Bygdeutvikling Fylkesrådmannen i Rogaland Postboks 130, Sentrum 4001 STAVANGER Dakar ref. Vår ref. Arkivkode: Dato: 2e6cae49-8bd4-4a52-2008000320-37 2019009665 K2 - M10 01.07.2019 b14d-13a03678e925 Jarle Lunde REGIONALPLAN FOR VASSFORVALTNING I VASSREGION ROGALAND 2022-2027 - HØYRING AV FORSLAG TIL PLANPROGRAM OG HOVUDUTFORDRINGAR Me viser til brev datert 4.april 2019 angåande høyring av forslag til planprogram og hovedutfordringar, regionalplan for vassforvaltning. Saka er behandla av Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) i Suldal kommune som gjorde følgjande vedtak: Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) - 056/19: Suldal kommune meiner forslag til planprogrammet for «Regionalplan for vannforvaltning i vannregion Rogaland 2022 2027» gir gode føringar for det vidare planarbeidet. Dokumentet «Hovedutfordringer til Regional plan for vannforvaltning i Rogaland vannregion 2022 2027» gir eit godt grunnlag for planarbeidet. Ein har elles følgjande merknadar: Planprogrammet: Det bør tydeleggjerast korleis ålmenta, ulike brukarinteresser, grunneigarar og næringsinteresser kan bidra i arbeidet med oppdatering av forvaltningsplanen. Inndeling i fire vassområde bør bestå. Det bør vurderast om vassområdeutvalet skal vera som idag med politiske representanter frå kvar kommune, eller om det skal bestå av ei arbeidsgruppe, der arbeidsgruppa/vasskoordinator orienterer og legg fram saker med utfordringar og tiltak i kvar kommune, til det utvalg som har med vatn gjera. Det bør vidareførast stillingar som vasskoordinator i dei ulike vassområda, og stillingane bør gjerast faste og ikkje prosjektstillingar som nå. Suldal kommune er positiv til fortsatt å vere vertskommune. Det vil vera naturleg at Finnøy og Rennesøy går ut av Ryfylke vassområde og over til Jæren vassområde, og at dette skjer samstundes med kommunesamanslåinga og oppretting av «nye» Stavanger kommune. Forsand høyrer naturleg til Ryfylke
vassområde sjølv om det har vore ein kommunesamanslåingsprosess med Sandnes. Påverknad knyt til oppdrettsnæringa har store brukarinteresser og bør utgreiast nærare. Det same gjeld arealinngrep i og nær vassdrag. Forvaltninga av vatnet må vere kunnskapsbasert, det er derfor viktig at ein halda fram med arbeidet med kunnskapsinnhenting. Det er positivt at det i neste planperiode vil bli lagt meir vekt på viktige samfunns- og brukarinteresser i vassforvaltninga. Som eit resultat av dette vil det m.a. bli meir fokus på viktige tema som badekvalitet, plastforureining og effekten på vasskvaliteten av klimaendringane. Det er ønskeleg med meir fokus på konkret naturrestaurering. Hovudutfordringar: Figurane i dokumentet gjev eit bilde over den samla tilstanden og den totale påverknaden i vassregionen, og gjev ingen opplysningar om den enkelte vassførekomst. Her burde det vore nytta kart som ein formidlingsmetode. Det bør informerast om at alle kan gå inn på Vann-Nett Portal for å skaffe seg opplysningar om den enkelte vassførekomst. Dokumentet burde i større grad tatt føre seg tema ein høyrer om i media i forhold til vassforvaltning. Nøkkelord som til dømme lakselus, hydrogenperoksyd og stillehavsøsters er ikkje nemnt. Kopi av innstilling og vedtak ligg ved. Med helsing Bygdeutvikling Endre Gjil bygdeutviklingssjef Jarle Lunde Rådgjevar Dette dokument er elektronisk godkjent og treng derfor inga underskrift.
