2012/2013 STUDERE. ved Universitetet i Bergen



Like dokumenter
UiB hva er det? By-universitet. Seks fakultet Kantine, lesesaler, forelesningssaler, pc-saler, bibliotek. Internasjonalt universitet

Prosentvis økning (99%-tall) Økning % (antall) Primærsøkere 2009 (99%-tall)

Til deg som bur i fosterheim år

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

ALLMENN LITTERATURVITSKAP

Samordna opptak, poengberekning og særskilt vurdering. Lise Bjørkhaug Opptakskontoret, Høgskulen på Vestlandet 22. januar 2018


Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Husk sperrefrist onsdag 27. april kl 13.00!!

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

Rådgjevarkonferansen 2009

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

mmm...med SMAK på timeplanen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategi Ny kunnskap ny praksis

- print preview

KLASSISK SPRÅK OG LITTERATUR

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Studieplan 2009/2010

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Spørjeundersøking om sentrumsområde

DANSEVITSKAP. Bachelor, mastergrad og vidareutdanningskurs.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Brukarrettleiing E-post lesar

Frå novelle til teikneserie

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB

Studieplan 2008/2009

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Trugar «teljekantsystemet» norsk som forskingsspråk?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Informasjon til elevane

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Psykologisk førstehjelp i skulen

Internasjonal vidaregåande skule

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

IKT-kompetanse for øvingsskular

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Informasjonshefte for Vg1 på KG. FAGVALG i Vg2. skoleåret 2013/2014

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Vaksenopplæringa i Sula

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

STUDIEPLAN. UiT Noregs arktiske universitet, campus Tromsø

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Felles studieadministrativt tenestesenter

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Støtteordningar og søknader

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Transkript:

2012/2013 STUDERE ved Universitetet i Bergen

Innhald Forskingsuniversitetet 6 Studere ved UiB 8 Akademisk kompetanse 18 Organisasjonen UiB 20 Vi er her for deg 21 Studentliv 24 Humanistiske og estetiske fag 28 Arabisk.... 32 Arkeologi.... 33 Digital kultur... 34 Engelsk.... 35 Filosofi og idéhistorie... 36 Fransk.... 37 Gresk.... 38 Historie.... 39 Italiensk.... 40 Japansk.... 41 Kjønnsstudium... 42 Kulturvitskap.... 43 Kunsthistorie... 44 Latin.... 45 Litteraturvitskap.... 46 Nordisk.... 47 Religionsvitskap.... 48 Retorikk.... 49 Russisk... 50 Spansk språk og latinamerikastudium... 51 Språk og interkulturell kommunikasjon... 52 Språkvitskap... 53 Teatervitskap... 54 Tysk... 55 Utøvande musikk eller komposisjon... 56 Integrert masterprogram i musikkterapi... 57 Humanistiske fag... 58 Juridiske fag 62 Rettsvitskap.... 66 Lærarutdanningar og utdanning i pedagogikk 68 Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk).... 72 Lektorutdanning med master i nordisk.... 73 Adjunktutdanning i matematikk og naturfag.... 74 Lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk.... 75 Pedagogikk.... 76 Medisin, odontologi og helsefag 78 Farmasi.... 82 Folkehelse og helsefremjande arbeid.... 83 Human ernæring... 84 Medisin.... 85 Odontologi.... 86 Tannpleie.... 87 Naturvitskaplege og teknologiske fag 88 Biologi.................................................92 Datateknologi.... 93 Datavitskap.... 94 Fiskehelse.... 95 Fysikk... 96 Geovitskap.... 97 Havbruksbiologi.... 98 Informatikk-matematikk-økonomi.... 99 Kjemi.... 100 Matematiske fag.... 101 Meteorologi og oseanografi.... 102 Miljø- og ressursfag.... 103 Molekylærbiologi.... 104 Nanoteknologi... 105 Petroleum- og prosessteknologi... 106 Naturvitskaplege fag.... 107 Psykologiske fag 110 Arbeids- og organisasjonspsykologi.... 114 Generell psykologi.... 115 Psykologi (profesjon).... 116 Psykologi (årsstudium).... 117 3

4 Samfunnsvitskaplege fag 118 Administrasjon og organisasjonsvitskap... 122 Europastudium.... 123 Film- og TV-produksjon... 124 Geografi.... 125 Informasjons- og kommunikasjonsteknologi... 126 Informasjonsvitskap... 127 Journalistikk.... 128 Kognitiv vitskap... 129 Medievitskap.... 130 Nye medier.... 131 Politisk økonomi.... 132 Samanliknande politikk... 134 Samfunnsøkonomi... 135 Sosialantropologi... 136 Sosiologi... 137 Utviklingsstudiar.... 138 Samfunnsvitskaplege fag... 139 Har du spørsmål? 142 uib.no

Forskingsuniversitetet Universitetet vil ha store forventningar til deg. Og du skal ha store forventningar til universitetet. 6 Ved Universitetet i Bergen (UiB) finn du eit stort fagleg tilbod og eit rikt mangfald av menneske frå ulike miljø og kulturar. Universitetet vil ha store forventningar til deg. Og du skal ha store forventningar til universitetet. Vel du å leggje framtida di i våre hender, vil eg på vegner av heile universitetssamfunnet love at vi skal gjere vårt aller beste for at du skal trivast, lære og utvikle deg som menneske. Ved UiB vil du studere ved eit forskingsuniversitet. Det betyr at du får nærkontakt med forskinga frå første studiedag og gjennom heile studiet. Forelesarane og rettleiarane er aktive forskarar, ein del av dei heilt i verdstoppen innan sine fag. Enkelte hevdar at forskingsuniversitetet ikkje prioriterer undervisninga høgt nok. Men eg vil forsikre deg om at undervisning er ein svært sentral del av verksemda ved UiB. Akkurat som god undervisning er basert på ny forsking, er gode studentar ein føresetnad for fornying av forskinga. Eg håpar du finn noko som kan freiste i denne katalogen. Vi ser fram til å ta imot deg som student ved Universitetet i Bergen. Beste helsing Sigmund Grønmo Rektor uib.no

Bli student! Det finst mange grunnar til å bli student. Ei ny verd opnar seg når du trer inn i studentlivet. Du får nye innsikter og blir flinkare til å tenkje kritisk. Du forstår meir av verda du lever i, samstundes som du lærer deg sjølv betre å kjenne. Ikkje minst får du venner og opplevingar for livet. Vi håper at denne katalogen motiverer deg til å bli student hos oss. Dei neste sidene gir deg ein smakebit på kva vi har å tilby deg. Vi gir deg informasjon om dei praktiske sidene av studentlivet og skildrar alle studietilboda våre. Men det er ikkje lett å få plass til ei heil lita verd på nokre få papirsider. På nettsida vår, uib.no, vil du finne utfyllande informasjon, slik at du skal få svar på alt du måtte lure på når du har lese katalogen du no held i hendene. Dette gjeld mellom anna deg som allereie har ein bachelorgrad, men som ønskjer å ta eit masterstudium. Det gjeld også deg som er ute i yrkeslivet, men som er interessert i etter- eller vidareutdanning. Nettsidene våre inneheld informasjon om alle studieprogram og emne, om bustad, trening, fritidstilbod og forslag til karrierevegar. Her kan du òg bestille meir informasjon som du kan få sendt heim i postkassa di. Vi har utstyrt katalogen med QR-kodar som gjer vegen til nettsidene våre kortare og raskare. Kodane finn du på introduksjonssida til kvar faggruppe. Du kan dessutan finne oss på facebook, twitter og youtube, og få eit innblikk i studentlivet på www.studentblogg.uib.no. Lukke til med valet ditt. Vil du velje trygt og spennande på éin gong? Vel UiB! 7

Studere ved UiB 8 Likar du tanken på eit universitet plassert i hjertet av den nest største byen i Noreg? Vil du bli del av eit miljø som kombinerer solid vitskap med nyskapande forsking? UiB sine fagmiljø er internasjonalt anerkjente og gir deg fagleg tyngd og god kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. Du blir ikkje berre ein godt utrusta arbeidstakar ved å studere hos oss på UiB vil du også utvikle deg som menneske. Du lærer å tenkje sjølv, å analysere og trekke slutningar. Du lærer å skrive, og å bringe ein idé frå tanke til resultat både aleine og saman med andre. Det fleksible universitetet Ved UiB er det mykje å velje mellom dersom du ønskjer å ta ei høgare utdanning. Det kan verke skummelt å ta avgjerda om å følgje ei retning, men ikkje ver uroleg for å velje feil. Det er ikkje nødvendig å ta alle vala i dag. Mange finn først i det femte semesteret sitt ut at dei har lyst til å gå vidare på eit masterprogram, medan andre veit frå dag éin at dei har lyst til å ta ein doktorgrad. Det er lite som er fastlagd når du begynner å studere ved UiB. Mange av bachelorprogramma våre har eit heilt år med det vi kallar «frie emne», der du sjølv avgjer kva fag du vil fylle opp studiet med. Du kan til dømes ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di dersom du ønskjer deg ei karriere innanfor kulturadministrasjon. Vi strekkjer oss langt for å skreddarsy ei utdanning som passar for deg. UiB er eit fleksibelt universitet med høg fagleg kompetanse, som samstundes er smidig og løysingsorientert. UiB sine fagmiljø er internasjonalt anerkjende og gir deg fagleg tyngd og god kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. uib.no

