VEDLEGG. Nettversjon (I denne versjonen er materiale frå Sprell Levande Søndagsskulen utelatt grunne copyright-rettar). I dette vedlegget finn du:



Like dokumenter
Kva vil du lære oss, Jesus?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Brødsbrytelsen - Nattverden

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Valdres vidaregåande skule

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

I N N H O L D. Forord

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

De kastet fra seg garna, og så var de i gang, og Peter fulgte Jesus i tre år, fram til den siste påska i Jerusalem.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

S.f.faste Joh Familiemesse

Jesus har større makt enn pornografien og åndelige krefter

Livet til det lykkelige paret Howie og Becca blir snudd på hodet når deres fire år gamle sønn dør i en ulykke.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsplan for Hare November

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Preken 8. mai Søndag før pinse. Kapellan Elisabeth Lund. Joh. 16, 12-15

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

DA MIRJAM MÅTTE FLYTTE TIL KAIRO

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Ordenes makt. Første kapittel

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Preken 2. s i åp.tiden. 10. januar Kapellan Elisabeth Lund

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Preken 28. februar S i fastetiden. Kapellan Elisabeth Lund. Lesetekst: 2. Kor. 12, Prekentekst: Luk. 22, 28-34:

mmm...med SMAK på timeplanen

Kom skal vi klippe sauen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Informasjon til elevane

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Kva er økologisk matproduksjon?

Kapittel 11 Setninger

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.


SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Nokon kjem til å komme (utdrag)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Preken 6. april påskedag I Fjellhamar Kirke. Kapellan Elisabeth Lund

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

PÅSKEVANDRING PÅ SØNDAGSSKOLEN.

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Dette hellige evangelium står skrevet hos evangelisten Lukas i det 2. kapittel:

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

/

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

ImF- UNG BIBELTIMEOPPLEGG

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Transkript:

VEDLEGG Nettversjon (I denne versjonen er materiale frå Sprell Levande Søndagsskulen utelatt grunne copyright-rettar). I dette vedlegget finn du: -Drama/aktivitetsforslag til samlingane -Bilete til illustrasjon -Spørsmål til grupper etter bibeltimane -Songtekstar til forslaga til leirsong -Godnatthistoriar

Forslag til illustrasjonar/aktivitetar 1.kveld Marta og Maria: *Ting/gjenstander som kan brukast til illustrasjon: * Du kan illustrere kor viktig det er at Jesus får førsteplassen i livet ved å ta eit glas og fylle det med til dømes erter. Så skal du få plass til noko STØRRE nedi der (det kan vere ein hjartesjokolade, ein liten kross eller ein glatt og fin stein, noko som symboliserar Jesus- det viktigaste). Når glaset er fullt, får du ikkje plass til dette. Viss du derimot tar Jesus-symbolet nedi først og fyller på med erter etterpå, får Jesus den plassen han skal ha. *Bruk diverse kjøkkenutstyr som interessefanger eller til å illustrere medan du fortel historia, til dømes ei panne, ein visp, ei sleiv, ei kjevle osv. *Ta fram ein Bibel, og vis denne fram saman med nokon av kjøkkenredskapa. Kva meiner borna er det viktigaste å bruke i kvardagen? *Lek: *Gøym ein Bibel som borna skal finne. Når ein finn Bibelen skal ein sette seg ned på golvet (og bli sittande) ved Bibelen. Til slutt sitt alle der som Bibelen ligg. Bibelen er nemleg det viktigaste! *Aktivitet: *La borna lage ei liste over det som dei meiner er dei viktigaste tinga ein treng i løpet av ein vanleg dag. Dette passar kanskje best å gjere FØR du fortel historia. Kor mange hadde med Jesus/Bibelen på lista si? Samtal om dette, og bruk det som ein inngang til bibelforteljinga. *Drama: *Dramatiser historia med borna (evt fleire leiarar) på scena. Forslag til roller: Jesus Marta Maria Disiplane (så mange som trengs) Evt forteljar Forslag (i grove trekk) til framføring: -Jesus kjem gåande med disiplane sine -Dei bankar på og kjem inn til Marta og Maria -Maria set seg ned og høyrer på Jesus, som begynner å fortelje -Den som spelar Marta styrar fram og tilbake med matlaging og andre ting -Marta blir til slutt så oppgitt at ho konfronterar Jesus -Jesus svarar Marta.

