VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN PLAN FOR VERKSEMDA 2009-2010-2011 1
VISJON Vanylven kommune skal ha ein kulturskule der barn og unge i og utanfor skuletida får utvikle sine sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke barn og unge sin sjølvtillit, og gje glede i livet. 2
MUSIKALSK FØRSKULE AKTIVITETANE Musikalsk førskule er lagd til 2.trinnet i skulen. Dette er eit tilbod om generell musikkopplæring/aktivitet, med notelære, blokkfløytespel, rytme, song, songleikar og dans. Tilbodet gjev førerett ved søknad til instrument i 3.klasse. Det er musikalsk førskule på Eidså skule, Fiskå skule og Åheim skule. Lærar er Bente Sundnes. ASPIRANTOPPLÆRING TIL KORPSA Kulturskulen underviser 39 1.og 2.års aspirantar. Undevisninga føregår på Åheim, Fiskå og i Syvde, og aspirantane høyrertil dei respektive korpsa. Aspirantopplæringa er to-årig, og vanlegvis når elevane er i 3.og 4.klasse. Instruktørar 09/10 er Sølvi Nygård, Aina Wefring, Malin Nordal og Magne Sørdal. 3
STRENGEINSTRUMENTA GITAR / BASSGITAR / EL-GITAR Det er 49 søkjarar til gitar. Undervisninga foregår i Syvde, Fiskå og Åheim. Lærar er Lucian Gradinaru, med fem års gitarutdanning frå Romania. Lucian underviser både klasisk gitar og rock / el-gitar, og bass. Alder: Frå 3.klasse BAND Kulturskulen vil frå hausten av gje tilbod om å spele i band. Om du spelar band-instrument (keyboard-el-gitar-bassgitar- trommer,) eller syng), kan du melde deg på så vil vi sette saman passelege grupper. Øvingsstad vert den nye musikkbingen i Syvde. FIOLIN Det er tre elevar som spelar fiolin. Lærar er Sølvi Erviksæter Sjåstad, med erfaring frå både klassisk, og folkemusikktradisjonen i Nordfjord. Alder: Frå 3.klasse 4
PIANO Det er i dette skuleåret 12 søkjarar til tangentinstrument. Lærar til piano-elevane er Øyvind Sørdal Klungre, i mange år elev ved kulturskulen, seinare elev ved musikklina i Volda. Alder: Frå 3.klasse TREKKSPEL. Trekkspel har lang tradisjon i Kulturskulen. Det er dette året 24 søkjarar til trekkspelundervisninga. Lærar er Bente Sundnes. Trekkspelelevane er, i tillegg til den vanlege undervisninga, deltakarar på Distriktmesterskapen for trekkspel anten i Nordfjord eller i Møre og Romsdal. Mange av dei reiser også på trekkspel-leir i lag med Bente, noko som er både utviklande, inspirerande og morosamt. Trekkspelarane er også deltakarar på ymse tilstellingar i kommunen som Solsikkedagane, Kostarikjedagane osv. Alder: Frå 3. klasse 5
TVERRFLØYTE Det er fire elevar som spelar tverrfløyte dette året. Lærar er Malin Nordal. Alder: Frå 3.klasse DANS Det er fem dansegrupper i kulturskulen dette året. Tre grupper turn/dans, to på Fiskå og ei på Åram. Instruktør er Berit Brunvold. Ei gruppe jazzdans er i Syvde, med instruktør Beathe Hansen, og ei gruppe som dansar hiphop på Fiskå, instruktør Stine Fiskaa. NB: HipHop og turn/dans går ut komande skuleår fordi vi ikkje har instruktørar! 6
DANS i skuleåret 2010-2011: Dansekunst for born og unge Dansekunst er eit nytt tilbod i Kulturskulen der born og unge får arbeide saman med ein proffesjonell danser. Undervisninga vil leggast opp slik at borna får vere medskapande i arbeidet fram mot større og mindre forestillingar. For å gjere dette vil vi arbeide med improvisasjon og lære skape eigne bevegelsar og dansar, to og to og som heil gruppe. Vi vil arbeide i ulike sceniske rom og med musikk, scenografi og kostymer som deltakarane sjølv får vere med i å finne fram til. Dansekunst vil vektegge at den enkelte får vere med å sette preg på det kunstneriske uttrykket og arbeide mot ei heilskapleg forestilling på tvers av alderstrinna i løpet av året. Solveig Styve Holte Solveig Styve Holte(f.1984 i Volda) arbeider som dansekunstner på heiltid, utdanna frå Den Norske Balletthøgskole og Skolen for Samtidsdans. Etter utdanning har Solveig arbeidd ved Rom for Dans i Oslo med undervisning og leiing av dansekunstprosjekt for barn og unge i møte med proffesjonelle. Våren 2010 har Solveig arbeidd som danser og koreograf i forestillinga "ikkjetid/ ikkjetyngd" i samarbeid med komponist Magnar Åm i Molde Domkirke, og forestillinga STRUKTUR i samarbeid med dansekunstner Bente Alice Westgård ved Teatret Vårt i Molde. Solveig turnere fast som danser i "LØYPE!" for Den Kulturelle Skulesekken i samarbeid med musiker Hanna Gjermundrød, ei interaktiv forestilling i kyrkjerommet for 1.-4. klassetrinn. Har dansa 10 år ved Ørsta/Volda Ballettskule, sunge i Digitalis og gått musikklinja ved Volda vgs. Er frå Folkestad og hatt engasjement for Ivar Aasentunet, Ørsta/Volda kirkeakademi, Seanse ved Høgskulen i Volda og Kyrkjefestveka 2005 i Volda som proffesjonell. ALDER: 3-5 ÅR, 6-12 ÅR, 13-15 ÅR 7
