Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015



Like dokumenter
Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015

Ferdsel på vatn kajakk

Lån av kajakkar og kajakkhengar med friluftsrådet Oppdatert

Ferdsel på vatn kajakk

Lån av kajakkar og kajakkhengar med friluftsrådet Oppdatert

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

mmm...med SMAK på timeplanen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sandeid skule SFO Årsplan

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Brødsbrytelsen - Nattverden

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ute mat Korleis laga god mat UTE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Valdres vidaregåande skule

5. Soknerådsmøte mai Referat

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kvalitetsplan mot mobbing

Plassebakken Barnehage

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Til deg som bur i fosterheim år

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brukarrettleiing. epolitiker

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kva er økologisk matproduksjon?

Forbrukerrådets husleiekontrakt

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Plan for Liabygda SFO

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Namning av vegar i Fræna Kommune

Transkript:

Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015 Friluftsrådet har tre kajakkhengarar til utlån, til tre ulike målgrupper: Barnekajakkar Ungdomskajakkar Lavterskel-tilbod «Sit on top» Denne informasjonen gjeld barnekajakkane Kajakkhengar nr RD 5924 På eige ansvar All lån og bruk av kajakkane er etter eigen (lånetakar si) vurdering av tur etter evne og på eige ansvar. Til slutt i dette informasjonsskrivet har Friluftsrådet nokre råd og informasjon om tryggleik. Lånetakar er pliktig å sjølv sjå over at hengaren er pakka trygt og skikkelig før han kjører med den. Utlånet er i utgangspunkt gratis for lånetakar. Skade på grunn av normal slitasje dekker Friluftsrådet sjølv kostnadane med. Men dersom skade oppstår på grunn av uforsiktig behandling, eller at lånetakar ikkje varslar Friluftsrådet om skade som er oppdaga under lånet så kan Friluftsrådet sende krav om erstatning til lånetakar. Etterarbeid kan bli fakturert til lånetakar Følgjer lånetakar pakkeinstruksen i denne informasjonen er lånet gratis. Men dersom kajakkane vert pakka feil, eller at vestane ikkje er bunta og pakka jamfør informasjon og pakkeinstruks på nokre av pakketaua så fakturerer Friluftsrådet kr 500.- per person per starta arbeidstime. Tips til undervisningsopplegg Undervisningsopplegget vart utvikla for 6.klasse og gjennomført våren 2011 av Friluftsrådet i samarbeid med Torgeir Olsen på Hessa barneskule for www.natursekken.no. Undervisningsopplegget ligg til nedlasting som pdf-fil her: http://www.friluftsraadet.no/site/pages/load_pic.php?pic_id=2492 Barnekajakkar 1.-7.klasse (6-13år +/-) Hengaren er utrusta med 10 barnekajakkar og 2 mellomstore kajakkar. 1 vaksenkajakk og 1 sit on top redningsbåt. Kapasitet er 12 barn og 2 vaksne

Kajakkhengar 10 Hasle K400 kajakkar (barn) 2 Prijon Seayak (ungdom/vaksne/barn) 1 Current Design Storm (vaksenkajakk) 1 sit on top redningsbåt 2 manns som følgje- og redningskajakk 10 gule årer som er stilt nøytrale, dvs utan vridning 1 gul barneåre med vridning (reserveåre) 4 lysegule årer med vridning 1 rumpetaske med slepeline (ca 6m) 1 kasteline 15m 2 gule Regatta flytevestar for vaksne (+ 90 kg) 2 gule Regatta flytevestar for vaksne (70-90 kg) 10 gule Regatta flytevestar for mellomstore barn (30-50 kg) 5 gule Regatta flytevestar for barn (50-70 kg) 12 pakkstropper ~3,5 m til kajakkane TIPS: Dei gule Hasle K400 kajakkane blir ganske fort smale og lave framover der ein har beina. Dersom borna slit med å få ei god sittestilling med føtene inn i fotstøtta så gjer følgjande: 1) Be dei som padlar om å ta av sko og padle i sokkelesten! 2) Dersom det fortsatt er trongt/smalt utan sko så ta ut heile fotstøtta. Denne er berre kilt fram i kajakken og det er berre å dra den mot deg og ned og ta den ut. Husk å sette den tilbake på plass etterpå! Flytevestane frå Regatta Alle vestane har skrittstropp og Friluftsrådet oppmodar lånetakar til å nytte desse! Skrittstroppa ligg i ei lita lomme på innsida av ryggstykket. Og dei skal festast i spenner framme på vesten når dei er i bruk. Friluftsrådet har redningsvestar og nokre reserve flytevestar i ulike storleiker i tillegg til dei som følgjer med som standardutstyr til kajakkhengarane på lager. Desse kan lånast etter avtale. Skit og sand er vår største fiende i forhold til levetid på utstyret! Gjer vel og ikkje legg vestane på sand, eller la dei ligge å slenge rundt! Dersom vestane har blitt brukt i saltvatn (det vil seie at ein har frivillig, eller ufrivillig, har bada med dei) så bør dei så sant det er mogleg skyljast i ferskvatn og tørkast før overlevering. Unngå sand og skyl/vask eventuelt av dette. Ikkje la våte vestar ligge innestengt i kassa heng dei til tørk til dei skal nyttast igjen

