Kyrkjelydsbladet for Balestrand

Like dokumenter
ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Minnebok. Minnebok NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«Ny Giv» med gjetarhund

Finansiering av søknaden

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Til deg som bur i fosterheim år

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jon Fosse. For seint. Libretto

k o n f i r mant 2013

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Velkomen som konfirmant!

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

5. Soknerådsmøte mai Referat

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 5. juni, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsplan for Hare November

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Nr Årgang 65. Kyrkjelydsbladet påske 2011.indd :21:49

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Kva er økologisk matproduksjon?

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Sandeid skule SFO Årsplan

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Velkomen til soknerådskurs

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Transkript:

Kyrkjelydsbladet for Balestrand Nr 3 2014 Vår / Sommar 2015 Årgang 45 * 17.mai-programmet for 2015 *Jazzmesse under Balejazz * Kandidatliste ved soknerådsvalet * Bygginga av kyrkjestova har starta * Helsing frå Kari og Audun Systad

INNHALD Andakt ved Kjetil Netland s. 3 Endringar i prestetenesta frå 1.august s. 4 Avskilshelsing frå Audun og Kari s. 4 Stillingsannonse organist s.6 Kyrkjestova under bygging s. 7 Kyrkjevalet 2015 Kandidatar s.8 17.mai-program i Balestrand 2015 s. 9 Nytt frå kyrkjetårnet s. 10 Jazzmesse s. 11 Avskil med Diccon Pearce s. 13 Pilegrimsgudsteneste 29.7 s. 13 Minikonfirmantar på tur til Vik s. 14 Konfirmantsider s. 16 Endringar i Tjugum kyrkje oppsummering etter soknemøtet 25.1. s. 18 Annonseside s. 19 I glede og sorg s. 19 Gudstenesteplan s. 20 Kyrkjelydsbladet for Balestrand Utgjeve av Balestrand sokneråd Nr. 1-2015, 45. årgang Redaksjonsutvalet Audun Systad (sokneprest) og Jostein Risa (kyrkjeverje) Abonnement 3 utgjevingar i året (vår, sommar, jul) Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring 75 utanbygds abonnentar. Bladpengar: kr.200,- per år (friviljug) til konto: 3805.10.32583 Auka sats frå 2015 for å dekke auka trykkekostnader. Trykk / oppsett Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger Annonser Små annonser kr.400, store annonser kr.750. Heilside etter avtale. Framsidefoto: Mange ville feire 17.mai-gudstenesta i Tjugum kyrkje i 2014. I 2015 vert gudstenesta på grunnlovsdagen kl.10.00 ved prost Kjetil Netland. Foto: Jostein Risa Etterbehandling: Rune Haugen DEN NORSKE KYRKJA Balestrand Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet KONTAKTINFORMASJON Balestrand kyrkjekontor Kjerneopningstid: Tysdag-fredag kl. 10-14 Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND Telefon: 57 69 15 48 E-post: kontor@balestrand.kyrkja.no Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no Sokneprest Telefon kontor: 57 69 16 80 Audun Systad mobiltelefon: 971 55 237 Kjetil Netland frå 1.8 mobiltelefon: 911 03 134 E-post: sokneprest@balestrand.kyrkja.no Kyrkjeverje/dagleg leiar Jostein Risa (80 % stilling) Telefon kontor: 57 69 15 48 Mobiltelefon: 920 60 832 E-post: kyrkjeverje@balestrand.kyrkja.no Organist Diccon Pearce (20% stilling i Balestrand) Mobiltelefon: 974 35 982 E-post: organist@balestrand.kyrkja.no Prostidiakon Kjersti Brudvik (20% stilling i Balestrand) Mobiltelefon: 402 47 691 E-post: diakon@balestrand.kyrkja.no Kyrkjelydspedagog Rut Solveig Nydal Netland (25 % stilling i Balestrand) Mobiltelefon: 906 32 698 E-post: klped@balestrand.kyrkja.no Leiar i Balestrand sokneråd Helge Eilifsen Telefon privat: 57 69 16 77 Mobiltelefon: 975 42 481 E-post: helge.eilifsen@enivest.net Vakttelefon Sogn prosti: 954 83 374 Kvardagar: 17.00-08.00 Helg/høgtid: Frå 08.00 I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i kritiske situasjonar.) Heimeside: balestrand.kyrkja.no Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon, konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner. Vidare kan du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, laste ned årsrapport, dette bladet i pdf-format osb. 2

Andakt Følg meg! Følg meg! seier Jesus. Han sa det til Peter og dei andre læresveinane. (Mark 1, 17) Og han seier det til oss. Jesus har stått opp frå dei døde. Han lever no. Sjølv om vi ikkje ser han, er han her. Han vil at vi skal følgje han, og han vil vise oss korleis vi skal leve. Følg meg! seier Jesus, og utfordrar oss til å velje hans side i kampen mellom godt og vondt. Ein chilensk lege og prest, Hugo Rios Diaz, selde alt han eigde og brukte pengane til å byggje opp eit senter for foreldrelause born i Kongo. No bur det om lag åtte hundre born der. Mange av dei er skadde psykisk og fysisk. Han og medarbeidarane hans driv sjukehus og skule for dei. Fader Hugo ynskjer å følgje Jesus sine ord og Jesus sitt eksempel. I 2009 då borgarkrigen herja og dei levde i krigssona, sa han: Vi må gjere godt for andre menneske i dag. I morgon er det for seint. Den største lukka er å gje til andre. Eg trur Gud gjev meg gleda ved å døy med dei. Følg meg! seier Jesus. Det vil seie at vi ikkje skal gå gjennom livet åleine. Når det er kolonnekøyring på grunn av vegarbeid eller på grunn av uver, følgjer vi leiebilen. I kvardagen sine små og store utfordringar, gjeld det følgje med i «Jesus si kolonne». For vi treng den rettleiinga som Jesus gjev oss. Når det er uvêr i livet vårt, og vi ikkje ser kvar vegen går eller korleis vi skal kome oss ut av det, då vil Jesus vere vår leiebil. Jesus Kristus vil gjerne slå følgje med oss. Han vil hjelpe oss og gje oss styrke. Vegen er til for å gå på. Stopp ikkje opp. Jesus ventar på deg rundt neste sving. Han ventar på deg denne dagen. Han ventar på deg i morgon. Følg meg! seier Jesus. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. 1Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han. Mark 1, 16 18 Kjetil Netland prost og påtroppande sokneprest i Balestrand 3