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jarle Lunde K2 - M10 08/320 Saksnr Utval Type Dato 056/19 Utval for landbruk, miljø og PS 25.06.2019 teknikk (LMT-utvalet) REGIONALPLAN FOR VASSFORVALTNING I VASSREGION ROGALAND 2022-2027 - Høyring av planprogram og hovudutfordringar Rådmannen si innstilling Suldal kommune meiner forslag til planprogrammet for «Regionalplan for vannforvaltning i vannregion Rogaland 2022 2027» gir gode føringar for det vidare planarbeidet. Dokumentet «Hovedutfordringer til Regional plan for vannforvaltning i Rogaland vannregion 2022 2027» gir eit godt grunnlag for planarbeidet. Ein har elles følgjande merknadar: Planprogrammet: Det bør tydeleggjerast korleis ålmenta, ulike brukarinteresser, grunneigarar og næringsinteresser kan bidra i arbeidet med oppdatering av forvaltningsplanen. Inndeling i fire vassområde bør bestå. For å auke politisk engasjement er det viktig å organisera arbeidet slik at politikarar får saker til behandling som dreiar seg om politiske prioriteringar og val i vassforvaltningsarbeidet. Det bør vurderast om arbeidsgruppa/vasskoordinator bør leggje fram politiske saker til kvar enkelt kommune, i staden for til eit vassområdeutval.
Det bør vidareførast stillingar som vasskoordinator i dei ulike vassområda, og stillingane bør gjerast faste og ikkje prosjektstillingar som nå. Suldal kommune er positiv til fortsatt å vere vertskommune. Det vil vera naturleg at Finnøy og Rennesøy går ut av Ryfylke vassområde og over til Jæren vassområde, og at dette skjer samstundes med kommunesamanslåinga og oppretting av «nye» Stavanger kommune. Forsand høyrer naturleg til Ryfylke vassområde sjølv om det har vore ein kommunesamanslåingsprosess med Sandnes. Påverknad knyt til oppdrettsnæringa har store brukarinteresser og bør utgreiast nærare. Det same gjeld arealinngrep i og nær vassdrag. Forvaltninga av vatnet må vere kunnskapsbasert, det er derfor viktig at ein halda fram med arbeidet med kunnskapsinnhenting. Det er positivt at det i neste planperiode vil bli lagt meir vekt på viktige samfunns- og brukarinteresser i vassforvaltninga. Som eit resultat av dette vil det m.a. bli meir fokus på viktige tema som badekvalitet, plastforureining og effekten på vasskvaliteten av klimaendringane. Det er ønskeleg med meir fokus på konkret naturrestaurering. Hovudutfordringar: Figurane i dokumentet gjev eit bilde over den samla tilstanden og den totale påverknaden i vassregionen, og gjev ingen opplysningar om den enkelte vassførekomst. Her burde det vore nytta kart som ein formidlingsmetode. Det bør informerast om at alle kan gå inn på Vann-Nett Portal for å skaffe seg opplysningar om den enkelte vassførekomst.
Dokumentet burde i større grad tatt føre seg tema ein høyrer om i media i forhold til vassforvaltning. Nøkkelord som til dømme lakselus, hydrogenperoksyd og stillehavsøsters er ikkje nemnt. Sand, 01.07.2019 Øyvind Valen rådmann
Vedlegg: Uttale - Regionalplan for vassforvaltning i vassregion Rogaland 2022-2027 - høyring av forslag til planprogram og hovudutfordringer (L)(10).pdf REGIONALPLAN FOR VASSFORVALTNING I VASSREGION ROGALAND 2022-2027 - Høyring av forslag til planprogram og hovudutfordringar HØRINGSDOKUMENT 1.pdf HØRINGSDOKUMENT 2.pdf SKJEMA FOR HØRINGSINNSPILL, PLANPROGRAMMET.pdf SKJEMA FOR HØRINGSINNSPILL, HOVEDUTFORDRINGER.pdf Saksopplysningar Samandrag Rogaland fylkeskommune har starta opp arbeidet med å revidera og oppdatera «Regionalplan for vannforvaltning i Rogaland» for ein ny planperiode 2022-2027. Fylkesutvalet i Rogaland har vedtatt å legge forslag til planprogram og hovudutfordringar ut på høyring. Høyringsfristen er satt til 4.7.2019. Saka leggast fram for LMT-utvalet til behandling. Fakta Gjeldande regional plan for vassforvaltning med tiltaksprogram for Rogaland vassregion blei vedteken av fylkestinget i 2015, og gjeld for perioden frå og med 2016 til og med 2021. Rogaland vassregion omfattar det meste av Rogaland fylke, og mindre delar av Vest- Agder, Aust-Agder, Telemark og Hordaland. Rogaland fylkeskommune har starta opp arbeidet med å revidera og oppdatera planen for ein ny planperiode 2022-2027. Fylkesutvalet i Rogaland har vedtatt å legge forslag til planprogram og hovudutfordringar ut på høyring. Planprogrammet gjer greie for planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, og inneheld også eit forslag til program for konsekvensutgreiing. Høyringa gjeld også eit dokument som gjer greie for hovudutfordringar Rogaland vassregion står ovanfor i dag. Det er også gitt nasjonale føringar for vassforvaltningsarbeidet, som må leggjast til grunn for det vidare arbeidet.
