Side 1/5 Skjemainformasjon Skjema Søknadsskjema for arkiv og museum 2013 (nynorsk) Referanse 527503 Innsendt 15.10.2012 13:51:24 Opplysningar om søkjar Søkjar på organisasjonen Leiar for institusjonen Postnummer / Poststad 6001 Ålesund Tlf. til organisasjonen 70165180 for prosjektet Jan Aakvik Tlf. til kontaktperson 70165186 jan.aakvik@ikamr.no Nettstad http://ikamr.no Org. Nr 982330459 IKA Møre og Romsdal, Kulturnett Møre og Romsdal Arnt Ola Fidjestøl Kirkegt. 10, pb. 1073 Sentrum Opplysningar om prosjektet Prosjekt Søknaden gjeld Tittel på prosjektet Formidling og dialog 1814-2014 200 årsjubileet i Møre og Romsdal Samandrag av prosjektet 2014 Møre og Romsdal er eit felles formidlingsprosjekt for ABM-sektoren i fylket. Det overordna perspektivet er regionale forteljingar om Grunnlova frå 1814, nasjonsbygging, kommunikasjon, deltaking og folkeopplysning. Innhaldet vil bli produsert av institusjonane sjølve, men ein vil og knyte seg til nasjonale digitale portalar med primær- og bearbeidd materiale. Vekta er lagt på produksjon av ny kunnskap som vert digitalt tilgjengeleg der ein tovegs kommunikasjon med publikum er viktig. Prosjektomtale Bakgrunn: Som ein del av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Møre og Romsdal, har ABMsektoren i fylket danna ei styringsgruppe for 200-årsjubileet. Det er semje mellom dei involverte ABMinstitusjonane at ein skal markere grunnlovsjubileet med ein koordinert aktivitet på Internett. Hovudtemaa vil verte kommunikasjon og folkeopplysning. Innhaldet på bloggen skal produserast av institusjonane sjølve. Siktemåla med prosjektet: Det overordna målet med prosjektet er å få fram kunnskap om 1814-hendingane i eit regionalt perspektiv. I tillegg ønskjer ein å sjå på historia til fylket gjennom eit lengdesnitt i hundreåra frå 1814 til 1914, og fram til i dag. Målet er å skape dialog mellom kulturinstitusjonane i Møre og Romsdal og elevar i den vidaregåande skulen om grunnlovsjubileet i 2014 Dialogen med brukarane skjer gjennom ein interaktiv blogg, der den enkelte elev både kan hente informasjon og laste opp eigne digitale forteljingar, kommentere, og stille spørsmål til kulturinstitusjonane Formidling og dialog gjennom ein interaktiv blogg kan sjåast på som ein del av publikumsutviklinga til institusjonane. Slik kan tiltaket setjast i samband med stortingsmelding nr. 10, Kultur, inkludering og deltaking, der ein framhevar ei demokratisering av det offentlege kulturelle tilbodet som ønskjeleg ABM-sektoren i Møre og Romsdal ser på det som ei samfunnsoppgåve å formidle og vere ein informasjonsbase for 1814-2014-materiale. Med denne bloggen gir ein grupper, som kanskje ikkje vanlegvis gjer seg gjeldande i samfunnsdebatten, ein lågterskel-arena for kunnskap- og meiningsutveksling om emnet Digital teknologi sikrar folk tilgjenge til kulturinstitusjonane ved å byggje ned dei fysiske, sosiale og økonomiske skilja i samfunnet. Dette bidreg til inkludering og mangfald Gjennom Internett og multimediale teknologiar er det mogleg å skape nye uttrykk og opplevingar av vår felles kultur og historie. Med ein interaktiv blogg ønskjer vi å stimulere til at ungdom seinare i livet ønskjer å delta i kunst- og kulturlivet
Side Formidling 2/5 og dialog med brukarane Styringsgruppa si vurdering er at ein blogg vil høve betre for dei felles behova, enn ei tradisjonell nettside eller ei nettutstilling vil gjere. Det vert lagt opp til ei løysing som er billeg i drift, og som opnar for tovegskommunikasjon. Bloggformatet har store fordelar, særskilt fordi det er så brukarvenleg. I tillegg er det fleire i styringsgruppa som alt er fortruleg med det. I utgangspunktet tenkjer ein seg at 2014-bloggen skal ha ein hovuddel med bloggtekstar produserte av våre eigne bidragsytarar rundt planlagde og relevante tema. Ein ønskjer også at lenkjer til dei mest sentrale historiske kjeldene i regionen skal vere ein del av det meir permanente innhaldet på