Endringar i soknepresttenesta i Balestrand frå 1.august 2015 Frå 1.august 2015 vert Audun Systad sokneprest i Hyllestad og prost Kjetil Netland tek over ansvaret for soknepresttenesta i Balestrand. Endringa skjer etter ei intern omorganisering i Bjørgvin bispedøme som involverer soknepresten i Hyllestad og soknepresten i Balestrand: Ole Agnar Helland som no er sokneprest i Hyllestad går inn i redusert stilling i Vik (Sogn prosti) og Audun Systad som no er sokneprest i Balestrand går inn i full stilling som sokneprest i Hyllestad (Sunnfjord prosti). Endringa kom som eit tilbod frå bispedømet etter at dei to tilsette sjølve har gjeve signal om at dei ynskjer å flytte til eigen bustad. Omorganiseringa er avklara med biskopen, prostane og tillitsmannsapparatet til prestane. Audun Systad tok til som sokneprest i Balestrand 1.august 1999 og etter snart 16 års teneste har han og Kari knytt mange band i bygda. I konfirmantkulla både i 2014 og 2015 var det til dømes mange dei hadde fått fylgje heilt frå dåpen til konfirmasjonen, Kari både som lærar på Sagatun skule og mangeårig medlem i Trusopplæringsutvalet. Audun har som prest møtt balestrendingar i alle livsfasar, og det er ikkje få som har sagt at dei opplever det vemodig og trist at familien Systad no flyttar frå Balestrand. Det er sett opp avskilsgudsteneste i Tjugum kyrkje sundag 21.juni 2015 og soknerådet har lagt opp til ei avskilsmarkering med utvida kyrkjekaffi på Dragsvik fjordhotell i etterkant av gudstenesta der alle er velkomne. Her vil det vere høve til takk og helsingar til både Audun og Kari. Det vil verte skrive meir om dette i kyrkjelydsbladet som kjem i august/ september. Helsing frå Kari og Audun Takk for oss! Det å skrive ei avskilshelsing vert gjort med kryssande følelsar. På den eine sida ser me no fram til å flytte i eigen bustad i Sørbøvåg. Det er jo faktisk ikkje så svært mange år til pensjonsalderen ventar, om me får dagar og år På den andre sida har me hatt gode og gjevande år her i Balestrand, og knytt band og fått mange minne som me vil ta vare på. Mange og mykje kjem me til å sakne! Då me kom hit i 1999, var Balestrand ikkje ein ukjent stad for nokon av oss. Audun gjekk på realskulen her i 2 år, og Kari hadde eit par somrar jobb på Kviknes hotel. Dotter vår Silje gjekk på Sygna ikkje lenge før me flytta hit, og då var me ofte her. Mest alle år frå me fekk bil i 1979, og me anten kom austfrå eller frå Luster, så var det denne vegen me reiste forbi til Hyllestad. Då køyrde me ofte «Villavegen» langs fjorden; for det var så fint! At Balestrand er ei perle, veit de, og det har me ofte fått høyre ved besøk. Når fleire òg hevdar at Lunde prestegard må vere noko av det aller finaste her, sjølve «indrefileten», som ein sa, så kunne me jo ikkje anna enn trivast. Det har vore kjekt å bu i prestegarden! Det er fantastisk når påskeliljene kjem i mars, og vårsola blenkjer. Då gløymer me at vegen var stengd til tider! For Audun spesielt har Saurdalen vore ein flott rekreasjonsstad. Kjekt var det også tidleg å få utfordring om å vere med i styret i idrettslaget! Kjetil Netland har vore prost i Sogn prosti frå august i 2014. Då kom han frå ti år som sokneprest i Stryn og han har tidlegare m.a. vore sokneprest i Lærdal. Det er Sogndal som er prostesete, men han bur i Ese i Balestrand, på garden mor hans kom frå. Inntil 50 prosent av stillinga som prost er presteteneste og det er delar av dette han no vil bruke når han no tek over sokneprestansvaret i Balestrand. I tillegg har han som prost ansvar for prestetenesta i heile prostiet (Vik, Balestrand, Sogndal & Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland) og det vil som tidlegare også kome prestar frå nabosokna for å gjere teneste i Balestrand. 4

Systad: At Balestrand har så mange frivillige medarbeidarar i ulike arbeidsgreiner vart også med rette drege fram av biskopen under siste visitas, og det arbeidet som vert gjort frå veke til veke er av uendeleg stor verdi. Då me kom hit i 1999, var det noko me såg kunne vere behov for, og det var barnekor. Kari fekk då saman med Elisabeth Ytrehorn starta koret «Baluba», som har gjeve oss veldig mange gleder opp gjennom åra. No har andre teke over, og slik er det med arbeidet ein står i, stafettpinnen skal gjevast vidare til nye. At KRIK-gruppa (Kristen Idrettskontakt), som vart starta i 2001 av idrettslærar Per Kristian Andresen saman med Audun, no samlar veldig mange både av Sygna-elevar og elevar oppvaksne i bygda, er eit anna bevis på at her er mange gode leiarkrefter. Balestrand er heldig som har ein skule som Sygna, eit aktivt bedehus og kyrkjelege utval og administrasjon som dreg lasset saman. Kyrkjeverje Jostein har ei god hand med ansvaret på kontoret. Samstundes er det fint å få vere prest i folkekyrkja, med alle dei kontaktpunkt det gjev; både ved kyrkjelege handlingar, som dåp, konfirmasjon, vigslar og gravferder; både i glede og sorg; og møte folk der dei er. Trusopplæringsarbeidet har fått ein god inngang i Balestrand, og det har vore fint og fått vore med på for oss begge, til dømes med minikonfirmasjon. Sist denne våren har det no vore trusopplæring for vaksne med «Tid for tru»-kveldar,. Flott at det vil bli vidareført, og det kjem ei utfordring frå oss: Meld dykk på. Dette er for alle! Tidleg fekk Audun utfordring frå bispedømet om å ta vidareutdanning i arbeidet med utviklingshemma. Det var gjevande, og alt det diakonale arbeidet er så viktig i ein kyrkjelyd. Det skal me ikkje gløyme! Kjekt å sjå at me ligg øvst på lista over gåver per innbyggar her i fylket ved fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp! Takk til soknerådet som og har prioritert så mange takkoffer til andre enn seg sjølv! No ser me også at kyrkjestova er i ferd med å bli reist. Den blir helt sikkert til velsigning. At overskot frå kyrkjeboka ved jubileet kan gå til den, vitnar om at det som er sådd i fortida, spirar fram på forskjellig vis! Takk også til Balestrand kommune for velvilje! At ein del av tida for Audun sin del har blitt brukt utanfor Balestrand, er naturleg i og med folketalet. Samstundes skal det ikkje stikkast under ein stol at det også har gjeve utfordringar, med reisetid og møtepunkt til forskjellige tider. No fungerer dette godt. At det og blir hyppigare ferjeavgangar over fjorden vil vere bra. Det er gjerne i sentrum at ein såleis har fått vore aller mest, men ein skulle gjerne ha vore meir fleire stader. Å ha gudsteneste på Stølsberg, i Nessadalen, eller Kvamsøy er jo opplevingar i seg sjølv. For Kari har Sagatun skule vore ein god og interessant arbeidsplass, der ho har lika seg godt. Nett no har ho fått ny jobb på Hyllestad skule, der ho gjekk på ungdomsskulen, då den var heilt ny. Det er til barndomsheimen hennar i Sørbøvåg me no flyttar. Den ligg fint til ved sjøen der ute. Det vert også ein hage å stelle som foreldra har opparbeidd, men det vert godt å sleppe å stelle to! At båten er kommen på plass i båthamna set Audun spesielt pris på. Me har lyst å seie: Velkommen på besøk til Sørbøvåg og Hyllestad, om ikkje alle på ein gong! ( Jau forresten; kom gjerne på kyrkjelydstur!). Hyllestad har fin og særmerkt natur, og dei satsar no meir på turisme. Kanskje Balestrand har noko å lære bort? Takk for gode minne og varmande tilbakemeldingar! Det er kjekt no å vite at stafettpinnen vert levert vidare i gode hender. Signing over arbeidet både til Kjetil og Rut Solveig! Og til kvar og ein i frivillig teneste og i staben. No er det fleire endringar på gang. Til sist helsing til dykk alle med sentrale vers i 2.Tim. kap.1: «Han har frelst oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider..(v.9). Ta vare på den gode skatten som er til trudd deg, ved Den Heilage Ande som bur i oss.»(v.14) Beste helsingar Kari og Audun 5

