Handlingsplan for psykisk helse i Etne Kommune



Like dokumenter
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Kommunedelplan for oppvekst

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Resept for eit sunnare FørdeF

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

1. Mål med samhandlingsreforma

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

- 1 - RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN AUSTRHEIM KOMMUNE. Vedteke Austrheim kommunestyre

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

SLT- HANDLINGSPLAN. Mai 2012

Dialogkonferanse 2009 Modalen

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

på vegne av barn og unge

Frivilligpolitisk plattform

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Resultat brukarundersøkingar

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Forsand kommune Seksjon kultur

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Barnehageplan for Vinje kommune

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Du må tru det for å sjå det

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Programmet Helse Førdes tilbod til psykisk sjuke pasientar ute i kommunane

Til deg som bur i fosterheim år

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Med god informasjon i bagasjen

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

SLT-HANDLINGSPLAN

psykisk helse

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Informasjon til pasientar og pårørande

Tverrfagleg samarbeid i skulen

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Pedagogisk plattform

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Transkript:

Handlingsplan for psykisk helse i Etne Kommune INNLEIING ENDRINGAR FRÅ HANDLINGSPLAN 2003 2006 1.0 MÅLSETJING 2.0 RAMMEVILKÅR 2.1 Statlege rammevilkår 2.1.1 Tiltak retta mot vaksne 2.1.2 Tiltak retta mot barn og unge 2.2 Andrelinjetenesta. 2.3 Kommunale rammevilkår 3.0 EKSISTERANDE TILTAK 3.1 Butilbod 3.2 Fritid 3.3 Arbeid 3.4 Skule 3.5 Psykososiale tiltak 3.6 Førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. 3.7 Sjølvmordsførebyggjande arbeid 3.8 Undervisning / kompetansehevande tiltak 4.0 OPPTRAPPING AV TILTAK 4.1 Butilbod 4.2 Fritid 4.3 Arbeid 4.4 Skule 4.5 Psykososiale tiltak 4.6 Førebyggjande arbeid retta mot barn og unge 4.7 Sjølvmordførebyggjande arbeid / Plan for krisehandtering 4.8 Undervisning / kompetansehevande tiltak 4.9 Tiltak retta mot familiar / einskildpersonar som opplever ein vanskeleg livssituasjon 5.0 RUSOMSORG 5.1 Stoda i Etne i dag 5.1.1 Team for psykisk helse 5.1.2 Lækjarar 5.2 Mål 5.3 Aktuelle arenaer 5.4 Tiltak for å nå måla 5.5. Førebygging 6.0 ORGANISERING AV PSYKIATRITENESTA 7.0 HANDLINGSPLAN IVERKSETJING OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR 8.0 KONKLUSJON 1

INNLEIING I Rundskriv I - 4/99 frå Sosial og Helsedepartementet om Opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006, vert det bede om ein opptrappingsplan som skal vere ein del av kommunen sin handlingsplan. I denne ligg det føringar på kva tiltak og prioriteringar kommunane må gjera for å få øyremerka tilskot til Psykisk helse i perioden. Med Opptrappingsplanen som grunnlag vil det vera naturleg å tilpassa Handlingsplanen til denne, likevel ikkje meir enn at intensjonen med den vedtekne planen er ivareteken. Handlingsplanen for psykisk helse i Etne kommune vert revidert vår 2005 og seinast vår 2006. Viktige dokument som viser endringane for Opptrappinga innan psykisk helse: Stortingsmelding nr. 25 (1996 97) Åpenhet og helhet Stortingsprop. Nr. 63 (1997 98) Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 2006 Årlege rundskriv om bruk av overførte midlar som skal koma psykisk helse til gode. Dokumenta som ligg til grunn for Opptrappinga: Juridisk, i form av ny lovgjeving. Økonomisk, i form av øyremerka midlar til tiltak. Utdanningspolitisk, i form av auka og endra utdanningstilbod og øyremerka midlar til etter og vidareutdanning. Fagleg bistand frå statlege styresmakter ved tilsetjing av rådgjevarar på Helseavdelinga hos Fylkesmannen. Krava til Handlingsplanen for den resterande delen av opptrappinga er nedfelt i rundskriv IS-1/2003. Dette rundskrivet erstattar det føregåande IS-12/2002 av 30.10.2002. Det blir vist til St. prop. Nr 1 (2002-2003), og til rundskriv I-4/99, Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 2006. I tillegg er Rundskriv IS 20/2004 IS 24/2005 sentral i høve til vilkåra for utbetaling av øyremerka midlar. I 2000 kom kommunen med i Rammefinansieringsordninga. Alle midlane kom i rammetilskotet og kommune kunne velja prioriteringane sjølv. Kommunen hadde ikkje i åra med rammefinansiering ein handlingsplan for psykisk helse som helseavdelinga hjå Fylkesmannen hadde godkjent. Rammefinansieringsordninga forpliktar likevel kommunane i å fylgjer utviklinga i psykisk helsearbeid. I 2003 vart likevel Handlingsplan for psykisk helse 2003 2006 vedteke i Etne kommune. Revidert utgåve vert laga primo 2005. Departementet set som vilkår for utbetalinga av dei øyremerka midlane at det skal skje ein styrke av eksisterande tilbod og/eller etablering av nye tilbod. Departementet strekar under at kommunane har eit sjølvstendig lovfesta ansvar for planlegging, utbygging, finansiering og drift av tiltak. Statlege øyremerka midlar endrar ikkje dette forholdet. Dei statlege tilskota skal koma i tillegg til kommunen sin eigen innsats, ikkje erstatta denne. (Rundskriv I - 14/98). Dette er teke opp att i seinare rundskriv, seinast IS-1/2003. og IS- 20/2004 Departementet har eit spesielt ansvar for oppfylging og bruk av dei øyremerka tilskot til kommunane. Etter løyvingsreglementet 17 har forvaltninga og Riksrevisjonen tilgang til å føra kontroll med at tilskotsmidlane vert nytta etter føresetnadene. jf. Rundskriv I -4/99 2

