NOTAT OPPDRAG Rullering av arealdelen til kommuneplanen DOKUMENTKODE 10206815-TVF-NOT-001 EMNE TILGJENGELIGHET Open OPPDRAGSGIVER Sund kommune OPPDRAGSLEDER Lise Marie Laskemoen SAKSBEHANDLER ANSVARLIG ENHET Øyvind Skaar 10233052 Samferdsel og Infrastruktur Vest - Stord 1 bakgrunn I samband med rullering av arealdelen til kommuneplanen, ynskjer Sund kommune å vurdera nye areal for sjøbasert næring. Multiconsult har gjennomført ei overordna GIS-analyse basert på eigenutvikla metode, for å finna område som kan setjast av til akvakultur. Arbeidet er organisert som ei interesseavklaring mellom akvakultur og andre bruks- og verneinteresser på eit overordna nivå. Vekting av temadata er gjort med utgangspunkt i akvakultur generelt, altså ikkje med spesiell fokus på laks og regnbogeaure. Når det gjeld interesseavklaring og konsekvensutgreiing på kommunalt nivå, er det akvakultur som føremål ein skal utgreia. Uavhengig av dette må det søkast om konsesjon på vanleg måte for akvakulturlokalitetar. Ein slik konsesjonssøknad vert sendt for uttale til både Fiskeridirektoratet, Fylkesmann, Kystverket, Mattilsynet og til den aktuelle kommune. Temadataa er delt inn i følgjande fem kategoriar: - Akvakultur - Sjøtransport og maritim næring - Fiskeri og annan næring - Naturgrunnlag i sjø - Friluftsliv, landskap, kulturminne og kulturmiljø For kvart tema er sjøområda delt inn i tre kategoriar, som er definert på følgjande måte: Raud kategori: Akvakultur er ikkje foreinleg med andre bruks- og verneinteresser. I desse områda er andre interesser prioritert føre akvakultur. Gul kategori: Akvakultur kan vera aktuelt i desse områda ut frå vurderingar knytt til lokale tilhøve. I desse områda er det registrerte interesser, men prioritering mellom desse og akvakultur er ikkje endeleg klarlagt. Avklaring mellom sektorinteresser og akvakultur må gjennomførast som del av kommuneplanen sin arealdel, eller søknad om ny/endra lokalitet. Grøn kategori: Det er ikkje registrerte bruks- eller verneinteresser i området, og etablering av akvakultur kan difor vera mogleg. Områda må sjåast i samanheng med anna arealforvaltning i kommuneplanen sin arealdel. Det må påpeikast at avklaringane knytt til konfliktpotensialet gjeld arealbruken åleine, og ikkje påverknad i form av eventuelle utslepp frå oppdrettsanlegg. 01 26.04.19 Utviding av kapittel 1, inkl. presisering om eignaheit og moglegheitar Øyvind Skaar Torunn Åsheim Torunn Åsheim REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV MULTICONSULT Kunnskapshuset, Sæ 132 5417 Stord Tlf 53 01 36 00 NO 918 836 519 MVA
Eignaheit og ulike driftsformer Med utgangspunkt i eit sterkt politisk ønskje om å leggja til rette for akvakulturnæringa gjennom å opna for fleire anlegg i sjø, har kommunen og fylket si næringsavdeling kome med innspel på at metoden som er nytta, i for stor grad prioriterer akvakultur nedst på lista, etter alle dei andre temaa. I innspelet vart det stilla spørsmål om ein heller kan starta med å vurdera kva område som er eigna for akvakultur, for deretter å sjå på arealkonfliktar i høve til dei ulike deltemaa. Ein slik metode vil i utgangspunktet vere ønskjeleg dersom ein vil leggja til rette for fleire anlegg i sjø, men det er fleire faktorar som gjer det vanskeleg å definere kva område som eignar seg godt til akvakultur. I ein diskusjon om eit område er eigna for akvakultur bør ein minimum ha data på djupnetilhøve, og tilgjengelege straummålingar. Straummålingar vert vanlegvis berre gjort i samband med søknad om etablering av ein bestemt lokalitet, med andre ord tilknytt allereie eksisterande eller planlagde anlegg. Det er elles ingen tilgjengelege datasett for straum som dekker heile kommunen. Djupnedata ligg tilgjengeleg på nett, men som følgje av forsvarsinteresser er oppløysinga avgrensa til 50 x 50 meter. For å få meir nøyaktige data, må det søkjast til Forsvaret. Ein har altså ikkje dei data tilgjengeleg som ein bør ha for å seie noko om eit område er eigna til akvakultur. Vurderingane