Ullensvang herad Eldrerådet Møteprotokoll Møtedato: 20.03.2014 Møtetid: Kl. 13:15 14:45 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 001/14-008/14 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Eli Johanne Hope H Varamedlem kunne ikkje stille Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Leiar Kåre Ystanes Frå adm. møtte: Leiar for helse og velferd Torbjørn Reisæter Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Rådet tar sikte på å starte neste møte kl 14:30, i staden for kl 13:15 Underskrifter: Kåre Ystanes Sjur K. Jaastad Harald Gjernes Ingvild Hauso
Sakliste Sak nr. Saktittel 001/14 Godkjenning av møtebok 28.11.2013 002/14 Hauso skule - Finansiering av nytt ventilasjonsanlegg/varmeanlegg 003/14 Legatrekneskap 2013 004/14 Gebyrregulativ for Ullensvang herad - framlegg til endring og utviding av gebyrregulativ 005/14 Frilufts- og idrettsplan for 2015-2025 006/14 Kollektivstrategi for Hordaland - Høyring 007/14 Økonomisk oppfylgjing av Regional plan for Hardangervidda - Handlingsprogram for 2013-2016 008/14 Årsmøte for Ullensvang Frivilligsentral
001/14: Godkjenning av møtebok 28.11.2013 Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke ER-001/14 VEDTAK: Møteboka vart godkjent slik ho låg føre. 002/14: Hauso skule - Finansiering av nytt ventilasjonsanlegg/varmeanlegg Formannskapet aukar løyvinga med kr 1.7 millionar til nytt ventilasjonsanlegg og varmestyringsanlegg på Hauso skule. Finansieringa vert gjort med låneopptak i 2014. Framlegg frå Eldrerådet: Eldrerådet ser fordelar med å få til eit prosjekt med vassboren varme, med ei innsparingar det kan gje på energiforbruk og miljø, og ber rådmannen sjå nærare på kostnadsoverslaget for om mogleg realisera dette. Framlegg frå Eldrerådet var samrøystes tilrådd. ER-002/14 TILRÅDING: Eldrerådet ser fordelar med å få til eit prosjekt med vassboren varme, med ei innsparingar det kan gje på energiforbruk og miljø, og ber rådmannen sjå nærare på kostnadsoverslaget for om mogleg realisera dette.
003/14: Legatrekneskap 2013 Formannskapet som styre for dei fire legata godkjenner dei framlagde rekneskapane og årsmeldingane. Legata skal oppretthaldast og drivast vidare. Tilleggsframlegg frå Eldrerådet: Eldrerådet meiner ein kan få større avkasting ved å plassera ein større del av fonda i ihendehavarobligasjonar. Rådmannen sitt framlegg med tilleggsframlegg frå Eldrerådet vart samrøystes tilrådd. ER-003/14 TILRÅDING: Formannskapet som styre for dei fire legata godkjenner dei framlagde rekneskapane og årsmeldingane. Legata skal oppretthaldast og drivast vidare. Eldrerådet meiner ein kan få større avkasting ved å plassera ein større del av fonda i ihendehavarobligasjonar. 004/14: Gebyrregulativ for Ullensvang herad - framlegg til endring og utviding av gebyrregulativ Formannskapet vedtek å leggja gebyrregulativ med forskrifter ut på høyring. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. ER-004/14 TILRÅDING: Formannskapet vedtek å leggja gebyrregulativ med forskrifter ut på høyring.