Suldal kommune er ein del av Ryfylke vassområde. Ryfylke vassområdeutval har behandla saka og gitt sin høyringsuttale. I samband med behandling av arbeidsplan for 2019 gjorde dessutan Ryfylke vassområdeutval følgjande vedtak: «Følge opp vassforvaltingsarbeidet i eigen kommune og sikre politisk forankring for arbeidet i vassområdet. Vurdere å fremme politisk sak for å løfte vassarbeidet. Regionalplan for vassforvaltning, inkludert planprogram, bør vere sak til politisk behandling i kommunane, ikkje berre ei meldingssak.» Lover, føresegner, rundskriv Forskrift om rammer for vassforvaltninga (vassforskrifta) Plan- og bygningslova om regionale planar. Økonomiske konsekvensar Oppfølginga av vedtatt vassforvaltningsplan med tiltaksprogram kan medføra kostnadar for kommunen. Folkehelse God økologisk og kjemisk tilstand på vatnet er sentralt i eit folkehelseperspektiv. Gjeldande planar, retningsliner og vedtak Regional vassforvaltningsplan 2016-2021 Innkomne uttalar Uttale frå Ryfylke vassområdeutval. Vurdering og konklusjon Fylkeskommunen har rekna opp ein del spørsmål dei gjerne vil ha svar på i høyringsrunden (sjå vedlagde skjema for høyring). Det er teke utgangspunkt i desse
spørsmåla i vurderinga av saka. Høringsdokument 1: Planprogram for regional vannforvaltingsplan 2022-2027 Rogaland Vannregion 1. Er det tydelig når og hvordan ulike myndigheter skal delta i planleggingen? Planprogrammet viser på ein tilstrekkeleg måte når og korleis dei ulike myndigheitene skal delta i planlegginga. 2. Er det tydelig når og hvordan ulike interessenter kan medvirke i arbeidet fram mot revidert og oppdatert forvaltingsplan og tiltaksprogram? Planen gir ein god oversikt korleis ulike sektormyndigheiter og vassområda skal involverast. Det som kjem dårlegare fram er korleis ålmenta, brukarinteresser, grunneigarar og næringsinteresser kan bidra i arbeidet med oppdatering av forvaltningsplanen. Kven skal ein planleggje og samarbeide med for å nå måla? Ein bør og få fram kva kanalar ein vil nytte for å få medverknad, t.d. møter, nettsider, synfaringar. 3. Hvordan bør vi organisere arbeidet i vannregionen etter 1.1.2020? Arbeidet i vassområda har i siste valperiode vore organisert med ei arbeidsgruppe med ein fagleg representant frå kvar kommune eit vassområdeutval med ein politisk representant frå kvar kommune ein vasskoordinator Det synes å vere einigheit i at dei fire vassområda i Rogaland bør bestå. Korleis ein skal organisere arbeidet i vassområda vil det vere meir delte synspunkt. I Ryfylke vassområdeutval har det generelt vore relativt låg oppslutning på møta. Det er derfor god grunn til å spørje om organiseringa er den beste. Det er truleg fleire forhold som gjer at oppslutninga har vore låg
Så langt har det å auka kunnskapsgrunnlaget om vasstilstanden vore det viktigaste arbeidet i Ryfylke vassområde. Dette er i liten grad eit politisk arbeid. Ryfylke vassområde er lite homogent i forhold til påverknad. Det er store forskjellar frå landbrukspåverknad på Rennesøy til vasskraftpåverknad i Røldal- Suldal. Det normale i Ryfylke er at vassdraga går frå fjell til fjord i ein eller to kommunar, ikkje gjennom fleire som t.d. på Jæren. Ei alternativ organisering vil kunne vere å leggje ned vassområdeutvalet og at arbeidsgruppa/vasskoordinator heller legg fram politiske saker til kvar enkelt kommune som har utfordringar. Dette kan verta lagt fram som sak i det utval