Under vegbrua fann vi denne målaren som skal vise korleis bl.a. temperaturen påverkar dei solide konstruksjonane.



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

«Ny Giv» med gjetarhund

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe


4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Velkomen til Mork barnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sommartur til Sverige,

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Setring ved Håbakkselet Hareid

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Bustadområde i sentrum. Vurdering

mmm...med SMAK på timeplanen

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vurdering av allianse og alternativ

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Tor Arve Røssland. Oslo

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

M/S NYBAKK SI HISTORIE

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

NCC avd. Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

I N N H O L D. Forord

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Hordaland krins av Norges speiderforbund

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Notat om historie og kulturlandskap

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Rom ved havet, rom i byen

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Månadsplan for Hare November

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Transkript:

Vårturen 2015 14.04.2015 Søndag 12.april stilte Hallstein opp med blå Nettbuss og opna dørene for oss knapt tretti som hadde valt å bli med - om ikkje nett på blåtur, så i alle fall ut i det blågrå! Klar for avreise klokka 10 blank. Første etappe over Strandafjellet og sørover i retning Hellesylt. Første stopp ved den splitter nye utsikt-plassen ved Ljøen. Utsyn nordover Sunnylvsfjorden mot Oaldsbygda (Så vidt synleg på biletet) og mot aust innover Geirangerfjorden.

Kompetanse og dugleik på alle nivå er nødvendig ved planlegging og bygging av slike konstruksjonar som skal kunne tole det meste av trafikk, ver og årstider... i tiår etter tiår. Under vegbrua fann vi denne målaren som skal vise korleis bl.a. temperaturen påverkar dei solide konstruksjonane.

Turen gjekk vidare: Etter nokre minutt i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane, svinga vi inn på den nesten tre år gamle Kvivsvegen, det nye sambandet mellom Møre og Fjordane. Årsdøgntrafikken ligg på rundt 1600 bilar, og frå Nordfjordsida startar prosjektet med ei vegbru og sjølve Kvivstunnelen på 6,5 km. Midt inne i tunnelen passerte vi nok ein gong fylkesgrensa!

Tre tunnelar seinare, i Austefjorden, er vi komne til "Paddeland".

Ein liten stopp måtte til for å oppdatere seg på dei forvitnelege kreatura, som har fått sine eigne undergangar under vegen for ikkje å bli valsa paddeflate under bilhjula.

Ranveig og Ingjerd er klar for neste etappe med bussen! Klipp frå Sunnmørsposten 15.april er for så vidt relevant for saka. Du kan lese meldinga i større format om du klikkar inni biletet.

For utsynet si skuld legg vi inn eit arkivbilete som viser den storslegne naturen mellom fjell og fjord langs Austefjorden. Her nær Hjartåbygda, og vi nærmar oss Volda. Av og til ljoma allsongen til tekstar av Ivar Aasen i bussen, og etter som vi nærma oss hovudmålet for turen, Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, Ørsta, måtte vi berre syngje "Gamle grendi"... Tidt eg minnest ein gammal gard.

Slik ser songen under ut med Ivar si eiga, sirlege handskrift frå 1800-talet. Du vil sjå skrifta betre om du klikkar inni biletet.

Etter ein del bussstyrings-akrobatikk kunne Hallstein parkere ved inngangsdøra til bygningen og Aslaug Marit Øyehaug ønska oss velkomne til gards. (To bilete)

Ingen treng å vere i tvil om hovudpersonen: Ikkje berre skrifta på veggen, men sjølvaste signaturen! Den store bautasteinen i tunet ber påskrifta: IVAR AASEN 1813-1896 FRAM DAA FRENDAR I FREDELEGE KAPPSTRID RÖYST AV NORIGS UNGDOM 1898

Sjølv Ivar Aasen laut ha mat, endå om det mang ein gong kunne vere knapt! Vi vart oppvarta på beste vis i butikken/ kaféen.

Jon og Arvid (og underteikna!) tykte maten smaka storveges. Sjølvaste president Jarle konsumerte kaffi frå ein ekte Ivar Aasen-kopp! Etter matpausen fekk vi sjå ein film på 20 minutt om hovudpersonen sjølv. Kommentarane var ved Oddgeir Bruaset. Litt morosamt var det at den vaksne Ivar Aasen vart spela av Oddvar Tynes. Roar Skoglund dukka også opp i filmen. Så var det tid for orientering og informasjon utandørs, og vi samlast under taket på amfiplassen. Aslaug Øyehaug informerte frå ein krakk... nesten som Harald Grytten.

Her syner Marit oss biletet frå avdukinga av bautaen i 1898. Under: Millom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim... Songen let mektig frå Rotary-koret! Den vesle bjørka i framgrunnen vart planta av Kronprins Haakon Magnus etter at den store gamlebjørka i tunet vart så hardt både kvista og kvesta under orkanen (1990?) at ho ikkje kunne reddast. Vi lyt håpe på eit langt liv for den nye! Stabburet i bakgrunnen er einaste huset som står att frå tida då Ivar budde på garden.

Så er vi komne inn i senteret att, med utstilling av interessante gjenstandar... Her ser vi diktsamlingasymra frå 1863. Tvo Tylfter med nya Visor. Her finn vi m.a. Millom bakkar og berg. Under: Oljemåleri av Lars Osa.

Om pipa til Ivar kan seiast å vere interessant? Mest truleg, men særleg meir helsesam enn for oss andre kan ho vel ikkje seiast å vere. Ivar sa visstnok ikkje nei takk verken til tobakk eller alkohol.

Noreg er eit oppdelt land mellom fjordar og fjell. Det viser seg att - også i dei talrike dialektane. Sjå berre korleis eg kan uttalast. Ikkje greitt å vere innflyttar til Noreg, nei! Under: "Dagens sitat" er ikkje etter Ivar Aasen, men eg tek det med likevel:

Utsyn mot verda, så og seie: Arkitekt Sverre Fehn har teikna bygget som ei vandring frå det heimlege tunet og ut i den store verda. Her ser vi den lange "vegen" og vidare ut døra i enden med utsyn mot fjorden.

Attende, med retning mot Ørsta sentrum. Under: Arkitekten si skisse frå august 1999:

Så lyt denne skissa vere siste biletet frå Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, Ørsta. Turen har vore både triveleg, lærerik og minnerik. Så lyt dei få som det ikkje høvde for denne gongen trøyste seg med bileta på denne sida, og vi andre kan repetere og mimre litt i ny og ne. Vi set vidare kursen mot Sæbø... gjennom Åmdalen - heimlandet til Vassendgutane. Ferja Dalsfjord kopla seg til lemmen, og vi kunne køyre om bord og nyte orda til billettøren: "Det var nesten så vi kjippte oss,- vi ha' kje sett ein buss på eit halvt år!" Nei, visst var vi litt utanom høgsesongen, men kjekt var det likevel! Stor takk til sjåfør Hallstein som har organisert og gjennomført turen på beste vis! Det aller siste biletet kan vi tolke slik at Knut Jarle spanderer ein flott bukett påskeliljer på Hallstein som takk for innsatsen. (Sjølvplukk :-)) Takk for laget!

Tekst og bilete: Olav P