kan då berre bygga på det faktiske plassbehovet eit anlegg har, opp mot vindtilhøve og eksponering, og konfliktar med andre temadata. Vidare vil ein metode der ein først definerer aktuelle område for akvakultur, og så ser på arealkonflikt mot andre temadata, ikkje skilja seg i særleg grad frå det som er lagt til grunn i denne analysen. Ein vil framleis få dei same arealkonfliktane, og soleis er spørsmålet om korleis ein skal vekta dei ulike dataane ein viktigare diskusjon. Vektinga som er lagt til grunn i denne analysen, byggjer på arbeid som er gjort mellom anna i utarbeidinga av regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger, og legg til grunn dialog med dei ulike dataeigarar. Ei anna vekting vil kunne vere mogleg, men då må ein argumentera for kvifor denne er valt. I diskusjonen om eignaheit dukkar og ulike driftsformer innan akvakulturnæringa opp. Utviklinga i næringa er stor, og det vert gjort forsøk med og forsking på lukka eller delvis lukka anlegg, ulike typar tare- og skjelanlegg, og meir robuste havanlegg som kan liggja i det opne havgapet. På kommuneplannivå er det arealavklaringar som skal gjerast, og det er ikkje vanleg å leggja klare avgrensingar på kva type anlegg ein opnar for i dei ulike områda avsett til akvakultur. Samstundes er dette noko ein bør vurdere å sjå nærare på, då ulike typar anlegg har forskjellige moglegheitar med omsyn til plassering. Til dømes kan eit lukka anlegg i teorien liggja tettare på eksisterande anlegg, og på stader der eit tradisjonelt ope anlegg ikkje ville vore aktuelt. Det same gjeld for skjeleller tareanlegg, som i større grad kan plasserast tett på andre anlegg, medan havanlegg kan etablerast i opne sjøområde, der det elles ikkje er mogleg med andre typar anlegg. Datagrunnlag og usikkerheit Det er nytta eksisterande datagrunnlag som bakgrunn for dei fleste temakarta. Vekting av dei ulike datasetta er gjort basert på samarbeid med dataeigarar i tidlegare prosjekt, mellom anna for Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2018, og er ein kombinasjon av allereie registrerte verdisettingsparametrar og nye verdisettingar. Vektinga av dei ulike datasetta er gjort greie for under kvart hovudtema. Nokre datasett kan vera mangelfulle eller utdaterte. I dei tilfella der me er kjent med at eit datasett er ufullstendig eller har behov for oppdatering, er dette nemnt under kvart tema. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 2 av 11
2 Temadata Akvakultur Datasettet som viser lokalitetane er henta frå Fiskeridirektoratet. Det viser alle godkjente lokalitetar i planområdet for laks, regnbogeaure og andre artar. Det er lagt ein buffer kring laks- og aurelokalitetane. Desse buffersonene er i tråd med tilrådingane i Mattilsynet sin rettleiar for etableringssøknadar for akvakultur (5000 meter kring stamfisk og slakteri, 2500 meter kring settefisk og matfisk). Det er overlapp mellom desse buffersonene, og fleire anlegg ligg innanfor dei rettleiande avstandane, noko som viser at dette ikkje er absolutte avstandskrav. Det er likevel interessant å vurdere nærleiken til andre anlegg når ein skal vurdera etablering av nye lokalitetar. Lokalitetane for marin fisk, samt for tare- og skaldyr er lagt inn i kartet, men utan buffersoner, då det ikkje er etablert rettleiande avstandsanbefalingar mellom slike anlegg. Figur 1. Oversikt over temadata knytt til hovudtema Akvakultur. Figur 2. Eksisterande lokalitetar med tilhøyrande buffersone. Sjå Figur 1 for ei oversikt over buffersonene. Lokalitetsstrukturen er i stadig endring, og det er viktig å sjekka dei oppdaterte databasane ved vurdering av nye lokalitetar. I denne delen av arbeidet er ikkje områda sin eignaheit for akvakultur vurdert. Før områda kan takast inn i kommuneplanens arealdel, må det gjennomførast ei konsekvensutgreiing der områda vert nærare vurdert. Faktorar som straumtilhøve, djupne, vind mm. vil verta vurdert i samband med søknad om konsesjon. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 3 av 11
