Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

mmm...med SMAK på timeplanen

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kulturhistoriske registreringar

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

Kom skal vi klippe sauen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Storåna, Sandnes kommune

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Brødsbrytelsen - Nattverden

Vegvisar til vilbli.no

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Setring ved Håbakkselet Hareid

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Klepp kommune Tu skule

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Plan for Liabygda SFO

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 2. Matte. Norsk: Se eigen plan på «freewebs.com/kirerot» Samf Mat frå jorda Eng Creating texts

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Kva er økologisk matproduksjon?

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:


Ute mat Korleis laga god mat UTE

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Finansiering av søknaden

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

M/S NYBAKK SI HISTORIE

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

5. Soknerådsmøte mai Referat

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Lærarrettleiing 1. Kornartane

IKT-kompetanse for øvingsskular

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Vår ref. 2013/ Særutskrift - Bakkeplanering - 128/7 - Heio - Uskedalen - Trond Lekva Myklebust

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Transkript:

Innhaldsliste 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Sidetal Innleiing 3 Helsetvatnet 3 Insekt i Helse tvatnet 4 Planter i og ved Helsetvatnet 6 Fisk i Helsetvatnet 7 Fisk og ph 8 Kva kvalitet er det på vatnet 9 Oppsummering av vasskvaliteten 11 Litteratur 12

INNLEIING Tirsdag 23. august var vi i 10. klasse oppe ved Helsetvatnet i samband med eit natur og miljøprosjekt. Formålet var å undersøke tilstanden til vatnet, ogå lære meir om artar og økologi i eit vassmiljø. Problemstillinga var altså korleis er tilstanden til Helsetvatnet. På førehand var grunneigarane kontakta og lovnad vart gjeve mot at dei fekk informasjon om kva vi fann. HELSETVATNET Vatnet ligg på 148,5 meter over havet og storleiken er ca. 2.5 kvadratkilometer. Utfrå vatnet går der ein kanal som tek inn og slepp ut vatn frå Bygdaelva. Sirkulasjonen i vatnet er avhengig av storleiken på elva, som renn like ved. Rundt vatnet er det mest dyrka mark, men også myr og litt skog. Vi antek at den dyrka marka blir gjødsla med både husdyrsgjødsel og kunstgjødsel. Når det regnar er det fare for at noko av gjødsla renn i vatnet, ettersom vatnet ligg litt lågare enn resten av terrenget. For å finne ut noko om tilstanden til vatnet må vi gjere undersøkingar om plantelivet i- og rundt vatnet, dyr- og insektsliv og vasskvalitet. Vi drog også opp nokre garn som Fredrik Helset, ein av grunneigarane, hadde sett ut, for å finne ut om korleis fisken trivst i vatnet. Skisse over undersøkt del av Helsetvatnet:

Insekt i Helsetvatnet Formål: Formålet med å finne insekt er at enn kan finne ut korleis vatnet og miljø i og rundt vatnet er. Om det er mykje eller lite næring og cirka surheita i vatnet. Verktøy vi brukte: - Hov - Dørslag - Fersvanshov - Plastboksa - Sylteglass - Små glass - Pinsett - Dråpe teljar F ramgangsmåte: I det vi kom til vatnet satte vi frå oss alt unødvendige utstyr og satte kursen mot ein grushaug på den andre sida av vatnet. På veg bort møte vi mange kyr, så det var veldig gjørmete på vegen. Vi fant ikkje så mange insekt i det området, men vi fant stingsild og ferskvannssnegle. Så vi bevegde oss tilbake til leiren. Der begynte vi og undersøke eit myrområde som var godt begrod, men trass det var det der vi fant mest insekt. Der fant vi døgnfluge, vannløper, myglarve og mykje mygg. Resten av tida brukte vi til å leite i vannkanten med hov, der fant vi fleire spennande insekt. Tildømes fant vi to augenstikklarvar, fleire stingsilder, ferskvannssnegler og vannløpere.

Resultat: Vi la inn alle resultata på nettsida til.nettverk for miljølære Ulike insekt vi fann: - Vannløper - Døgnfluge - Mygg - Ferskvassnegle - Mygglarve - Trepiggastingsild - Augenstikklarve Konklusjon: Vi konkluderer med at i forhold til vasskvalitetstabellen for ferskvaten er vatnet reint eller ubetydelege skadar av forureining med tendesar av noko påverka av overgjøsling. Det trur vi kan være grunnen til at vi fekk mykje fisk og fant mykje insekt.

