Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne fortelje om eigne opplevingar og erfaringar med tid stille spørsmål til ytringar frå andre

Like dokumenter
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Etter arbeid med oppslaget skal eleven kunne fortelle om egne opplevelser og erfaringer med tid stille spørsmål til andres ytringer

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Klepp kommune Tu skule

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

mmm...med SMAK på timeplanen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Valdres vidaregåande skule

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brukarrettleiing E-post lesar

6. trinn. Veke 24 Navn:

Vi lærer om respekt og likestilling

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Rettleiing til Kartlegging 1

Samansette tekster og Sjanger og stil

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsplan for Hare November

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!


Årsplan i Norsk for 3.klasse

FANTASTISK FORTELJING

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl i klasserommet.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kom skal vi klippe sauen

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Opphald mellom ord.

Årsplan i norsk, 4. klasse,

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jon Fosse. For seint. Libretto

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Sandeid skule SFO Årsplan

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 2. Matte. Norsk: Se eigen plan på «freewebs.com/kirerot» Samf Mat frå jorda Eng Creating texts

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Refleksjon og skriving

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

VEKEPLAN 5. KL. Veke Namn:

Lærarar: Kjellfrid Gustavsen og Vigdis Hilleren Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Transkript:

10 Tid år årstid månad døgn time minutt sekund 4 Tid 5 Tid Om kapittelet Dette kapittelet handlar om tid. Gjennom lesetekstar og illustrasjonar får elevane høve til å utvikle kunnskap og nye omgrep knytte til tid. Den munnlege ferdigheita vi legg vekt på i dette kapittelet, er å stille spørsmål. Sjangerteksten i dette kapittelet er kalender. Gjennom felles lesing lærer elevane kva som kjenneteiknar kalenderen som sjanger, og korleis vi hentar ut informasjon frå han. Gjennom felles skriving er elevane med på å lage ein kalender. Det språklege emnet i dette kapittelet er stavingar. Elevane blir kjende med korleis vi deler opp ord i stavingar, både skriftleg og munnleg, og korleis vi kan bruke kunnskap om stavingar til å lese vanskelege ord. Mål Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne fortelje om eigne opplevingar og erfaringar med tid stille spørsmål til ytringar frå andre Munnlege ferdigheiter Å stille spørsmål Minn elevane på at å spørje er noko heilt anna enn å fortelje. Når vi lurer på noko, vil vite noko, er i tvil om noko eller ønskjer noko frå andre, stiller vi spørsmål. Når vi skal lære noko nytt, er det svært viktig å stille spørsmål. Spørsmål begynner ofte med bestemte ord som kven, kva, kvar, korleis, kvifor og når. Når vi skriv eit spørsmål, må vi ha spørsmålsteikn til slutt, mens når vi stiller eit spørsmål munnleg, stig tonefallet vårt mot slutten. Elevane lærer meir om spørjesetningar i kapittel 17. Arbeid med sidene Introduksjon av emnet Fortel elevane at dei skal få lese og snakke om tid. Tida går heile tida. Vi måler tida med klokka. Klokketida blir styrt av omdreiingane jorda gjer rundt seg sjølv, og rundane ho gjer rundt sola. Vi måler tid i sekund, minutt, timar, døgn, veker, månader, årstider og år. Kva er det som avgjer om det er dag eller natt? Kvifor er det natt nokre stader på jorda, mens det er dag andre stader? Kva vil det seie å ha god tid? Kva vil det seie å ha dårleg tid? Kva bruker vi til å måle tid? Biletsamtale La elevane assosiere fritt, men legg vekt på at dei bruker heile setningar. Oppfordre gjerne elevane til å stille eigne spørsmål til biletet. Kva ser du på biletet? Kvar bur personane på biletet (USA, Noreg, Japan)? Kor mykje er klokka i Tokyo? Kor mykje er klokka i San Diego? Kva for ein dato er det i Noreg? I Japan? I USA? Kvifor gjer barna forskjellige ting? 4 Tid

Etter samtalen kan du vise korleis jorda snurrar rundt sin eigen akse. Bruk for eksempel ein appelsin eller ein badeball til å symbolisere sola, mens ein annan type ball eller globus førestiller jorda. Vis at jorda går rundt sola og samtidig snurrar rundt sin eigen akse. La til slutt elevane forklare for kvarandre korleis det blir dag og natt. Ordbanken Snakk med elevane om orda og still gjerne spørsmål som opnar for undring og refleksjon. Her er nokre forslag til formuleringar du kan bruke i samtalen. År: Den tida jorda bruker på å gå éin gong rundt sola. Det tek cirka 365 dagar. Årstid: Dei fire delane året er delt inn i. Vi kallar dei vinter, vår, sommar og haust. Månad: Den tida månen bruker på å gå éin gong rundt jorda. Det tek cirka 30 dagar. Døgn: Den tida jorda bruker på å gå rundt seg sjølv ein heil dag og ei heil natt. Det tek 24 timar. Time: Ein time er det same som 60 minutt. Det er 24 timar i eit døgn. Minutt: Eit minutt er det same som 60 sekund. Det er 60 minutt i ein time. Sekund: Sekund er den grunnleggjande måleininga for tid. Det er 60 sekund i eit minutt. Eitt minutt Fortel elevane at de skal ha ein gjetteleik: «Kor lenge er eitt minutt?» Bruk eit timeglas til å vise elevane korleis sanden renn gjennom glaset på eitt minutt. Så dekkjer du til timeglaset slik at barna ikkje kan sjå det. Be dei leggje hovudet på pulten slik at dei ikkje ser kvarandre. Barna skal så rekkje opp handa når dei trur det har gått eitt minutt. Når det har gått eitt minutt, seier du ifrå. Var det nokon som rekte opp handa tidleg? Var det nokon som trudde det var lenge igjen? Gjenta aktiviteten. Var det fleire som kom nærare no? Snakk med elevane: Kva rekk ein å gjere på eitt minutt? Kor langt rekk vi å telje på eitt minutt? La barna gjette, og skriv gjerne svara deira på tavla. Tel så saman høgt i kor mens du snur timeglaset ein gong til. Sei gjerne tala slik at du seier eitt tal i sekundet. Då kjem de til cirka 60. Gjenta gjerne aktiviteten. Var det fleire som klarte å treffe nærare eitt minutt no? Kvifor? Munnlege aktivitetar Spørjeleik La elevane gå saman i grupper på to, og la kvar gruppe få eit kort med spørjeord. I Lærarrommet finn du ferdige kort, klare til utskrift. Vis elevane eit bilete av ein gjenstand frå gamle dagar eller eit bilete av eit forhistorisk dyr. La elevane bruke korta og finne på spørsmål til biletet, for eksempel: Kvar levde dyret? Kva åt det? Elevane treng cirka fem minutt på å fullføre oppgåva. Til slutt går de gjennom spørsmåla i fellesskap. Nokre av spørsmåla greier de å svare på, andre spørsmål kan opne for undring. Leik med språket Leikane er beskrivne på side 175 177. Leik 1: Ta ein ting Leik 2: Eg ser, eg ser Andre ressursar Forslag til lekser Leselekser I lærarboka finn du forslag til leselekseoppdrag til desse tekstane: «Tida går» side 6 7. «Åse og klokka» side 10 11. «Klokkesurr» side 150. «Fælt som tida går» side 150. «Kyrkjeklokka ei molbuhistorie» side 151. I Arbeidsbok B handlar oppgåve 7 12 på side 8 11 om leseforståing. Resultatet av «Vi skriv saman» kan gjerne brukast som leselekse. Andre lekser Oppgåve 2 5 på side 4 6 i Arbeidsbok B. Tilpass oppgåvetype og -mengd til kvar enkelt elev. I Lærarrommet Kort med spørjeord Pusle tøyseord Automatiseringsaktivitetar Ordkort Songar Referansar til songane finn du på side 174. Da klokka klang Morgenstund Godnattsang for Jørgen Moes vei nr. 13 For siste gang Høgtlesing Les meir om dei ulike høgtlesingsforslaga på side 178 180. Tikk takk, sier tiden av Gro Dahle og Svein Nyhus Tiden bor ingen steder av Gerhard Stoltz Saltos bokhylle Saltos bokhylle nivå 1 4 består av 24 nyskrivne lesehefte. Kvart hefte inneheld ein lesetekst i to vanskegradar. Adam og klokka av Bjørn Ingvaldsen passar godt til dette kapittelet. Eigenvurdering Bruk gjerne Salaby.no for å øve meir. La elevane sitje i par. Den eine eleven fortel om ein gong han eller ho var for seint eller for tidleg ute. Den andre eleven bruker eitt av korta med spørjeord og stiller spørsmål til det som blei fortalt. Gjer ei oppsummering i samla klasse til slutt: Korleis var det å bruke spørjekorta for å finne på spørsmål? www.gyldendal.no/salto 5

