JUS FOR LOKALSAMFUNNS PROSJEKT 1
Denne foldaren tek sikte på ein gjennomgang av ymse juridiske forhold knytt til ulike lokalsamfunnsprosjekt, alt frå organisering til reglar ein må halda seg til ved førebuing til og gjennomføring av ulike prosjekt. Ulike organisasjonsformar Ved organisering av eit prosjekt er det ofte naturleg at det vert etablert ei eiga juridisk eining som skal stå bak prosjektet. Oppretting av ei juridisk eining har mange føremon. For det fyrste får ein høve til å registrera seg med eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregistrene (www.brreg.no). Vidare er organiseringa ei viktig avklaring av ansvarsforhold utad mot aktuelle kreditorar og brukarar og internt mellom deltakarane. Ei ny juridisk eining kan etablerast både frå grunnen og i samarbeid mellom fleire allereie eksisterande lag og organisasjonar. Her vert gjort ein kort gjennomgang av aktuelle organisasjonsformar og forhold ved desse. FOREINING Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning som skal fremja eitt eller fleire bestemte føremål av sosial, humanitær eller liknande art. Det er ikkje etablert eiga lovgjeving om foreiningar i Noreg. Styring av foreiningar vert utøvd av medlemane i samsvar med foreininga sine vedtekter. For registrering i Enhetsregisteret til Brønnøysundregistrene er det eit krav at medlemskap gjev opphav til rettar og plikter. Ansvaret for den einskilde deltakaren i ei foreining er avgrensa til eigen innsats, og medlemane heftar ikkje for gjeld. Samstundes har ein ikkje krav på utdeling av overskot. Sjølv om foreiningar ikkje er lovregulerte kan anna relevant lovverk likevel spela inn. Dersom foreininga har eit økonomisk føremål kan ein vera underlagd samvirkelova. Ved omdanning eller oppheving av ei foreining vil stif- 2
telsesloven gjelda for m.a. disponering av attverande kapital, jf. stiftelsesloven 55. STIFTINGAR Stiftingar er regulert ved lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven). Ei stifting er definert som «en formuesverdi som ved testament, gave eller annen rettslig disposisjon selvstendig er stilt til rådighet for et bestemt formål av ideell, humanitær, kulturell, sosial, utdanningsmessig, økonomisk eller annen art», jf. stiftelsesloven 2. Det er gjort eit skilje mellom alminnelege og næringsdrivande stiftingar. Etter stiftelsesloven 4 er næringsdrivande stiftingar definert som stiftingar som har som føremål å driva eller som driv næringsverksemd sjølv og stiftingar som har bestemmande innverknad over næringsverksemd utanfor stiftinga. Oppretting av nye stiftingar skal meldast til Stiftelsesregisteret innan tre månader etter opprettinga. Det skal utarbeidast eit stiftingsdokument og eigne vedtekter. Stiftelsesloven inneheld eigne reglar om dette, jf. 9 og 10. Alminnelege stiftingar skal ved opprettinga ha ein grunnkapital på minimum kr. 100 000,-. For næringsdrivande stiftingar er krav kr. 200 000,- i bunden eigenkapital. Stiftelsestilsynet fører tilsyn med stiftingar, m.a. tilsyn og kontroll med at 3
forvaltinga av stiftingane skjer i samsvar med stiftinga sine vedtekter og stiftelsesloven. Det er strenge reglar ved omdanning av stiftingar, slik at t.d. endring av føremålet til ei stifting må godkjennast at Stiftelsestilsynet. Stiftingar er sjølveigande. Styremedlemer, dagleg leiar revisor m. fl. kan verta erstatningsansvarlege for tap som er påført stiftinga, dersom dette er gjort forsettelege eller aktlaust under utføring av oppgåver for stiftinga. AKSJESELSKAP (AS) Aksjeselskap er regulert ved lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven). Deltakarane i eit aksjeselskap har ikkje personleg ansvar for selskapet sine forpliktingar. Risikoen er i utgangspunktet tapet av den aksjekapitalen ein som eigar har skote inn i selskapet. Ved oppretting av aksjeselskap stiller aksjeloven minstekrav til innhaldet i stiftingsdokument og vedtekter, jf. aksjeloven 2-1 til 2-3. Aksjeselskap skal ha ein aksjekapital på stiftingstidspunktet på minimum kr. 100 000,-, jf. aksjeloven 3-1. Det er elles krav om at aksjekapitalen skal vera forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i selskapet, jf. aksjeloven 3-4. Dersom ikkje anna er bestemt i vedtekter eller i avtale mellom aksjeeigarane er aksjar fritt omsettelege. 4