som har med vatn og forureining å gjera, hjå oss i Suldal er dette LMT utvalet. Dette vil og kunne auka lokal forankring til den økologiske og kjemiske tilstanden til vassmiljøet. Det er truleg mest hensiktsmessig at organiseringa av arbeidet er likt for alle vassområda i Rogaland. Om ein vel å opprettehalda vassområdeutvalet som i dag er dette ikkje til hinder for at kvart utval gjer vedtak om korleis det er best å arbeida. Ein kan til dømmes vedta utvida mandatet til arbeidsgruppa og avgrense vassområdeutvalet sin aktivitet til å vedta årsmelding og handlingsplan. Ryfylke vassområdeutval har vedteke å evaluera eiga arbeid tidleg til hausten. Rådmannen meiner ein bør lytte til kva Ryfylke vassområdeutval her kjem fram til, men uansett vil det vere viktig å organisera arbeidet slik at politikarar får saker til behandling som dreiar seg om politiske prioriteringar og val i vassforvaltningsarbeidet. Organisering med vasskoordinator i vassområda er i planprogrammet føreslått vidareført. Dette er ei ordning me har hatt dei siste åra i Ryfylke, Jæren og på Haugalandet, men så langt ikkje i Dalane. I Ryfylke er dette organisert som ei 50% stilling som Suldal kommune for tida er vertskap for. Det er sakshandsamar Jarle Lunde som førebels har denne stillinga, men som vil gå over i ny stilling til hausten. Arbeidsgruppa i Ryfylke vassområde (fagrepresentantar frå kvar kommune) har vore klare på at ein er avhengige av at det er ein vassområdekoordinator som drar arbeidet for å følge opp forvaltningsplanen. Ryfylke vassområdeutval har i sin høyringsuttale, datert 13.5.2019, gitt full støtte til at ein vidarefører ordninga med vassområdekoordinator og at det bør vere eit mål å auke stillingsstorleiken for å styrke arbeidet.
Rådmannen meiner at ein vasskoordinator vil vera viktig for at kommunane skal klara å fylgja opp sine forpliktingar ovanfor vassforvaltningsplanen også framover. Det vil og vere ein stor fordel om desse stillingane blir permanente og ikkje er prosjektstillingar som nå. Suldal kommune er positiv til fortsatt å vere vertkommune. 4. Er det behov for å justere grensene for vannområdene? For å få lokal forankring, engasjement og effektivitet i vassforvaltningsarbeidet bør vassområda vere så einsarta som mogleg med tanke på påverknad og problemstillingar. Vassområda er delt inn etter nedbørsfelt, og følgjer difor ikkje dei kommunale grensene. Rennesøy og Finnøy blir del av «nye» Stavanger frå 2020. Øyane i desse kommunane har i forhold til vassforvaltninga utfordringar som er meir tilsvarande dei som dei har på Jæren, og mindre likt det som er utfordringane elles i Ryfylke. Derfor er det naturleg at Finnøy og Rennesøy går ut av Ryfylke vassområde og over til Jæren vassområde. Forsand høyrer naturleg til Ryfylke vassområde sjølv om det har vore ein kommunesamanslåingsprosess med Sandnes. 5. Er det tema eller utredninger som mangler i planprogrammet? 6. Er det mangler i det foreslåtte programmet for konsekvensutredninger for miljø og samfunn? Dei tema som er omtalt i planprogrammet er viktige å prioritera. Påverknad knyt til oppdrettsnæringa har store brukarinteresser og bør utgreiast nærare. Det same gjeld arealinngrep i og nær vassdrag. Inngrep skjer kontinuerlig, særleg i tettbygde områder og i landbruksområder. Forvaltninga av vatnet må vere kunnskapsbasert, det er derfor viktig at ein halda fram med arbeidet med kunnskapsinnhenting.