005/14: Frilufts- og idrettsplan for 2015-2025 Formannskapet set ned prosjektgruppe for vidare arbeid med Plan for idrett og friluftsliv 2015-2025. Prosjekt gruppa vil i tillegg til 3 representantar frå idrett og friluftsorganisasjonar og ha med seg deltakarar frå relevante fagmiljø frå heradet, som rådmannen peiker ut. Rådmannen peikar ut leiar av gruppa. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. ER-005/14 TILRÅDING: Formannskapet set ned prosjektgruppe for vidare arbeid med Plan for idrett og friluftsliv, med ein 4-årig handlingsplan. Planen får status som kommunedelplan etter pbl 11-2. Prosjekt gruppa vil i tillegg til 3 representantar frå idrett og friluftsorganisasjonar og ha med seg deltakarar frå relevante fagmiljø frå heradet, som rådmannen peiker ut. Rådmannen peikar ut leiar av gruppa. 006/14: Kollektivstrategi for Hordaland - Høyring Rådmannen tilrår vedtak i samsvar med Hardangerrådet sitt framlegg til vedtak: Ullensvang herad er i hovudsak samd i den strukturen, dei tema og dei klare føringane i Høyringsdokumentet om Kollektivstrategien for Hordaland legg opp til og har slike merknader: 1. Ullensvang herad ser det nødvendige i den tydeleg vinklinga over til meir kollektivtrafikk og til bilreduksjon i Bergensregionen. Ullensvang herad forventar då at me som kjem frå distrikta utanfor Bergensregionen får gode «Park-and-Ride» tilbod og at dette vert teke med i Kollektivstrategien. 2. Ullensvang herad ser det som svært positivt at Kollektivstrategien tek mål av seg å gjennomføra mange gode tiltak som til dømes utsjånad på trafikk-knutepunkt, informasjonssystem, billettering, effektiv køyretid/framkomst og miljøperspektivet. Dette er til stor fordel også for distrikta og Ullensvang herad forventar at slike goder også vert tilført distriktet utanfor Bergensområdet.
3. Ullensvang herad meiner at Kollektivstrategien også må vera tydelege for Hordaland Hovudliner når det gjeld rutefrekvens, for korrespondanse og natt-tilbod. Strategien må talfesta eit minimum bussruter slik det er i Hardanger i dag. Tog, båtar, ferjer og bussar må ha god korrespondanse, og det må vera to ferjer og nattferje Jondal-Tørrvikbygd. Ullensvang herad kan også tenkja seg ein tydleg servicegaranti om skyss om korrespondansen sviktar. 4. Ullensvang herad er usamd i setninga Kollektivstrategien at «Grunntilbodet i kollektivtrafikken i distriktet er den lovpålagde skuleskyssen». Distrikta i Hordaland treng også tidlegruter, seinruter og nattruter og då må dette gå fram av Kollektivstrategien. Dersom ein med skuleruter meiner at rutene ikkje går når det er skuleferie, så er dette uheldig for kollektivbrukarane. Ullensvang herad føreslår at ordet «skuleruter» går ut av Kollektivstrategien og at kapittelet om dette vert omskrive til meir forpliktande tilbod for distrikta. 5. Ullensvang herad viser til at Skyss vil i vurdere fleksible løysingar for kollektivtrafikken, med mindre køyretøy og behovsbasert køyring i distriktet. Utprøvinga av bestillingstransport på materuter bør utvidast også til Hardanger. Framlegg frå Sjur K Jaastad nytt punkt 3. 3. Ullensvang herad meiner at fylkeskommunen/skyss sitt ansvar for å gje alle innbyggjarane i Hordaland eit tenleg kollektivtilbod i større grad må leggjast til grunn og vere tydeleg i planen. Innbyggjarane som ikkje er busette langs hovudlinene, må sikrast god tilknytning til desse. Planen må talfeste eit minimum av buss og ferjeruter ut frå slik det er i Hardanger i dag. Trekantsambandet Kvanndal Utne Kinsarvik må ha to ferjer som i dag og siste avgang Kvanndal Utne klokka 23:00. Dette for å sikra korrespondanse med tog frå Oslo og buss frå Bergen. Det må vera nattferje Jondal Tørvikbygd. Hardangerådet iks kan også tenkja seg ein tydeleg servicegaranti om korrepondansen sviktar. Rådmannen sitt framlegg med endringsframlegg frå Eldrerådet vart samrøystes tilrådd. ER-006/14 TILRÅDING: Ullensvang herad er i hovudsak samd i den strukturen, dei tema og dei klare føringane i Høyringsdokumentet om Kollektivstrategien for Hordaland legg opp til og har slike merknader: 1. Ullensvang herad ser det nødvendige i den tydeleg vinklinga over til meir kollektivtrafikk og til bilreduksjon i Bergensregionen. Ullensvang herad forventar då at me som kjem frå distrikta utanfor Bergensregionen får gode «Park-and-Ride» tilbod og at dette vert teke med i Kollektivstrategien. 2. Ullensvang herad ser det som svært positivt at Kollektivstrategien tek mål av seg å gjennomføra mange gode tiltak som til dømes utsjånad på trafikk-knutepunkt, informasjonssystem, billettering, effektiv køyretid/framkomst og miljøperspektivet. Dette er til stor fordel også for distrikta og Ullensvang herad forventar at slike goder også vert tilført distriktet utanfor Bergensområdet.