bloggen. Noko av poenget og styrken med prosjektet er å gi målgruppa tilgang til digitale primærkjelder gjennom ulike nettportalar som alt finst, til dømes Arkivportalen, Digitalarkivet, Nasjonalbiblioteket, Digitalt museum, Digitalt fortalt og Kulturnett Møre og Romsdal. Mykje materiale er digitalisert, men ein del står att for å kunne gjerast tilgjengeleg på bloggen. Etter fleire møte i arbeidsgruppa har ein gått frå ein brei tematikk, til å sirkle inn nokre del-tema som dei ulike institusjonane kan leggje særleg vekt på. Det overordna perspektivet er regionale forteljingar om Grunnlova frå 1814, nasjonsbygging, kommunikasjon, deltaking og folkeopplysning. Val av plattform Basert på ein del førespurnader og undersøkingar, har ein kome til at publiseringsplattforma Wordpress har større moglegheiter enn tilsvarande verktøy. Ein utvida versjon vil gi oss dei verktøya vi treng for å presentere fagleg stoff på ein formidlingsmessig god måte. Ein ønskjer òg at val av verktøy skal kunne gi god tovegskommunikasjon og innlemme sosiale medium. Dette er ein føresetnad for den interaktiviteten styringsgruppa ønskjer. På denne måten kan ein leggje til rette for elevbidrag frå heile fylket, til dømes ved at dei sjølve lastar opp digitale forteljingar som handlar om Grunnlova, røysteretten, demokratiet eller eit sjølvvalt lokalhistorisk tema. Ideane er mange, men vi har valt å trekkje fram følgjande prosjekt som skal formidlast på 2014-bloggen: Fylkesbiblioteket tek utgangspunkt i det første biblioteket på landsbygda i Noreg, biblioteket i Ørstens sogn som kom i gang i 1797, etter initiativ frå folkeopplysaren Sivert Aarflot FylkesFOTOarkivet ønskjer å sjå på endring i kommunikasjon. I 1814 var brev den store formidlingskjelda og hundre år etter hadde postkorta si stordomstid. I 2014 er det dei digitale formidlingskanalane som gjeld Ivar Aasen-tunet vil sjå på den regionale utbreiinga av nynorsk, særskilt etter 1905, i skulene, kommunane og kyrkja. I tillegg vil det verte lagt vekt på skilnadene mellom Nordmøre, Romsdalen og Sunnmøre i bruk og identitet knytt til nynorsk Romsdalsmuseet skal presentere Eidsvollmennene frå Romsdalen, og skal dessutan sjå nærare på 100- årsfeiringa ved å granske Romsdals Budstikke frå 1914 Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA-MR) vil skanne, gjere tilgjengeleg og formidle utdrag frå formannskapsprotokollar frå åra rundt 1914. Omfanget er på 863 kommunar Nordmøre museum skal sjå på ytringar, og ønskjer å sjå på «ungdoms dasskroting og tagging» frå 1814 til 2014. Kan slike ytringar seie noko om samfunnet og liva til ungdomane frå 1814 til 2014? Nordmøre museum skal òg sjå på Eidsvollsmenn frå sitt distrikt Sunnmøre museum skal sjå på kommunikasjonsformer i 1814 og påfølgjande år. Det vert lagt vekt på flyt av folk og informasjon på båt og land, samt arkivdokument frå tida kring 1814 og 100 år seinare. Ein vil dessutan digitalisere Sunnmørspostens utgivingar i åra kring 1914 Kunstmuseet KUBE brukar prosjektet «Natur på Nordvestlandet i 200 år», der ein får døme frå dei første landskapsmåleria til samtidskunstnarar. Kunstverka kan sjåast som ein del av nasjonsbygginga Styringsgruppa ser for seg at bloggsida er i drift frå hausten 2013, og at ho vert fasa ut i byrjinga av 2015. Det vil verte mest aktivitet på bloggen i perioden frå 1. januar 2014 til 17. mai 2014. Kulturnett Møre og Romsdal vil saman med IKA-MR drifte og vedlikehalde nettstaden, og ta eit digitalt uttrekk for bevaring etter prosjektperioden. Andre viktige kanalar Prosjektet ønskjer å nytte Wikipedia som ressurs, og ein ser dessutan for seg at prosjektet kan bidra med nye artiklar til dette nettleksikonet. Dette er særskilt viktig for å bevare kulturelt stoff etter prosjektperioden. Wikipedia har laga ein eigen struktur for merking av Grunnlovsjubileet 2014. Ved å nytte Wikipedia, som er Noregs sjuande mest besøkte nettstad, vil ein nå ut til mange brukargrupper.