Tida går Lesing Vi tilrår at du bruker Saltos lesemetodikk i arbeidet med lesetekstane. Trinn 1 og 2 gjer de i samla gruppe, slik at alle blir kjende med alle tekstane. Trinn 3 og 4 gjer de anten i samla gruppe (vi foreslår at du då bruker -teksten som utgangspunkt) eller i nivådifferensierte grupper. Les meir om Saltos lesemetodikk på innsida av omslaget bakarst i boka. Trinn 1: Repeter Saltos lure leseknep («Superblikk», «Alt eg veit», «Lesemåte», «Tenkjestopp», «Oppsummering»). Vis gjerne til plakaten. Førebu lesinga ved å ta eit superblikk på teksten i fellesskap: Kva fortel illustrasjonane? Kva fortel overskrifta? Kva viser illustrasjonane på side 7 (eit solur og ei kompassrose)? Snakk om kva elevane veit om dette frå før: Korleis synest du det er å køyre bil? Korleis synest du det er å stå på skøyter? Kva trur du teksten kjem til å handle om? Tida går Isen er spegelblank. Ida og vennene leikar doktersisten. Dei er mange. Dei har det så gøy! Ida blir ikkje henta før om ein time. Er det langt igjen? Eit stykke, seier pappa. Stian sukkar. Tida går så seint. I re De Vis Vis Sto De tid I d Me om De ell Då An De ell Då Tid Ell Tik Ka Trinn 2: Modeller og snakk om lesemåte. Gjer tenkjestopp undervegs for å gi rom for innspel og kommentarar og for å klare opp innhaldet i teksten: Kva gjer Stian og faren? Kvifor trur du Stian synest tida går sakte? Kva for ein leik leikar Ida og vennene? Kvifor trur du ho synest tida går fort? Kvar på himmelen er sola når det er midt på dagen? Kva vil det seie at tida står stille? Har du nokon gong følt at tida har stått stille? Snakk om orda nedst på sida. Deretter bruker du spørsmåla i elevboka til å oppsummere innhaldet i teksten. Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å automatisere konsonantsambandet st- å lese dialogar å variere lesetempoet Trinn 3: Sjå på ordet stykke. Finn andre ord som begynner med st- (stad, stein, støl). Skriv orda på tavla og les i kor. Finn andre ord som rimar på -ykke (lykke, dykke, smykke, rykke). Skriv orda på tavla og les i kor. Snakk 6 Tid Gyldendal_Salto2_Tid.indd 4-5 Plutseleg ser ho på klokka. Er ho seks alt? Kvar blei tida av? om korleis vi kan sjå at orda rimar. Snakk om skrivemåte og uttale av langt og igjen. Kva for andre ord veit du om som kan bety fleire ting (tre, bolle, hjul/jul)? Snakk om at talestreken markerer at nokon snakkar. Modeller korleis teksten blir lesen med innleving, ved å endre tonefall og trykk på enkelte ord og endre karakter i stemma for kvar av personane. Vis korleis den siste setninga kan lesast med ulikt tempo for å understreke bodskapen. Skriv setningar som begynner med «Tida går». Skriv setningane på tavla og les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. Les teksten i kor. Les i ulikt tempo: først veldig sakte, så fort, deretter i normalt tempo. Kva for ord er vanskelege å lese? Kvifor? Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å lese kjende ord med flyt å bruke ulike avkodingsstrategiar å lese tekst med utropsteikn og spørsmålsteikn Trinn 3: Les teksten i kor. Kva for ord i teksten er lette å lese? Kjenner du igjen nokon ord med ein gong du ser dei? Kva for ord er vanskelege å lese? Kva lesemåte bruker du når du les orda spegelblank, doktersisten og plutse leg (lyderer, stavingsles, kjenner igjen delar av eller heile ordet)? Snakk om kva for skiljeteikn som finst i teksten. Repeter at utrops teikn betyr at nokon seier noko som eit utrop. Spørsmålsteikn markerer at nokon 6 Tid

I retteleg gamle dagar brukte menneska sola som klokke. Dei såg opp på himmelen for å sjå kvar sola stod. Viss sola stod i aust, var det morgon. Viss sola stod høgt på himmelen, var det middag. Stod sola i vest, var det kveld. Dei gamle egyptarane trudde at tida gjekk fortare midt på dagen. I dag veit vi at det ikkje stemmer. Men ofte kjennest det som om tida går fort. Det kan vere når vi leikar eller les ei spennande bok. Då kan éin time kjennast som eitt minutt. Andre gonger kjennest det som om tida står stille. Det kan vere når vi ventar på nokon eller gleder oss til noko. Då kan eitt minutt kjennast som éin time. Tida går alltid like fort. Eller like seint. Tikk, takk, tikk, takk. Kanskje det er slitsamt for tida aldri å stå stille? Spørsmål til teksten 1 Når synest du tida går fort? 2 Når synest du tida går seint? 3 Når skulle du ønskje at du kunne stoppe tida? 4 Viss du kunne skru tida tilbake, når ville du ha skrudd ho tilbake til? Snakk om: seint middag fort stå stille 7 Snakk om Snakk med elevane om orda og still gjerne spørsmål som opnar for undring og refleksjon. Her er nokre forslag til formuleringar du kan bruke i samtalen. Seint: At noko har liten fart. Sakte og langsamt er ord for det same. Middag: Midt på dagen, når sola står høgast på himmelen. Tidlegare var middagen eit måltid som blei ete midt på arbeidsdagen, cirka klokka 12. I dag er det meir vanleg å ete middag seinare. Fort: Eit anna ord for rask eller hurtig. Eit fort kan òg vere ei festning som ligg i eller ved sjøen. Stå stille: Å ikkje bevege seg. Skriving Enkle skriveoppgåver Elevane skriv ei liste over kva dei liker å bruke tid på eit tankekart med ord knytte til tid Meir utfordrande skriveoppgåver Elevane skriv ei forteljing om ein gong dei hadde dårleg tid om ei reise tilbake i tid, for eksempel til oldtida eller vikingtida stiller eit spørsmål. Snakk om at tonefallet går opp mot slutten av eit spørsmål. Modeller korleis teksten skal lesast ved utropsteikn og spørs målsteikn. Skriv setningar som begynner med «Tida går fort når». Skriv på tavla og les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. Les teksten i kor, linje for linje. La utropsteikna og spørsmålsteikna avgjere tonefallet i lesinga. Kva ord er vanskelege å lese? Kvifor? Vi trenar på å lese kjende ord med flyt å lese ord med stumme lydar å bruke ulike avkodingsstrategiar å ta pause ved komma og punktum 14.06.14 16:46 Trinn 3: Snakk om uttale og skrivemåte av orda med stumme lydar: det, kveld, tida (uttalen kan variere i ulike dialektar). Kjenner du til andre ord som har stumme lydar (god, eplet, jord)? Kva ord i teksten er lette å lese? Kjenner du igjen nokon ord med ein gong du ser dei? Kva ord er vanskelege å lese? Korleis les du orda himmelen, egyptarane, spennande, slitsamt (lyderer, stavingsles, kjenner igjen delar av eller heile ordet)? Korleis bør vi lese ein tekst når andre skal høyre på? Snakk om og modeller forskjellen på komma og punktum. Komma angir ein kort pause, mens punktum fortel at setninga er slutt. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. La elevane sitje i par og lese teksten som veksellesing der dei les annakvar setning. Kva ord er vanskelege å lese? Kvifor? Leseoppdrag Les teksten tre gonger. Øv på å lese teksten i passe tempo. Les teksten tre gonger. Øv på å bruke utropsteikn og spørsmålsteikn når du les. Les teksten tre gonger. Øv på å ta pause ved komma og punktum. www.gyldendal.no/salto 7

