ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ulstein formannskap Møtestad: kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 14.05.2019 Tid: 12:00 15:45 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Knut Erik Engh Ordførar FRP Steinar Torvik Varaordførar KRF Pål Grødahl Medlem V Tor Meinseth Medlem H Knut Kleiven Medlem H Faste medlemmer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Renathe Rossi-Kaldhol MEDL AP Lisa Mari Breivik Anderson MEDL SP Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Oddvar Gjerde Lisa Mari Breivik Anderson SP Egil Ulfstein Renathe Rossi-Kaldhol H Alf Johan Antonsen K. E. Engh i enkeltsak FRP Frå administrasjonen møtte: Navn Verner Larsen Marit Botnen Gry Osnes Nordal Arne Runar Vik Steinar Nummedal Rune Urke Ingunn Hestnes Stilling Rådmann Kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten Kommunalsjef for oppvekst- og kulturetaten Kommunalsjef for teknisk etat (sekretær i dette møtet) Økonomileiar Dagleg leiar i UEKF Jurist Permisjonar Ordføraren vart funnen ugild i sak PS 19/60. 1
SAKLISTE Saksnr Tittel Arkivsaknr PS 19/51 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 19/52 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 19/53 MELDINGSSAKER RS 19/8 KOMMUNEPLANENS AREALDEL - RETTSVERKNAD 2015/83 RS 19/9 FORVENTNINGSBREV 2019 2019/494 PS 19/54 ÅRSRAPPORT FOR ULSTEIN KOMMUNE 2018 2019/711 PS 19/55 KOMMUNEREKNESKAPEN 2018 2019/746 PS 19/56 OVERFØRING AV INVESTERINGSRAMMER FRÅ 2018 TIL 2019/746 2019 PS 19/57 ÅRSMELDING OG REKNESKAP UEKF 2018 2019/682 PS 19/58 FORSKOTTERING AV SPELEMIDLAR - KUNSTGRAS 2019/683 HØDDVOLL PS 19/59 HØDDMONUMENTET - ØKONOMISK BIDRAG FRÅ 2018/1241 ULSTEIN KOMMUNE PS 19/60 MULEG KJØP AV BJØRNDALS MINNE 2018/430 PS 19/61 SFO-VEDTEKTER 2019 2019/363 PS 19/62 TV-AKSJONSKOMITE FOR 2019 2019/742 ORIENTERINGAR Presentasjon av planar for tilbygg til Ulsteinvik barneskule v/kommunalsjef Gry Nordal og rektor Vegard Sæter Gurskevik Ulsteinvik, 14.5.2019 Knut Erik Engh ordførar Arne Runar Vik møtesekretær Steinar Torvik Knut Kleiven 2
PS 19/51 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Vedtak i Ulstein formannskap 14.05.2019: Innkallinga og saklista vert godkjende. PS 19/52 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Vedtak i Ulstein formannskap, 14.05.2019: Protokollen frå møtet 19.3.2019 vert godkjent. PS 19/53 MELDINGSSAKER Vedtak i Ulstein formannskap, 14.05.2019: Formannskapet tek meldingane til vitende. RS 19/8 KOMMUNEPLANENS AREALDEL - RETTSVERKNAD RS 19/9 FORVENTNINGSBREV 2019 3
PS 19/54 ÅRSRAPPORT FOR ULSTEIN KOMMUNE 2018 Årsrapporten for 2018 vert godkjent slik han ligg føre. Rådmann Verner Larsen orienterte om nokre område i årsrapporten spesielt med fokus på nyskaping og utvikling. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 19/55 KOMMUNEREKNESKAPEN 2018 Kommunestyret i Ulstein godkjenner rekneskapen for 2018 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 97.534. Mindreforbruket vert sett av til styrking av disposisjonsfondet. Økonomileiar Steinar Nummedal gav ei orientering om rekneskapen for 2018. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 19/56 OVERFØRING AV INVESTERINGSRAMMER FRÅ 2018 TIL 2019 Ulstein kommune godkjenner slike overføringar av investeringsrammer frå 2018 til 2019 som det går fram av vedlegg 1. Unytta lånemidlar på til saman 3.293.611,72 tilhøyrande avslutta investeringsprosjekt (sjå vedlegg 2) vert nytta til ekstraordinære avdrag. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 19/57 ÅRSMELDING OG REKNESKAP UEKF 2018 4
