Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 12:00-14:00

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl.

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Anniken Rygg H Ingen

Kvalitetsreforma for eldre. «Leve hele livet»

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide - formannskapssalen Dato: Tid: Kl.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

Medverknad og samskaping i lys av universell utforming. Leve hele livet

Leve hele livet Kartleggingsskjema

Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre. Forslag til kommunenes kartlegging

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Formannskapssal AUST Dato Tid Kl. 12:15-13:40

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide - formannskapssalen Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad Formannskapssal VEST Dato Tid Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Leve hele livet En kvalitetsreform for eldre. Statssekretær Anne Helene Bramo

Meld.St.15 ( ) Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre

Leve hele livet En kvalitetsreform for eldre. Statssekretær Anne Helene Bramo

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 12:00-14:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Leve hele livet En kvalitetsreform for eldre. Statssekretær Anne Helene Bramo Møte med eldrerådene

Leve hele livet En kvalitetsreform for eldre. Statssekretær Anne Helene Bramo

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Frivilligpolitisk plattform

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal Kristin Sandal Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Leve hele livet En kvalitetsreform for eldre. Line Miriam Sandberg

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

MØTEPROTOKOLL. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl.

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

PROTOKOLL. medlem medlem medlem medlem. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset Saksnr.: 001/11-004/11

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-14:30. Følgjande medlemar møtte. Arnfinn Jørgen Brekke

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Jølster kommune Saksutgreiing

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 15:00

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Kvardagsrehabilitering og Velferdsteknologi

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Innkalling til Flora eldreråd

Austevoll kommune. Møteprotokoll Eldrerådet

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Transkript:

Gloppen kommune Utval Eldrerådet Møtestad Gloppen heradshus Dato 30.08.2018 Tid Kl. 12:00-14:00 Møtebok Følgjande medlemar møtte Olav Moritsgård Maria Lundestad Hans Myklebust Olav Felde Egil Holme Arnfinn Jørgen Brekke Arnar Hans Kvernevik Frå KRF AP Møteleiar: Olav Moritsgård Underskrift:

Sakliste Sak nr. Sakstittel 018/18 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 019/18 Referat og orienteringssaker 020/18 Orientering - Stortingsmelding nr 15 (2017-2018) - Leve hele livet 021/18 Oppretting av brukarutval i helse- og omsorgssektoren 022/18 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2019-2022 Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 18/9452 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 018/18 Eldrerådet 30.08.2018 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 29.05.2018 Protokoll - Eldrerådet - 28.05.2018 Utvalsleiar si tilråding: 1. Eldrerådet godkjenner møteprotokollen frå sitt møte den 28.05.2018 2. Eldrerådet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 30.08.2018 Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber rådssleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Eldrerådet 30.08.2018 Behandling ELD- 018/18 Vedtak 1. Eldrerådet godkjenner møteprotokollen frå sitt møte den 28.05.2018 2. Eldrerådet godkjenner innkalling og saksliste til dette møtet. Vedtaket var samrøystes. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 18/11105 Saksbehandlar: Beate Kornberg Saksnr. Utval Møtedato 019/18 Eldrerådet 30.08.2018 Referat og orienteringssaker Eldrerådet tek sakene til orientering. Orienteringssaker: 1. Invitasjon til fellesmøte for eldreråda i Nordfjord 20. sept. 2018 2. Innkomne svar på utsendt brev etter forrige møte. 3. Gjennomført kartlegging av universell utforming i Sandane sentrum (registrert i norgeskart.no) 4. Presentasjon av ny helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad 5. Gloppen kommune har fått 300.000,- kr til prosjektet - Rehabilitering og habilitering. Ordet fritt... Eldrerådet 30.08.2018 Behandling ELD- 019/18 Vedtak 1. Hans Myklebust, Egil Holme og Olav Moritsgård vil representere eldrerådet på fellesmøte for Nordfjord. 2. Eldrerådet tek sakene til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 4

