for gjenstandane. I ettertid meiner forskarane at det var Snartemosverdet tyskarane var interesserte i, og at dei skulle gi det til ein av dei øvste og mest frykta nazileiarane, Heinrich Himmler, som var på Noregsbesøk dei aktuelle dagane.

Alt i august same år tok nazistane kontakt på nytt, og denne gongen vart Snartemosverdet nemnt spesielt. Det skulle brukast til utstillinga Normannafolket som skulle vere på Skansen i Oslo. Også denne gangen avslo styrarane ved Oldsaksamlinga, og samtidig informerte dei, noko overraskande, om at Snartemosverdet var frakta ut av Oslo i 1939, og ført til ein sikker stad på landsbygda. Men no hadde tyskarane fått nok av nordmennene som motarbeidde dei. Brøgger vart arrestert og send til fangeleiren Grini. Rektor Seip vart også arrestert. I sju månader sat han på Grini, for deretter å bli send til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland. Nazistane hadde no fjerna to nøkkelpersonar frå universitetet, og gjorde eit nytt forsøk på å få tak i sverdet. Dei grunngav det med at dei ville lage ein kopi til ein høgtståande person. For å få laga kopien så nøyaktig som mogleg ønskte dei å få utlevert originalen. Men Grieg argumenterte godt mot utlevering, og tyskarane måtte ta til takke med fotografi, teikningar og skildringar av sverdet. Kopien vart laga og gitt til ministerpresident Vidkun Quisling 1. februar 1943. Grieg kunne puste letta ut, sverdet var framleis trygt. Men eitt år seinare sende nazistane også Grieg til fangeleiren Grini. Vidkun Quisling var Noregs mest kjende nazist. Han vart dømd til fram OG TILBaKE IGJeN Så enda altså historia godt. Slik som Frodo frå J.R.R. Tolkiens trilogi Ringenes herre klarte Ranheim, Brøgger og Grieg å halde den dyrebare gjenstanden unna kreftene som ville bruke han til eit vondt formål. Snartemosverdet har sjølvsagt ikkje magisk kraft. Det gir ikkje verdsherredømme til den som held det, slik den vonde herskarringen i bøkene gjorde. Men sverdet skulle heilt klart brukast til å forklare at det nordiske folket er overlegent andre menneske, og derfor burde herske over dei. Slik gjekk det altså ikkje; sverdet vart aldri funne der det låg i mørket under golvet i eit hus på ein liten stad kalla Fagernes, kanskje ikkje heilt ulik Hobsyssel 20. mai 1946 kom ein politibil frå Oslo og henta sverdet. Fem og eit halvt år etter at det i all hemmelegheit vart frakta til Valdres, var det no tilbake i Oldsaksamlinga. Snartemosverdet vart funne i 1933 ved garden Snartemo i Hægebostad kommune i Vest-Agder. To brør skulle bryte nytt land då plogen støytte på noko hardt. Det viste seg at det var ei grav frå folkevandringstida (ca. 550 e.kr.). Den døde hadde vore ein høgtståande person, og låg på ein bjørnefell med teppe over seg. Ved sida av fanst fleire gjenstandar, deriblant sverdet. Det var brote i fleire delar, men så å seie komplett. Snartemosverdet er eit såkalla praktsverd, og det var vanleg at slike sverd hadde namn og gjekk i arv. Dei vart nesten rekna som personlegdommar. Rykta om Snartemosverdet spreidde seg raskt, og det vart kjent som «det vakreste folkevandringstids gravfunn der til denne dag er gravet frem av norsk jord». døden for landssvik. I dag er ordet quisling ei nemning for forræderi. Etter krigen begynte ein å leite etter kopien av Snartemosverdet som vart gitt til Quisling. Tre veker før han vart avretta, fortalde han at sverdet var i heimen hans Gimle på Bygdøy. Det vart funne i rommet til kona hans. Quisling bad om at kona hans fekk behalde det, men slik vart det ikkje. Det er denne kopien som er stilt ut i Oldsaksamlinga i dag. vidkun quisling Snartemosverdets bandolær. Hakekorset som er brodert på bandolæret, gjer det særleg attraktivt for nazistane.

KVA TYDER ORDa? Oldsaksamlinga er i dag kjend som Kulturhistorisk museum. Museet ligg i Oslo og er det største arkeologiske museet i landet. Samlinga består av godt over ein million gjenstandar. Bandolær er ei reim eller eit belte som blir spent rundt skuldra eller livet for å støtte eller bere musikkinstrument, flagg, våpen og anna. Propaganda er det å bruke sterke verkemiddel for å fremme bestemte oppfatningar og handlingsmønster, med tanke på å manipulere folks kjensler og tankar. Ideologi er ei oppfatning av korleis samfunnet er/bør vere. Nazisme er ei fascistisk rørsle som oppstod i Tyskland etter første verdskrig, og som hevda at nokre menneske er meir verde enn andre. Rørsla er valdeleg og kritisk til demokrati. Den ariske/germanske/nordiske rasen var ein av fleire rasar etter nazistane si raseinndeling. Dei meinte at denne rasen var den mest overlegne. Grini var opphavleg eit fengsel for kvinner. Under krigen brukte nazistane det som fangeleir for nordmenn som motarbeidde dei. I dag er Grini Ila fengsel. Det ligg i Bærum. Heftet er hovudsakleg basert på opplysningar frå Perry Rolfsen og Frans-Arne Stylegards Snartemofunnene i nytt lys frå 2003. Grafisk design: Christoffer Grav Omsett av Aud Søyland 2015