Matkulturreise til Alba, Piemonte, Italia fredag 23. - mandag 26. september.



Like dokumenter
Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Sommartur til Sverige,

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

6. trinn. Veke 24 Navn:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

mmm...med SMAK på timeplanen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Brukarrettleiing. epolitiker

Egil Christophersen til minne.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Plassebakken Barnehage

Velkommen til songarstemne i Florø!

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bruk av reiserekning i Agresso

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Månadsbrev for Rosa september 2014

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Informasjon til elevane

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SMAKEN AV DET GODE LIV

Frå novelle til teikneserie

Fagtur til Romania med Nasjonalt Museumsnettverk for kulturlandskap august 2016

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nytt HFK Intranett

Rapport frå La Zenia,

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


/

Transkript:

på Manger arrangerer Matkulturreise til Alba, Piemonte, Italia fredag 23. - mandag 26. september. Invitasjon til mat- og vininteresserte vener av Italia Dette er ein tur me har stor glede å ta med gjestar til og få invitere dei inn i ei verd av smak, bouquet, landsbyar, byar og landskap ein kanskje kjenner mest frå film. Me nyttar lokal guide og lokal bussåfør, som har arbeidd saman i mange år og dei kjenner Langhe- Roero i regionen Cuneo i fylket Piemonte som deira eiga lomme. Me har hatt fleire turar med desse to, og det er tidig å erfare at same kor me kjem med gjestane våre, så tykkjest alle å vite kven Renata er! Denne inngåande kjennskapen hennar til folk, matkultur, vin, arkitektur, landskap, landsbyar og byar i Piemonte gjer at me får eit heilt anna innblikk i folkeliv og alt som rører seg i denne regionen som ikkje er mogleg for større grupper og store reiseselskap. Me kjem tett inn på vertskap, produsentar og anna godtfolk som ein berre kan gjera via kjentfolk. Dette gjer at våre gjestar spør når neste tur går allereie før me er heime att frå eine turen! Slike kontaktar som me har lokalt gjer at også me gleder oss stort til kvar Italiatur. Slow Food og Alba-regionen Omgrepa "Slow Food", kortreist mat, hadde sine opphav i Alba-regionen i Piemonte og me dreg til denne delen av Italia, med sine mange og til dels langstrakte åsar med ein landsby og ei borg på mest kvar ein topp, og med Alpeninnene og Alpane som ein vegg i nord, der Monte Viso og Monte Rosa tronar høgast. Landskapet her er lett kupert, lik landskapet vest for Bergen og ellers i Nordhordland. I området rundt den vesle byen Alba, er jordsmonnet ein kombinasjon av leirjord og gamal havbotn, og ideelt for å dyrke vindruer, og der landskapet er flatare er det storfe ein held. Når det gjeld druer er det særleg typen nebbiolo ein dyrkar, som er rekna som sjølve keisaren mellom druene i dette området, og som er opphavet til dei vidkjende Barolovinane. Nord for byen ligg området Roero der jordsmonn og mikroklima er ideelt for kvitvinproduksjon, av drua roero arneis.

