JØLSTER KOMMUNE Tenestekontoret Notat Permisjonsreglement Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011 Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011 1. Generelt Gjeldande lov- og avtaleverk ligg til grunn for Jølster kommune sitt permisjonsreglement. 2. Omfang Reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold med ei på førehand avtala arbeidstid, evt. gjennomsnittleg arbeidstid pr veke, jf. Hovudtariffavtala (HTA) 1. 3. Avgjerdsmynde Mynde til å avgjere permisjonssøknadar etter gjeldande permisjonsreglement er delegert til rådmannen. Myndet kan vidaredelegerast.
4. Permisjonssøknad 4.1. Søknad om permisjon sendast til næraste leiar så tidleg som råd. Det betyr at arbeidstakar må søkje om permisjon så snart dei veit at dei har ønskje om det. 4.2. Søknaden skal alltid vere levert før tidspunktet det vert søkt permisjon for. Unnatak frå dette er berre når dette ikkje let seg gjere reint praktisk. 4.3. Søknaden skal vere fullstendig med tilvising til kva punkt i permisjonsreglementet det gjeld. Naudsynt dokumentasjon skal ligge ved. 5. Handsaming og vedtak 5.1. Den som har avgjerdsmynde skal handsame søknaden skriftleg før tidspunktet for eventuell permisjon. Unntak får dette skal berre skje dersom dette ikkje er praktisk mogeleg. 5.2. Vedtaket skal vere skriftleg og innehalde: o Heimel for vedtaket o Grunngjeving o Permisjonsperiode o Eventuelle vilkår for permisjonen. Så som krav til gjennomført eksamen, bindingstid eller anna o Dato for vedtak o Underskrift av den som har gjort vedtaket. 5.3. Ved tilråding når andre har vedtaksmynde skal innstillinga innehalde same opplysningar som ved vedtak. 5.4. Søknad og vedtak skal journalførast og arkiverast. 6. Lovfesta permisjonar Arbeidsmiljølova (Aml) heimlar rett til permisjon. Eventuelt krav på økonomisk godtgjersle er regulert i Folketrygdlova (Ftrl) og Hovudtariffavtala (Hta). 2
6.1. Svangerskap, fødsel og adopsjon. Aml 12 6.2. Fars rett til omsorgspermisjon i samband med fødsel. Aml 12 6.3. Foreldre sine rettar til permisjon i barnet sitt første leveår. Aml 12 6.4. Fedrekvoten. Ftrl 14-10 6.5. Rett til utvida ulønna permisjon. Aml 12 6.6. Barns- og barnepassars sjukdom. Aml 12-9 6.7. Svangerskapskontroll. Aml 12-1 6.8. Rett til fri i samband med amming. Aml 12-8, Hta 8.3.4 6.9. Rett il fri for pleie av pårørande i terminalfase. Aml 12-10, Ftrl 9-12 6.10. Utdanningspermisjon. Aml 12-11 6.11. Redusert stilling av velferdsgrunnar. Aml 10-2 (4) 7. Avtalefesta permisjonar 7.1. Kommunale eller andre offentlege verv. Hta 14-1 7.2. Frikjøp av tillitsvalde. Ha-B 3-3 o Protokollar med kvar organisasjon 7.3. Tillitsvalde sine rettar til frå frå ordinært arbeid. Ha-B 3-4 7.4. Tillitsvalde sine rettar til permisjon med løn. Ha-B 3-5 7.5. Tillitsvaldopplæring. Ha-B 3-6 7.6. Eksamen / fagprøve / prosjekt. Ha 14-4 o Permisjon etter denne heimelen gjeld fag som har betydning for arbeidet o Permisjon med løn 1 dag for eksamensdagen. I tillegg 2 lesedagar før kvar eksamen til førebuing. o Ved heimeksamen vert det innvilga 1 dag permisjon med løn for ein eksamensdag. I tillegg 2 dagar permisjon med løn for lesedagar før kvar eksamen til førebuing. 7.7. Eksamen i vidaregåande skule Ved eksamen i den vidaregåande skulen som er i arbeidstakar si eiga interesse vert det innvilga permisjon med løn for eksamensdagen. Dersom eksamen i 3