1. Ulstein kommunestyre vedtek årsrekneskapen og årsmeldinga slik den ligg føre i vedlagte årsmelding, resultatrekneskap med notar og balanse. 2. Av midlane bokførde til disposisjonsfond, 5 070 293 kr, blir 2 mill. kr overførde til vedlikehaldsfond. 3. Ulstein kommunestyre vedtek at følgande investeringsrammer skal overførast frå 2018 til 2019: V001 Ulstein rådhus 02300 Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 600 000,00 V001 Ulstein rådhus 09101 Unytta lånemidlar -600 000,00 V9974 Parkeringsplassar V096 Holsekervegen 144, 146, 148,150 02850 Kjøp av eksisterende bygg/anlegg 9 000 000,00 V096 Holsekervegen 144, 146, 148,150 08100 Overføring frå staten -900 000,00 V096 Holsekervegen 144, 146, 148,150 09580 Bruk av bundne investeringsfond -8 100 000,00 V9991 Holsekervegen 148-154 V015 Arena Ulstein 02300 Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 2 605 499,20 V015 Arena Ulstein 09100 Bruk av lån -2 605 499,20 V9973 Arena Ulstein Låneopptak -3 205 499,20 Investering av parkeringsplassar ved Ulstein rådhus finansierast med eit låneopptak på kr 600 000 Investering fase 2 Ulstein Arena finansierast med eit låneopptak på kr 2 605 499,20. Totalt låneopptak på kr 3 205 499,20. 4. Ulstein kommunestyre vedtek eit låneopptak på kr 10 230 285 for å finansiere udekka meirforbruk i investeringsrekneskapen i 2018. Uttalen frå styret i UEKF vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 19/58 FORSKOTTERING AV SPELEMIDLAR - KUNSTGRAS HØDDVOLL Ulstein kommunestyre forskotterer 1.121.467 kr i spelemidlar, i samband med utskifting av kunstgras og utbetring av lysanlegget på Høddvoll. Midlar til forskotering vert dekt frå kapitalfondet. Ved utbetaling av spelemidlar skal midlane tilbakeførast til kapitalfondet. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. PS 19/59 HØDDMONUMENTET - ØKONOMISK BIDRAG FRÅ ULSTEIN 5
KOMMUNE Ulstein kommunestyre løyver 100.000 kr til grunn- og fundamentarbeidet for Høddmonumentet, finansiering henta frå kapitalfondet. Ulstein kommunestyre ønskjer ikkje å forskotere resterande kostnader til monumentet, og finn difor å måtte avslå denne delen av søknaden frå Ulstein Rotaryklubb. Brev frå Ulstein Rotaryklubb datert 13.5.2019 vart lagt fram i møtet. Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommunestyre løyver 100.000 kr til grunn- og fundamentarbeidet for Høddmonumentet, finansiering henta frå kapitalfondet. Ulstein kommunestyre ønskjer ikkje å forskotere resterande kostnader til monumentet, og finn difor å måtte avslå denne delen av søknaden frå Ulstein Rotaryklubb. Framlegg frå Egil Ulfstein: Ulstein kommunestyre løyver 100.000 kr til grunn- og fundamentarbeidet for Høddmonumentet, finansiering henta frå kapitalfondet. Ulstein kommunestyre godkjenner at kommunen forskotterer resterande beløp på 294.513 kr Tilrådinga frå rådmannen fekk 4 røyster mot 3 (Ulfstein, Kleiven, Meinseth) og vart vedteke. Framlegget frå Egil Ulfstein fekk 3 røyster (Ulfstein, Kleiven, Meinseth) mot 4 