Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 21.03.2019 Tidspunkt: 09:15 13:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave MEDL AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Tone M. Heggtveit Solveig Nekstad Grave AP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Sveinung Seljås Plansjef, tilstades fram til sak 24/19 Rådmannen orienterte om økonomi og framdrift på Kviteseid skule.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 18/19 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker RS 10/19 Referatsaker RS 11/19 Svar på søknad om skjenkeløyve 23.03.19 - Complete Partner Grenland AS RS 12/19 Referatsak - formannskapet - 250119-110319 - delegerte vedtak Interkommunalt plankontor for Nissedal kommune og Kviteseid kommune PS 19/19 K - 54/6 - Åkre - Dalanvegen 1800 - Frådeling av hus og tun - dispensasjon PS 20/19 PS 21/19 PS 22/19 PS 23/19 PS 24/19 PS 25/19 PS 26/19 K - 68/4 - Noraberg, 70/2 - Hovund - Frådelingar av tilleggsareal og hyttetomt - dispensasjon K - 76/20 - Bjålandsmuseet - bruksendring - dispensasjon K - 13/316 - Oppføring av bod - dispensasjon K - Kommuneplanens arealdel 2019-2030 - godkjenning Søknad om tilskot - Vrådal hytteservice Interkommunalt samarbeid med mellom Nissedal kommune og Kviteseid kommune om rekneskapsarbeid Politisk behandling - utlysing av 100% fast stilling som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift Lukka PS 18/19 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken.
Referatsaker RS 10/19 Referatsaker RS 11/19 Svar på søknad om skjenkeløyve 23.03.19 - Complete Partner Grenland AS Referatsak 11/19 vart teke til orientering. RS 12/19 Referatsak - formannskapet - 250119-110319 - delegerte vedtak Interkommunalt plankontor for Nissedal kommune og Kviteseid kommune Referatsak 12/19 vart teke til orientering. PS 19/19 K - 54/6 - Åkre - Dalanvegen 1800 - Frådeling av hus og tun - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå deleforbodet i LNF-område for frådeling av ei inntil 5 000 m2 stor tomt rundt eksisterande tun og våningshus på g/bnr 54/6, slik det er søkt om. Det er eit vilkår for dispensasjonen at tomta skal nyttast som tomt for heilårsbustad. Formannskapet gir samstundes i medhald av pbl 20-1 m) delingsløyve for tomta. Det er eit vilkår for delingsløyvet at det blir ordna med tinglyst vegrett, ved frivillig avtale eller ved rettsavgjerd. Miljøpartiet v/ Jon Ingebretsen og Senterpartiet v/ Anne Birgit Solli kom med fylgjande framlegg om at formannskapet gir klagerett på jordlovshandsaminga. Framlegget vart samrøystes vedteken. Formannskapet gir klagerett på jordlovshandsaminga
PS 20/19 K - 68/4 - Noraberg, 70/2 - Hovund - Frådelingar av tilleggsareal og hyttetomt - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for frådeling av ca. 2.000 m2 frå g/bnr 70/2 til hyttetomt mellom Mjåvatn og Breivatn, slik det er søkt om. Det er eit vilkår at tomta blir utforma slik at ein fritidsbustad kan plasserast minimum 50 m frå vatna. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for frådeling av areal frå 68/4 slik dette går fram av søknaden. Vilkåret for frådelinga er at det går som tilleggsareal til g/bnr 68/16 og blir samanføya med dette. Det blir samstundes gitt delingsløyve etter pbl 20-1 m) for frådelingane frå 68/4 og frå 70/2. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for frådeling av ca. 2.000 m2 frå g/bnr 70/2 til hyttetomt mellom Mjåvatn og Breivatn, slik det er søkt om. Det er eit vilkår at tomta blir utforma slik at ein fritidsbustad kan plasserast minimum 50 m frå vatna. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for frådeling av areal frå 68/4 slik dette går fram av søknaden. Vilkåret for frådelinga er at det går som tilleggsareal til g/bnr 68/16 og blir samanføya med dette. Det blir samstundes gitt delingsløyve etter pbl 20-1 m) for frådelingane frå 68/4 og frå 70/2. PS 21/19 K - 76/20 - Bjålandsmuseet - bruksendring - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå arealføremålet institusjon/museum for ei bruksendring av eksisterande bygg på g/bnr 76/29 frå byggkode 641 (museum) til ein byggkode for næringsbygg eller ein byggkode for bustad, slik det er søkt om. Før bygget kan takast i bruk til endra føremål, må eigar i eiga byggesak dokumentere at bygget oppfyller krava i byggesaksforskrifta for aktuell byggkode, eventuelt må det søkast dispensasjon frå det eller dei kravet/a som ikkje kan oppfyllast. Tarjei Gjelstad og Anne Birgit Sollid bad Formannskapet vurdere habiliteten deira, då Tarjei er Styreformann og Anne Birgit er styremedlem i stiftinga Olav Bjålandsmuseet. Samrøystes funne ugilde. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke med fem røyster.
Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå arealføremålet institusjon/museum for ei bruksendring av eksisterande bygg på g/bnr 76/29 frå byggkode 641 (museum) til ein byggkode for næringsbygg eller ein byggkode for bustad, slik det er søkt om. Før bygget kan takast i bruk til endra føremål, må eigar i eiga byggesak dokumentere at bygget oppfyller krava i byggesaksforskrifta for aktuell byggkode, eventuelt må det søkast dispensasjon frå det eller dei kravet/a som ikkje kan oppfyllast. PS 22/19 K - 13/316 - Oppføring av bod - dispensasjon Formannskapet avslår å gje dispensasjon for ein bod/garasje på tomt 7 (g/bnr 13/316) større enn 20 m2 BYA, og med mønehøgde over 3,50 m, slik det er søkt om. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet avslår å gje dispensasjon for ein bod/garasje på tomt 7 (g/bnr 13/316) større enn 20 m2 BYA, og med mønehøgde over 3,50 m, slik det er søkt om. PS 23/19 K - Kommuneplanens arealdel 2019-2030 - godkjenning Kviteseid kommunestyre eigengodkjenner, med heimel i pbl 11-16 1.ledd, rullert utgåve av arealdelen i kommuneplanen 2019-30, plankart, planføresegner og planomtale med dei endringane i høve til vedlagte høyringsutkast som det er konkludert med i saksutgreiinga. Vedteken plan har ikkje direkte rettsverknad for automatisk freda kulturminne før dette temaet er avklara ved nødvendige arkeologiske undersøkingar. Vedteken plan har heller ikkje direkte rettsverknad for areal i byggeområdet B6. Det blir bedt om mekling for å avklare arealføremålet for B6, jf. pbl 5-6. Jordlovas 12 skal gjelde for SLF1-30 i LNFR-området.
Formannskapet ber om desse endringane i høve til framlagt plan: Planen med endringar vert sendt ut på ny avgrensa høyring. Plankartet: Et nytt bustadfelt B8 blir lagt inn, i samsvar med innspel frå grunneigar ( jf.f4) Undersøke om det er aktuelt å legge inn nytt område for råstoffutvinning på 22/1 ved Straumanvegen Formannskapet sitt endringsframlegg vart samrøystes vedteke. Formannskapet sender saka tilbake til administrasjonen, og ber om at følgjande endringar vert lagt inn. Plankartet: Et nytt bustadfelt B8 blir lagt inn, i samsvar med innspel frå grunneigar ( jf.f4) Undersøke om det er aktuelt å legge inn nytt område for råstoffutvinning på 22/1 ved Straumanvegen Med desse endringane vert planen sendt ut på ny og avgrensa høyring. PS 24/19 Søknad om tilskot - Vrådal hytteservice Kviteseid kommune løyver kr 10 000 Vrådal hytteservice v/ Andres Brekken Noraberg. Pengane skal brukast slik det vert skissert i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå fritt næringsfondet: konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250. Saldo på fritt næringsfond før løyving mars 2019 er kr 343 771 Saldo på fritt næringsfond etter løyving mars 2019 er kr 333 771 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommune løyver kr 10 000 Vrådal hytteservice v/ Andres Brekken Noraberg. Pengane skal brukast slik det vert skissert i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå fritt næringsfondet: konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250.
