Volda kommune Vår referanse: 19/14334 19/14928 Saksbehandlar: Berit Lyngstad Dato: 04.09.2019 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato Partsamansett utval 20.09.2019 Arbeidstid for kontoradministrasjonen i nye Volda kommune Samandrag: Både Hornindal og Volda kommune har i dag ei normalarbeidstid som avvike frå 37,5 timars arbeidsdag. Rådmannen si tilråding: Orienteringssak. Saksopplysningar: ARBEIDSTID FOR KONTORADMINISTRASJONEN I NYE VOLDA KOMMUNE Dette dokumentet gjeld dei som er tilsett i det som kallas kontoradministrasjon. Det gjeld ikkje tilsette som går i turnus eller har vaktordning/skift, eller lærarar som har eiga særavtale på arbeidstid. I Hovudtariffavtalen (2018-2020) kap 1, 4, står det om arbeidstid: Både Hornindal og Volda kommune har i dag ei normalarbeidstid som avvike frå 37,5 timars arbeidsdag. På grunn av formuleringa i 4.2.1, har det ikkje vore mogleg å gjort endringar på dette. Ei kommunesamanslåing derimot, muliggjer dette. Både fordi det er ein ny organisasjon som ikkje har ei fastsatt arbeidstid for kontoradministrasjonen frå før. Men og
fordi ei endring er nødvendig, då den nye kommunen må ha ei felles arbeidstid for kontoradministrasjonen. KS kom tidleg i kommunereforma med ei utgreiing der dei stadfestar at ein kan gjere endringar i arbeidstid ved ei kommunesamanslåing. Normalarbeidstid i Hornindal og Volda kommune: Kontoradministrasjonen i Hornindal kommune har normalarbeidstid frå 0800-1530. Dette inkludera ein halv time betalt pause. Dette har samanheng med at tilsette på Smia har pauserom i foajeen på Smia. Sida dette er tilgjengeleg for publikum, har Arbeidstilsynet sagt at det ikkje er eit godkjent pauserom. Det er derfor innført ei ordning med betalt pause. Denne praksisen har blitt utvida til avdelingar der denne problemstillinga ikkje er relevant. Kontoradministrasjonen i Volda har normalarbeidstid frå 0800-1600. I dette ligg ein halv time ubetalt pause. Tilsette har fri denne halvtimen og kan forlate arbeidsplassen om dei ønskjer det. I Hornindal har dei rett på pause, men sida denne er betalt skal dei i utgangspunktet vere tilgjengeleg for arbeidsgivar. Vinter- og sommartid i Hornindal og Volda kommune I Hornindal har dei valt å fordele normalarbeidstida inn i ei vintertid og ei sommartid. I perioden frå 4. oktober til 9. mai jobbar dei frå 0800-1545, altså 15 minutt lengre enn normalarbeidstida. I perioden frå 10. mai til 3. oktober jobbar dei frå 0800-1515, som er 15 minutt kortare enn normalarbeidstida. Perioden med vintertid er lengre enn perioden med sommartid, og på den måten opparbeida dei seg avspasering. Dette tek dei ut i fri på julaftan og nyårsaftan (når desse fell på ein verkedag), og redusert arbeidstid i romjula frå 0900-1400. Det er viktig å presisere at dette er opparbeida avspasering, og ikkje ytterlegare reduksjon i arbeidstida. Tilsette som ikkje følgjer ordninga med vinter- og sommartid får heller ikkje denne avspaseringa. I Volda vart det i 1958 innført ei ordning med sommartid på rådhuset. Dette var i ei tid der dei tilsette også jobba på laurdagar, og ordninga må sjåast i lys av den historiske utviklinga. Det vart gjort fleire endringar i dei påfølgande åra. I 1974, i samband med at Volda kommune innførte 5 dagars arbeidsveke, vart det den 3. september underteikna ein protokoll, med slik arbeidstid: Perioden 15.05 15.09: kl. 0800-15.30 Perioden 16.09 14.05: kl. 0800-16.00 I tillegg hadde kontoradministrasjonen i mange år hatt ei ordning med redusert arbeidstid mellom jul og nyttår (kl 10.00 14.00), samt fri med løn nyårsaftan og julaftan. Ordninga med redusert arbeidstid i romjula fall vekk i 1996, mens ordninga med fri med løn nyårsaftan og julaftan gjeld framleis. Det har opp gjennom tidene vore definert kva tilsette dette gjeld, og som ei hovudregel skal ordninga med vinter- og sommartid, samt julefri, gjelde alle med ordinært dagarbeid (37,5 timar pr veke). Kjernetid: Kjernetid er eit uttrykk for det tidsrommet den tilsette skal vere tilstades på arbeidsstaden Hornindal: frå kl. 09.00 15.00 heile året Volda: frå kl. 09.00 14.30 heile året Ytre arbeidstid: Ytre arbeidstid er eit uttrykk for den tida den tilsette kan vele å starte og avslutte arbeidsdagen. Hornindal: frå kl. 07.00 09.00 og frå kl. 15.00 19.00 heile året Volda: frå kl. 07.00 09.00 og frå kl. 15.00 18.00 heile året Fleksitid: Tilsette som er omfatta av fleksitidsavtalen kan opparbeide seg plusstid og ta ut dette i avspasering, avgrensa opp til 24 kalenderdagar pr kalenderår. Dette gjeld begge