Side 3/5 Framdriftsplan Framdriftsplan for heile prosjektperioden Startdato 01.03.2013 Sluttdato 31.12.2014 Aktivitetplaner Tittel Frå dato Til dato Val av verktøy 01.03.2013 15.05.2013 Design/oppretting av nettstad 15.05.2013 15.08.2013 Produksjon av innhald 15.08.2013 31.12.2014 Andre opplysningar/kommentarar om framdrifts-/aktivitetsplan. - produksjon av innhald vi skje kontinuerlig, men med hovudfokus mot 17. mai 2014. - styringsgruppa vil ha jevnlige møter etter behov Samarbeidspartnarar Har du ein samarbeidspartnar? Ja Samarbeidspartner 1 Stiftinga Sunnmøre museum pb 6607 6015 Ålesund Eldar Høidal og Ingvill Wille Tlf. til kontaktperson 90018419 eldar.hoidal@mobelfagligsenter.no Eldar Høidal er leiar i styringsgruppa. Ingvill Willi er formidlingsleiar i SSM og har tlf.nr 70174009. Samarbeidspartner 2 FylkesFOTOarkivet Grimmergata 2 6007 Ålesund Ragnar Albertsen Tlf. til kontaktperson 70123170 ragnarha@gmail.com Samarbeidspartner 3 Nordmøe museum pb. 291, Kongens Plass. 6501 Kristiansund N Lisbabeth Fiske Tlf. til kontaktperson 71587000 Lisabeth.Fiske@nordmore.museum.no
Side 4/5 Samarbeidspartner 4 Møre og Romsdal Fylkesbibliotek pb 1320 6001 Ålesund Katrine Solberg Tlf. til kontaktperson 70162276 katrine.solberg@mr.fylkesbibl.no Samarbeidspartner 5 IKA Møre og Romsdal pb 1071 sentrum 6001 Ålesund Vibeke Lunheim Tlf. til kontaktperson 70165184 vibeke.lunheim@ikamr.no IKA sin Samarbeidspartner 6 Kunstmuseet/Jugendstilsenteret Apotekergata 16 6004 Ålesund Stine Aadland Jensen og Ingvil Grimstad Tlf. til kontaktperson 70104979 stina@kulturkvartalet.net medlemmar av arbeidsgruppa Samarbeidspartner 7 Romsdalsmuseet Per Amdamsvei 4 6413 Molde Mads Langnes Tlf. til kontaktperson 95129067 mads@romsdalsmuseet.no
Side 5/5 Prosjektbudsjett Prosjekt Eittårig eller fleirårig prosjekt? Eittårig BUDSJETT FOR FØRSTE ÅR Utgifter Hva Beskrivelse Sum Personalkostnader (lønn/overhead) løn/overhead kr 1 030 000,00 Varer/utstyr kr 0,00 Tjenester kjøpt av andre wordpress oppsett/kurs kr 85 000,00 tilpassa plugins kr 50 000,00 Andre utgifter (spesifiser) Drift server kr 5 000,00 Totale utgifter kr 1 170 000,00 Inntekter Beskrivelse Tilskudd bekreftet? Sum Søknadssum Norsk kulturråd kr 270 000,00 Eigeninnsats hjå institusjonane Ja kr 900 000,00 Totale inntekter kr 1 170 000,00 Kommentar til budsjett neste år Prosjektet vil starte i 2013 fordi teknisk løysing må på plass før 1. januar 2014. Vedlegg Ingen vedlegg lasta opp