Er Jesus den einaste vegen til frelse?



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Samansette tekster og Sjanger og stil

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Jon Fosse. For seint. Libretto

Valdres vidaregåande skule

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Fag KRLE 3. trinn

«Ny Giv» med gjetarhund

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin


ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

I N N H O L D. Forord

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialogisk spiritualitet. Kan dialog springe ut av spiritualitet, fra fromhet eller praksis? Kan spiritualiteten hente noe fra dialogen?

Velkomen til soknerådskurs

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Til deg som bur i fosterheim år

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kva er økologisk matproduksjon?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!


Informasjon til elevane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Lekseplan for 5. trinn, veke 21

Årsplan i KRLE 1. klasse 2015/2016

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Finansiering av søknaden

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsplan for Hare November

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Tormod Haugland MØRK MATERIE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Transkript:

1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse? Eg synest ikkje det er eit enkelt spørsmål å ta tak i. Når ein set spørsmålsteikn bak denne setninga tenkjer eg det må være fordi ein ynskjer å sjå kritisk på sin eigen tradisjon, eller fordi ein ynskjer å undersøkje kva som gøymer seg bak desse orda. Eg ER kritisk til desse orda, slik dei har vakse fram av ei mengde vers i NT ma Joh 14,6 «... ingen kjem til far min utan gjennom meg...», men det betyr ikkje at eg svarer nei på spørsmålet. Det betyr heller ikkje at eg svarer ja. Bakgrunnen for det mange då vil oppfatte som eit uklart svar er det eg vil seie litt om her. Eg har tidlegare utfalda forholdet mellom misjon og dialog i ung teologi og det er noko av det eg er inn på der eg vil ta fram att her. Kvifor vil eg ikkje svare verken ja eller nei? Jau av mange årsaker. Nå me seier at Jesus er den einaste vegen til frelse er ikkje det ei objektivt utsegn. Ei objektiv utsegn vidt definert er noko dei fleste kan slutte seg til som «himmelen er blå» eller «graset er grønt», det er ikkje setningar som skaper dei store debattane mellom folk. Det handlar om allmenne ting, noko observerbart som alle som ser kan sjå. Det handlar ikkje om tru, eller om noko som høyrer til i dei meir eksistensielle romma i oss. Å seie at Jesus er einaste vegen til frelse er å kome med ei trusytring, og trusytringar har ikkje noko med sekulær sannheit å gjere. Det er ytringar i eit anna språk, nemleg i eit kjærleiksspråk, - sekulært det også - fordi det er av verda og produsert av menneske, men då er det sannheit berre slik sannheiter ytra i kjærligheit kan være sanne. Dei er sanne for dei det gjeld. Når eg seier at mannen min er den vakraste i verda skjøner alle her at han sannsynligvis ikkje er det, men ingen som ser at det er ein skatt for meg vil ynskje å ta det frå meg.

2 Det farlege med slike kjærligheitssannheiter er når vi ikkje slår oss til tols med at dette er mitt eller vårt, og ikkje gir oss før andre også sluttar seg til dette som sant. Me kan bli utsletne av å sjå på den valdelege misjonshistoria som finnast i kyrkja, - det har ikkje berre gått ut over menneske som bur langt unna oss, men også over romanifolket og samane her heime. Kyrkja har sjølv gitt uttrykk for dette i dokumentet En misjonerende kirke, som vart behandla på kyrkjemøtet for nokre år sidan. Vi veit at dei fleste kyrkjene me kjenner her ikkje held på slik lenger og at misjonsorganisasjonane sitt arbeid er prega av diakoni meir enn noko anna. Likevel er dette ei historie ikkje kan gløyme. Fordi me er menneske og fordi det kan kome til å skje igjen, og fordi vi ikkje kan tillate oss å utøve maktovergrep i Guds namn. {Og fordi mange enno forbinder kyrkje og misjon med maktovergrep og høyrer det me seier om tru eller kristendom i lys av det valdelege i kyrkjehistorien.} Som kristne og som arbeidarar i kyrkja må vi stille spørsmål med det vi som samfunn hevdar som sant, noko anna er ikkje truverdig, når det er ei større kjærligheit vi eigentleg ynskjer å formidle. Også vi må stille spørsmål ved grunnhypotesane: Eg sa i stad at dei fleste av oss vil akseptere sanninga «himmelen er blå». Men om me set spørsmålsteikn ved denne hypotesen og byrjar å undersøkje vil me finne ut at himmelen ikkje ER blå, men gjennomsiktig. Det er berre det at når sola skin om dagen og sollyset går gjennom atmosfæra passerer strålane forbi utallige milliardar partiklar. Flesteparten av solstrålane, bortsett frå blått sollys går rett forbi. Dansinga og spreiing av desse blå solstrålande i atmosfæra gir skin av at himmelen er blå, og skjuler det mørke verdsrommet. Himmelen er gjennomsiktig. Jesus er den einaste vegen til frelse. Kvifor har dette fått slik ei tyngde i tradisjonen vår og kvifor er det nett dette som vert haldt fram som ein skatt i høve til dei andre dei som ikkje kallar seg kristne? Dei som tilhøyrer andre trus og livssynssamfunn eller vedkjenner seg til andre religionar. Kan me med vet og tru i behald halde fram med å vekte det så tungt? Eg trur ikkje det. Eg vil ikkje det. Ikkje fordi Jesus ikkje er den einaste vegen til frelse for meg, men fordi eg ikkje kan halde det fram som ei sanning for andre. Om eg gjorde det ville eg miste den Jesus eg trur på. Men også fordi det er mi trusytring som eg kan vedkjenne meg til om den Jesus me snakkar om