Målgruppa for planen er: Alle innbyggjarar i Etne kommune. Hovudformålet er førebygging av psykisk sjukdom og hjelp til dei som allereie er sjuke og deira pårørande. I redigeringa av Handlingsplan for psykisk helse 2006 2008 har fylgjande vore med: Marion Kallevik, Helseleiar Steinar Mjelde, Rådgjevar Bengt Kallevik, kommunelækjar 1 Olaug Taklo, psykiatrisk sjukepleier Team for psykisk helse Omsorgsteam v. sosialleiar, einingsleiarar for PL/O er rådspurt og informert ENDRINGAR FRÅ HANDLINGSPLAN 2003-2006 Det er føretatt ein del endringar i høve til handlingsplan for psykisk helse 2003 2006. Ved revisjon mars 2006 har ein tilpassa planen i tråd med rapportering og jvf. krava frå staten. Ein vil synleggjere endringane som kommunen har gjennomført og i tillegg vise vidare prioriteringar og framdrift i høve til utviklinga innan psykisk helsevern i Etne kommune. Endringane fylgjer Lovverk, Rammeplan og Rundskriv. Endringane er mest uttalte i fylgjande avsnitt: 2.0, 2.2, 2.3, 3.0, 3.2, 3.3, 3.4, 3.5, 3.6, 3.8, 4.1, 4.2, 4.3, 4.4, 4.5, 4.6, 4.7, 4.8 Heile avsnittet om rusomsorg, 5.0 er nytt. I tillegg kjem endringar i 6.0, 7.0 og 8.0 1.0 MÅLSETJING Målsettinga med handlingsplanen i psykisk helsearbeid i Etne kommune er å : 1 Legge til rette for eit brukarorientert tilbod ut frå sentrale føringar tilpassa til dei dokumenterte behova i Etne kommune. 2 Hindre unødig liding ved å styrkja det førebyggjande arbeidet retta mot born, unge, familiar og vaksne. 3 Sikra ei psykiatriteneste der brukaren og familien skal samarbeide tverrfagleg mot eit felles mål som fremjar sjølvstende mot meistring av eige liv. 4 Fylgje opp kronisk sjuke og sikra høgaste grad av livskvalitet for brukarane, og legge til rette for eit inkluderande og individuelt tilpassa sosialt fellesskap. 5 Byggje opp ei teneste med god fagleg kompetanse. 6 Sikre nødvendig kompetanseheving og tilstrekkeleg bemanning. 7. Å sette fokus på og legge til rette for førebyggjande arbeid i høve til problemstilling relatert til psykiske lidingar. Dette gjeld både for barn/unge, vaksne, grupper i barnehage/skule, men også i høve til generell folkeopplysning 8. Førebygge og hindre utvikling av rusmiddelmisbruk og utvikle rehabiliteringstiltak for misbrukarar, der rus og psykiatri vert dobbeldiagnose 2.0. RAMMEVILKÅR I IS-1 /2003 blir det krevd at kommunane skal sørgja for å ha ein oppdatert plan som omfattar den resterande delen av opptrappingsperioden. 1. Oppdatering og revidering vart gjort vår 2005. Planperioden vart då 2005 2007. 2. Revisjon, mars 2006 utvidar planperioden til 2008. Handlingsplan for psykisk helse i Etne kommune gjeld for perioden 2006-2008 3

Krav til innhald: Planen skal omhandle både barn, unge og vaksne. Planen skal kortfatta skildre det psykiske helsearbeidet i kommunen og korleis dette er organisert. Planen må skildre førebyggande psykososialt arbeid. Planen skal gi eit overslag over brukargruppene. Planen skal kortfatta skildre kortfatta udekka behov for tenester. Planen skal vise vurdering av kompetansebehovet. Planen skal kortfatta skildre korleis kommunen har organisert/vil organisere brukarmedverknad i det psykiske helsearbeidet. Planen skal vise samarbeidet med spesialisthelsetenesta med særleg vekt på DPSane (distriktspsykiatriske senter), og med andre sektorar som arbeid, skule m.v. Det er eit grunnleggjande prinsipp at menneske med psykiske lidingar skal ha tenester som er organisert og utforma etter det som elles gjeld for offentleg tenesteyting. Målet er å fremma sjølvstende og evne til å meistra eige liv. Dette for forutset at rammene rundt den einskilde sit liv tilfredsstillar fylgjande grunnleggjande behov: Bustad med tilstrekkeleg hjelp. Mogelegheit til å delta i meiningsfull aktivitet. Mogelegheit til å inngå i eit sosialt fellesskap. Nødvendige helsetenester. 2.1 STATLEGE RAMMEVILKÅR I følgje Rundskriv I - 4/99 er føresetnaden at tiltaka som blir sett i verk skal komme personar med psykiske lidingar til gode. Midlane kan ikkje nyttast til generell styrking av helse- og sosialtenestene eller av helse- og sosialadministrasjonen i kommunen. Ein kan nytte midlane til: 2.1.1 Tiltak retta mot vaksne: Kommunen sin innsats bør i fylgje ST.prop.nr 1 /2000-2003 s.175 særleg rettast inn mot menneske med alvorleg eller moderat psykisk liding og leggje vekt på: Tilfredsstillande bustad med tilfredstellande hjelp Mogeligheit til å delta i meiningsfulle aktivitetar, om mulig sysselsetting Mogelegheit til å delta i eit sosialt fellesskap og unngå sosial isolasjon Nødvendige og tilpassa helse- og sosialtenester. Sosial og helsedep. går ut frå at den enkelte kommune ved disponering av tilskotet legg til grunn at det for vaksne fyrst skal vera etablert eit tilfredstillande tilbod på desse områda før eit breiare tilbod blir bygd ut. Midlane kan nyttast til: Styrking av brukar-/pårørandeorganisasjonar, sjølvhjelp og andre brukarretta tiltak. Nye tilrettelagde bustader og støttefunksjonar. Styrking av heimetenesta og buretleiing. Utvikling av varierte aktivitetstilbod, også tilrettelagt fysisk aktivt. Fleire støttekontaktar, kultur- og tiltak på fritida - gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar/institusjonar i nærmiljøet. Styrking av andre tilrettelagde tenester. Etablering av Dagsentertilbod 4

Tettare samarbeid med arbeidsmarknadsetaten - få fleire ut i arbeid. Styrkje samarbeidet mellom kommune og fylkeskommune. Tilskotet kan også nyttast til kompetanseheving og rekruttering. Også her er det viktig med rekruttering av ulike faggrupper på vidaregåande- og høgskule nivå slik at ein kan oppnå reel tverrfagleghet. Dette for betre å nå eit tilbod til den einskilde brukar, ikkje berre av terapeutisk karakter, men også av sosial karakter. Dette vil medverke til å utvikle meistring og sosial kompetanse. Personalet bør ha vidareutdanning innan psykisk helse! 2.1.2 Tiltak retta mot barn og unge: Sosial og helsedepartementet viser til målsetjinga om at minimum 20 prosent av midlane skal rettast mot tiltak for barn og unge. Dette gjeld også førebyggande psykososialt-arbeid. Tilbodet bør aukast både kvantitativt og kvalitativt. Midlane skal ikkje brukast til meir generelle førebyggingstiltak som blir forventa at kommunen dekkjer i ordinert budsjett jf. IS 1/2003 s. 19 2.2 ANDRE LINETENESTA. Valen sjukehus er kommunen sitt primærsjukehus. Når det gjeld barn og unge er det BUP, Haugesund som er viktigaste samhandlingspartnar. Helse Fonna gir gjennom Valen sjukehus tilbod i kommunen annakvar veke ved psykolog, klinisk sosionom og psykiatrisk sjukepleier. Sengepost DPS er etablert på Valen sjukehus med 8 sengeplassar. Korttids og avlastningstilbod til kroniske pasientar og til pasientar under utgreiing. I tillegg har team for psykisk helse tatt kontakt med DPS i Haugesund, vore på møte og samtale der` for betre å kunne hjelpe pasienten. 2.3 KOMMUNALE RAMMEVILKÅR. Ved årleg rapportering skal det vera eit tydeleg skilje mellom kva som blir finansiert med kommunale midlar og kva som blir finansiert med statlege midlar. For at kommunen skal få frigitt midlar må det vera samsvar mellom budsjett, plan og rapport. Ein har i Etne kommune i fleire år strevd med å dokumentere denne skilnaden, avdi kommunen har ein fortid som forsøkskommune. Ein har likevel no gjennom rapporteringa til fylkesmannen vist at vedtatt budsjett, rekneskap, planlagt bruk og endeleg stadfesting, av bruk av øyremerka midlar er i samsvar med sentrale føringar og krav. Vert det pengar til overs eit år, skal det markerast i den årlege rapporten til Helseavdelinga hjå Fylkesmannen. Desse midlane vert overførte til fylgjande års budsjett. For 2005 har helseleiar søkt om overføring av øyremerka midlar kr. 160.000 til budsjett Psykisk helsevern 2006. Eit politisk vedtak er nødvendig for overføringa og dokumentasjonen til staten. jf. IS-1/2003 s.21. 3.0 EKSISTERANDE TILTAK. Etne kommune har i dag etablert Team for psykisk helse. Dette team består av psykiatrisk sjukepleier i 80% stilling. Miljøarbeidar til arbeid i felten, spesielt retta mot barn og unge og deira familiar i 50% stilling. Miljøarbeidar knytt opp mot nyetablert Dagsenter i 50% stilling og konstituert helsesyster i 50% stilling som i nært samarbeid med helsesyster arbeider i høve til familiar og barn i bekymringssona. Konstituert helsesyster er spydspiss i høve til 5

