www.oystese.no Fulldistribusjon



Like dokumenter
Brukarrettleiing E-post lesar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE


Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

6. trinn. Veke 24 Navn:

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Månadsbrev for ROSA mars 2015


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Logo Brukarrettleiing

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Informasjon til elevane

Jon Fosse. For seint. Libretto

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

«Ny Giv» med gjetarhund

Teamarbeid og teambuilding

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Brukarundersøking Bibliotek. Resultat

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Brukarrettleiing. epolitiker

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Informasjonshefte Tuv barnehage

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Bruk av reiserekning i Agresso

Kom skal vi klippe sauen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Transkript:

Fulldistribusjon Seinsommar www.oystese.no Botnen 2 Nytt bilsenter ved ØMV 5 Eit kunst- og kultursenter i A-klassen 7 Møblar til sals i Øystese 9 Spis i Hardangersenteret 11 Ein fredeleg plett

ØystesePosten Nytt bilsenter ved ØMV opnar 22. september opnar ØMV det nye store bygget sitt med brask og bram, og uslåelege tilbod. Det vert ei stor utviding i høve til 22.september det som står i dag. Det nye bygget har i alt 800 kvadratmeter grunnflate. Og med ei delvis utnytta andre høgd, vert totalutvidinga på 1100 kvadratmeter. Ny bilverkstad Bilverkstaden skal ned i det nye og tidsmessige bygget, og det vert i tillegg investert i ein del nytt utstyr. Det gjer at kapasiteten aukar ein del, noko både dei tilsette og kundane kjem til å merka. - Det vert ljost, luftigt og trivelege lokale med premium standard, og det har alt det Ford krev. Me får installert det fyrste og einaste tredimensjonale forstillingsapparat i Hardanger. Me får og testgate, der forstilling og støytdemparar vert testa. Me har spesialisert oss på forstilling for å fylgja med i tida. Moderne bilar har breidare dekk, noko som krev meir nøyaktig innstilling. Sidan me er tilknytt Bosh-kjeda får me oppdateringar på dei fleste bilmerke, slik at me er i stand til å ta oss av det meste. Me lagar og til ein inspeksjonshall, rein og fin med flislagt golv. Der kan kundane sjå over bilen både inni og under i lag med verkstadformannen, fortel Leif Gjerde Ny bilutstilling Det var ei stund meininga at båtane og motorsyklane skulle flytta inn i gamleverkstaden men det vert det ikkje noko av. På grunn av auka kapasitet på verkstaden, har dei i staden satsa på agenturet på Suzuki. - Valet fall på Suzuki fordi dei har eit konsept som utfyller det me har i dag. Dei har få modellar som konkurrerar med Ford. No får me òg god plass i utstillingshallen til fleire modellar. Dessutan er det alt ein del folk i bygda som har kjøpt dette merket, og dei vil no kunna få betre service hjå oss. Me er hovudforhandlar, rett under hovudkontoret i Oslo, og er autoriserte til å ta alt garanti- og servicearbeid. Difor har me og dei vanlegaste slitedelene på lager. Suzuki er den bilen med firhjulstrekk som har hatt mest framgang her i landet. Firhjulstrekk har vorte stadig meir populært, og det er det som er varemerket til Suzuki. Dei har og eit stort modellutval, frå heilt små til store bilar, og ligg i eit forholdsvis lågt prislege, fortel Gjerde. Her finn du alt Så med det nye agenturet vil dei aller fleste finna ein bil som passar hjå ØMV i Øystese. - Me har no alt frå store amerikanske Fordar registrert som lastebil, dei meste kjøpte varebilane i Europa og Ford personbilar, som er dei mest komfortable på marknaden, til Suzuki firhjulstrekkjarar i alle storleikar, fortel ein fornøgd Leif Gjerde. Deler av gamleverkstaden skal nyttast til klargjering av bilar, og resten skal brukast til ei utviding av bensinstasjonen på sikt. Under opninga lovar han gode tilbod på dekk og kontroll og justering av forstilling. Det vil og verta behagelege prisar på ein del bruktbilar. Hallvar Soldal, Thorvald Langeland, Leif Gjerde, Helge Fosso, Kjell-Henning Berge og Jostein Solberg ynskjer alle velkomne til den nye flislagde og romslege utstillingshallen. Verneutstyr Arbeidsklær MYKJE MEIR ENN MALING! GARDINER Vi har også stort utval av det du treng for å gjera det trivelig i heim og hytte! GARDINuTsTYR sengetøy M.M. TAPET GOLVBELEGG LAMINAT PARKETT Vernesko Hjelm Høyrselsvern Vernebriller Arbeidsklé Arbeidsett 560,- Kjeledress 398,- Regnsett 539,- - LYTT TIL ERFARNE FAGFOLK NORHEIMSUND FARGEHANDEL AS Tlf.: 56 55 17 33 Fax.: 56 55 21 46