kalender Ta eit superblikk! Vekedagar Vekenummer SØNDAG LAURDAG FREDAG TORSDAG ONSDAG TySDAG SØNDAG MÅNDAG LØRDAG FREDAG TORSDAG AG ONSD AG 5 TIRSD 4 DAG MAN 3 2 1 Mats ishockey 5 1 4 3 2 1 Mats ishockey 1 E Dato 6 2 2 6 7 7 8 8 9 9 Marte symjiing 11 11 12 12 Marte svømming Mormor 67 år Mormor 67 år Teksten fortel kva som skal skje. 10 10 3 13 3 13 14 14 15 15 Marte symjing 4 5 20 21 22 22 Marte symjing 21 18 17 18 17 Foreldremøte Mats kl. 18 Foreldremøte Mats kl. 18 Marte svømming 4 20 16 16 23 23 19 19 Marte skøytedag kl. 13 Marte skøytedag Hugs bollar! kl. 13 Husk boller! 25 24 25 24 Mats ishockey Mats ishockey 26 26 Pappa tannlege Marte svømming kl. 10 Pappa tannlege kl. 10 5 27 28 27 29 Marte symjing 28 Vi 29 30 Marte svømming Hugs bollar 1 31 30 1 31 5 5 2 2 Lag Mats ishockey 1 Mats ishockey 2 Mats 7 år Mats 7 år 8 3 Tid 04.09.14 18:23 Gyldendal_Salto2_Tid_nynorsk.indd 1 04.09.14 18:23 Gyldendal_Salto2_Tid.indd 6 Kalender Mål Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne gi eksempel på kva som kjenneteiknar ein kalender lage ein bursdagskalender i samarbeid med andre etter mønster frå ein eksempeltekst Vi bruker kalendrar for å halde orden på tida. Kalendrar kan vare i eitt eller fleire år, og det finst fleire typar kalend rar. I Noreg bruker vi den gregorianske kalenderen, som er den mest brukte kalenderen internasjonalt. Januar Felles lesing Før lesing: Gjer elevane merksame på 8 Tid Salto, som ber dei om å ta eit superblikk på teksten. Kva betyr det å ta eit superblikk på teksten? Kva ser du viss du bruker superblikket her? Har du sett ein slik tabell før? Forklar elevane at vi kallar ein slik tabell for ein kalender, og at ein kalender er eit system som hjelper oss med å halde orden på dagane og månadene i året. Under lesing: Denne teksten krev ei tydeleg modellering for å vise elevane korleis dei får oversikt over og les ein slik tekst. Gjer elevane merksame på strukturen i tabellen, sjå faksimile. Kvifor er nokre tal raude? Vis elevane at tabellar er oversikter der det er lite føremålstenleg å lese alt. For å finne informasjon må vi leitelese. Å leitelese betyr at vi ser etter viktige ord som gir informasjon. Viss vi for eksempel lurer på når symjetimen er, må vi leitelese etter ordet symjing i tabellen. Korleis les vi tabellen viss vi lurer på kva Marte skal denne veka? Korleis les vi tabellen viss vi lurer på kva aktivitetar Mats har denne månaden? Korleis les vi tabellen viss vi lurer på kva som skjer i helgane? Etter lesing: Snakk om spørsmåla på side 9. Les sjangerkjenneteikna. Når er det lurt å bruke ein kalender? Korleis les vi ein kalender? Snakk om at det finst ulike typar kalendrar som hjelper oss med å halde orden på tida, for eksempel julekalender og bursdagskalender. Kva typar kalendrar veit du om? Korleis ser dei ut? Vi skriv saman De skal lage ein bursdagskalender i fellesskap. Gjennom samtale blir de einige om kva teksten skal innehalde, og korleis han skal utformast. De kan for eksempel lage ein kalender for kvar månad eller ein kalender med eitt ark for kvar bursdag.

Spørsmål til teksten 1 Kva vekedag har Marte symjing? 2 Kva dato skal pappa til tannlegen? 3 Kor ofte trenar Mats ishockey? 4 Når begynner skøytedagen til Marte? 5 Når har Mats bursdag? y Ein kalender er ei oversikt over dagar, veker og månader Tina Geir hjelper oss til å få oversikt over tida Frikk key Vi skriv saman Lag ein felles bursdagskalender for alle i klassen. ckey 1 Snakk om korleis de vil at kalenderen skal sjå ut. 2 Lag ei liste over alle bursdagane i klassen. Begynn med dei som har bursdag i januar. 3 Lag kalenderen slik de vil han skal vere. 04.09.14 18:23 KALENDER 9 04.09.14 18:23 Før skriving: Snakk saman om korleis bursdagskalenderen skal sjå ut (punkt 1 i elevboka). Korleis bør han sjå ut for at vi lett skal sjå kven som har bursdag neste gong? Korleis skal vi vise at nokon har bursdag? Lag ei liste over alle bursdagane i klassen (punkt 2 i elevboka). Begynn med dei som har bursdag i januar. Under skriving: Skriv namn på månader og datoar på kalenderen og marker bursdagane (punkt 3 i elevboka). Har de valt å lage ein kalender med eitt ark for kvar bursdag, kan elevane eventuelt lage kvart sitt kalenderark med namn og dato. Du kan skrive teksten på tavle, flippover eller datamaskin med projektor, men pass på at elevane ser teksten etter kvart som du skriv han. Etter skriving: Kontroller at burs dagane til alle elevane er tekne med i kalenderen, for eksempel ved å be elevane gå saman i par og finne bursdagane til kvarandre. Vidare skrivearbeid Lag ein bursdagskalender for familien din. Lag ein kalender over denne månaden og skriv inn alle aktivitetane du skal på. Lag ein kalender som hjelper deg til å telje ned til noko du gleder deg til, for eksempel vinterferie, påskeferie eller bursdag. kva for ein vekedag du og dei andre i familien din blei fødde på kva for ein vekedag julaftan var på i fjor kva for ein vekedag julaftan fell på i år kva for ein vekedag du har bursdag på når du blir 18 år Eigenvurdering La elevane sitje i par og vurdere kalenderen dei har laga, med utgangspunkt i spørsmåla: Kva er det som gjer dette til ein kalender? Kva bruker vi ein kalender til? Gjer ei oppsummering i samla klasse til slutt. Fleire aktivitetar Ver datodetektivar På Internett finst det digitale kalendrar der det er mogleg å finne datoar langt tilbake i tid. Søk for eksempel på «kalender» + ønskt årstal. Bruk Internett til å finne ut kva for ein vekedag 17. mai er på i år www.gyldendal.no/salto 9

