Velk0mmen til Årdal 0c Målr0ck. Det er ei glede å ynskja alle velkommen til Målrock 2010. Eg ynskjer alle ei kjekk Målrockhelg!



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Stemnehandboka for NKSF

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

The Waterboys. Karpe Diem DDE august 2011 meieriparken årdalstangen. Strupetakarane Honningbarna Yoga Fire Beinkjør. Tyyl! w w w.malrock.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

«Ny Giv» med gjetarhund

Sandeid skule SFO Årsplan

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Informasjon Mangerfestivalen

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Plan for Liabygda SFO

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

INFORMASJON om førestellinga:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

6. trinn. Veke 24 Navn:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Strategiplan

Til deg som bur i fosterheim år

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Valdres vidaregåande skule

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Finansiering av søknaden

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Velkomen til Mork barnehage

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2


Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

I N N H O L D. Forord

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Brødsbrytelsen - Nattverden

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Transkript:

1

målr0ck 2010 innhald For åttande året på rad er det ei stor ære å få ynskje velkomen til Målrockfestival på Årdalstangen, Noregs einaste festival som fokuserar og prioriterar artistar som syng på sitt eige språk og dialekt slår ut mellom fjellsidene innerst i Sognefjorden i august kvart år. Våre ivrige dugnadsarbeidarar legg sjela si i å skape ein herleg festival, og i år meiner vi sjølve at festivalprogrammet er betre enn nokon sinne. Festivalen som byrja særs forsiktig i 2003 har no blitt eit stort prosjekt som stadig når nye høgder, og vi er like glade, stolte og slitne etter festivalen kvart einaste år. Målrock vert på øvste hald leia av ei Stifting med fem frivillige styremedlemmer som har festivalarbeidet som sitt einaste føremål. I tillegg har vi stor hjelp til sjølve festivalgjennomføringa gjennom IL Jotun og Årdalstangen IL, samt Reisemål Årdal. Vi har òg samarbeid med Vikadalen Ungdomslag som tek vare på deg på den obligatoriske festivalcampen vår, og Hugin Musikkforum er og innom og hjelper til der det trengs. Nytt av året er at Årdalstangen Musikklag og bidreg til svoltne festivalcamparar med frukostservering kvar morgon på campen. Vi ser på det som utruleg viktig at vi yter noko attende til lokalsamfunnet, og dugnadsarbeidet som blir lagt ned gir laga solide inntekter som dei i sin tur kan nytte til noko godt for oss alle. I år er det enda meir nytt: På dagtid laurdag under festivalen vil vi i samarbeid med Reisemål Årdal og Heimatt-prosjektet gi tilbod om eit arrangement i Skåri i Øvre Årdal, der Valkyrien Allstars vil spele. Det blir fokus på Årdal som bygd og det kommunen har å tilby. Det er dermed kjekt å kunne tilby eit arrangement for alle som rett og slett ikkje får nok festival! Arrangementet i Skåri vil vere opent for alle, med tilsluttande buss frå festivalcampen/årdalstangen sentrum, så dette er det ingen grunn til å gå glipp av. Vi har sjølvsagt bestilt finver heile helga gjennom, og gler oss til å sjå akkurat deg i Meieriparken på Årdalstangen 6. og 7. august! På vegne av styret i Stiftinga Målrock, Katrine C. Fredheim Teltliv i Saltviki grønne timar for dei under 19 festivalmoro under skåri lokal avslutning på målrock festivalvettreglane artistomtalar fredag artistomtalar laurdag det var ein gong ein sommar... festivalinfo årdalstangen il/il jotun sponsorar målr0ckmagasin 2010 Opplag: 22 000 Trykk: Sogn og Fjordane avistrykk Distribusjon: Posten Grafisk design: Skrivargarden as www.skrivargarden.no 4 5 6 7 7 8 9 10 12 13 15 16 21 Velk0mmen til Årdal 0c Målr0ck Det er ei glede å ynskja alle velkommen til Målrock 2010. Årets Målrockfestival blir arrangert for 8. gong og har vorte ei viktig og god merkevare for bygda vår. Me registrerer stadig større utfordringar i høve vertskapsrolla, eit godt teikn på eit arrangement i flott utvikling. Driftige personar på rett plass, både i Stiftinga Målrock, i idrettslag og andre organisasjonar, syter for at me kan tilby festivaldeltakarane gode rammer. I år er arrangementet utvida med spennande underhaldning og aktivitet i Utladalen, ein flott tilvekst som vil gje anledning til å sjå meir av dei vakre rammene omkring bygda vår. Neste år kan fjorden bli arena for utvida aktivitet. Livskvalitet er eit velbrukt omgrep etter kvart. Målrock, og andre flotte arrangement, gjev lokale organisasjonar god anledning til profilering og kroner i kassa. God lags- og organisasjonsutvikling gjev oss stadig fleire og betre fritidstilbod, alt saman viktige bidrag til dagleg trivsel og livskvalitet. Eg ynskjer alle ei kjekk Målrockhelg! Beste helsing Arild Ingar Lægreid ordførar 2