TEATER Det er to grupper elevar som har teater som fag. Åtte elevar frå barneskuletrinnet og 12 i ungdomsskulealder. Instruktør er Marianne Løseth, freelans skodespelar og teaterinstruktør frå Syvde/Bergen. Desse to gruppene har gått i lag om å sette opp musikalen Annie denne vinteren. Biletet er frå fjorårets Jeg vet hvorfor oppsetting, eit stykke om menneske med psykiske vanskar, og menneska rundt. Alder: 5-7.klasse, 8.-10.klasse Marianne Løseth 8
Gjengen i Annie SONG /DANS Dette er eit nytttilbod til barneskule/ungdomsskuleelevar. Det viktige her er opplæring i stemmebruk og bruk av mikrofon til sang, men også litt koreografi i samband med opptreden. Lærar er Micaela Gradinaru AKTIVITETAR GJENNOM ÅRET 9
Kulturskulen har tradisjonelle konsertar rund om i bygdene i januar, og ein større felles konsert som avslutning i juni. Elles arrangerer skulen mindre konsertar i løpet av året, ved passande høve så som institusjonsbesøk, utstillingar etc. Grupper som har bildefag har utstilling ved slutten av skuleåret. Danseframsyning av dansegruppene to gongar pr år. Teater: Framsyning på vårparten av detykket ein har arbeidt med. UNDERVISNINGSMENGD Undervisninga i kulturskulen fyl skuleåret elles, og inneheld såleis normalt 36 undervisningsveker pluss to konsertar/framsyningar. Undervisningstida er mellom 20 og 30 minutt alt etter alder og modning for enkeltelevar, og opptil 45 min for grupper. For teater- og teikne-elevar er undervisningstida 90 min. For dans 45 min. REGLAR FOR ELEVANE Kulturskulen gjev undervisning ved hjelp av offentlege midlar. Dette medfører eit ansvar for eleven om korleis undervisninga han/ho får vert nytta. Reglar for elevane vedtekne av kultur - og oppvekststyret i Vanylven : o Dei som vert tekne opp som elevar, må binde seg for minst eit halvt år. Dersom ein elev ynskjer å slutte midt i eit semester, må han/ho betale for heile semesteret. o Det er høve til å seie opp plassen 15.desember. Skriftleg melding om dette må ligge føre innan fristen o Elevavgifta blir innkravd for eit halvt år om gongen. Denne vert ikkje refundert utan ved lengre tids sjukdom(meir enn fire veker) eller ved flytting frå kommunen. o Elevane må møte presis og godt førebudde til timen. Sjukdom eller annan gyldig grunn til fråver skal, om mogleg, på førhand gjevast melding om til lærar eller til rektor. Eleven kan ikkje få forsømde timar tilbake. o Dersom instrument som musikk-og kulturskulen eig vert påført skade, skal dette straks meldast til rektor. Dersom skaden skuldast hærverk/dårleg behandling, må elevane sjølve betale for reparasjonen o Ved gjentekne fråver etter kvarandre utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære årsaker, kan lærar, etter samråd med rektor, vise bort elevar frå undervisninga. ELEVBETALING/EIGENANDEL Musikalsk førskule kr 650,- pr halvår Andre aktivtetar kr. 1000,- pr halvår. Egenandel kor: kr 7000,- pr halvår Egenandel korps kr 6000,- pr halvår 10
MEDARBEIDARANE 2009-2010.: Berit Brunvold Stine Fiskaa Beathe Hansen Lucian Grandinaru Øyvind Klungre Marianne Løseth Sølvi Myklebust Malin Nordal Sølvi Nygård Sølvi E. Sjåstad Bente Sundnes Andrea Syre Magne Sørdal Aina Wefring Arbeidsområde Dans,Turn/dans Dans, HipHop Dans, Jazzdans Gitar, klassisk og rock, bassgitar Piano Teater Dirigent, Vanylven Blandakor Tverrfløyte Aspirantgrupper Åheim Fiolin Musikalsk førskule, trekkspel Dirigent, Åram Damekor Rektor 50%, aspirant Syvde, dirigent Syvde skulekorps Dirigent Fiskåbygd skulekorps MUSIKKBINGEN Hausten 2009 vil Vanylven kommune få musikkbinge, som barn og unge kan benytte til øvingsaktivitet. Bingen vil bli plasert ved Myklebust skule, men vil sjølvsagt vere til benyttelse for alle i kommunen. Bingen er lydisolert, oppvarma og ca 30m stor. Den vil bli utstyrt med bandutstyr slik som forsterkarar, sanganlegg, trommer osv. Utlån vil verte administrert gjennom kulturskulen. Bingen er finansiert gjennom statleg tilskot og ein eigenandel frå komunen. Den er først og fremst tenkt å tene det sjølvstendige musikklivet i kommunen, men også kulturskule og grunnskule vedbehov. SLUTTORD Kulturskulen er eit svært viktig tilbod til born og unge i Vanylven. Oppslutninga viser dette. Over 200 elevplassar delte ut på om lag 170 elevar fortel at born og unge brukar kulturskulen i stor grad. Det er difor svært viktig, på brukarane sine vegne, at politikarar og administrasjon også framover vil tilføre kulturskulen det som trengs for å kunne gje tilbod om kulturopplæring med breidde og god kvalitet. 11