Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

Like dokumenter
Retningsliner for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

Ny forskrift fra Erfaringer med regelverket så langt Spørsmål og diskusjon

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk

SAKSFRAMLEGG SAK: UTVALGTE KULTURLANDSKAP HØRING FORKRIFT TILSKUDD TIL TILTAK I UTVALGTE KULTURLANDSKAP OG VERDENSARVOMRÅDET

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Nordland: Nødvendige tilpasninger til den nye forskriften for UKL og verdensarv. v/ Arne Farup landbruks- og reindriftsavdelinga

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Utvalde kulturlandskap i M. og R. Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal

Søknaden sendes kommunen der foretakets driftssenter

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Forskrift om miljøtilskudd til jordbruket i Nordland

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

FORSKRIFT OM TILSKOT TIL REGIONALE MILJØTILTAK I HORDALAND

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Retningslinjer for tilskudd til tiltak innenfor Sääʹmsijdd/Skoltebyen/Kolttakylä utvalgt kulturlandskap (UKL) for 2019

Kap. 225 post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune

Offentlege tilskotsordningar med vekt på gjerding

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Stranda kommune Næring og teknisk

Tilskuddsordningen. Utsiktsrydding i tilknytning til landbruket sitt kulturlandskap

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2018 Hjartdal kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Regionalt miljøprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Håvard Tveit Mona Elnes (på deler av kontrollen) Rådmann: Reidun Halland (opningsmøte) Einingsleiar: Kjell Eide (opnings- og sluttmøte)

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 16/14.

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Rundskriv 61/09. Fylkesmannen, kommunen. Meland, Modalen og Radøy. Postadresse: Postboks 8140 Dep. NO-0033 Oslo, Norway Besøksadresse: Stortingsgt.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 4/17. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg VÅGÅ,

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Næring og miljøutvalet var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt.2 og reglementet til Hareid kommune.

Foto: Naustvågen barnehage

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Fastsettelsesbrev - Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap og verdensarvområder -

Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Geiranger-Herdalen landskapvernområde sitt styre gjekk einstemmig inn for å dispensasjon til søkjar, som innstilling:

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

RMP og SMIL Kompetansesamling Hilde Marianne Lien

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot

RETNINGSLINER FOR FORVALTING AV DESENTRALISERT ORDNING FOR TILSKOT TIL KULTURBYGG

Transkript:

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal - 2019 for å ivareta og fremje eit aktivt, ope og opplevingsrikt kulturlandskap: Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2016-08-10-966 1. Føremål Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift, jf. 1 i Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og å hindre attgroing. 2. Verkeområde Forskrifta gjeld innanfor det utvalde kulturlandskapet Fjellgardane i Øvre Sunndal, slik det er avgrensa i Naturbase. Sjå: https://kart.naturbase.no/ 3. Kven kan søkje? Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan vere: Grunneigarar og drivarar Landbruksføretak Lokale entreprenørar/gründarar Kunnskapsmiljø Organisasjonar, foreiningar eller lag Kommunen Andre som bidreg til å fremje føremålet med ordninga Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar. 4. Kva kan du søkje om tilskot til? Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere: Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet. Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne Planlegging av tiltak Tilrettelegging for ferdsel og formidling Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området. Side - 1 - av 5

