Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016 Innhald 1. Bakgrunn 2 2. Engelsk versjon 2 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar 2 4. Forbetra filfunksjonalitet 2 4.1 Splitting/gruppering av filer (OCR, Cremul og FBO) 2 4.2 Val av oppsett som ein har tilgjenge til 2 8.1 Duplikatkontroll på filer (checksum) 2 5. Gruppering av konti i NettBedrift 3 6. Saldo-/rentehistorikk 3 7. Oversyn faktura spesifisering av saldo på førsteside 4 8. Rollar og rettigheiter 4 8.1 Rettar - filoverføring pr brukar 4 8.2 Rettigheiter - Kontoregulering 4 8.3 Rettar - Løn 5 8.4 Rettar Maks beløp 5 8.5 Eiga rolle for å sjå fullmakter 5 9. Forbetra informasjon 5 9.1 Oversikt over innbetalingar enkeltbilag med informasjon 5 9.2 Avtalenamn på PDF- rapportar og meir meldingsinfo 6 9.3 Kontoreguleringar viser frå- /tilkonto på kontoutskrifter 6 9.4 Vising av samlebelastningar som enkelttransaksjonar 6 10. Varsel til kvar enkelt brukar når melding med høg prioritet vert send frå banken 6 11. Betalingsinformasjon på e-post 6 11.1 Oppsett og avsenderopplysningar 6 12. Straksbetaling i Autoreg for bilforhandlarar 7
1. Bakgrunn Dette dokumentet gjev ei enkel skildring av nye funksjonar som kjem i Nettbedrift frå februar 2016. 2. Engelsk versjon Menyval, ledetekstar, feilmeldingar, hjelpefunksjonar kan du no få på engelsk. Informasjonen som kjem frå banksystema vil enno vera med norsk tekst. 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar I skjermbiletet "Registrerte utbetalinger" vert det innført høve til å filtrera utbetalingar ut frå kven i firmaet som har registrert utbetalingane i Nettbedrift. I nedtrekkslista "Registrert av" vil ei sortert liste av "Førenamn Etternamn" på alle registrerte, aktive og sperra «brukarar» (ikkje sletta brukarar) visast. Først i lista vert vist "Alle". I skjermbiletet "Registrerte utbetalingar" vil søkekriterier fyllast ut med standardverdiar og det vert utført eit søk. Valet av filtrert «bruker» vil hugsast på same måte som for andre søkekriteriar. Det vil ikkje visast ei kolonne som viser kven som har registrert betalinga, dette på grunn av plassomsyn. 4. Forbetra filfunksjonalitet 4.1 Splitting/gruppering av filer (OCR, Cremul og FBO) Du kan definera eit filoppsett der det vert oppsett kva for kontoar det skal hentast retur for. Om andre filoppsett allereie har definert eit subsett av alle kontoar, så vil dei kontoane ein kan velja frå vera alle minus subsettet av kontoar som er definert i andre filoppsett. Funksjonen gjeld for OCR, Cremul og FBO. 4.2 Val av oppsett som ein har tilgjenge til Frå funksjonen for filoppsett vil ein kunna haka av for kva for filoppsett som skal visast under "Send" og "Hent" fil. 4.3 Duplikatkontroll på filer (checksum) For å hindra at ein sender eksakt same fil på ny vil det vera kontroll på om fila er innsend tidlegare (checksum). Side 2/7
5. Gruppering av konti i NettBedrift Generelt Det vert mogleg for den enkelte å oppretta grupper av kontoar i Nettbedrift. Kontogruppene vil kunna nyttast i ei rekke visingsbilete i Nettbedrift, slik at du hurtig får eit overblikk over ei gruppe kontoar. Du kan dela grupper med andre på same avtale, men berre den som har oppretta gruppa og administrator kan sletta og redigera i den aktuelle gruppa. Oversyn kontogrupper Under administrasjon kjem eit nytt menypunkt "Kontogrupper". Det er mogleg å sortera kontogruppene etter gruppenamn eller kven som har oppretta gruppa. Som standard vert gruppene vist sortert etter gruppenamn. Det er i