ØystesePosten SKARPEN Bunadsbua og Bunadsutstyr Tlf.: 56 55 55 26 Salg! Grill Brendrup 3205 S 6.265,- Brendrup 3205 TB 13.830,- Byggmeister PER AUGESTAD A/S www.peraugestad.no 5620 Tørvikbygd E-post: per.augstad@c2i.net Tlf. 56 55 28 70 Mob.: 950 59 910 Fax 56 55 28 71 Me utfører: Byggjing 3D-teikning Prosjektering Søknad Sal av byggjevarer Forhandlar av Mesterhus www.mesterhus.no Duo-Elegance Før 1490,- No 1.000,- Grasklyppar Viking MB 455 Før 4000,- 3.200,- Levegg 1.400,- Leikestativ Putekasse 298,- 1.400,- Daglegvarer Jarnvarer Gullsmed Damekonfeksjon Bank Kafe Galleri Bokhandel Gåveforretning Blomsterhandel Velkomen til ein hyggjeleg handel Sunt bondevett for alle www.fk.no KVAM FRUKTLAGER P/L, 5610 ØYSTESE Tlf.: 56 55 50 48 Opningstider: Man, tysd, onsd: 08.0-16.0 Fred: 08.00-16.0 Torsd: 08.0-17.0 Laurdag 9.00-14.00 STATOIL SERVICE ØYSTESE Velkomen innom! www.panoramagruppen.no Fritt verkstadval - fritt val av deler Lyng Caluna 4 stk. for 99,- Som bileigar har du rett til å velja fritt mellom verkstader og deler når bilen din treng service eller reparasjon - også i garantitida. Frittståande verkstader gir deg like god kvalitet på service og deler - ofte til ein lågare pris. Kontakt Sigurd for timebestilling: Tlf.: 56 55 56 05 når du er litt ute å kjøre Mob. 907 84 004 Tlf.56 55 56 44

ØystesePosten Rideskulen startar 29. august. Det vert óg helgekurs framover hausten. Sjå www.borvegard.no 5604 Øystese - tlf. 56 55 01 00 w w w. k l e p p e b o r d. c o m Takstingeniør Helge Fjellro Taksering av tomter, bustad-, fritids-, og næringseigedomar Lokale takstmenn kjenner lokale forhold Vavollen 108-5610 Øystese Tlf. 56 55 61 30 Mobil: 411 40 500 Privat: 56 55 50 90 helge.fjellro@kvamnet.no Hardanger rekneskap autorisert rekneskapskontor sjusetevg. 27 5610 Øystese Tlf. 56 55 34 40 Faks: 56 55 34 41 e-post: firmapost@ hardanger-rekneskap.no Rekneskap, løn, fakturering, skatt og årsoppgjer. sokkar, Ullundertøy, sengetøy alt til forbrukarvenlege prisar! Velkomen innom! Timetinging: Privat: 56 55 51 58 Mobil: 907 45 011 HEALING Healer Kari Laupsa Borge Nybygg og reparasjonar Byggmeister Magnar TVeIT as Sal av trelast/byggevarer Tlf. 56 55 83 02 Mob. 97 71 70 38 magntve@online.no 5620 Tørvikbygd - Utsalget Tlf. 56 55 62 60 Kontoradresse: Kyrkjebø 5610 Øystese Postboks 123 5604 Øystese Tlf. 56 55 61 61 Mob. 90 03 84 84 F orleng utesesongen med terasse varmar! m/kvarts halogen varme og behagleg lys Beha infraovn 1000 W kr. 348,- Me utfører el. sjekk Kontrollerer ditt elektriske anlegg for farlege feil og manglar } 1300 W kr. 3150,- 750 W kr. 1090,- Skift til automatsikringar Gode prisar på renovering av sikringsskap.

