Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Formannskapet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 12.12.2012 Tid: 10:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Vararepresentantane møter berre etter nærare innkalling. Hilde A. Vågslid Ordførar Liv E Beck Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr PS 12/64 PS 12/65 PS 12/66 PS 12/67 Innhald Politiske saker til behandling Søknad om støtte til etablering av bedrift - SAK Vidar Teigland Søknad om fast årleg investering i Dalsmarken kulturarrangement Timland Sveis og Rørservice AS Midlar til snoprepareringsmaskin Hallbjønnsekken - forskottering frå infrastrukturfondet Lukka
Tokke kommune Arkiv: 242 Saksnr.: 2012/2265-3 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 07.11.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/64 12.12.2012 Søknad om støtte til etablering av bedrift - SAK Vidar Teigland Saksdokument: Søknad, motteken 06.11.2012. Saksutgreiing: Vidare Teigland har søkt kommunen om støtte og lån i samband med oppstart av Pub serveringsstad på Dalen. Teigland har hatt møte med administrasjonen 05.11.2012. Vidar Teigland har mange år bak seg som maskinførar/ entreprenør innan anlegg. Teigland har planar om å drive Pub/ enkel servering i forretningsbygg sentralt på Dalen, ( tidlegare Tøy og Ting ). Verksemda skal vere einskildmannsføretak og ha namnet: kanalpuben. Verksemda er retta inn mot innbyggarar og vitjande. Det er planar om heilårsope føretak. Det er fleire serveringsstader på Dalen og Teigland planlegg difor å utfylle eksisterande tilbod ved å ha ope om kvelden. Minst ein kveld i veka er det plan om alkoholfritt tilbod til ungdom. Planen er å kunne servere øl, vin og enkel mat, s.s. pizza. Kanalpuben er tenkt å halde til i leigde lokalar, medan Teigland sjølv skal stå for innreiinga. Investering ved oppstart: Investering i veggfast utstyr: kr 400.000,-. Investering i verkstadutstyr: kr 175.000,-. Samla investering ( inkl eigeninnsats ). Kr 575.000,-
Finansiering av tiltaket: Eigne midlar: kr 275.000,- Lån og støtte: kr 300.000,-. Samla finansiering: kr 575.000,-. Vidar Teigland søker Tokke kommune om lån/ garanti, stort kr 250.000,-. Det er ynskje om å kome raskt i gong med tiltaket slik at ein kan opne i jula 2012. Utleigar krev garanti om finansiering slik at utleigar godtek avtale om ombygging. Denne garantien må vere kr 250.000,- i 45 dagar. Næringssjefen meinar at det vil vere positivt for Dalen og kommunen om ein fekk ein serveringsstad med opningstid utover kvelden. Dette vil vere ein møtestad først og fremst for vaksne. På Dalen er allereie eit godt mattilbod i sentrum ( kafe ) og eit positivt ungdomstiltak med matservering ( gatekjøken ). Om sumaren er det restaurant med høg standard på hotell og kafe/ servering ved Bryggja. Enkel mat og drikke kan ein og få ved 2 bensinstasjonar. Næringssjefen meiner at det er aktuelt å støtte tiltaket med investeringsstøtte, etter gjeldande reglement for bruk av næringsfond. Maksimalt kan slik støtte vere 8% av godkjend investering. Lån/ garanti vert ikkje tilrådd. Rådmannen si tilråding: 1. Tokke kommune løyver kr 35.000,- i investeringstilskot i samband med oppstart av kanalpuben på Dalen i Tokke kommune. I tillegg vert det løyvd kr 3.000,- til marknadsføring. Midlane vert løyvde frå konto 1470 134 325. Utbetaling vert gjort etter framlegging av dokumenterte utgifter/ utførd arbeid. 2. Søknad om lån/ garanti vert ikkje imøtekomen.