w Åse og klokka Åse og klokka Lesing Åse har fått ei klokke. Klokka er fin. Ho har tal og to visarar. Men Åse kan ikkje klokka. Vi tilrår at du bruker Saltos lese metodikk i arbeidet med lesetekstane. Trinn 1 og 2 skal gjerast i samla gruppe, slik at alle blir kjende med alle tekstane. Trinn 3 og 4 gjer de anten i samla gruppe (vi foreslår at du då bruker -teksten som utgangspunkt) eller i nivådifferensierte grupper. Les meir om Saltos lesemetodikk på innsida av omslaget bakarst i boka. Trinn 1: Førebu lesinga ved å ta eit superblikk på teksten i fellesskap: Kva fortel illustrasjonane? Kva fortel over skrifta? Kvifor er det bilete av så mange urskiver, trur du? Kva viser urskivene? Snakk om kva elevane veit om dette frå før: Korleis er det å lære seg klokka? Kva trur du teksten kjem til å handle om? Trinn 2: Les teksten høgt. Modeller og snakk om lesemåte. Gjer tenkjestopp undervegs for å gi rom for innspel og kommentarar og for å klare opp innhaldet i teksten: Kven handlar teksten om? Kva er det Åse vil lære seg? Kven er Ola? Kvifor kan ikkje Ola lære henne klokka? Kvifor kan ikkje far lære Åse klokka? Snakk om orda nedst på sida. Deretter bruker du spørsmåla i elevboka til å oppsummere innhaldet i teksten. O E K Ås Så U O Ås H Åse tel tala. Det er tolv tal på klokka. Visarane går og går. Mor, vil du lære meg klokka? seier Åse. Men mor har ikkje tid. Eg må koke poteter, seier ho. Klokka er jo alt to! Åse ser på klokka. No er ho to, seier ho. Gyldendal_Salto2_Tid.indd 8-9 10 Gyldendal_Salto2_Tid.indd 8-9 Tid Gyldendal_Salto2_Tid.indd 8-9 Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å lese stavingar i ord å lese med trykk å byggje ut setningar Trinn 3: Kor lang kjede av ord kan de lage når de begynner med ordet har og byter ut ein og ein bokstav (har her der den din osv.)? Skriv ordet visarar på ein lapp og klipp ut bokstavane. Pusle bokstavane saman til ord (vi, sar, visar, risa). Skriv orda på tavla og les i kor. Finn ord med to eller fleire stavingar (Å-se, klok-ke, klok-ka, vi-sar-ar, ik-kje). Skriv orda på lappar og klipp dei opp i stavingar. La elevane pusle stavingane saman til nye tøyseord. Snakk om korleis vi kan lese teksten med innleving ved 10 Tid å leggje trykk på enkelte ord (f.eks. klokke, fin, tal). Bygg ut setninga «Åse har fått ei klokke» (Åse har fått ei stilig, rosa klokke). Kor lange setningar klarer de å lage? Skriv setningane på tavla og les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. Les teksten i kor, linje for linje. Gjer tydelege pausar ved punktum. Kva for nokre ord er vanskelege å lese? Kvifor? Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å lese kjende ord med flyt å kjenne igjen høgfrekvente ord å automatisere bøyingsmorfema -a, -er og -ene å lese dialogar med innleving Trinn 3: La elevane finne ordet ho i teksten. Gjenta med klokka, går, ikkje og ser. Kva er forskjellig i orda tal og tala? Skriv bøyinga av ordet (eit tal talet tal tala). Gjer tilsvarande med ordet klokka (ei klokke klokka klokker klokkene). Modeller korleis teksten kan lesast med innleving, ved å endre tonefall og trykk på enkelte ord og karakter i stemma for kvar av personane. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. Elevane sit i par. Éin les setningane med talestrek, den andre les dei forteljande setningane. Etter ein runde byter de, slik at begge får lese heile teksten. La elevane øve på å lese med innleving. Kva for ord er vanskelege å lese? Kvifor? Så V S K K Om N Ås N K D Call Beg

r Åse. Ola, kan du lære meg klokka? seier Åse. Eg må gjere lekser, seier Ola. Klokka er jo alt kvart over to! Åse ser på klokka. Kvart over to, seier ho. Så kjem far. Han har det travelt. Uff, eg gløymde å kjøpe bollar. Og klokka er alt halv tre! seier han. Åse ser på klokka. Halv tre. No veit eg det, seier ho. Så kjem tante Lotte. Vil du lære meg klokka? seier Åse. Seinare, jenta mi. Eg må setje blomstrane i vatn. Klokka er alt kvart på tre. Kvart på tre, seier Åse og ser på klokka. Om kvelden seier mor og far: No har vi tid. No kan vi lære deg klokka. Åse ser på klokka si. Nei, no er klokka alt åtte. No må eg sove. Kva?! seier dei andre. Du kan jo klokka! Kven har lært deg den? Calli Thaugland: forkorta utdrag frå Då klokka klang. Begynnarbok i lesing Spørsmål til teksten 1 Åse spør mange om hjelp. Kven spør ho? 2 Korleis har Åse lært seg klokka? 3 Har du nokon gong lært deg noko av deg sjølv? Kvarter: Eit kvarter er 15 minutt. Det er det same som å dele opp ein time i fire delar. Eit kvarter blir dermed ein av dei fire delane. Eit kvarter kan òg vere eit område der nokon bur. Travelt: Å ha mykje å gjere. Setje i vatn: Setje blomstrar i ein vase med vatn oppi. Skriving Enkle skriveoppgåver Elevane skriv eit dikt der dei fortset dette rimmønsteret: Klokka eitt er eg sveitt, klokka to tek eg på sko klokka tre ei liste over kva dei gjer på ulike klokkeslett i løpet av ein dag. For eksempel: «Klokka sju står eg opp. Klokka fire går eg heim. Klokka fem et eg middag.» ein tekst om kvifor det er lurt å kunne klokka Meir utfordrande skriveoppgåver Elevane skriv ei forteljing om ei reise tilbake i tida då besteforeldra var barn ei forteljing om ei reise inn i framtida Snakk om: klokke kvarter travelt setje i vatn Vi trenar på å lese kjende ord med flyt å leitelese å automatisere høgfrekvente ord å byggje ut setningar å lese dialogar med innleving Trinn 3: Finn ord i teksten som blir skrivne på ein annan måte enn dei blir uttalte. Skriv orda på tavla og les i kor. Snakk om skrivemåte og uttale. Kor mange gonger står det Åse i teksten (6)? Gjenta med orda klokka (12), han (2) kvart (4). Finn fleire ord de kan leite etter i teksten. Bygg ut setninga «Åse ser på klokka si» (Åse ser på den nye klokka si). Skriv setningane på tavla og les i kor. Kor lang setning klarer de å lage? Snakk om og modeller korleis 14.06.14 16:46 11 14.06.14 16:46 14.06.14 16:46 teksten kan lesast med innleving, ved å endre tonefall, trykk på enkelte ord og karakter i stemma for kvar av personane. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. La elevane øve på å lese teksten med innleving ved å lese roller i kor nokon er Åse, nokon er mor, nokon er Ola, nokon er far, og nokon er tante Lotte. Les fleire gonger, slik at alle får lese heile teksten. Kva for ord er vanskelege å lese? Kvifor? Snakk om Snakk med elevane om orda og still gjerne spørsmål som opnar for undring og refleksjon. Under finn de nokre forslag til formuleringar du kan bruke i samtalen. Klokke: Ei klokke er eit instrument som viser tida. Ei klokke kan òg vere ei bjølle vi kan ringje med. Leseoppdrag Les teksten tre gonger. Øv på å ta pause ved punktum. Les teksten tre gonger. Øv på å lese med innleving. Les teksten tre gonger. Øv på å lese med innleving. www.gyldendal.no/salto 11

