Han går bort til hunden med tørkerullen og set seg på huk. Dyttar vekk snuten med albogen.



Like dokumenter
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

mmm...med SMAK på timeplanen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

I N N H O L D. Forord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kom skal vi klippe sauen

Rom ved havet, rom i byen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tor Arve Røssland. Oslo

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alt det lyse og alt det mørke

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Brannsår, rus eller friheit?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

OK, seier Hilde og låser.

Brukarrettleiing E-post lesar

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman


Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: /

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule


Informasjon til elevane

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Anne Karin Elstad. Hjem. bokklubben

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Transkript:

Heim Han har sett inn ny oppvaskkum. Metallet er blankt og han ser sitt eige spegelbilete. Han trykker inn hudfolden mellom auga da telefonen ringer. Det er systera. Toget er nesten 40 minutt forsinka. Han kan sjå gjenskinet av Janne i kjøkkenvindauget. Med handduken rundt håret ser ho framleis ut som ei ung jente. Han heller kaffi i koppen hennar i dét hunden kastar opp. Den byrjar straks å slikka i seg den raudbrune massen. Han går bort til hunden med tørkerullen og set seg på huk. Dyttar vekk snuten med albogen. Han veit at ho ikkje likar den hunden. Den burde nok helst ha budd utandørs. Han tek med hunden ut. Bind den fast i bandet. Det er ikkje naudsynt å skrape is av ruta. Det har vore ei mild natt. Han køyrer forbi jorda. Det er langt mellom husa her, og jorda ligg stiv og brun, slik han gjer mesteparten av året. Han er på togstasjonen 8 minutt før tida. Parkerer eit stykke unna inngangen. Venter i bilen. Det er eit program om nedlegging av postkontor på radioen. Han får ikkje med seg noko av det. Han låser bilen og sjekker at han er låst. Han går gjennom narvesenkiosken på veg til ventehallen. Osen frå svidt bacon blanda med noko søtleg fyllar kiosken. Han kjenner seg uvel. Han vurderer eit sekund å kjøpa ein pose seigmenn. Til guten. Men kjem på at guten berre får mat gjennom ein plastpropp i magen.

Guten sit i rullestol. Han er usikker på om han nokon gong har vorte fortalt kva slags sjukdom ungen har. Det er to år sidan sist han såg dei. Systera og guten, Einar. Kvalmen held seg. Han treng frisk luft no. Han går mot døra som opnar av seg sjølv ut mot perrongen. Den kalde lufta får han til å ombestemma seg og heller vente inne ved glasruta. Han kjenner ei smerte i den høgre armen då toga rullar inn. Han burde gå no ut, men nøler. Ser istaden på at konduktøren og ein annan passasjer hjelper dei av toget. Han går ikkje ut før ho byrjar å sjå etter han. Håret hennar verkar uflidd. Guten veivar stivt med handa, men ikkje som for å helsa. Ho smiler mot han. Ho ser sliten ut. Han gjev henne ein rask klem. Ho luktar sveitte. Godt å sjå deg, gjekk turen bra? Han ruskar guten i håret. Bøyer seg ned mot andletet hans, men auga deira møtest ikkje. Ja, det er godt å vera framme. Turen gjekk fint, men sonden til Einar gjekk tett. Det vart litt styr. Han ser på guten og på jakka hans som heng ned på den eine akselen. Systera dytter rullestolen. Han tek bagen i den eine handa og den grøne kofferten i den andre. Dei går rundt stasjonen og bort til bilen. Han lyftar guten inn i baksetet. Kroppen til guten dirrar. Den er tynn. Pass på hovudet hans. Han slår det lett. Systera tenner ein sigarett og lenar seg mot bildøra medan han spenner guten fast. Stolen er enkel å klappa saman. Den får lett plass bak i stasjonsvogna. Godt du har stor bil. Ja, må ha plass til hunden. Ho har sett seg i forsetet og grev etter noko i handveska.

Guten veivar og slår den eine handa hardt inn i ruta. Han ser at ho følgjer vegen med auga. Ser korleis dei rykkjer i takt med landskapet. Kjenner du deg att? Ho svarar han ikkje. Sjølvsagt svarar ho ikkje. Det er klårt ho kjenner seg att. Kan eg skru opp lyden? Einar vert så roleg av musikk. Ho trykker på knappane på bilstereoen. Han vert irritert av plukkinga. Det er den knappen til venstre. Eg veit då det. Guten lagar djupe gurglelyder frå baksetet og dunkar hovudet mot vindauget. Umogleg å vite kva han ser på, om han får med seg noko av det utanfor ruta. Hunden står bunde til stolpen føre huset. Den bjeffar imot bilen då dei svingar inn. Guten lagar nye lydar. Som om han hermar hunden. Han slår rundt seg meg armane. Systera har ikkje vore her etter at huset vart pussa opp. Han ser at ho syg til seg dei synlege forandringane med blikket. Så fint det har vorte. Ja, det måtte til. Det var råte i veggene. Han legg merke til at ho stirar på uthuset. Ho verkar brytt over at han ser det. Han tek kofferten ut av bagasjerommet og ber den opp trappa. Døra er ulåst og innanfor er det uvanleg varmt. Omnane må ha stått på fullt. Ute sit guten framleis fastspend i baksetet med bildøra open. Systera forsøkjer å setja opp rullestolen, som tydelegvis er enklare å leggja ned enn å slå opp. Han går bort til dei og tek stolen ut av henda hennar. Vi set den opp inne i staden. Han ber rullestolen inn i entréen og går ut for å henta guten. Han lyftar han opp og kjenner at buksa hans er fuktig bak. Guten veivar med armen og daskar han hardt i andletet så det svir på kinnet.