Aksjeselskap vert styrt av generalforsamlinga som det øvste organ. Her har eigarar stemmerett med ei stemme per aksje, dersom anna ikkje er bestemt i vedtektene. Generalforsamlinga skal velja eit styre. Det er styret som representerer selskapet utad og som har prokura. Dersom aksjeselskapet har aksjekapital på meir enn kr. 3 000 000,- skal selskapet også ha ein dagleg leiar. Aksjeselskap kan dela ut utbyte etter nærare reglar i aksjeloven kap. 8. Styremedlemer, dagleg leiar, aksjeeigar m.a. kan verta personleg ansvarleg for skade ein forsetteleg eller aktlaust har valda. For styremedlemer og dagleg leiar m.a. er det også aktuelt med straffeansvar for forsettelege eller aktlause brot på reglar i aksjeloven. SAMVIRKEFORETAK (SA) Samvirkeforetak er ei samanslutning av fleire fysiske eller juridiske personar. Hovudføremålet skal vera å fremja dei økonomiske interessene til medlemane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Avkastinga skal anten bli ståande i verksemda eller bli fordelt mellom medlemane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og ingen av medlemane skal ha personleg ansvar for skyldnadane til samanslutninga. Samvirkeforetak er regulert av lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova). 5
VAL AV ORGANISASJONSFORM Kva organisasjonsform som passar best er avhengig av kva aktivitet organisasjonen skal driva (ideell eller kommersiell), kva deltakarar som inngår i organiseringa (fysiske eller juridiske personar, eller båe delar) og omfanget og varigheita av aktivitetar som skal drivast av organisasjonen. Det viktigaste er at ein vel ei organisasjonsform som gjev den fleksibiliteten ein treng, og som ikkje er meir administrativt tungrodd en enn naudsynt. ANDRE RISIKO- OG ANSVARSFORHOLD VED OPPSTART Valet av organisasjonsform vil i utgangspunktet definera deltakarane sitt potensielle ansvar utad mot kreditorar. For dei interne forholda bør ein uavhengig av organisasjonsform fastsetja reglar om intern ansvarsdeling mellom deltakarar på førehand. Dette vil seia etter kva brøk ein skal ta underskotsansvar internt. Det same gjeld fordeling av attverande midlar ved evt. opphøyr. Her er det viktig å vera klare på kva fordelingsmekanismar som vil gjelda. Samstundes bør ein, i alle fall for større prosjekt, fastsetja etiske reglar for m.a. betaling av deltakarar. Etiske reglar bør også omfatta forholdet til leverandørar m.m. Ein bør ha klåre reglar for kven som kan forplikta prosjektet utad. Samstundes bør ein ha reglar for korleis rettar til evt. «spin-off» skal fordelast. 6
Tryggleik ved arrangement Dersom lokalsamfunnsprosjektet inneber at ein skal gjennomføra eit eller fleire arrangement, eller ein elles skal ha aktivitetar som er retta mot eit publikum, er ein nøydd til å gjera risikovurderingar og tryggleiksplanlegging. Stundom vil det også vera krav til melding eller søknad om løyve til politi, kommune eller andre myndigheiter. DSB har i samarbeid med Politidirektoratet, Mattilsynet, Helsetilsynet, Arbeidstilsynet, Statens bygningstekniske etat, Statens vegvesen, Vegdirektoratet og Norsk Rockforbund gitt ut rettleiaren «Veileder for sikkerhet ved store arrangementer». 1 Rettleiaren gjev ei grundig innføring frå A til Å når det gjeld tryggleiksarbeidet, og det vert vist til denne for nærare informasjon. Her vil me gjera ei kort oppsummering av viktige reglar kring tryggleiksarbeidet. MELDINGAR OG SØKNADER Melding til politiet Etter lov 4. august 1985 nr. 53 om politiet (politiloven) 11 skal ein gje melding om til politiet i «god tid» før eit arrangement på offentleg stad finn plass. Kravet til «god tid» må vurderast konkret alt etter storleiken på og innrettinga av det aktuelle arrangementet. Meldinga skal gjevast skriftleg og skal innehalda opplysningar om føremålet med arrangementet, omfanget, ansvarleg arrangør, tidspunkt, avviklingsstad og dei ordenstiltaka arrangøren vil setja i verk. I tillegg til den generelle meldeplikta etter politiloven 11 opnar politiloven 14 for at det i lokale politivedtekter vert innført utvida meldeplikt eller krav om søknad for ymse arrangement. Etter denne kan det såleis vera aktuelt med meldeplikt for ålment tilgjengelege arrangement, sjølv om dei ikkje går føre på offentleg stad. Vidare kan det for arrangement som har eit omfang som openbert vil medføra trong for betydelege ferdselsreguleringar eller vakthold innførast krav om søknad i staden for melding. Informasjon om evt. lokale vedtekter får ein ved å ta kontakt med lokalt politi eller den aktuelle kommunen. 1 «Veileder for sikkerhet ved store arrangementer» er tilgjengeleg i PDF-format her: http://www.dsb.no/global/publikasjoner/2010/tema/veileder_for_sikkerhet_ved_store_arrangementer.pdf 7
Kommunale løyver Kommunen som grunneigar Som grunneigar på offentlege stader vil ein ofte måtte søka kommunen om lov til å driva arrangement. Kva kommunen tillèt kor er opp til den einskilde kommunen å avgjera. Ymse kommunar har utarbeidd retningslinjer for arrangementsavvikling på kommunal grunn. Informasjon om evt. retningslinjer og kva søknadar som evt. er naudsynte dette får ein hjå den aktuelle kommunen. Skjenkebevilling Etter lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) 1-4a skal sal og skjenking av alkoholhaldig drikk berre skje på grunnlag av bevilling etter alkoholloven. Alkoholhaldig drikk er definert som drikk som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. Det er kommunen ved kommunestyret som avgjer søknad om bevilling etter alkoholloven, jf. alkoholloven 1-7. Kommunen innhentar uttalar frå sosialtenesta og politiet før ein bevillingssøknad vert avgjort. Skjenkebevilling vert gitt for ein maksimal periode for 4 år, men ein kan også søkja bevilling for ein avgrensa del av året eller for eit enkelt arrangement (ambulerande skjenkebevilling), jf. alkoholloven 1-6. 8
Serveringsbevilling Etter lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) 3 må den som ynskjer om driva serveringsstad i næring søkja serveringsbevilling hjå kommunen. Serveringsstad som vert driven av lag, foreining e.l. der føremålet med serveringa utelukkande er å skaffa inntekter til drifta av laget, foreininga o.l. er unnateke frå bevillingskravet, jf. serveringsloven 2 andre avsnitt bokstav g. Servering som ikkje skjer i næring er også unnateke frå lova, jf. 2 andre avsnitt bokstav a. Brann- og eksplosjonsvern Etter lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) 7 pliktar ein å senda melding til lokal tilsynsmyndigheit i god tid ved store arrangement, utstillingar, førestillingar, møte og andre tilstellingar i byggverk eller på område som normalt ikkje vert nytta til den aktuelle typen arrangement. Kommunen kan krevja dei opplysningar som er naudsynte for å vurdera faren for brann og fastsetja naudsynte brannsikringstiltak og avgrensingar. Kommunen kan fastsetja dei krav til ansvarshavande arrangør som ein finn naudsynte. Helsetenester Kommunane har plikt til å organisera sine helse- og omsorgstenester på ein måte som sikrar alle som ferdast i kommunen tilgang til hjelp ved behov. Dersom ein skal stå som arrangør av eit arrangement som vil føra til stor tilstrømming av menneske, må ein informera kommunen om dette i god tid slik at kommunen kan vurdera om normal helseberedskap er tilstrekkeleg, eller om ekstraordinære tiltak må setjast i verk. Arrangøren bør også i samråd med lokal helseteneste gjera vurderingar av i kva grad arrangøren sjølv bør stilla med helsepersonell. ANDRE MYNDIGHEITER Tryggleik ved forbrukartenester Lov 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) pålegg den som tilbyr forbrukartenester ei aktsemdsplikt og plikt til å treffa rimelege tiltak for å førebygga at forbrukartenesta medfører helseskader. 9