Her tenker eg at det beste er om ein kan improvisere litt ift dialogen mellom dei forskjellige personane, då den ikkje står i Bibelen, bortsett frå Jesus sitt svar til Marta (som gjerne bør siterast frå Bibelen). Evt kan ein lese bibelteksten medan borna gjer det som blir sagt, men då må ein lese ganske seint, då teksten er ganske kort, slik at det blir tid til litt handling. BIBELTEKST, Luk 10, 38-42: 38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Forslag til illustrasjonar/aktivitetar 1.bibeltime Den miskunnsame samaritan + tenaren som ikkje ville tilgje: *Ting/gjenstander som kan brukast til illustrasjon: *Eit medisinskrin (Den miskunnsame samaritan) *Bandasje/plaster (Den miskunnsame samaritan) *Ein faktura/ei rekning (Tenaren som ikkje ville tilgje) *Ei kongekrone (Tenaren som ikkje ville tilgje) *Lek: *Lek «113-leken». Ein person sitt med ryggen til, medan ein anna går fram og bankar (forsiktig) på ryggen til vedkommande og spør: «113 kan du hjelpe meg?» Den som har banka på ryggen går tilbake på sin plass. Den som vart banka på ryggen skal no prøve å gjette kven som banka han på ryggen (den som bankar på ryggen har lov til å gjere seg litt til med stemma, for å gjere det litt vanskelegare for den som skal prøve å gjette). Gjenta dette så lenge som ønskelig, med stadig nye personar i rollene. *Lek sjukehus-tikken. Velg ein person som skal «ha han», dvs fange dei andre. Velg ein plass i rommet (ein krok, på scena e.l), der «sjukehuset» (Jesus) er. Den som blir tatt må legge seg ned på golvet, og ligge der heilt til 4 personer kjem og dreg han heilt bort til sjukehuset. Når den som er blitt tatt kjem inn på sjukehuset blir han fri igjen. Dei 4 som ber ein person er «fri» medan dei ber personen. Leiken er ferdig når alle ligg «skada» på golvet. Er det mange deltakarar kan det godt vere fleire som skal fange. *Aktivitet: *Lat borna få legge bandasje på kvarandre, evt sette plaster på kvarandre. *Drama: Den miskunnsame samaritan *Drama som kan framførast i som dialog mellom to personar (leiarar) eller som dukkedrama med to dukker (framførast i etterkant av at likninga er fortalt). 1: Ja, det der var jo ei flott historie! Jammen var det bra at han samaritanaren hjelpte han, når han hadde det så ondt! Men, du, eg veit ikkje heilt om eg skjønte det som han/ho talaren sa..det om at vi skal vere snille med alle..til og med med de som vi IKKJE likar. Kva betyr det egentlig? Er det ikkje berre de som blir slått ned og rana vi må vera snille med?

2: Nei, Jesus han vil at vi skal vera snille med ALLE, HEILE TIDA! Til og med med de som vi ikkje likar! Han derre samaritanaren og han som blei slått ned var jo egentlig uvenner, men likevel så hjelpte samaritanaren han.. 1: Ok, greit nok det.. men eg kjenner jo ingen samaritanarar..kven skal eg vera snill med då? 2: Du kan vera snill med de andre som er på denne leiren! Kanskje du kan ha som mål at på denne leiren, så skal eg ikkje sei ein einaste stygg ting til nokon andre? 1: Ikkje NOKO stygt? Litt småmobbing er jo berre litt morsomt? 2: Nei, det er ikkje det for den som du seier det til. På leir så er faktisk det å sei noko stygt til andre det verste du kan gjera. Det er verre det enn å knuse ei ruta med fotballen. 1: Seriøst? 2: Ja, ei ruta går det an å kjøpa ny, men viss du mobbar nokon så kan det henda at de blir så lei seg at de aldri kjem på leir igjen! 1: Oi, det vil eg prøve å tenke på på denne leiren! Kanskje vi skal prøve på det ALLE sammen (snur seg mot forsamlinga): -at ingen av oss seier noko stygt til nokon andre på denne leiren? -og at alle får vera med i gjengen og ingen blir holdt utanfor? (Spør opp igjen til responsen vert bra) Flott, då trur eg vi skal få ein kjempegøy leir i lag. Og veit du kva: eg lærte noko kjempelurt av mamma ein gong ho sa det at viss ikkje du har noko FINT å sei til nokon, så er det bedre at du ikkje seier noko i det heile tatt! Kjempelurt: viss vi har noko fint å sei, så seier vi det. Viss vi har noko stygt vi har lyst å sei, så kan vi berre la vere å sei det! 2: Veldig bra. Då foreslår eg at vi lagar ein regel som vi brukar på denne leiren: Det du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot dei Kjelde: Skreve av Bjarte Vesetvik