9 Byen e Bergen Ved UiB ligg dei fleste fakulteta og brorparten av studenttilboda midt i bysentrum. Det er gode transportmoglegheiter inn til byen og korte gangavstandar mellom universitetsområdet, treningssentra, parkar, butikkar og studenthuset Det Akademiske Kvarter. Vegen er ikkje lang frå lesesalen til næraste kafé, der ein kan la hjernen kvile over ein kopp kakao. Denne nærleiken til sentrum gjer at ein som student ved UiB kjem inn under huda på Bergen. Sakte men sikkert vil du forelske deg i byen. Du vil merke gleda av å unne deg ei varm fiskekake frå Søstrene Hagelin, og mange vil etter ei stund kjenne eit frydefullt grøss når dei høyrer bogekorpsa tromme om våren. Dersom dosa av Bergen blir for intens, kan det vere ein trøyst at fleire tusen av medstudentane dine er tilreisande frå andre stader i landet, og at eit høgt tal studentar frå andre land studerer ved UiB. For meir informasjon om byen, studentorganisasjonar, kultur- og byliv, natur og friluft sjå: utdanningibergen.no

10 Opptak Opptakskrav For å bli student ved UiB må du anten ha generell studiekompetanse eller realkompetanse. Generell studiekompetanse inneber at du: har fullført treårig vidaregåande utdanning ELLER har fagbrev eller sveinebrev ELLER fyller 23 år i opptaksåret og har minst fem års praksis I TILLEGG må du ha fullført faga norsk (393 årstimar), engelsk (140 årstimar), historie (140 årstimar), samfunnsfag (84 årstimar), matematikk (224 årstimar) og naturfag (140 årstimar). Søkjarar med beståtte fag frå Reform 94 eller tidlegare får godkjent fag etter overgangsreglar. Realkompetanse: Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, men er over 25 år, kan du søkje opptak til studium på grunnlag av realkompetansen din. Realkompetanse er kunnskap du har fått gjennom yrkespraksis, uløna arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på anna vis. Kompetansen må vere relevant for det faget du søkjer opptak til. Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden Utanlandsk utdanning må vere på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring for å gi generell studiekompetanse. Ein må i tillegg dokumentere kunnskapar i engelsk og norsk. Spesielle opptakskrav Nokre studium krev at du har visse fag frå vidaregåande skule i tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse. Sjå opptakskrava for kvart enkelt studium. Søkjarar kan også fylle krava med fag frå Reform 94 eller tidlegare ordningar. GENS Generell studiekompetanse LÆRER Minst karakteren 3 i matematikk og norsk og minst 35 skulepoeng* LÆREAL Minst karakteren 3 i norsk, minst 35 skulepoeng og REALFA* MATRS Matematikk R1 eller S1+S2* MEROD Matematikk R1 eller S1+S2 + Fysikk 1 + Kjemi 1+2* MUSUIB Opptaksprøve* REALFA Matematikk R1 eller S1+S2 og Matematikk R1+R2 eller Fysikk 1+2 eller Kjemi 1+2 eller Biologi 1+2 eller Informasjonsteknologi 1+2 eller Geofag 1+2 eller Teknologi og Forskingslære 1+2* *I tillegg til generell studiekompetanse Kvotar og poenggrenser Dersom du ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har fått førstegongsvitnemål som gir generell studiekompetanse, kan du konkurrere i kvote for førstegongsvitnemål. Her tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. I ordinær kvote får du rekna med alderspoeng og tilleggspoeng. Du konkurrerer i alle kvotane du er kvalifisert for. I presentasjonen av studieprogramma er poenggrensene frå siste opptak setje opp slik at det første talet viser til poenggrensa i ordinær kvote, medan det andre talet er for førstegongsvitnemål. Døme: 54,5 / 50,0. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er større enn talet på studieplassar. Står det Alle, tyder det at alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass ved siste opptak. Poenggrensa kan variere frå år til år. Korleis rekne poeng Karakterpoenga blir rekna som eit gjennomsnitt av alle karakterane på vitnemålet. Snittet blir ganga med 10. Realfagspoeng: Hovudregelen er at kvart realfaglege programfag utløyser 0,5 realfagspoeng. Om du har teke realfagleg matematikk R2 og fysikk 2, blir kvar av desse løna med 1 poeng. uib.no