ØystesePosten Eit kunst- og kultursenter i A-klassen Knut Markhus er tydeleg stolt av at bygdene her har fått tildelt tusenårsstaden i Hordaland. Han er sjef for innhaldet i huset, og har stor tru på at Tusenårsstaden vil visa seg å vera ei svært god investering for framtida. - Huset skal ha store ambisjonar. Det skal verta ei kunst- og kultursenter som samlar folk frå inn- og utland. Dersom Tusenårsstaden vert ein suksess og ei solskinshistorie vil det dra eit mykje folk hertil, som óg vil nytta seg av andre tilbod som bygdene har å by på. Me håpar at det vil flytta oss her langs fjorden nærmare medieljoset, der det er godt å vera. Skal det skje, må me arbeida hardt og kompromisslaust mot dei måla me har sett oss. Det må verta så interessant at det byggjest eit rennomé, slik at dei store kunst- og kulturinstitusjonane tek det som skjer her på alvor. Det er å arbeida mot dette målet som er mi oppgåve her, fortel Markhus. Bygget hyser mange spanande arkitektoniske detaljar. Slik som den ubruklege søyla som vert eit blikkfang i Øystese, og glaskuplane som slepper ljos inn i trappeoppgangen. Avlivar finkulturen I utstillingssalen skal det vera skiftande utstillingar, og dei legg opp til at det skal vera tre i året. Den eine vert i samarbeid med Bergen kunstmuseum. Det vert hovudvekt på dagens kunst i Tusenårsstaden. Samstundes ligg nasjonalromantikken som eit bakteppe. Markhus legg ikkje skjul på at det hadde vore veldig kjekt å få stilla ut mellom anna Brudeferden i Hardanger i ein periode. - Det skal stadig koma nye ting, slik at kunstinteresserte folk skal føla at dei går glipp av noko om dei ikkje er innom her fleire gonger i året. Og her skal det vera kunstutstillingar i A-klassen, legg han til. Han vonar òg at bygdefolket tek turen innom for å sjå dei ulike utstillingane. - Sjølv om mange gjerne trur at dei ikkje likar moderne kunst, kjem det til å vera mykje her som alle hadde hatt godt av å sjå, seier han, og prøver av alle krefter å avliva omgrepet finkultur - Alle kan nyta det som vert utstilt her, men opplevingane vil sjølvsagt variera alt etter kva bakgrunn ein har. Myta om at kunst er finkultur, botnar nok like mykje i den ramma det ofte har hatt, med pingvindressar og fine kjolar, champagne og ørsmå brødskjever med fint pålegg, og fint snakk i ein sjargong som mange har vanskar med å forstå. Dette er likevel berre ei konstruert ramme som ikkje har så mykje med sjølve kunstverka å gjera, seier den engasjerte Tusenårssjefen, og oppmodar alle om å koma å nyta utstillingane. Tempel utan Iron Maiden I tillegg til utstillingane skal konsertane vera det andre trekkplasteret i Tusenårsstaden. - Konsertsalen er bygd som ein akustisk sal, og skal vera eit tempel for akustiske lydopplevingar. Den er særleg godt eigna for folkemusikk og klassisk musikk. Det er ingen svær sal, så det vert til dømes ikkje plass til eit heilt symfoniorkester. Samstundes slepp me ta stilling til om Iron Maiden er høveleg for Tusenårsstaden, på grunn av formatet. Men for dei aller fleste aktuelle konsertar høver salen svært godt, fortel Markhus. I tillegg til annonserte konsertar av ymse slag, er det meininga at salen skal nyttast av skular og barnehagar. Næringslivet er òg velkomne til å nytta lokal i samband med kurs, seminar og liknande samlingar. I tillegg til at det er svært gode fasilitetar i salen, vil deltakarane få ei flott kunstoppleving på kjøpet. Det er meininga at det skal kunna ordnast med enkel servering. Del av Hardanger Museum Det er Hordaland Fylkeskommune som byggjer, eig og skal driva Tusenårsstaden. Kvam herad bidrog med sin rause del i rein eigeninteresse, som ei investering i framtida. I tillegg til dei 7,75 millionane frå Kvam har staten bidrege med 10 millionar kroner. Størsteparten fell likevel på Hordaland Fylkeskommunen som betalar 17,25 millionar kroner, altså i alt 35 millionar kroner. - Det som etter alt å døma skjer frå nyttår, er at Tusenårsstaden går inn som ein del av Hardanger Museum. Det vil femna om Hardanger Fartøyversenter, Tusenårsstaden, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik Museum, Hardanger folkemuseum, Agatunet og Granvin bygdetun. Dei gamle eigarane kjem framleis til å eiga bygningar og samlingar, men det vert eit felles fagmiljø og ein felles administrasjon. Hardanger museum vil verta ruvande museum i norsk samanheng, og verta synleg på ein heilt annan måte enn i dag. Det vert eit lagspel for å dra folk til området, fortel Markhus. Ein av grunnane til at Hardanger museum no vert ein realitet, er at staten har lagt om tilskotsordningar, slik at samarbeid svarar seg i høve til å stå kvar for seg. - Dersom Vårherre kasta sine auger på samarbeidsånda i Hardanger har han truleg vorte syrgjeleg skuffa. Så det spørst om han ikkje har kviskra statsmakta i øyra at her må det brukast lett tvang. Knyta bygdene ihop Det er mange som har freista setja Tusenårsstaden opp mot kulturhusplanane. Markhus fortel at det slett ikkje vil vera i vegen for kvarandre. - Tusenårsstaden er ikkje, og vil ikkje fungera som eit lokalt kulturhus i tradisjonell forstand. Men eg vonar at dette, når det viser seg å verta ei solskinshistorie, vil gje næringslivet og politikarane blod på tann, slik at dei satsar på kultur og vera med på dra i gang kulturhusplanane. Eg er sikker på at dette vil vera med på å knyta bygdene tettare ihop, og at me kan vera ein aktiv medspelar under til dømes Hardingtonar. Dette vil verta ein flott attraksjon å visa alle gjester og tilreisande. Eg håpar og trur at bygdefolket vil vera med på å heia Tusenårsstaden fram og invitera alle sine gjester på utstillingar og konsertar. Meininga er at dette skal verta ein magnet som dreg folk til Kvam, seier Tusenårssjefen. Sjefen, Knut Markhus oppmodar alle om å lyfta blikket og vera med på å heia fram kunst- og kultursenteret kvar på sin måte. Utstillingshallen skal hysa skiftande utstillingar, slik at folk skal tykkja dei går glipp av noko om dei ikkje er innom nokre gonger for året.