stavingar Vi les stavingar Alle ord har stavingar. Vi kan klappe ordet for å finne stavingane. Vokalane bestemmer kor mange stavingar ordet har. Viss vi skal lese eit vanskeleg ord, kan vi lese det i stavingar. Kurtamarilteodorfillifjongsabbedussengelsenjosefin Time Fritid Tid Ur Klokke Kalender Klokkemakar Sekundvisar Ti-me Fri-tid Tid Ur Klok-ke Ka-len-der Klok-ke-ma-kar Se-kund-vi-sar Fa He Fa Mo Sto Sto Og Fa U K E E K sut K N E H N sei Oppgåver 1 Les orda saman høgt og klapp stavingane. 2 Les orda for deg sjølv. Bruk stavingane til å lese orda. 3 Les namnet på kaninen. Bruk stavingane til å lese ordet. 12 Tid Stavingar Mål Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne finne stavingar i ord lese lange ord ved hjelp av stavingslesing Alle ord har éi eller fleire stavingar. Ei staving utgjer eit rytmisk slag i talespråket, og kjernen til stavinga er ein vokal eller ein diftong. Stavingslesing inneber at elevane deler opp skrivne ord ord på same måte som dei klappar rytmen i talte ord. For å kunne dele ord i stavingar må elevane kjenne igjen vokalar og diftongar i orda. Stavingslesing effektiviserer lesinga. Det er lettare å trekkje nokre få stavingar saman (le-se-lek-ser) enn å lese ein og ein bokstav (l-e-s-e-l-e-ks-e-r). Stavingslesing er ein av lesemåtane i Saltos lure leseknep, i strategien «Lesemåte». Arbeid med stavingar Førebu lesinga ved å lese overskrifta og sjå på flagget til kaninen. Kva står det på flagget til kaninen? (Namnet er henta frå Holmsen/Brænne, 1986). Les ordet høgt for elevane. Snakk om at slike lange ord kan bli lettare å lese om vi deler dei opp i stavingar. Les teksten som står øvst på venstre side. Kva er ei staving (eit rytmisk slag eller klapp i eit ord)? Korleis finn vi stavingar i eit ord? Les orda i ramma. Klapp orda samtidig som du les dei. Skriv eitt og eitt ord på tavla: Kor mange stavingar er det i ordet? Kor mange vokalar er det? Set ein raud prikk under vokalane. Gjer det same med resten av orda. Forklar elevane at når vi skal lese ord i stavingar, leitar vi etter vokalane (eller diftongane) og les staving for staving. Skriv Kurtamarilteodorfillifjongsabbedussengelsenjosefin på tavla. Finn vokalane i ordet i fellesskap og set ein prikk under dei. Deretter set de strek etter kvar staving: Kur ta ma ril te o d or fil li fjong sab be dus seng el se n jo se fin. Les ordet fleire gonger i kor. La elevane finne på andre lange ord som kan vere vanskelege å lese (f.eks. strikkepinne, fargeblyanteske, stiftemaskin, mobiltelefon, isbjørntann). Skriv orda på tavla, finn vokalane, del i stavingar og les orda i kor. Etter lesinga gjer de oppgåvene i elevboka for å oppsummere. Familien Ur skal på tur Felles lesing Dette er ein tekst der dei lange orda er delte inn i stavingar. På den måten Gyldendal_Salto2_Tid.indd 12 Tid

Familien Ur skal på tur Her er fa-mi-li-en Ur. Far heiter Ur-fa-pa-pa. Mor heiter Ur-ma-ma-la. Sto-re-bror heiter Ur-fa-li-to. Sto-re-sys-ter heiter Ur-ta-ma-ta. Og ves-le-bror heiter Ur-ki-ur-ko. in Fa-mi-li-en Ur skal på tur. Ur-fa-li-to, Ur-ta-ma-ta, Ur-ki-ur-ko! Kvar er de? roper Ur-ma-ma-la. Eg fell, seier Ur-fa-li-to. Eg et to-ma-tar, seier Ur-ta-ma-ta. Kvar er Urk, vesle ko-se-klok-ka mi? sutrar Ur-ki-ur-ko. Kom no, seier Ur-fa-pa-pa. No må vi tikke av garde. Er det farleg? Kan ein ramle? spør Ur-fa-li-to. Har de hugsa to-mat-ar? spør Ur-ta-ma-ta. Nei! Eg tikkar ikkje eit hakk før eg finn Urk, seier Ur-ki-ur-ko. Oppgåver 1 Kva heiter medlemmene i familien Ur? 2 Finn på andre namn i familien Ur ved å byte om på stavingane i namna. Ordbilete: då når dag tid STAVINGAR 13 Gyldendal_Salto2_Tid.indd 11 14.08.14 19:55 blir det lettare å vise korleis elevane skal lese ord ved hjelp av stavingslesing, og gi dei erfaring i å bruke strategien. Før lesing: Førebu lesinga ved å ta eit superblikk på teksten. Kva fortel overskrifta? Kva fortel illustrasjonen? Kven er familien Ur? Kva trur du teksten kjem til å handle om? Ser du noko spesielt med teksten (det er mange bindestrekar)? Under lesing: Les heile teksten høgt for elevane. Les tydeleg orda som er delte i stavingar, med trykk på kvar vokal. Kvifor er det mange bindestrekar i teksten? Kva for ord er delte med bindestrekar (dei lange orda)? Studer orda som er delte i stavingar, og les dei i kor. Les teksten fleire gonger i kor eller som veksellesing. Du kan for eksempel lese det meste av teksten, mens elevane les alle namna etter kvart som dei dukkar opp. Etter lesing: Kva handlar teksten om? Når er det lurt å bruke stavingslesing? Forklar elevane at å dele opp ord i stavingar er ein av lesemåtane i Saltos lure leseknep. Ordbilete Øv på automatisert lesing av orda då, når, dag og tid. Ordkort og forslag til automatiseringsaktivitetar fins i Lærarrommet. Bruk gjerne ordbileta i tavlerommet til Smart Tavle. Fleire aktivitetar Ordkonkurranse Skriv desse stavingane på tavla: se, de, ne, re, te, le, pe, ke, ba, ga, fi, ha, fa, le, ma, ra, ri, se, so, va. Del inn i grupper på tre fire elevar. På signal skal gruppene lage så mange ord dei kjem på, ved hjelp av stavingane. Elevane får fem minutt på seg til å fullføre oppgåva. Gruppene får eitt poeng for kvart ord dei klarer å lage. De kan gjere leiken vanskelegare ved at elevane får fleire poeng for ord som dei andre gruppene ikkje har, eller for ord som har meir enn to stavingar. Pusle tøyseord Elevane får ark med stavingar og klipper ut stavingane, sjå Lærarrommet. Dei skal klippe ut stavingane og byggje ord. Gi gjerne spesifikke oppgåver, som at dei skal lage tøyseord, ord med minst fire stavingar eller ord som sluttar på -le. Elevane kan skrive ned orda og lese dei etterpå. Eigenvurdering Skriv eit langt ord på tavla (f.eks. stoppeklokke, sekundvisar). La elevane dele ordet i stavingar. Gjer ei oppsummering i samla klasse til slutt: Korleis delte du ordet? Korleis var det å lese orda med stavingslesing? www.gyldendal.no/salto 13