Tokke kommune Arkiv: 223 Saksnr.: 2011/1091-5 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 24.10.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/57 13.11.2012 Formannskapet 12/65 12.12.2012 Kommunestyret Søknad om fast årleg investering i Dalsmarken kulturarrangement Vedlegg: 1 Resultatrapport Saksdokument: Søknad frå Dalen Næringssamskipnad/ Dalsmarken. Saksutgreiing: Dalen Næringssamskipnad/ Dalsmarken har søkt Tokke kommune om fast årleg støtte til Dalsmarken kulturarrangement. Dalsmarken eigast av Dalen næringssamskipnad og skipar årleg til lokalt tradisjonelt kulturarrangement. Arrangementet strekker seg over to dagar (laurdag og sundag) i juni. Dalsmarken ser seg som viktig profilering av bygda Dalen og Tokke kommune. Kommunen har alltid gjeve støtte til arrangementet, men då oftast i etterkant for å dekke ein stram økonomisk situasjon (underskot). I 2012 fekk Dalsmarken kr 80.000,- frå Tokke kommune. Samstundes ba dei om å få løyvd midlar årleg slik at økonomien i tiltaket vart meir stabil og sikker. For at Dalsmarken skal kunne halde fram er det eit ønskje om å kome fast inn på Tokke kommune sitt budsjett. Det vert søkt om kr 100.000,- årleg. Tilskotet er rekna til: annonsar, brosjyrar, plakatar, lotteri og heimeside underhaldning, musikk mm husleige, straum, papir, fakturaer
naudsynt utstyr honorar til arbeidsgruppe, sekretær og leiar. Bakgrunn for saka. Søknad frå Dalen Næringssamskipnad. Dalsmarken har djupe røter på Dalen. Dalsmarken har tradisjonelt vore eit kulturarrangement for bygda med underhaldning, lotteri og handel. Det har vore naturleg at det er næringssamskipnaden som står bak arrangementet. Næringssamskipnaden og Dalsmarken vurderar tilskipinga som svært interessant og viktig for bygda, i hovudsak grunna godt høve for profilering, attraksjon og rett og slett moro for både lokale og vitjande. Arrangementet er samstundes svært viktig for butikkane på Dalen som i noko grad slit med sviktande kundegrunnlag. Kommunen har alltid støtta opp om Dalsmarken og vore ein støttespelar som har fylgt opp på arrangementet i lys av den verdi det har for bygda og kommunen. I og med at økonomisk støtte alltid har kome i etterkant av arrangementet har gjort det vanskeleg å navigere økonomisk i arbeidsgruppa for Dalsmarken. I arbeidsgruppa for Dalsmarken er det primært snakk om dugnadsarbeid, dersom ein ser på arbeidsmengda i relasjon til symbolsk honorar. I arbeidet som arbeidsgruppa gjer for å få Dalsmarken til å bli gjennomførd, har det over tid vist seg å vere direkte skadeleg for tilrettelegginga av arrangementet, at ein aldri veit med sikkerheit om det er pengar nok til å betale rekningane. Ubetalte fakturaer, rekningar som må overførast til inkasso og usikre honorar har vore ein del av røynda. For å sikre Dalsmarken ønskjer ein no å forandre dette med kommunen si hjelp. Tokke kommune handsama søknad om økonomisk støtte i 2012. Det vart då løyvd kr 80.000,- for det eine året. Næringssjefen har registrert at Dalsmarken slit økonomisk og at kommunen kvart år må gå inn med støtte i etterkant av arrangementet. Stabilt og trygt økonomisk fundament er ein føresetnad for langsiktig satsing. Dalsmarken er eit viktig arrangement for Tokke kommune og dreg årleg eit stort publikum til kommunen for kulturopplevingar og handel. Dei siste åra er arrangementet flytta frå området kring Tokke skule og inn til sentrum. Dette har førd til større omsetnad for dei lokale butikkane og slik sett auka verdien for lokale utsal. Dette har vore ei positiv utvikling og styrka lokalt næringsliv. Dei store arrangementa ved Dalen Bryggje med dansearrangement har ikkje alltid gjeve positivt resultat og er no lagd mindre vekt på. Dette har svekka inntektspotensiale for Dalsmarken. Dalen Næringssamskipnad er eigar av Dalsmarken. Søknaden om fast støtte til Dalsmarken som hovudarrangement for Dalen Næringssamskipnad vil måtte føre til balansering mot andre økonomiske støtteordningar, som t.d. PR-tiltak. Til PR-tiltak har Tokke kommune kvart år vedteke i årlege budsjett å gje kr 100.000,-. Største delen av desse midlane har gått til å stø opp om arrangement som: Dalsmarken, julegrantenning, solfest og oldemors gatefrukost i tillegg til annonsekampanjar. Det er ikkje rimeleg om ein held fast ved kr 100.000,- til PR-tiltak om Dalsmarken åleine i tillegg skal få kr 100.000,-.