ØystesePosten HARDANGER B E R G E N Ny Ny scooter eller moped moped fra fra Yamaha. Yamaha. Velg kvalitet med Velg kvalitet med 2 års garanti. Gratis 2 års garanti. leiescooter ved service. Breiviksveien 42 Tlf.: 55 5639 5558 0280 00 www.yamaha-motor.no Steinsdalsvegen-Norheimsund Skolestart 595,- Jog R 16.990,- pr. mnd 595 kr. pr. mnd. 36 mnd. avbetaling YAMAHA JOG-RR Yamaha mopder - det selvsagte valget. - Handelsbanken Finans - et samarbeid med topp produkter og finansiering YAMAHA DT50R H A U S T S A l Grunna stort Nybilsal har me no eit godt utval av gode bruktbilar. Kampanjerente med finansiering til kun 2,95% rente (nom) (v/35% kontant) Mod. Merke Farge Km 1999 Suzuki Baleno 1,6 GLX 4WD stv Sølv 79 000 km 1997 Ford Mondeo 1,8 5-d Grøn 162 000 km 2002 Ford Mondeo 1,8 Trend 5-d Sølv 52 000 km 1996 Ford Mondeo 1,8 TD GLX stv Kvit 179 000 km 2001 Ford Mondeo 2,0 Ghia stv. Grø 125 000 km 1995 Ford Mondeo 2,0 GLX stv Aubergine 99 000 km 1994 Ford Mondeo 2,0 GLX stv Grøn 264 000 km 2003 Ford Ranger 2,5 TD Pick-up Grøn 46 000 km 2002 Ford Focus 1,8 TDCI 115 hk stv Grå 80 000 km 2002 Ford Focus 1,6 Ambiente stv Sølv 95 000 km 1996 Ford Fiesta 1,25 Flair 3-d Blå 144 000 km 2004 Ford Fiesta 1,4 Trend 5-d Svart 18 000 km 1997 Ford Escort SI Sport stv Sølv 134 000 km 1997 Renault Laguna 1,8 RT stv Blå 123 000 km 2000 Peugeot 806 TD 7-seter Sølv 206 000 km 2000 Daewoo Nubira 1,6 SLX 4-d Grøn 44 000 km 1986 Nissan Bluebird 1,6 LX 4-d Sølv 237 000 km 1989 Opel Omega 2,0 I LS 4-d Burgunder 201 000 km Minimum kr. 10.000 i innbyte v/kjøp av bil til over kr. 100.000,- (Årsavg. for 2005 må vera bet. og bil vera køyrbar) For kunde: 1997 Ford Mondeo 2,0 Ghia aut. stv Blå 114 000 km 2002 Mitsubishi Space Wagon varebil Svart 60 000 km 1997 Ford Fiesta 1,25 Fun 5-d Burgunder 95 000 km 2004 Toyota Land-Cruiser 5-s kort Blå 8 000 km 1996 Ford Escort 1,6 CL stv Burgunder 98 000 km Kjem inn: 2001 Suzuki Ignis 1,3 Spesial 4WD 5-d Gul 60 000 km Me skiftar ut demobilane våre. Kontakt oss for eit godt bilkjøp! Ford Fiesta 1,4 Steel 5-d 19.000 km For meir opplysningar: Kontakt Jostein Solberg på tlf. 908 29 223 e-post: jostein@omv.no YAMAHA Aerox Race Replica YAMAHA TZR HAUSTSAL på båtar. Ta kontakt for gode prisar. Demobåt til sals for snarleg levering 5700 OPEN NYHET 250 4-takt Kronjuvelen av 4-taktere KOMPLETT MOTOR- 30 år LINJE. Modeller fra Mest kjøpt i Norge! 2,5 til 300 Handelsbanken Finans NRF 37 - Logoform as Ta ein kikk på den nye Suzuki Swift med firhjulstrekk så forstår du kvifor ekspertane spår bilen til å verta ein kjempesuksess. Demobåt til sals for snarleg levering Pioner 12 Classic Steinsdalsvegen - 5600 Norheimsund - Tlf.: 56 55 02 00 5610 Øystese - Tlf.: 56 55 03 00 Dir. tlf. Jostein 908 29 233