førebyggjande arbeid i vidaregåande skule der rusførebyggjande arbeid og arbeid i høve til kjensler knytt opp mot læring vert sentrale. Helseleiar er koordinator for psykiatritenesta i 20% stilling. Helseavdelinga har vidare etablert tverretatleg samarbeid og forsøksvis del-finansierer koordinatorstilling i sosialavdelinga med 20%. Team for psykisk helse har regelmessig kontakt med ca 25 personar. I tillegg kjem korttidskontakt ved kriser, medisinsk assistert rehabilitering (MAR) og administrering av medisinar for personar som treng hjelp med å ta rett dose til rett tid. Dette skjer i nær samarbeid med PL/O ute-tenesta. Det er ein del tilrettelegging for einskilde brukarar. Samarbeid på tvers i kommuneadministrasjonen vert særs viktig Spesielt har ein nu lagt til rette for målretta samarbeid og ansvarsdeling i høve til utarbeiding og oppfylging av arbeidet med dei individuelle planane. Helseavdelinga har initiert arbeidet ut frå Sintef sin mal og ein har mål om snarast å ta i bruk spesifikk datasystem Profil for å kvalitetssikre det vidare arbeidet. Ein miljøarbeidar er knytt spesielt opp mot psykiatrisk sjukepleiar. Arbeidsoppgåvene er fyrst og fremst retta mot barn og unge, der stabilitet, tryggleik og kontinuitet vert sentral. I tillegg har teamet med begge miljøarbeidarar og konstituert helsesyster starta opp førebyggjande arbeid i høve til foreldra-grupper og samtalegrupper for lærarar der ein på generell basis kan ta opp problemstillingar eller samen søke og utveksle ny kunnskap og kompetanse. Helseleiar er som psykiatrikoordinator ansvarleg for å vere oppdatert i departementet sine krav og retningsliner i opptrappingsperioden. Viktige relasjonspartnarar i dette arbeidet vert kommunelækjar 1, team for psykisk helse, sosialleiar og leiar for PLO. I tillegg vert helseleiar ansvarleg for økonomi og rapportering til rådmann/kommunestyre og til fylkesmannen. Psykiatritenesta har samarbeid med Røde Kors, Diakoni, Besøkstenesta og frå nov. 2005 har ein starta samarbeid med nyetablert Frivviligsentral i kommunen. Det er etablert Beredskapsteam i høve til sjølvmordsførrebygging, Og ein har utvikla separat beredskapsplan der ein kan nytte Røde Kors sin krise gruppe 3.1 BUTILBOD Personar med behov for omsorg innan psykisk helse har tilbod på kommunale bustader på lik line som andre trygda. Etne kommune har fylgjande tilpassa bustader: Tusenfryd i Skånevik Kommunale bustadar i Prestevegen. Gjerdsrabbane. Bustadskipinga og privat utleigemarknad. I tillegg bur sjølvsagt fleire av brukarane i eigne heimar. 3.2 FRITID Frå hausten 2002 fekk psykiatritenesta i stand eit samarbeid med Etne Røde Kors og Diakoniutvala i Etne og Skånevik om Måndagskaffi på Røde Kors Huset i Etne og Gjestgjevargarden i Skånevik. Dette er eit opent tilbod med sosialt samvær 2 timar kvar måndag. Det er friviljuge medarbeidarar som driv dette, med rettleiing frå psykiatritenesta. 01.09. 2005 vert Dagsenteret Ståvo etablert. I sambruk med Frivilligsentralen, har kommunen utvikla eit fritidstilbod, ikkje berre til dei tyngste brukarar, men målet er å vidareutvikle og legge til rette for eit tilbod der fleire grupper/einskilde personar kan og vil nytte dagsenteret for møte- og aktivitetsverksemd. 6