Forbrukartenester er etter lova definert som «tjenester som tilbys fysiske personer hovedsakelig utenfor næringsvirksomhet». Dette inneber at arrangement som fjellturar, mosjonsløp, hesteriding, rafting m.m. fell inn under definisjonen. Arrangøren har plikt på seg til å syta for at forbrukartenestene ein tilbyr er sikre. Med sikre forbrukartenester vert meint tenester som med utgangspunkt i normale vilkår for gjennomføring eller vilkår for gjennomføring som med rimelegheit kan forventast ikkje medfører ein uakseptabel risiko for helseskade som ikkje er i samsvar med høgt vernenivå for menneske si helse og sin tryggleik. Den som står som arrangør pliktar vidare å skaffa seg den kompetansen som er naudsynt for å vurdera risiko, og skal syta for at risikoar vert tydeleg kommuniserte til deltakarar. DSB har utarbeidd ei eigen rettleiar for risikoanalyse for risikofylte forbrukartenester. 2 Arbeidsmiljø Lokalsamfunnsprosjekt som sysselset arbeidstakarar er underlagt lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven), og vert definert som arbeidsgjevar etter loven. Arbeidsgjevarar har plikt til å sørgja for at føresegnene gitt i arbeidsmiljøloven vert overhaldne. Dette inneber m.a. plikt til å driva systematisk helse-, miljø-, og tryggleiksarbeid. Nærare krav til dette arbeidet går fram av forskrift 6. desember 1996 nr. 1127 om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften). Arbeidstilsynet har tilsynsmyndigheit etter arbeidsmiljøloven med tilhøyrande forskrifter. Dersom ein er usikker på om og evt. i kva utstrekning arbeidsmiljølovgjevinga vil gjelda kan ein ta kontakt med Arbeidstilsynet. Mattryggleik Dersom ein skal produsera eller omsetja mat vil lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) som utgangspunkt gjelda, jf. matloven 2. Alt etter i kva grad ein driv produksjon eller omsetjing av næringsmiddel, og kva typar næringsmiddel det er tale om kan det verta aktuelt med krav om etablering av internkontroll for oppfylling av næringsmiddellovgjev- 2 DSB, «Temaveiledning i risikoanalyse for risikofylte forbrukertjenester», 2007. Rettleiaren er tilgjengeleg her: http://www. dsb.no/global/publikasjoner/2007/tema/temaveiledningrisikoanalyse.pdf 10
inga, jf. forskrift 15. desember 1994 nr. 1187 om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen. For meir informasjon om forhold kring mattryggleik og kva krav som er aktuelle vert det anbefalt å ta kontakt med Mattilsynet. Mattilsynet er tilsynsmyndigheit etter matloven. Trafikktryggleik Ved mange typar arrangement vil det vera naudsynt å gjera tiltak i forhold til trafikktryggleik. Dette gjeld både dersom ein skal nytte veg for å gjennomføra arrangement og der ein har stor tilstrømming av folk som krev regulering av omkøyring og parkering. I tillegg vil det stundom vera aktuelt med dispensasjon for spesialtransport der ein må nytta mindre vegar til å frakta naudsynt utstyr for gjennomføring av arrangement. Statens vegvesen er vegadministrasjon for riks- og fylkesvegar. Kommunane har ansvaret for kommunale vegar. For større arrangement vert det anbefalt å ta kontakt med aktuell vegadministrasjon i god tid for å få på plass naudsynte dispensasjonar, mellombelse skiltplanar for omkøyring og parkering m.m. MELLOMBELSE KONSTRUKSJONAR Scenar, tribunar og serveringstelt m.m. vil ofte vera definert som mellombelse konstruksjonar. For oppføring av slike konstruksjonar vil arrangøren vera definert som byggh- 11
erre etter forskrift 3. august 2009 nr. 1028 om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- eller anleggsplasser (byggherreforskriften). Byggherreansvaret inneber ansvar for koordinering under planlegging, oppog nedrigging, inkludert ansvar for andre aktørar sitt arbeid på arrangementsområdet. Det er byggherren som er ansvarleg for at dei som arbeidar med opp- og nedrigging følgjer dei tryggleiksføresegnar som gjeld for det aktuelle arbeidet. Ansvar og risiko mot tredjepartar Eit lokalsamfunnsprosjekt inneber gjerne at det skal trykkast plakat- og informasjonsmateriell, utformast nettsider m.m. I slike tilfelle vil det ved gjenbruk av andre sitt materiell vera viktig å avklara om bruken er avgrensa av immaterielle rettar. Dette vil seia patent, varemerke, designrettar og opphavsrett til åndsverk. Særleg aktuelt kan det verta med designrettar og opphavsrett. Designrettar må vera registrerte for å ha rettsvern. Opphavsrett oppstår automatisk. Om noko har patent-, varemerke- eller designvern vil ein kunna finna ut av ved å kontakta Patentstyret. 3 3 www.patentstyret.no 12
Opphavsrett er regulert av lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven). Lov om offentlege innkjøp Etter lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser (LOA) er offentlegrettslege organ omfatta av innkjøpsregelverket. Offentlegrettslege organ er organ som anten hovudsakleg er finansiert av statlege, kommunale eller fylkeskommunale myndigheiter, eller der forvaltinga er underlagt slike organ eller myndigheiter, eller der slike organ eller myndigheiter oppnemner meir enn halvparten av medlemane i styringsorgan. Dersom det aktuelle prosjektet tilfredsstiller definisjonen over er ein som utgangspunkt nøydd til å innføra rutinar for innkjøp som er i tråd med LOA med den aktuelle tilhøyrande forskrifta. 13
Aktuelle linkar RETTLEIARAR «Veileder for sikkerhet ved store arrangementer», utgitt av DSB: www.dsb.no/global/publikasjoner/2010/tema/veileder_for_sikkerhet_ved_ store_arrangementer.pdf «Temaveiledning i risikoanalyse for risikofylte forbrukertjenester», utgitt av DSB: www.dsb.no/global/publikasjoner/2007/tema/temaveiledningrisikoanalyse.pdf NETTSTADER Brønnøysundregistrene Utviklar og driv mange av samfunnets viktigaste register og elektroniske løysingar. Sentrale oppgåver er forvaltning av Altinn, samordning av data i offentleg sektor og rettleiingstenester. www.brreg.no Altinn Drifta av Brønnøysundregistrene. Staten sin felles sentral for innlevering av m.a. elektroniske skjema. https://www.altinn.no/, med eiga side for hjelp til regelverk på www.altinn.no/no/hjelp-til-regelverk/ Bedin Drifta av Brønnøysundregistrene. Nytteinformasjon, guidar og dokumentmalar i samband med oppstart og drift av bedrifter. Skal innlemmast i Altinnportalen, etter planen hausten 2011. www.bedin.no/ Bedriftshjelp Drifta av Brønnøysundregistrene. Informasjon om offentlege støtteordningar. Skal innlemmast i Altinnportalen, etter planen hausten 2011. www.bedriftshjelp.no/ Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) www.dsb.no Arbeidstilsynet www.arbeidstilsynet.no Mattilsynet www.mattilsynet.no 14
Statens vegvesen www.vegvesen.no Patentstyret www.patentstyret.no LOVAR OG REGLAR: Lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven): www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html Lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven): www.lovdata.no/all/hl-19890602-027.html#1-7 Lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven): www.lovdata.no/all/hl-19950804-053.html Lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven): www.lovdata.no/all/hl-19970613-055.html#2 Lov 14. juni 2002 nr. 20 om om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven): www.lovdata.no/all/hl-20020614-020.html Lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven): www.lovdata.no/all/hl-20031219-124.html Forskrift 15. desember 1994 nr. 1187 om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen: www.lovdata.no/for/sf/ld/xd-19941215-1187.html Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven): http://www.lovdata.no/all/hl-20050617-062.html FOR 1996-12-06 nr 1127: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften): www.lovdata.no/for/sf/ad/xd-19961206-1127.html Forskrift 3. august 2009 nr. 1028 om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på byggeeller anleggsplasser (byggherreforskriften): www.lovdata.no/for/sf/ad/xd-20090803-1028.html 15
Denne rettleiaren er bearbeida og tilpassa serien Vestlandsk Vidsyn. Foto side 3, 4, 8, 12 og 16: Vilde Braanaas Alle andre foto: Signe Vinje, Hordaland fylkeskommune 16