GJETARHUND EIT HJELPEMIDDEL FOR SMÅ- OG STORE SAUEBØNDER ÅRSMØTE 2018 MØRE OG ROMSDAL SAU OG GEIT MØRE OG ROMSDAL GJETARHUNDLAG
Merethe Hellevik Leiar i MRGL Gardsbruk på Lepsøya 65 NKS lammesøyer 3 border collier Aktiv med gjetarhund sidan 2001
Ein kar sa ein gong: -Ein godt trena gjetarhund kan gjere 10 mann s arbeid, medan ein utrena lager 10 mann s arbeid.. I fylket er gjetarhundarbeidet organisert slik: På fylkes nivå MRGL (Møre & Romsdal Gjetarhundlag) og som videre er underlagt MRSG Heimeside: www.mrgl.no På lokalt plan - 4 gjetarhundlag Høgt kunnskapsnivå i laga!
4 lokallag: Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag v/jostein Røyset Indre Sunnmøre Gjetarhundlag v/andor Bjørke Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag v/anne Katrin Melle Midtre Møre Gjetarhundlag v/anne Iversen
Gjetarhunden er til hjelp både i det daglige arbeidet og til sankinga om hausten. «Kva muligheiter har ein, om ein skulle ha skaffa seg ein slik?» I hovudsak er det 2 muligheter: - Ein kan kjøpe seg ein kvalp - Eller kjøpe seg ein trent gjetarhund Kva betyr dette? Er du nybegynner med gjetarhund kan det beste valet vere å kjøpe ein «ferdig trena» hund,men ein må legge arbeid ned i eigen trening vidare om dette skal bli ein suksess.
KORLEIS SKAL EIN GÅ FRAM? Bestemmer ein seg for å kjøpa ein kvalp, finns det fleire oppdrettarar rundtom, både i fylket og landet ellers. Økonomisk er det den rimeligste varianten. I tillegg har ein meir muligheit til å forme hunden sjølv. Men veien fram til å få ein ferdig trena gjetarhund med godkjent bruksprov kan verte lang. Før du kjøper kvalp er det lurt å fylgje NSG sine krav til hundar brukte i avl:
Begge foreldra skal ha godkjent bruksprov Begge foreldra skal ha godt lynne og vere fri for eksteriørlyter Begge foreldra skal vere registrert i NKK Begge foreldra skal vere friske
Kjøp frå ein seriøs oppdrettar som tilbyr deg hjelp til å få starta kvalpen på sau
Ein finn mange ulike trinn av kor langt gjetarhunden er trena, fram mot det ein kan kalle ferdig trena gjetarhund! Lokal kunnskap om gjetarhund gir deg ei større muligheit til å lykkast, om du ynskjer å kome i gang med gjetarhund Meld deg inn i eit lokallag, der får du tilbod om kurs og kan delta på faste treningskveldar Godt sosialt samvær og trening med likesinna gir framgong!
Eit mål ein bør ha er å få godkjent bruksprov. Det vil seie at ekvipasjen har fullført grunntrening, og oppnådd 60 poeng eller meir på ei gjetarhundprøve i regi av NSG.
Oppsummerte aktiviteter i 2018 for fylkeslaget i Gjetarhund - MRGL, for alle fire lokallaga: Antal bruksprov i 2018: 16 stk Antal kurs i Møre og Romsdal 2018: 8 Antal deltakarar på kurs 2018: 62 stk Antal startande på fylkesmeisterskapet 2018: 22 stk Antal treningar i fylket 2018: 100+ MRGL har 18 godkjende instruktører, derav 3 nye i løpet av 2018 MRGL har 2 godkjende dommarar, og 2 aspirantar (på veg) Etter ynskje frå MRSG vart MRGL stifta i 2009. Ein såg snart og viktigheita av at dette arbeidet vart gjort openlyst for alle som dreiv med gjetarhund og heimesida www.mrgl.no vart laga.
Krav for å verte instruktør: Medlem i NSG Vere føreslegen av fylkeslag eller lokallag Villig til å vera aktiv instruktør og vidareutvikle seg gjennom oppdateringskurs hjå fylka Ha trena sin eigen hund til godkjent prøve i klasse 2
Krav for å verte dommaraspirant: Vedkomande har godkjent klasse-3 prøve Godkjent NSG-instruktør Villig til å dømme gjetarhundprøver Vere føreslått av gjetarhundlag/nemnd
Gjetarhunden -ein god turkompis i tillegg til ein trufast arbeidskamerat!
Video fra England, med demonstrasjon av gjetarhund