Velkomen til Dialogkonferansen 5. - 6. september 2012
Velkomen til Dialogkonferansen 5. - 6. september 2012 Dialogkonferansen er ein årleg møtestad for kommunar og fylkeskommunen der målet er fagleg oppdatering, nettverksbygging, motivering og inspirasjon til vidare arbeid med tilrettelegging for fysisk aktivitet. Andre regionale samarbeidspartnarar blir inviterte ut frå innhaldet i programmet. Dei siste åra har representantar frå kommunar delteke i planlegginga av konferansen for å få eit best mogeleg program i høve til dei utfordringane kommunane står ovafor innanfor fagfeltet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Denne gongen deltek Sylve Rusten frå Stord, Marit Liknes frå Sveio, Åshild Rygg Tonning frå Bømlo og Bente Bjelland frå Fitjar i programkomitèen. Me vonar at alle kommunane i Hordaland finn programmet interessant og relevant i høve til arbeidet med å skape ein aktiv kvar dag for sine innbyggjarar. Målgruppa for konferansen er administrativt tilsette som er ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv og kommuneplanleggarar. Deltaking på konferansen er gratis og Hordaland fylkeskommune dekker kostnaden ved overnatting for ein frå kvar kommune. Kostnad til reise t/r Stord må dekkast av den enkelte kommune / organisasjon. Vi har reservert rom på Stord hotel www.stord-hotel.no som ligg på Leirvik på Stord (GPS- adresse: Kjøtteinsvegen 67, 5411 STORD), omlag 700 m frå hurtigbåtterminalen/ kystbussen og omlag 20 min. kjøring frå flyplassen på Sørstokken. Dei har stor parkeringsplass. Pris for ekstra representantar frå kommunar/organisasjonar er kr 1740,- per person. Dette inkluderar ei overnatting, lunsj to dagar og middag onsdag. Utan overnatting er prisen kr 250,- per person.
For rutetider: Danish Air Transport (fly) www.dat.dk, Flaggruten (båt) www.flaggruten.no, Skyss (lokalbussar Stord) www.skyss.no og Kystbussen (ekspressbussar frå Bergen og Stavanger) www.kystbussen.no I samband med årets Dialogkonferanse vert det synfaring til m.a. Nordbygdo ungdomskule, Prestagardsskogen idrettspark m/helsesportløype, Hystad barneskule, Hystadmarkjo naturreservat, Landåsen friluftsområde (eventyrskogen) og Hustredalen motocrossanlegg. Ta med kler og sko etter vêr. Gje melding om du har behov for overnatting også frå 4. september. Særskilde behov i høve til mat og andre ting er fint å få informasjon om ved påmelding. Kom også med innspel til tiltak/anlegg som kan ha interesse for andre kommunar. Vi vil også ha innspel til konkrete saker til spørjetimen i høve til anleggsutvikling. Sjå påmeldingsskjema og program. På førehand takk! Ta kontakt med Britt Karen Spjeld tlf: 55 23 91 82 / 456 66 326 eller britt-karen.spjeld@hfk.no eller Sylve Rusten tlf: 53 49 69 31 eller sylve.rusten@stord.kommune.no om noko er uklårt eller de har spørsmål. Påmeldingsfristen er 15. august 2012 på www.hordaland.no/dialogkonferansen2012 Velkommen til aktive dagar på Stord!