3. Ullensvang herad meiner at fylkeskommunen/skyss sitt ansvar for å gje alle innbyggjarane i Hordaland eit tenleg kollektivtilbod i større grad må leggjast til grunn og vere tydeleg i planen. Innbyggjarane som ikkje er busette langs hovudlinene, må sikrast god tilknytning til desse. Planen må talfeste eit minimum av buss og ferjeruter ut frå slik det er i Hardanger i dag. Trekantsambandet Kvanndal Utne Kinsarvik må ha to ferjer som i dag og siste avgang Kvanndal Utne klokka 23:00. Dette for å sikra korrespondanse med tog frå Oslo og buss frå Bergen. Det må vera nattferje Jondal Tørvikbygd. Hardangerådet iks kan også tenkja seg ein tydeleg servicegaranti om korrepondansen sviktar. 4. Ullensvang herad er usamd i setninga Kollektivstrategien at «Grunntilbodet i kollektivtrafikken i distriktet er den lovpålagde skuleskyssen». Distrikta i Hordaland treng også tidlegruter, seinruter og nattruter og då må dette gå fram av Kollektivstrategien. Dersom ein med skuleruter meiner at rutene ikkje går når det er skuleferie, så er dette uheldig for kollektivbrukarane. Ullensvang herad føreslår at ordet «skuleruter» går ut av Kollektivstrategien og at kapittelet om dette vert omskrive til meir forpliktande tilbod for distrikta. 5. Ullensvang herad viser til at Skyss vil i vurdere fleksible løysingar for kollektivtrafikken, med mindre køyretøy og behovsbasert køyring i distriktet. Utprøvinga av bestillingstransport på materuter bør utvidast også til Hardanger. 007/14: Økonomisk oppfylgjing av Regional plan for Hardangervidda - Handlingsprogram for 2013-2016 Formannskapet ønskjer at Regional plan for Hardangervidda Handlingsprogram for 2013-2016 blir realisert og løyver kroner 34 000, etter oppmoding frå Buskerud fylkeskommune. Løyvinga skal kome frå fond merka NU-avdeling. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. ER-007/14 TILRÅDING: Formannskapet ønskjer at Regional plan for Hardangervidda Handlingsprogram for 2013-2016 blir realisert og løyver kroner 34 000, etter oppmoding frå Buskerud fylkeskommune. Løyvinga skal kome frå fond merka NU-avdeling.
008/14: Årsmøte for Ullensvang Frivilligsentral Saka vert lagt fram utan tilråding. Tilleggsframlegg frå Eldrerådet: Eldrerådet gjorde i si tid framlegg om å starte opp arbeidet med Frivilligsentral, og er glad for Frivilligsentralen no er kome i gang. Rådmannen sitt framlegg med tilleggsframlegg frå Eldrerådet vart samrøystes tilrådd. ER-008/14 TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding. Eldrerådet gjorde i si tid framlegg om å starte opp arbeidet med Frivilligsentral, og er glad for at Frivilligsentralen no er kome i gang.
9