4.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Fylkesmannen kan gje tilskot til drift og skjøtsel av areal i samsvar med dei målsetjingane som er fastsett i Skjøtselsplan for fjellgardane og seterdalane i øvre Sunndal datert 01.02.2011, og skjøtselsplanar for kvart einskild bruk. Drifta må vere slik at arealtilstanden vert oppretthalden over tid. Areal med eigen skjøtselsplan, som t.d. artsrike slåttenger, kan ha særskilte reglar om skjøtsel som må følgjast for at arealtilskotet skal kunne utbetalast. Ved utrekning av tilskot til skjøtsel, vil omsøkt areal bli sett opp mot arealtala i søknad om produksjonstilskot og arealtal i frå innsynsløysingar på internett, t.d. gårdskart (https://gardskart.nibio.no/search). Tilskotet vil bli gradert etter markslag, skjøtselsmetode (slått eller beting) og areala si hellingsgrad som bereknast ut frå kartverkets terrengmodell. Kategoriar arealtilskot Kr/daa* Slått av tungdriven dyrka jord, brattare enn 1:5 600 Slått av lettdriven dyrka jord, flatare enn 1:5 200 Innmarksbeite 100 Beiting av tungdriven dyrka jord ; brattare enn 1:5 360 Beiting av lettdriven dyrka jord, flatare enn 1:5 120 Tillegg for naturbasefigur, alle arealkategoriar 200 NB: Dyrka jord er fellesnemning på fulldyrka og overflatedyrka jord. * Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom omsøkt areal blir vesentleg større eller mindre enn forutsett. Fylkesmannen kan gje tilskot til søkjarar som mottek produksjonstilskot og som har husdyr på utmarksbeite i det utvalde kulturlandskapet. Beitinga skal bidra til at kulturlandskapet og arealtilstanden vert oppretthalden på lang sikt. Ved utrekning av tilskot til beitedyr, vil det bli nytta same tal og gruppering av dyr som i søknad om produksjonstilskot. Kategoriar beitetilskot Sau/geit 65 Storfe/hest 305 Kr/dyr* * Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom talet på beitedyr blir vesentleg større eller mindre enn forutsett 4.2 Andre særskilte kulturlandskapstiltak Fylkesmannen vurderer og fastset tilskotsandel i kvar enkelt sak. Det gjevast normalt tilskot med inntil 70 % av godkjent kostnadsoverslag - for alle typar tiltak. For større fellestiltak kan Fylkesmannen vurdere å gje inntil 100 % av godkjent kostnadsoverslag. Tilskotsandel blir angitt i vedtaksbrevet om tilskot. Rettleiande satsar for eige arbeid er: Manuelt arbeid 375,-/time Person med motorsag e.l. 400,-/time Traktor med fører 600,-/time 5. Korleis søkjer du? Det er to ulike søknadsskjema: Eitt for arealtilskot og beitetilskot Eitt for andre særskilte kulturlandskapstiltak Begge desse søknadsskjema finn du på nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Sunndal kommune. Søknader skal sendast til Sunndal kommune: Romsdalsvegen 2, postboks 94, 6601 Sunndalsøra eller e-post: post@sunndal.kommune.no Søknadsfrist er 15. oktober 2019. Side - 2 - av 5

6. Kva må søknaden innehalde? 6.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Søknad om arealtilskot og/eller beitetilskot skal innehalde: Grunnopplysningar om søkjar Opplysningar om areal som er slått/beita inneverande sesong og/eller tal på beitedyr på utmarksbeite inneverande sesong Obligatoriske vedlegg Sjå «Søknadsskjema arealtilskot og beitetilskot Øvre Sunndal» og «Rettleiing til søknadsskjema for Øvre Sunndal» 6.2 Andre særskilte kulturlandskapstiltak Søknaden om andre kulturlandskapstiltak skal innehalde: Grunnopplysningar om søkjar Beskriving av tiltaket/prosjektet Gjennomføringsplan Kostnadsoverslag og finansiering Obligatoriske vedlegg Sjå «Søknadsskjema andre særskilte kulturlandskapstiltak Øvre Sunndal» og «Rettleiing til søknadsskjema for Øvre Sunndal» 7. Tildeling av tilskot Sunndal kommune tek mot søknadane og gjev innspel til prioriteringar for bruk av midla. Fylkesmannen i Møre og Romsdal handsamar søknadane, fattar vedtak og føretek utbetalingar av tilskot. For tiltak som gjeld utbetring av bygningar og andre kulturminne, skal søknaden godkjennast av Møre og Romsdal fylkeskommune si kulturavdeling før det kan løyvast tilskot. For tiltak som gjeld biologisk mangfald, skal søknaden godkjennast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal si miljøvernavdeling før det kan løyvast tilskot. 8. Arbeidsfrist 8.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Arealtilskot og beitetilskot blir utbetalt etter søknad kvart år. Det må sendast ny oppdatert søknad kvart år. 8.2 Andre særskilte kulturlandskapstiltak For andre tiltak er fristen for gjennomføring av tiltaket 3 år frå det blir løyvd tilskot, med mindre Fylkesmannen har satt ein kortare frist ved innvilging av søknaden. Fylkesmannen kan etter søknad forlengje arbeidsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tilskotet vart løyvd. Arbeidsfrist blir angitt i vedtaksbrevet om tilskot. 9. Utbetaling av tilskot og krav om rapportering 9.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Arealtilskot og beitetilskot blir utbetalt etter søknad kvart år. 9.2 Andre kulturlandskapstiltak For andre kulturlandskapstiltak må mottakar av tilskot må sende ei skriftleg oppmoding til Fylkesmannen for å få utbetalt tilskotet. Oppmodinga skal sendast innan fristen angitt i vedtaksbrevet om tilskot. Side - 3 - av 5