Han ber han inn i stova. Set han i den djupe stolen føre tvn. Vil du sjå ein film eller noko? Guten har hovudet på skakke og ser mot stovevindauget. Det renn blankt slim frå munnvika hans. Han lèt han sitja der med tvn avslege og går ut i gongen til systera. Ho strevar med å få av den eine støvletten. Glidelåsen sit fast i buksebeinet. Du burde få deg nokre betre støvlettar, slike som Janne sine. Dei er meir praktiske òg. Det verkte så naturleg å seie det. Han angrar. Systera svarar ikkje, ho pustar tungt og han fryktar ho vil velte over ende. Han kjenner at hendene er klisne etter guten. Det må vere frå den våte buksa. Det luktar stramt. Han går opp til badet i andre etasje. Han tenkjer at guten og systera får bruka toalettet og dusjen på vaskerommet nede. På badegolvet ligg ein fuktig handduk. Han hengjer den opp og vaskar hendene. Stanken går ikkje bort. Den må sitja i skjorta. På soverommet er gardinene framleis trekte for. Det luktar gammal søvn. Han har ikkje gjort noko med soverommet enno. Dyna ligg i ein krøll på Jannes side av senga. Ho sov på magen, alltid på magen, nesten heilt skjult av dyna. Han tek på ei rein skjorte, lukkar døra forsiktig og går ned. På kjøkkenet heller systera kaffi i to koppar. Eg håpar det går greitt om eg tek litt kaffi. Reknar med at du òg vil ha. Ja, takk. Føl deg som heime. Systera verkar framand i rommet, sjølvom ho har vakse opp i dette huset. Han har rive dei gamle kjøkkenskapa og sett opp nye, kvite. Han tek i mot koppen ho rekkjer han. Han har halde på dei gamle koppane.

Ho legg ei hand på akselen hans i nokre sekundar. Dei varer for lenge. Det er stille frå stova og han merkar at han lett kunne gløymt at guten eksisterer. Hunden pip utanfor og han går ut for å sleppa han inn. Bildøra står framleis open. Han grip hunden i halsbandet og kjenner at smerta i høgrearmen er tilbake. Hunden dreg han opp etter trappa og klorar mot døra. Han slepp den inn. På kjøkkenet sit systera ved kjøkkenbordet og ser ut av vindauget. Ser ho det same som guten? Han skal til å spørja om han skal bera kofferten inn på gjesterommet då guten hylar. Dei finn han liggjande på stovegolvet med hunden over seg. Hunden står med framlabbene på brystet hans og slikkar han i andletet. Guten verkar meir glad enn skremt. Han må bruka kraft for å trekkja hunden bort. Du må ikkje sleppe hunden laus! Systera løftar guten opp etter dei stive armane og set han tilbake i stolen. Det glinsar i andletet hans. Umogleg å skilja guten sitt slim i frå hunden sitt. Heile andletet er smurt inn i blank, seig væske. Guten kastar hovudet frå side til side og treffer systera i brystet med ein dunk. Ho banner og bøyer armane hans hardt bakover. Guten hylar igjen. Han dreg hunden inn på kjøkkenet. Stenger igjen skyvedøra og heller tørrfôr i matskåla. Hunden legg seg under kjøkkenbordet med eit snøft. Han har skjemd bort den hunden. I stova har tvn blitt slått på. Systera kjem inn. Ho har ein stor våt flekk midt på blusa. Ho set seg ved kjøkkenbordet på Jannes plass. Han vil ikkje at ho skal sitja der. Han har lyst til å seia at ho skal flytta seg, at Janne snart vil koma ned.

Systera pratar om alle skorne i gongen. Om at dei berre står i vegen og at det er to år sidan no. Ho sparkar lett til hunden. To år, Steinar. Det er på tide å rydda dei vekk. No stikk smerta i høgre arm heilt opp til halsen. Han tenkjer på Jannes andlet men klarer ikkje å fylla det ut. Han freistar å sjå henne for seg slik ho sat ved kjøkkenbordet. Dei smale hendene hennar rundt det kvite kruset. Jentehendene. Den grove kroppen til systera passar ikkje til stolen. Den høyrer ikkje heime her. Du, eg tenkte vi kunne bu her eit bel. Det er så vanskeleg med Einar i leilegheita. Bu her? Ja, men berre nokre månader. Det kan vere godt for oss alle trur eg. Det prikkar i fingertuppane. Systera flyt utover stolen. Som om ho smeltar. Eg veit ikkje om det er ein god plan. Eg orkar ikkje meir, Steinar. Han slit meg ut! Vi treng å koma oss ut av byen for ei stund. Du bør stelle guten. Han er våt i buksebaken. Ja. Dei bleiane held ikkje. Eg bør byte til vaksenbleier, men dei kostar så mykje. Ho gjer ingen teikn til å reisa seg. Utanfor vindauget har fire kråker samla seg rundt plastdunken med hundemat. Dei hakkar på lokket. Han burde ikkje latt den dunken stå framme slik. Den kan tiltrekkja seg rottar. Han veit det vél, den skulle ha stått i uthuset.