Behovet for støttekontaktar er stort, men vanskeleg å stette. Sosialkontoret og psykiatritenesta samarbeider om å skaffe støttekontaktar. Sosialkontoret har den praktiske tilrettelegginga medan psykiatrisk sjukepleiar har rettleiingsansvaret. Helseavdelinga har, i samband med dette viktige arbeidet, forsøksvis delfinansiert koordinatorstilling i sosialavdelinga med 14% for vaksne og 6% for barn. 3.3 ARBEID Arbeidsmarknadsetaten har styrka sysselsetjingstiltaka som skal fordelast på arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. Psykiatritenesta har god erfaring med det lokale næringslivet i samarbeid med A-etat. Her har arbeidsdagen blitt tilrettelagt etter kva arbeidstakaren har kompetanse og kapasitet til. Likevel ser ein at dei tyngste brukarane har store problem med å fylle og halde vedlike ein vanleg jobb der kommunen i samarbeid med arbeidsgivar prøver å legge til rette og differensiere arbeidsoppgåvene. I kommunen vår har me Øyane ASVO, med 20 kommunale arbeidsplassar. Det vart i 2005 overføringar til 8 brukarar frå dei øyremerka psykiatrimidlane. 3.4 SKULE I samband med opptrappingsplanen for psykisk helse sine føringar i høve til barn og unge har kommunen i konstitueringa av helsesyster i team for psykisk helse hatt høve til, i større grad å gi tilbod til elevar på vidaregåande skule. I pedagogisk samanheng kan ein oppleve elevar med store læringsvanskar og adferdsmessige problem. Konstituert helsesyster vert då samhandlingspartnar for elev, føresette og skule når kjensel spenner bein for læring Dette gjeld både som part i det konkret problemløysande arbeid (i dialog med ungdomane) men også gjennom meir målretta førebyggjande tiltak. Vidare i grunnskulen har team for psykisk helse etablert diskusjonsfora i lærestaben på fleire av kommunen sine skular. Målet er at team for psykisk helse kan vere ein del av skulane sine ressursteam, ikkje berre når det oppstår problem i høve til barn eller familiane deira, men også i det førebyggjande og kompetansehevande arbeid i samhandling med barn og unge. I samband med fokus på førebyggjande arbeid og hjelp til sjølvhjelp har Team for psykisk helse etablert samtalegruppe for føresette der ein uforpliktande kan prøve ut meiningar og haldningar i høve til barn/ungdom og oppvekst. Kunnskap og dialog vert nøkkelord der team for psykisk helse er med i arbeidet rundt barn og unge. Helseavdelinga har i fleire debattopplegg og konkret folkeopplysnings møter tatt opp kontroversielle tema om barn og oppvekst. Hauste 2005 har ein gjennomført 2 foredrag - Ser du meg? Der skular, PPT føresette og ungdomar var målgruppa for eit innlegg om barn sine oppvekstvilkår og med utgangspunkt i filmen Mit elskede barn opna ein for debatt i høve til problematikken rundt incest. Tilbakemeldingane har vore unisont positive. 3.5 PSYKOSOSIALE TILTAK Angst og depresjon er lidingar som er aukande, og som gjer kvardagen vanskeleg for dei det gjeld og deira pårørande. Ein har kartlagt behov for ulike sjølvhjelpsgrupper. Etablering av Dagsenter i kommunen legg til rette for terapeutiske tiltak i ein kvardags/arbeidssituasjon. Ein har i regi av Dagsenteret etablert ulike aktivitetsgrupper og sjølvhjelpsgrupper. Ein vil vidare utvikle nettverk og handlingskompetanse for den einskilde brukaren, samstundes som kommunen i nært samarbeid med Frivilligsentralen og frivillige 7

organisasjonar opnar opp for inkluderande aktivitetstilbod for alle. For å kunne utvikle dette arbeidet vidare vert miljøarbeidarar og støttekontaktar viktige støttespelarar i samband med integrering/involvering i arbeidet/samværet på Dagsenteret. 3.6 FØREBYGGJANDE ARBEID RETTA MOT BARN OG UNGE Det er ingen tilbod til barn og unge som er organisert gjennom psykisk helse. Born og unge har berre lovpålagte tilbod gjennom Helsestasjon, Barnevernloven og Lov om sosiale tenester. Helsesyster har to timar i månaden på barne/mellomtrinnet i skulen, og to timar to gr. i månaden på ungdomskuletrinnet. Ein del unge tek kontakt med helsesyster på helsesenteret. Det har her vore eit naturleg samarbeid mellom helsesyster og psykiatrisk sjukepleiar. Likevel har ein med konstitueringa av helsesyster i team for psykisk helse i større grad høve til å sette inn ekstra tiltak, der ein ser barn og unge i risikosone samstundes som ein i helseavdelinga har ein aktør som målretta har fokus på barn, unge og deira familiar sin psykiske helse. 3.7 SJØLVMORDSFØREBYGGJANDE ARBEID Det er etablert ei gruppe som arbeider med sjølvmordsførebyggjande tiltak ( kommunelege, prest, helsesyster og psykiatrisk sjukepleiar ) og den har jamlege møter. Etne er med i nettverksamarbeid ved Haugesund sjukehus, der det er utarbeida ein felles plan for alle kommunane som soknar til sjukehuset. Planen inneheld tiltak for dei som har prøvd å ta livet sitt og pårørande etter eit sjølvmord. 3.8 UNDERVISNING / KOMPETANSEHEVANDE TILTAK I psykiatritenesta er det ei psykiatrisk sjukepleiar som er godkjend kursleiar i integrativ terapi. I tillegg har ho kompetanse i rettleiing og supervisjon. Psykiatrisk sjukepleiar har hatt undervisning for dei som jobbar ved institusjonane i kommunen og i heimetenesta. Dette har vore generell undervisning som har vore knytt til psykiske lidingar, kommunikasjon og haldningar. Ein har også gått inn med undervisning / rettleiing som har vore meir direkte knytte til pasientsituasjonar og arbeidssituasjonar. Ein har også individuell rettleiing til heimehjelparar og støttekontaktar som arbeider i vanskelegstilte heimar eller med personar med spesielle problem. Vidare har ein i helseavdelinga auka kompetansen gjennom målretta vidareutdanning. Helsesyster avsluttar sumar 2006 tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid retta mot barn og unge. Del 1. Helseavdelinga arbeider med å integrere denne kompetansen i team for psykisk helse. I tillegg til formalisert rettleiing har ein i helseavdelinga v/team for psykisk helse starta opp tilbod om supervisjon til skuleadministrasjon, lærarar, førskule- og barnehagepersonale og føresette i høve til observasjon, oppfylging, samhandling Tverretatleg samarbeid er eit prioritert felt i Etne kommune. Konstituert helsesyster i team for psykisk helse har i samarbeid med barneverns-tenesta deltatt i kompetansehevande kurs med fokus på barnevernstenesta og samarbeidet med andre instansar/tenester. 8

4.0 OPPTRAPPING AV TILTAK I opptrappingsarbeidet innan psykisk helse må brukarstyring og brukarmedverknad vere ein grunnpillar for utviklingsarbeidet vidare. Jvf. IS 24/2005 Den einskilde brukaren må få større innsikt i eigen situasjon (retter og plikter) og kommunen må få auka kunnskap frå dei som nytter tenesta om kor skoa trykker Veilederen- Psykisk helsearbeid for vaksne i kommunane vektlegger nettopp dette brukarperspektivet i psykisk helsearbeid. Målsettinga er å lage eit verkty/ein arbeidsmetode for å sikre eit betre tilbod til den einskilde brukaren. Lovgrunnlaget om retter i høve til brukarmedverknad/brukarstyring er felt ned i Pasientrettighetslova, i Lov om psykisk helsevern, i Lov om sosiale tenester og i Lov om kommunale helsetenester. Dette arbeidet er under utvikling i Etne kommune. Ein manglar likevel innspel, retningsliner og sentrale, kvalitetssikra MALAR for dette arbeidet. Team for psykisk helse avventar mal frå KS for brukarmedverknad, noko som skal vere på plass i løpet av 2006. I tillegg forventar team for psykisk helse i mai 2006, ev. i interkommunalt samarbeid med Vindafjord kommunen, å etablere Mental Helse i Etne. 4.1 BUTILBOD Det er eit stort behov for eit bufellesskap i kommunen. Personalet - ein miljøarbeidar kan likevel vere knytt opp mott bustaden og den einskilde brukaren, men miljøarbeidaren må likevel vere ein del av team for psykisk helse, slik at ein kan nytte teamet sin kompetanse og ressurs i samband med tilbodet i bueiningane. Ein miljøarbeidar kan rettleia i daglegdagse gjeremål (jvf. den individuelle planen til pasienten), og ha ei fagleg tilnærming til bebuarane slik at dei kan få ei styrkja sjølvkjensle og oppleva livskvalitet og meistring av eige liv. I tillegg kan miljøarbeidaren vere brubyggjar i høve til Dagsenteret og dei ulike aktivitetane som ein utviklar der. I samband med denne utviklinga vurdere ein å etablere treningskontakt mot einskilde brukarar der ein ser at fysisk aktivitet vil medverke til å forbetre livssituasjonen. Etne kommunen har haust 2005 erkjent at etablering av bufellesskap vert komplisert avdi dei einskilde brukarar, tenkt etablert her i utgongspunktet ikkje vil/kan nytte seg av fellesskap i ei slik bueining. Ein har haust 2005 innleia samarbeid med privat investor om å legge til rette for bustader som inneheld nokre felles fasilitetar, men som er einskilde bueiningar tett opp mot kvarandre. Ein har der håp om raskt (ultimo nov. 2006) å kunne komme i møte eit eksisterande behov for bustad. Dette vert sjølvsagt eit stort løft i høve til butilbod for menneskje med tung psykiatrisk liding. 4.2 FRITID Kommunen har etablert Dagsenteret Ståvo i bustadskipinga i sentrum i september 2005. Eit tilbod der ein i samarbeid med Frivilligsentralen har ope 4 dagar i veka i tillegg til ein kveld. Team for psykisk helse har som mål at dette senter skal bli eit midtpunkt for aktivitet, ikkje berre for folk med tung psykiatrisk diagnose, men for folk fleist. Folk som ev. er i ein livssituasjon der dei treng litt drahjelp Ein har etablert eit aktivitetssenter som på sikt skal bli brukarstyrt. Eit senter der brukarane saman med team for psykisk helse skal legge til rette for mykje helsebringande aktivitet. Ein har i dag etablert ulik hobbyverksemd, turgruppe, arbeid med foto, samtalegruppe m.m. 9

Fysisk aktivitet er viktig for ei god psykisk helse. Mange brukarar har vanskar med å kunna gå tur på eiga hand, og synes det er vanskeleg å delta på tilrettelagde turar i regi av turlag etc. Dagsenteret legg til rette for faste turtider v/miljøarbeidar. Frivilligsentralen og samarbeide med frivillige organisasjonar vert viktig for å utvikle dette vidare. Team for psykisk helse vil sette fokus på FYSISK helse hjå menneske med psykiske lidingar, for å kunne sette dei i stand til betre å ivareta eiget liv. Kommunen har tilsett ergoterapeut som ein vil involvere i dette arbeidet. Førebyggjande arbeid vert nøkkelord for team for psykisk helse. Ein har starta på eit spennande nybrotsarbeid der ein målretta vil legge til rette for tilbod i dagsenteret, der menneske i livskriser (Skilsmisse, uføretrygde, arbeidsledige m.m.) vil kunne finne seg til rette og medverke til å vidareutvikle tilbodet. I det førebyggjande arbeid vert tiltak i høve til barne og unge særs viktig. Ein planlegger å starte opp eit ungdomstilbod, fyrst og fremst for trua barn og unge men for at gjere dette tilbodet attraktivt vil ein lage tilbod som også appellere til ressurs sterke barn og unge. På Bustadskipinga, under Dagsenteret finn ein gode lokalar, der barn og unge skal vere med til å skape rammene for tilbodet. Tilbodet om måndagskaffi i Skånevik må oppretthaldast. Ein må arbeida aktivt for å gjera tilbodet meir kjent og tilgjengeleg for dei som ynskjer det. Telefoninvitasjon og skyss er eit tiltak som er nødvendig. Samarbeidet med Diakoni, besøksteneste og Røde Kors vert viktig. Sosialkontor og Psykiatritenesta må vidareutvikle samarbeidet. Ein må utvikle felles plattform for i større grad å kunne samhandle i høve til den einskilde pasienten og familien hans. Vidare må ein utvikle samarbeid for å skaffe støttekontaktar til dei som ynskjer og har behov for det. Ein gjennomfører regelmessig opplæring, supervisjon og oppfylging av støttekontaktar. 4.3 ARBEID Samarbeidet med Øyane ASVO må styrkjast. ASVO er ikkje berre ein arbeidsplass, men også ein viktig samhandlingspartnar for å medverke til å finne opp nye arbeidsplassar. Arbeidsplassar der den einskilde pasienten har styrke til å fylle ein arbeidssituasjon, bli i den og kanskje vere med til å utvikle den, slik at fleire kan oppleve personleg vekst og meistring. I 2005 har ein utvida tal på arbeidsplassar på ASVO som kommunen disponerer. Dei øyremerka midlane har i 2005 finansiert arbeidsplass for 8 pasientar med psykiske lidingar. Brukarane våre treng tett oppfølging og meir tilrettelagt arbeidstid, og mogelegheit til variasjon i det daglege Her ser me at rettleiing frå team for psykisk helse til arbeidsleiarane på ASVO er nødvendig og ynskjeleg å få til vidare. Samarbeidet med det lokale næringsliv er styrka, og kommunen nytter fleire bedrifter som samhandlingspartnarar i høve til menneskje med psykiske problem. Ein vil styrke samarbeidet med A-etat og arbeider for å finne fram til finansieringsmåte i høve til stimuleringslønn. 10

4.4 SKULE Kommunen har etablert helsestasjon for barn, unge og føresette i nær samarbeid med skulen. Ein har utvikla det førrebyggjande arbeid ikkje berre i grunnskulen, men også på vidaregåande skule, noko som ein vil halde fram med. Vidaregåande skule vert eit satsingsområde for team for psykisk helse, der konstituert helsesyster er sett inn som spydspiss i samarbeidet med elevar, lærarar, PPT og oppfylgingstenesta. Ein ynskjer ikkje berre å vere med til å ivareta den psykiske helse til den einskilde eleven, men ein vil initiere samarbeid om kost og fysisk fostring og dermed medverke til å skape grunnlag for at elevane får høve til å ta vare på/lærer å ta vare på eiga helsa. Team for psykisk helse må bli integrert i skulemiljøet i kommunen. Team for psykisk helse må bli naturlege og viktige samhandlingspartnarar i ressursteam, på klasselærarråd i ansvarsgrupper og i alle fora i kommunen, der det er relevant å arbeide med førebyggjande arbeid i høve til rus, mobbing, utagerande åtferd, vold og problem med læring. Team for psykisk helse vil utvikle målretta verkty i det førebyggjande arbeidet i høve til barn og vaksne. Ein ynskjer å involvere den ideelle organisasjonen MOT i dette arbeidet, då ein der vil få hjelp til å utvikle, mål og middel slik at arbeidet vert målbart. Større trivnad, redusert mobbing og problem åtferd. Større handlingskompetanse hjå føresette og dei vaksne som er rundt barn og unge i kommunen. 4.5 PSYKOSOSIALE TILTAK I løpet av neste planperiode vil team for psykisk helse prøve å gje tilbod til nye sjølvhjelpsgrupper. Psykiatrisk sjukepleiar vert viktig rettleiar i dette arbeidet i felten. Psykiatrisk sjukepleier vil i større grad bli involvert i planlegginga og gjennomføringa av satsinga i kommunen i høve til både vaksne og barn og unge. Psykiatritenesta har tatt initiativ til samarbeid med fleire tenester og ein har arrangert møter/seminar/debattkveld av folkeopplysande karakter. Dette vil ein utvikle og har laga plan for dette arbeidet vidare, der ein vil involvere tverretatlege, tverrfaglege og ev. interkommunale samarbeidspartnarar. 4.6 FØREBYGGJANDE ARBEID RETTA MOT BARN OG UNGE Dette er framleis eit av dei store satsingsområda i tida framover. Samarbeid med helsesyster må trappast opp. Ein har fått stillingsauke i helsestasjon, men ein vil utvida dette med eit ungdomstilbod der miljøarbeidar/fagarbeidar vert ansvarleg. Ein vil halde fram med opptrappinga som rettast mot arbeid i skulen, og ein vil prøve å nytte seg av at psykisk helse er målsett i læreplanen i grunnskulen. Ein ser her for seg at spesialsjukepleiar innan psykisk helse, barn og unge kan bli viktig i det vidare arbeidet. Helsesyster har utvida tid med treffstad på skulane. Ein vil likevel vidareutvikle Helsestasjon for barn, unge og føresette. Konstituert helsesyster er fast inne på fleire nivå i vidaregåande skule, noko ein vil halde fram med, styrke og integrere i det meste sosialpedagogiske arbeidet som skjer på vidaregåande skule. Ein held på å utvikle organiserte møtefora for lærarar og helsesyster / psykiatrisk sjukepleiar, der ein drøfter aktuelle problemstillingar og planlegg / set i verk møter og kurs retta både mot elevar, foreldre og lærarar. 11