Gloppen kommune Arkiv: FA - G0, HIST - 11/1558 JournalpostID: 18/10196 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Eldrerådet 30.08.2018 028/18 Helse- og omsorgsutvalet 05.09.2018 Orientering - Stortingsmelding nr 15 (2017-2018) - Leve hele livet Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Helse- og omsorgsutvalet ba i møtet 30.05.2018 om ei orientering om innhaldet i Stortingsmelding nr 15 (2017 2018) Leve hele livet. Dette er ei kvalitetsreform med mål om at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet. Reforma omhandlar dei grunnleggande forholda som oftast sviktar i tilbodet til eldre: mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene. Målgruppa er eldre over 65 år, både dei som bur på institusjon og heime. Målet er gode kvardagar også når helsa sviktar og det offentlege skal inn med eit omsorgstilbod. Leve hele livet har fem innsatsområde. Under kvart av områda er det beskrive fem forslag til løysingar som bygger på lokale gode eksempel frå rundt om i landet. Satsingane er; eit aldersvennleg Norge, aktivitet og fellesskap, mat og måltider, helsehjelp og samanheng i tenestene Eit aldersvennleg Norge innber å skape eit aldersvennleg samfunn. Dei eldre vert utfordra på å planlegge eigen alderdom. I det ligg det å tilrettelegge eigen bustad, vere aktiv og sosial. Kommunen skal involvere eldre i planlegging og utforming av nærmiljøet. Norge knyter seg til Verdens helseorganisasjon sitt globale nettverk for aldersvennlege byar og kommunar. Det nasjonale nettverket inviterer til ei partnarskapsordning for institusjonar, organisasjonsliv, utdanning, forsking og næringsliv med sikte på å skape meir aldersvennlige institusjonar og bedrifter. Fokus på seniorressursen for å auke innsatsen i frivillig arbeid. Aktivitet og fellesskap har fokus på å ta i vare eldre sine forhold til familie, venner, sosialt nettverk og skape gode opplevingar og møter på tvers av generasjonar. Gode opplevingar med minst ein time aktivitet dagleg med bakgrunn i eigne interesser, ynskjer og behov. Den enkelte sitt behov for tru- og livssynsutøving og behov for samtaler om eksistensielle spørsmål skal ivaretakast. Skape generasjonsmøte ved å etablere møteplassar mellom unge og eldre i dagleglivet og ved å organisere aktivitet på tvers av generasjonar. Vurdere å opprette ein funksjon som samfunnskontakt, som kan vere bindeledd og Side 5

koordinator mot nærmiljø, familie og pårørande, frivillige og andre i lokalsamfunnet. Sambruk og samlokalisering av til dømes omsorgssenter og lokalmiljø for å skape aktivitet, møtepunkt og god ressursutnytting. Mat og måltider for å skape gode måltidsopplevingar og redusere underernæring. Fokus på det gode måltidet som består av næringsrik mat som ser god ut, luktar og smakar godt. Det skal tilpassast den enkelte og serverast i ein hyggeleg ramme. Tilpasse måltida gjennom døgnet for best mogleg ernæring. Størst mogleg valfridom og variasjon kring måltida. Systematisk ernæringsarbeid i tenestene for å unngå under- og feilernæring. Alle kommunar bør ha kjøkken- og matfaglig kompetanse i helse- og omsorgstenesta uavhengig av kvar maten vert produsert. Helsehjelp innber rett og god hjelp til rett tid. Fokus på kvardagsmeistring slik at dei eldre klarar seg sjølv i størst mogleg grad. Kvardags-rehabilitering og velferdsteknologi er døme. Proaktive tenester og tidleg innsats før alvorleg sjukdom utviklar seg. Dette kan gjerast gjennom systematisk identifikasjon, førbyggande heimebesøk m.m. Målretta bruk av fysisk trening. Eldre bør få tilbod om fysisk trening og aktivitet som førebyggande, behandlande og rehabiliterande tiltak. Fokus på miljøbehandling kan auke meistring og velvære, skape nye moglegheiter for kommunikasjon, dempe angst og uro og redusere unødig legemiddelbruk hjå eldre. Systematisk kartlegging og oppfølging for å fange opp teikn på utvikling av sjukdom, funksjonstap eller problem både hjå eldre som bur heime og på sjukeheim. Utvikle og bruke tilsette sin kompetanse i systematisk kartlegging, observasjon og oppfølging. Samanheng skape eit meir samanhengande tenestetilbod til eldre og deira pårørande. Ei meir personsentrert tilnærming i utforming av tenestetilbodet til den enkelte. Kartlegge den enkelte sine behov, utforme individuell plan og jamnlege samtalar med brukar og pårørande. Avlastning og støtte til pårørande og anerkjenning av innsatsen deira. Løysningar som kan bidra til at den enkelte og deira pårørande får færre å forholde seg til, og oppleve auka tryggleik og kontinuitet i tjenestetilbodet. Ulik organisering er foreslått. Betre pasientforløp og overgangar mellom heimen og sjukeheim. Planlagde overgangar mellom kommunar og sjukehus. Regjeringa legg opp til ein prosess der kommunestyra behandlar og vedtek korleis løysingane i reforma kan innførast. Kommunar som omstiller seg i tråd med reforma vil verte prioritert innanfor relevante eksisterande og eventuelle nye øyremerka ordningar. Reformperioden vil starte 1. januar 2019 og vare i fem år med ulike fasar for planlegging, gjennomføring og evaluering. Reforma legg ikkje opp til at kommunane vert pålagt nye krav eller oppgåver som medfører auka utgifter. Regjeringa meiner at fleire av løysningane kan tvert imot bidra til betre og meir effektive tenester og eit mindre omfattande tenestebehov hjå dei eldre på sikt. Reforma skal i hovudsak dekkast av kommunen sine frie inntekter. Rådmannen si vurdering Mange som arbeider i helse- og omsorgstenestene i dag vil nok oppleve at dette er ein omtale av grunnleggande måtar og metodikk som dei har arbeidd etter i mange år. Dette er ikkje nye måtar å Side 6