og fall. PS 19/60 MULEG KJØP AV BJØRNDALS MINNE Ulstein kommunestyre meiner det er viktig å ta vare på eigedommen Bjørndals Minne, og ein ber administrasjonen ta kontakt med stiftinga for Bjørndals Minne for å avklare om det er mogeleg å få sikre framtidig kommunalt eigarskap av Bjørndals Minne basert på ein ny og nedjustert økonomisk profil. Ordføraren bad formannskapet om å vurdere sin ugildskap, jf. 6 e. i forvaltningslova, fordi han er leiar i stiftinga. Formannskapet fann ordføraren ugild med 6 mot 0 røyster, og han tok ikkje del i handsaminga av saka. Alf Johan Antonsen var innkalla som vara og tok sete under handsaminga. 6
Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommunestyre kan ikkje sjå at Ulstein kommune har bruk for bygget Bjørndals Minne til eiga verksemd eller at kommunen bør kjøpe den for å leggje til rette for aktivitet. Kommunestyret vil såleis ikkje kjøpe Bjørndals Minne frå Bjørndalsfondet. Framlegg frå Steinar Torvik (KrF): Ulstein kommunestyre meiner det er viktig å ta vare på eigedommen Bjørndals Minne, og ein ber administrasjonen ta kontakt med stiftinga for Bjørndals Minne for å avklare om det er mogeleg å få sikre framtidig kommunalt eigarskap av Bjørndals Minne basert på ein ny og nedjustert økonomisk profil. Framlegg frå Pål Grødahl (V): Ulstein kommune stiller seg positiv til å ta over areala ved Bjørndals minne. Utviklinga i sentrum er særs sentral for Ulstein kommunestyre. Kommunen ønskjer å ha hand om areala for å styre utviklinga av dei samt naboareala som kommunen allereie eig. Kommunen kan ikkje ta over areala til den kostnaden stiftinga ønskjer. Kommunestyret bed difor administrasjon halde fram med forhandlingar med mål for å ta over området. Framlegget frå Steinar Torvik fekk 5 røyster mot 2 (Ulfstein, Kleiven) og vart vedteke. Tilrådinga frå rådmannen fekk 2 stemmer (Ulfstein, Kleiven) mot 5. Framlegg frå Pål Grødahl fekk 1 stemme (Grødahl) mot 6. PS 19/61 SFO-VEDTEKTER 2019 Ulstein kommunestyre godkjenner vedtekter for SFO gjeldande frå 01.08.2019 som iflg. vedlegg. Ordføraren bad om ei redaksjonell endring i tilrådinga slik at den etter dette får slik ordlyd: Ulstein kommunestyre godkjenner vedtekter for SFO gjeldande frå 01.08.2019 som iflg. vedlegg. Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommunestyre vedtek vedtekter for SFO gjeldande frå 01.08.2019 som iflg. vedlegg. Tilrådinga med redaksjonell endring vedteken med røystetal 7-0. 7
PS 19/62 TV-AKSJONSKOMITE FOR 2019 Vedtak i Ulstein formannskap, 14.05.2019: Formannskapet peikar ut namna nedanfor til kommunekomiteen for TV-aksjonen i 2019. Komiteleiaren får mynde til å supplere komiteen med medlemmer frå frivillige organisasjonar i Ulstein. Namn Funksjon Representerer Steinar Torvik Leiar Ulstein kommune Renathe Rossi-Kaldhol Medlem Ulstein kommune, formannskapet Knut Erik Engh Medlem Ulstein kommune, formannskapet Inger Anne Dimmen Medlem Ulstein frivilligsentral Medlem [frivillig organisasjon] Medlem [frivillig organisasjon] Medlem [frivillig organisasjon] Bennie Hansen Sekretær Ulstein kommune Framlegg frå ordføraren: Medlemmer frå formannskapet: Renate Rossi-Kaldhol og Knut Erik Engh Tilrådinga frå rådmannen, med tillegg av framlegget frå ordføraren i møtet, vart vedteke med 7 mot 0 røyster. 8