vidaregåande skule er eit ledd i planlagt fagutdanning vert det innvilga permisjon etter same reglar som pkt 7.6. 7.8. Utdanningspermisjonar / kompetanseheving. Ha-B 7. o Det er ein føresetnad for innvilging av permisjonar etter dette punktet at det ikkje går urimeleg mykje ut over drifta på arbeidsplassen. o Når kompetanseheving er vurdert av arbeidsgjevar som naudsynt i kompetanseplan: Permisjon med løn og dekning av legitimerte utgifter. o Når kompetanseheving er vurdert av arbeidsgjevar som ønskjeleg i kompetanseplan. Det vert gitt løn for ½ av permisjonsdagane. o Permisjon for kompetanseheving som ikkje er prioriterte i kompetanseplan: Det kan gjevast permisjon utan løn. o Bindingstid: Dersom kommunen yter økonomisk støtte ut over 3 månadslølner gjeld bindingstid på minimum 6 månadar og maksimalt 2 år. Dersom arbeidstakar sluttar før bindingstida er ute kan arbeidsgjevar krevje attendebetalt høvesvis del av lønsutgifter ved permisjon. 7.9. Sjukdom, svangerskap, fødsel og adopsjon. Hta 8 7.10. Førstegangsteneste / repetisjonsøving. Hta 9 8. Velferdspermisjonar Ved vurdering av velferdspermisjonar skal dei tilsette handsamast likeverdig, men individuelt. Dette kan medføre ulikt svar eller ulike løysingar på tilsynelatande like forhold frå eining til eining. Velferdspermisjonar med løn etter dette kapittelet kan innvilgast for maksimalt 12 dagar i løpet av eit kalenderår (Hta 14.1) i stillingar som har 5 arbeidsdagar pr veke. Permisjonar etter dette kapittelet kjem i tillegg til reglar i Aml kap 12 og Hta 8 om permisjon ved sjukdom, svangerskap, nedkomst, adopsjon, amming og omsorg for barn under 12 år m.v. Velferdspermisjon med løn kan gjevast for: 8.1. Alvorleg sjukdom Inntil 5 dagar permisjon med løn. Alvorleg sjukdom i næraste familie eller andre som står arbeidstakaren nær. Permisjonen må vere knytt til naudsynt tilsyn/pleie av den sjuke. Ved mindre alvorlege sjukdomstilfelle kan naudsynt fri innarbeidast i ettertid. Næraste familie: Ektefelle, foreldre, svigerforeldre, besteforeldre, born, søsken. Andre: Personar som står arbeidstakaren tilsvarande nær som dei som er nemnde. Det kan då vere onklar/tanter, søskenbarn eller andre som har vore ein del av den daglege familien på same måte som foreldre og søsken. 4
8.2. Dødsfall og gravferd Ved dødsfall: 1 dag permisjon med løn. Gravferd: 1 dag permisjon med løn, evt med tillegg av reisedagar. Gjeld dødsfall i næraste familie og andre som har stått arbeidstakaren nær. Næraste familie: Ektefelle, foreldre, Svigerforeldre, besteforeldre, born, søsken. Andre: Personar som står arbeidstakaren tilsvarande nær som dei som er nemnde. Det kan då vere onklar/tanter, søskenbarn eller andre som har vore ein del av den daglege familien på same måte som foreldre og søsken. For andre kan det gjevast permisjon utan løn. 8.3. Barn i barnehage og skule tilvenning: o Ved tilvenning av barn i barnehage kan det gjevast inntil 3 dagar permisjon med løn. o Ved følgje av barn på skulen den dagen dei byrjar i 1. klasse kan det gjevast inntil 1 dag permisjon med løn. 8.4. Idrettsarrangement / større kulturarrangment Arbeidstakar som er utteken til å representere landet i internasjonalt meisterskap kan gjevast inntil 5 dagar permisjon med løn. Døme på arrangement: Olympiske leikar, verdsmeisterskap, europameisterskap, landskampar. Det gjeld idrettsgreiner som er tilslutta Noregs Idrettsforbund. Permisjon med løn kan også gjevast i inntil 5 dagar for deltaking på større kulturarrangement. Dette må vere arrangement som i omfang og prestisje kan samanliknast med idrettsarrangementa nemnde førre avsnitt. Det kan gjevast inntil 2 dagar permisjon med løn for deltaking i finale i noregsmeisterskap. Dette gjeld idrettsgreiner som er tilsutta Noregs Idrettsforbund. Slik permisjon kan også gjevast for deltaking på større kulturarrangement. Dette må vere arrangement som i omfang og prestisje kan samanliknast med desse idrettsarrangementa. For deltaking andre idretts- og kulturarrangement kan det gjevast permisjon utan løn. Permisjon etter punktet gjeld også maksimalt 1 trenar, dirigent eller hovudleiar. 