Program Mål: Fagleg oppdatering, nettverksbygging, motivasjon og inspirasjon Målgruppe: Adm. tilsette og politisk ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv Adm. representantar for kommuneplanlegging Stad: Stord Onsdag 5. september 10.00 Registrering Kaffe/te/frukt/rundstykker 10.30 Velkomen Aktiv kvar dag i Stord kommune Aktivitets- og anleggsutviklinga som del av samfunnsutviklinga Stord Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune 10.50 Helsing frå Kultur- og ressursutvalet 11.00 Regional kulturplan v/anna Elisa Tryti, fylkeskultursjef Sidan sist v/britt Karen Spjeld, idrettssjef, Hordaland fylkeskommune 11.45 Nytt frå Kulturdepartementet - ny idrettsmelding 13.00 Mellommåltid 14.00 Spelemidlar - www.idrettsanlegg.no - nye ting i føresegner for spelemidlar - søknadskvalitet: det blå nettet - restanselister - kva er ein god spelemiddelsøknad? Prosessen frå A til Å. Gruppearbeid. - mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg gode dømer - krav til kommunedelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv etter ny plan og byggningslov - spørjetime Tore Andersen, Tor Wathne og Hanne Espe, Hordaland fylkeskommune
15.30 Aktiv pause/innsjekk 16.00 Synfaring (husk gode klede og sko) Nordbygdo ungdomskule, Prestagardsskogen idrettspark m/helsesportløype, Hystad barneskule, Hystadmarkjo naturreservat og Hustredalen motocrossanlegg. 17.30 19.00 Aktiv kvar ettermiddag Camp Stord - Hyggjeleg samvere med ulike aktivitetar. 20.00 Middag 21.30 Aktiv kvar kveld! Blikk frå Wales! Bruk av Leonardo-stipendet til lokalt utviklingsarbeid Einar J. Grieg, Hordaland fylkeskommune Sosial samling og quiz Foto: Sylve Rusten
Torsdag 6. september 07.00-08.00 Aktiv kvar morgon Landåsen friluftsområde Åshild Bjelland Kalleklev og Arne Michael Kalleklev tek oss med inn i eventyrskogen. 08.00 Frukost 08.45 Summering av gårsdagen med bilder og film Einar J. Grieg og Hanne Espe, Hordaland fylkeskommune 09.00 Friluftsliv for alle Trude Solvi Nordstrøm, Haugesund Turistforening 09.30 Merking og gradering av turstiar Status, gruppearbeid og vegen vidare Einar Holsvik, Gjensidigestiftelsen, Einar Grieg, Hordaland fylkeskommune og Arne Kristian Teigland, Bergen Turlag 10.15 Handlingsplan for friluftsområder og nærmiljøsatsning 2013-2023 www.miljøstatus.no Einar Grieg, Hordaland fylkeskommune 10.35 Aktiv pause/utsjekk Foto: Kristine Kollenes
11.00 Parallelle sesjonar med ulike tema Sesjon A Handballfestivalen 23 år Korleis får ein det til? Ny aktivitet i gamle anlegg Verdens aktivitetsdag! Utebarnehage - samarbeid med Bergen Turlag Utandørs aktivitetsanlegg for eldre (open innspel frå kommunar ved påmelding) Sesjon B Aktiv saman - inkludering av fleirkulturelle Praktiske døme på tiltak i prosjektet Trivselsleiar i barneskulen Feit og fin! Aktivitetsdagar i Bømloskulen Samhandling mellom kommune og frivillig sektor. Erfaringar med avtalar med turlag. (open innspel frå kommunar ved påmelding) 12.15 Lunsj 13.00 Anleggstilrettelegging og utvikling av skiaktivitet Bernt Rusten, Hordaland Skikrets 13.30 Miljøverndepartementet sitt kompetanseprogram om universell utforming www.dibk.no universell utforming - kompetanseprogram Modul 5 friluftsområder http://uukurs.dibk.no/modul-5 Modul 6 bygg og uteområder http://uukurs.dibk.no/modul-6 v/ nettverksmedarbeider i MD Kommentarar frå Askøy kommune Universell utforming av friluftsområder Oddvin Øvernes, Friluftsrådet Vest 14.45-15.00 Summering, evaluering, vegen vidare og vel heim Kva innspel kan vi ta med oss frå samlinga til det vidare arbeidet på lokalt og regionalt nivå? Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef, Hordaland fylkeskommune
Foto: Britt Karen Spjeld Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 www.hordaland.no