Møteprotokoll FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN 2017-2019 Utval: Fellesnemnd Ullensvang Møteleiar: Roald Aga Haug kommune Møtestad: Odda Møtedato: 03.05.2019 Tidspunkt: 09:00-14:00 Saksnr: 007/19 012/19 Følgjande medlemer møtte: Navn Backer-Owe, Marit Bleie Terje S. Bolstad, Erlend Nævdal Borge Solfrid Brattabø Elin Eide Dalseth Reidun Haugen Espe, Hildegunn Grønsnes Kåre Olav Hammer Olav Magnus, permisjon frå kl. 10.30 Haug, Roald Aga Hus Olav B. Jondahl, Linda Haugland Kollbotn, Terje Kolltveit, Therese Parti Kristlig Folkeparti Høyre Høyre Senterpartiet Høyre Kristlig Folkeparti Senterpartiet Sosialistisk Venstreparti Senterpartiet Rødt
Kråkevik, Anna Maria Larsgard Jon Velure, Amund Vikne, Johnny Høyre Senterpartiet Følgjande medlemer møtte ikkje: Navn Buer, Anne Marit Parti Venstre Følgjande varamedlemer møtte: Navn Lindskog-Lund Lajla-Margrethe, frå kl. 10.30 Parti Senterpartiet Følgjande frå administrasjonen møtte: Prosjektleiar Ole Jørgen Jondahl og ass. rådmann Jondal kommune (sekr.) møtte. Wenche Jordal møtte under behandling av sak 010/19 Eldbjørg Furholt, ElseMarie Sandal og Una Eiken møtte under behandling av sak 011/19 Anne Erdal møtte under behandling av sak 012/19 Andre : Ingen Merknader: Orienteringar: Bymisjon v/tore Hjørnevik og Synne Aksnes Barnefattigdom v/ingvild Sperrevik og Lene Vie Nordeide Odda produkt v/bjørn Vivelid Odda By Crew v/knut Granheim Spørsmål frå Jon Larsgard, Sp: Kva er status for geografisk plassering av funksjonar i NUK? Prosjektleiar svarte. Spørsmål frå Solfrid Borge, Sp: Kva er status i høve til sak om Hardangerrådet? Prosjektleiar svarte. 2
Underskrift: Vi stadfester med underskriftene våre at det som er protokollert er i samsvar med det som vart vedteke i møtet. Roald Aga Haug leiar Ragnvald Joakimsen sekr. 3
Behandla saker: Saksnr Tittel 007/19 Godkjenning av protokoll 008/19 Meldinger 009/19 Vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune 010/19 Ullensvang kulturskule fremmar forslag om ny, felles formålsparagraf og vedtekter, samt felles retningslinjer for undervisningstid, inntak og betaling. 011/19 Interkommunale selskap, eigarskap og samarbeid 012/19 Økonomireglement for Ullensvang kommune 007/19 Sak: Godkjenning av protokoll vedtak: Fellesnemnda godkjenner vedlagt protokoll frå førre møte. Ole-Jørgen Jondahl, prosjektleiar Merknad frå Amund Velure, Ap: I forslaget hans i fellesnemnda sin sak 005/19 skal det vere "Norges" ikkje "Noregs". Prosjektleiar sitt forslag, med merknad frå Amund Velure, vart samrøystes vedteke. FN - 007/19 Vedtak: Fellesnemnda godkjenner vedlagt protokoll frå førre møte med følgjande endring: I forslaget frå Amund Velure i sak 005/19 blir "Noregs" endra til "Norges". 008/19 Sak: Meldinger vedtak: Fellesnemnda tar meldingane til etterretning. 4
Ole-Jørgen Jondahl, prosjektleiar Forslaget frå prosjektleiar vart samrøystes vedteke. FN - 008/19 Vedtak: Fellesnemnda tar meldingane til etterretning. 009/19 Sak: Vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune innstilling: 1. Fellesnemda legg forslag til vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune ut på 4 vekers offentleg høyring. Høyringsfrist 14.juni 2019. 2. Prosjektleiar legg fram sak for Fellesnemda for endeleg vedtak i september. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, 06.03.2019 23.04.2019 Partssamansett utval - Ullensvang kommune Prosjektleiar sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. PSU - 006/19 Vedtak: Tilråding: 1. Fellesnemda legg forslag til vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune ut på 4 vekers offentleg høyring. Høyringsfrist 14.juni 2019. 2. Prosjektleiar legg fram sak for Fellesnemda for endeleg vedtak i september. 5
Forslag frå Terje Kollbotn, Raudt: Tillegg. pkt. 3: Fellesnemnda føreset at Ullensvang kommune vil ha som mål full barnehagedekning frå 2020 Tilråding frå PSU vart samrøystes vedteke. Forslaget frå Terje Kollbotn fekk 2 røyster og fall. FN - 009/19 Vedtak: 1. Fellesnemda legg forslag til vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune ut på 4 vekers offentleg høyring. Høyringsfrist 14. juni 2019. 2. Prosjektleiar legg fram sak for Fellesnemda for endeleg vedtak i september. 010/19 Sak: Ullensvang kulturskule fremmar forslag om ny, felles formålsparagraf og vedtekter, samt felles retningslinjer for undervisningstid, inntak og betaling. vedtak: 1. Fellesnemda for Ullensvang kommune vedtek forslag til endring i undervisningstid og brukarbetaling for Ullensvang kulturskule, som vedlagt i saka. 2. Fellesnemda vedtek også ny felles formålsparagraf for Ullensvang kulturskule, og vedtekter og kriterier for inntak av elevar, i tråd med saksframstillinga. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, 05.03.19 23.04.2019 Partssamansett utval - Ullensvang kommune Prosjektleiar sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 11 røyster. 4 røysta mot. Protokollmerknad: I etterkant av møtet har alle dei 6 tillitsvalde medlemene bedt om at følgjande merknad kjem inn i protokollen: Saka inklusiv aktuelle vedlegg har ikkje vore drøfta med tillitsvalgte, eller vore på høyring. Dette meiner vi skulle vore gjort før saka vert avgjort, for å kunne vite om ulike konsekvensar for tilsette og brukarar ved skisserte løysingar. 6
Vi ber derfor fellesnmnda om å legge til eit punkt i saka, om at det blir tatt ein ny grundig runde med evaluering frå kulturskulen sine tilsette og brei høyring vedr. dei ulike vedlegga før opptak våren 2020. Alle dei aktuelle vedlegga skal evaluerast ilag med tillitsvalgte og sendast på høyring til aktuelle organisasjonar. Saka skal opp til politisk handsaming, etter at innspel er innkomne, for vedtak. PSU - 007/19 Vedtak: Tilråding: 1. Fellesnemda for Ullensvang kommune vedtek forslag til endring i undervisningstid og brukarbetaling for Ullensvang kulturskule, som vedlagt i saka. 2. Fellesnemda vedtek også ny felles formålsparagraf for Ullensvang kulturskule, og vedtekter og kriterier for inntak av elevar, i tråd med saksframstillinga. Fellesframlegg frå Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, Sp, Terje Kollbotn, Raudt og Linda Haugland Jondahl, Ap: Nye pkt: 3a. Alle dei aktuelle vedlegga skal evaluerast i lag med tillitsvalde og sendast på høyring til aktuelle organisasjonar. Saka skal opp til politisk handsaming, etter at innspel er innkomne, for vedtak. 3b. Denne evalueringa/høyringa skal leggjast fram til politisk handsaming i Ullensvang kommunestyre før nytt opptak våren 2020. 3c. Fellesnemnda ber prosjektleiar bearbeida vedtekter formålsparagraf og kriterium for inntak av elevar på nytt og baka dei saman til eit dokument; "vedtekter" i samband med evaluering/høyring våren 2020. vedtak vart samrøystes vedteke. Fellesframlegget frå Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, Terje Kollbotn og Linda Haugland Jondahl vart samrøystes vedteke. FN - 010/19 Vedtak: 1. Fellesnemda for Ullensvang kommune vedtek forslag til endring i undervisningstid og brukarbetaling for Ullensvang kulturskule, som vedlagt i saka. 2. Fellesnemda vedtek også ny felles formålsparagraf for Ullensvang kulturskule, og vedtekter og kriterier for inntak av elevar, i tråd med saksframstillinga. 3. 3a. Alle dei aktuelle vedlegga skal evaluerast i lag med tillitsvalde og sendast på høyring til aktuelle organisasjonar. Saka skal opp til politisk handsaming, etter at innspel er innkomne, før vedtak. 3b. Denne evalueringa/høyringa skal leggjast fram til politisk handsaming i Ullensvang kommunestyre før nytt opptak våren 2020. 3c. Fellesnemnda ber prosjektleiar bearbeida vedtekter formålsparagraf og kriterium for inntak av elevar på nytt og baka dei saman til eit dokument; "vedtekter" i samband med evaluering/høyring våren 2020. 7
011/19 Sak: Interkommunale selskap, eigarskap og samarbeid vedtak: 1. Fellesnemnda ber administrasjonen leggja fram eigne saker knytt til dei ulike selskapa/samarbeida slik det kjem fram i Tabell 1 Oversikt selskap og samarbeid. 2. Fellesnemnda vil vidareføre Jondal, Odda og Ullensvang sine selskap/og styrerepresentasjonar inn i Ullensvang kommune slik dei kjem fram i Tabell 1. 3. Fellesnemnda vil vidareføra, og avslutta, interkommunale samarbeid i tråd med prosjektleiar si tilråding i vedlegg i saka: «Oversikt interkommunale samarbeid og avtalar Ullensvang kommune». 4. Fellesnemnda vil overføra aksjane i aksjeselskapa og lutane i andre selskap slik det kjem fram i Tabell 2 og 3. 5. Fellesnemnda overfører fond og legat til Ullensvang kommune jf. Tabell 4. 6. Fellesnemnda ber arbeidsgruppa for politisk hovudstruktur og politisk reglement å vurdera vidareføring av dei politiske interessesamarbeida slik dei kjem fram i Tabell 5. 7. Fellesnemda ber rådmann i Ullensvang kommune leggja fram sak om eigarskapspolitikk etter 2020. 8. Ullensvang kommune skal ha pensjonsordning i KLP. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, 15.03.2019 23.04.2019 Partssamansett utval - Ullensvang kommune Prosjektleiar sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. PSU - 008/19 Vedtak: Tilråding: 1. Fellesnemnda ber administrasjonen leggja fram eigne saker knytt til dei ulike selskapa/samarbeida slik det kjem fram i Tabell 1 Oversikt selskap og samarbeid. 2. Fellesnemnda vil vidareføre Jondal, Odda og Ullensvang sine selskap/og styrerepresentasjonar inn i Ullensvang kommune slik dei kjem fram i Tabell 1. 3. Fellesnemnda vil vidareføra, og avslutta, interkommunale samarbeid i tråd med prosjektleiar si tilråding i vedlegg i saka: «Oversikt interkommunale samarbeid og avtalar Ullensvang kommune». 4. Fellesnemnda vil overføra aksjane i aksjeselskapa og lutane i andre selskap slik det 8
kjem fram i Tabell 2 og 3. 5. Fellesnemnda overfører fond og legat til Ullensvang kommune jf. Tabell 4. 6. Fellesnemnda ber arbeidsgruppa for politisk hovudstruktur og politisk reglement å vurdera vidareføring av dei politiske interessesamarbeida slik dei kjem fram i Tabell 5. 7. Fellesnemda ber rådmann i Ullensvang kommune leggja fram sak om eigarskapspolitikk etter 2020. 8. Ullensvang kommune skal ha pensjonsordning i KLP. Prosjektleiar endra framlegget sitt : I pkt 2 i framlegget skal det stå "...Tabell 2". Framlegg frå Solfrid Borge, Sp: Endra pkt. 6 Fellesnemnda vedtek å vidareføra dei politiske interessesamarbeida slik dei kjem fram i Tabell 5. Framlegget frå Solfrid Borge vart samrøystes vedteke. Forslaget frå prosjektleiar, med tilleggsforslaget frå Solfrid Borge, vart samrøystes vedteke. FN - 011/19 Vedtak: 1. Fellesnemnda ber administrasjonen leggja fram eigne saker knytt til dei ulike selskapa/samarbeida slik det kjem fram i Tabell 1 Oversikt selskap og samarbeid. 2. Fellesnemnda vil vidareføre Jondal, Odda og Ullensvang sine selskap/og styrerepresentasjonar inn i Ullensvang kommune slik dei kjem fram i Tabell 2. 3. Fellesnemnda vil vidareføra, og avslutta, interkommunale samarbeid i tråd med prosjektleiar si tilråding i vedlegg i saka: «Oversikt interkommunale samarbeid og avtalar Ullensvang kommune». 4. Fellesnemnda vil overføra aksjane i aksjeselskapa og lutane i andre selskap slik det kjem fram i Tabell 2 og 3. 5. Fellesnemnda overfører fond og legat til Ullensvang kommune jf. Tabell 4. 6. Fellesnemnda vedtek å vidareføra dei politiske interessesamarbeida slik dei kjem fram i Tabell 5. 7. Fellesnemda ber rådmann i Ullensvang kommune leggja fram sak om eigarskapspolitikk etter 2020. 8. Ullensvang kommune skal ha pensjonsordning i KLP. 012/19 Sak: Økonomireglement for Ullensvang kommune vedtak: 1. Fellesnemnda vedtek framlegg til økonomireglement for Ullensvang kommune slik det ligg føre. 9
2. Fellesnemnda ber prosjektleiar om å ajourføra økonomireglementet og legga det fram for kommunestyret i Ullensvang kommune for godkjenning i 2020. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, Forslaget frå prosjektleiar vart samrøystes vedteke. FN - 012/19 Vedtak: 1. Fellesnemnda vedtek framlegg til økonomireglement for Ullensvang kommune slik det ligg føre. 2. Fellesnemnda ber prosjektleiar om å ajourføra økonomireglementet og legga det fram for kommunestyret i Ullensvang kommune for godkjenning i 2020. 10