Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 07.04.2014 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Einar Øien LEDER FRP Odd Helge Gangstad MEDL SP Bjørn Wang MEDL V Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Robin Mikal Sørlie NESTL H Oddny Lisbeth Midtbø Rød MEDL FRP Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Kolbjørn Ove Stølen Robin Mikal Sørlie H Ivar Blø Oddny Lisbeth Midtbø Rød FRP Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Anne Oterhals Astrid Abelseth Stilling Rådmann Økonomisjef Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Einar Øien Odd Helge Gangstad Bjørn Wang Kolbjørn Ove Stølen Ivar Blø
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 14/13 Referatsaker PS 14/14 Papirlause politiske møter i Midsund kommune 2014/158 PS 14/15 Forprosjekt interkommunalt samarbeid 2013/438 PS 14/16 Behandling - namnesak 2014/2 i Midsund kommune - Røberg, Ræstad, Stavik, og Klauset 2014/34 PS 14/17 Lanbruksplan for Midsund kommune 2014/140 PS 14/18 Budsjettregulering - investering 2014. 2014/154 Den 7. april 2014 vart det halde møte i Formannskapet i kantina på Midsund kommunehus. Møtet vart leia av ordførar Einar Øien. Møtet tok til kl 12.05. Oddny Lisbeth Midtbø Rød (FRP) og Robin Mikal Sørlie (H) hadde meldt forfall. Ivar Blø og Kolbjørn Ove Stølen møtte som vara. 5 voterande. Det var ingen merknader til innkallinga. Sakslista vart samrøystes godkjent. Saksliste med vedlegg vart vist med projektor og lerret. I samband med handsaming av landbruksplanen var det eit møte kl. 11.00 med bondeorganisasjonane og formannskapet i forkant av det formelle formannskapsmøtet. Rektor Stian Løken orienterte om videreutdanning for lærarane og om utskifting av pulter/stoler på skulen. Einingsleiar Birgitta Hole og Inger Kristin Ovesen orienterte om barnehageopptak for 2014/2015. Økonomisjefen gikk gjennom regnskapstall så langt i 2014 samt kostratall for 2013. Informasjon om startlån, Uttaler frå årsmøtet til Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Brosjyre om Ansvarlig alkoholhåndtering for et trygt lokalsamfunn og Brannvernplan 2014 for Aukra, Eide, Midsund, Molde og Nesset vart lagt fram på møtet. PS 14/13 Referatsaker Protokoll frå møte i Formannskapet 03.03.2014 vart godkjent.
PS 14/14 Papirlause politiske møter i Midsund kommune Saka vert lagt fram utan tilråding. Behandling i Formannskapet - 07.04.2014 Det vart foreslått å prøve ut alternativ IV Alternativ IV: Møta vert gjennomført berre med projektor og lerret. Medlemane kan sjølv velje å ha eigen PC/nettbrett med på møta. med eit tillegg Dette er ei prøveordning som skal evaluerast i desember 2014. Alternativ IV: Møta vert gjennomført berre med projektor og lerret. Medlemane kan sjølv velje å ha eigen PC/nettbrett med på møta. Dette er ei prøveordning som skal evaluerast i desember 2014. PS 14/15 Forprosjekt interkommunalt samarbeid 1. Midsund kommunestyre viser til tidlegare vedtak om deltaking i forprosjektet for vidareutvikling av det interkommunale samarbeidet i Romsdal, og sluttar seg til hovudkonklusjonane i rapporten. 2. Midsund kommune forpliktar seg til å delta i hovudprosjektet på følgjande område: a) Greie ut og utprøve etablering av felles planorgan/-kontor for kommunane i Molderegionen. Planorganet/-kontoret skal kunne ivareta kommunale- og regionale planar i regionen og styrast politisk med delegert mynde frå kommunestyra. Som ein del av forsøksordninga skal planarbeid utan rett til motsegn frå fylkeskommune og Fylkesmann prøvast ut. b) Utvikle ein «Samfunnsplan for Molderegionen» ( kommunedelen), der felles bu-,arbeids- og sørvisområde er sentrale element. c) Utarbeide ei utgreiing om framtidig kommunestruktur i Molde regionen, basert på premissar og rammer som vil kome frå sentrale styresmakter. d) Jobbe vidare med etablerte samarbeidsordningar, systematisere og vidareutvikle desse. 3. Ein legg til grunn at hovudprosjektet vert finansiert med eksterne midlar. Søknadsprosessen for innhenting av ekstern finansiering skjer via ROR på vegne av kommunane. Kvar enkelt kommune sine bidrag blir leiarar/tilsette og politikarar som deltek i styrings-, prosjekt- og referansegrupper. 4. Utgreiingane i hovudprosjektet skal vere ferdig til politisk behandling i kommunane innan 2. april 2015. 5. Midsund kommune legg til grunn brei politisk og administrativ involvering i hovudprosjektet.