høgtlesing Eit kort frå Paris «A-ha,» sa Bulle da han så hva som stod. Doktor Proktor har reist til Paris for å finne den store kjærleiken. For det han så, var dette: Ein dag får Lise og Bulle eit spesielt postkort. Doktor Proktor er i fare. «Vi skal al «Åleine.» «Åleine sa det er ikkj «Det er le Sarpsborg «Berre så «Eg må sp om lov til «Gløym d «Du får ikk Dei kjem b betre å ko Og då vei «Å?» sa Li «Kva skjer «Ingenting «Ingen vak doktor Pro Tidssåpe? Det var di Han visste «Kanskje» «Men m Han er no «Klart eg «Og Prokt «Nettopp «Så korleis «Elementæ Og venne Lise såg le «Det», sa Så kva gje Høgtlesing Mål 14 Tid Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne lytte til og samtale om innhaldet i teksten «Eit kort frå Paris» stille spørsmål til ein tekst Leselyst «Eit kort frå Paris» er eit utdrag frå Jo Nesbø si bok Doktor Proktors tidsbadekar (2008). Det er den andre boka i serien om Lise, Bulle og Doktor Proktor og er oppfølgjaren til Doktor Proktors prompepulver. Som lesetekst vil denne teksten vere for vanskeleg for mange andreklassingar. Det er meininga at du skal lese teksten høgt for elevane, slik at dei kan få felles leseopplevingar. Eit kort frå Paris kapitteltittel l 25 Før lesing: Førebu lesinga ved å ta eit superblikk. Kva fortel illustrasjonane? Kva trur de vi skal lese om i denne teksten? Har nokon av dykk skrive eit postkort? Kva er eit frimerke? Kor stort er eit frimerke? Minn elevane på at ein god lyttar ser på den som snakkar, og høyrer godt etter. Fortel elevane at denne teksten er eit utdrag frå ei bok som heiter Doktor Proktors tidsbadekar. Doktor Proktor er ein oppfinnar som har dratt til Paris for å finne igjen ungdomskjærasten sin, Juliette Margarin. Han har reist tilbake i tida ved hjelp av den gamle oppfinninga si, tidsbadekaret, for å forandre historia slik at han endar opp med Juliette. Ein dag dukkar det opp eit postkort frå Doktor Proktor i postkassa til Lise. Etter å ha tyda ein mystisk beskjed på baksida av frimerket, forstår ho og vennen Bulle at doktoren er i trøbbel. Lise og Bulle reiser til Paris, hoppar i karet og dreg tilbake til fortida for å hjelpe han. Under lesing: Modeller for elevane korleis du vil ta for deg teksten: Vis at du begynner å lese ingressen øvst til venstre på venstre side, deretter teksten som står i illustrasjonen. Les høgt for elevane. Teksten bør lesast samanhengande første gong. Denne teksten står på frimerket, vi har omsett den til nynorsk for lærarboka: «SOS. Eg har forsvunne i tida. Ta med glaset som er merkt med tidssåpe i laboratoriet og kom til Paris straks. Ta òg med fransknaseklypene som ligg i skuffen for ikkje-patenterte oppfinningar. Pengar til flybilletten skaffar de ved å selje dette frimerket til Langfrakk klokkebutikk i Rosenkrantzgata. Men ikkje eit ord til innehavaren om Jo Nesbø: ut 14 Tid

neste gatelykta og studerte det inngående mens han mumlet flere hm-er som alle lød grublende og intelligente. «Vi skal altså til Paris», sa Lise. «Åleine.» «Åleine saman», retta Bulle. «Og det er ikkje så langt.» «Det er lenger enn til Sarpsborg», sa Lise. «Berre så vidt», sa Bulle. «Eg må spørje mor og far om lov til å dra», sa Lise. «Gløym det», sa Bulle. «Du får ikkje lov. Dei kjem berre til å seie at det er betre å kontakte politiet i Paris. Og då veit vi no kva som skjer.» «Å?» sa Lise litt usikkert. «Kva skjer då?» «Ingenting», sa Bulle. «Ingen vaksne vil tru på slikt som doktor Proktor finn opp. Tidssåpe? vil dei seie. Høyrt sånt sludder! Det var difor professoren sende kortet til oss. Han visste at ingen andre ville tru han, ikkje sant?» «Kanskje», sa Lise forsiktig. «Men men er du heilt sikker på at vi trur på han, då? Han er no snill, men eigentleg litt eh, sprø.» «Klart eg er sikker på at vi trur», sa Bulle. «Og Proktor er ikkje litt sprø. Han er spikande galen.» «Nettopp», sa Lise. «Så korleis kan du vere så sikker?» «Elementært, mi kjære Lise. Doktor Proktor er vennen vår. Og venner trur på kvarandre.» Lise såg lenge på månen. Og nikka. «Det», sa ho, «er det sannaste du har sagt på lenge. Så kva gjer vi?» kortet fra paris l 11 Jo Nesbø: utdrag frå Doktor Proktors tidsbadekar kvar de har fått tak i frimerket og kvar de skal reise. Forstått, Bulle?» Etter å ha lese teksten på frimerket samtalar de om innhaldet i teksten: Kven har skrive kortet? Kva har skjedd? Kva er ei tidssåpe, trur du? Kva er ei fransknaseklype? Kva får Lise og Bulle beskjed om å gjere? Korleis skal dei kome seg til Paris? Kvifor får dei pengar for frimerket? Kvifor trur du at Bulle og Lise må halde oppdraget hemmeleg? Les deretter teksten på høgre side høgt for elevane, utan å stoppe. Etter lesing: Samtale om teksten: Kvifor vil ikkje Lise og Bulle kontakte politiet i Paris? Kvifor trur Bulle og Lise på det Doktor Proktor skriv? Kva er forskjellen på «litt galen» og «spikande galen»? Korleis trur du tidssåpa og tidsbadekaret fungerer? Kva trur du skjer vidare? Vidare arbeid med teksten Skriv di eiga oppskrift på tidssåpe. Lag ein instruksjon for korleis ein byggjer ei tidsmaskin. Skriv ein mystisk beskjed til ein venn og la han/henne gjette kva som har skjedd. Teikn eit frimerke i rett storleik og skriv tekst inni. Kor mykje tekst klarer du å få plass til? Eigenvurdering La elevane sitje i par og bruke spørjekorta i Lærarrommet for å lage spørsmål til teksten. Gjer ei oppsummering i samla klasse til slutt der elevane presenterer spørsmåla og svara. HØYTLESING 15 www.gyldendal.no/salto 15

11 Datamaskiner datamaskin PC nettbrett e-post mobiltelefon SMS automat 16 Datamaskiner 17 Datamaskiner Om kapittelet Dette kapittelet handlar om datamaskiner. Gjennom lesetekstar og illustrasjonar lærer elevane nye ord og korleis vi kan bruke datamaskiner til å kommunisere. Den munnlege ferdigheita vi legg vekt på i dette kapittelet, er å stille oppklaringsspørsmål. Sjangerteksten i dette kapittelet er beskjed. Gjennom felles lesing lærer elevane kva som kjenneteiknar beskjedar som sjanger, kva slags formål beskjedane har, og i kva for situasjonar dei er nyttige for oss. Gjennom felles skriving er elevane med på å skrive beskjedar. Det språklege emnet i dette kapittelet er ord, nærare bestemt rotord. Gjennom arbeidet vil elevane få sjanse til å erfare at identifisering av rotord kan hjelpe til med både å avkode ord og å skrive dei rett. Mål Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne fortelje om eigne opplevingar og erfaringar med datamaskiner stille oppklaringsspørsmål til ytringar frå andre Munnlege ferdigheiter Å stille oppklaringsspørsmål Fortel elevane at det er lurt å kunne stille oppklaringsspørsmål. Desse spørsmåla høyrest ut som andre spørsmål, men vi kallar dei oppklaringsspørsmål fordi vi stiller dei når vi vil klare opp noko. Det kan vere noko vi ikkje forstår, eller noko vi vil vite meir om. Arbeid med sidene Introduksjon av emnet Fortel elevane at dei skal få lese og snakke om datamaskiner og kva dei kan brukast til. Mange veit korleis ei datamaskin ser ut, og kan mykje om kva ho blir brukt til. Kva er ei datamaskin? Korleis ser det ut inni ei datamaskin? Korleis får vi ho til å verke? Går det an å skrive og spele på alle datamaskiner? Kor stor er verdas største datamaskin, trur du? Kor lita er verdas minste datamaskin, trur du? Finst det andre datamaskiner enn PC-ar? Kvar finn vi dei? Biletsamtale La elevane assosiere fritt, men legg vekt på at dei bruker heile setningar. Oppfordre gjerne elevane til å stille oppklaringsspørsmål. Kva ser du på biletet? Kva for maskiner ser du på biletet? Ser du nokon datamaskiner på biletet? Har du nokon datamaskiner heime? Kva bruker du datamaskiner til? Ordbanken Snakk med elevane om orda og still gjerne spørsmål som opnar for undring og refleksjon. Her er nokre forslag til formuleringar du kan bruke i samtalen. Datamaskin: Ei maskin som kan behandle mykje informasjon automatisk. 16 Datamaskiner