Sjøtransport Datasetta som er nytta innan tema sjøtransport og maritim næring er henta frå Kystverket. AISdata er i tillegg brukt for å kartleggja kor trafikken er høgast, og kor den vik frå dei fastsette farleiene. Farleier og venteområde Farleiene er vegsystemet til sjøs, og det er viktig for Kystverket at det blir tatt omsyn til farleisnettet ved planlegging og forvaltning i kystområda. Arealavgrensinga som ligg kring farleiene viser skilje mellom det statlege (Kystverket) og det kommunale myndigheitsområdet. Etter dagens hamne- og farvasslov er farleiene delt i hovud- og biled, der hovudleiene er dei viktigaste transportkorridorane til sjøs. Bileiene er også viktige, men har ofte ikkje same trafikkintensiteten. Figur 3. Oversikt over temadata knytt til sjøtransport. Figur 4. Farleier, fairway og ankringsområde i Sund kommune. Sjå figur 3 for vektig av dei ulike datasetta. I samråd med Kystverket i tidlegare prosjekt, er arealavgrensinga av farleiene lagt inn med gul farge, medan sjølve leia ligg som streksymbol. Ei kategorisering som markerer sjølve leiene skal symbolisera at ein må ta omsyn til leia, medan den gule arealavgrensinga peikar på at det må gjerast lokale vurderingar i kvar enkelt sak. Ankrings- og opplagsområde Det er registrert 1 ankringsområde i kommunen. Arealbehov for desse områda er knytt til naturgitte tilhøve som til dømes skjerma område, samt strategisk plassering i høve til nærleik til hamn/ næringsområde. Bruk av områda krev at areala er fri for installasjonar knytt til andre interesser i vassøyla eller på sjøbotn. Bruk og aktivitet knytt til ankringsområdet varierer i tid, men ved behov er dei særs viktige, og området er klassifiserte i raud kategori. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 4 av 11
Fiskeri Datasetta innan tema fiskeri er henta frå Fiskeridirektoratet sine kystnære fiskeridata. Dette er data som er samla inn på bakgrunn av intervju og datainnsamling frå fiskarar. Dataane har varierande kvalitet, og ein del av avgrensingane av områda kan vera unøyaktige. Rekefelt som er vurdert som viktige (kategori A), er sett i raud kategori, medan resten av rekefelta er sett i gult. For dei sistnemnte felta må det gjerast ei individuell vurdering av konfliktpotensialet i forhold til akvakultur, og av kva som skal prioriterast av desse interessene. Det er viktig å presisera at rekefelta er samanfallande med viktige leveområde for reker, altså er dei like viktige for naturgrunnlag i sjø som viktige fiskeriområde. Figur 5. Oversikt over temadata knytt til fiskeri. Figur 6. Temadata fiskeri i Sund kommune. Sjå figur 5 for ei oversikt over verdisettinga for dei ulike datasetta. Kaste- og låssettingsplassar er sett i raud kategori. Dette er område som er i direkte konflikt med bruk for akvakultur. Tilpassingar og tilkomst til låssettingsplassane kan likevel i enkelte tilfelle vurderast lokalt i samband med etableringssøknadar. Når det gjeld fiskeplassar for aktive og passive reiskap er desse områda sett i gult. Dette er gjort på bakgrunn av at tilhøva til fiskeri må vurderast i kvart enkelt tilfelle, basert på lokal kunnskap. Avgjerande moment for fiskeriinteressene er tilgang på nok gode fiskeplassar, og tilkomst til desse. Negativ påverknad frå akvakultur for fiskeriinteressene er soleis i hovudsak knytt til sjølve anlegga med tilhøyrande fortøyingar/ankring, og fiske- og ferdselsforbod rundt anlegga. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 5 av 11