Ved oppmodinga skal det leggjast ved: Skriftleg rapport: Rapporten skal innehalde ei beskriving av det gjennomførte tiltaket/prosjektet, og foto frå før-,under- og etter at tiltaket/prosjektet er gjennomført. Sluttrekneskap: Rekneskapen skal følgje same oppsett som søknadens kostnadsoverslag/budsjett, og vere så oversynleg som mogleg. Utlegg som ikkje kan dokumenterast med kvittering/bilag og/eller timelister kan ikkje utbetalast. Timelister for leigd arbeid skal attesterast av den/dei som har utført timane. Fylkesmannen kan gje nærare krav om rapportering i vedtaksbrevet om tilskot. Fylkesmannen betalar ut det løyvde tilskotet etter at tiltaket/prosjektet er dokumentert gjennomført, og etter at Fylkesmannen har godkjent sluttrapport, sluttrekneskap og sett til at vilkåra for løyvinga er oppfylt. For tiltak som gjeld utbetring av bygningar og andre kulturminne, skal Møre og Romsdal fylkeskommune si kulturavdeling godkjenne arbeidet før tilskotet utbetalast. For tiltak som gjeld biologisk mangfald, skal Fylkesmannen si miljøvernavdeling godkjenne arbeidet før tilskotet utbetalast. Det kan også betalast ut tilskot etter kvart som deler av tiltaket vert utført, på bakgrunn av godkjent dokumentasjon. Men minst 25 % av tilskotet skal haldast attende til tiltaket/prosjektet er sluttført. 10. Klage Vedtak som er fatta av Fylkesmannen kan klagast inn til Landbruksdirektoratet etter reglane i Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) kap. VI. Eventuell klage stilast til Landbruksdirektoratet, men vert sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 11. Opplysningsplikt og kontroll Søkjar av tilskot plikter å gje alle opplysningar som Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn nødvendig for å kunne forvalte ordninga. Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kan kontrollere at bruken og utbetaling av tilskot er i tråd med forutsetningane. Søkjar plikter å utlevere all bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet. Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kan foreta stadleg kontroll. 12. Omgjering og attendebetaling Tilskot som ikkje er brukt i samsvar med tildelingsvedtaket kan krevjast betalt attende. Fylkesmannen kan gjere om vedtak om løyvde tilskot, og utbetalt tilskot kan krevjast betalt attende dersom det blir avdekka forhold som er i strid med det som er forutsett ved løyving av tilskotet. For krav om attendebetaling av tilskot kan det krevjast renter etter Lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. 13.Rullering av retningslinene Retningslinene vil bli rullert ein gong i året på bakgrunn av fullmaktsbrev frå Landbruksdirektoratet og innspel frå arbeidsgruppa for det utvalde kulturlandskapet Fjellgardane i Øvre Sunndal. Side - 4 - av 5

14. For meir informasjon Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, (FOR-2016-08-10-966), sjå: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2016-08-10-966 Landbruksdirektoratet si side om Utvalde kulturlandskap i jordbruket, sjå: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap 15. Kontaktpersonar Ragnhild Naug Aas, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Landbruksavdelinga. Tlf: 71 25 85 19 og e- post: fmmrraaa@fylkesmannen.no Marit Hjellmo, Sunndal kommune, Landbrukskontoret, Tlf: 90 10 14 49 og e-post: marit.hjellmo@sunndal.kommune.no Side - 5 - av 5