7. Har dere innspill om konkrete tiltak som bør vurderes og utredes, og eventuelle prioriteringer i det vidare planarbeidet? Oppretting av "gamle synder" i vatn og vassdrag gir ei rekkje positive effektar som forbetring av biologisk mangfald, klimatilpassing, redusert forureining med meir. Det er ønskeleg med meir fokus på konkret naturrestaurering, særleg knyt til vandringhinder, kanalisering og røyrlegging av bekkar/elver. Det bør nemnast at 2021-2030 er FN sitt tiår for restaurering av natur. Det er positivt at det i neste planperiode vil bli lagt meir vekt på viktige samfunns- og brukarinteresser i vassforvaltninga, i tillegg til kravet i vassforskrifta om god økologisk og kjemisk vasskvalitet. Som eit resultat av dette vil det m.a. bli meir fokus på viktige tema som badekvalitet, plastforureining og effekten på vasskvaliteten av klimaendringane. 8. Er det ønskelig med en regional planbestemmelse knyttet til vannforvaltingsplanen (plan- og bygningsloven 8-5)? I den gjeldande planen, «Regional plan for vannforvaltning i vannregion Rogaland (2016-2021), går det fram at «planen skal bidra til å koordinere og samordne vannforvaltning og arealbruk på tvers av sektorer, samt kommune- og fylkesgrenser». I kva grad har planen bidrege til i samordning og at kommunane har lik forvaltningspraksis i forhold til forvaltning av vassdraga? Er det store forskjellar? Dersom ein ønskjer ei sterkare samordning bør ein sjå på muligheitene for å utreie ein regional planbestemmelse. 9. Har dere andre kommentarar og innspill? Ingen merknad 25.06.2019 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet)
Handsaming: Bjørn Sandvik, Krf, stilte spørmål om han var ugild i saka - utvalet fann han gild. Forslag frå Magne Langeland, Sp: Suldal kommune meiner forslag til planprogrammet for «Regionalplan for vannforvaltning i vannregion Rogaland 2022 2027» gir gode føringar for det vidare planarbeidet. Dokumentet «Hovedutfordringer til Regional plan for vannforvaltning i Rogaland vannregion 2022 2027» gir eit godt grunnlag for planarbeidet. Ein har elles følgjande merknadar: Planprogrammet: Det bør tydeleggjerast korleis ålmenta, ulike brukarinteresser, grunneigarar og næringsinteresser kan bidra i arbeidet med oppdatering av forvaltningsplanen. Inndeling i fire vassområde bør bestå. Det bør vurderast om vassområdeutvalet skal vera som idag med politiske representanter frå kvar kommune, eller om det skal bestå av ei arbeidsgruppe, der arbeidsgruppa/vasskoordinator orienterer og legg fram saker med utfordringar og tiltak i kvar kommune, til det utvalg som har med vatn gjera. Det bør vidareførast stillingar som vasskoordinator i dei ulike vassområda, og stillingane bør gjerast faste og ikkje prosjektstillingar som nå. Suldal kommune er positiv til fortsatt å vere vertskommune. Det vil vera naturleg at Finnøy og Rennesøy går ut av Ryfylke vassområde og over til Jæren vassområde, og at dette skjer samstundes med kommunesamanslåinga og oppretting av «nye» Stavanger kommune. Forsand høyrer naturleg til Ryfylke vassområde sjølv om det har vore ein kommunesamanslåingsprosess med Sandnes. Påverknad knyt til oppdrettsnæringa har store brukarinteresser og bør utgreiast nærare. Det same gjeld arealinngrep i og nær vassdrag. Forvaltninga av vatnet må vere kunnskapsbasert, det er derfor viktig at ein halda fram med arbeidet med kunnskapsinnhenting. Det er positivt at det i neste planperiode vil bli lagt meir vekt på viktige samfunns- og brukarinteresser i vassforvaltninga. Som eit resultat av dette vil det m.a. bli meir fokus på viktige tema som badekvalitet, plastforureining og effekten på vasskvaliteten av klimaendringane. Det er ønskeleg med meir fokus på konkret naturrestaurering. Hovudutfordringar:
Figurane i dokumentet gjev eit bilde over den samla tilstanden og den totale påverknaden i vassregionen, og gjev ingen opplysningar om den enkelte vassførekomst. Her burde det vore nytta kart som ein formidlingsmetode. Det bør informerast om at alle kan gå inn på Vann-Nett Portal for å skaffe seg opplysningar om den enkelte vassførekomst. Dokumentet burde i større grad tatt føre seg tema ein høyrer om i media i forhold til vassforvaltning. Nøkkelord som til dømme lakselus, hydrogenperoksyd og stillehavsøsters er ikkje nemnt. Røysteresultat: Samrøystes vedtak for Magne Langeland, Sp sitt forslag LMT- 056/19 Vedtak: Suldal kommune meiner forslag til planprogrammet for «Regionalplan for vannforvaltning i vannregion Rogaland 2022 2027» gir gode føringar for det vidare planarbeidet. Dokumentet «Hovedutfordringer til Regional plan for vannforvaltning i Rogaland vannregion 2022 2027» gir eit godt grunnlag for planarbeidet. Ein har elles følgjande merknadar: Planprogrammet: Det bør tydeleggjerast korleis ålmenta, ulike brukarinteresser, grunneigarar og næringsinteresser kan bidra i arbeidet med oppdatering av forvaltningsplanen. Inndeling i fire vassområde bør bestå. Det bør vurderast om vassområdeutvalet skal vera som idag med politiske representanter frå kvar kommune, eller om det skal bestå av ei arbeidsgruppe, der arbeidsgruppa/vasskoordinator orienterer og legg fram saker med utfordringar og tiltak i kvar kommune, til det utvalg som har med vatn gjera. Det bør vidareførast stillingar som vasskoordinator i dei ulike vassområda, og stillingane bør gjerast faste og ikkje prosjektstillingar som nå. Suldal kommune er positiv til fortsatt å vere vertskommune. Det vil vera naturleg at Finnøy og Rennesøy går ut av Ryfylke vassområde og over til Jæren vassområde, og at dette skjer samstundes med kommunesamanslåinga og oppretting av «nye» Stavanger kommune. Forsand høyrer naturleg til Ryfylke vassområde sjølv om det har vore ein kommunesamanslåingsprosess med Sandnes. Påverknad knyt til oppdrettsnæringa har store brukarinteresser og bør utgreiast
nærare. Det same gjeld arealinngrep i og nær vassdrag. Forvaltninga av vatnet må vere kunnskapsbasert, det er derfor viktig at ein halda fram med arbeidet med kunnskapsinnhenting. Det er positivt at det i neste planperiode vil bli lagt meir vekt på viktige samfunns- og brukarinteresser i vassforvaltninga. Som eit resultat av dette vil det m.a. bli meir fokus på viktige tema som badekvalitet, plastforureining og effekten på vasskvaliteten av klimaendringane. Det er ønskeleg med meir fokus på konkret naturrestaurering. Hovudutfordringar: Figurane i dokumentet gjev eit bilde over den samla tilstanden og den totale påverknaden i vassregionen, og gjev ingen opplysningar om den enkelte vassførekomst. Her burde det vore nytta kart som ein formidlingsmetode. Det bør informerast om at alle kan gå inn på Vann-Nett Portal for å skaffe seg opplysningar om den enkelte vassførekomst. Dokumentet burde i større grad tatt føre seg tema ein høyrer om i media i forhold til vassforvaltning. Nøkkelord som til dømme lakselus, hydrogenperoksyd og stillehavsøsters er ikkje nemnt.