Tenaren som ikkje ville tilgje (Magnus og pappa Per) Drama med to personar, framme på scena. Setting: Pappa Per sitter og leser avisen, og Magnus kommer løpende inn og setter seg ved PC-en og begynner å lete fram et dokument. Pappa Per ser etter hvert opp fra avisen og titter undrende på ham. Magnus: (Snakker til seg selv) Ja, her var mappen. Skal vi se, det var Trine én gang og Truls to ganger. Da var det bare 450 ganger igjen på Trine og 390 ganger igjen på Truls. Yes, det nærmer seg slutten. Riktig nok ikke med stormskritt, men det nærmer seg. Hvis jeg tilgir de hver dag resten av året så blir det snart bare måneder igjen å snakke om og da (Blir avbrutt av Pappa Per) Pappa Per: Hva er det du driver med? Hva er det du må tilgi? Magnus: Trine lånte sykkelen min uten å spørre og Truls tok den radiostyrtebilen min med seg til hytta uten å spørre og han har sikkert tenkt å bruke den og, derfor kan jeg skrive opp to ganger på ham. Pappa Per: To ganger? Skrive opp? Skjønner ikke hva du mener. Skal du skrive ned alle de gangene du tilgir søsknene dine? Magnus: Ja pappa. Det er genialt! Så om ca 1 1/2 år, la oss si 2, så kan de ikke plage meg, ta tingene mine eller slå med uten en sinnsyk straff. Da har de nemlig brukt opp tilgivelseskvoten. Pappa Per: Du, det der er en særdeles dårlig idé. Magnus: Dårlig idé? Det er helt genialt. Det er faktisk Jesus som kom med idéen først. En av disiplene spurte faktisk Jesus hvor mange ganger han måtte tilgi broren sin og Jesus svarte sytti ganger sju og det er 490 ganger. Pappa Per: Din bestemor sa alltid til meg at på samme måte som Jesus ikke teller gangene han tilgir meg skal jeg heller ikke telle gangene jeg tilgir andre. Magnus: Ja, men Kjelde: ukjent..

Forslag til illustrasjonar/aktivitetar 2.kveld Den lame mannen og dei 4 vennenne hans: *Ting/gjenstander som kan brukast til illustrasjon: *Ein takstein/bilete av ein takstein *Legohus med opning i taket *Ei båre/bilete av ei båre *Eit tau *Aktivitet: *Lag ei bønnebåre. Bruk stoff og to pinnar til å lage ei båre, eller teikn ei båre på eit stort papir. Skriv namn på personar ein vil be for på båra. Når vi ber for andre så bærer vi dei til Jesus! *Drama: Drama til «Den lame» kan du finne i Sprell Levende, Vår 2014,Søndagsskolen Norge.

Forslag til illustrasjonar/aktivitetar 2.bibeltime Den bortkomne son + bygg huset på fjell: *Ting/gjenstander som kan brukast til illustrasjon: *Ein gris (figur, bamse, bilete) *Noko råtten mat *Ein murstein *Litt sand *Aktivitet: *Bygg hus med lego. Prøv å bygge så stort som mulig, og på ulike underlag. *Lek: *Leik «Full storm». Denne er identisk med «fruktsalat» berre at deltakarane er for eksempel regn, snø, vind og hagl i staden for fruktsortar. Fruktsalat = full storm. *Drama: Den bortkomne son Dette dramaet passar rett etter likninga om den bortkomne sonen. Kan framførast av to aktørar på scena, eller som dukketeater med to dukker. Aktørane bør vera utkledde, gjerne litt barnslig, då dramaet tek opp spørsmål frå likninga i ein litt barnslig tone. Tekst: 1: Oi, det var ein spennande historie, du.. 2: Kva var det som var så spennande med denne historen her, då? 1: Jo, veit du kva, eg var sikker på at når han sønnen som hadde reist kom heim igjen, då ville faren bli kjempesint. Eg satt nesten å gleda meg til å få høyra om ein skikkelig slosskamp..men det skjedde jo ikkje! Eg vart nesten litt skuffa.. 2: Ja, det vart du vel..men veit du kva, eg syntes det var kjempeflott det som skjedde. Og så var det kjempeflott at sånn som han faren var, sånn er faktisk Gud og! Gud han er så glad i oss at det er ingenting vi kan gjera som er så gale at han ikkje vil ha oss lenger. 1: Ja, eg hørte at han/ho talaren så det..men er det heilt sant? Er det ingenting eg kan gjera som er så gale at Gud ikkje vil at eg skal vera hans barn? 2: Nei, det er det faktisk ikkje. Og det gjelder faktisk for ALLE dokke som sitt der nede i salen og. Uansett om dokke har gjort dumme ting, eller om dokke aldri har trudd på Gud før, så ønsker Gud inderlig at dokke skal komma til han.