DEN NORSKE KYRKJA Balestrand Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Balestrand kyrkjelyd opplever god oppslutning om gudstenestene og har eit breitt og variert kyrkjelydsarbeid, sjå siste årsrapport på heimesida www.balestrand.kyrkja.no. Ledig stilling ORGANIST / KYRKJEMUSIKAR (30 % fast stilling) Organisten har det kyrkjemusikalske ansvaret i kyrkjelyden. Hovudarbeidsoppgåver: Speling ved gudstenester og kyrkjelege tenester. Deltaking i trusopplæringa i kyrkjelyden. Vi ynskjer ein person som har musikkutdanning og kvalifisert orgel- og pianospel er open for samarbeid og ulike musikalske uttrykk i gudstenestene Opplysningar om stillinga: Løn etter kvalifikasjonar i tråd med gjeldande kyrkjelege tariffavtale. Oppstart i stillinga: 1.september eller etter avtale. Fullstendig utlysingstekst finn du på www.balestrand.kyrkja.no Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar sendast: Balestrand sokneråd, Sjøtunsv. 6, 6899 BAL- ESTRAND. Kontaktperson: Kyrkjeverje Jostein Risa m.920 60 832 Søknadsfrist: 26.mai 2015 Framhald frå side 18 Den andre avstemminga i soknemøtet gjekk på om soknerådet skulle arbeide vidare med saka (kunne eventuelt velje ei gruppe) og sjå på heilskapen i kyrkja. Av dei 24 med røysterett då denne avstemminga vart gjort var 21 for og 3 mot. Soknerådet gjorde 26.februar vedtak som opna for å jobbe vidare med saka - utan å tidfeste noko. Frå 1.november 2015 er det nytt sokneråd. Preikestol og stolar Dei andre endringane som var nemnde i fråsegna frå pensjonistlaget var preikestol og framlegg om stolar i staden for faste kyrkjebenker. Preikestolar har etter dette vorte eit heitt tema også andre stader i Sogn. Saka var nemnt i soknemøtet der eg sjølv tala for å ta preikestolen bort, men det kan her presiserast at fleirtalet i Balestrand sokneråd ikkje ynskjer å gjere endringar som involverer preikestolen i Tjugum kyrkje og at preikestolen dermed står støtt. Då soknerådet ved fyrste handsaming i juni 2014 drøfta å sende søknad om å erstatte benker i kyrkja med stolar var det ikkje av di rådet hadde bestemt seg for ei slik løysing, men for å avklare i god tid kva ein kan ha lov til og ikkje dersom det seinare skulle bli aktuelt. Det å byte ut alle benkene i kyrkjerommet med stolar vart det ikkje røysta over i soknemøtet og dei fleste som tok ordet var meir opptekne av benkene framme og bak i kyrkja. Stolar er svært dyre og som kyrkjeverje kan eg seie at uansett kva ein meiner vil det ikkje vere økonomi til å gjere større endringar på dette området på svært lenge. Kvifor? Fokus på kyrkjestova Fordi soknerådet no har prioritert eit anna flott prosjekt på Tjugum som vil gje eit mykje betre tilbod for kyrkjelyden når dei samlast på Tjugum, særleg borna og ved kyrkjekaffi. Både dette året og dei komande vil arbeidet med kyrkjestova ha full fokus. Soknerådet investerer no det meste av frie fondsmidlar dei rår over i kyrkjestova. Vi er glade for at bydefolket i Balestrand er engasjerte i kyrkja si og vi vonar kyrkjelyden vil støtte samla opp om dette flotte prosjektet med gåver slik at det kan fullførast, sjå neste side. Jostein Risa kyrkjeverje og medlem i Balestrand kyrkjelyd 6

Bygginga av kyrkjestova er i gang! Året 2015 vert eit nytt merkeår i Balestrand si kyrkjehistorie; året då kyrkjestova vart bygd. Onsdag 8. april byrja grunnarbeidet for kyrkjestova ved Tjugum kyrkje og når du les dette skal grunnplata til bygget vere ferdig støypt. Firmaet Tharaso AS frå Sogndal vann anbodskonkurransen og er totalentreprenør. Olav Farestveit er dagleg leiar i firmaet. Det er Jermund Breili som representerer Tharaso som byggeleiar for kyrkjestove-prosjektet og han er den vi kommuniserer med i det daglege. Som underentreprenørar har Tharaso nytta Jan Inge Høydal til graving og grunnarbeid, Frode Buene til å syte for rørleggarbiten og Josvanger elektro AS til det elektriske. Tharaso AS legg opp til å få fullført mest mogeleg av kyrkjestova i laupet av sommarmånadene. Etter at sjølve bygget har kome opp skal det fyllast med inventar: Kjøken, stolar, bord, lydutstyr, kvitevarer osb. Finansieringsplanen viser at bygget er tenkt finansiert av a) kommunen som tek opp lån på 1,2 millionar kroner der soknerådet dekker årlege renteutgifter b) oppsparte fondsmidlar soknerådet disponerer på inntil kr 650.000 c) gåvemidlar på kr 200.000. Soknerådet treng difor di hjelp til å få kyrkjestova i drift. Det er no det er bruk for di gåve: Dette er ei investering ikkje minst for dei unge i Balestrand - ei investering for framtida! Soknerådet set stor pris på alle som vil gje ei enkeltgåve til kyrkjestova. Du kan då bruke den øyremerka kyrkjestovekontoen 3705.13.19711 (registrert på Balestrand sokn). Soknerådet oppmuntrar også til å bli med i ei fast gjevarteneste via AvtaleGiro med månadlege eller kvartalsvise trekk. Du finn skjema i kyrkjene eller kan få det tilsendt frå kyrkjekontoret. Vi minner om nokre av grunnane til at vi held på med dette: Med kyrkjestova kan kyrkjelyden gje eit tilpassa tilbod til born i samband med gudstenestene i Tjugum kyrkje. Dette er noko småbarnsfamiliar i Balestrand har etterlyst i mange tiår og vi gler oss til dette kjem på plass. Kyrkjestova vil vidare gje vesentleg betre rammer rundt kyrkjekaffi og andre sosiale samlingar i samband med gudstenestene. Og ikkje minst vil lokalet eigne seg ypparleg til ulike trusopplæringstiltak. I tråd med avtalen med Balestrand kommune vil bygget også verte tilgjengeleg for alle innbyggarar i Balestrand som livssynsnøytralt seremonirom. Det er då lagt til grunn at innreiing og utsmykking skal være nøytral/ fleksibel, slik at rommet kan nyttast uavhengig av livssyn eller religiøs tilknyting. Det vert elles vist til tidlegare artiklar i kyrkjelydsbladet. 7

