Inger Lise. Beste helsing frå



Like dokumenter
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

mmm...med SMAK på timeplanen

Bjerkreim kyrkje 175 år. Takksemd. Tekster av Trygve Bjerkrheim Musikk av Tim Rishton

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Johan Dalsegg født død

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Hei alle sjøstjerneforeldre

/

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

OK, seier Hilde og låser.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsplan for Hare November

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Sorgvers til annonse

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015


2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Brannsår, rus eller friheit?

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

JULEKONSERT MED BEATE LECH,

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

«Ny Giv» med gjetarhund

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INFORMASJON om førestellinga:

MEH2011booklet.indd

SPRE MUSIKKGLEDE. Hvordan skape musikkglede hos barn og unge? Et praksisseminar med sang og musikk i fokus.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MINE EGNE CD ER : 1. Minner (2012) BARNESANGER (2010) 3. Vera i lag (2009)

Valdres vidaregåande skule

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Månedsbrev april 2015

Dikt og andre tekstar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Kva er økologisk matproduksjon?

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

LÆR MEG ALT. vis meg rundt, på nye steder og ta dine erfaringer med før meg dit du vet der é glede for denne skogen hører andre té

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken.

VEDLEGG TINDRA H.131 EVENTYR. Ordforklaringer: bold = tapper uforsakt = ubekymret. Inger Hagerup ( )

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Side 2 og 3 CD 1 CD 2

6. trinn. Veke 24 Navn:

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Informasjon til elevane

Hjelp oss å greie dette, Gud. Du og oss! Men smertefullt og farefullt, det blir det nok også.

,!7II2J9-ghbbbi! Dikt, fjell og rock n roll

Sanger om Kristiansand

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Transkript:

S å takksam eg er for at eg endå eingong kan spela inn eit album. Denne gongen med nye historiar og meir levd liv å skrive om. Små og store augneblink i kvardagen inspirerer meg til å uttrykkje meg gjennom tekst og melodi. Ekstra hyggjeleg er det at pappa på no over 91 år har bidrege med trekkspelsolo på «Minnebok». Denne songen er ein hyllest til barndomen og oppveksten min. Ein hyllest til mamma og pappa som har gitt meg så mykje godt, tryggleik og kjærleik. Frå eg var ei lita jente fekk me 8 syskena vere med å syngje og spele med pappa når han underhaldt med trekkspelet sitt. Mamma var med som ein god og konstruktiv «kritikar». Det å kunne gleda andre folk med musikk har vore ei fin erfaring for meg og ein viktig del av oppsedinga mi. Å gje vidare noko av alt det gode me har fått synast eg er viktig. No er det pappa sin tur til å vere med meg på plateinnspeling. Så ein kan seie at ringen er slutta her. Sidan dei to eldste borna har fått sine eigne songar på tidlegare plateinnspelingar, var det no minstemann sin tur til å få ein song «Solstråle av gull». Eg er så takksam over å ha vorte mamma til tre fine born, «golla» mine som eg kallar dei. Det er fantastisk å gleda seg over nye liv som kjem til. Så mange kjensler følgjer med mammarolla; undring og uro, fasinasjon og begeistring.

«Berre deg», er ein hyllest til mannen min som oppmuntrar meg og støtter meg. Etter å ha opplevd kor brått livet kan snu med alvorlege hendingar og sjukdom som inntreff, er det godt å kunne få syngje ut om kor glad ein er for at det har gått bra med oss, og at ein kan leve livet saman vidare. «Det er du, det er berre deg... mitt haldepunkt i livet». Songen «Fortid» vart til på bakgrunn av dikt eg fann etter ein kvinneleg slektning som levde under tronge kår på 1800-talet. Ho uttrykte tankar om slit, urett, sorg og maktløyse i dikta sine. Våre spor i livet, fotefaret, skal gjerne etterslekta vår prøve å tyde. Eg håpar at denne plata vil setje spor og tilføre trivsel og nostalgi. Det er meg ei stor gleda dei gongene eg får tilbakemelding om at eg gjennom songen min har rørt ved kjensler hos lyttaren, og slik gitt eit minne å ta med på vegen. Stemningsfulle songar og dikt kan leve vidare! Då går tankane mine til eit vakkert sitat. «Livet er kort, kunsten varar evig»! Beste helsing frå Inger Lise

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen 1. Eit haldepunkt Eit haldepunkt er noko som alltid er Eit fundament som ikkje går i stykker Eit haldepunkt er noko som kjennest så kjær Eit haldepunkt Mitt haldepunkt i livet er di hand Sjølv om havets bølgjer smaker salt og søtt I mørke natta, ditt fyrlys vaktar meg, støtt og stødig, du ser eg kan Gjennom livets vandring i lys og skugge Uansett vèr treng me ei trygge hamn I gode og vonde dagar Me er jo berre menneske... Gjennom livets vandring i lys og skugge Uansett vèr treng me ei trygge hamn I gode og vonde dagar Me er jo berre menneske Eit haldepunkt er noko som alltid er Eit fundament så ærleg og trufast Eit haldepunkt er noko som kjennest så nær Eit haldepunkt Gjennom livets vandring i lys og skugge Uansett vèr treng me ei trygge hamn I gode og vonde dagar Me er jo berre menneske

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen Duett med THOM HELL 2. Berre deg Om natt og dag og kor eg fer Eg gøymer i min hjartefamn Eg takkar inderleg og ber Eg gløymer ei den trygge hamn Der hjarta mitt kan kvila Og vita om vår sanningsveg Som hjelper så ein ikkje treng fortvila Eg har med meg i sjel og sinn Så glad eg syng ein takkesong Fred og ro eg atter finn Så bra å kjenna gong på gong Der hjarta mitt kan kvila Og vita om vår sanningsveg Som hjelper så ein ikkje treng fortvila Om skodda ligg så diger Det blømer på vår veg Eg må din kjærleik kjenna Det er du, det er berre deg Om skodda ligg så diger Det blømer på vår veg Eg må din kjærleik kjenna Det er du, det er berre deg

Tekst / Melodi: Inger Lise Stulien 3. Måne i det blå Det stundar mot kveld Og natta fell på Himmelen er pynta med stjerner Måne i det blå Eg søv trygt i kveld Til ny dag skal rå Eg takkar for all denne gleda Måne i det blå Det stilnar i kveld Englar passar på Draumeland blir vekkja til livet Måne i det blå Kveldsvinden ønskjer blomar god natt Dei syng for seg sjølv før dei lukkar seg att Bølgjene brusar og nynnar ilag Alt liv, alt liv takkar for seg idag Kveldsvinden ønskjer blomar god natt Dei syng for seg sjølv før dei lukkar seg att Bølgjene brusar og nynnar ilag Alt liv, alt liv takkar for seg idag Snart søv alt i kveld Kulda aukar på Men eg har det lunt i mitt indre Måne i det blå

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen 5. Nytt liv Nytt liv er att i emning Staudar, blomar, frukt og bèr Nytt liv som skaper stemning I skog og hei og vatn Nytt liv som gjev begeistring For kvart menneske på jord For kvart menneske på jord Nytt liv som treng ei endring Med kjærleik, tru og von Nytt liv som skaper undring Takksemd, fasinasjon Nytt liv som gjev oss næring Kjella for ei gleda stor Kjella for ei gleda stor Travle dagar og mykje slit, men likevel eit under Den nyfødde ser, verdas ljos kjem imot Vårt ansvar som varer heile livet, men som vil gje mange fine stunder Travle dagar og mykje slit, men likevel eit under Den nyfødde ser, verdas ljos kjem imot Vårt ansvar som varer heile livet, men som vil gje mange fine stunder

6. Fri Den fyrste tid, eit landskap spennande og lyst Blomane lyfta begra sine, dei drakk doggdråpar Og fargane sprang ut Den fyrste tid, varmt ljos, kjende liv og lyst Dansen kring bålet, kroppar som spegla seg i havet Og fargane sprang ut. Og fargane sprang ut I dag eg kjenner saknet etter det som gleid forbi Me kjenner godt kvarandre, det var oss det skulle bli Men ingen storm har knekt meg før, og no kjenner eg meg fri Nei, ingen storm har knekt meg før, det var slik det skulle bli Du er ikkje borte, men lys levande einstad Lauvskogen felte blad, svarte greiner på kveldshimmelen Og fargane forsvann Det lei mot solrenning, det var ikkje att eit blad Tankane dreiv oss frå kvarandre, vår løyndom Og fargane forsvann. Og fargane forsvann

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen Duett med TRYGVE SKAUG I dag eg kjenner saknet etter det som gleid forbi Me kjenner godt kvarandre, det var oss det skulle bli Men ingen storm har knekt meg før, og no kjenner eg meg fri Nei, ingen storm har knekt meg før, det var slik det skulle bli Eg må innrømma at du har alltid vore her I eit landskap djupt på botnen, du for meg er alltid kjær I dag eg kjenner saknet etter det som gleid forbi Me kjenner godt kvarandre, det var oss det skulle bli Men ingen storm har knekt meg før, og no kjenner eg meg fri Nei, ingen storm har knekt meg før, det var slik det skulle bli

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen 7. Vegen Å finna vegen ut Når myr og tåke møtast Som ein evig labyrint Men vegen må me alle gå åleine Å finna vegen ut Det kostar mange tårer Som ein evig labyrint Men vegen må me alle gå åleine Å finna vegen ut Er verre utan hjelp Som ein evig labyrint Men vegen må me alle gå åleine Myrene dampar under sløret Mosekona bryggjer, naturen har si vake Anker i usynleg feste Utan styrken er me alle svake Myrene dampar under sløret Mosekona bryggjer, naturen har si vake Anker i usynleg feste Utan styrken er me alle svake Det vesle born, har funne vegen sin Til sjelens kvilestad. Så fullboren og fin Så fullboren og fin. Så fullboren og fin Så fullboren og vakker og så fin Det vesle born, har funne vegen sin Til sjelens kvilestad. Så fullboren og fin Å finna vegen ut Til minne om vesle Oskar som var så fullboren og fin, men som så sørgjeleg brått døydde i mors liv.

Tekst: Inger Lise Stulien / Melodi: Knut Kjetil Møen Duett med STEIN ROGER SORDAL 8. Spor I det kvite skinet Eg ser deg sit og spelar Med bortdrøymde augo Og med tenkjande andletsdrag Våre spor er tekne av vinden Spør vinden før den snur Vår varme for kvarandre Er sterkare enn du trur Våre spor er tekne av vinden Spør vinden før den snur Vår varme for kvarandre Er sterkare enn du trur I det kvite skinet Eg ser deg står og drøymer Med attlatne augo Og med lengtande andedrag Om det kveldast mellom oss finst nye ljose dagar, men vonde kalde netter For kjærleiken me har, gjev gode varme netter Våre spor er tekne av vinden Spør vinden før den snur Vår varme for kvarandre Er sterkare enn du trur

Tekst / Melodi: Inger Lise Stulien 9. Sommar Ei strime frå månen i det svarte vatn Det glitrar som sylv og blankaste krystall Eit vakkert land med fjell og fjord Og fossar under bru der trollet fall Det er godt å kjenna at ein lever og er til Synga høgt ein gledessong med trøyst og von, og latter mild Det er lov å nyta livet, om ein vil Me sat der i lia i fjorgamalt lauv Som i alle draumanes eventyrland Ei vårsol som tinte det fram Det er no på ny blitt sommar i vinterland Det er godt å kjenna at ein lever og er til Synga høgt ein gledessong med trøyst og von, og latter mild Det er lov å nyta livet, om ein vil

Tekst / Melodi: Inger Lise Stulien 10. Solstråle av gull Då du kom til verda Eg kjende det så rett Du var med meg på ferda Det var ikkje alltid lett Frå hjartas djupe grunn Du solstråle av gull Er til vår alles gledesstund Eg syng for deg ein bånesull Frå hjartas djupe grunn Du solstråle av gull Er til vår alles gledesstund Eg syng for deg ein bånesull I tankane følgjer eg stadig med deg Og ønskjer deg lukke og hell på din veg Du vil sikkert klare deg godt der du går Ei framtid så lys vil eg håpe at du får Dei to små søte hender, og dei to små søte bein Skal finna ut av vegen, og flytta mang ein stein Dei to små søte hender, og dei to små søte bein Skal finna ut av vegen, og flytta mang ein stein Du båne mitt, kjære Eit unikt meisterverk Tenk på alt du må lære Før du skal bli stor og sterk