Saldo på fritt næringsfond før løyving mars 2019 er kr 343 771 Saldo på fritt næringsfond etter løyving mars 2019 er kr 333 771 PS 25/19 Interkommunalt samarbeid med mellom Nissedal kommune og Kviteseid kommune om rekneskapsarbeid 1. Nissedal og Kviteseid kommune etablerer eit forpliktande samarbeid innan fagområdet rekneskap. 2. Samarbeidet organiserast som eit administrativt vertskommunesamarbeid etter 28-1b i kommunelova, med Nissedal kommune som vertskommune. 3. Samarbeidet skal ha ei minimumsbemanning på 1,6 årsverk, og Nissedal kommune lyser snarast råd ut 100% stilling innan fagområdet rekneskap. 4. Kostnader vert fordelt etter folketal pr. 01.01. det enkelte år. 5. Rådmennene får i mandat å utarbeide endeleg samarbeidsavtale. 6. Prosjektkostnader i 2019 vert å finne dekning for i tertial-rapportane. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 21.03.2019 1. Nissedal og Kviteseid kommune etablerer eit forpliktande samarbeid innan fagområdet rekneskap. 2. Samarbeidet organiserast som eit administrativt vertskommunesamarbeid etter 28-1b i kommunelova, med Nissedal kommune som vertskommune. 3. Samarbeidet skal ha ei minimumsbemanning på 1,6 årsverk, og Nissedal kommune lyser snarast råd ut 100% stilling innan fagområdet rekneskap. 4. Kostnader vert fordelt etter folketal pr. 01.01. det enkelte år. 5. Rådmennene får i mandat å utarbeide endeleg samarbeidsavtale. 6. Prosjektkostnader i 2019 vert å finne dekning for i tertial-rapportane. Tore Åsland bad Administrasjonsutvalet vurdere habiliteten, då han er søkar til stillinga som budsjett- og strategisjef. Samrøystes funne ugild. Utdanningsforbundet v/ Villy Aufles kom med framlegg om at organiseringa av rekneskapsarbeidet held fram som i dag. Rådmannen si tilråding var sett opp mot Utdanningsforbundet sitt framlegg. Rådmann sitt framlegg vart vedteke mot tre røyster. 1. Nissedal og Kviteseid kommune etablerer eit forpliktande samarbeid innan fagområdet rekneskap. 2. Samarbeidet organiserast som eit administrativt vertskommunesamarbeid etter 28-1b i kommunelova, med Nissedal kommune som vertskommune. 3. Samarbeidet skal ha ei minimumsbemanning på 1,6 årsverk, og Nissedal kommune lyser snarast råd ut 100% stilling innan fagområdet rekneskap. 4. Kostnader vert fordelt etter folketal pr. 01.01. det enkelte år.
5. Rådmennene får i mandat å utarbeide endeleg samarbeidsavtale. 6. Prosjektkostnader i 2019 vert å finne dekning for i tertial-rapportane. Tore Åsland bad formannskapet vurdere habilitet, då han er søkar til stillinga som budsjett- og strategisjef. Samrøystes funnet ugild. Rådmannen si tilråding vart vedteken mot ei røyst. 1. Nissedal og Kviteseid kommune etablerer eit forpliktande samarbeid innan fagområdet rekneskap. 2. Samarbeidet organiserast som eit administrativt vertskommunesamarbeid etter 28-1b i kommunelova, med Nissedal kommune som vertskommune. 3. Samarbeidet skal ha ei minimumsbemanning på 1,6 årsverk, og Nissedal kommune lyser snarast råd ut 100% stilling innan fagområdet rekneskap. 4. Kostnader vert fordelt etter folketal pr. 01.01. det enkelte år. 5. Rådmennene får i mandat å utarbeide endeleg samarbeidsavtale. 6. Prosjektkostnader i 2019 vert å finne dekning for i tertial-rapportane. PS 26/19 Politisk behandling - utlysing av 100% fast stilling som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift Stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift vert lyst ut så snart som råd. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 21.03.2019 Stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift vert lyst ut så snart som råd. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift vert lyst ut så snart som råd.
Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift vert lyst ut så snart som råd.