8.5. Deltaking i hjelpekorps eller liknande Ved utrykning til nødstilte i samband med hjelpekorps eller liknande kan det gjevast inntil 3 dagar permisjon med løn. 8.6. Behandling av sjukdom / skade. Ved behandling av sjukdom/skade kan det gjevast permisjon med løn til naudsynt konsultasjon / undersøking i spesialisthelsetenesta (2./3.-linjetenesta). Førestnaden for permisjon med løn er at vedkomande er tilvist til spesialist frå 5
fastlege. Slik permisjon kan gjevast for inntil 3 dagar pr kalenderår. Permisjonssøknad dokumenterast med kopi av innkalling eller liknande. 8.7. Lege-, sjukehustimar m.m. Andre konsultasjonar, undersøkingar og behandling hjå lege, tannlege, fysioterapeut eller liknande må så langt som mogeleg leggast til fritida. Det kan maksimalt gjevast permisjon med løn for inntil 3 konsultasjonar pr kalenderår i slike høve. Det vert gjeve permisjon med løn for konsultasjon hjå bedriftshelseteneste. 8.8. Velferdspermisjon utan løn Det kan gjevast velferdspermisjon utan løn. Slik permisjon kan gjelde tid som arbeidstakar ikkje kan arbeide inn att eller dekke ved fleksitid, ferie, vaktbyte eller liknande. 9. Diverse permisjonsreglar 9.1. Overgang til ny stilling o Permisjon kan gjevast for inntil 1 år. Det er ein føresetnad at arbeidstakaren har arbeidd i noverande stilling i minimum 5 år. 9.2. Spesielle oppdrag og engasjement o Permisjon inntil 2 år for arbeidstakarar som gjer teneste som dommarfullmektig. o Det kan gjevast tidsavgrensa permisjon for arbeid med forsking innan eige fagområde. Det er ein føresetnad at forskinga skjer i tilknyting til forskingsinstitusjon. o Det kan gjevast naudsynt permisjon i samband med utveksling av arbeidstakarar mellom kommunar / fylkeskommunar. o Det kan gjevast permisjon i inntil 2 år for arbeidstakarar som skal arbeide i norske hjelpetiltak i offentleg regi i utviklingsland. 9.3. Permisjon frå nattevakter / seinvakter o I utgangspunktet gjeld rettane til permisjon når ein faktisk har arbeid samstundes som møte eller anna permisjonsgrunn. o Det vert gitt permisjon med løn for nattvakt når møte er før kl 12.00. Permisjonen gjeld natta før møtet. 10. Særskilt om lærarar 10.1. Frist ved endring i årsplan / byte av arbeidsplass Lærar som ynskjer endringar i årsplanen for neste skuleår, så som nedsett / auka leseplikt, overgang frå normalpost til timelærar post eller omvendt, søkjer om dette før 1. februar. Fristen gjeld også lærar som ønskjer overflytting mellom arbeidsplassar i Jølster kommune. 10.2. Frist ved velferdspermisjon Lærar som ynskjer velferdspermisjon for heile eller deler av neste skuleår søkjer om dette før 1. februar. 6
10.3. Frist ved studiepermisjon Lærar som ynskjer studiepermisjon for heile eller deler av neste skuleår søkjer om dette før 1. februar. 10.4. Unntak frå fristane Permisjonssøknad med bakgrunn i tilhøve som søkjaren ikkje hadde oversyn over innan fristen for søknad vert vurdert ved kvart høve. 10.5. Frist for melding om tilbakekomst Lærar som har hatt permisjon bør innan 1. februar seie frå om han/ho kjem attende til stillinga. 10.6. Trekk ved permisjon utan løn Ved permisjon utan løn vert lærarar trekt time for time for undervisningstida. 11. Klage på vedtak 11.1. Vedtak etter dette reglementet kan klagast på. Klage skal vere skriftleg og grunngjeven. 11.2. For vedtak gjort av andre i organisasjonen etter delegering frå rådmannen: Rådmannen er klageinstans. 11.3. For vedtak gjort av rådmannen er administrasjonsutvalet klageinstans. 7