Planter i og ved Helsetvatnet. Vi var på tur til Helsetvatnet for og sjekke korleis miljøet i og rundt vatnet var. Vår gruppe skulle undersøkje plantelivet. Det er mykje ein kan finne ut ved og sjå på plantelivet, plantelivet kan blant anna fortelje noko om kvaliteten på vatnet. Vi undersøkte den sør- vestlege delen av Helsetvatnet. Vi plukka fyrst alle dei forskjellege plantesortane vi kunne finne. Etter på sorterte vi dei etter kvar dei vaks, og så leita vi i floraen og fann namna på alle, men to av plantane måtte vi sende på undersøking, for vi fann ikkje dei i floraen. Men etter ei vekes tid fekk vi svar på kva plantar det var. Vi fann plantar både i vatnet og på land. I vatnet, på dei grunne områda fann vi elvesnelle, som dominerte stort. Tusenblad, klovasshår og flotelvmose fann vi nede i vatnet, men dei var ikkje så dominerande som elvesnelle. Vanleg tjønnaks log og flaut på vatnet, rundt om langs kantane utanfor områda der elvesnelle vaks. Hesterumpe fann vi heilt ut i strandkanten. Det gjorde vi og med myrhatt, som er av den sjeldne sorten. På land fann vi mjødurt, blokkebær, ryllik, sløkje, myrfiol, krypsoleie, småsyre, gullris og vanleg høymole alle desse var rundt vatnet, og dei var heilt vanlege. Myrmaure fann vi også, og den vaks det mykje av etter kanten. Krattmjølke fann vi og, men den var det lite av. Resultatet av undersøkinga er lagt inn på nettstaden for miljølære. Adressa står under. http://www.miljolare.no

Tusenblad Elvesnelle. Fisk i Helsetvatnet Det vart sett ut fire garn kvelden før av Fred Helset. Ei gruppe hadde ansvar for å få opp desse garna. Vi gjekk ut i båt og drog opp garnet derfrå. Da vi hadde teke dei opp, måtte vi ta ut alle fiskane. Dette var vanskeleg fordi dei fleste sat så godt fast. Tilsaman vart det 27 aurer som hadde ganske bra storleik. Vi målte kor lange dei var og kor tunge dei var. Dette gjorde vi fordi vi skulle finne ut noko om næringstilhøve og vekstmønster. Som eg nemnde tidlegare var aurene ganske store, og det vil seie at det er bra med næring for fisken i vatnet. Den andre grunnen til at vi skulle måle lengda og vekta, var fordi det er grunnlaget for å rekne ut kondisjonsfaktoren(k-faktor) til fisken. Det finn vi ut ved å dele vekta i gram på lengda i mm, multiplisert med 100. Auren vi fann hadde ganske bra resultat med 1,18 som høgaste k-faktor, men der var nokre som hadde ganske dårleg, også med 0,8 som lågaste. Er k-faktoren på 0,83 så er dette bra og dei som er over 1 er veldig bra. Dersom ei aure har ein kondisjonsfaktor 0,8 eller mindre er k-faktoren veldig dårleg. Då vi kom heim til skulen skulle vi gjere opp fisken og sjå på dei ulike innvollane. Vi skulle finne ut kva som var hofisk og hannfisk. Det fann vi ut ved å oppservere om hofisken

hadde rogn og hannfisken hadde mjølke. Resultatet har vi lagt inn på Nettverk for miljølære Fisk og ph Tilføring av sur nedbør kjem på grunn av svovel og nitrogenutslepp frå andre land. Det er det miljøproblemet som påverkar livet i norsk ferskvatn mest, i følgje nettverk for miljølære. Regional fordeling av område med skadar på fiskebestandane i Sør-Norge pga. forsuring frå 1950 til 1980 (Nettverk for miljølære) Det mest alvorlege som dette har gjort er at fiskebestanden har vorte redusert kraftig eller i nokre tilfelle døydd ut. Andre ting som også førekjem er at den sure nedbøren «trekkjer» seg oppover mot Norden og difor forureinar på vegen. Dette er eit mindre problem i Helsetvatnet, for det første ligg det så langt nord og for det andre, ligg det i regnskugge.

Dette er ein tabell som viser ph-verdien i vatnet for at fisk skal ha normal forplantning. Aure har svak eller ingen forplantning ved ph-verdi under 5. (nettverk for miljølære) Fisken i Helsetvatnet lever bra. Den har høgt næringsinnhald og er forholdsvis feit.kondisjonsfaktoren er omkring 1.0. Noko av grunnen til dette, er nok at vatnet nesten ikkje er forureina av sur nedbør eller andre miljøgifter, sjølv om det førekjem litt husdyrgjødsel av og til. For å kunne formeire seg må fisken ha ein ph-verdi på omlag 5. Dette er ikkje noko problem i Helsetvatnet, fordi der er ph-verdien på omlag 6,6. Den har også rikeleg med mat som for eksempel smådyr og planter som dei lever av. Kva kvalitet er det på vatnet? Vatn: Då vi skulle finne ut kor djupt det var tok vi ein tråd og festa steinen i enden, og slapp den ned i vatnet. Då steinen traff botnen knytte vi ein knute i tråden der overflata på vatnet var. Då vi kom tilbake målte vi kor mange meter det var frå steinane til knuten Vi fann ut at vatnet var 7.27 meter djupt. ph: Vi tok eit sylteglas og hadde vatn frå Helsetvatnet oppi for å ta vare på vatnet, til ph prøver. På vegen heim tok vi også med oss eit glas med vatn frå Bygdaelva. Dette blei sendt over til Stranda vidergåande skule der det blei analysert med ein ph-målar med kalibrert ph-meter. ph-verdien i