Ungdomstilbod i dagsenterregi vert satsingsområde helst i samarbeid med sosialetaten/barnevern og ev. Frivilligsentralen. Ein ynskjer på sikt å utvikle Dagsenteret til eit fleirbrukshus, der barne og unge vil få høve til, i samvær med vaksne, å utvikle positiv sjølvbilete, meistring og sosial integrering. Skulen opplever at ein del born slit med psykisk stress etter t.d. samlivsbrot. Ein ser det som viktig at lærarar får rettleiing i høve dette av helsesyster / psykiatrisk sjukepleiar. Det førebyggjande aspekt blir her viktig. Aktuelle samarbeidspartnarar er Team for psykisk helse, fastlækjaren, helsestasjonslækjar, PPT og BUP. Skulen arbeider aktivt for å førebyggja mobbing. Dette arbeidet må vidareførast og utviklast, og helsesyster/psykiatrisk sjukepleiar blir ein sentral samarbeidspartnar her. Samarbeid med MOT kan vere eit viktig verkty i dette arbeidet. 4.7 SJØLVMORDSFØREBYGGJANDE ARBEID Planen for førebygging av sjølvmord er baka inn i Beredskapsplan ved kriser for Etne kommune. Sjølv om kommunen har vore skåna for store dramatiske ulukker, har det vore ulukker der ein i ettertid ser at ein ikkje har hatt tilstrekkeleg gode rutinar. Ein har laga Beredskapsplan der team for psykisk helse, kommunelækjar, helsesyster og prest er sentrale aktørar 4.8 UNDERVISNING / KOMPETANSEHEVANDE TILTAK Helseavdelinga vil satsa på å få fleire yrkesgrupper inn på vidareutdanning innan psykisk helse. Ein ynskjer å nytte tilbod frå fylkesmannen om stønad til vidareutdanning og tverretatleg tverrfagleg kompetanseheving. Ein ser at det er særs viktig å fylle på kompetanse i høve til yrkesgrupper med liten eller ingen reel kompetanse men stor realkompetanse. Dette for å styrke den einskilde arbeidstakaren, men også for å kvalitetssikre tilbodet til brukarar av tenesta. Det vert eit mål vidare å utvikle teamet sin kompetanse gjennom å utvikle kompetansen til den einskilde, men også ved å sette fokus på samhandling, kommunikasjon og andre ralasjonsbetinga kunnskapar særs nyttig i arbeidet med psykiatriske pasientar. 4.9 TILTAK RETTA MOT FAMILIAR / EINSKILD PERSONAR SOM OPPLEVER EIN VANSKELEG LIVSSITUASJON Framleis er det viktig å ha miljøarbeidar til hjelp i heimar med psykisk sjuke omsorgspersonar. Dette arbeidet er spesielt retta mot motivering til sjølvhjelp. Samarbeid med heimen om innkjøp av mat og reingjering og elles det ein heim treng for å fungere. Å vere merksam på born i ein heim der det er psykisk sjuke vaksne vert målretta førebyggjande arbeid. Personen som ein nytter i dette omsorgsarbeidet er spesielt personleg eigna. Ein kunne ynskje seg også å legge til rette for utvikling av formell kompetanse. Born som veks opp med ein sjuk omsorgsperson er spesielt sårbar, og det er dokumentert fare for at desse borna kan få problem sjølv seinare. Helsesyster og psykiatrisk sjukepleiar vert særs viktige aktørar i dette arbeidet. Helsestasjon er framleis eit lågterskel tilbod av høg kvalitet, der helsesyster møter alle born, og har høve til 12

å avdekke problem særs tidleg. For å i-møtekomme dette behov vil helsesyster vår 2006 avslutta vidare utdanning innan psykisk helse for barn og unge. 5.0 RUSOMSORG 5.1 STODA I ETNE I DAG Det er ein kjensgjerning, at når rus og psykiatri er dobbeldiagnose hjå ein person, medfører det ofte store vanskar i høve til behandling og medfylgjande dårleg prognose og store vanskar i høve til rehabilitering. Difor vert det viktig i handlingsplan for psykisk helse også å reflektere over rusomsorga i kommunen i samband med psykisk helse. Å fylgje med i befolkninga sitt rusmiddelbruk generelt er viktig for kommunen ut frå eit helsemessig- og sosialt perspektiv. Lovhjemmel som viser kommunen sitt ansvar for dette arbeidet er primært nedfelt i Sosialtenestelova (Lov av 13.12. 1991 nr. 81 om sosiale tenester). I tillegg gir Kommunehelselova med fokus på psykisk helse (Lov av 28.04 1961 om psykisk helsevern) og Barnevernstenestelova (Lov av 17. 07. 1992 om barnevernstenester) relevante føringar når det gjeld rusomsorga i kommunen. For å kunne finne rette tiltak når ein vil redusere rusmiddelbruk og førebygge misbruk i kommunen, må ein skildre den aktuelle rusmiddelsituasjonen gjennom relevante aktørar knytt opp mot problem relatert til misbruk og skadeverknad. For Helseavdelinga vil det primært vere: 5.1.1 Team for psykisk helse Ein har i dag stor kjennskap til at rusmisbruk ofte er ein kompliserande del av eit sjukdomsbilete prega av psykiske problem/lidingar, der den einskilde pasienten i forsøk på sjølvmedisinering nytter legale og illegale rusmidlar. Team for psykisk helse har i stor grad kontakt med dei brukarar som har store samansett problem der rusmisbruket/sjølvmedisineringa kan vere ein hindrande faktor i behandling og rehabilitering. Team for psykisk helse er involvert i ca. 25 personar der fleire har dobbediagnose relatert til rus. Likevel veit ein at det er store mørketal, der spesielt alkoholmisbruk forsterkar/aukar problema, ikkje berre for den som er psykisk sjuk men for familien og spesielt for barna. Tverretatleg samarbeid og tidleg intervensjon vert viktig nøkkelord for å sikre at kommunen gir tilbod til desse brukarar og familien deira i samsvar med kommunehelselova. Team for psykisk helse må vere samhandlingspartnar innan helse, sosial, utteneste, skule, barnehage og yrkesliv. 5.1.2 Lækjarar I Etne kommune er det, som andre plassar i Noreg, store mørketal i høve til misbruk- spesielt av alkohol. Forsking vis at opp til 95% av misbruk ikkje er openbart ved at personen, familien eller arbeidsplassen greier å skjule det aktuelle misbruket. Konsekvensane vert likevel på sikt store, både for den einskilde personen og familien rundt. Samfunnsøkonomisk ser ein i helseavdelinga at problem relatert til rusmisbruk vert særs omfattande ( sjukemelding, trygdeordningar m.m.) Kommunehelselova gir rettingsliner for helseavdelinga sitt ansvar i høve til ein to-delt oppgåve i rusomsorga i kommunen. 1. Førebygging 2. Tiltak ved konstatert misbruk 13