Matkulturreise til Alba, Piemonte, Italia fredag 23. - mandag 26. september. Program fredag 23. september Fredag 23. september, mest før Fanden har fått på sine sko, dvs kl 07.30, lettar flyet vårt frå Flesland og set nasen mot, først Oslo, så Malpensa, der me landar kl. 12.10. Og der vert me henta av sjåføren vår Roberto Tiscali saman med guiden vår, Renata Ferrero. Me køyrer frå flyplassen til Alba, der me skal bu på Hotell Savona. Dette er eit 4-stjerners byhotell, og det ligg ved inngangen til den lange gågata med alle dei delikate mat-boutiquane. Hotel Savona, Via Roma 1 er vårt hotell i Alba Det ligg ved Piazza Savona som går rett over i Via Vittorio Emanuele, som er den lange, fine gågata i Alba, og som endar ut mot marknadsplassen i andre enden av gata. Me har foreløpig fått reservere flybillettar til elleve gjester hjå SAS, med høve for fleire etter kvart. Me føretrekkjer grupper på opp til 13-14 personar, for at me skal få tilgong til dei verkeleg gode Slow Food-restaurantane. Straks etter ankomst til Hotell Savona, vert det lunsj. Eg har to gode alternativ, og me skal på eine fredag og andre laurdag, kven som blir først og sist er ikkje avgjort enno. Den eine ligg i same kvartalet som hotellet, den andre er ei blanding av gourmetbutikk og lunsjrestaurant og ligg ti minuttars gange unna. Dei byr begge på ei openberring for smaksløkane! Etter mat reiser me opp til landsbyen la Morra for å smake vin hjå Paula frå Stockholm hjå vinprodusenten Fratelli Revello. Det er alltid like kjekt å vitje henne for meg kvar gong eg er der, og det vil det også vera for dykk. Om kvelden satsar me på middag på Ostu di Djun i landsbyen Castagnito, med deira overflod av fantastiske smakskombinasjonar og både varme og lune servering. Me sit lenge der og nyt stemninga, maten og vinen. Og sjølvsagt får me eit utvalg med grappaer etter maten. Den som likar heimebrent med varierande hint(...) av fusel, liker nok grappa. Laurdag 24. september Renata vil vise oss rundt i Alba slik at me får høve til å sjå på matvare- og vinutvalget i byen sine matboutiquar og andre varer ein kan sjå på og gjerne kjøpe. Difor skal me bruke heile laurdag formiddag fram til lunsj på å hygge oss i byen. Me skal m.a. på marknadsplassen og kjøpa ost, skinke, pølser og andre godsaker. Lunsj vert på den av dei to restaurantane me ikkje var på dagen før. Etter lunsj vil Renata guide oss opp til den vakre landsbyen Barolo. I Barolo, som vinen har fått namn etter, er det ei vakker borg, smale gater, spanande vin- og delikatesseboutiquar og små kneiper. Vidare går turen gjennom Monforte d`alba og Castiglione Falletta. Dersom me har tid til det stoppar med i ein av desse landsbyane. Det er mykje å sjå og nyte i Barolo, så me lar tida flyte litt og tek ting litt som dei kjem.. Side 2

Frå Monforte og Castiglione har me ei fantastisk utsikt over Langhe Roero og Alpane. Her som overalt ellers finst det vannhull dersom strupane må leskast. Tilbake på hotellet får me hive oss i dusjen og kledd oss om før me vert henta og køyrde til landsbyen Roddino, der me skal eta middag middag på Ristorante Iride. Dette er ein kombinasjon av restaurant og gardsturisme, drive av Renata si nære venninne og sonen hennar. (Eg fekk jobbtilbod hjå mannen hennar, som er lækjar sist eg var der. Han sa det er stor mangel på manuellterapeutar i Italia, så eg kunne byrja same dagen! Så kanskje det møter meg som lokal guide neste gong de kjem til Piemonte...?) Tilbake på hotellet ut på seine kvelden, tek me gjerne turen ut på byen for å besøkje Alba sine ulike vinbarar. Og når ein har drukke nok vin, så vert også grappaen betre og betre... Det er eit roleg, men hyggjeleg natteliv i Alba laurdagskveldane. Sundag 25. september Me nyt ein god sundagsfrukost før me går ut eit sundagsroleg Alba. Me tenkte at nokre av våre gjestar kunne ha lyst å oververa ei høgmesse i katedralen i byen. Katedralen er relativt stor; me var der saman med Renata i fjor. Me treng ikkje vera der heile messa, folk går inn og ut heile tida. Ut frå mengden av Langhe-Roero sine fluida ein har tatt inn kvelden før, kan det vera at ein og annan kan ha trong for å skrifte i løpet av messa...? Dette ordnar me, mot eit lite avlatsbeløp. Me vil la Renata få styre denne dagen. Me vil halda oss i Langhe-Roero-området. Dette er hennar nærområde, og Modgunn og eg har utvikla eit avhengighetstilhøve til venleiken og mangfaldet av sanseinntrykk i denne delen av Italia. Og Renata er rette personen til å føre oss inn i denne verda av sanselighet. Me planlegg vinsmaking og lunsj på vingarden og restauranten Schiavenza i Serralunga, rett over Alba. Den unge herren på garden er ikkje så stiv i engelsk, like som me ikkje er i italiensk, så her er me avhengige av Renata. Den unge frua driv restauranten, og snakkar derimot flytande engelsk. Og maten hennar er framifrå!! Me satsar på ein relativt tidleg lunsj for å kunna ha plass til middagen seinare. Det er ikkje nettopp mangel på mat som kjennteiknar piemontesiske spisestader. Etter lunsjen lar me Renata ta oss med rundt i regionen. Me legg kanskje turen innom Bra, der Slow Food-organisasjonen sitt universitet, University of Gastronomic Science ligg. Renata kjem sjølv frå Roero-distriktet og likar å improvisere litt i desse omgjevnadene, avhengig av kva som er verdt å sjå for årstida. Medan Langhe er mest kjent for sine store raude vinar, er Roero også kjent for framifrå kvite vinar. Sist gruppe ytra ynskje om også å få smake kvitvin hjå ein produsent, så det er eit alternativ. Likeins er det med ost og andre gardsprodukt hjå produsentar, gjerne etter ynskje frå våre gjestar. Langhe-Roero er ei oppkome av landsbyar, småbyar og kulturlandskap, og alle turane eg har hatt med Renata, er fulle av fotostopp og sødmefulle møte for smakslaukane, så me legg trygt sundagen sin rundtur i hennar hender. Om kvelden køyrer me ut til landsbyen Barbaresco. Dersom det ikkje er stengt, tek me ein tur opp til tårnet i denne byen før me inntek bordet på Ristorante Rabaya, der me får nyte enno eit gourmetmåltid og nippe til vinar frå deira rikhaldige kjellar. Maten her er like vakker som han smakar fantastisk. Vertskapet har eit grep om mat og vin her som dei færraste vil ha opplevd tidlegare! Side 3