helsetvatnet var 6.6 og i Bygdaelva var ph-verdien 6.1. Farge: Vi skulle og finne ut kva farge det var på vatnet, derfor tok vi ei kvit bytte og fylte den med vatn frå Helsetvatnet. Farge på vatnet kan fortelje kor næringsrikt det er. Det vi fann ut var at vatnet var gulleg. Vatnet kan då vere næringsrikt eller myrvatn. Vi fann og ut at vatnet var litt grumsete og at det lukta litt jord og myr av det. Djup Blå Grønleg Blåleg Grønn Gulleg Grønnleg Brunleg Gulleg Brun Mørke blå blå grønn grønn gul gul brun brun Nærings -rik -------...... Nærings -fattig ------ ---- - ---------- ---- Myrvatn... --------- -------- ------ - -------- Siktedjubd: Vi reiste ut i båt og skulle finne ut siktedjupe. Siktedjupde fortel oss også noko om kor næringsrikt vatnet er. For å måle siktedjubden tok vi ein tråd med eit isbokslokk med en stein under slik det skulle synkje. Vi fann ut at siktedjupet var 4 meter. Siktedjubde Meir enn 4 meter, av og til 10-35 meter Mindre enn 4 meter Næringsfattig (oligotrof) Type innsjø Næringsrikt (eutrof) eller myrvatn (dystrof) (Tellus 10).

Viss siktedjubda på vatnet var mellom 2,5 til 4 meter var vatnet næringsrikt. Viss det var meir en 4 meter var vatnet næringsfattig. I Helsetvatnet var siktedjubda på 4 meter. Så Helsetvatnet er middels næringsfattig til næringsrikt. Resultatet for utsjånade og lukt kan du finne her Resultatet for ph-verdiane kan du finne her Oppsummering av vasskvaliteten for Helsetvatnet Forureining Rundt helset vatnet er det beite og gjødselområde. Det kan ha blitt moderate tilførsler av næringsstoff, som kloakk, gjødsel og kanskje litt sur nedbør. Dermed kan vatnet ha blitt påverka av overgjødsling og dyr som beitar, sjølv om vi ikkje såg tydlege spor. Utsjånad og lukt Vi kjende at vatnet lukta litt jord og myr. Vatnet var ikkje heilt klart, det var litt grumsete og hadde ein gulleg farge. Vasskjemi ph verdien i Helsetvatnet var ph 6,6 og elva som blir ført inn gjennom ein kanal, var på ph 6,1. Så det var ikkje spesielt surt eller basisk, det var nesten heilt nøytralt. Begroing Begroinga rundt vatnet var litt prega av glatt, lysebrunt belegg, som låg på plantane.

Sumpvegetasjon Sumpvegetasjonen i vatnet hadde små glisne belter med elvesnelle og litt kvass-starr. Vassvegetasjon Det var mykje langskuddsvegetasjon, som til dømes vanleg tjønnaks og tusenblad, som var dominerande i botnen av vatnet. Bunndyr Vi fann dyr som var litt påverka av overgjødsling, og rein eller ubetydleg skada av forureining. Det var ikkje så veldig mange artar til stades; men der var snegler og døgnfluer. Fisk: Vi fann ein sort fisk og der var mykje yngel. Oppsummering Etter å ha samanlikna det vi har funne ut om Helsetvatnet med Vasskvalitetstabellen for ferskvatn (nettverk for miljølære) har vi kome fram til at vatnet er reint eller ubetydeleg skada av forureining eller noko påverka av overgjødsling. Helsetvatnet ligg midt opp i eit stort jordbruksområde. På grunn av husdyrgjødsel, kunstgjødsel og dyr som beiter, kan dette føre til at vatnet blir tilført for mykje gjødsel. I perioder er det også stille ståande, noko som kan føre til at vi får oksygen mangel, og opphoping av organisk materialer. Dette kan igjen føre til attgroing av Helsetvatnet. For å førebygge dette burde det vorte laga til eit betre system slik at sirkulasjon av vatn forbetrar seg. Jordbrukarane i området rundt, bør også vere bevisst på at dei ikkje skal gjødsle markene i området så mykje. Grunneigarane vil få kopi av denne rapporten. LITTERATUR

Nettverk for miljø sine nettsider Tellus 10. Lærebok i natur og miljø. Lærarrettleiing. Askehoug.