nærme seg utfordringane på, men det er sjølvsagt bra med eit ekstra fokus på kor viktig det er å arbeide slik det er omtala. I Gloppen kommune har vi på mange område vore i forkant av denne reforma. Vi har gjennom utviklingsarbeid og prosjekt i sektoren arbeidd systematisk med mange av utfordringane som er omtala. Helse- og omsorgsplanen for 2018-2030 inneheld strategiar og satsingar som er i tråd med føringane i denne stortingsmeldinga. Under tiltak omtalar vi planar for å utvikle tenestene som vil vere løysingar på mange av satsingsområda i stortingsmeldinga. I denne stortingsmeldinga er kvalitet i fokus og behovet for ressursar for å løyse utfordingane er i mindre grad omtala. Det vil utan tvil også verte store behov for auka ressursar i form av kroner og personell til sektoren. Utfordringane vi står framfor i eldreomsorga vedkjem det meste av den kommunale forvaltninga. Rådmannen ynskjer å trekke fram også arealplanlegginga. Regjeringa peikar på ansvaret til den enkelte for å tilrettelegge eigen bustad. Vi må derfor hugse på kva vi har sagt og vedteke både i den bustadpolitiske planen og i helse- og omsorgsplanen om bygging og tilrettelegging av bustader i sentruma i kommunen. Særleg er dette aktuelt no når områdereguleringsplanen for Sandane er under arbeid. Tilrettelagde bustader i sentruma våre er ein absolutt føresetnad for å kunne løyse eldreomsorga i framtida. --- Rådmannen meiner alt i alt at kommunestyret allereie har gjort vedtak om korleis løysingane i reforma kan innførast på mange av områda. Vidare skal helse- og omsorgsplan for 2018-2030 rullerast jamleg, og vi vil då kunne innarbeide nye tiltak og satsingar for å imøtekome utfordringane i Stortingsmelding nr 15 Leve hele livet. Eldrerådet 30.08.2018 Behandling ELD- 020/18 Vedtak Eldrerådet tek saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 7

Gloppen kommune Arkiv: JournalpostID: 18/10195 Saksbehandlar: Anita Lothe Saksnr. Utval Møtedato 021/18 Eldrerådet 30.08.2018 021/18 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 30.08.2018 030/18 Helse- og omsorgsutvalet 05.09.2018 Oppretting av brukarutval i helse- og omsorgssektoren Rådmannen si tilråding Helse- og omsorgsutvalet rår til at ein prøver ut ordninga med lokale brukarutval i tråd med innhaldet i denne saksutgreiinga. Saksutgreiing Fakta i saka Helse- og omsorgsutvalet ba i møtet 30.05.2018 rådmannen legge fram ei sak om oppretting av brukarutval og forslag til retningslinjer for slike utval. I helse- og omsorgsplan 2018-2030 er samarbeid med brukarar og pårørande løfta fram som eit satsingsområde. Eitt av tiltaka er å utgreie om det er aktuelt å etablere brukarutval i sektoren. Brukarmedverknad i tenestene er ein lovfesta rett og inneber at tenestemottakaren blir sett på som ein likeverdig part i diskusjonar og beslutningar som vedkjem han eller ho. Samarbeid kan vere både på system- og indvidnivå. På systemnivå har vi i kommunen dei kommunale råda som er sett saman av brukarrepresentantar, politikarar og tilsette frå administrasjon. I enkeltsaker samarbeider vi med brukarar og pårørande. Forslaget om brukarutval skal stette behovet for samarbeid på systemnivå, men knytt til lokale einingar. I fyrste omgang forslår rådmannen å prøve ut ordninga i dei heildøgnsbemanna omsorgsbustadene på Gotatoppen og Oreteigen. Det kan også vere aktuelt i bukollektiva på Sandane, Breim og Hyen. Formålet med brukarutval vil vere å: sikre god dialog og informasjon mellom brukarar, tilsette og leiing i aktuell eining fremje pasientar/brukarar og deira pårørande sine høve til å medverke ved planlegging og utøving av tenestetilbodet initiere utviklingsarbeid og tiltak for kvalitetsarbeid i eininga ha ein rådgjevande funksjon i saker av felles karakter saker som gjeld tenestetilbodet til enkeltbrukarar og personalsaker skal ikkje behandlast i utvala. Brukarutvalet skal bestå av: 2-3 representantar frå bebuarane i aktuell eining. Dette kan vere brukar eller pårørande. 2 tilsette og einingsleiar i aktuell eining. Side 8