3 er grunna i livet han levde hans etiske føredøme, hans måte å vise kjærleik på, motet og kampen mot urettferd. Denne Jesus kan eg aldri bli kvitt, for forteljingane om han lever i meg og eg kan ikkje skiljast frå dei. Dei er ein del av mi historie ikkje berre personleg. Så mykje i kulturen er knytt til at me er eit land som har levd lenge med kristendommen som majoritesreligion at dette høyrer med til fellesskapet si historie og sine referanserammer også. Vi har ikkje berre ein Jesus men fleire. Og vi har Jesus Kristus. Denne Kristus ligg bak og durar i setninga «Jesus er den einaste vegen til frelse». Ikkje i teksta, men i vår forståing. I innleiingsorda til boka «Hva er kristendom» av Halvor Moxnes seier han: «Mitt startpunkt for å snakke om kristendommen er Jesus som historisk person og som Kristus i trosbekjennelsen i». Med det vil han seie noko om spenninga mellom opprinnelse og notid. Tekstene forteljingane som dei står, - og korleis me forstår dei no. Og dei største utfordringane slik han ser det i høve til denne spenninga er likestilling, menneskerettar og globalisering. Alle tre utfordrar oss i høve til korleis me handlar som kyrkje i verda om det me seier står i samanheng med det me gjer. Og det utfordrar også korleis vi forheld oss til andre religionar ikkje berre her, men globalt. {Paolo: «Det er eit teologisk faktum at me lever saman, det kan vi ikkje oversjå..»} Vi har ikkje berre eitt evangelium som fortel om Jesus, men fire - om ikkje me reknar med thomasevangeliet og dei andre som er blitt funne i seinare tid - som fortel om livet hans på jorda. Dei har forskjellig preg og fortel ulike historier. Noko har dei likt, men rekkefølgja er ulik. Alt dette veit vi, men nokre gongar forkynner vi som om vi har skreve dei saman til ei forteljing. Notto Thelle heldt innleiingar om Troens polyfoni i helga då Emmaus arrangerte på retreat på Lia gård. Han gjekk gjennom dei ulike evangelia si framstilling av Jesus i høve til fødselsforteljingar, forteljingane om liding og pinse og heldt fram dette vi (formidlarar i den norske kyrkja) formidlar juleforteljinga med hyrdar, stall og esel, vismenn og flukta til Egypt som om det var ei forteljing. Og så gøymer me nyansar og ulikskap, som elles kunne ha vore kjelde til å opne både tru og kunnskap for folk. Forflating i formidlinga gjeld ikkje berre forteljinga om Jesu fødsel, men også om død og oppstode. Det er spanande ikkje berre for teologar, men også for andre. Dei 23 som deltok på retreaten sa at det å få

4 kjennskap til mangfaldet og ulikskapen mellom forteljingane gav trua større rom. Dei var takksame for openheit, fordjuping og for å sleppe forenkling. Men det kan være eit vitnesbyrd frå ein som verkeleg kjenner det slik om det vert kvalifisert og forklart. Folk er ikkje dumme og folk lengtar etter dei stemmene som kan opne trua sine rom. Eg trur ikkje at setninga «Jesus er den einaste vegen til frelse» er ein slik døropnar. At nokon sannheitsekslusivitet smakar vondt for dei fleste ikkje berre dei som står utanfor kristne trussamfunn, men også for ganske mange innanfor. Og kan bli høyrt som eit «min Gud er større enn din Gud ii» - slik Religionsteologen Knitter formulerte det då han var i Noreg i fjor. I dialogen held det berre som ei trusytring, kanskje vil den vekke anstøt også då, men det betyr ikkje at ein ikkje kan fortelje om korleis og kvifor nett denne setninga er viktig for ein i trua (dersom den no er viktig). Men om ein ynskjer å være i dialog det vil seie å sjå den andre som ein som også har noko å fortelje om tru og om sine sanningar, kan ein ikkje hevda eksklusivitet. Ikkje berre fordi det vil fornærme den andre, men fordi ein då vil miste seg sjølv og det ein trur på. Om Jesus er den einaste vegen til frelse, til kjærleik og fridom, kan ikkje vi knuse andre menneskje utan å samstundes gjere vald på oss sjølve. Tenk om det hadde vore ei anna setning vi heldt for den kjæraste skatten i tradisjonen vår, - det vanskeligaste av alt: elska nesten din som deg sjølv. Som utgangspunkt for dialog som utgangspunkt for misjon. «Spørsmålet er einaste vegen til Gud/frelse/himmelen, reduserer Jesus til ein funksjon» Kajsa Ahlstrand, Vägar til en öppen religionsdialog, Verbum 2005

5 Avsluttande kommentar/ etter plenumsdiskusjon: Om Sanning frå missiologen Kajsa Ahlstrand i boka Vägar til en öppen religionsdialog, (Verbum 2005): «Det høyrer med til dei menneskelege vilkår at vi må tolke det som vi ser, høyrer og erfarer. Sjølv om det fins ei absolutt sanning så kan vi berre forholde oss til den på ein menneskeleg, tolkande måte.» s.17 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.» Joh 14, 6 Utgangspunktet for at Kristendommen oppstod var tru på oppstoda. Og det er her me finn starten på Kristustrua iii, og den viktigaste begrunnelsen for Jesu guddomeligheit. I NT finn me lite om sjølve oppstoda, ho er ikkje skildra, og når den blir omtalt er det ganske nøkternt. Det blir fortalt om opplevingane i tilknyting til den. i Moxnes, Halvor, Hva er kristendom?, Universitetsforlaget (2006) s. 9 ii Knitter, Paul, Studies in Interreligious Dialogue 1/2007(?) iii Moxnes, Halvor (2006) s. 27