MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtestad: KST sal Hareid rådhus Dato: 16.11.2015 Møte tok til: 12:00 Møte slutta: 18:00 Formannskapet var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt.2 og reglementet til Hareid kommune. Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset. Medlemane har vorte varsla skriftleg via e-post. Saksdokumenta har vore utlagde til ålment ettersyn på heimesida til Hareid kommune frå 10.11.2015. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerar Stian Runne Brandal Medlem AP Kristian Fuglseth Varaordførar FOHAR Ranja Dimmen Alme Medlem FOHAR Truls Håbakk Medlem FRP Jeanette Teigene Medlem FRP Anders Riise Ordførar H Annika Brandal Medlem V Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anne-Karete Mork Utvalsekretær Bent Arild Grytten Rådmann Berit Aasen Oddbjørn Grimstad Nils Yngve Nupen Trine Falkenstein Trude Kristin Dalen Arne Gunnar Aschehoug Rådgjevar Kai Rune Bjørke Leiar PUA Egil Mortensen Ness Leiar økonomiavdeling Ordførar Anders Riise leia møtet 7 voterande Møtet vart innleia med eit minutt stillheit for å vise medkjensle vedkomande terrorangrepet i Paris. Martin Gjendem Mortensen og Sissel Hol frå fylkesmannen heldt innlegg vedkomande Robek-situasjonen i Hareid kommune. Side 1 av 6
Formannskapet handsama PS 153/15 Formannskapet handsama PS 154/15 Formannskapet handsama PS 157/15 Formannskapet handsama PS 155/15 Formannskapet handsama PS 156/15 SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT Saksnr Tittel Arkivsaksnr Politiske saker PS 153/15 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 154/15 Godkjenning av protokoll førre møte PS 155/15 Bypakke Ålesund 2014/486 PS 156/15 Budsjettrevisjon - november 2015 2014/662 PS 157/15 Handlingsprogram 2016-2019 2015/1378 Hareid, 10.11.2015 Anders Riise ordførar Anne-Karete Mork utvalsekretær Side 2 av 6
POLITISKE SAKER PS 153/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Det var ingen merknad til innkalling. I tillegg til ordinær sakliste hadde Truls Håbakk FRP, fylgjande spørsmål: Har rådmannstillinga blitt utlyst enno? Rådmannen svara. Det mangla ei sak vedkomande ALV-Møre, som var handsama i LKU: Rådmannen svara. Spørsmål vedkomande ladestasjonar i Hareid kommune? Ordførar svara. Det vart drøfta uttak av opparbeidd ferie for rådmann Bent Arild Grytten. Innkalling og godkjent utan merknad. Saklista godkjent med merknad. PS 154/15 Godkjenning av protokoll førre møte Det var ingen merknad til protokollen frå møte 2.11.2015. Val av to medlemar til å signere protokollen frå førre møte: Ranja Dimmen Alme og Jeanette Teigene. Protokollen frå møte 2.11.2015 vart godkjent utan merknad. Ranja Dimmen Alme og Jeanette Teigene vart valt til å signere protokollen frå førre møte. Side 3 av 6
PS 155/15 Bypakke Ålesund Hareid formannskap fremja fylgjande forslag til uttale til Ålesund kommune, og syner til Ålesund formannskap sitt vedtak i sak PS 139/15. Hareid formannskap set pris på at nabokommunar til Ålesund denne gongen får moglegheit til å uttale seg i saka. Formannskapet har i møte 16.11.2015, PS 155/15 handsama Bypakke Ålesund, og sender fylgjande uttale: «Hareid formannskap ser positivt på endringar som har blitt gjort med bypakken, endringar som no skaper samanheng mellom opprusting av veg og innkrevjing av bompengar. Hareid formannskap har studert dei to skisserte alternativa, og kan samrøystes gje stønad til alternativ 1 i bypakken. Hareid formannskap kan ikkje under noko omstende gje stønad til alternativ 2. dette alternativet vil leggje alt av offentlege tilbod og institusjonar bak bomringen, og dei to bomstasjonane som er teikna inn på Blindheim og i Brusdalen bryt etter vårt syn kravet om «samanheng og nytte for innkrevjing av bompengar». Hareid formannskap ber Ålesund kommune ta med vår uttale i handsaming av saka i bystyremøte 3.12.2015 Uttale frå møte i formannskapet 16.11.2015: Hareid formannskap ser positivt på endringar som har blitt gjort med bypakken, endringar som no skaper samanheng mellom opprusting av veg og innkrevjing av bompengar. Hareid formannskap har studert dei to skisserte alternativa, og kan samrøystes gje stønad til alternativ 1 i bypakken. Hareid formannskap kan ikkje under noko omstende gje stønad til alternativ 2. dette alternativet vil leggje alt av offentlege tilbod og institusjonar bak bomringen, og dei to bomstasjonane som er teikna inn på Blindheim og i Brusdalen bryt etter vårt syn kravet om «samanheng og nytte for innkrevjing av bompengar». Hareid formannskap ber Ålesund kommune ta med vår uttale i handsaming av saka i bystyremøte 3.12.2015. Side 4 av 6
PS 156/15 Budsjettrevisjon - november 2015 Kommunestyret godkjenner endringane i driftsbudsjettet, slik dei ligg føre i tabellen «Budsjettskjema 1B». Kommunestyret godkjenner endringane i investeringsbudsjettet, slik dei ligg føre i tabellane «Budsjettskjema 2A» og «Budsjettskjema 2B». PS 157/15 Handlingsprogram 2016-2019 PS 157/15 vart handsama før PS 155/15. Rådmannen orienterte i saka og svara på spørsmål. Seniorrådgjevar Arne Gunnar Aschehoug orienterte. for oppvekst Trine Falkenstein orienterte om budsjettet for skular og barnehagar. Berit Aasen orienterte vedkomande budsjettet for velferd. Oddbjørn Grimstad orienterte vedkomande budsjettet for næring kultur og samfunnsutvikling. Nils Yngve Nupen orienterte vedkomande budsjettet for teknisk sektor. Formannskapet mottek Handlingsprogram 2016 2019 med vedlegg for orientering. Side 5 av 6
Anne-Karete Mork Utvalsekretær Anders Riise Ordførar Side 6 av 6