Fristar i det samordna opptaket 1. mars: Frist for å søkje om plass ved UiB dersom du vil ha vurdert realkompetansen din. Dette er også fristen for søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, for søkjarar med IB, for søkjarar som ber om særskilt vurdering i forhold til poenggrensene, og for søkjarar som ønskjer å søkje om tidleg opptak. 15. april: Siste frist for å søkje om opptak til UiB. På nettsøknaden din vil du finne eit følgjeskjema som du må sende inn saman med dokumentasjon innan ein gitt frist. Det er likevel ikkje alle som må sende inn følgjeskjema. Du finn informasjon om kven det gjeld på Samordna opptak sine nettsider. 1. juli: Frist for ettersending av dokumentasjon for utdanning og praksis som du avsluttar våren 2012, og frist for å omprioritere studieønske. 20. juli: Tilbod om studieplass blir kunngjort på nettsøknaden din. 26. juli: Frist for å svare på tilbodet om studieplass og eventuell ventelisteplass. www.samordnaopptak.no Språkpoeng: Gjeld berre for framandspråk tatt som programfag. Hovudregelen er at 140 årstimar gir 0,5 poeng, medan framandspråk nivå 3 (som byggjer på fellesfag nivå 2) gir 1,0 poeng. Du kan totalt få 4 realfagspoeng og språkpoeng. Tilleggspoeng blir gitt for anten militær-/sivilteneste eller folkehøgskule eller 1 års høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Du kan totalt få 2 tilleggspoeng. Alderspoeng blir normalt tildelt frå og med det året ein fyller 20 år. Du kan totalt få 8 alderspoeng. Søknadsprosedyre Søknad om opptak til grunnstudium ved UiB går via Samordna opptak. På nettsidene til Samordna opptak finn du søknadsskjema og informasjon. Gjennom Samordna opptak kan du søkje på: Årsstudium Bachelorstudium Integrerte femårige masterstudium Profesjonsstudium (gjeld ikkje profesjonsstudiet i psykologi) Program med eigne søknads- og opptaksprosedyrar Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon har eigne søknads- og opptaksprosedyrar. Sjå uib.no/utdanning Vidare informasjon frå UiB 1. juni Dersom du har UiB som førsteprioritet på søknaden til Samordna opptak, sender vi deg eit brev med informasjon om dei ulike fristane fram mot studiestart. 20. juli Dersom du får tilbod om opptak til eit studium ved UiB, sender vi deg ei brosjyre med all den informasjonen du treng i samband med studiestart. Her får du mellom anna vite tid og stad for orienteringsmøta, programmet for fadderveka, og alt det praktiske du må gjere som ny student. 1. august Du som har fått tilbod om studieplass ved UiB og takka ja til denne, vil få tilsendt eit opptaksbrev som stadfestar kva studium du har kome inn på. Midten av august Studiestart for nye studentar ved UiB. Meir informasjon E-post: opptak@uib.no Tlf.: 55 58 43 00 11