Dalsmarken og Dalen Næringssamskipnad vil kunne vere viktige samarbeidspartar til prosjektet Dalen+. Dette vil kunne betre økonomien til Dalsmarken og vere med å auke attraksjonskrafta til Dalen. Ting må sjåast i samanheng. Dalsmarken og Tokke kommune har utarbeidd ramme for samarbeidsavtale for åra 2013 2015. Dette gjeld då for inneverande valperiode. Framlegg samarbeidsavtale ligg ved. Rådmannen si tilråding: 1. Tokke kommune løyver kr 80.000,- kvart år i 2013, 2014 og 2015, til Dalsmarken kulturarrangement. 2. Midlane vert knytt opp mot samarbeidsavtale mellom Dalsmarken og Tokke kommune. 3. Midlane vert utbetala innan 01.05. det einskilde år, etter framlegging av program for arrangementet. 4. Midlane vert løyvde frå konto: 1470 134 325. Saksprotokoll i Formannskapet - 13.11.2012 Mette Lillegård sa seg ugild i saka. Ingen vara møtte. Marie Seltveit (H) fremma fylgjande framlegg: Saka vert utsett på grunnlag av manglande underlagsmaterial som økonomiopplysningar / rekneskap 2011 til Dalen Næringssamskipnad og Dalsmarken. Framlegget vart samrøystes vedteke. Vedtak Saka vert utsett på grunnlag av manglande underlagsmaterial som økonomiopplysningar / rekneskap 2011 til Dalen Næringssamskipnad og Dalsmarken.
Tokke kommune Arkiv: 242 Saksnr.: 2012/2323-2 Saksbeh.: Nils Gjerde Direkte tlf.: 35075241 Dato: 15.11.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/66 12.12.2012 Kommunestyret Timland Sveis og Rørservice AS Vedlegg: 1 Rekneskap 2 121/35 - Eigedomstakst Saksutgreiing: Timland Sveis & Rørservice har teke kontakt med Tokke kommune med føremål støtte i samband med utvikling av verksemda. Verksemda har forretningsadresse Dalen i Tokke kommune og er aksjeselskap med 3 eigarar: Øystein Berge, Morten Godtland og Asbjørn Timland. Timland Sveis og Rørservice AS har 10 tilsette, inkludert 2 lærlingar. Rekneskap for verksemda ligg ved og det er utførd takst på bygget ( vedlegg ). Verksemda driv sveis og røyrservice, brannsikring og anleggsverksemd. Vest Telemark Brannsikring er kjøpt frå tidlegare eigar: Geir Småbrekke, som no yter sin kompetanse i verksemda.. Dei 10 siste åra har verksemda leigd Tokke kommune sin gamle brannstasjon på Haugsevje. Søknaden frå Timland Sveis & Rørservice gjeld to saker som for verksemda heng saman: 1. kjøp av gamle brannstasjonen på Haugsevje ( gnr. 121, bnr. 35 ) med tilhøyrande tomt, ca 2 mål. 2. støtte i samband med kjøp og overtaking av Hovdenbygget på Dalen.