Pakkeinstruks flytevestar: Følg pakkeinstruksen som ligg på nokre av vestane. Lag buntar på 5 stk med vestane sortert etter storleik Alle skrittstropper skal pakkast inn i lomma si på innsida av ryggstykket! For å unngå å miste beltespenner ber vi om at de passar på å lukke alle spenner når de samlar saman vestane! Tre pakketauet gjennom arma på vesten og ikkje i stroppa på ryggen Gjer vel å sjå over utstyret slik bildet viser før de pakkar inn i hengarkassa: Vestar i buntar på 5 stk 30-50kg og 50-70kg, og ein bunt med 4 stk vaksenvestar + slepeline og kasteline Alle skrittstropper skal tilbake i lomma på ryggstykket. Beltespenner skal festas elles mister vi deler av spennene. Les og bruk pakkeinstruks der det følgjer med kvit lapp. Fest tauet gjennom arma på vestane og ikkje stroppa på ryggen Bilda viser feil pakking av vestar. Ikkje slik! Pakketau i ryggstykket. Stropper som heng og sleng. Gjer vel og les og følg pakkeinstruksen!

Pakking av kajakkane på hengaren. Det er sjølvsagt fleire moglege og gode måtar å legge kajakkane på hengaren. Det viktige er å få lavt tyngdepunkt og avlaste armane på hengaren med stroppene. Det er og svært viktig at kajakkane ligg på skrå eller opp ned slik at dei ikkje kan regne fulle av vatn! Ein måte å organisere hengaren på: Sit on top redningskajakk med blå vaksenkajakk på kassa. Dei gule kajakkane kan ligge tre og tre. Rød kajakk og ein gul kajakk Festing av kajakkane. Det enkle er det beste! Legg hurtigstroppa rundt midtstaget, og berre legg den over kajakkane og gjennom auget på arma som kajakkane ligg på! Du som lånetakar skal stroppe kajakkane på denne måten! Denne måten å stroppe på er viktig fordi stroppa no er med på å forsterke arma slik at denne ikkje så lett bøyer seg! Og hengaren blir ikkje så fort slitt i stykkar. Vi minner om at dersom vi må ta opp igjen desse stroppene så fakturerer vi kr 500.- per starta arbeidstime per person.

Korrekt festing: Bandet ligg rundt midtstaget, over kajakkane og gjennom auget på arma dei ligg på. Bandet held no kajakkane trygt på plass og er med på å gi styrke til arma ved å gi litt løft og betre vektarm. Tips: Organiser stroppa slik at låsen er øvst og før enden rundt midtstanga, gjennom auget på arma på hengaren og opp igjen til låsen tre enden gjennom låsen og stram til med å dra nedover. Til orientering har Friluftsrådet tre gangar måtte sveise opp at den gamle hengaren på grunn av «trøtthetsbrudd» i armar og stag på grunn av feil festing av kajakkane. Denne kostnaden ynskjer Friluftsrådet ikkje å ta sidan den er heilt unødvendig ved betre pakking. Vi pakkar difor om alle kajakkar som er feil stroppa og sender rekning for arbeidstid til lånetakar!

Informasjon om tryggleik: Padle alltid saman med nokon som kan kameratredning. Ikkje ha fleire kajakkar utpå enn ein kan ha oversikt over og gjere avtalar med. Vaksne rettleiarar må alltid ha med slepeline til å kunne hjelpe til med å dra born i kajakkar som får problem med framdrift (teknikk, vind, straum osv) Avtal signal for samling (til dømes åre rett opp, og/eller fløytesignal) Følg med på vêr og vêrvarsling. Friluftsrådet har samla vêr og flo og fjøretabell på denne sida: www.friluftsraadet.no/varsel Tur etter evne Dette er di viktigaste vurdering. Kva erfaring har eg, medrettleiarar og dei eg har ansvar for? Kameratredning, teknikk, styrke, kommunikasjon og disiplin i gruppa er viktige stikkord. Det er og svært viktig å velje ein eigna stad for nybyrjarar som er skjerma for vind, straum og bølgjer. Hugs at å padle med nokon i slepeline etter seg vert svært fort krevjande i vind og/eller bølgjer. Vi tilrår at vaksne leiarar kan kameratredning og øver på å slepe i litt utfordrande vêr under likevel trygge forhold. For eventuell personar på land tilrår vi at desse øver på å nytte kastelina. Å kaste langt og presist, og å vite at ein må fylle posen med vatn og prøve på nytt ved bom på første forsøk. Det er og viktig å pakke kastelina i posen så det ikkje vert tvinn og flokar. Det gjer ein ved å stappe og ikkje prøve å lage kveilar og liknande. Sittebrønn Dei gule Hasle K400 kajakkane har stor oval sittebrønn. Fordelen er at det er svært vanskelig for eit barn å sette seg fast i sittebrønnen ved ein velt. Borna rekk svært sjeldan å bli våt i håret fordi dei kjem ut av kajakken før denne har gått heilt rundt. Dei tre andre kajakkane har nøkkelhol-forma sittebrønn. Fordelen er at ein då kan presse knea betre mot kajakkdekket og ha full kontroll på kajakken. Dette er ein føresetnad for å meistre meir avansert padling og til dømes for å ta rulle. Ulempa er at ein kan oppleve at kajakken er vanskelig å kome ut av dersom ein ikkje har øvd på rett måte å gå ut av kajakken på ved ufrivillig velt. Friluftsrådet føreset at lånetakar har kunnskap og erfaring om god måte å kome ut av ein kajakk ved ufrivillig velt og at deltakarane får lære dette før dei går ut på vatnet i kajakkar med nøkkelhol-forma sittebrønn. Spruttrekk Då det kan vere vanskeligare å kome seg ut av ein velta kajakk når ein nyttar spruttrekk har Friluftsrådet valt å ikkje låne ut dette som standard utrustning saman med kajakkane. Men vi har spruttrekk på lager og desse kan du få låne på førespurnad.

