Joakim Hunnes. Bøen. noveller



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

mmm...med SMAK på timeplanen

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kom skal vi klippe sauen

Brødsbrytelsen - Nattverden

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Valdres vidaregåande skule

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

I N N H O L D. Forord

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon til elevane

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman


Brannsår, rus eller friheit?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Rom ved havet, rom i byen

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Setring ved Håbakkselet Hareid

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kva er økologisk matproduksjon?

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Finansiering av søknaden

BESTEMMARORD... 2 Eigedomsord... 3 Peikeord... 8 Mengdeord... 12

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Tor Arve Røssland. Oslo

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

FANTASTISK FORTELJING

Eksamen SAM3023 Rettslære 2. Nynorsk/Bokmål

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Journalisthandbok for elevar

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Transkript:

Joakim Hunnes Bøen noveller

Preludium

Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka. Før kaffien, slik som eg plar gjere. Ikkje noko forandrar seg. Eg ser Anna setje seg i bilen, ho skal nok på jobb. Det er godt det bur nokon i huset. Då bestefaren hennar vart send på heim, var eg redd det skulle stå tomt. Dei fleste vil ikkje at nokon skal flytte inn. Det har ikkje nokon eigentleg verdi, og Ingeborg, mor til Anna, sa at ho heller såg det stå tomt enn at nokon skulle flytte inn i barndomsheimen hennar. Når ein ikkje er van med naboar, vil ein ikkje at nokon skal bu så tett inntil ein heller. Så då Anna flytta inn, var det flott, eit hus treng nokon som bur i det. Ikkje minst treverket og røra. Anna, ja, eg hugsar henne frå skulen, ikkje den flinkaste i klassen, og ikkje den mest populære heller, men ho hadde alltid vener og klarte seg godt. Eg hugsar eg prøvde så godt eg kunne ikkje å gjere forskjell på dei i klassen, men Anna likte eg særs godt, ho rente jo inn og ut av huset her då ho var lita, sånn er det berre, når ein kjenner nokon så godt, er det lettare å oversjå små feil. Ho og Sivert pla vere gode vener, dei to kunne kome rennande inn dørene saman, som ein vind, me såg dei leike seg ute i hagen og så høyrde me noko i gangen og kunne sjå ei lang rekke med uteklede som ein kunne følgje heilt fram til rommet til Sivert, ein snøjoggar her

og ein hals der, og der sat dei allereie djupt inne i ein ny leik, eller ein som dei heldt på med ute før dei bestemte seg for at no skulle dei inn att. Kven veit, kom ein og såg til dei, så sa dei, du, me leiker, kan me ikkje få fred. Det var noko Sivert hadde lært av henne, slikt hadde han aldri sagt heime, eller når me var aleine, han var alltid glad for at eg kom og leikte saman med han, det var det beste han visste. Eg var svært tolmodig i leik med barna. Dikta litt saman med dei, men berre for å stimulere, ikkje for å ta over leiken, og fann meg i det dei dikta vidare. Det var viktig å stimulere fantasien, men dei hadde òg ein viss disiplin, der me mest tvinga dei til å spele piano, kom inn og spel ein halvtime kvar dag, det er slik du vert god. Dei fekk ein time etter leksene og mellom pianospeling og barne-tv der dei kunne gjere kva dei ville. Det var alltid surt når me kalla dei inn att, eller fekk dei ned frå romma sine, for at dei skulle spele. Men me tykte det var viktig at dei lærte å spele noko. Eg spelte piano og Synnøve var flink til å syngje, så me ville dele litt av dei musikalske gledene med ungane òg. Eg hadde prøvd å lære Anna å spele piano òg, hadde gjort det som ei veneteneste for mora, men ho ville ikkje lære. Eg trur det var noko med relasjonen som gjorde at ho ikkje tok meg alvorleg. På skulen hadde eg ein viss autoritet, og eg hadde vel det heime òg, men ein heilt annan, ein mildare autoritet kanskje, men ho gadd ikkje anstrenge seg og berre fjasa. Så det gjekk ikkje mange vekene før me gav det opp.