I høve til barn/unge er helsestasjon viktig i diagnostisering, førebygging og behandling av rusrelatert problem. Vidare viser lækjar til BUP og tilbyr/pålegg ruskontroll i samarbeid med barnevern. Rusmisbruk blant barn og unge kan medføre omfattande og alvorlege psykiske problem og ev. kronisk psykiske lidingar I høve til vaksne er behandling av rusrelatert problem frivillig. Ein nytter særs sjeldan tvang. Berre når personen er til fare for seg sjølv eller andre kan ein som lækjar intervenere med tvang. I Etne kommune er det fleire pasientar med tunge psykiatriske diagnosar som i tillegg har eit erkjent rusmiddelproblem. Etne kommune har 4 personar i substitusjonsbehandling (Subutex ell. Metadon) Kommunen har samarbeid med Haugaland A-senter, men det er få plassar i 2. linje teneste for pasientar med dobbeldiagnose innan psykiatri og rusrelatert problem. Haugaland A- senter visiterer pasientar frå Etne kommune til fylgjande behandling innan Helse Vest: 1. Ambulant behandling på Haugaland A- senter, Haugesund 2. Gruppebehandling 3. Innleggelse i psykiatriske institusjonar 4. Behandling på andre rusinstitusjonar innan Helse vest Etne kommune står overfor utfordring i høve til delt tilvisnings ansvar mellom helseavdelinga og sosialavdelinga. Dette krev eit målretta samarbeid der dokumentasjon av sosial forhistorie, sjukdom og rusmisbruk vert særs ressurskrevjande. Kommunen har i åra som kjem eit stort ansvar i høve til generell folkeopplysning i samband med rusbruk. Likevel er det førebyggjande arbeid i høve til barn og unge noko som kommunen må vektleggje. Samarbeid mellom skule, føresette helseavdeling og sosialavdelinga må vert prioritert og ein må prioritere haldningsskapande arbeid, samstundes med at ein prioriterer eit rusfritt aktivitetstilbod for barn og unge. Likevel er det viktig at kommunen gjennom økonomisk støtte til allreie eksisterande rusfri fritidsaktivitetar for barn og unge, styrker det rusførebyggjande arbeid. I tillegg til helseavdelinga er sosialavdelinga i kommunen ein viktig aktør i høve til rusomsorg, noko ein kan syne i Rusmiddelpolitisk Plan for Etne kommune. Vidare er politietaten ein viktig samhandlingspartnar i all arbeid i høve til rusomsorg. Helseavdelinga ynskjer aktivt å involvere politietaten ikkje berre i det problemløysande arbeid, men spesielt i det førebyggjande arbeid. 5.2 MÅL FOR RUSOMSORG I ETNE KOMMUNE Etne kommune har vedtatt Alkoholpolitisk handlingsplan. Sosial- og helsedepartementet meiner likevel at alle rusmiddelpolitiske spørsmål i kommunen bør handsamast i ein heilskapleg Rusmiddelpolitisk plan. Førrebygging må i fylgje departementet vere det overordna prinsippet for all innsats på rusmiddelområdet. Jvf. ST.prp. 58 for 1997-98. OVERORDNA MÅL FOR RUSOMSORG I ETNE KOMMUNE: 1. Utvikle og vedta ein heilskapleg rusmiddelpolitisk plan som inneheld retningsliner i høve til så vel legale som illegale rusmiddel. DELMÅL 1. Førebyggje rusrelatert problem/lidingar. 14

2. Redusere skadeverknad ved alkoholbruk og heve debutalderen for bruk av alkohol 3. Redusere misbruk av cannabis, ecstasy og liknande stoffar blant ungdom 4. Auke kunnskap om sameheng mellom misbruk av ulike rusmiddel 5. Styrke negative haldningar til narkotika og misbruk av alkohol 6. Betre behandlings- etterverns- og omsorgstilbod til rusmiddelmisbrukarar 5.3 AKTUELLE ARENA Førebygging i høve til spesielle grupper (personar i risikosone personar med dobbeldiagnose) må omfatte tiltak som grenser opp mot allmennførebygging og tiltak av behandlande karakter. I samband med konkretistring av tiltak må ein i kommunen vurdere/prioritere aktuelle arena for dette arbeidet. Opplagte arena kan vere. 1. Familie og heim 2. Skule 3. Arbeidsplass 4. Fritidsarena 5.4 TILTAK FOR Å NÅ MÅLA Tiltaka for å nå måla bør sjølvsagt vert relatert til kommuneplanen sine mål og dei nasjonale måla. Tiltaka i Etne kommune kan vere: 1. Samarbeid med heim, skule og andre aktørar i høve til haldningsskapande arbeid 2. Mobilisering av frivillige krefter 3. Aktivitet frå kommune og politi 4. Initiering av langsiktig perspektiv i førebygging og behandling 5. Innsats vert retta mot risikogrupper 6. Samarbeide med frivillige organisasjonar, grupper og einskild personar i høve til behandlings- og omsorgstilbod 7. Styrking av ettervern 5.5. FØRREBYGGING Rusførebyggjande arbeid i Etne kommune står ved ein korsvei der kommune, politi, lokale aktørarar, frivillige organisasjonar og einskild personar som brenn må sette seg saman og ut frå kunnskap om lokale tilhøve og love og regler må vurdere og prioritere vidare satsing. Psykiatri og rusmisbruk er komplekse problem. Når ein person har begge problem vert konsekvensane særs store og omfattande. Kva som er utløysande faktor psykiatri eller rus-, avheng av det einskilde individet. Ein må legge til rette for førebygging både på: 1. Individnivå 2. Systemnivå Kommunen må ha ein målretta politikk i høve til førebyggande arbeid av generell karakter, men også legge til rette for omsorg for det einskilde individet. Her vert det viktig å etablere samarbeid internt i kommunen (tverretatleg samarbeid) men det vert også viktig å etablere interkommunalt samarbeid, samarbeid med offentlege etater(a-etat, politi m.m.) og samarbeid med frivillige og private organisasjonar. Samarbeidet må resultere i forpliktande avtaler av haldningsdannande karakter. Kompetanseheving vert nøkkelord. Ein må i Rusmiddelpolitisk plan gjere greie for og tidsfeste forsøks- og utviklingsarbeid. Vidare er det, for å etablere eit heilskapleg perspektiv, viktig å konkretisere samarbeid som medfører formalisert ansvarsdeling. 15