1: Ja, for det er vel sant det talaren sa, at Gud står faktisk og speider etter ALLE som er komt vekk frå han. 2: Ja, det ER sant! Gud ønsker at ALLE skal bli hans barn! Kjelde: Skreve av Bjarte Vesetvik

*Bygg huset på fjell Drama til «Bygg huset på fjell» kan du finne i Sprell Levende, pakke 4 2010, Søndagsskulen Norge.

Bilete til illustrasjon

Spørsmål til 1.bibeltime med svarforslag Har du fulgt med? 1. Hugsar du kva ei likning er for noko? Ei historie som Jesus fortalde for å lære menneska noko. 2. Kva skjedde med han mannen som skulle reise frå Jerusalem til Jericho? Han vart overfalt av røvarar. 3. Kva vart denne mannen kalla, og kvifor? Samaritanar, fordi han var ifrå eit område som vart kalla Samaria. 4. Kor mange personar gjekk forbi han som var skada? To, presten og levitten. 5. Kven hjelpte mannen som var skada? Samaritanaren 6. Kor mange gongar trudde Peter at han kunne klare å tilgje ein annan peson? 7 gongar. 7. Kor mange gongar sa Jesus at han skulle tilgje? 7 x7 = 490 gongar. 490 var eit bilete på at Peter aldri skulle slutte å tilgje. 8. Kor mykje skulda tenaren kongen i den andre likninga frå bibeltimen? 10 000 talenter, 60 mrd kroner. 9. Kva gjorde kongen når tenaren ikkje kunne betale gjelda? Han ettergav heile gjelda. 10. Kva gjorde så denne tenaren mot den andre tenaren som skulda han pengar? Sette han i fengsel fordi han ikkje kunne betale. Til samtale 1. Synes du det er vanskeleg å vere snill mot personar du ikkje likar? 2. Kven er det vanskelegast å vere snill med? Kvifor? Dette er veldig aktuelle spørsmål å samtale med borna om, då dette er noko dei står midt oppi både på skulen, på leir og i andre settingar. Dei fleste er nok greie med pesonar som dei likar, medan dei gjerne ikkje så ofte tenker over korleis dei behandlar personar dei ikkje likar. 3. Synes du det er vanskeleg å tilgje andre som har gjort urett mot deg? 4. Skal vi alltid prøve å tilgje? Svaret på dette tenker eg er JA. Men det er viktig å få fram at dette betyr ikkje at den som har utøvd urett ikkje må ta konsekvensane av det. Viss du tilgjev ein som drepte ein venn av deg så må likevel den personen gå i fengsel for det som han har gjort.

Spørsmål til 1.bibeltime Har du fulgt med? 1. Hugsar du kva ei likning er for noko? 2. Kva skjedde med han mannen som skulle reise frå Jerusalem til Jericho? 3. Kva vart denne mannen kalla, og kvifor? 4. Kor mange personar gjekk forbi han som var skada? 5. Kven hjelpte mannen som var skada? 6. Kor mange gongar trudde Peter at han kunne klare å tilgje ein annan peson? 7. Kor mange gongar sa Jesus at han skulle tilgje? 8. Kor mykje skulda tenaren kongen i den andre likninga frå bibeltimen? 9. Kva gjorde kongen når tenaren ikkje kunne betale gjelda? 10. Kva gjorde så denne tenaren mot den andre tenaren som skulda han pengar? Til samtale 1. Synes du det er vanskeleg å vere snill mot personar du ikkje likar? 2. Kven er det vanskelegast å vere snill med? Kvifor? 3. Synes du det er vanskeleg å tilgje andre som har gjort urett mot deg? 4. Skal vi alltid prøve å tilgje?