Eg har forsøkt å setje meg ved pianoet og spele noko, men det er så surt, det har ikkje vore stemt på mange år. Eg går inn på stova, ser nedover vegen, kjem ikkje postmannen snart. Det lyser hjå naboane der nede, eg trur ikkje dei søv nokon gong, eller jo da, dei ligg og søv på ettermiddagen når eg kjem og seier det er på tide å klippe plen, eller noko slikt, men eg søv med ope vindauge på soverommet, og det kjem musikk derifrå heile natta, når eg legg meg og når eg går på do i tretida, og ofte når eg står opp i sjutida, ikkje kjempehøgt, men han summar. Eg trur det bur ei jente der òg no, ikkje berre dei to karane. Eg har høyrt på butikken at dei meiner dei driv med stoff. Men eg kjenner jo han eine, Sindre, han er jo herifrå, han hamna i noko klammeri for nokre år sidan, men eg hugsar han frå skulen, han var jo ein roleg gut, trudde han skulle verte bonde når han vart stor, akkurat som far sin. Eg har høyrt at han hamna litt på vrangsida etter det som hende. Men nokon dårleg gut trur ikkje eg at han er. Eg ser nokre lys og vonar det er postmannen, men ser det er nokon andre og går berre tilbake til kjøkenbordet. Før Synnøve fór, pla her vere meir liv, sjølv etter at eldstemann flytta ut. Ho brukte å syngje medan ho gjorde det ho skulle, om det var å vaske opp eller vaske golv eller henge opp klede. Ein liten arie berre fordi ho kunne. Slikt kunne ho finne på. Eg saknar å ha henne her, men ho fekk nok av meg for sikkert ti år sidan. Eldstemann flytta ut, og så flytta ho etter han. Han

gjekk på skule på Sørlandet og fann seg ei taus og slo seg ned der, jobba med noko datagreier, som konsulent, gjorde det visst bra, i alle fall ser det slik ut på huset han bur i. Eg brukte å vere der nokre gongar i året. Men me rauk uklar sist eg var der. Eg hugsar ikkje heilt kva som starta det, det var noko om Sivert og om Synnøve og eg veit ikkje heilt, men det vart i alle fall eit frykteleg leven. Noko med at eg ikkje hadde støtta han og mor hans nok, at eg hadde forsvunne inn i meg sjølv og ikkje ensa dei. Det kan vel ha vore sant, og eg forsto det slik at det var noko som hadde vore der lenge, hadde berre ikkje vore snakka om. Eg veit ikkje om det var han og mora som hadde snakka om det og bestemt seg for å ta det opp, eller om det var noko han og kona hadde snakka om og funne ut at det var best å konfrontere meg med det. Eg veit ikkje, men det var liksom som eit bakhaldsangrep, eg berre sat der og koste meg med kaffi og tenkte på noko eit av barnebarna hadde sagt, og så sa sonen min noko om at me måtte snakke saman. Etter det fekk eg ei lekse, og me sa kanskje båe noko som me ikkje skulle ha sagt, men eg skulle reise dagen etter, og det vart meir som ein kjølig avskjed. Sidan då har eg ikkje snakka med han. Ikkje barnebarna heller. Det var kanskje i september, og no var det januar, det var då eg ringte før jul og ingen svarte og ingen ringte opp att at eg byrja forstå at det hadde betydd litt meir enn eg hadde trudd. Eg byrja å tenkje over livet mitt, korleis det var på den tida då dei var små, og eg byrja å skrive eit brev til eldstemann om

korleis eg hugsar det var, og korleis det vart. At han kanskje hadde rett i at eg hadde meldt meg ut, at eg ikkje var til stades i store periodar, der han og mora måtte klare seg utan meg, for eg hadde meir enn nok med meg sjølv. Eg hadde funne ut eitt og anna medan eg skreiv det brevet, og hadde vel ikkje likt alt eg hugsa. Då familien trong meg mest, hadde eg hatt meir enn nok med å halde hovudet over vatnet og hadde vore sur på dei som ville prate om noko. Om me berre lest som om det som hende den gongen for femten år sidan, ikkje hadde hendt, så kunne me leve vidare, det var kanskje slik eg tenkte. No sat eg her att utan nokon som ville vite av meg. Eg tek den siste slurken av kaffien. Slår ut det som er att på kolben, og går på loftet, ser over skrivepulten. Alt ligg der, pass, skøyte, bankkontoinformasjon, eit brev til kvar av sønene mine og eit til mora deira, eg har òg laga eit slags testamente, eg har ikkje tinglyst det eller noko, men vonar dei vil respektere ynska mine, det er uansett berre éin arving att. Eg ser over alt ein siste gong. Går ned att trappa, ser til at alt er avslått, og går ned i kjellaren. Eg høyrer postmannen og går bortåt vindauget og ser han leggje noko i postkassa. Bra, då kjem han ikkje på døra. Eg ser opp i taket. Der heng renneløkka eg laga til då eg sto opp. Eg har mest ikkje sove i natt, eg vurderte å gjere det i natt, men eg hadde bestemt meg for å gjere det om dagen, og då måtte det verte slik. Eg finn fram krakken og stiller meg på han. Tek løkka over hovudet. Det er

ikkje nokon vits i å vente lenger, det kjem berre til å gjere låkt ei lita stund til no. Krakken veltar under meg.

Kahytta