Kandidatlista til soknerådet er klar Lista med kandidatar til Kyrkjevalet 2015 er klar. 15 kandidatar stiller til val når nytt sokneråd skal veljast i Balestrand sokn. Frist for å levere framlegg på lister til val på nytt sokneråd gjekk ut 1.mai. No er lista over kandidatar klar, og til saman 15 kandidatar stiller til val i Balestrand sokn. Blant kandidatane er det 10 kvinner og 5 menn. - Som medlem i soknerådet kan ein vere med å prege og påverke kyrkja sitt arbeid i lokalsamfunnet. Det er gledeleg å sjå at vi har fått på plass ei liste med kandidatar som ønskjer å stille opp for dei fire neste åra. Utan dette frivillige engasjementet hadde kyrkja sitt arbeid vore umogleg, seier Marit Beathe Kyrvestad, leiar for nominasjonsnemnda i Balestrand. I nominasjonsarbeidet har nemnda lagt vekt på å få representantar frå alle delar av kommunen og då også frå båe dei to tidlegare sokna Kvamsøy sokn og Tjugum sokn som frå 1.1.2004 vart samanslegne til Balestrand sokn. Det har vore arbeidd med å få til ei god samansetning av kandidatar med ulik bakgrunn, kompetanse, kjønn og spreiing i alder. Med 33 prosent menn på lista nådde ein likevel berre nesten Kyrkjerådet sitt mål om minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn på listene. Lista inneheld to personar under 30 år. Kyrkjevalet til hausten er eit eineståande høve for den enkelte medlem å engasjere seg i si lokale kyrkje. Røysterett. Valkort vert sendt ut i august. Alle medlemer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som seinast i 2015 fyller 15 år har røysterett. I starten av august vil alle røysteføre medlemmer av Den norske kyrkja få eit valkort i posten med informasjon om kvar og når ein kan røyste. Gje melding til kyrkjekontoret om du ikkje får, men skulle hatt slikt valkort, eller om du får valkort og ikkje skulle hatt det. Du kan også sjekke valmanntalet (informasjon om deg sjølv) same stader og tider som er oppgjevne for førehandsrøysting. Tid og stad for valet Kyrkjevalet 2015 vert halde måndag 14. september, same tid og stad som kommunestyre- og fylkestingsvalet, dvs i tre krinsar: Sagatun krins, Fjordtun krins og Nessane krins. For opningstider for vallokala vert det vist til seinare informasjon. Balestrand sokneråd er valstyre ved soknerådsvalet og Erland A. Fagermoen er vald til leiar av valstyret. Førehandstrøysting: Det vil vere høve til å førehandsrøyste i perioden 10.august til 11.september. For førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur er fristen 1.september. Førehandsrøysting på Balestrand kyrkjekontor i tidsrommet tysdag-fredag kl.10.00-14.00, etter gudstenestene i Tjugum kyrkje 30.august kl.17.00 og Sæle kyrkje 6.september kl.11.00. Det vil også verte førehandsrøysting på Balestrand helsetun. Kandidatliste ved soknerådsvalet 2015 Kandidatlista er nett klar. Det vil kome ein nærare presentasjon av kandidatane i neste utgåve av kyrkjelydsbladet som kjem i ut i august/september. Der vil også kandidatane til bispedømerådsvalet verte presenterte. 1. Helge Ottar Ulvestad, 61 år, Brattland 2. Ingrid Margrete Menes, 64 år, Menes 3. Åshild Alte Sagevik 35 år, Sygnavegen 4. Tore Brudvik, Balalii, 67 år, Balalii 5. Anne Britt Balevik, 51 år, Kvamsøy 6. Kari Kvikne, 48 år, Kviknevegen 7. Margot Ryssdal, 68 år, Ulvastad 8. Malene Sværen Mundal, 24 år, Dale 9. Bjarne Senneseth, 69 år, Lånefjorden 10. Janne Helen Midttun Vervik, 44 år, Lundevegen 11. Jenny Kristin Menes, 35 år, Menes 12. Anne Rita Sæle, 58 år, Sæle 13. Asbjørn Apneseth, 60 år, Bruhjell 14. Liz Janne Feidje Nordeide, 27 år, Brattland 15. Just Gunvald Olsen, 67 år, Sæle Kven av desse vert valde til Balestrand sokneråd? Dei 8 som får flest røyster vert faste medlemer i soknerådet, medan dei 5 neste vert varamedlemer. Fyrste varamedlem møter fast på møta. Det nye soknerådet tiltrer 1.november 2015 og skal konstituere seg før dette. Endringar på røystesetelen Ved røysting kan lista berre endrast på to måtar: 1) Gje inntil tre tilleggsrøyster ved å setje kryss ved kandidaten. 2) Føre opp inntil tre nye namn (utan tilleggsrøyst) Ein kan ikkje lenger stryke kandidatar. Nye oppteljingsreglar gjev veljarane større makt Dei som røystar har ved dette valet større makt enn før ved at alle på lista har like stort høve til å verte valde. Rekkefylgja på kandidatlista får berre innverknad på resultatet dersom kandidatar har like mange røyster. Dine ekstrarøyster vil dermed kunne få direkte innverknad på resultatet. For meir informasjon kontakt kyrkjeverje Jostein Risa m.920 60 832. 8

Program for 17.mai-feiringa i Balestrand 2015 Ca kl. Kva Stad Ansvarleg 9.30 17.mai-tog til Tjugum kyrkje Oppstart ved rundkøyringa på Dragsvik Flaggborg Balestrand musikklag Fjordtun oppvekstsenter 10.00 Familiegudsteneste Tjugum kyrkje Kjetil Netland 11.30 17.mai-tog i Balestrand sentrum Rute for toget: Oppstart på Balestrand kai ved Fylkesbåtstøtta, Kong Beles veg, Balahaugen, Helsetunet, Belehalli. 12.00 Song og musikk på Balahaugen Song ved Balestrand songlag Musikk ved musikklaget 17.mai-songar 12.20 Balestrand helsetun Musikk ved musikklaget 13.00 17.mai-program i Belehalli Startar med 17.mai-songar ved 1.-7. klasse ved Sagatun skule Russetale ved russepresident Jakob Gullbrå Tollefsen 17.mai-tale ved Eirik Haga, ordførar i Vaksdal kommune 13.00 Kafé / Kiosk Sal av kaffi, kaker, brus og is Balahaugen Helsetunet Belehalli Belehalli Rekkefylgje i toget: 1. Flaggborg 8.klasseforeldre 2. Balestrand ungdomslag 3. Balestrand musikklag 4. Balestrand songlag 5. Kvar skuleklasse går samla under si fane saman med foreldrekontaktane 6. Sagatun barnehage 7. Foreldre 8. Bygdafolk Songark vert delt ut. Benkar å sitje på. Balestrand songlag 8.klasse-elevar og foreldre 9.klasse-elevar med foreldre 13.30 Barneleikar på idrettsbana Kreklingen stadion 8.klasse-elevar med foreldre 14.00 Fotballkamp mellom 10.klasseelevar frå Sagatun og Sygnarussen 14.00-21.00 Ballbingen 10.klasse-elevar 17.mai-buffet Kviknes Hotel Kviknes Hotel 17.00 17.mai-fest Tale: Lin Åm Fuglestad. Eige opplegg for borna Bedehuset Betel i Balestrand Bedehusstyret I 2015 er det 8.klasse-elevar og -foreldre på Sagatun skule som er 17.mai-komité. Vel møtt! Dette programmet kan lastast ned frå www.balestrand.kommune.no og www.sagatunskule.no 9

Nytt frå kyrkjetårnet Innsamlingsrekord for fasteaksjonen 2015 Fasteaksjonen er kyrkjelyden sin årlege innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp der konfirmantar, foreldre, soknerådsmedlemer og andre går frå dør-til-dør med bøsser. I år var temaet I kriser er vatn kritisk og totalt innsamla sum i 2015 vart kr 26.650 og dermed ny rekord i Balestrand! (I 2010 kom det inn kr 25.550). Kirkens Nødhjelp har til dømes sørga for reint vatn til over ein million menneske i Syria som lever med borgarkrig på femte året. Takk til alle som var med og gjekk med bøsse og elles hjelpte til ved aksjonen! Takk til alle som gav! Årsrapport 2014 Balestrand sokneråd sin årsrapport for 2014 vart lagt fram ved årsmøtet etter gudstenesta i Tjugum kyrkje 8.mars 2015. Årsrapporten inneheld t.d. statistikk om gudstenester, kyrkjelege handlingar og offer, oversyn over vedlikehald og innkjøp, trusopplæring, kva saker soknerådet har hatt oppe og forklaringar til meirforbruket i driftsrekneskap og investeringsrekneskap for 2014. Vi har ikkje rom for å attgje innhaldet her i kyrkjelydsbladet, men oppmodar: Les årsrapporten! Du finn han enkelt på www.balestrand.kyrkja.no, i kyrkjene, på Rådhuset, på grendaskulane, biblioteket og kyrkjekontoret. Kirkens Nødhjelp er på plass i Nepal Nett no jobbar Kirkens Nødhjelp på spreng for å sikre tilgang til reint vatn og trygge sanitærforhold i Nepal etter jordskjelvet 25.april. Du kan støtte arbeidet i Nepal direkte ved å sende NØDHJELP til 2468 (200 kr), eller gje via kontonummer 1594.22.87426. Støtta vår er med på å gje Kirkens Nødhjelp høve til å handle raskt og gjere ein best mogleg jobb. Ein samtale for livet skal koste lite Kirkens SOS har fått nytt telefonnummer. Frå og med 3. mars er det nye nummeret 22 40 00 40. Denne endringa har vi gjort for at dei som treng Kirkens SOS skal sleppe å tenke på telefonkostnadene. Med det nye nummeret vert samtaleprisen det ein samtale til ein vanleg fasttelefon kostar. Du kan skrive meldinger eller chatte fra www.kirkens-sos.no Denne samtalen kan vere ein samtale for livet: Kvart år svarar Kirkens SOS på meir enn 177.000 telefonsamtalar og til saman ca 14.000 chat og sos-meldingar (anonymisert e-post). Med ca 900 frivillige og over 30 ansatte, gjer Kirkens SOS med sine 12 lokale senter denne tenesta tilgjengeleg for menneske som opplever å vere i krise. Kirkens SOS vil vere et samtaletilbod for alle som opplever at livet er utfordrande, og særleg for dei som har sjølvmordstankar. Telefonen skal vere ei open linje der det er lov å snakke om alt. Årsrekneskap 2014 Driftsrekneskapen for 2014 kom ut med eit underskot / mindreforbruk på kr 35.900. Dette er vedteke dekka inn frå disposisjonsfond. Investeringsrekneskapen viste eit underskot/meirforbruk i høve budsjettet i 2014 på totalt kr 72.600. Dette er sett saman av meirforbuk på prosjekt 301 Kvamsøy kyrkje murar og tårn på kr 26.400 og prosjekt 302 Kyrkjestove Tjugum på kr 40.700. I tillegg eit eigenkapitaltilskot KLP på kr 5.500. Inndekking av meirforbruket skjer også her ved bruk av ulike fond. Det vert elles vist til forklaringar og kommentarar i årsrapporten og den trykte rekneskapen med notar. Årsrekneskapen er lagt ut same stader som årsrapporten. 10