ØystesePosten Møblar til sals i Øystese Øystese, møbelbygda framfor nokon i Hardanger, har lenge mangla møbelutsal. Men dette har Torpe Møbelfabrikk tenkt å retta på. Torsdag fyrste september opnar dei fabrikkutsal i fyrste høgda på fabrikken. Her vert det noko for ein kvar smak. Lokalet er på kring 400 kvadratmeter, og kjem til å romma mellom femten og tjue utstillingsmiljø. Det som vert å finna, er stort sett sekundavarer, utgådde modellar, ukurante varer og prøvemodellar som ikkje kan sendast ut til forhandlarane. Torpe Møbelfabrikk får laga ein heil del modellar i Kina. Noko etter eigne teikningar, og ein del modellar frå Kinesiske fabrikkar, i tillegg til det dei lagar sjølve i Øystese. Det gjer at dei etterkvart har vorte bortimot fulllassortert. Individualistar - Trenden i dag er i grunnen litt av alt. Folk er individualistar på mange område i livet, også når det gjeld interiør. Tidlegare var det ofte klare moteretningar som herska i periodar, slik som furubylgja på nittitalet. Slik er det ikkje lenger. Tidlegare, når folk gjekk på besøk, tenkte dei gjerne: Det var ein fin salong, ein slik kunne eg tenkt meg òg. I dag verkar det som det er omvendt. Dersom dei ser ein salong hjå naboen tenkjer dei gjerne: Ein slik har dei, då må me finna oss ein annan. Difor er det eit stort mangfald i alle katalogar i dag, forklarar Tore Torpe. I fabrikkutsalet kan du finna prøvemodellar som av ulike grunnar ikkje har vorte sett i produksjon, og då kan du i alle høve vera rimeleg trygg på at du aldri ikkje kjem til å sitja same spisestova hjå nokon av omgangsvenene. Hyttemarknaden Sjølv om det ikkje er nokon klar moteretning i tida, er heiltre bjørk svært populært. Valet av møblar varierar elles etter kva stil kundane elles har valt på bumiljøet. Hytter i grov og gamaldags utføring er atter vorte populært, og Torpe Møbelfabrikk kjem til å satsa ein del på møblar i antikk utføring. - Det er særleg hyttemarknaden som er interessant i så måte, fortel Bjørn Trygve Torpe. Det er han som kjem til å ha hovudansvaret for det nye utsalet, og han lovar høvelege opningstider. Og her er det utstillingsmodellane som vert selde og prinsippet er fyrstemann til mølla. Bjørn Trygve Torpe og Reidun Berge Øvrehus ved spisemøblar i gamal bondestil i det nye fabrikkutsalet. HARDINGTAKST AS Taksering av boliger for lån eller salg. Takstøkonom Stein Rykkje Tlf.: 95 80 70 18 www.hardingtakst.no STATSAUTORISERT REVISJONSSELSKAP Hardangerfjordvegen 636, 5610 Øystese Telefon 56 55 47 80 Mobil 91 11 50 75 E-mail: laupsa@hardangerrevisjon.no N-5610 Øystese NORWAY Tel. + 47 56 55 51 00 Fax: + 47 56 55 59 99 E-mail:info@rybo.no http://www.rybo.no Rybo Nor As Din lokale bank Tlf. 53 67 11 00 Tine Meieriet Vest Avd. Hardanger 5604 Øystese