Naturgrunnlag i sjø Figur 7. Datasetta knytt til naturgrunnlag i sjø. Figur 8. Naturgrunnlag i sjø i Sund kommune. Sjå figur 7 for verdisetting av dei ulike datasetta. Datasetta gytefelt torsk MB, oppvekst- og beiteområde og gyteområde/gytefelt er henta frå Fiskeridirektoratet. Datasettet gytefelt torsk MB inneheld som namnet tilseier berre gytefelt for torsk. Kartlegging av gytefelta skjer gjennom ein kombinasjon av intervjuundersøkingar og verifisering i felt gjennom mellom anna eggteljingar og undersøkingar av havstraumar og oseanografi. I hovudsak er det Fiskeridirektoratet som har gjennomført intervjuundersøkingar med fiskarar og Havforskningsinstituttet som har foretatt verifisering. Datasettet er verdisett i kategoriane lokalt viktig, regionalt viktig og nasjonalt viktig. Dei felta som er verdisett som nasjonalt viktige er sett i raud kategori, medan dei andre felta er sett i gul kategori. I Sund er det ikkje registrert nasjonalt viktige felt. Datasettet gyteområder inneheld alle artar. Datasettet er samla inn av regionkontoret til Fiskeridirektoratet basert på intervju av i hovudsak fiskarar. For å bli registrert som gyteområde har fiskarane rapportert å ha fått fisk med rennande rogn, eller skildrar område der det ved visuell observasjon er registrert fiskerogn på havbotnen (til dømes silderogn). Datasettet er sett i gul kategori. Datasettet naturvernområde er henta frå Fylkesmannen i Hordaland. Datasettet inneheld naturreservat som er verna som følgje av hekkande sjøfugl. Vernegrensene som blei vedtekne då reservatet vart oppretta, vart laga før problematikken med oppdrettsanlegg kontra hekkande sjøfugl vart aktuell. Vernegrensene vart derfor ofte lagt berre eit lite stykke utanfor holmane som fuglane hekkar på, og avstanden til anlegg utanfor vernegrensa kan dermed bli kortare enn den 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 6 av 11
avstanden sjøfuglane aksepterer som trygg. Det er difor, basert på tidlegare prosjekt, laga ei buffersone på 500 meter frå næraste flytande installasjon med menneskeleg aktivitet. Datasettet marine naturtypar er henta frå Miljødirektoratet. Datasettet er verdisett i kategoriane A- svært viktig, B-viktig og C-lokalt viktig. Naturtypane med verdi A er sett i raud kategori, medan naturtypane med verdi B og C er sett i gul kategori. I tillegg er registreringar av ålegrassamfunn sett som raud kategori, uavhengig av verdisetting. Ålegrassamfunn er foreslått som utvalt naturtype. Undervassenger av vanleg ålegras finst på sandeller mudderbotn, frå relativt eksponerte område til meir beskytta område. Større førekomstar av undervassenger er uvanlege og dels sjeldne. Naturtypen inneheld fleire spesialiserte artar og samfunn, og raudlisteartar og sjeldne utformingar førekjem. Ålegrasenger og andre sjøgrasområde er svært produktive, og vert rekna som viktige marine økosystem på verdsbasis. Undervassenger er ofte òg viktige næringssøkområde for sjeldne fugleartar. Ålegras veks normalt i grunne område, ned til ca. 10 m djup, og på relativt flat botn. Dette er difor område som i liten grad vil vera i direkte konflikt med akvakultur. Det er føreslått eit marint verneområde i fylket, Krossfjorden. Det vert truleg ikkje høve til å etablera nye akvakulturanlegg i dei framtidige verneområda, men det vil vera høve til å søka om dispensasjon frå vernevedtaket. På bakgrunn av dette er desse områda sett i gul kategori. Landskap, kulturminne og friluftsliv Påverknad frå akvakulturanlegg på friluftsliv, landskap og kulturmiljø er i stor grad knytt opp mot visuell påverknad, og ei oppleving av at akvakulturanlegg reduserer verdien av eit område, eller opplevinga ein har i eit område Akvakulturanlegg kan for nokon opplevast som negativt, forureinande eller som ei hindring, men for andre kan det opplevast som eit viktig og næringsretta mangfald, og ei vidareføring av ein levande kystkultur. Ved handsaming på kommunenivå, eller gjennom konsesjonssøknad for akvakulturanlegg vert forhold kring desse tema vurdert basert på lokale tilhøve. Dette må gjennomførast for kvar enkelt søknad då det krev detaljert dokumentasjon og lokaltilpassa vurderingar. På bakgrunn av dette er registreringar knytt til friluftsliv, kulturinne og landskap klassifisert i gul kategori. Figur 9. Datasetta innan tema landskap, kulturminne og friluftsliv. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 7 av 11
