Program for. Stranda Venstre. for perioden 2015-2019. Folk først



Like dokumenter
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Politisk program for Jølster KrF

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Program for. Sykkylven Venstre

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Program OSTERØY HØGRE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sandeid skule SFO Årsplan

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Hemsedal KRF Program

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kommunedelplan for oppvekst

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Program for. Årdal Venstre

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Barnehageplan for Vinje kommune

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Referat frå folkemøta:

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Handlingsprogram og økonomiplan

10/60-14/N-211//AMS

SOGN driftig raus ekte

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plan for overgangar. for barn og unge

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Program for. Seljord Venstre

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Plan for Liabygda SFO

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

«Nordhordland kommune»

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Program for Bømlo Venstre

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Ei god framtid for alle!

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Ål Venstre. Ål Venstre

Kommunedelplan for oppvekst

Bustadområde i sentrum. Vurdering

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Strategiplan

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

1. Mål med samhandlingsreforma

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Transkript:

Program for Stranda Venstre for perioden 2015-2019 Folk først

Venstre gjer Stranda smartare og grønare. Skule og utdanning. Den beste gåva ein generasjon kan gje til den oppveksande slekt er gode og trygge oppvekstmiljø, gode skular og eit aktivt og variert fritidstilbod. Barnehagar, skular, lærebedrifter og vaksenopplæring må arbeide saman for at innbyggjarane får det best moglege opplæringstilbodet. Gode lærarar, gode skuleleiarar og gode skulebygg er dei viktigaste garantistane for ein god skule. Statistisk Sentralbyrå spår at vi i 2025 vil mangle ca. 40.000 utdanna lærarar i Noreg. Stranda kommune må allereie no legge planar og gjennomføre tiltak mot det generasjonsskifte vi veit kjem i opplæringssektoren. Barnehagar: Venstre vil at Stranda Kommune skal ha full barnehagedekning slik at alle som ynskjer barnehageplass får det, når dei ynskjer det. Venstre vil at kommuna skal gjennomføre fleire opptak gjennom året slik at ikkje fødselsdatoen til barnet er det avgjerande for når barnehageplass skal tildelast. Venstre vil kvalitetssikre barnehagane gjennom å tilsette høgt kvalifiserte leiarar og styrarar, samt tilby gode ordningar for tilsette som ynskjer å ta etter/ vidareutdanning retta inn mot barnehagearbeid. Venstre vil at behovet for utvida opings-tider i barnehagane vert vurdert for foreldre med skiftarbeid. Grunnskulane: Venstre vil oppretthalde dagens skulestruktur med grunnskular i alle bygdelaga i kommunen. Venstre vil syte for at skuleleiarar og lærarar har nok tid og ressursar til å vidareutvikle skulen. Venstre vil styrke SFO som opplærings- og fritidsarena ved å stille kompetansekrav til dei tilsette. SFO-leiarar skal ha pedagogisk eller anna relevant utdanning. Venstre vil at Stranda Kommune må arbeide langsiktig og målretta for å rekruttere nye og høgt utdanna lærarar og skuleleiarar til kommunen. Det må verte meir attraktivt å arbeide i Strandaskulen. Venstre vil at Stranda kommune skal etablere attraktive ordningar for tilsette i skulen som vel å ta kompetansegjevande og/ eller kvalifiserande etter og vidareutdanning. Ordningane må vere eit supplement til dei statlege ordningane. Venstre vil styrke vedlikehaldet på skulebyggja og starte planlegginga av ny skule i Sunnylven så snart dette let seg gjere økonomisk.

Vidaregåande opplæring Venstre vil sikre framtida til dei vidaregåande skulane i kommunen. Venstre vil at alle ungdommar frå Stranda som ynskjer å gå læretida si i verksemda Stranda Kommue skal verte tilbydd ein relvant lærlingeplass. Venstre vil auke talet på læreplassar i kommunale verksemder og arbeide for at private verksemer kan tilby ungdom gode og attraktive lærekontrakter. Vaksenopplæring Venstre vil auke satsinga på norskopplæring for framandspråklege. Venstre vil innføre nynorsk som opplæringsspråk i vaksenopplæringa. Venstre vil tilby norskopplæring på høgare nivå lokalt i Stranda. Venstre vil etablere gode stimuleings-ordningar for elevar som fullfører og tek norskeksamen på høgare nivå. Venstre vil at tilsette i kommunen som tek norsk-opplæring for å få godkjent utdanning frå heimlandet, skal kunne gjennomføre denne opplæringa i arbeidstida. Integrering og innvandring. Stranda Venstre ynskjer eit ope samfunn der alle som ynskjer å busette seg i kommunen er velkomne uavhengig av rase, religion og etnisk bakgrunn. Stranda er i dag eit multikulturelt samfunn med innbyggjarar frå alle verdshjørner. Dette er med på å gjere samfunnet og kulturen vår rikare. Det fører også med seg nye og ukjende utfordringar. Vi treng møteplassar og arenaer der kulturar kan møtast på like vilkår og der vi saman kan utvikle strandasamfunnet for morgondagen.