Vind Mange barn har lite erfaring med kajakk og dermed dårleg teknikk. Dårlig teknikk, kombinert med relativt sett lite styrke, gjere at nokre barn/ungdom har dårleg framdrift i kajakk. Vind utgjer ein svært viktig tryggleiksfaktor då kajakken kan drive av med vinden, eller at ein ikkje klarar å padle mot vinden. Det betyr at allereie ved liten bris bør ein nytte skjønn om lokalitet er eigna eller avlyse opplegget. Ein bør difor nytte eit skjerma sjøområde, eller skjerma eller små vatn til opplegg med barn og nybyrjarar. Det er ei viktig vurdering om opplegg må avlysast på grunn av vind. Vêret kan skifte raskt. I tillegg til planlegging gjennom å følgje med på vêrvarselet på førehand er det viktig å observere tendensen i vêret over litt tid. Døme: Er det stilt om morgonen under frukosten, litt trekk når ein startar opplegget, litt meir trekk når ein et lunsj så er tendensen at vinden er aukande. Er det fint vêr kan det vere solgangsvind som blir sterkare utover dagen, eller om det vert meir skyer i løpet av dette tidsrommet så kan det vere eit vêrskifte. Uansett årsak så har du observert ein tendens meir vind som du må ta med i vurderinga av opplegget vidare. Er ein usikker aukar det det i regelen tryggleiken ved å vere færre kajakkar på vatnet samstundes. (mindre gruppe) Straum Straum og tidevatn i havet utgjer ein svært viktig tryggleiksfaktor og må takast omsyn til. Lokalitet og tidspunkt for tidevatn er dei viktigaste faktorane for å gjere gode skjønnsmessige vurderingar for tur etter evne. Som med vind har framdrift i straum mykje med padleteknikk å gjere. Og kor sterk og oversiktleg straumen er. Havstraumar kan ha ustadige virvlar som flyttar rundt på seg og det gjer at det krev meir teknikk og erfaring å padle i områder med straum. Både for å ha framdrift og for å meistre naudsynte støttetak på grunn av virvlar som kjem eller fer. Kulde Kaldt vatn eller regn utgjer ein risiko og påverkar folk si oppleving av komfort og tryggleik. Kuldesjokk eller panikk hos nokon som hamnar i vatnet er viktig å vurdere i forhold til gjennomføring og bruk av redningsbåt. Friluftsrådet tilrår ein sit on top kajakk som redningsbåt og denne fylgjer difor med kvar hengar som standard utrustning. Denne redningsbåten er svært stabil, men det gjer også at båten er treg. Difor bør du alltid ha kortast mogleg avstand mellom redningsbåten og dei andre kajakkane. Unngå til dømes strekk i gruppa der det lang avstand mellom først og siste person. Ha på kle etter vann temperaturen og ikkje lufttemperaturen. Ullundertøy er best om ein ikkje har tilgang til våtdrakter. Vi tilrår at ein padlar med regnbukse dersom ein ikkje nyttar våtdrakt eller liknande. Dette fordi ein i regelen padlar utan spruttrekk og det drypp frå åra rett ned i fanget på den som padlar.

Borna må ha med seg tørt skift Den som nyttar sit on top redningsbåten er nærare vatnet enn alle andre. Sit on top kajakken er sjølv-lensande. Men sidan vatnet kan renne ut,renn det også inn og det er vått i store områder av kajakken. Våtdrakter hevar både trivsel og moglegheiter til leik og utprøving om ein kan nytte dette. Padlehanskar eller padlemuffe hevar og trivselen i kaldt vatn eller regn og vind! Alternativ til padlehanskar er at ein kan la deltakarane ha med og nytte eit par brødposar som padlemuffe i kulde og regn. (Vi gjer merksam på at vår erfaring er at det då ofte vert kravd stor myndigheit for å hindre forsøpling med brødposane både i sjøen og i kajakkane) Då det er vanskelegare å symje med støvlar tilrår vi at borna helst nyttar joggesko som kan bli våte. Behald varmen ved å nytte ein ullsokk med brødpose utanpå inne i joggeskoen. Leik og moro gir god læring