Organiststillinga i Balestrand er lyst ut Det er no lyst ut organiststilling i Balestrand på 30 prosent av full stilling med tilsetjing frå 1.9. 2015, sjå annonse på s. 6 og fullstendig utlysingstekst på heimesida balestrand.kyrkja.no Balejazz: Jazzmesse i engelskkyrkja 10.mai I årets Balejazzprogram er det ein heilt ny programpost og Balestrand sokneråd glade for å kunne invitere til jazzmessa «Etterklang» i engelskkyrkja søndag føremiddag kl.10.30. Ein av opphavsmennene, Runar Netland har familie og mange sommarferiar i Balestrand. Han studerer no musikk i Oslo og jobbar som kyrkjemusikar ved sida av. I 2014 var han organistvikar ved julaftansgudstenestene i Balestrand. Kjøp salmeboka på kyrkjekontoret Norsk Salmebok 2013 er no i bruk i kyrkjene i Balestrand. Men salmeboka er ikkje berre for kyrkja. På omslaget står det For kyrkje og heim og boka er tenkt som ei bruksbok i kvardagen. Ei rikhaldig bønebok bakarst inneheld bøner du kan bruke i ei rad ulike situasjonar. Etterklang St. Olafs kyrkje, sundag 10.mai kl.10.30 «Etterklang» er ei unik og vakker musikkmesse komponert for jazzsekstett. Messa er satt saman av eit spennande og variert lydbilete, med både instrumentale og vokale verk. Musikken er komponert av musikkstudentane Runar Netland og Fredrik Svabø. Etterklang brukar kyrkjerommet som musikalsk palett, og ynskjer å gje ei åndeleg og musikalsk oppleving til ettertanke og meditasjon. Runar Netland, slagverk. Fredrik Svabø, gitar. Ester Lorentzen, vokal. Halvor Askim, kontrabass. Fred Håkon Klausen, tangentar. Thomas Nordvik, trompet Kjetil Netland vert med som liturg. Det er ikkje inngangspengar, men det vert kollekt ved utgangen for å dekke kostnader. Dei som ikkje har høve til å vere med søndag føremiddag kan oppleve jazzmessa i Leikanger kyrkje same kveld kl.18.00. Kjøp salmeboka og ta henne i bruk også i heimen! Salmeboka er også ei flott gåve til konfirmantar, jubilantar og brudepar. Den raude utgåva av salmeboka er no tilgjengeleg frå Balestrand kyrkjekontor til same pris som i butikkane kr 339,-. Salmeboka finst også i fleire utgåver: Ei blå med stor skrift, ei gåveinnbunde med kassett og ei brun pocketutgåve. 11

TID FOR TRU Fem onsdagar frå januar til mars var det eit undervisningsopplegg for vaksne på bedehuset i Balestrand i regi av Balestrand sokneråd. Kurskveldane har teke til med kveldsmat og prat, så song, undervisningsøkt og samtale i grupper. Til slutt har vi hatt oppsummering frå gruppene i plenum. Sokneprest Audun Systad har vore ansvarleg for undervisningsdelen på samlingane; Kjetil Netland hadde ei samling. Fleire i kyrkjelyden har vore med som gruppeleiarar og teke praktisk ansvar. Det har vore opp mot 40 personar innom totalt, med ikring/over 30 personar på kvar samling. Fyrste tema var «Kan eg tru når eg tvilar?». Dei tre trusartiklane fekk så kvar si samling: «Eg trur på Gud Fader», «Eg trur på Jesus Kristus» og «Eg trur på Den Heilage Ande». Ved siste samlinga 25.mars var spørsmålet «Kva gjer dei kristne når dei trur?» Responsen har vore svært god. Fine undervisningsøkter og mange interessante samtalar i gruppene etterpå har gjeve meirsmak. Det var difor invitert til ei ekstra samling 22. april og deltakarane vart også inviterte til NMS Lyngmo 50 år i 2015 Leirstaden vår i Indre Sogn fyller 50 år i 2015. Dette vert feira med jubileumshelg 13. 14. juni. Foreløpig program (meir detaljar kjem seinare): Laurdag 13. juni 13.00 Familiedag med ulike aktivitetar Servering av grillmat 16.00 17.00 Familie-møte med Ruben Gazki «Ruben Gazki har to sterke drivkrefter i livet sitt, sin kristne tro og sine tryllekunstner» 17.30 18.30 Fest-måltid 19.00 Jubileumsfest Søndag 14. juni 11.00 Jubileumsgudsteneste, samarbeid mellom Lyngmo og Kyrkja Hjarteleg velkomne! sitt møte om Kristendom og Islam 29.april. Det er aktuelt å halde fram med samlingar etter same mal også vidare. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer informasjon om desse på SMS. Dåpskjole til utlån Vi vil minne om at Balestrand sokneråd har fått ein dåpskjole som er til fritt utlån gjennom kyrkjekontoret til alle som ynskjer det. Kjolen var opphaveleg gjeve til Balestrand Husmorlag i 1988 frå eit tidlegare medlem i husmorlaget. Husmorlaget har lånt ut dåpskjolen både i og utanfor soknet. Det har vore teke ein mindre sum for å få kjolen vaska; ut over det er lånet gratis. Det fylgjer med både rosa og lyseblå silkeband. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du vil låne dåpskjolen! 70-års fredsmarkering 7.juni I 2015 er det 75 år sidan andre verdskrigen starta i Noreg, og 70 år sidan landet vart fritt. Søndag 7.juni står Balestrand sogelag, Balestrand pensjonistlag og Balestrand kommune saman om ei 70-års fredsmarkering. Samlinga vert på Kviknes Hotel på ettermiddagen. Sjå oppslag. 12