tillegg høve for å sletta, endra og vise gruppene frå dette skjermbiletet. Ny gruppe vert oppretta via ein knapp på denne sida (sjå ytterlegare informasjon under "Opprett ny kontogruppe). Ein brukar har berre høve til å endra og sletta dei kontogruppene han sjølv har oppretta. Administrator kan likevel endra og sletta alle kontogrupper. Opprett ny kontogruppe Etter at du har klikka på "Ny kontogruppe" i skjermbiletet "Oppsett kontogrupper" kjem du til eit nytt skjermbilete. Ny gruppe vert oppretta ved å skriva inn gruppenamn, huka av ved dei kontoane du ønskjer skal inngå i lista, og klikka lagre. Ynskjer du å visa/dela gruppa må du merka av for dette. Nytte av kontogrupper Kontogrupper vil vera mogleg å filtrera på i følgjande skjermbilete: Oversyn kontoar Registrerte utbetalingar Forfallsregister Utførde utbetalingar Ikkje utførde utbetalingar Likviditetshistorikk (ny opsjon) berre mogleg for kontogruppe som inneheld ein valuta. 6. Saldo-/rentehistorikk Vising av saldo-/rentehistorikk er undermeny til menypunktet "Kontoinfo". Skjermbiletet inneheld tre punkt: Side 3/7
1. Søkekriteriar 2. Liste over Saldohistorikken 3. Resultatoversyn Når skjermbiletet saldohistorikk vert opna via menyen, vil berre søkekriterieparagrafen visast (fordi konto ikkje er valt). Søkekriteriane inneheld tre felt du kan søkja på: 1. Konto: Ein nedtrekksliste over alle kontoar du har innsyn på. 2. Frå dato: Eit frå-dato felt som viser datoen for den første i førre månad. Dato-feltet kan endrast via kalender. 3. Til dato: Eit til-dato felt som viser dagens dato. Dato-feltet kan endrast via kalender. Det er høve for å eksportera opplysningane på skjermbiletet til Excel. Informasjonen som vert vist i skjermbiletet vil verta danna frå kontoinformasjonsfila som vert produsert på bankdagar. For lånekonti vert det danna kontoinformasjonsfil berre ved rørsle og månadsskifte. For valutakontoar vert det berre vist saldohistorikk, og ikkje rentehistorikk. 7. Oversyn faktura spesifisering av saldo på førsteside På sida "Fakturaliste" vert det no vist ei kolonne med informasjon om saldo på den underliggjande fakturaen. 8. Rollar og rettigheiter 8.1 Rettar - filoverføring pr brukar Styrer i kva grad meny for filoverføring skal visast (og dermed vera tilgjengeleg funksjonalitet for deg). Filoverføring er ei rolle per enkelt brukar. Gjeld tilgjenge til både "Oppsett filoverføring" og vala under "Filoverføring". 8.2 Rettigheiter - Kontoregulering Rettigheit vert gitt ein konto på aktuell brukar. Du får tilgang til å oppretta kontoregulering og sjå detaljinformasjon om kontoregulering. Rollestyrt lesetilgang gjeld for alle skjermbilete der kontoinformasjon og transaksjonar vert vist. Side 4/7
8.3 Rettar - Løn Rettigheit vert gitt ein konto for vald brukar. Du får tilgang til å oppretta lønnsutbetalingar og sjå detaljinformasjon om lønnsutbetalingar. Samlebelastningar vert ikkje påvirka av rolletildelinga dei visast uavhengig av rolle. Rollestyrt lesetilgang gjeld for alle skjermbilete der kontoinformasjon og transaksjonar vert vist. For valutakontoar og skattetrekkskontoar er det ikkje mogleg å kryssa av for løn. 8.4 Rettar Maks beløp Det er mogleg å leggja inn ei avgrensing på kor mykje som kan overførast i eit oppdrag (betaling) for høvesvis registrering og godkjenning. 