Rekruttering av representantar: Informasjon om brukarutval skal gjevast ved innflytting i omsorgsbustadene. Brukar eller pårørande som er interesserte i å delta, melder si interesse til einingsleiar. Dersom fleire er interessert vil einingsleiar i dialog med desse finne representantar. Dei tilsette vel to av sine til å representere i utvalet. Møtestruktur: Einingsleiar er sekretariat for brukarutvalet. Leiar kallar inn, lagar sakliste og skriv referat. Saker skal meldast til sekretariatet seinast to veker før møtet. Brukarutvalet skal ha minimum 2 møter kvart år. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen, då rådmannen føreset at dei tilsette utfører dette innan for arbeidstida og at brukar eller pårørande deltek utan økonomisk kompensasjon. Rådmannen si vurdering Vi har tidlegare har brukarutval i sektoren som vart lite brukt. Vi hadde då eit felles utval for institusjon og heimetenester. Tilbakemeldingane var at brukarrepresentantane fekk svært få henvendingar, og vi valde å legge ned utvalet. Planen for utvala i denne omgong er å lage «meir lokale» utval. Dette kan kanskje skape eit større engasjement enn ved førre utvalsstruktur. Det vil vere positivt å få med brukarane i samarbeid om å utvikle tenestene i einingane. Dei har perspektiv og erfaringar som er viktig å ha med i planlegging og utvikling. På den måten kvalitetssikrar vi at dette er i tråd med brukarane sine behov og ynskjer. Dette vil truleg vere av stor betydning for opplevd kvalitet på tenestene dei mottek. Eldrerådet 30.08.2018 Behandling ELD- 021/18 Vedtak Eldrerådet tek taka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 9

Gloppen kommune Arkiv: FE - 141 JournalpostID: 18/10122 Saksbehandlar: Åslaug Haugset Saksnr. Utval Møtedato 022/18 Eldrerådet 30.08.2018 022/18 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 30.08.2018 087/18 MULTEK-utvalet 06.09.2018 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2019-2022 Vedlegg i saka: 23.08.2018 Høyringsutkast - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2019-2022 23.08.2018 Turløyper i Gloppen, nasjonal standard Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet legg høyringsutkastet til «Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2019-2022» ut på høyring med 22. oktober 2018 som høyringsfrist. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Gjeldande kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet gjekk ut i 2017, men vart forlenga av kommunestyret til å gjelde ut 2018. Planen er no revidert i samsvar med både plan- og bygningslova og planstrategi for Gloppen kommune. Kulturdepartementet set krav om eigne kommunedelplanar for anlegg og område for idrett og friluftsliv for å kunne søkje om spelemidlar. Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet skal sikre at ei grundig vurdering av langsiktige behov opp i mot samfunnsmessige og idrettspolitiske mål ligg til grunn for anleggsutbygginga. Fakta i saka Arbeidsgruppa for planen har bestått av representantar frå Midtre Nordfjord Turlag, Gloppen Idrettsråd, ungdomsrådet, Gloppen Aktiv og kommuneadministrasjonen. Planen bygger mellom anna på innspel frå to innspelsmøte som vart arrangert 22. mai 2018. I etterkant av innspelsmøta vart det opna for å sende inn forslag til planen, med frist 1. juli. Relevante innspel til arealdelen i kommuneplanen er også teke med i arbeidet med denne planen. Til saman har det kome om lag 125 innspel. I planprogrammet står det at det skal leggjast til rette for medverknad frå elevar ved Gloppen opplæringssenter innanfor delar av planen. Dette vil bli gjort i høyringsperioden. Første kapittel i planen omhandlar planprosessen og inneheld føremål med planen og relevante definisjonar. Kapittel 2 sett i samanheng med andre kommunale planar, samt nasjonale og fylkeskommunale føringar. Kapittel 3 tek føre seg trendar og utfordringar innen fysisk aktivitet blant barn og vaksne i Gloppen, og ser på sosiale og kulturelle skilnader. Kapittel 4 er ei oversikt over anlegg i Gloppen og samtidig ei resultatvurdering av førre plan. Kapittel 5-7 er behovsvurderingar og sett mål for satsinga på idrett, friluftsliv og anna fysisk aktivitet. Kapittel 8 presenterer tiltak, og kapittel 9 tek føre seg anleggsutvikling. Side 10