Gudsteneste på Gaularfjell 23. august Det har i mange år vore tradisjon med ei gudsteneste i det fri ved Holmevasshytta på Gaularfjell. Vi har ikkje lagt opp til gudsteneste i Balestrand denne dagen og du kan dermed få med deg denne fjellgudstenesta kl.12.00. Holmevasshytta er eit godt utgangspunkt for fjelltur (og molteplukking) og det er KFUK- KFUM Sogn og Fjordane som står som arrangørar i lag med Gaular kyrkjelyd. Olsokgudsteneste i Kvamsøy kyrkje 29. juli kl 17.00 Olsokdagen onsdag 29.juli kl.17.00 vert det, som i 2014, gudsteneste i Kvamsøy kyrkje. I samband med gudstenesta vil Pilegrimsvandring Balestrand v/ Bjørg Frøisok Bjøberg ha ei organisert vandring langs pilegrimsleia til Kvamsøy (transport frå Holmen til Kallestad). Vandring på den nye Pilegrimsstien, ein 4,5 km lang sti frå Kallestad til Kvamsøy. Stien går gjennom eit unikt stykkje natur, mellom høgreiste, slanke furustammer, vakker blandingsskog og over bekker og langsmed små fossefall. Ærverdige eiketre står som bautaer over forgangne tider, og Tusenårseika ved ein av gardane på Målsnes er ein naturleg stad for refleksjon. Det vert servering ved Kvamsøy grendahus etter kvart som ein kjem fram. Det vil så gå båt over sundet til Kvamsøy kyrkje der gudstenesta startar kl.17.00. Kjetil Netland er ansvarleg for gudstenesta, Eyolf Østrem deltek med gregoriansk song. Organist Diccon Pearce og kona Sandra m.fl. deltek også med musikk i gudstenesta. Etter gudstenesta går pilegrimsvandringa innom skulpturen Børtreet som ligg ute på øya. Pernille Østrem, sognepræst i Stefanskirken i København, deltek her som liturg. Pilegrimsvandringa vert avslutta med ein båttur attende til Holmen. Gudstenesta er open for alle. Dei som vil delta på vandringa (jf transport og servering) sender eller ringer påmelding til: Avskil med Diccon Pearce 29.juli Diccon Pearce har jobba som organist i Balestrand i 20 prosent stilling dei siste to åra. Formelt har dette vore ordna ved at Balestrand sokneråd har kjøpt organisttenester frå Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd som er formell arbeidsgjevar. Avtalen var skriven for to år og etter over 20 år i Noreg flyttar Diccon Pearce og kona Sandra no attende til England. Diccon Pearce har kome med entusiasme og ei positiv innstilling og har bidrege med stor variasjon i musikalske uttrykk og stilartar. Han har introdusert eigne Taizé-gudstenester der han hadde med seg fleire musikarar, har vore rundt på skulen og øvd i klassane før skule- og jubileumsgudstenester (i lag med kyrkjelydspedagog Rut Solveig Netland), og får gjerne fram eit smil når han spelar, som då han spela «What shall we do with the drunken sailor» under takkoffer til Sjømannsmisjonen. Han vekslar enkelt mellom å akkompagnere ein nyare lovsong på piano, spele folkemusikk med band frå Sagatun skule og å spele eit mektig, klassisk postludium på kyrkjeorgelet. Kyrkjelyden i Balestrand har hatt stor glede av Diccon som organist desse to åra og vi vil markere avskil med han og Sandra i samband med pilegrimsgudstenesta i Kvamsøy kyrkje olsokdag onsdag 29.juli kl.17.00. Pilegrimsvandring Balestrand, Bjørg F Bjøberg, Fjærestad 44, 6899 Balestrand. m. 915 62 842. http://www.detgylnehus.no/ 13

T -11 Minikonfirmasjon for born fødde i 2003 Minikonfirmantane på dagstur til Vik 22. april Denne turen var eit nytt felles tiltak for minikonfirmantane i Vik, Arnafjord, Vangsnes, Feios, Fresvik og Balestrand. Sokneprest Audun Systad var sjåfør og henta minikonfirmantane i minibuss leigd frå Sygna vgs rett etter skulen. Kyrkjelydspedagog Rut Solveig Nydal Netland var hovudansvarleg for dagen og frå Balestrand Jorunn A. Høines var med frå trusopplæringsutvalet og Anita Hjønnevåg var med som mor. Programmet starta kl.14 i Kyrkjestova i Vik med pizza, brus og bli-kjent-leikar. Foreldre frå Vik hjelpte til prakttisk. «Å tru på Jesus» var tema for samlinga i Vik kyrkje. Nils Einar Berget er vikarprest i Vik fengsel for tida og var med heile dagen. Vi spela også fotballkamp i ballbingen. Etter det gjekk alle til Hopperstad stavkyrkje og det var laga til eit flott sporløp langs vegen dit. I stavkyrkja hadde Audun Systad gudsteneste med fokus på misjon og det var offer til misjonsprosjekta i dei ulike kyrkjelydane. Mange av Vik-familiane var med på gudstenesta og hadde også med mat til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Minikonfirmantane frå Arnafjord, Vangsnes og Vik fekk diplomar. Minikonfirmantane frå dei ulike sokna syntest det var kjekt å treffe kvarandre og suksessen vil truleg verte teken opp att til neste år. 14

15

KONFIRMANTÅRET 2015 Samtalegudstenesta 2015 Samtalegudstenesta var søndag 19.april i Tjugum og er dermed nett over. Der deltok alle dei 11 konfirmantane som i år har fylgd undervisninga. Dei var med i alle ledd i gudstenesta, med lesing av tekstar og bøner. Vi fekk også sjå korleis ein konfirmanttime pleier starte ståande i ring med lystenning, bøn og krossmerket. Dei fortalde også om ting dei har vore med på gjennom året. I tillegg til Kick-Off og konfirmantweekend vart det måndag 23.mars tur til Luster. Med presten som sjåfør i minibussen til Sygna vgs. Sokneprest Geir Paulsen i Luster gav ei inspirerande omvising i flotte Dale kyrkje og konfirmantane fekk også vere med i kjellaren under korgolvet og sjå på kistene som stod der. Dagen heldt fram med pizza på Pyramiden og bading i Lustrabadet. Denne turen kom i staden for Nattcup som ikkje vart arrangert i år. Læring og miljø I Balestrand brukar vi heftet «Følg meg» som lærebok. Audun har hatt ansvar for undervisninga og har hatt Thea Elisabeth Slåtten med seg. Ho har vore eittåring i NLM dette året og har vore medhjelpar og gruppeleiar i konfirmanttimane som ein del av denne tenesta. Ho har også teke ansvar for maten ved samlingane. Miljøaspektet (det å delta og oppleve) er no veldig viktig i eit konfirmantår: Konfirmantane har stilt flott opp og vore kyrkjevertar på mange av gudstenestene, inkludert «Ung Messe». Me er og heldige som har ei KRIK- gruppe her, drive av elevar og tilsette på Sygna vgs. Der konfirmantane delteke jamleg. 16 Konfirmantfest og konfirmasjon Etter samtalegudstenesta 6.april var det konfirmantfest på Midtnes hotel for konfirmantar og familiar, leia av Erland Fagermoen frå soknerådet. Det var god middag og innhaldsrikt program med bilete frå konfirmasjonsåret mm ved Jostein Risa, quiz ved Helge Eilifsen, konkurranse ved Thea. Jorunn Høines song og spela flott for oss. Audun hadde ei slutthelsing og peika mellom anna på at dette konfirmantkullet er eitt av to kull han har fylgt heilt frå dåp til konfirmasjon. 26.april vart Vegard Pedersen Nesse konfirmert i Sæle kyrkje. Han har fylgt konfirmasjonsførebuinga i Høyanger i lag med dei han går på skule i lag med, men har delteke jamleg på gudstenester i Sæle og Nessane gjennom konfirmasjonstida. Sundag 3.mai er det konfirmasjon i Tjugum kyrkje for dei 11 konfirmantane som har fylgt undervisninga i Balestrand. Frå kyrkja si side ynskjer me at alle får oppleve ein fin dag. Lukke til og Guds signing over dagen og framtida! På bileta får vi glimt frå konfirmasjonstimane, Ung Messe, konfirmantweekend, tur til Luster. Øvst til venstre også to bilete frå 2011 då konfirmantane var minikonfirmantar. (Foto: A.Systad og J.Risa.)