PC: Ei lita datamaskin. PC er ei engelsk forkorting for «personal computer», omsett til norsk som «personleg datamaskin». Nettbrett: Ei lita datamaskin med ein flat berøringsskjerm der ein bruker digital penn eller fingertuppen til å styre med i staden for eit tastatur eller ei mus. E-post: Ei forkorting for «elektronisk post». Ein e-post er ein beskjed som blir send elektronisk gjennom Internett frå éin person til ein annan. Mange bruker òg det engelske ordet e-mail eller mail i staden for det norske omgrepet. Mobiltelefon: Ein berbar telefon. SMS: Ei kort tekstmelding som blir send frå éi elektronisk eining til ei anna, for eksempel frå mobiltelefon til mobiltelefon eller frå mobiltelefon til PC. Blir òg kalla tekstmelding. Automat: Ei maskin som utfører ei handling av seg sjølv (automatisk). Vi leikar robot Læraren begynner med å vere «menneske», som skal gi robotane (elevane) i klasserommet instruksar. Mennesket gir robotane kommandoar, for eksempel: «Gå tre skritt framover, hopp på eitt bein, klø deg på nasen.» Plutseleg gir mennesket robotane ein umogleg kommando, for eksempel: «Gå i taket.» Kva gjer robotane då? Robotane stoppar opp fordi det ikkje er mogleg for dei å gjere det menneska seier. Etter kvart kan nokre elevar prøve seg som menneske og gi kommandoar. Etter aktiviteten kan de samtale om erfaringane frå leiken: Kva er ein robot? Kven bestemmer over maskin ene? Kva kan maskiner gjere? Kva kan maskiner ikkje gjere? Korleis får vi maskiner til å gjere som vi seier? Leik med språket Leikane er beskrivne på side 175 177. Leik 3: Kva høyrer vi? Leik 4: Finn framlyden Andre ressursar Forslag til lekser Leselekser I lærarboka finn du forslag til leselekseoppdrag til desse tekstane: «Vi bruker datamaskiner» side 18 19. «Dei første datamaskinene» side 22 23. «Datamaskin» side 152. «No er det nok Nintendo» side 152. «Datanerden som endra verda» side 153. I Arbeidsbok B handlar oppgåve 9 13 på side 18 21 om leseforståing. Resultatet av «Vi skriv saman» kan gjerne brukast som leselekse. Andre lekser Oppgåve 3 6 på side 15 16 i Arbeidsbok B. Tilpass oppgåvetype og -mengd til kvar enkelt elev. I Lærarrommet Klipp ut delar av ord Pusle tøyseord Automatiseringsaktivitetar Ordkort Høgtlesing Les meir om dei ulike høgtlesingsforslaga på side 178 180. Det er en bok! av Lane Smith Bellas nye datamaskin av Valerie Thomas og Korky Paul Roboten er løs av Philip Newth Robotar er ikkje som deg og meg av Mona Fossdal Eigenvurdering Bruk gjerne Salaby.no for å øve meir. La elevane sitje i par og intervjue kvarandre om datamaskiner. Be den eleven som intervjuar, stille minst eitt oppklaringsspørsmål til kvart svar. Gi elevane eksempel på oppklaringsspørsmål som kan stillast: Kva synest du er fint med datamaskiner? Kva bruker du datamaskiner til? Kva skulle du ønskje datamaskinene kunne gjere? Snakk om kva oppklaringsspørsmål som kan passe til kvart spørsmål. Gjer ei oppsummering i samla klasse til slutt. Korleis var det når intervjuaren stilte oppklaringsspørsmål? Korleis var det å stille oppklaringsspørsmål? Munnlege aktivitetar Gjett kva eg tenkjer på Vel ut ein elev ved elling (sjå side 181). Eleven får i oppdrag å tenkje på noko, og dei andre elevane skal gjette kva denne eleven tenkjer på, ved å stille oppklaringsspørsmål. Det er berre lov til å svare ja eller nei på spørsmåla. Gjenta leiken, slik at fleire får prøve seg. www.gyldendal.no/salto 17

Vi bruker datamaskiner Lesing Vi tilrår at du bruker Saltos lesemetodikk i arbeidet med lesetekstane. Trinn 1 og 2 gjer de i samla gruppe, slik at alle blir kjende med alle tekstane. Trinn 3 og 4 gjer de anten i samla gruppe (vi foreslår at du då bruker -teksten som utgangspunkt) eller i nivådifferensierte grupper. Les meir om Saltos lesemetodikk på innsida av omslaget bakarst i boka. Trinn 1: Repeter Saltos lure leseknep, vis gjerne plakaten. Førebu lesinga ved å ta eit superblikk i fellesskap: Kva fortel bileta? Kva fortel overskrifta? Snakk om kva elevane veit om dette frå før: Kva kan vi bruke datamaskiner til? Kva typar datamaskiner veit du om? Kva trur du teksten kjem til å handle om? Trinn 2: Les teksten høgt. Modeller og snakk om lesemåte. Gjer tenkjestopp undervegs for å gi rom for innspel og kommentarar og for å klare opp innhaldet i teksten: Kva typar datamaskiner les vi om? I kva ting er det datamaskiner? Korleis ser dei fleste datamaskinene ut? Kva betyr PC? Kva er Internett? Snakk om orda nedst på sida. Deretter bruker du spørsmåla i elevboka til å oppsummere innhaldet i teksten. 18 Vi bruker datamaskiner Eg ser på film. Eg teiknar. Eg spelar. Eg skriv SMS. Rundt oss er det mange datamaskiner. Det finst ulike typar datamaskiner. Kanskje du har ein PC heime? Eller eit nettbrett eller ei spelemaskin? Dei fleste datamaskiner er bitte små. Vi tenkjer ikkje over at vi bruker dei. Det er små datamaskiner i mobiltelefonar, i bilar, i klokker og i mange leiker. Datamaskiner De De Ma De Ing me PC «p De Da Då De På ko Ma ka Me og Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å automatisere konsonantsambandet skr- å automatisere høgfrekvente ord å endre syntaks i setningar Trinn 3: Finn andre ord som begynner med skr- (skrike, skravle, skrelle). Snakk om skrivemåte og uttale av teiknar. Skriv alle orda frå teksten på papirlappar, eitt ord på kvar lapp. Bland lappane. Finn eg, ser, på, skriv. Pusle lappane tilbake til setningar. Byt om på orda i setninga slik at det blir spørjesetningar. Skriv setningane på tavla og les i kor. Skriv setningar om kva de gjer med datamaskiner: «Eg» Skriv på tavla og les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. La elevane sitje i par og lese teksten i kor. La elevane øve på å lese nøyaktig. Kva ord er vanskelege å lese? Kvifor? Vi trenar på å trekkje bokstavlydar saman til ord å lese kjende ord med flyt å lese ord med sj-lyd å lese samansette ord å ta pause ved komma Trinn 3: Snakk om skrivemåte og uttale av orda rundt, PC, tenkjer, kanskje og datamaskiner. Snakk om at sj-lyden [ ] ikkje har eigen bokstav. Finn andre ord med sj-lyd (her kan det vere mange variantar, f.eks. sk-, sj-, ski-, skj-). Skriv orda på tavla og snakk om ulike skrivemåtar. Finn samansette ord i teksten. Skriv orda på ein papirstrimmel og klipp opp orda mellom rotorda (f.eks. spele + maskin). La elevane pusle nye tøyseord, for eksempel fjerntelefonar og nettkontrollar. Finn kommaa i teksten. Snakk om at komma betyr at vi skal ta ein liten pause i lesinga. Modeller korleis du les teksten ved oppramsing. Veit du om nokon gjenstandar som innheld datamaskiner? Skriv på tavla og les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. Les teksten fleire gonger i kor med forskjellig stemme: kviskrestemme, kraftig stemme, glad stemme og trist stemme. Gjer tydelege opphald ved komma. Kva ord er vanskelege å lese? Kvifor? 18 Datamaskiner