kommunane. I Hornindal kan dei tilsette avspasere maksimalt 2 samanhengande dagar, i Volda 5. I begge kommunane kan den samanhengande tida utvidast når særskilte velferdsgrunner ligg føre. Fleksitid opparbeidast i tida mellom ytre arbeidstid og normalarbeidstid. Avrekningsperiode: Er eit uttrykk for når pluss- og minustimar blir oppgjort. Hornindal kommune: Avrekningstid på 12 månader, avrekning ein gong i året Kan overføre maksimalt 40 plusstimar, timar over dette blir stroke Ikkje høve til å overføre minustimar Volda kommune: Avrekningsperiode på 6 månader, avrekning 2 gongar i året Kan overføre maksimalt 45 plusstimar, timar over dette blir stroke Kan overføre 10 minustimar. Tid utover 10 minustimar blir trekt i løn Reisetid på tenestereiser Hornindal og Volda kommune har i dag ulik praksis på reisetid på tenestereiser. Her vil arbeidsgivar kome med eit forslag på ordning for nye Volda kommune. NEDSETTING AV ARBEIDSGRUPPE Arbeidstid for kontoradministrasjonen i nye Volda kommune skal vedtakast av Fellesnemnda. Arbeidsgivar har gjort sine vurderingar og drøfta saka med arbeidstakarorganisasjonane. Arbeidsgivar vil i utgangspunktet fremje forslag om at nye Volda kommune skal ha normalarbeidstid for sine administrativt tilsette frå kl. 08.00 16.00 heile året. Det vart derfor bestemt at det skulle settast ned ei arbeidsgruppe blant dei hovudtillitsvalde frå begge kommunane. Arbeidsgruppa skal levere eit forslag til arbeidsgivar, som alle arbeidstakarorganisasjonen stiller seg bak. Arbeidsgivar vil kome med si tilråding til fellesnemnda i eiga sak. Arbeidsgruppa består av: Anita Brenne Muldsvor HTV Nito/Fafo Hornindal Cecilie Hagelskjær Vangberg HTV Norske Fysioterapeuters forbund Hornindal Norunn Holmøy-Wang HTV Delta Hornindal Knut Øystein Ekroll HTV Nito Volda Bodil Egset HTV Delta Volda Oddbjørg Yksnøy Rangsæter HTV Fagforbundet Volda
Den 6. mars 2019 fekk arbeidsgivar tilbakemelding frå arbeidsgruppa. Dei hadde så langt ikkje lukkast i å kome fram til eit felles framlegg, og bad om utsetting av frist. Personalsjef satt ny frist til neste felles kontaktmøte, som skulle vere 6. juni 2019. Den 4. april mottok Volda kommune eit brev frå KS, ved avdelingsdirektør Hege Mygland. I brevet seier dei følgande: «Arbeidstiden for kontoradministrasjonen i den nye sammenslåtte kommunen/fylkeskommunen vil dermed følge hovedregelen om at arbeidstiden er 37,5 timer. Pausetiden skal legges utenfor arbeidstiden så lenge det foreligger tilfredsstillende pauserom og det ikke er nødvendig for tjenesten å være tilgjengelig for arbeidsgiver under spisepausen. KS vil presisere at det ikke er anledning til å fastsette en annen arbeidstidsordning for kontoradministrasjonen i en sammenslått kommune eller fylkeskommune.» KS definera altså ei samanslått kommune som eit nytt rettssubjekt, som ikkje har høve til å fastsette noko anna enn det HTA seie. Den 8. april vart dokumentet sendt frå personalsjef til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa ga munnleg tilbakemelding om at dette «punkterte» prosessen dei var inne i. I tillegg hadde det kome innspel frå tilsette i Hornindal om at arbeidstid burde sjåast på som ein individuell rett, då det stod oppført i den enkelte si arbeidsavtale. Arbeidsgivar har sjekke ut dette med KS Advokat. Dei har det same svaret, enten det gjeld arbeidstid generelt eller individuelt: det er tariffstridig for samanslått/ny kommune/fylkeskommune å vedta anna arbeidstid enn den som er tariffesta i HTA kap 4.2. Fleire arbeidstakarorganisasjonar, blant anna Delta, har ikkje automatisk akseptert dette, og har skrevet eit notat dei har sendt ut til sine tillitsvalde. Delta meina at arbeidsgivar må vurdere det rettslege grunnlaget kvar enkelt tilsett har for å ha betalt spisepause. Bakgrunnen for betalt spisepause på Smia handlar om mangel på godkjent pauserom. Det må da følgje at om ein får eit godkjent pauserom, vil retten til betalt pause også falle bort. Arbeidsgruppa har meldt personalsjef at dei vil kome med noko skriftleg snarleg. Pr 3. september har ikkje personalsjef motteke noko, men det vil bli oversendt Partssamansett utval så snart det er motteke. Vurdering
Det er mange omsyn å ta i denne saka, og mange ulike ordningar i dei to kommunane. Det er viktig for Volda kommune som arbeidsgivar å byggje ei ny kommune som er attraktiv for dei tilsette, og som på ein god måte balansera krav til effektivitet og velferd blant dei tilsette. Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: