Årsplan for SFO. Nedstrand barne- og ungdomsskule 2019/20. Telefon sentralbord NBU: SFO-mobil

Like dokumenter
Leikande lett! Årsplan for STRAUMEN SFO

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Informasjon og kvalitetsplan

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sandeid skule SFO Årsplan

Årsplan for

Handlingsplan Lye SFO

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Bjørnehiet SFO - informasjon

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Plan for Liabygda SFO

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN GARNES SFO

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kvalitetsplan for SFO

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Definisjon og formål. Målsetjing

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Månadsbrev for Rosa september 2014

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Kvalitetsplan for SFO

KVALITETSPLAN FOR SFO DANVIK SKOLE

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Kvalitetsplan for SFO i Porsgrunn kommune

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tilbakeblikk på mars:

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule

Telenor Xtra FFO. Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

EIN LEIKANDE OG TRYGG OVERGANG BARNEHAGE - SKULE

Årsplan for skulefritidsordninga Vågstranda oppvekstsenter 2015/2016

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Transkript:

Årsplan for SFO Nedstrand barne- og ungdomsskule 2019/20 Telefon sentralbord NBU: 52 75 84 00 SFO-mobil 902 92 486 Årsplanen skal vere ein reiskap for personalet ved SFO. Han skal og informere dei føresette om mål, innhald og organisering. SFO lagar ein plan for kvar månad. Mål og verdigrunnlag Dei ulike SFO-avdelingane i Tysvær har same overordna visjon frå Kvalitetsplan: «Leikande lett». I dette omgrepet legg me: L-LEVANDE E-ELEVSENTRERT T-TILRETTELAGT T-TRYGT Denne visjonen og alle tankane rundt, skal vere med på å utvikle eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevane våre. Me vil og prøve å støtte skulen i arbeidet med å byggje opp under læringsprosessane der det er naturleg. Dei grunnleggande ferdigheitene skulen arbeider med, vil me og vektleggje i SFO. SFO-året er organisert i tema.

Hjarteleg velkommen til SFO på NBU! Me som jobbar på SFO er: Kårhild Søndenå (leiar) Kamilla Vaage Margrete Østebø Inga Øverland May Elin Tørresdal Info: Det er mogleg å nytte SFO frå skuleslutt til kl.15.30 eller frå skuleslutt til kl.16.30 alle dagar i veka. Det kostar kr.1976,-/2196,- pr barn i månaden. Sysken får 25% moderasjon. Skuleslutt: måndag kl.11.30, tysdag kl.14.15, onsdag kl.12.30, torsdag kl.14.15 og fredag kl.13.15 Praktisk: Alle barn blir tatt i mot etter skuleslutt. Dei vaksne registrerer borna inn og me informerer og snakkar om kva me skal gjere denne dagen. Me byrjar gjerne med roleg aktivitet og leik inne, eller gjer oss klar for uteaktivitetar. Turdagar blir i hovudsak lagt til måndag og onsdag, då skriv me beskjed på døra om kvar me er. Me har alltid med mobiltelefonen på tur. Måltider: Alle må ha med eigen matpakke til SFO, kvar dag. Me har alltid knekkebrød/frukt i reserve om nokon likevel skulle trengje det. Føresette betaler inn kr 200 i halvåret som går til innkjøp av frukt/grønt. Dette serverer me måndag og onsdag. Klede/byte: Me ynskjer at alle barn i SFO har med eit ekstra sett med klede slik at dei kan byte om det er nødvendig. Spesielle behov, melding om allergiar o.l. skal meldast på eige skjema. Kontakt info: Melding om fråvere eller andre opplysningar skal sendast via Visma på tlf. 19123049950050, på same måte som de sender til kontaktlærar. Treng føresette kontakt med personalet i SFO si opningstid, kan ein ringja eller sende sms til tlf. 90 29 24 86. Samarbeide Sfo/heim: Eit godt samarbeid mellom føresette og SFO er med på å gjera opphaldet trygt og positivt for borna. Å gi kvarandre god og nødvendig informasjon er viktig for eit godt samarbeid. Ansvaret for dette har både SFO og heimane. Om føresette ynskjer ein foreldresamtale, så legg me til rette for dette.

På vår SFO tyder «Leikande LETT» dette: LEVANDE Me legg vekt på at borna skal kjenne på glede, spenning og meistring. Stimulere til mest mogleg varierte aktivitetar, og gi borna høve til å utfalde seg. ELEVSENTRERT Alle borna skal bli sett og vere i fokus. Me gir borna høve for å vere med å bestemme og ha påverknad på korleis dei har det på SFO. TILRETTELAGT Me legg til rette både for fri-leik og organisert leik. Det er eit mål å få til mest mogleg varierte aktivitetar, tilpassa alder, nivå og interesser. Me brukar naturen i nærområdet aktivt så mykje me kan. TRYGT Me jobbar for å skape tryggleik og trivsel for borna, og me arbeider aktivt for å førebyggje mobbing. Barna skal oppleve tydelege og trygge vaksne som tar ansvar for kvaliteten i all samhandling. Me legg vekt på at dagen på SFO skal vera forutsigbar.

Satsingsområde Ut frå visjonen «Leikande LETT» har me utarbeidd fire område me satsar spesielt på i perioden planen varer. Desse er: Kultur & Kreativitet Sosial kompetanse Leik Fysisk aktivitet og Helse Kultur og kreativitet Mål: Alle barn i SFO skal få oppleve meistring og skaparglede gjennom å delta i kulturaktivitetar og få formidla eigen kultur vidare. På SFO vil me dette skuleåret leggje vekt på at borna skal blir godt kjent med lokal kultur og historie. Me vil bruke nærområdet aktivt til utflukter og hente inspirasjon til ulike formingsaktivitetar. Me vil og nytte oss av skulen sitt bibliotek for samlingar med aktuelle tema og til høgtlesing. Det er naturleg å følgje årstidene og markere høgtider, dette kan vere inspirasjon til ulike kunst- og kulturutrykk. Me motiverer borna til å prøve seg på ulike teknikkar i forming. Eksempel på aktivitetar kan vera besøk av kulturformidlarar, besøke Tveit Jordbrukskole, turar i skogen rundt klatreparken og grilling i utmark/grillhytte, eller ved sjøen. Lage mat av lokalt produserte matvarer, potetkaker, saft og syltetøy mm. Me kan og planleggje og gjennomføre ein lengre tur, t.d.til Stranda, og besøke museet der. Førskuleborn frå barnehagen blir invitert på besøk og me bidrar med underhaldning og mat. Me lagar til film-dag, og har aktivitet på musikkrommet. Elles sår og plantar me i blomsterkasser på uteområdet om våren.

Formingsaktiviteter: Male eller teikne bilete etter tema og lage utstilling. Lage kalender av eigne bilete. Finne ting i naturen og bruke dei til dekor/pynt. Byggje små hus/byar av steinar, pinnar og blad o.l. Bli kjent med og bruke verktøy som hammar og sag. Gi borna rom til å utfalde seg i fri fantasi, med farge og form i varierte teknikkar, som marmorering, potettrykk, glasmaling, plastilina, perling. Aktivitet med leire, lage skål eller figur. Jobbe med garn/tråd, fingerhekling, veving og toving. Sosial kompetanse Mål: Alle born i SFO skal oppleve omsorg, trivsel og tryggleik som støttar og fremjar deira utvikling av sosial kompetanse. På SFO vil me gi borna moglegheit til å utvikle sosiale ferdigheiter og la dei trene på å ta eigne val. Borna skal oppleve mestring gjennom leik og aktivitet saman med andre. Vise omsorg og respekt for andre vil vere i fokus, og å rettleie barna i dette. Barna skal også møte det same verdisynet og dei same grunnhaldningane i SFO som på skulen elles. Personalet vil rettleie og hjelpe borna i å løyse konfliktar som oppstår, og hjelpe born som synest det er vanskeleg å kome i gong med leik. Eksempel på aktiviteter: Trene på bordskikk og felles regler og normer. Halde fram med dei gode rutinane me har for innmelding og henting av borna. Vi vaksne vil vere rollemodellar for borna og vise eit positivt samspel med føresette og skule. Oppmoda borna til sjølv å ta ansvar for orden i garderoben, kle seg etter veret og planlegge uteleik eller turar. Snakke om kjensler, øve oss på å settje ord på desse og utrykke dei på ein god måte. Leggje til rette for rolleleik som butikk, kafé og liknande, hjelpe til med å skaffe inspirerande rekvisittar. Ha eit variert utval av leiker og brettspel tilgjengeleg. Ta borna med i planlegging av aktiviteter og gi rom for idear, forslag og spontanitet.

Leik Mål: Alle born i SFO skal oppleve glede i leik og læring ved å kunne utfalde seg i fri og organisert leik. På SFO vil me ta på alvor at naturen er ein genuin leikeplass. Han gir borna moglegheit til å utforske nærområda og leike saman. Naturen kan stresse oss ned og samtidig inspirere oss til å vera kreative. Me vil og legge til rette for eit variert tilbod av aktivitetar inne, og personalet i SFO vil observere og rettleie borna i leiken både ute- og inne. Dagsplanen skal vere så fleksibel at det ikkje blir unødige avbrot i borna sin leik. Eksempel på aktiviteter: Borna kan velje mellom ulike tilbod ute: Leik i ballbingen, eller leikeplasser i nærområdet, sandkasse, fotballbane, tennisbane, symjehall og besøke Tveit Jordbrukskole. I tillegg har me eit flott turområde me nyttar mykje, med grillhytte nær barnehagen, og gapahuk i Tveitskogen og friområdet ved sjø og vatn. Inne har me leik med Lego, bilar, brettspel, perling, teikning og maling, bruke pc og ipad, spele dokketeater, eller lage ting av ulike materialar. Me kan bruke gymsalen til ballspel og leik eller til musikk, dans og rørsle og biblioteket til høgtlesing eller boklån.

Fysisk aktivitet og helse Mål: Alle born i SFO skal oppleve glede og meistring i fysisk aktivitet og friluftsliv På SFO vil me legge til rette for at borna skal få bruke vere fysisk aktive både ute og inne. Me vil bruke både skulen og nærmiljøet, både ute og inne, for mest mogleg varierte fysiske aktivitetar. Me vaksne vil vere gode rollemodellar når gjeld aktivitet og kosthald. Eksempel på aktivitetar: Leik og ballspel i gymsal. Me drar på turar alle i saman, eller deler oss i to grupper. På turdagar et me ute. Me bruker uteområda aktivt til frileik dagleg og har i tillegg varierte, meir finmotoriske aktiviteter inne. Måltida skal vere gode opplevingar. Det er ofte når borna sit ved bordet at me får samla oss til den gode praten. Det er faste rutinar for handvask før måltida, og for orden i byttekler i garderoben. Borna skal og lære å rydde opp etter seg, ta omsyn til og hjelpe kvarandre.