12 Kor langt vil du? Bachelorprogram Eit bachelorprogram er treårig (180 studiepoeng) og gjer deg godt rusta til arbeidslivet. UiB har over 70 ulike bachelorprogram du kan velje mellom. Nokre av dei er fastlagde løp, men mange av dei har eit heilt år med frie emne innbakt. Det betyr at du kan fylle det eine året med dei faga du vil. Du kan også ta delar av studiet ved eit universitet i utlandet. Masterprogram Eit masterprogram er eit toårig studium (120 studiepoeng) som byggjer på bachelorgraden. Ved å ta eit masterprogram får du ei ettertrakta blanding av brei akademisk kompetanse og fagleg spesialisering. På masternivå får du verkeleg fordjupe deg i faget. Ein mastergrad gir deg enda fleire karrieremoglegheiter. Du kan til dømes gå vidare på ei forskarutdanning. Profesjonsstudium Profesjonsstudium er faste utdanningar som rettar seg mot spesifikke yrke i samfunnet. Dei fleste profesjonsstudia er femårige og fører fram til ein mastergrad. Etter avslutta utdanning får du altså ein spesifikk og ofte beskytta yrkestittel eller autorisasjon. Døme på profesjonsstudium ved UiB er medisin, rettsvitskap, farmasi, tannpleie, lektorutdanning, psykologi, odontologi, samfunnsøkonomi og fiskehelse. Årsstudium Eit årsstudium gir deg studierett ved UiB i eitt år med fulltidsstudium (60 studiepoeng). Det passar for deg som ikkje har planar om å ta ein grad, men berre har tenkt å studere ved UiB i eitt år. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) Du kan ta eit eittårig påbyggjingsstudium i praktisk pedagogikk (PPU) dersom du ønskjer å bli lærar. Dette tar du etter ein bachelorgrad eller mastergrad som inneheld 60 studiepoeng i minst to fag som det blir undervist i på skulen. Sjå også side 69. Forskarutdanning UiB er eit forskingsuniversitet med ein internasjonal profil. Du kan ta forskarutdanning innan følgjande fagområde: humaniora, juss, naturvitskap, medisin og odontologi, psykologi og samfunnsvitskap. Du vil ha høve til å utføre både disiplinær og tverrfagleg forsking. Ph.d. byggjer på mastergraden og har ei normert tidsramme på tre år. 6 6 6 PPU STUDIEVEGAR Bachelor/master 5 4 3 2 1 Integrert master/profesjon 5 4 3 2 1 Musikkutdanning 5 4 3 2 1 Psykologstudiet 5 4 3 2 1 Medisinstudiet 5 4 3 2 1 Lektorutdanning 5 4 3 2 1 Lektorutdanning 5 4 3 2 1 Adjunktutdanning 4 3 2 1 Årsstudium: Bachelor: Profesjon: master: antall år: 1 2 3 4 5 6 uib.no

Har du studert før? Dersom du har tatt fag tidlegare, anten det er på UiB, andre norske eller utanlandske universitet, kan det vere mogleg å få inkludert den tidlegare utdanninga di i ein grad hos oss. Dersom du har begynt på eit studieprogram, men ønskjer å bytte, kan du søkje om intern overgang. Om du er ferdig med eit program, men vil studere vidare, kan du søkje om poststudierett. Spør informasjonssenteret ved fakultetet ditt. Sjå side 142. Heilt ny som student? Du får ekstra tett oppfølging av oss i det første semesteret ditt. Det første semesteret som fersk student blir eit innleiande semester med introduksjonsemne og examen philosophicum, som lærer deg om filosofisk og akademisk tenkjemåte og skriving. Men det er ikkje berre fagleg at du får ein varm velkomst. Universitetet arrangerer ei fadderveke for nye studentar den første veka, der erfarne studentar frå fakultetet ditt viser deg byen. Dei hjelper deg også med praktiske ting du lurer på, som semesterregistrering eller korleis du får studentkort. Nokre tar med seg faddergruppa si til Ikea for handle inn til hybelen. Andre avslører kvar ein kan få den beste kaffien i byen, eller viser deg dei beste lesesalane på fakultetet ditt. Du treff ikkje berre erfarne studentar den første tida, du møter òg mange andre nye studentar i same situasjon som deg sjølv. Mange vennskapsband blir knytte denne veka. Alt frå grilling i parken til nattevandring på Akvariet står på programmet. For at du skal kunne førebu deg på dei første vekene, sender vi deg all nødvendig informasjon i god tid i posten. For meir informasjon om førstesemesteret for nye studentar, sjå uib.no/utdanning 13