8.5 Eiga rolle for å sjå fullmakter Eiga Les -rolle for å sjå brukarar per konto ("administrator light"). Brukar med Administrator- /Les-rett vil ha søkemoglegheit på kontonivå til å visa kva for rollar dei ulike brukarane har (Innsyn, Registrering, Godkjenning, Kontoregulering, Løn), og dessutan kva for beløpsgrenser aktuell brukar har. Det vil vera mogleg å knyta ny brukar til aktuell konto (ny brukar vil vera ein som er lagt opp i avtala frå før), og dessutan høve til å endra kontorettar/rollar beløpsgrense (må ha administratorrett). 9. Forbetra informasjon 9.1 Oversikt over innbetalingar enkeltbilag med informasjon Innbetalingslista inneheld eit søkbart oversyn over alle innbetalingar utan KID. Denne funksjonaliteten er viktig for dykk som har mange girobetalingar utan KID, som eksempelvis ideelle organisasjonar, lag og velforeningar. De vil no kunna henta denne informasjonen sjølv i Nettbedrift. Statusfeltet seier om innbetalingen er reskontroførd eller ikkje. Innbetalingar som ikkje er reskontroførde vil ha avgrensa med informasjon. Informasjonen i detaljbiletet vil vera avhengig av kva for ein status betalinga har (mindre informasjon dersom status er "Ikkje handsama"). Side 5/7
9.2 Avtalenamn på PDF- rapportar og meir meldingsinfo Frå oversyn Utførde Betalingar kan ein søkja på frå konto og periode, og resultatet av søket kjem fram på Kvitteringsliste (PDF). Namn og kundenr. hentast frå kundenamn til eigar av den aktuelle avtala (dotteravtale dersom kontoen tilhøyrer ei dotter) PDF- rapporten vil òg visa all informasjon frå meldingslinjene 1, 2 og 3. 9.3 Kontoreguleringar viser frå- /tilkonto på kontoutskrifter Denne funksjonaliteten gjer at informasjon om kontoane til avsendar og mottakar kjem fram på kontoutskrifta, gjeld ved overføringar mellom eigne kontoar i realtid. 9.4 Vising av samlebelastningar som enkelttransaksjonar I transaksjonsoversynet vert det lagt inn ein sjekkboks som avgjer om samlebelastningar skal visast som enkelttransaksjon eller ikkje. 10. Varsel til kvar enkelt brukar når melding med høg prioritet vert send frå banken I tidlegare løysing var det berre første brukar som fekk sjå meldingar på avtala. I ny løysing vil meldinga visast i velkomstbiletet for kvar brukar, og meldingen vert fjerna når den er lesen av aktuell brukar. Meldinga vil uansett visast under funksjonen "Melding frå bank". 11. Betalingsinformasjon på e-post Funksjonalitet for utsending av betalingsbekreftingar på e-post. Det einaste du treng å gjera er å logga seg inn i Nettbedrift, og lasta opp betalinga under menyvalet utførde betalingar. Nedst på skjermbiletet under, vil du finna ein knapp for utsending av e-post bekreftingar. Mottaka av e-posten vil få betalingsbilaget vedlagt som ein pdf. Dersom du har valt ein engelskspråkleg versjon av Nettbedrift, vil pdf ein vera på engelsk. 11.1 Oppsett og avsendaropplysningar Utsending av betalingsbekreftelser kjem frå e-post: <Luster Sparebank kvitteringstjeneste> no-reply-luster.sparebank@evry.com. Det er ikkje mogleg å svara på denne e-posten. Dersom du har spørsmål som gjeld innhaldet, så ta kontakt med kundesenteret til banken på telefon 57 68 27 00. Send evt mail til post@luster-sparebank.no Side 6/7
12. Straksbetaling i Autoreg for bilforhandlarar Straksbetaling i Autoreg gjer det mogleg for bilforhandlarar å senda salsmelding, betala naudsynte avgifter og fullføra omregistrering medan kunden ventar. Bilforhandlaren må inngå avtale om teneste Straksbetaling for Autoreg med banken. Bilforhandlaren kan ikkje ha avtale om Straksbetaling med fleire bankar på same tid. Straksbetaling er ei betalingsløysing som utfører ei straksbetaling via Statens Vegvesen sitt system, Autoreg og Nettbedrift. Side 7/7