Studietur til Alba, Piemonte: Slow Food, kortreist mat Mandag 26. september For å få beste prisen på flybillettar, vert det sein avreise frå Malpensa. Såleis kjem me også seint heim att. Men kva gjer no det? Me reiste nedover tidlege morgonen, så kvifor kan me ikkje koma seint heim att? Om det ikkje vert den lange nattesøvnen, kan me heller leggja oss tidleg kvelden etterpå. Me er vel alle godt oppe i middelalderen og vel så det. Me byrjar å få dårleg tid, og me kan ikkje sova bort høvet til å få med oss mest mogleg av Italia! Italienarane har eit ordtak: Memento mori! - Hugs at me skal døy!, så la oss dra til Stresa og Lago Maggiore, heilt oppe ved Alpane, på veg til Malpensa, og nyte ein lunsj der. Då kan Modgunn også få sin sårt tiltrengte pizza! Stresa er ein vakker ferieby ved breidden til Lago Maggiore, innsjøen som strekkjer seg heilt inn til Lucarno i Sveits. Venleiken tek pusten frå ein, og dette synest som eit heilt anna land enn Langhe-Roero, trass i at me framleis er i fylket Piemonte. Me vandrar rundt i gatene, finn oss ein stad å spise på ein piazza midt i byen, vandrar langs strandpromenaden, og har me nok fantasi møter me heilt sikkert ein Marcello Mastroanni, ei Sophia Loren og ei Gina Lollobrigita, begge med høgt hår, promenerande ned mot Lago Maggiore. Dette besøket vil brenna seg inn i minnet, saman med alle dei andre gode minna og ei sanserik langhelg i Italia. Lengda på opphaldet i Stresa vert alt avhengig av kor mykje tid me har før me må køyra til flyplassen. Avreise Flyet går kl 20.00, og me må vera på plass to timar før. Heimvegen går via København og me landar i Bergen kl 00.10. Føremona med å sleppa å reisa via Oslo, er at då må me ikkje fortolle bagasjen for så å sjekka inn att. Hugs å ha rikeleg med plass i bagasjen til mat og vin! Og ta med bobleplast til å pakka vinen i. Våre turar er, som alltid, alt-inkludert-turar, så de du treng, er rikeleg med plass i kredittkortet til å gjera dei innkjøpa du har lyst til. Hugs å opne kredittkortet for bruk i Europa via nettbanken før du reiser! Me har 11 billettar ståande til 9. mai. Dersom fleire vert med, må eg tinga fleire flysete snarast mogleg. Fleire har meldt seg på allereie, så ver kjapp. Prisen på flybillettar er kr. 2580.- + skattar (om lag 3-400 kr) Pris på Italia-opphaldet, som sagt med alt inkludert, er kr. 7100.. Faktura vert tilsendt frå Credex Økonomi. Flybillettane vert tinga gjennom Os reisebyrå og sendt til kvar enkelt av dykk saman med faktura. Flyselskapa har lagt på eit ekstra drivstofftillegg som følgje av uroa i Midt-austen. Denne vert stort sett om lag 3-400 kroner på flybilletten. Grunna freisten me har fått med flybillettane, vil me be om at endeleg påmelding skjer innan fredag 6. mai. Har de kjente de vil ha med, send informasjon vidare, evt. be oss om å gjera det. I vårt selskap vil me, som nemnt, ikkje reise med store grupper om gongen, ellers får me ikkje plass på dei gode restaurantane, samstundes som me får betre høve og tid til verkeleg å få vise fram det me ynskjer av denne vakre regionen i Italia.

Påmelding innan 6. mai til: Påmelding til Trim, Terapi & Trening er: e-post: hans.atle.svenheim@trimtrening.no Tlf.: 56 37 11 50 414 49 002