"Vi ønsker at dere skal utvikle fantasien og trene opplevelsesevnen, lære tankebyggene og endre dem, gå inn i verden og forandre den." Gudmund Hernes, opningstale til nye studentar ved UiB 14 Læring Forelesingar haldne av aktive forskarar er ei viktig kjelde til kunnskap og inspirasjon på UiB. Dei ulike emna blir formidla til studentane slik at dei får innblikk i heilt ny forsking og akademiske tradisjonar. Vi legg òg opp til samarbeid i grupper og seminargrupper med 10 15 studentar i kvar. Desse blir leidde av studentar på eit høgare nivå for å sikre at nye studentar får best mogleg rettleiing. Sjølvstudium på lesesalen er den aller viktigaste læringsforma, anten du skal lese artiklar, bøker, forskingsresultat eller skrive eigne tekstar. Universitetet legg opp til at studentane arbeider på eige initiativ, både aleine og i lag med medstudentar. Alle studentar får tilgang til lesesalar, som finst på fakulteta, institutta, biblioteka og som eigne bygg. I mange fag er dessutan undersøkingar ein viktig del av læringa, til dømes labøvingar, intervju, feltarbeid og analyse av statistikk eller tekst. Vi strekkjer oss etter å teste kunnskapen jamt i form av oppgåveinnleveringar med tilbakemelding undervegs i semesteret, og vi gir ei generelt tett og god oppfølging av deg som student. Her finst det variasjonar frå studium til studium, men poenget er: Hos oss forsvinn du ikkje i mengda, trass i våre 13 500 studentar. Det er vi stolte av. uib.no

15 UiB sitt levande læringsmiljø utfaldar seg mellom ærverdige bygningar med tradisjonelle lesesalar og topp moderne bibliotek. Universitetsområdet yrer av aktivitet, og omgivnadene bidreg til å auke læringslysta. Den spesielle miksen av nytt og gammalt, tradisjon og modernitet, sentral plassering og flott arkitektur gjer UiB til eit særs attraktivt universitet. Kvart av dei seks fakulteta våre har sine eigne bibliotekavdelingar fulle av faglitteratur og kjeldemateriale som kart, manuskript, fotografi og fagtidsskrifter. Biblioteka tilbyr også kurs i litteratursøk, kjeldekritikk og bruk av samlingane.

16 Eg fikk ei unik oppleving og høve til å utforske alt eit amerikansk universitet har å by på både sosialt og fagleg. Solveig Svarstad (Medievitskap, Purdue University) Studiar i utlandet Universitetet i Bergen har eit sterkt fokus på internasjonalisering. Alle gradsstudentar kan studere eit semester ved eit universitet i utlandet. Vi samarbeider med om lag 400 utanlandske institusjonar over heile verda for å gi deg høve til dette. UiB si satsing på internasjonalisering inneber også at det er mange utanlandske studentar som studerer hos oss i Bergen. Det høge talet utreisande studentar og det høge talet utanlandske studentar som kjem til UiB gjer oss til eitt av dei mest internasjonale universiteta i Noreg. Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Éin grunn er at du kan studere fag du elles ikkje ville kunne studere i Noreg. Slik sett er det å reise ut ei god moglegheit til å forsterke graden din, og til å gjere kompetansen din unik. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er innsikta du får i språket og kulturen i det landet du reiser til. uib.no

Semesteret i USA er eit fantastisk tilskot til utdanninga mi. Ikkje gå glipp av erfaringa eit utenlandsopphold kan gi deg! Annichen Valeberg (Jus, Washington Semester Program) Det er ein fryd for ein litteraturstudent å konstant vere omgitt av eit anna språk i ein by som er ein av dei rikaste på historie og kultur i verda. Thomas Hill (Litteraturvitenskap, Universiteit van Amsterdam) Dei fleste vil oppleve at dei utviklar seg mykje som menneske i løpet av tida i utlandet, og dei skaper seg erfaringar, nettverk og venner som dei har glede av heile livet. UiB kan gi deg rettleiing om utveksling, og vi vil hjelpe deg i søknadsprosessen om opptak ved samarbeidsuniversiteta våre. Det fins ulike program for utveksling innanfor Norden og EU, og du kan i tillegg velje mellom ei rekkje universitet utanfor Europa. Les meir på uib.no/utdanning for fleire detaljar og kontaktinformasjon. Der kan du også lese rapportar frå studentar som har vore på utveksling.