Ein stor del av innvandrarne i Noreg har ein høgare kompetanse enn det som krevst for det arbeidet dei til dagleg utfører. Stranda Venstre vil arbeide for at kommunen og bedriftene har ein aktiv integreringspolitikk som sikrar at innvandrarar får styrka sin faglege integritet og sjølvkjensle og at dei får brukt den kompetansen dei har tileigna seg i heimlandet. Venstre vil at Stranda tek del i den nasjonale dugnaden med å busette flyktingar, men føreset at Staten tek rekninga. Venstre vil at alle som flyttar til Stranda skal personleg ynskjast velkommen til kommuna og samstundes få naudsynt informasjon om kommunale og private tenester og tilbod i kommuna vår. Grøn vekst og Miljø. Naturen og miljøet i Stranda er unikt i verdssamanheng. Store delar av kommunen er verna og har verdsarvstatus. Denne statusen er ei ære, men gir også kommunen utfordringar knytt til naturforvalting, kulturlandskap, nærmiljø og næringsutvikling. Statusen gir oss eit godt grunnlag for at Stranda Kommune kan verte ei føregangskommune i det daglege miljøarbeidet. Stranda kommune kan verte ei føregangskommune for grøn vekst og bør ha som mål at alle nye prosjekt, både kommunale og private, er med på å gjere kommuna og naturen reinare. Venstre vil at Stranda Kommune skal utarbeide ein heilskapleg miljøplakat og på den måten gjere det lettare for kommunale verksemder, tilsette, brukarar og innbyggjarar å ta grøne val i kvardagen. Venstre vil at Stranda kommune alltid skal velje grøne alternativ når varer og tenester skal kjøpast inn. Venstre vil at Kommunen skal kjøpe miljøvennlege bilar/el-bilar

når eksisterande køyretøy skal fornyast. Venstre vil innføre stimuleringstiltak for bedrifter og husstander som gjennomfører grøne val og tiltak. Venstre ynskjer auka bruk av kulturlandskap og natur i både næring og turisme. Venstre vil at turistmagneten Geirangerfjorden m/omland må sikrast ei grøn og berekraftig utvikling. Det må utarbeidast ein miljøplan som tek omsyn både til næringsutvikling, kulturlandskap og lokal forureining til luft og vatn. Venstre vil at Strandafjellet, i samarbeid med andre attraksjonar i kommunen, skal vidareutviklast som heilårsdestinasjon. Stranda Venstre vil sikre at denne utviklinga skjer på ein grøn og berekraftig måte.. Næringsliv. Eit allsidig og aktivt næringsliv er den viktigaste faktoren for utvikling, sysselsetting og busetting. Stranda har tradisjonelt vore ein stad for gründarar. Mange nye bedrifter har vorte starta i Stranda og mykje ny teknologi har vorte utvikla av strandarar og strandabedrifter. Det å starte eiga bedrift er tidkrevjande og krev mykje og målretta arbeid. Kommunen må legge tilhøva til rette for alle som ynskjer å utvikle næringslivet i kommunen. Venstre vil føre ein aktiv næringspolitikk og arbeide for at nye bedrifter etablerer seg i Stranda og legge tilhøva betre til rette for dei som allerie er etablerte. Venstre vil arbeide for at kommunen får fleire kompetansearbeidsplassar. Venstre vil arbeide for at nye bransjar etablerer seg i kommunen for å gjere næringslivet mindre konjunktur-avhengig.

Venstre vil at bedrifter som ynskjer å etablere seg i Stranda skal finne gode lokaler og tomter for utvikling på kort og lang sikt. Venstre vil arbeide for auka satsing på berekraftig turisme og tilrettelegging av natur, kultur og attraksjonar i heile kommunen. Helse og tryggleik. Det skal følast trygt og godt å bu i Stranda, same kvar i kommunen du bur, om du er ung eller gamal, kronisk sjuk, frisk, gravid eller utviklingshemma, om du er nyfødd eller ligg på det siste. Gode helsetenester skaper tryggleik og trivsel. Stranda Kommune er ei kommune med store kommunikasjonsutfordringar og store sesongsvingingar i delar av kommunen. Tenestene innan helse og tryggleik må ta høgde for dette Statistisk Sentralbyrå spår at vi i 2025 vil mangle ca. 35.000 utdanna pleie og omsorgsarbeidarar i Noreg. Stranda Kommune må allereie no gjennomføre tiltak som førebur oss på denne situasjonen.. Venstre vil ha legar på vakt kvar dag, heile året i Stranda Venstre vil at alle innbyggjarar i Stranda skal ha tilnærma lik tilgang til helsetenster og ambulansetenster uavhengig av alder og adresse. Venstre vil at dei som treng plass i omsorgs-institusjonar skal vere trygg på at dei får dette innan rimeleg tid. Venstre vil styrke det førebyggjande helsearbeidet. I dette ligg det inne ei satsing på helsesøstertenestene, helsestasjon for ungdom, jordmortenesta og kommunen sitt arbeid med allmenn og førebyggjande folkehelse.