1. Midsund kommunestyre viser til tidlegare vedtak om deltaking i forprosjektet for vidareutvikling av det interkommunale samarbeidet i Romsdal, og sluttar seg til hovudkonklusjonane i rapporten. 2. Midsund kommune forpliktar seg til å delta i hovudprosjektet på følgjande område: e) Greie ut og utprøve etablering av felles planorgan/-kontor for kommunane i Molderegionen. Planorganet/-kontoret skal kunne ivareta kommunale- og regionale planar i regionen og styrast politisk med delegert mynde frå kommunestyra. Som ein del av forsøksordninga skal planarbeid utan rett til motsegn frå fylkeskommune og Fylkesmann prøvast ut. f) Utvikle ein «Samfunnsplan for Molderegionen» ( kommunedelen), der felles bu-,arbeids- og sørvisområde er sentrale element. g) Utarbeide ei utgreiing om framtidig kommunestruktur i Molde regionen, basert på premissar og rammer som vil kome frå sentrale styresmakter. h) Jobbe vidare med etablerte samarbeidsordningar, systematisere og vidareutvikle desse. 3. Ein legg til grunn at hovudprosjektet vert finansiert med eksterne midlar. Søknadsprosessen for innhenting av ekstern finansiering skjer via ROR på vegne av kommunane. Kvar enkelt kommune sine bidrag blir leiarar/tilsette og politikarar som deltek i styrings-, prosjekt- og referansegrupper. 4. Utgreiingane i hovudprosjektet skal vere ferdig til politisk behandling i kommunane innan 2. april 2015. 5. Midsund kommune legg til grunn brei politisk og administrativ involvering i hovudprosjektet. PS 14/16 Behandling - namnesak 2014/2 i Midsund kommune - Røberg, Ræstad, Stavik, og Klauset 1. Midsund kommunestyre foreslår skrivemåte for nemnde namn : Røberg Ræstad Stavika Klauset Klausethjellen 2. Saka blir sendt over til Stadnamntenesta for Midt-Noreg for endeleg godkjenning 1. Midsund kommunestyre foreslår skrivemåte for nemnde namn : Røberg Ræstad Stavika Klauset
Klausethjellen 2. Saka blir sendt over til Stadnamntenesta for Midt-Noreg for endeleg godkjenning PS 14/17 Lanbruksplan for Midsund kommune Midsund formannskap tek framlegget til landbruksplan for Midsund til vitande. Utkast til landbruksplan vert lagt ut til offentleg ettersyn for etterfølgjande ny handsaming i formannskapet. Midsund formannskap tek framlegget til landbruksplan for Midsund til vitande. Utkast til landbruksplan vert lagt ut til offentleg ettersyn for etterfølgjande ny handsaming i formannskapet. PS 14/18 Budsjettregulering - investering 2014. Kommunestyret vedtek budsjettendring i brutto ramme på følgjande investeringsprosjekt for 2014: Investering i nybygg/ nyanlegg 2014 aukast med kr 3.575.000,- Prosjekt 194 Nødutgang Nord Heggdal kapell - Budsjettramme aukast med kr 85 000,- Prosjekt 423 Gjerdet barnehage Ny budsjettramme kr 45 000,- Prosjekt 426 Myratun- Ny budsjettramme kr 265 000,- Prosjekt 472 Veg og parkeringsplass ved Nord Heggdal kapell Budsjettramme aukast med kr 2 100 000,- Prosjekt 523 Kommunale avløp Bøen og Brokvika Budsjettramme aukast med kr 790 000,- Prosjekt 527 Kommunale avløp Slamavskiller Rakvågen Torsvika- Ny budsjettramme kr 290 000,- Samla auke i investeringsbudsjett 2014 på kr 3 675 000,- finansierast slik
Prosjekt 980 Finansiering av investeringar : Meirverdiavgiftskompensasjon aukast med kr 475 000,- og bruk av lån aukast med kr 3.250.000,- Kommunestyret vedtek budsjettendring i brutto ramme på følgjande investeringsprosjekt for 2014: Investering i nybygg/ nyanlegg 2014 aukast med kr 3.575.000,- Prosjekt 194 Nødutgang Nord Heggdal kapell - Budsjettramme aukast med kr 85 000,- Prosjekt 423 Gjerdet barnehage Ny budsjettramme kr 45 000,- Prosjekt 426 Myratun- Ny budsjettramme kr 265 000,- Prosjekt 472 Veg og parkeringsplass ved Nord Heggdal kapell Budsjettramme aukast med kr 2 100 000,- Prosjekt 523 Kommunale avløp Bøen og Brokvika Budsjettramme aukast med kr 790 000,- Prosjekt 527 Kommunale avløp Slamavskiller Rakvågen Torsvika- Ny budsjettramme kr 290 000,- Samla auke i investeringsbudsjett 2014 på kr 3 675 000,- finansierast slik Prosjekt 980 Finansiering av investeringar : Meirverdiavgiftskompensasjon aukast med kr 475 000,- og bruk av lån aukast med kr 3.250.000,- Møtet vart heva kl. 16.20