Det prioriterte handlingsprogrammet for anleggsutvikling som høyrer til planen rullerast no årleg. Det er frist for å sende inn søknad til kommunen 15. november, derfor er ikkje handlingsprogrammet klart no. Dette vil bli lagt fram for MULTEK-utvalet og kommunestyret i desember, slik det har vore gjort dei seinare åra. I kap. 9.3 «Nye anlegg - uprioritert liste med eit 12-årsperspektiv» er dei anlegga det allereie er klart at kjem til å stå på den prioriterte lista merka av. Det er ikkje krav om at anlegg som skal inn i handlingsprogrammet må stå i langsiktig del i planen, men all anleggsutvikling må sjåast opp i mot behovsvurderingane i planen. Økonomiske konsekvensar for kommunen Eventuelle økonomiske konsekvensar knytt til tiltak i planen må innarbeidast i økonomiplanen. Planen slår fast at Gloppen kommune er positive til å gi lånegaranti til idrettslag i samband med anleggsutvikling. Dette vil føre med seg ein viss rissiko, og kvar søknad vil bli vurdert individuelt. I planen står det og at kommunen som hovudregel ikkje vil forskotere spelemidlar i denne planperioden, grunna tunge investeringar på andre felt. Rådmannen si vurdering Samfunnsdelen i kommuneplanen løfter fram samarbeid som avgjerande for å ta posisjonen «Ein rikare kvardag midt i verda» og nå dei måla vi har sett for gloppesamfunnet fram mot 2030. «Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2019-2022», og innspelsmøta som vart arrangert i mai, er skritt på vegen mot eit tettare samarbeid mellom Gloppen kommune og andre aktørar når det gjeld fysisk aktivitet, også på andre felt enn fysisk tilrettelegging. Det har kome positive tilbakemeldingar på innspelsmøta, og dei resulterte i mange gode innspel. Mange av tiltaka som er føreslått krev eit langsiktig samarbeid mellom ulike aktørar. Neste gong planen skal reviderast bør innspelsmøta kome tidlegare i prosessen, slik at det blir meir tid til etterarbeid og forankring. Innspela har peika på mykje som det kan gripast fatt i, både av enkeltaktørar og i samarbeid mellom ulike aktørar. Sjølv om ikkje alt er omtalt i denne planen, betyr ikkje det at innspela er forkasta. Til dømes vil innspel som idretten kan gripe fatt i vil bli sendt til idrettsrådet. Tiltaka i høyringsutkastet er avgrensa til tiltak det er realistisk å gjennomføre i planperioden. Nokre heng tett saman med tiltak i helse- og omsorgsplanen som vart vedtatt tidlegare i år. Klarer vi å samarbeide om å gjennomføre tiltaka i denne planen, kan erfaringane med det gjere oss meir offensive neste gong planen skal reviderast. Planen peikar på nokre utfordringar vi har, til dømes når det gjeld overvekt blant unge, aktiv transport og sosiale og kulturelle skilnader. Planen kjem ikkje med konkrete tiltak som åleine vil løyse utfordringane, men peikar på at areaner for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er viktige med tanke på inkludering og haldningsskapande arbeid. Når det gjeld anleggsutvikling, blir det presisert at initiativ og dugnadsvilje frå brukarar og nærmiljø er avgjerande for å få realisert anlegg. Rådmannen håpar på mange gode innspel i høyringsperioden. Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er ein viktig plan for Gloppen fordi den utløyser store økonomiske ressurser til Gloppesamfunnet gjennom spelemiddelordninga. Det er derfor viktig å ha ein godkjent plan. Rådmannen vurderer det slik at når det prioriterte handlingsprogrammet også ligg ved planen, er plankrava frå kulturdepartementet oppfylt. Eldrerådet 30.08.2018 Behandling ELD- 022/18 Vedtak Side 11

Eldrerådet tek saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 12