Bygget på Haugsevje har vore innleigd frå Tokke kommune og husar i dag driftslokale og lager for heile verksemda. Bygget er gamalt og har ikkje vore gjenstand for vedlikehald i dei 10 åra verksemda har vore leigetakar. Bygget er i svært dårleg stand. Dersom Timland Sveis & Rørservice får kjøpe bygget, som dei har betalt leige for i 10 år, så vil det bli rusta opp og nytta i verksemda for vidare utvikling og trygging av arbeidsplassar. Timland Sveis & Rørservice ynskjer å kjøpe Hovdenbygget frå privat eigar. Målet med dette kjøpet er å innreie til kontor og lager. I tillegg ønskjer verksemda å utvide aktiviteten med nytt tilbod: utsal av våtromsinnreiinga og liknande vareutval. Den delen av Hovdenbygget som i dag er utleigeareal for leilegheit og hyblar skal halde fram som i dag. Det er planar om opprusting av hyblane. Timland Sveis & Rørservice ser dei to saken som ei og ber om at sakene vert sett i samanheng. Til saman utgjer kjøp av gamle brannstasjonen og kjøp/ utvikling av Hovdenbygget ei sikring av framtidig sysselsetjing og drift for verksemda. Næringssjefen meinar at utvikling av lokale verksemder er viktig for Tokke kommune og ei verksemd som sysselset 10 personar er vel verd å stø opp om. Timland Sveis & Rørservice er ei verksemd som har synt seg levedyktig i mange år. I dag utfører dei arbeid langt utanom kommunen sine grenser. For tida har dei oppdrag i Alta kommune. Det er andre røyrleggarar i Tokke kommune, men slik Næringssjefen ser det er det ikkje øydeleggande tevling innan det fagsegmentet Timland Sveis & Rørservice tilbyr tenester innan for. Næringssjefen er positiv til at søkaren får kjøpe gamle brannstasjonen på Haugsevje og tilrår difor at bygget vert lyst ut for sal. Etter samråd med konstituert teknisk sjef har ikkje Tokke kommune bruk for å eige bygget. Når det gjeld støtte til kjøp av Hovdenbygget så er Næringssjefen positiv til det og tilrår investeringsstøtte med 8% av kjøpesum avgrensa oppover til kr 200.000,-. Saka kjem først opp i kommunestyret i februar 2013. Rådmannen si tilråding: a) Tokke kommune lyser gamle Brannstasjonen på Haugsevje ut for sal med krav om bruksplan for bygget. Rådmannen får fullmakt til å gjere avtale med kjøpar. b) Tokke kommune gjev Timland Sveis og Rørservice 8% investeringsstøtte i samband med kjøp av Hovdenbygget på Dalen i Tokke kommune. Støtte vert avgrensa oppover til kr 200.000,-.
Tokke kommune Arkiv: 153 Saksnr.: 2012/2409-1 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075669 Dato: 29.11.2012 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 12/67 12.12.2012 Midlar til snoprepareringsmaskin Hallbjønnsekken - forskottering frå infrastrukturfondet Saksdokument: Vedtekter for infrastrukturfondet Saksutgreiing: Føremålet med denne saka er å få i gang og støtte opp under eit godt samarbeid mellom aktørane på Hallbjønnsekken. Om dei nye eigarane oppfattar andre aktørar i området berre som gratispassasjerar som ikkje bidreg til å lyfte Hallbjønnsekken så kan samarbeidsklimaet over tid surne. Formannskapet er fondsstyre for infrastrukturfondet på Hallbjønnsekken. Til no har fondet støtta bygging av fjellkyrkja og skiløyper. Feltspatcompagniet v/tim Kronborg har vendt seg til kommunen med eit spørsmål om FSC kan forskottere kr 300 000,- frå infrastrukturfondet til innkjøp av snoprepareringsmaskin til skianlegget: FSC har i dag hatt en hyggelig samtale med de nye eierne av Hallbjønnsekken VEST. Vi håper de kan få realisert avtaler og få drift i anlegget i vinter. Vi fra FSC side har tro på at de er oppriktige ift at de ikke ønsker å konkurrere med oss, og at vi har felles interesser ift drift og attraktivitet i området. FSC forespør med dette Tokke kommune (TK) om en prinsipiell vurdering av vilje til å gjøre et vedtak om inngå avtale med FSC om disposisjon av midler fra infrastrukturfond der FSC forskutterer inntil kr 300 000 som utbetales fra FSC til det nye selskapet (som blir eiere av skianlegget), som et investeringstilskudd mot dokumentasjon/bekreftelse på kjøp av preppemaskin(er). En forutsetning for FSC til å vurdere dette er i så fall at TK gjør et vedtak ift disposisjoner av infrastrukturfondet om at det bevilges inntil NOK 300 000 til innkjøp av preppemaskin på Hallbjønnsekken, men at beløpet utbetales/forskutteres av FSC, som får tilbakebetalt dette i rater på kr 50 000 pr tomt som kommer til fradrag i oppgjør fra FSC til TK ved salg av tomter innenfor Hallbjønnsekken sør III. Rentekostnader i denne perioden, samt reelt tap som følge av indeksregulering/justering i kroneverdi dekkes av FSC. FSC må få regnskapsfører/revisor til å vurdere hvordan dette skal gjøres i praksis, men et bør være enkelt å få til. Et innkjøp av preppemaskin bør gjøres av de nye eiernes selskap for å få mva-fradrag noe FSC ikke får, i og med at vi opererer utenfor MVA-området.