MUSIKARAR OG SOLISTAR: Inger Lise Stulien: SONG Bjørn Ole Rasch: MELLOTRON, TRØORGEL, HAMMOND B3-ORGEL, KLAVINETT OG ANDRE TANGENTAR Knut Kjetil Møen: AKUSTISK-OG EL.GITAR, DOBRO OG MELOBAR SLIDEGITAR Per Hillestad: TROMMER, PERKUSJON OG TOMMELPIANO / Per Elias Drabløs: BASS Sebastian Gruchot: FELE / Trond Arntzen: MANDOLIN, BANJO OG DOBRO Alf Trygve Winge: MUNNSPEL / Vidar Bø: FLYGEL / Arthur Stulien: TREKKSPELSOLO PÅ: «MINNEBOK» Dag Erik Oksvold: KORING PÅ ALLE SONGAR OG KORARRANGEMENT Hilde Nordbakken: KORING PÅ NR. 3,5,7,9 OG 10 / Annbjørg Lien: KORING PÅ «FORTID» Grethe Stulien Lauen og Øystein Lauen: KORING PÅ «MINNEBOK» Thom Hell: SONG PÅ DUETTEN: «BERRE DEG» Trygve Skaug: SONG PÅ DUETTEN: «FRI» / Stein Roger Sordal: SONG PÅ DUETTEN: «SPOR» PRODUSENT OG ARRANGØR: Bjørn Ole Rasch Innspelt i Kongshavn Studios av Roald Råsberg / Miksa i Sanden Studio av Roald Råsberg COVERDESIGN: Kjetså Design AS / FOTOGRAF: Arild Danielsen MAKE-UP: Astrid Stulien Ro / BILETE-COLLAGE I BOOKLET: Inger Lise Stulien Hjarteleg takk til: Alle musikarane som har vore med på denne plata. Eg er utruleg stolt og glad over at så dyktige og gilde folk ville vera med! Ein veldig, veldig stor takk til Bjørn Ole Rasch for fantastiske musikalske og inspirerande stunder og bidrag, varme og energi i eventyrlege Kongshavn Studio! Eg er både takksam og audmjuk over å få jobbe med deg. Thom Hell, Trygve Skaug og Stein Roger Sordal for nydeleg song. Veldig stas! Roald Råsberg for framifrå god lyd og miks, gode smil og godt humør. Helge Westbye og Cathrine Heen på GRAPPA musikkforlag for at de har tru på meg og musikken min. Teknikar Ronny Wikmark, Touchdown music og Nidaros studio i Trondheim for bra jobb under koringa ved Dag Erik sine supre korarrangement. Dag Erik, Hilde, Emilie, Annbjørg, Bjørn Ole, Nicolai, Grethe og Øystein for flott koring. Øystein for trekkspelkomp. Ein spesiell og stor takk til pappa Arthur for kjempefin trekkspelsolo. Det var ei stor oppleving då du kom i Kongshavn studio og leverte så bra. Sterkt! Uendeleg takksam for det. Det er 80 års aldersskilnad på yngste og eldste deltakar på denne produksjonen, Nicolai Lien Rasch på 11 år og pappa på 91 år. Stas!! Ein spesiell takk til Bjørn Ole og Roald for godt og inspirerande studiosamarbeid. Knut Kjetil for så utruleg fine melodiar og idèar til arrangement, og harmoniar i førproduksjonen. Til alle involverte for gode og kreative bidrag. Ein framifrå flott gjeng som bidreg på denne plata. For ein bukett! Takk til Kjell Rune Nakkestad for foto av Katland fyr, bearbeidd av Ove og Inger Lise. Kjære Olav, Harald, Kari og Endre: Dykke betyr alt for meg. Inderleg takknemleg! For booking: ingerlisestulien@gmail.com, mobil 950 29 819 GRAPPA musikkforlag, www.grappa.no, info@grappa.no

GRCD4487