INDRE SOGN SPAREBANK FORDELSPROGRAM ISSB 13-17 - kundeprogram for deg mellom 13-17 år ISSB 18-30 - kundeprogram for deg mellom 18-30 år ISSB TOTAL - kundeprogram for deg over 30 år SVÆRT GODE GEBYRVILKÅR Døme: Gratis bruk av kort i Norge SVÆRT GODE RENTEVILKÅR Utlån inntil 60 % av panteverdien Nominell 3,25% Effektiv 3,35% KONKURRANSEDYKTIGE PRISAR På Terra produkt t.d. Terra skadeforsikring SKRIVARGARDEN.NO

teltliv i saltviki vikadalen ungdomslag ynskjer velkommen til festivalcamp og får no med seg musikklaget på notane. I fjor dukka det opp rundt 450 festivaldeltakarar totalt på campen i Saltviki, noko som førte til at jordet til Olav Birger Hæreid på Sløbakken vart teke i bruk som reservecamp natt til laurdag. I år satsar Vikadalen ungdomslag, som er ansvarleg for campområdet, på at alle får plass. STRENGARE I ÅR - Me prøver å rydda litt meir plass i år, i tillegg til at me reserverer campen for utanbygds festivalcamp. Det vil me nok vera strengare på no enn i fjor, seier Aleksander Øren Heen i Vikdalen ungdomslag. Det blir mange dugnadstimar for vikadølene under målrock, og denne gongen blir det nok enda fleire, ettersom bemanninga vert utvida. Pro Security vil også i år vera til stades på campen etter konsertane. RO OG ORDEN - Den viktigaste oppgåva for oss er å syta for at det er nokonlunde ro og orden og at folk ikkje tek med seg alkohol utanfor det avsperra området som er sjølve campen. I tillegg har me ansvar for toalettforhold. I år som i fjor har me adgang til garderobane ved Tangen skule, slik at det er mogleg å få teke seg ein dusj, elles henviser me gjerne festivaldeltakarar til friluftsbadet, seier Aleksander. I år har Vikadalen ungdomslag også fått Årdalstangen musikklag med på notane i Saltviki. Musikantane syter nemleg for at det vert råd å få kjøpt seg frukost på campen både laurdag og søndag. Tekst & foto hanne stedje minisp0ns0rar 2010 Mix Handleriet Årdalstangen Påfyll til bil og til folk 4

Gr0nne timar f0r dei under 19 MÅLROCK INNLEIAR EIT TETTARE SAMARBEID MED ÅRDAL TENK TRYGGLEIK OG SKIPAR TIL GRØNE TIMAR BÅDE FREDAG OG LAURDAG. Alkohol er partydop nummer ein i Noreg, og statistikkane syner tydeleg skadeverknadane det kan ha. Stiftinga målrock vil i år samarbeida med fleire støttespelarar for å få fleire mindreårige til å tenkja seg om og velgja vekk alkohol dei to kveldane festivalen står på. Ingen debutarena Me ynskjer å setta meir fokus på ungdom og rus, mellom anna ved at me vert strengare med omsyn til å sleppa inn mindreårige som er synleg rusa. Det er eit klart ynskje frå arrangørane si side at festivalen ikkje skal verta ein arena der ungdom debuterer med alkohol, seier styreleiar i stiftinga målrock, Arvid Fodnes. Saman med leiar i Årdal Tenk Tryggleik, Steinar Drægni og lensmannen i Årdal, går han no i bresjen for å skipa til såkalla grøne timar både fredag og laurdag. Ideen er ei vidareføring av Blås Grønt-aksjonen mange kjenner til frå 16.mai. Positiv ungdom Me er veldig glade for at målrock no tek eit slik initiativ, det same er ungdommen. Ungdomsrådet har drøfta saka og er særs positive til eit slikt tiltak, opplyser Drægni. Han legg til at forskning syner at det er nær samanheng mellom debutalder og alkoholforbruk i vaksen alder, og peikar på at det er stor gevinst i at foreldre følgjer opp ungdommane sine når det gjeld bruk av alkohol og debutalder, sjølv berre med nokre få månader. Stor gevinst kan det også bli for deltakarane på Grøn time, for stiftinga målrock lovar skikkeleg flotte premiar til vinnarane. Tekst & foto hanne stedje minisp0ns0rar 2010 Skogstad Fleece Hers - El. purple Str. 36-48 www.aeh.no erling@aeh.no telefon: 57 66 19 02 Før 799,- No 399,- SOGN KRAN & TRANSPORT AS Vårvarer frå Skogstad, Bula og Kari Traa er på plass i butikken! Fortsatt gode tilbod på vintervarer. Velkommen innom! tlf. 57 66 47 00 5

