Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 09.02.2015 Møtetid: Kl. 15:45 17:30 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 001/15-004/15 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Bergliot Marie Veivåg Vararepresentant vart ikkje kalla inn Linda Haugland Jondahl Jon Helge Rassmussen, melde forfall Hallvard Herland Haldis Myrvang Riber, møtte ikkje Møteleiar: Frå adm. møtte: Diverse: Leiar Trygve Sæbø Sekr.Eir Sandstå og sekr. Anne Gerd Nysveen Sjur H. Sekse : etter skade på tak på stølshuset i Åremot, ynskjer han å byte ut eksisterande sjingel tak med tretak. Vedtak: Sjur H. Sekse får løyve til å byte til tretak på stølshuet i Åremot. Jan-Magne Midtbø: har søkt om løyve til 2 landingar med helikopter til Hansbu, i tidsrommet 3. mai 5. juli 2015. Grunna sikkerheit. Vedtak: Jan-Magne Midtbø får ikkje tildelt landingsløyve på førehand. Om det vert naudsynt kan han ta kontakt med Tilsynsutvalet i Hordaland pr. tlf. Lars J. Myklathun: har søkt om køyrebok for vinteren 2015 jf byggjeløyve av 9. sep. 2009 oppsetting av ny hytte ved Hedlo.. Vedtak: Lars J. Myklathun får inntil 7 turar/retur inn til Hedlo, vinteren 2015. NVE: har i samband med snømålingar søkt om motortransport. Vedtak: NVE får løyve til: Inntil 3 snøskuterar for tre til fem dagar i ei av vekene 12-17. Tilsynsutvalet ber om at transporten ikkje bør leggjast til påskeveka, og at det må takast kontakt med SNO før transporten tek til for å få avklara at det ikkje er villrein i dei aktuelle områda. NINA: har søkt om motortransport i samband med utsetjing av fjellrev og oppsetjing av midlertidige hegner ved Hellehalsen. Vedtak: NINA får løyve til inntil 2 turar/retur inn til Hellehalsen i tidsrommet mars/april 2015 Tilsynsutvalet ber om at transporten ikkje bør leggjast til påskeveka, og at det må takast kontakt med SNO før transporten tek til for å få avklara at det ikkje er villrein i dei aktuelle områda.. Buskerud Tilsynsutvalg: har bede oss om å drøfta deira innspel vedk. militære øvingar/fjellmarsjar på Hardangervidda. Vedtak: Tilsynsutvalet i Hordaland meiner Buskerud Tilsynsutvalg står fritt til å ta innspelet opp på fyrstkommande forvaltningsmøte til
våren. Røldal Røde Kors Hjelpekorps: har søkt om transport i samband med påskeberedskapen i Hellevass. I tillegg har dei søkt om løyve til kjentmannskøyring og sjekking av forhold, GPS ruter samt sjekke sambandsdekning, vinter 2015. Vedtak: Røldal Røde Kors Hjelpekorps får løyve til: Påskeberedskap: frå Bråstøl (evt. via Litlos eller frå Ulevå) til Hellevass. Løyvet gjeld inntil 6 turar/retur i tidsrommet 27.03.- 06.04.2015. Løyve til kjentmannskøyring/gps ruter/samband: vert handsama etter at øvingsplanen er godkjent hjå Politiet. Underskrifter: Trygve Sæbø Samson Hamre Else Marie Sandal Håkon Kvammen Håkon Sandal Solveig H. Uppheim
Sakliste Sak nr. Saktittel 001/15 Godkjenning av møtebok av 27. oktober 2014 002/15 Meldingar 003/15 Søknad om riving og oppføring av ny hytte i Munkabu 004/15 Tilbygg til seterhus på Opesjo med gang og toalett
001/15: Godkjenning av møtebok av 27. oktober 2014 Framlegg til vedtak: Møteboka frå møte 27. oktober 2014 vert godkjent slik ho ligg føre. TUV-001/15 SAMRØYSTES VEDTAK: Møteboka frå møte 27. oktober 2014 vart godkjent slik ho låg føre. 002/15: Meldingar Framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. TUV-002/15 SAMRØYSTES VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 003/15: Søknad om riving og oppføring av ny hytte i Munkabu Tilråding til Fylkesmannen i Hordaland: Tilsynsutvalet i Hordaland rår til at Petter Sexe Ulriksen får riva den gamle hytta og før opp ny hytte i Munkabu, som omsøkt, med fylgjande villkår: Innvendig vegghøgd vert justert til 200cm
Hytta skal beisast i ein nøytral farge eller la det vera ubehandla slik at det får ei naturleg gråning. Reint trevirke kan kappast opp og nyttast som ved- Anna byggningsavfall nå leverast til Forvaltningsstyresmakta gjev løyve til uttak av stein og torv til forblending av murar og taktekking. Det bør gjennomførast synfaring på staden der alle uttalepartar deltek, før ein gjer endeleg vedtak i saka. Det vert gitt løyve til motorisert ferdsel etter søknad i samband med byggjeløyvet. TUV-003/15 SAMRØYSTES TILRÅDING TIL FYLKESMANNEN: Tilsynsutvalet i Hordaland rår til at Petter Sexe Ulriksen får riva den gamle hytta og føra opp ny hytte i Munkabu, som omsøkt, med fylgjande villkår: Hytta skal beisast i ein nøytral farge eller la det vera ubehandla slik at det får ei naturleg gråning. Ny hytte må ikkje koma nærare vatnet enn tilsvarande punkt på eksisterande hytte, dette for å unngå at ny hytte vert ruvande i terrenget. Reint trevirke kan kappast opp og nyttast som ved- Anna byggningsavfall må leverast til Det vert gjeve løyve til uttak av stein og torv pkt. 4.4 og 4.3.2 i verneforskrifta, til forblending av murar og taktekking. Det vert gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad i samband med byggjeløyvet. 004/15: Tilbygg til seterhus på Opesjo med gang og toalett Framlegg til vedtak: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev løyve til oppføring av tilbygg for nytt inngangsparti, lager og toalett, samt fasadeendringar på stølshuset i Opesjo som omsøkt. Jfr. pkt. 4.1.3 a og b i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark.
Tilbygget skal ha liggjande kledning og lik takutforming som eksisterande hytta, og beisast i ein nøytral farge som resten av hytta. Reint trevirke kan kappast og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til Byggjeprosjektet må ver ferdig innan utgangen av oktober 2017. Det vil verta gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad ved innsending av godkjent byggjeløyve frå heradet. TUV-004/15 SAMRØYSTES VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev løyve til oppføring av tilbygg for nytt inngangsparti, lager og toalett, samt fasadeendringar på stølshuset i Opesjo som omsøkt. Jfr. pkt. 4.1.3 a og b i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark. Grunnmuren på tilbygget skal utformast likt som på den eksisterande hytta, og tilbygget skal ha torvtak. Tilbygget skal ha liggjande kledning og lik takutforming som eksisterande hytta, og beisast i ein nøytral farge som resten av hytta. Reint trevirke kan kappast og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til Byggjeprosjektet må vera ferdig innan utgangen av oktober 2017. Det vert gjeve løyve til uttak av stein og torv pkt. 4.4 og 4.3.2 i verneforskrifta. Det vil verta gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad ved innsending av godkjent byggjeløyve frå heradet.
7