Venstre vil arbeide for at Politiet er til stades i Geiranger i turistsesongen. Born og unge. Barn og unge er framtida til kommunen. Stranda Venstre ynskjer at heile den oppveksande slekta skal ha like vilkår uavhengig av kvar i kommunen dei bur. Vi har tru på at ungdommen sjølv kan vere med på å utvikle gode tenester og tilbod tilpassa barn og unge. Det er dei unge som best veit kvar skoen trykkjer og som best kan finne gode løysingar på utfordringane. Venstre vil auke engasjementet og involveringa gjennom å styrke og vidareutvikle Ungdomsrådet, gje dei formelt ansvar og overføre fullmakter der dette er naturleg. Venstre vil innføre ordninga med heim for ein 50-lapp for ungdom i Stranda. Venstre ser at kommunen har eit godt fritidstilbod innan barne og ungdomsidretten, men at fleire fell utanfor dei siste ungdomsåra. Stranda Venstre vil legge til rette for eit variert tilbod til uorganisert ungdom. Venstre vil at kommunen må leggje til rette for at unge som ynskjer å etablere seg i Stranda finn gode bustader som er tilpassa ein ung økonomi. Venstre vil arbeide for at det skal finnast byggjeklare tomter i alle bygdelag for unge som ynskjer å etablere seg og bygge sin eigen bustad.

Kultur, oppvekst og frivillighet. Kulturen er limet som bind folk og bygder saman. Stranda kommune har ein svært rik og variert kulturarv med mellom anna fjordgardar, spelmenn, ulike idrettslag, kyrkje og kristenliv og eit utal andre lag og organisasjonar som driv ulikt velferdsarbeid. Vi har eit moderne kulturhus og ein aktiv og innovativ kulturskule. Kvardagen i dag vert kulturarven i morgon. Venstre vil vidareutvikle og sikre kulturskulen som eit lokalt kompetansesenter innan kulturfaga, til beste for alle innbyggjarar uavhengig av alder og bustadadresse. Venstre vil puste liv i det gamle Rådhuset i Stranda og gjere dette om til ein sentral for frivilleg arbeid, lag, organisasjonar og variert kulturarbeid. Venstre vil arbeide for auka samarbeid, økonomisk og administrativ støtte til lag og organisasjonar i kommunen gjennom å opprette ei stilling som søknadskoordinator Venstre vil auke den fysiske aktiviteten til folk i alle aldrar ved å auke bruken av eksisterande idretts og friluftsanlegg, betre kart og skilting av turvegar og stiar og leggje tilhøva betre til rette for allsidig bruka av naturen for innbyggjarar og turistar.. Kommunereform. Folk bur dei dei bur - og det vil vi dei skal fortsette med. Stranda Venstre ynskjer aktive bygder. Det at kommuna leverer dei tenestene innbyggjarane treng, når dei treng det og til ein god kvalitet er viktigare enn kvar kommunegrensene går. Skal vi slå saman kommuner må dette skje utan at kvaliteten eller tilgangen på tenestene vert dårlegare. Venstre vil fortsette arbeidet med kommune-reforma Venstre vil at kommunale tenester vert levert og produsert der folk faktisk bur. Kommunegrensene må i framtida