Konfirmasjonar i Balestrand våren 2015 Sæle kyrkje, sundag 26.april kl.11.00 Vegard Pedersen Nesse Tjugum kyrkje, sundag 3.mai kl.11.00 Maria Cristine Son Bale Astrid Buene Anna Høgi Fjærestad Kaja Høgi Fjærestad Philip Eithun Af Geijerstam Mirijam-Katharina Kerschbaumer Adeline Meel Lunde Eirik Sæhl Målsnes Matias Sjøthun Henrik Sæle Daniel Vigdal 17

Innvendige endringar i Tjugum kyrkje oppsummering etter soknemøtet 25. januar I førre utgåve av kyrkjelydsbladet stod det ei saksutgreiing til saka «Drøfting av innvendige endringar i Tjugum kyrkje» som vart teken opp i soknemøtet 25.januar 2015. Det vert vist til denne. Etter soknemøtet har saka vore diskutert vidare i bygda og fleire har teke kontakt og vore bekymra for at kyrkjerommet i Tjugum kyrkje skulle raserast. Kyrkjeverja vil her prøve å oppsummere og legg samstundes fram noko av sitt syn i saka. Brev frå pensjonistlaget Pensjonistlaget sende brev til soknerådet dagsett 11.februar 2015. Brevet var skrive etter møtet i laget 4.februar der 39 medlemer hadde vore til stades. Brevet formidla at mange av medlemene var skuffa og vonbrotne då dei fekk høyre om endringsframlegga som var tekne opp på soknemøtet og det dei opplevde som mangelfull innsikt frå kyrkja sine føresette. Pensjonistlaget ynskte at kyrkja skulle halde fram med å vere eit fast punkt der bygdefolket kan kjenne seg heime og nemnde særskilt gravferder. Ein av tinga pensjonistlaget var uroa for var «endringar av altaret og koret». Korkje i saksutgreiingar eller i møtet har det vore framlegg om å gjere noko med altaret, altarringen eller koret elles i Tjugum. Det einaste som har vore nemnt er det forhøga golvet inne i altarringen, etter at dette vart tilrådd senka av departementet sin kyrkjekonsulent Arne E. Sæther i 2003. Det er snakk om ca 20 cm - til same høgd som golvet elles i koret. Soknemøtet starta med ein presentasjon av kva endringar som har vore gjort i Hyllestad kyrkje - som eit døme på kva andre har gjort. At dei har teke ut t.d. altarringen kan ha blitt mistydd til at det var framlegg om slike endringar også i Tjugum kyrkje. Kvifor framlegg om endringar? Alle endringar dei tilsette har hatt framlegg om har vore med tanke på kyrkjelyden sitt beste og kva vi har sett som tenleg for kyrkjelyden ut frå erfaringar andre stader. For meg er kyrkja eit lokale der kyrkjelyden samlast. Eg er oppvaksen med å gå i ei kyrkje frå 1150-talet. Likevel er kyrkja for meg eit bruksrom meir enn eit museum og eg er oppteken av at det skal leggast best mogeleg til rette for dei samlingane kyrkjelyden skal bruke rommet til. Eg blir lei meg når bygningsmessige tilhøve og (riks) antikvariske krav står i vegen for at kyrkjelyden kan vekse og trivast. Kyrkjerommet er laga for å vere ein god stad å møte Gud i lag - i glede og sorg - og ein stad der Gud kan møte oss og vi kan møte kvarandre i eit godt fellesskap. Difor er kyrkja annleis enn andre lokale. Samstundes skal kyrkja romme både born, unge, vaksne og eldre i ulike konstellasjonar og vere universelt utforma slik at ingen vert utestengde. Er det tenleg for kyrkja når ulike småbornsforeldre over fleire tiår kontaktar dei vekslande 18 sokneråda og vegrar seg for å gå i Tjugum kyrkje fordi det ligg så dårleg til rette for dei? Eller at rullestolbrukarar unngår å kome i gravferder fordi dei inntil nyleg då har måtta sitje framme attmed gravfylgjet? I framlegga frå dei tilsette er det nok lagt mindre vekt på dei kjenslemessige sidene ved endringsframlegga. Når det gjeld barndomsheimen min har eg ofte slike kjensler. Eit lite døme: I barndomsheimen min var det på stova eit gamalt, brunt tregolv med djupe sprekker mellom kvar bord. Så ein gong eg kom heim hadde foreldra mine lagt laminatgolv oppå. Det var då mykje lettare å halde reint, vart lysare og gav mindre trekk. Denne fornyinga skar meg i hjartet og eg kan framleis ynskje meg attende til golvet slik det var då eg var liten. Eg måtte likevel bøye meg for dei som brukar stova til dagleg og valde ei meir praktisk løysing framfor den nostalgiske. I Tjugum ynskjer eg meg no det eg oppfattar som meir praktiske løysingar, medan det finst ein del andre som har ei kjenslemssig tilknyting til ting i kyrkja og av den grunn vil halde på det gamle. Kven skal då bestemme? Kyrkja er no demokratisk oppbygd. Soknerådet er valt til å ta avgjerd i slike saker. Difor: Bruk røysta di ved kyrkjevalet i 2015 på dei du meiner er best skikka til å ta avgjerder som gjeld kyrkjelyden! Soknerådet valde i denne saka å kalle inn til soknemøte for å høyre heile kyrkjelyden sitt syn. Men det er også nokon over soknerådet som skal sjå til at det ikkje vert gjort forhasta endringar. Tjugum kyrkje er listeført hjå Riksantikvaren og Balestrand sokn må som kyrkjeeigar sende søknad til Bjørgvin biskop ved alle varige endringar i kyrkjerommet. Riksantikvaren er då høyringsinstans. Avstemmingar i soknemøtet I soknemøtet var det 27 røysteføre medlemer til stades og Kjell Helland vart vald til referent. Referatet kan ein få på kyrkjekontoret. Det vart gjort to avstemmingar i soknemøtet. Den fyrste gjekk på å ta ut fremste benk på kvar side, samt inntil fire benker på kvar side bakarst. I tillegg ev. eit par benker på venstre side for å gje tilgang for rullestol mellom midtgangen og sideinngangen i kyrkja. Av dei røysteføre stemde 26 for å sende ein slik søknad, medan 1 stemde i mot. Soknerådet vedtok ein månad seinare, i møtet 26.februar 2015 å sende slik søknad til biskopen. Målet med dette er å gje meir rom for kor, korps, forsongargruppe og musikarar framme i kyrkja og betre rom for rullestol, barnevogner og småborn bak i kyrkja. Ved konfirmasjonar, gravferder og andre hendingar der ein har bruk for fleire sitjeplassar kan det setjast inn benkar/ stolar desse stadene etter behov. Både rullestolbrukarar og foreldre med småborn har uttrykt glede over planane. Framhald side 6