kvam-kan-huset Visma Services KVAM autorisert rekneskapskontor Noregs største rekneskaps- og økonomigruppe tilbyr tenester som dekkjer heile økonomifunksjonen for små og store verksemder. Rekneskap Fakturering Løn Årsoppgjer Budsjett Firmaetablering Kontakt oss i Visma Services Kvam Kan Huset, ring 56 55 58 88 eller 56 52 14 40 (Voss) eller sjå www.vismaservices.no Elektrisk installasjonsarbeid Inst. Kjell Aalvik Me står til teneste med: Bustad- og industriinnstallasjonar Reparasjonar og nyanlegg Sjusetevg. 20 Pb. 44 5604 Øystese Telefon 56 55 59 40 Faks 56 55 28 13 Mobil 95 18 34 44 IKTAL AS Sjusetevegen 20A Pb. 71 5604 Øystese Salg og reparasjon av pc m/tilleggsutstyr. Hjelp med data-bruk Internett / web-sider / e-post PC m/flatskjerm frå kr 7.500,- Tlf.: 56 55 01 40 Fax.: 56 55 01 41 E-post: jan@iktal.no Kuldeanlegg og varmepumper For varmt, eller for kaldt? Me leverer alle typar anlegg for rett temperatur! Tlf : 56 55 44 22 e-post: hans@kvteknikk.no 5610 Øystese TLF. 56 55 59 22 Fax 56 55 59 59 www.janmo.no Sprengningsarbeid Natursteins-murning Graving og grunnarbeid Forskaling og betongarbeid har flinke fagfolk og godt utstyr. Ta kontakt med oss for å få jobben gjort med god kvalitet, til rett tid og avtalt pris. GRUNN - BETONG - STEINARBEID Kranarbeid Maskintransport Transport Lasting Brøyting Singel Sand www.gbs-entreprenor.no

ØystesePosten Spis i Hardangersenteret IHardangersenteret skjer det mykje nytt. I fyrste høgda er det kome ny matvareforretning og det kjem bibliotek. I andre høgda er det siste nye ein ny kafé. Det er Alfred Lentz som har starta med ein mangfaldig gesjeft med rimeleg og god mat som fellesnemnar. Spis er namnet, og sjølve drifta inne på kafeen vert delt i tre, med to inngangar. Inngangen til kaféen er der ein tidlegare entra Kafé Osen. Lokalet er forma som ein vinkel, og har i alt førti sitjeplassar, noko Lentz meiner er passeleg stort. - Me var nøydde til å gjera noko med lokalet. Det var altfor stort slik som det var, og me fann ut at me måtte finna ein måte å dela det opp på. Difor har me laga kaféen slik han er no. Resten av arealet skal brukast til andre ting, fortel han. Profilen til verksemda er rimeleg mat. Og rimeleg er det. Ein kjøttkakemiddar kostar 45 kroner, og elles ligg prisane på ein full middagsporsjon på rundt femtilappen. I alt ti rettar rullerar på menyen, og han lovar at det til ei kvar tid skal vera minst seks ulike å velja mellom. - Men me lovar óg at det er to ting ein alltid skal få tak i, og det er varemerka våre; kjøttkaker og pannekaker, seier han. Elles har han vanleg kafémat som rundstykke og lunchrettar. - Forklaringa på dei låge prisane er i hovudsak to ting. For det fyrste er eg bevisst når det gjeld innkjøp. Det er viktig for å halda kostnadene nede. Det andre og viktigaste er at eg lagar alt frå grunnen sjølv. Eg kjøper ikkje ferdigmat frå grosisstar, fortel han. På Spis i Hardangersenteret får ein altså kjøpt god og rimeleg norsk mat, laga frå grunnen av på kjøkenet bak disken. Ta-med-mat, bøker og blad Ein annan og like viktig del av drifta vert mat å ta med seg heim. Desse rettane vert kring ti prosent billegare enn inne i kaféen på grunn av den låge matm o m s e n. Det vert ein eigen i n n g a n g til Ta med-avdelinga, og her har han dessutan meir spanande å by på. - Det at lokalet vart så stort gjorde at me måtte sjå oss om etter ein god måte å Bak på kjøkenet lagar Alfred Lentz det meste sjølv. Han har arbeidd som stuert, og er utdanna kokk ved Hotel Norge i Bergen, og har drive kaféar og serveringsstader både i Bergen og Kvam. Grillkroa var det fyrste han tok til med i Kvam i 1975. Kaféen er på form som ein amerikansk Diner, lang og smal. Og over disken får du heimelaga mat. utnytta det på. I same rommet som utleveringsdisken, vert det difor brukte bøker og blad å få kjøpt. Me trur gjerne ikkje det kastar noko av seg, men det kan vera med på å dra folk, og auka omsetnaden på matserveringa, vonar han. - Me kjem til å kjøpa bøker og blad av frivillige organisasjonar som på den måten kan samla inn bøker og tidsskrift og skaffa seg inntekter til lagsdrifta. Me kjem og til å ha byting av DVD-filmar. Det vil fungera på den måten at folk kjem med ein film, og tek med seg heimatt ein annan etter å ha betalt eit lite mellomlegg. Då eig dei filmen og slepp å tenkja på at dei skal levera den attende til ein eller annan frist. Kantineservice Ei anna side av drifta som dei vil prøva å koma i gang med er kantineservice, med utkøyring av lunch til verksemder, i fyrste omgang i Øystese. Det vil fungera slik at kvar verksemd får eit kundenummer, og all tinging føregår på SMS eller E-post. - Dette er fordi låge prisar betingar ei rasjonell drift. Det å stå i telefonen og ta imot og forklara, tek rett og slett for mykje tid. Så enkelt er det, fortel den driftige kaféverten. Konkurrerer med heimekjøkenet Det finst dei som vil hevda at det er nok kaféar i bygda. Alfred Lentz meinar han har funne si nisje, og tek mål av seg til å konkurrera med heimekjøkenet til folk med ein travel kvardag. - Det å laga middag til to-tre personar etter endt arbeidsdag kostar både tid og pengar. Og når folk oppdagar at dei her kan henta seg heim ein god norsk middag til to personar til under hundre kroner, vonar eg at ein del vil gjera nettopp det, avsluttar han før han spring innatt til dei kokande ertene. ØYSTESEPOSTEN Lokalt stoff og lysingar i same avis. Ut til fleire Hardangerkommunar. Lysingsprisar: Rimelegare enn du trur. Velkomen som annonsør i Ø-posten. Neste avis kjem ut ca. 28. september. RING 976 65 655 FOR TINGING AV LYSINGAR Annonsekonsulent, journalist og ansvarleg redaktør: Sjur Tarjei Fykse Sats og repro: Øystese Trykkeri AS Trykk: Media Trykk AS, Bergen Distribusjon: Posten. Eigar: Øystese Næringslag August 2005