Akademisk kompetanse 18 Ein universitetsgrad gir deg ein spesialisert kompetanse der du fordjupar deg innanfor eitt eller fleire fagområde, men det gir også ein generell kompetanse som mange arbeidsgivarar ser på som ein kvalifikasjon i seg sjølv. Innanfor spesialiseringa utviklar studentane ei brei og grundig oversikt over eit fagfelt. Hugs at det ikkje alltid er kva slags spesialisering du har som avgjer kva slags jobb du får. Med akademisk utdanning veit arbeidsgivarar at du er i stand til å vere kritisk, gjere grundig og objektiv undersøking, analysere, jobbe aleine og saman med andre, jobbe både prosess- og resultatorientert, tenkje logisk og retorisk, og kombinere nytenking med tradisjonar. Med akademisk utdanning veit arbeidsgivarar at du er i stand til å vere kritisk, analysere, og gjere grundig og objektiv undersøking. Dugleik Den generelle kompetansen set studentane våre i stand til å utføre mange nye arbeidsoppgåver på grunnlag av ferdigheiter dei opparbeider seg i løpet av studiet. Mange av desse kvalitetane tenkjer ein ikkje ein gong over at ein har. I løpet av eit universitetsstudium utviklar ein evner til: å arbeide sjølvstendig og strukturert, og til å gjere eigne val og prioriteringar å innhente, tilverke, analysere og formidle informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar å arbeide saman med andre god skriftleg og munnleg formidling og språklege kunnskapar å orientere seg i nye fagfelt å utføre prosjektbasert arbeid, men også til å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid å jobbe under press og skifte fokus raskt å utvikle kunnskapar, teknikkar og vidare forståing gjennom studie- og yrkesliv uib.no

Organisasjonen UiB 20 UiB er med sine godt og vel 13 500 studentar og 3 200 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Fakultet UiB er delt opp i seks fakultet. Kvart av fakulteta har ansvar for forsking og utdanning knytt til sine fagområde. Det humanistiske fakultet Det juridiske fakultet Det matematisk-naturvitskaplege fakultet Det medisinsk-odontologiske fakultet Det psykologiske fakultet Det samfunnsvitskaplege fakultet Alle fakulteta har sine eigne informasjonssenter. Sjå side 142. Institutt Nokre av fakulteta er bygde opp av og organiserte i institutt. Desse blir ofte kalla universitetet sine grunneiningar. Ein har for eksempel Institutt for informasjons- og medievitskap, og Institutt for biologi. Instituttet vil vanlegvis vere nærmiljøet ditt, med eigne undervisningsrom, lesesalar og pauserom. Kvalitet Universitetet har eit kvalitetssikringssystem som skal halde ved like og vidareutvikle kvaliteten på utdanningane vi tilbyr. Dette arbeidet består av ei rekkje tiltak, for eksempel undersøkingar gjennomførte blant studentane, ulike evalueringsordningar, og ved at studentane er representerte i alle styre, utval og råd i administrasjonen. Les utfyllande informasjon om tiltak og ordningar ved UiB på våre nettsider. Studentdemokratiet Studentane har representantar i alle råd, styre og utval ved UiB som har vedtaksmyndigheit. I tillegg har studentane eigne fagutval og studentutval på institutt- og fakultetsnivå som skal ivareta interessene deira. Slik får studentane høve til å påverke studietilveret sitt. Det er ei spennande, sosial og lærerik erfaring å engasjere seg i studentdemokratiet. Studentparlamentet er det høgaste studentpolitiske organet ved UiB. Studentparlamentet jobbar opp mot mellom anna universitetsstyret og universitetsleiinga, i tillegg til kommunale og nasjonale aktørar, for å ivareta studentane sine behov og interesser innan for eksempel fagpolitiske og forskingspolitiske saker, velferd, likestilling, læringsmiljø og internasjonalisering. Studentparlamentet er eit medlemslag i Norsk student-organisasjon (NSO). Les meir på sp.uib.no uib.no

Vi er her for deg 21 Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) tek vare på studentkvardagen også utanom studia. SiB er ein velferdsorganisasjon, og har ei rekkje ulike tilbod til deg som er student. Nokre tilbod er gratis og andre har gode prisar til deg som student. Studentkafeeane finn du over heile campus, og her kan du ete godt og rimeleg. I SiB-kafeen på det nye Studentsenteret er det både salatbar, varm lunsj og middag. Pensumbøkene dine får du kjøpt i fagbokhandelen vår, Studia, som også held til på Studentsenteret. Bustad Vi veit at skikkeleg bustad er viktig for eit godt studentliv. Derfor tilbyr SiB bumiljø til rimelege prisar. I dag har vi 3 562 hybeleiningar både i og like utanfor Bergen sentrum. Vi har bustader for einslege, par og barnefamiliar. Hos SiB finn du ein bustad som passer for deg. I 2012 vil også studentbustadene på Grønneviksøren stå klare med 727 nye hybeleiningar. SiB prioriterer nye studentar. Hugs at du kan søkje før du har fått tilbod om studieplass! Dersom du vel den private leiemarknaden, kan det vere greitt å få nokre tips og råd. Bergen har sine eigne bustadrådgivarar for deg som kjem til byen for første gong. Fire fulltidstilsette studentar med lommekjennskap til byen jobbar kvar sommar for å hjelpe deg i jungelen av hyblar på den private marknaden. Dei går til og med på visning for deg dersom du ikkje kan kome til byen sjølv. Tenesta er gratis. Sjå bergenstudenten.no