856 Sogndal A/S 0 dsfall OGGING 56 Sogndal /S dsfall GGING 856 Sogndal A/S as dsfall avminne OGGING rson nd: 0neng 2 878 as vminne son d: eng 878 6856 Sogndal A/S as ødsfall avminne HOGGING rson 0nd: neng 2 878 Døypte Anna Høines 15.02.2015 i Tjugum kyrkje TAXI Ellinor Sleire Ese (frå Vik sokn) 07.03.2015 i St.Olafs kyrkje mob. 959 86 000 Eirik Vefring Turbussar Thue (frå Høyanger sokn) 28.03.2015 Vi tilbyr også 10- i Tjugum og 17-setars kyrkje bussar med plass til rullestol samt store turbussar Amanda Benay Feten-Williams med 49 seter. 23.04.2015 heime TAXI 17.05.2015 stadfesting i Tjugum kyrkje mob. 959 86 000 Blomster Turbussar og gåver Holmen Vi tilbyr Tlf/Fax: også 5, 57 Balestrand 10-69 og 1217-setars 38 Tlf. bussar 57 med 69 plass 12 26 til rullestol E-post: TAXI dgb@online.no med 49 seter. mob. 959 86 000 Mob. 952 81 078 Annonser samt store turbussar Turbussar Blomster og gåver Holmen Vi tilbyr også 5, Balestrand 10- og 17-setars bussar med plass til rullestol Tlf. 57 69 12 26 E-post: Blomster samt store dgb@online.no og og gåver turbussar Blomster og gåver Holmen 5, Holmen 5, Balestrand Tlf/Fax: Holmen med 5, 57 Balestrand 49 69 seter. 12 38 Tlf. Tlf. 57 57 69 69121226 26Tlf. 57 69 12 26 E-post: Mob. 952 dgb@online.no 81 078 E-post: dgb@online.no E-post: dgb@online.no Vi takkar Terjes annonsørane Taxi Blomster 959 Tlf/Fax: våre og 56 57 gåver 69113 12 38 Holmen 5, Balestrand for Mob. Terje støtta 952 Meland 81 og078 Tlf. 57 69 12 26 ynskjer E-post: Balestrand dgb@online.no lesarane våre ei god påske! TAXI Har Vi du takkar hugsa bladpengane? Vi takkar Set annonsørane gjerne inn kr.150 på Balestrand 959 sokn 86 sin konto 000 annonsørane mob. våre 3805.10.32583 våre Turbussar Merk "Bladpengar 2012" og Vi tilbyr for også støtta 10- og og 17-setars bussar ynskjer med Redaksjonen plass lesarane til rullestol samt store turbussar våre Frode 959 ei god Buene påske! med 4956 seter. 113 Tlf. Terje 57 69 Meland 29 06 Mob. 907 53 579 Balestrand Har du hugsa Pb.14, 6898 BALESTRAND bladpengane? Pb.14, 6898 BALESTRAND Set Tlf/Fax: Frode gjerne inn 57 Buene kr.150 på Balestrand sokn sin konto 69 12 38 Frode Mob. Tlf. 57 952 6981 Buene 3805.10.32583 29078 06 Mob. 907 53 579 Merk Tlf. Terje "Bladpengar 57 69 Meland 29 2012" 06 Mob. Balestrand 907 53 579 I GLEDE OG SORG Vigde Synne Nessestrand Vefring og Bjarte Thue 28.03.2015 i Tjugum kyrkje Ingebjørg Su Jin Instanes og Daniel Reig Diaz 02.05.2015 i St.Olafs kyrkje Døde 18.12.2014 Aud Johanna Borlaug f.1936 Gravferd frå Tjugum kyrkje 30.12.2014 08.01.2015 Johannes Tjugum TAXI f.1957 Gravferd frå Tjugum kyrkje 16.01.2015 mob. 959 86 000 22.02.2015 Gunnvor Langeteig f.1920 Turbussar Gravferd frå Tjugum kyrkje 27.02.2015 Kjell Grønli Vi tilbyr også 10- og 17-setars Anna Helen Hamre bussar med plass til rullestol TAXI samt store turbussar Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal med 49 seter. mob. 959 86 000 TAXI TAXI TAXI Kjell Grønli Hjelp til alle tenester ved dødsfall Anna Helen Hamre mob. mob. 959 86959 00086 000 Turbussar Turbussar GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING Kjell Grønli Kjell Grønli Vi tilbyr Vi også tilbyr 10- også 10-17-setars og 17-setars Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal Anna Helen Helen Hamre Hamre Anna Helen Hamre bussar bussar med plass med til plass rullestol til rullestol Døgnvakt telefon: samt store samt turbussar store turbussar samt store turbussar 577 14 700 Sogn gravferdshjelp, / 959 86 Fossetunet 000 Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal 4, 6856 med Sogndal 49 med 49 seter. Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal med seter. 49 seter. Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Ytre Sogn Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Sogn gravferdsbyrå gravferdsbyrå A/S A/S Turbussar Vi tilbyr også 10- og 17-setars mob. 959 86 000 bussar med plass til rullestol Balestrand samt Turbussar store turbussar Vi Tlf/Fax: tilbyr også 10- med 57 og 49 69 17-setars seter. 12 38 bussar med plass til rullestol www.emago.no Mob. 952 81 078 Hjelp til alle tenester ved dødsfall mob. 959 86 000 Hjelp til alle tenester Hjelp ved til dødsfall alle tenester ved dødsfall Hjelp GRAVMONUMENT til alle tenester ved dødsfall - SKRIFTHOGGING Blomster Turbussar Tlf/Fax: og 57 gåver GRAVMONUMENT GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING- SKRIFTHOGGING 69 12 38 Kjell Grønli Vi Holmen tilbyr også 5, 10- Balestrand og 17-setars GRAVMONUMENT Døgnvakt - SKRIFTHOGGING telefon: Tlf/Fax: 57 Mob. 952 81 078 Døgnvakt Anna telefon: Helen Hamre Døgnvakt telefon: 57 69 42 40 bussar Tlf. 69 12 57 57 med 38 69 69 plass 4212 40 til 26 rullestol 577 14 577 14 700 577 14 / 959 700 / 86 959000 86 000 Døgnvakt 700 / 959 telefon: 86 000 Mob. 952 E-post: 81 samt 078store dgb@online.no turbussar 577 14 Sogn 700 gravferdshjelp, / 959 86 000 Fossetunet 4, 6856 Sogndal med 49 seter. Har du hugsa bladpengane? Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Set gjerne inn kr.150 på Balestrand sokn sin konto 3805.10.32583 Melbys Hjelp skrifthugging til alle tenester ved dødsfall as Merk "Bladpengar 2012" Pb.14, 6898 BALESTRANDRedaksjonen Inskripsjon, oppussing GRAVMONUMENT og sikring - SKRIFTHOGGING av gravminne Terjes Taxi Terjes Taxi 959 56 113 Redaksjonen Terjes Taxi 959 56 113 Set gjerne inn kr.150 på Bale- Knut Melby Døgnvakt Kontaktperson telefon: Steinhoggerveien 5577 14 700 / 959 i Balestrand: 86 000 Terje Meland 6490 EIDE Steinar Grøneng Kjøp jubileumsboka: Mob. 482 40 612 Mob. 482 62 878 Balestrand Tjugum kyrkje 150 år Har du hugsa Melbys skrifthugging Lys over fjord as Terjes bladpengane? Taxi Taxi Inskripsjon, oppussing 272 sider, over og 300 sikring bilete. Pris av kr.400. gravminne Boka Knut Melby Kontaktperson 959 56 113S-113 kan kjøpast frå kyrkjekontoret i Balestrand strand sokn sin konto Knut Melby (57 69 15 i 48), Balestrand: eller Kontaktperson tingast i din lokale Terje Meland mobil 959 56 113 3805.10.32583 Steinhoggerveien 6490 EIDE 5 Steinar bokhandel. Grøneng i Balestrand: Mob. 482 62 878 Balestrand Alle inntekter går no direkte Merk Terje "Bladpengar S-116 Meland 2012" 6490 EIDE Steinar Grøneng til kyrkjestova på Tjugum. Mob. 482 40 612 Mob. 482 62 878 mobil Redaksjonen Balestrand 959 56 116 Melbys skrifthugging as Inskripsjon, oppussing og sikring av gravminne Steinhoggerveien 5 Mob. 482 40 612 TAXI 57 69 42 40 Terjes Taxi 959 56 113 19 Ytre