Det finst òg kjempestore datamaskiner. Dei tek stor plass og kostar mykje pengar. Maskinene blir brukte til å rekne ut vanskelege reknestykke. Dei blir brukte av bankar, flyselskap og oljeselskap. Ingen treng så store maskiner heime, men mange har ein PC. PC er ei engelsk forkorting for «personal computer». Det betyr «personleg datamaskin». Datamaskiner kan koplast saman i eit nettverk. Då kan maskinene «snakke saman». Det største nettverket i verda er Internett. På Internett er mange milliardar maskiner kopla saman. Maskinene «snakkar saman» gjennom kablar eller radiosignal. Med Internett kan vi sende e-post, spele spel og leite etter informasjon. Spørsmål til teksten 1 Kvifor treng bankar og flyselskap store maskiner? 2 Korleis kan maskinene «snakke saman» gjennom Internett? 3 Kva bruker du Internett til? Snakk om: forkorting nettverk kople kabel Vi trenar på å lese kjende ord med flyt å lage samansette ord å lese ord med dobbel konsonant å oppsummere Trinn 3: Finn ord i teksten som blir skrivne på ein annan måte enn dei blir uttalte (f.eks. kjempestore, maskiner, personal computer). Skriv orda på tavla og les i kor. Snakk om skrivemåte og uttale. Finn samansette ord i teksten. Lag samansette ord med -maskin. De kan gjerne lage tulleord. Kor lange ord klarer de å lage? Kva for ord i teksten har dobbel konsonant? Skriv orda på tavla og les i kor. Visk ut ein av konsonantane. Les orda slik dei står no. Snakk om forskjellen i betyd- 19 ning og uttale i ord med enkel og dobbel konsonant. Repeter kva det vil seie å oppsummere (frå Saltos lure leseknep). Korleis kan vi oppsummere kvart avsnitt med éi setning. Skriv ei setning på tavla som oppsummerer kvart avsnitt. Les i kor. Trinn 4: Elevane øver på automatisering av -teksten. La elevane sitje i par og lese teksten som veksellesing, annakvart avsnitt. La elevane øve på å lese teksten så nøyaktig som mogleg. Kva ord er vanskelege å lese? Kvifor? Snakk om Snakk med elevane om orda og still gjerne spørsmål som opnar for undring og refleksjon. Her er nokre forslag til formuleringar du kan bruke i samtalen. Forkorting: Eit ord skrive på ein kortare måte. Nettverk: Datamaskiner som er kopla saman anten med kablar eller gjennom Internett. Kople: Å setje noko saman. Kabel: Ei samling av leidningar som er fletta saman. Ein elektrisk kabel blir brukt til å overføre elektriske signal. Ein elektrisk kabel har isolasjon rundt. Skriving Enkle skriveoppgåver Elevane skriv ei liste over kva datamaskiner dei har heime ei liste over ting det finst datamaskiner i Meir utfordrande skriveoppgåver Elevane skriv ein tekst om kva dei bruker datamaskiner til i løpet av ein dag ein tekst om kva dei kunne ønskje at dei kunne få ei datamaskin til å gjere Leseoppdrag Les teksten tre gonger. Øv på å lese nøyaktig. Les teksten tre gonger. Øv på å ta pause ved komma. Les teksten tre gonger. Øv på å lese så nøyaktig som mogleg. www.gyldendal.no/salto 19

beskjedar Vi skriv beskjedar Ta eit superblikk! < Meldinger Mamma Kontakt Kan eg ha med Soufia heim? OK Kan vi ha vasskrig i stova? Nei!!! Mona! Vi har for kvasse brødknivar! Er på legevakta. Tarzan har fått mat. Pappa Mikkels mamma, Miras pappa, Peders mamma, Atles pappa, Laras pappa, Sanats pappa Viktig beskjed til foreldra i 2C Til foreldra i 2C. På tysdag skal vi lage spikarbrett i matematikken. Det er fint om elevane tek med seg sin eigen hammar. Laurits Berg Kontaktlærar 2C Myra skule Vi Skr de 1 2 E 20 Datamaskiner Beskjedar Mål Etter å ha arbeidd med oppslaget skal eleven kunne gi eksempel på kva som kjenneteiknar ein beskjed skrive ein beskjed i samarbeid med andre etter mønster frå ein eksempeltekst På desse sidene skal elevane arbeide med beskjedar. I perioden der de arbeider med beskjedar, kan du gjerne skrive beskjedar på tavla i staden for å gi dei munnleg, for eksempel: «Rydd pulten og ta opp matpakken!», eller de kan prøve å kommunisere berre ved hjelp av skriftlege beskjedar ein heil skoletime. Vi skriv beskjedar Felles lesing Før lesing: Gjer elevane merksame på Salto, som ber dei om å ta eit superblikk på teksten. Kva betyr det å ta eit superblikk på teksten? Kva ser de viss de bruker superblikket her? Har de sett slike tekstar før? Kva slags type tekst er dette? Forklar elevane at slike små tekstar blir kalla beskjedar. Vi gir beskjedar til andre når vi skal fortelje noko viktig. Nokre gonger må vi skrive beskjeden, for eksempel på papir, SMS eller e-post, andre gonger seier vi han. Under lesing: Kommenter strukturen på sida. Tenk høgt om kvar du vel å begynne å lese: Her er det fleire tekstar. Eg begynner med den øvste teksten til venstre. Tenk høgt om utforminga av beskjedane før du begynner å lese, for eksempel: Denne beskjeden ser ut til å vere frå ein mobiltelefon eller Denne beskjeden ser ut til å vere skriven av ein med dårleg tid sidan han er på ein avriven papirlapp! Modeller lesinga av alle tekstane ved å bruke peikefingeren til å markere startstad, leseretning og teiknsetjing. Etter lesing: Snakk om spørsmåla på side 21. Les sjangerkjenneteikna. Har du skrive ein beskjed nokon gong? Veit du om andre måtar å sende beskjedar på? Kva bør vere med i ein beskjed? Når er det lurt å skrive beskjedar på papir? Når er det lurt å sende SMS? Kva er forskjellen på eit brev og ein beskjed? Vi skriv saman De skal saman skrive ein beskjed til nokon som skal låne klasserommet på kveldstid. Gjennom samtale blir de einige om kva som skal skrivast. Modeller skrivinga ved å tenkje høgt, 20 Datamaskiner