10 ØystesePosten Grunn/betong tømmer - Påbygg/ Nybygg - Næringsbygg - Reparasjonar - Boring/saging i betong - Golvpuss - Kassettutleige TOTALLEVERANDØR Sandvenhagen Industrifelt 5600 Norheimsund TA KONTAKT! www.botnen.no Telefon: 56 55 37 50 DEsign Fabrikk - Vindauge - Dører - Trapper - Låser Døgnvakt Glasarbeid (56 55 37 50) Sal byggjevarer Grunn/gravarbeid Tomtearbeid Natursteinsmuring Frå idé til ferdig trykksak i same hus! Øystese Trykkeri tilbyr næringsliv og privatpersonar fagleg hjelp med design og alt frå idé til ferdig produkt. Mange verksemder samarbeider med Øystese Trykkeri. Me er stolte av det og ynskjer å styrkja denne posisjonen i marknaden. Me satsar bevisst på eigen profil og identitet. Ta kontakt for ein fagleg diskusjon - det kan løna seg! T a k o n t a k t f o r p r i s t i l b o d Nedre Vik 4-5610 Øystese Nedre Vik 4, 5610 Øystese Tlf.: 56 55 36 55 Fax. 56 55 51 90 E-post: grafisk@oystese-trykkeri.no NYTT I ØYSTESE 1. september opnar 400 kvadratmeter møbelutsal på Torpe møbelfabrikk. Stadig skiftande utstillingar og noko for ein kvar smak. Kom innom og sjå! møbelfabrikk a.s torpe 5604 Øystese Tlf. 56 55 03 80 Ope: Måndag - onsdag 12-17 Torsdag - fredag 12-20 Laurdag 10-14