Spørsmål til 2.bibeltime med svarforslag Har du fulgt med? 1. Hugsar du kva ei arv var for noko? Verdiar som vi får etter at nokon vi er i slekt med eller kjenner godt er død. 2. Kva brukte den eine sonen arva som han fekk til? Han festa og levde eit utsvevande liv. 3. Kva skjedde då sonen gjekk tom for pengar? Han mista vennanne sine, og måtte begynne å gjete grisar. Så bestemte han seg for å reise heim att til faren sin. 4. Kva skjedde då sonen kom heim att til faren? Faren tok han tilbake med glede, og tilgav han det dumme han hadde gjort. 5. Kven var faren og sonen eit bilete på i likninga? Faren=Gud, sonen=vi menneske. 6. Kva skulle likninga lære oss? At Gud alltid tilgjev oss og vil at vi skal kome til han, akkurat slik som faren tilgav sonen i likninga. 7. Kva for to underlag bygde dei to mennenne hus på i den andre likninga frå bibeltimen? Fjell og sand. 8. Kva skjedde med dei to husa då regnet kom? Det som var bygd på sand raste saman, medan det som var bygd på fjell vart ståande. 9. Kva betyr det å «bygge livet sitt på Jesus»? Å tru på Jesus, og å prøve å leve slik som Jesus seier i Bibelen at vi skal leve. Til samtale 1. Trur du at Gud alltid tilgjev? Eller trur du at det er mogleg å gjere så mykje gale at Gud ikkje vil ha noko med deg å gjere? Gud sluttar aldri å tilgje. Gud har ikkje eit beger som til slutt blir fullt, og så er det ikkje meir tilgjeving å få. Gud tilgjev alle som har eit oppriktig ønske om tilgjeving. 2. Mange trur at det berre er dei snille og perfekte som kan få lov til å vere kristne. Kva tenker du om det etter å ha høyrt likninga om den bortkomne sonen? Var han feilfri? 3. Trur du at dei som er kristne aldri opplever vanskelege ting? Kva lærte likninga om dei to husa oss om det? Kristne opplever jevnt over dei same vanskane som dei som ikkje er kristne. Men dei som trur på Jesus har ein som kan hjelpe viss ting vert vanskeleg.

Spørsmål til 2.bibeltime Har du fulgt med? 1. Hugsar du kva ei arv var for noko? 2. Kva brukte den eine sonen arva som han fekk til? 3. Kva skjedde då sonen gjekk tom for pengar? 4. Kva skjedde då sonen kom heim att til faren? 5. Kven var faren og sonen eit bilete på i likninga? 6. Kva skulle likninga lære oss? 7. Kva for to underlag bygde dei to mennenne hus på i den andre likninga frå bibeltimen? 8. Kva skjedde med dei to husa då regnet kom? 9. Kva betyr det å «bygge livet sitt på Jesus»? Til samtale 1. Trur du at Gud alltid tilgjev? Eller trur du at det er mogleg å gjere så mykje gale at Gud ikkje vil ha noko med deg å gjere? 2. Mange trur at det berre er dei snille og perfekte som kan få lov til å vere kristne. Kva tenker du om det etter å ha høyrt likninga om den bortkomne sonen? Var han feilfri? 3. Trur du at dei som er kristne aldri opplever vanskelege ting? Kva lærte likninga om dei to husa oss om det?

Tekstar til songane som er leirsongforslag Det står så mykje fint i Bibelen 1 Det står så mykje fint i Bibelen om Frelsaren, ja, Jesus er hans namn. Dei sjuke gav han hjelp og folket mat, og barna tok han ømt inn i sin famn. Kor: Jesus sa: Kom til meg, eg er den sanne veg, ingen skal få leie barna vill! Høyr hans ord: Kom til meg, ingen skal hindre deg, for Guds rike høyrer slike til! 2 Sjølv om vi lever i ei anna tid er Jesus like verkeleg for meg. Han er no framleis barnas gode ven, så lat han no få kome inn til deg! Den gyldne regel 1 Det er mange som vil gi oss gode råd Ber oss å unngå, feilene de har begått Jeg vil heller sjekke de ord som Jesus sa Her er det rådet som han gav: Kor: Vil du at livet skal gå din vei, bør du følge denne regel "Det du vil andre skal gjøre mot deg, det skal du gjøre mot dem" Ja, denne gyldne regelen er forståelig og enkel Lev etter den, så blir livet veldig bra! 2 Dette rådet fikk vi av vår storebror Han som gir oss, viktige og gode ord Derfor vil jeg følge de rådene han ga Og huske på hva Jesus sa:

Godnatthistoriar Bruk: Kan brukast som godnatthistoriar på kveldssamling, evt på rommet etter leggetid. Kan òg brukast som tips og inspirasjon til formidling på bibelsamlingane. Kjelde: Boka «Fortell oss om Jesus» Sambåndet Forlag