6.0 ORGANISERING AV PSYKIATRITENESTA Team for psykisk helse er organisert under helseavdelinga, med helseleiar som næraste overordna og koordinator for tenesta. Dette er ei organisering som fungerar godt, og ein ser det som ein føresetnad at den må oppretthaldast. Oppgåvene innan psykisk helsevern er mangfaldige, - frå førebyggjande arbeid til arbeid med kronisk sjuke. For å arbeide i tråd med målsettinga vil dette arbeidet også innebere mykje tilrettelegging / koordinering av tiltak, og samarbeid med andre instansar. Difor er denne organiseringa velegna. Helseavdelinga er inga særsomsorg, men er eit tilbod til heile befolkninga, med helsesyster, jordmorteneste, fysioterapiteneste og psykiatriteneste. Ein ser likevel at koordinering av psykiatritenesta vert særs viktig for å få det optimale ut av satsingsperioden, og leggje til rette for vidareføring av eit funksjons- og levedyktig tilbod innan rammene av kommuneøkonomien. Koordinator for tenesta treng tid og ressurs til -ikkje berre å fylgje opp retningsliner frå direktoratet, men til å inspirere, motivere og initiere nye tiltak og kvalitetssikre gamle tiltak vidare. Det er i dag 0,8 stilling for psykiatrisk sjukepleiar knytt til psykiatritenesta. I handlingsplanen har ein framlegg om å auke denne ressursen med 0,6 stilling for i større grad å fylle dei behov som er spesielle for Etne kommune. Dette gjeld både vaksne og barn og unge. Handlingsplanen føreset auke av ressursen til miljøarbeidar. Ein har i dag 75% stilling knyt opp mot Dagsenteret. Ein ser at for å få eit godt tilbod treng ein auka ressurs. Eit framlegg er å tilsette miljøarbeidar med tilknyting til nyetablerte bustader, men likevel som ein del av team for psykisk helse og med nært samarbeid med miljøarbeidar i Dagsenter. Vidare har ein i dag 25% miljøarbeidar knytt opp mott satsinga i høve til barn og unge. Ein miljøarbeidar som er knytt opp mot konstituert helsesyster. 16

7.0 HANDLINGSPLAN IVERKSETJING OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR Plan bruk av psykiatrimidlar: Nr. ÅB Forslag Overfør Auka Heilårsv 2006 t midlar erkn. Ligg Endring fond ta 2 007 inne 1.rapp. Unytta 2005, overført til bunde fond -171 000 Vedtatt budsjett med total kostnad, inntekt -1 845 000 Melding om auka øm.tilskot 2006-423 000 Sum øyremerka midlar 2006 inkl auke / fond -2 268 000-171 000 T.2322 Helsestasjon Psykiatri, H.3100223 15 211 122 211 122 T.2342 Dagsenter, H.3100221 10 210 094 210 094 T.2411 Delfinansiering, Ergoterapeutst. 10 40 000 40 000 T.2457 Psykisk helsevern, H.3100102 20 %, leiar H.3100220 80 %, ps.sjukepleiar H.3100222 50 %, ps.hjelpepleiar Kjøp av 4 plassar hjå ASVO + div.adm.utg. 10 13 14 15 Sum A.3100 1 300 897 839 681 839 681 1 300 897 På andre områder Sosial (393.000 v + 151.000 b&u) støttekontakt vaksne 12 393 103 150 000 Delfinansiering IR si stilling, 14 % : går ut 12 0 Miljøarb.st. 80 % 12 272 149 støttekontakt born / unge 17 151 000 73 345 Delfinansiering IR si stilling, 6 %, går ut 15 0 Sum A.3200 544 103 495 494 A.3300, tiltak i PLO (jf. pkt. nr. 1 nedenfor) 10 70 000 Sum andre ansvarsområder 565 494 Sum utgifter 1 845 000 1 866 391 100 % stilling som miljøarbeidar 340 186 80 % stilling som miljøarbeidar 272 149 Differanse 68 037 Finansiering i 2006, innafor ramma, halvårsverknad Finansiering i 2007, føreset auka overføring frå staten. 17

8.0 KONKLUSJON. Psykiatriplanen som i si tid blei godkjent av Kommunestyre og Fylkeslege har vore eit godt arbeidsreiskap. Fleire revideringar har likevel vore nødvendig for at planen kan vere eit tidsvarande verkty og ein dokumentasjon for MÅL i tenesta. 18

Ein ser likevel store utfordringar vidare for Etne Kommune, både ut frå Statlege pålegg og ut frå dei erfaringar me har i møtet med brukarane som treng dette tilbodet mest. Utfordringar som krev auke bemanning, kompetanseheving og strukturendring i den eksisterande form. Handlingsplan for psykisk helse skal vise kommunen sine mål og mot til å trygge og heve levevilkåra og livsverd for ei svært utsett gruppe og deira pårørande, samstundes som planen kan gi ein oversikt og ein føring i høve til kommunen sin handlingsvilje i høve til førebyggjande arbeid. 2005 har vore eit år med store utfordringar. Frå årsskifte 2004 var Etne ikkje lenger forsøkskommune. I tillegg har det vore stor utskifting i personalgruppa i helseavdelinga der psykiatritenesta er knytt opp i mot. Dette har sjølvsagt medført at opptrappingsarbeidet og dokumentasjonen av dette arbeidet har vore særs komplisert. Likevel aner me no eit bilete for framtida der satsingsarbeidet vert brukar- økonomi- og planstyrt. Noko som vil sikre kvaliteten på tilboda i framtida. Ein bærekraftig og realistisk handlingsplanen for psykisk helse er eit særs viktig arbeidsreiskap i vidare prioritering og satsing. Ein handlingsplan som må syne tverrfagleg og tverretatleg samarbeid i kommunen. Vedtak i kommunestyret vil forplikte kommunen i åra framover. Den reviderte Handlingsplanen syner tydeleg at kommunen vil prioritere førebyggjande arbeid. Spesielt i høve til barn og unge ser ein at tilbod og plan om tilbod har auka radikalt dei siste åra. Dette arbeidet vil vere grunnlaget for eit godt og verdig psykiatrisk tilbod i kommunen vår også når satsingsperioden vert avslutta i 2009. 19

20