Vi har innhentet tilbud på to eldre, men overhalte og fullt driftsklare, preppemaskiner fra Haukelifjell skisenter, priset til hhv kr 250 000 og 50 000 + mva derav beløpet på kr 300 000. De nye eierne vil selv ev besiktige. TK må selv vurdere om disse 300 000 som FSC og senere Tokke kommune (infrastrukturfondsmidler) bidrar med skal inngå i kravet til de nye eiernes investeringer på minst 3 MNOK, eller om dette skal komme i tillegg (ref intensjonsavtalens pkt 5). Du får vurdere hvordan dere administrativt/politisk skal behandle dette innspillet/forslag fra oss. Kommunen kunne løyvd midlane direkte til dei nye eigarane som tilskot til kjøp av snoprepareringsmaskin. Ved å løyve midlane til FSC i tråd med deira søknad støttar kommunen opp under det viktige samarbeidet mellom aktørane på Hallbjønnsekken. FSC har signalisert at dei vil stille krav om 45 dagar med drift i skianlegget pr sesong for å støtte kjøp av preppemaskin(er). Status for infrastrukturfondet er kr 300 000,-, men det er ikkje tenkt å løyve frå desse inneståande midlane til dette føremålet. I saka om sal av grunn til nye eigarar av Hallbjønnsekken VEST er det rekna ut at den offentlege støtta ved dette salet utgjer om lag kr 1 050 000,-. Det vil sei at det er att om lag kr 650 000,- av kvoten på 1,7 mill kr som kommunen kan gje i støtte utan å koma i konflikt med EØS-regelverket (bagatellmessig støtte). Sakshandsamar legg til grunn at eit tilskot som skildra i denne saka på kr 300 000,- frå Feltspatcompagniet, er å rekne som offentleg støtte sidan midlane kjem frå det kommunale infrastrukturfondet. Desse midlane kan såleis ikkje reknast med når dei nye eigarane skal dokumentere at dei har investert minimum kr 3 mill i løpet av 5 år i Hallbjønnsekken VEST jf intensjonsavtale i KS-sak 12/077. Om kommunestyret i sak 12/077 den 4.des ikkje godkjenner intensjonsavtale om sal av areal på Hallbjønnsekken, vert grunnlaget for denne saka endra og ein må då vurdere saka på nytt. Rådmannen si tilråding: 1. Tokke kommune godkjenner at Feltspatcompagniet forskotterar kr 300 000,- frå framtidig innbetaling til infrastrukturfondet til kjøp av snoprepareringsmaskin til Hallbjønnsekken skianlegg Desse midlane vert trekt frå dei neste sal av tomter i tråd med søknaden til heile summen er dekt. 2. Det er ein føresetnad for dette vedtaket (pkt 1 ovanfor), at dei nye eigarane av skianlegget og Feltspatcompagniet vert samde om vilkåra for tilskotet frå infrastrukturfondet og type utstyr som skal kjøpast inn. 3. Feltspatcompagniet skal dokumentere for kommunen at midlane er nytta til det omsøkte føremålet.