ØystesePosten 11 Ein fredleg plett Det kan virka som om Botnen har vorte det nye store utfartsområdet i Kvam, og kva er det som lokkar? Det kan nok vera mangt. Ein fredleg plett mellom høge fjell, og så sjølvsagt vertskapet på Flatabø Gardsrestaurant. Dette er ein fredleg stad å vera, fortel Marit Botnen, og peikar utover landskapet. Det tek til å opna seg litt no, etter at dei tok til med Skotsk høglandsfé for å halda tilgroinga i sjakk. Stadig meir populært Marit Botnen tek no imot gjester på sjette året på Flatabø. Drifta har stadig vorte meir omfattande, og dei tek imot gjester både til middag og overnatting. I alt 25 sengeplasser kan dei by på, og opplegget vert skreddarsydd etter kva ynskje gjestene måtte ha. I sommar har det òg vore mange reisande med turistbåten Peer Gynt, som har gått tre turar om sundagane. - Eg hadde ikkje trudd at det tilbodet skulle verta så populært så fort. Det har vore svært godt besøk kvar sundag. Det har vore varmtbord der gjestene har forsynt seg sjølve, og folk ser ut til å ha likt seg. Det har vore så mykje at eg har leigt inn folk i tillegg til at eg har hatt god hjelp av resten av familien. Opp av oska I april 1994 brann heile bruket, så nær som eitt hus, ned til grunnen. Dei sette oppatt nye hus, og då gjekk det ikkje lenge før det kom folk som ville feira brudlaup der inne. - Då tok me til å tenkja på om servering og overnatting kunne vera noko å satsa på. Me brukte løa i byrjinga, og laga til storkjøken og toalett i eine enden. Det kom stadig meir folk, sjølv om me aldri annonserte. Seinare sette me opp stabburet til overnatting og servering. Det siste me har gjort er å byggja på stabburet, slik at me har fått eit stort og godt serveringslokale, seier ho. Det er ikkje fyrste gongen det har vore drive med overnatting og servering på Flatabø. For godt og vel hundre år sidan vart det sett opp eit lite hotell i sveitsarstil på ein tuft ved bruket. Det vart drive nokre år med vekslande hell, og vart kjøpt og brukt som bustadhus av svigerfar til Marit. I huset som vart sett opp att på tuftene etter hotellet, leiger Marit ut til overnattingsgjester i tillegg til stabburslemmen. - Hadde det ikkje vore for at det hadde kome nye hus her så trur eg ikkje dette hadde vorte noko av. Svært mykje gjekk tapt i brannen, men mykje har vorte betre etterpå. Målet mitt no, er at eg skal få dette til å verta ein arbeidsplass i alle fall halve året, frå april til oktober. Små grupper er det eg likar best. Det er kjekt når det er mykje folk her òg, då er det mykje liv og latter. Men med små grupper tykkjer eg at eg får teke meg betre av kvar einskild, og vert betre kjend med folk, seier ho. - På sikt er det meiniga å servera mest mest mogeleg av eigen økologisk produksjon. Alt på bruket er godkjent økologisk, og det skotske høglandsfèet skal inngå som ein viktig del av menyen. No er stamma etterkvart så stor at me kan ta til å slakta for alvor, og då vil eg prøva å få tak i økologiske råvarer til resten av menyen òg. Det er så mange som driv med gardsrestaurantar etter kvart, at ein må ha noko spesielt som kan trekkja folk, seier den engsasjerte restaurantvertinna. God hjelp Om vinteren er det lite råd å planleggja noko. Så lenge det er isfritt, og ein kan gå i sundet med båt, er det råd å ta imot gjester, men det kan frysa på før ein veit ordet av det, og difor er det ikkje råd å planleggja særleg langt fram. Det meste av arbeidet med den vesle reiselivsverksemda har dei stått for sjølv. Ein del snikkarhjelp har dei hatt, men heile familien er med og tek i eit tak når det trengs, så dei har vore sjølvhjeplne med det meste av bygging og ominnreiing. - Eg hadde aldri fått til dette om det ikkje hadde vore for den støtta og hjelpa eg har fått av Ragnar og borna. Målet er at dette skal vera så lite at eg slepp tilsetja folk fast. Eg har måtta leigt inn folk når det har kome større grupper, slik som om sundagane no i sommar, men å ha fast tilsette det vil eg ikkje, seier ho. Ein fredleg plett Om Botnagrenda ikkje er heilt bilfri, så manglar det ikkje mykje. Det at det er så fredeleg er nok ein av grunnane til at mange vert forlikte i plassen. Det er òg det ho vil prøva å marknadsføra. Difor høver det godt med mindre grupper i fullpensjon. Her kan folk finna ro og ta seg att etter ein oppjaga kvardag. Det er heller ikkje vanskeleg å finna stader der mobiltelefonen lyt gje opp å finna sendar. Svært mange av gjestene i sommar har kome seg inn med den nye turistbåten Peer Gynt, som Marit er medeigar i. (Foto: Tore Fykse) Det er stort sett berre nye hus på bruket no. Det siste nye er det me ser til venstre i biletet. Der er det både matservering og overnatting. (Foto: Tore Fykse)

12 ØystesePosten Totalpris varer handlevogn, merkevarer 531,90 I KIWI kan du velge mellom kjente merkevarer til faste, lave priser Totalpris varer handlevogn, First Price 194,85 * * First Price-pris omregnet til samme vekt som merkevaren. og First Price til enda lavere faste priser! 9-22 (20) KIWI Øystese POST I BUTIKK