Figur 10. Landskap, kulturminne og friluftsliv i Sund kommune. Sjå figur 9 for verdisetting av datasetta. Aurland naturverkstad lagde i 2011 ein rapport der landskapet i Hordaland er verdivurdert, på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune. Landskapet er her klassifisert i 5 klassar, frå landskap med få verdiar (klasse 1) til landskap med svært stor verdi, og nasjonal betydning (klasse 5). I Sund er det registrert to område med stor verdi (klasse 4), og desse er lagt i gul kategori. Resten av landskapstypane har middels verdi eller lågare, og vert difor ikkje klassifisert på kommuneplannivå. Påverknad på desse må eventuelt vurderast i samband med konsesjonssøknad. Figur 11. Resultat av GIS-analysen. 3 Resultat GIS-analyse Basert på inndelinga i raud og gul kategori, samt AIS-data, har Multiconsult gått gjennom sjøområda i kommunen for å finne område som kan vere aktuelle å setje av til akvakultur. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 8 av 11
Figur 12. Resultat av analysen, med aktuelle område for akvakultur. Gjennomgåande for kommunen er at det er særs mange registreringar i sjø, noko som gjer at få område ikkje er dekka av minst ein raud eller gul registrering. Det er og mykje raude registreringar i kommunen, i form av rekefelt, fairway, naturreservat og viktige naturtypar. I desse områda er det soleis ikkje føreslått moglege område for akvakultur. Sund kommune har allereie 10 eksisterande akvakulturanlegg, fordelt på 6 matfiskanlegg i sjø, 2 slakteri, 1 skalldyranlegg og 1 settefiskanlegg. Ved å leggja Mattilsynet sine anbefalte buffersoner rundt desse anlegga, dekkjer ein store delar av sjøområda som i utgangspunktet ville vore godt eigna for nye anlegg. Det må påpeikast at desse sonene ikkje nødvendigvis gjer at ein må utelukka nye anlegg, men det må gjerast nærare vurderingar i samband med konsesjonssøknad. Kommunen er prega av viktige farleier i sør og aust, og ved å sjå på AIS-sporing frå 2016/17, ser ein at trafikken er høg, og i tillegg spreidd utover dei markerte streksymbola for farleia. Dette, i kombinasjon med allereie eksisterande anlegg i sør, gjer at potensielt gode område for akvakultur er utelukka i analysen. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 9 av 11
Figur 13. AIS-sporing frå 2016/17, frå Kystverket sin kartdatabase. I arbeidet med å definera potensielle område for akvakultur, der konflikten opp mot andre registreringar er minimert, har ein ei utfordring knytt til driftstilhøve og framtidig utvikling. Bakgrunnen for dette er at område som i dag ikkje blir sett på som eigna for akvakulturanlegg, i nær framtid plutseleg vert aktuelle som følgje av teknologisk utvikling. Det er ikkje utenkeleg at ein om få år har utvikla lukka anlegg som kan ligga tett opp mot land i grunne område eller som kan flyttast, eller meir robuste anlegg som kan liggja lenger til havs. I ein kommune som Sund, der ein aust i kommunen har få ledige område for nye akvakulturanlegg, og ein i vest har svært verutsette område, vil denne problemstillinga vere særs aktuell. Det er difor i første omgang sett av fleire område i open sjø, som må diskuterast vidare og eventuelt konsekvensutgreiast før dei kan takast inn i kommuneplanen. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 10 av 11
Figur 14. Aktuelle område for akvakultur, som må konsekvensutgreiast. Innspel til kommuneplanen Ein gjennomgang av innkomne innspel knytt til akvakultur i sjø, viser at ein i hovudsak ønskjer å utvida eller flytta eksisterande lokalitetar i kommunen. Utviding og flytting av eksisterande lokalitetar må konsekvensutgreiast, og vert soleis i liten grad overlappande med områda som er definert med bakgrunn i akvakulturanalysen. Det er likevel påfallande at det er føreslått få heilt nye lokalitetar, og det kan tenkjast at dette betyr at det er få eigna område som ikkje allereie er avsett, eller som ikkje er eigna for nytt anlegg. Figur 15. Akvakultur i gjeldande kommuneplan, samt innkomne innspel til rulleringa. 10206815-TVF-NOT-001 11. juni 2019 / Revisjon 01 Side 11 av 11