støtte opp under ein berekraftig og effektiv tenesteproduksjon og oppgåveløysing. Å styrke lokaldemokratiet må vere det overordna målet, same kvar kommunegrensene skal gå i framtida. Kommunal forvalting. Den økonomiske statusen til Stranda kommune er i ferd med å verte eit nasjonalt eksempel på god og ansvarleg økonomistyring. Dei trange økonomiske rammene har ført til minimumsbemanning i mange einingar og støttefunksjonar, og sjølv om vi leverer dei lovpålagde tenestene med ein god kvalitet er organisasjonen svært sårbar for svingingar og uforutsette hendingar. Sjukefråveret i delar av organisasjonen viser ein aukande tendens og omfanget av midlertidig tilsette, vikarbruk og uønska deltidsstillingar er i enkelte einingar for høgt. Venstre står for ei stram og ansvarleg økonomistyring og pengebruk. Venstre vil på sikt bygge oppat dei ulike kommunale driftsfonda til eit forsvarleg nivå. Venstre vil at dei som arbeider i Stranda kommune som hovudregel også skal vere tilsett i kommuna og ikkje innleigd frå ulike bemanningsselskap. Venstre vil at medarbeidarar som ein hovud-regel skal tilsettast i faste og i heile stillingar. Einingane bør lettare kunne samarbeide om å bygge ut stillingar til fulle stillingar. Venstre vil gjennomføre tiltak for å redusere omfanget av uønska deltidsstillingar. Venstre vil at IKT-løysingar som kan vere med på å effektivisere arbeidsplanlegging, administrasjon og leiing skal innførast i heile organisasjonen og på tvert av einingar. Venstre vil at det vert gjennomført tiltak som på kort og lang sikt sikrar kvalifikasjonane og ny-rekruttering av nøkkelpersonell som t.d. lærarar, sjukepleiarar og legar. Jord, skog og havbruk. Primærnæringane har alltid stått sterkt i Stranda. Stranda Venstre ynskjer å legge tilhøva betre til rette for dei som ynskjer å satse innan desse næringane. Venstre ynskjer auka bruk av skogen som ein ressurs. Hogstmode tømmer må kunne takast ut og nye vegar byggast ut. Venstre vil bygge ut kaia på Hellesylt til eit fullverdig kaianlegg for tømmer. Venstre vil stimulere til auka beitebruk og kulturlandskapspleie på tradisjonelle måtar. Venstre vil stoppe attgroinga av kulturlandskapet og langs vegane. Venstre vil at produktivt jordbruksland skal takast vare på og brukast til matproduksjon.

Gunn Berit Gjerde - Fylkesordførarkandidat Møre og Romsdal Venstre. Venstre er ambisiøs i klimapolitikken, for å sikre en verden vi kan gi videre. Venstre vil legge til rette for et rikt og variert næringsliv med god konkurransekraft. Venstre ønsker et varmt og raust samfunn som tar vare på de som trenger det. Venstre vil utvikle en skole med lærer og elev i fokus.

Stranda Venstre vil ha: Ein skule for framtida. Eit reint, grønt og berekraftig Stranda. Eit trygt Stranda der alle vert tekne på alvor. Eit inovativt og næringsvennleg Stranda. Eit fleirkulturelt og fargerikt Stranda. Aktive og levande bygder med eit variert kultur og fritidstilbod. Er du enig i dette - stem Venstre

Stranda Venstre sine kandidatar 1. Trond Otto Berg (f. 1970) Rektor, Stranda Kulturskule, Stranda. Vil særleg arbeide for integrering, skule og utdanning. Stranda treng fleire unge vaksne med energi, tiltakslyst og vilje til å drive bygdene våre vidare. Stranda treng fleire kompetansearbeidsplassar for nyutdanna som ynskjer å flytte heim. Stranda har eit stort potensiale og kan verte ei føregangskommune innan ny miljøteknologi og grøn vekst. Trond Otto har lang erfaring på alle nivå i organisasjonar og politisk arbeid, men er ny i kommunepolitikken. 2. Amalie Ringdal Birkhol (f. 1997) Student, Stranda Amalie har tidlegare site som leiar av ungdomsrådet i Stranda. Ho vil arbeide for gode tenester for folk i alle aldrar, gode og trygge oppvekstvilkår, natur og miljøvern. Ho ynskjer at ungdommen i Stranda skal få ei eiga stemme i politikken. Har budd eit år i Australia og kjem heim med mange nye impulsar og erfaringar. 4. Solveig Årdal (f. 1997), Stranda 5. Vebjørn Vartdal (f. 1943), Geiranger 6. Svein Kvaløy jr. (f. 1955), Stranda 7. Terje Langlo (f. 1967), Stranda 8. Velaug Vassbotn (f. 1947), Stranda 3. Oda Kristine Stadheim Myklebust. (f. 1993) Student, Stranda. Har bakgrunn og erfaring frå studentpolitikk. Er særleg opptatt av skule og utdanning, grøn vekst og trygge helsetenester. Vil arbeide for ei god integrering av innvandrarar og ynskjer at Stranda skal verte eit samfunn der alle føler seg velkomne. Vi må bygge framtida til Stranda saman - uavhengig av nasjonalitet, kultur og etnisk bakgrunn. Oda har eit sterkt ynskje om å bidra sterkare i kommunepolitikken i Stranda. Les meir om Stranda Venstre sin politikk og våre kandidatar på nettsidene våre. venstre.no/stranda Følg Stranda Venstre på Facebook facebook.com/strandavenstre