22 Hald deg i form SiB driv seks treningssenter i Bergen. For 870 kroner per semester får du tilgang til symjebasseng, treningsapparat, klatrevegger, buldrerom, spinning, diverse aerobic- og dansetimar, garderobar med badstue og solarium alt i tipp topp stand. Bergenstudentenes Idrettslag (BSI) har i tillegg ei rekkje tilbod til deg som likar å ha ei aktiv fritid. Dykking, padling, dans, fotball, karate, badminton, handball, segling, basket, fekting og orientering er berre nokre av dei aktivitetane BSI har på menyen. Sjå bsi.no for meir informasjon. Treng du ein stad å bu, pensumbøker eller barnehageplass? Sjå sib.no Helsa di er viktig SiB, UiB og kommunen samarbeider med legesenteret «Legene på høyden», slik at studentar som ikkje har fastlege kan få time der ved behov for akutt legehjelp. SiB refunderer også legeutgifter som overstig 350 kr i løpet av eit kalenderår. Du kan òg søkje om støtte til fysioterapi, kiropraktor og transportutgifter. SiB har ein helsestasjon for studentar med primært fokus på samliv og seksualitet. Her er det inga timebestilling, du trekkjer kølapp når du kjem. Studentrådgivinga tilbyr individuell rettleiing og gruppetilbod innan trivsel og meistring av studia. Studieteknikk, eksamensangst og vanskeleg livssituasjon er noko av det dei jobbar med. Du kan få råd, rettleiing og praktisk hjelp i alle typar forhold som angår kvardagen din som student. SiB har åtte psykologspesialistar som gir terapi og rettleiing for deg som treng hjelp til å sortere tankane. Tenestene har kort ventetid og er gratis. SiB har òg ei eiga tannhelseteneste. uib.no

Har du barn? SiB har sju studentbarnehagar med plass til 400 barn. Dei tilbyr trygge omgivnader og barnehagepersonell med solid fagpedagogisk bakgrunn. Dei har dyktige tilsette som veit kor dyrebart barnet ditt er. Vi tilrettelegg for deg Dersom du har ei eller anna form for funksjonsnedsetjing, har du kanskje behov for tilrettelegging av studiesituasjonen din. For at du skal få den tilrettelegginga du treng, er det viktig at du tek kontakt så tidleg som mogleg. E-post: tilrettelegging.sa@uib.no Tlf: 55 58 94 8 Livet etter studia Ved UiB tenkjer vi ikkje berre på studietida di, men også på kva som skal skje etter du er ferdig hos oss. SiB har derfor eit karrieresenter, der karriererettleiarar står klar til å hjelpe og inspirere deg når du skal velje vegen vidare. På Karrieresenteret får du mellom anna tilbod om individuell karriererettleiing, der dei hjelper deg med å kartleggje kompetansen din og drøfter framtidsmogelegheiter. Karrieresenteret har òg intervjutreningskurs med intervjuarar frå arbeidslivet og jobbsøkjarkurs. På nettsida finn du òg ei rekkje ressursar, for eksempel om korleis du byggjer ein profil på LinkedIn, ledige stillingar, nyttige linkar og siste nytt på karrierefronten. www.sib.no/karriere I tillegg har studentane sjølve starta sin eigen karriereorganisasjon: Springbrettet Bergensstudentenes Karriereutvalg. Det er ein gjeng studentar som jobbar frivillig med å minske avstanden mellom studentane og arbeidslivet. Dette gjer dei mellom anna ved å arrangere den årlege og tverrfaglege Karrieredagen første onsdag i oktober. I tillegg arrangerer dei møter mellom studentar og bedrifter, som etter kvart har blitt svært populære. Springbrettet hjelper bergensstudentane til å bli klare for arbeidslivet og arbeidslivet klar for studentane. springbrettet.org 23