Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS (KAA) Risikostrategi 2013 Grimstad 14. desember 2012 Bjørgulv Sverdrup Lund, styreleiar
OVERORDNA MÅLSETTING Konsesjonskraftfondet skal vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane
KVA ER OPPGÅVA VÅR? Konsesjonskraftfondet vaktar og forsvarer eigaranes rettar tek vare på verdien og fører den attende til eigarane
Konsesjonskraft: Ein kommunal og fylkeskommunal rett som er heimla i vassdragslovgjevinga frå 1917. Konsesjonskrafta utgjer om lag 10% av produksjonen i kraftverket. Retten oppstår når staten gjev ein utbyggjar konsesjon til å regulere eller overføre vatn til beste for produksjon av elektrisk kraft. Total konsesjonskraft i Noreg i dag utgjer 8500 GWh pr.år. Av dette forvaltar KAA 563 GWh. Konsesjonskraft er vanleg vannkraft.
Frå stortingsdebatten 1917 om vassdragsreguleringsloven og ervervsloven Stortingsrepresentant Castberg (arbeiderdemokratane): "Lovforslagene har to store formaal: Beskytte landets uavhengighet overfor utlandet. Samfundsmessig utnyttelse og kontroll med de naturverdier det her gjelder."
Frå stortingsdebatten 1917 om vassdragsreguleringsloven og ervervsloven "Man tar verdiene ut av distriktene og fører dem på traad ned til industricentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjellbygdene, for deres verdier og det er absolutt urigtig. Det er urigtig, baade nationaløkonomisk set og urigtig, jeg hadde nær sagt, rent juridisk set ogsaa." "Hjemfaldsretten er langsiktig, indløsningsretten er langsiktig, men bestemmelsen om kraftavståelse kan komme til at virke straks."
Utbetalt til eigarane
Nøkkeltal rekneskap 2011 og 1.9.12
Bakgrunn: Kvifor risikostrategi All konsesjonskrafta vår vert selt på spot Nordpoolspot. Prisen vert kjent dagen før faktisk salg. Dette betyr stor risiko og er heilt ubrukande som underlag for prognose. Eigarane arbeider med langsiktige utviklingstiltak og produserer viktige velferdstenester. Eigarane vil difor ha budsjettryggleik. Styret har utarbeidd og vedteke ein risikostrategi som sist vart endra 30.11.12.
Risikostrategi - sikring Hovedpunkt i strategien: Sikringa startar 5 år i forkant av det aktuelle året som skal sikrast. Sikringa for kvart år skal vere sluttført 1.10. året før leveringsåret. Sikringsnivået skal aukast med om lag 5% i løpet av kvart kvartal. Dagleg leiar har fullmakt til å gå ut over stategien dersom naudsynte vilkår er til stades. Valutasikrar samstundes med prissikring.
Risikostrategi - gjennomføring Starter å sikre på 2018 i 1. kvartal 2013 Skal vere ferdig sikra 1.10.2017 Januar -13 til september -17: 19 kvartal Sikrer dermed 1/19 kvart kvartal frametter slik:
Sikringsgrad pr desember 2012 I samsvar med risikostrategi har vi prissikra (og valutasikra) dette i åra frametter: År % av årsvolumet(563 GWh) Verdi i mill.kr 2013 96 199 2014 85 171 2015 65 128 2016 45 90 2017 22 42 630 Vi har altså prissikra ca 1.807 GWh for 80 mill, og gjort tilsvarande valutasikringar for 646 mill kr (inkl.rest 2012 pr. 9.12.12)
Valutasikring All krafthandel skjer i euro, og for å sikre at vi får det budsjetterte beløpet i norske kroner valutasikrar vi også. Når Markedskraft har gjennomført ei prissikring, valutasikrar vi denne. Når den norske krona styrkar seg, er dette svært lønsamt. Snittkursen vår for juli er på kr 8,49 for kvar euro vi vekslar inn, altså kr 1,10 meir for kvar euro enn snitt spotkurs.
Risikostrategi- nok er nok Dersom noteringane på NordPool for vedkomande produkt gjev ei sannsynleg netto inntekt på 35 øre/kwh eller meir, skal dagleg leiar lukke åpne posisjonar heilt eller delvis. Sikringshandlar utover ramma i denne sikringstrategien kan endrast av styret. 200 mill.kr
Fredag 10.8.2012 Volum Euro Sum Prissikra og valutasikra 1080 MWh (1,08 GWh) 41,27 44 572 Fysisk salg på Nordpoolspot 1080 MWh (1,08 GWh) 18,69 20 185 Finansielt oppgjer frå Nasdaq 24 386
Fredag 10.8.2012, forts. Kurs valutasikring /NOK 8,60 Kurs fysisk oppgjer /NOK 7,28 Vinsten på sikringa utgjer: Totalt inn på konto: 44.572 x 8,60 383 319 Fysisk oppgjer: 20.185 x 7,28 146 947 "Vinst" på sikringa 236 372
Trading Ramme for 2012, fastsett av representantskapet: 5 mill. Risikostrategien seier at vi kan tape 50% av ramma. Vi har tryggleik for dette i eigenkapitalen. Status 25.11.12: Realisert vinst 22.702 x kurs: 7,40 = NOK 167.994,- For 2013 er det gjort framlegg om ei ramme på 10 mill.
Korleis arbeider styret med risikostrategien? Styret mottek kvar månad rapport om krafthandel, både sikring og trading. Styret mottek innspel både frå administrasjonen og Porteføljeutvalet (5 rådmenn). Styreleiar deltek på møte i Porteføljeutvalet. Minst 2 gonger pr. år held Markedskraft orientering i styremøte om kraftmarknaden og utviklingstrekka frametter.
Røynsler med risikostrategien Gjeldande risikostrategi med sikringshorisont på 5 år, vart vedteken oktober 2011. I styremøte 30.11.12 valde styret å halde fast på hovudtrekka i gjeldande strategi. Dette vart gjort etter ei samla vurdering av informasjon frå dagleg leiar, Markedskraft og Danske bank. Risikostrategien skal evaluerast årleg. Styret har no vedteke å ha særleg fokus på sikringshorisonten, som i dag er på 5 år. Årsaka til dette, er at signala frå rådgjevarane våre ikkje er heilt samstemte.
Oppsummering Målsettinga med risikostrategien: «Sikker» inntektsprognose uavhengig av marknadsutvikling. Dette betyr at vi ikkje tek del i stigande prisar på det sikra volumet, men vi er også trygge mot fallande prisar på det same volumet. Redusert sikringsgrad gjer inntektsprognosen tilsvarande usikker. Skal styret innestå for budsjettryggleik, lyt eigenkapitalen, som i dag er på 40 mill), aukast monaleg Sluttord: Styret meiner at gjeldande risikostrategi er i samsvar med dei signala eigarane har gjeve tidlegare.