Festivalm0r0 under Skåri målrock utvidar konseptet og inviterer til familiearrangement med mykje attåt i Utladalen laurdag ettermiddag. Her er ingen ringare enn Valkyrien Allstars hovudattraksjonen laurdag ettermiddag. I tillegg stiller Hugin musikkforum og Utladalen Naturhus opp for å leggja flotte rammer rundt arrangementet. - Me vil gjerne prøva noko heilt nytt i år og ynskjer dessutan å utvida festivalkonseptet, gjerne med ein litt meir familievennleg profil. Difor var Utladalen Naturhus og området under Skåri ein opplagd arena, seier festivalleiar Bjørnar Svortevik. Han er godt nøgd med planleggjinga og har store forventingar til konserten med Valkyrien Allstars, folkrockgruppa som tidlegare har gjesta målrock. Konserten byrjar laurdag ettermiddag klokka 16.00, og det vil verta sett opp bussar frå festivalcampen på Tangen både til og frå. Under Skåri fyrer Ole Magnar Nundal og Utladalen Naturhus opp grillen og byr på mat og drikke. Planen er også at det skal stå ein guida tur til Avda- len over Skåri på programmet for dei som ønskjer å kombinera konserten med det å utforska dei fantastiske omgjevnadane i inngangsporten til Jotunheimen. - Den vandreturen kan nok by på fleire små overraskingar, seier festivalleiar Svortevik utan å avsløra ytterlegare detaljar. Han håpar det nye tilskotet på målrock-programmet vil bli eit populært innslag. - Me håpar verkeleg dette ekstratiltaket vil verta godt motteke blant festivaldeltakarane og ikkje minst lokalbefolkninga som har for vane å strøyma til når det skjer saker og ting under Skåri. Det har tidlegare arrangement her framme vist veldig tydeleg. På ein dag med flott festivalver kan det fort dukka opp fleire hundre menneske, meiner Svortevik. Fleire detaljar, mellom anna bussruter, vil verta gjort kjend på www.malrock.no. Tekst & foto hanne stedje Ole Magnar Nundal i stiftinga Utladalen Naturhus og Hugin-leiar Joacim Styve inviterer til ettermiddagsmoro med Valkyrien Allstars under Skåri. Under Skåri Kom HEIMATT til MålRock! Bli med i trekninga av MålRock-pass Besøk oss på www.heimatt.no for meir informasjon SKRIVARGARDEN.NO 6

L0kal avslutning på Målr0ck det er ikkje fyrste gongen årdølen odd einar nordheim sett beina sine på målrock-scena, men i år er det litt spesielt. det å gå på scena etter noregs beste rockeband, dum dum boys, blir nok litt ekstraordinært. Odd Einar, med artistnamnet Odd, kjem til festivalen med fullt band. Det kjem til å bli presentert nytt låtmateriale saman med det beste av det gamle, og Målrockarane skal ikkje sjå vekk frå at det kjem ei overrasking eller to, seier Odd. Eg gler meg som ein liten unge, og kjem til å gi full gass frå byrjinga av og håpe at ikkje alle har gått etter to låtar, flirer han. Odd med band spelar laurdag kl. 01.00 og avsluttar med det årets Målrock. Tekst katrine c. fredheim 7

artistar fredag de lill0s Sist gong Lars Lillo Stenberg gjesta Målrock var det med 1985-besetninga av DeLillos til festivalen i 2008, men denne gongen kjem heile bandet som har stått for eit godt knippe av dei største landeplagene i norsk popmusikk gjennom mangfoldige år. DeLillos får æra av å opne festivalen på fredagen, og det er klart for nok ei rekke tidlause klassikarar frå eit av dei største norskspråklege popbanda vi har! Scene 1, fredag kl. 19.00. j0hn 0lav nilsen & gjengen John Olav Nilsen & Gjengen har blitt omtala som dei neste store blant norskspråklege artistar det siste året med svært solide tekstar og fengande melodiar, og deira debutplate For sant til å være godt som kom i september i fjor har fått strålande kritikkar frå alle hald og vann Spellemannsprisen for beste rockeplate frå 2009. Det solide dialektpreget gjer bandet sjølvsagte for Målrock. Scene 1, fredag kl. 20.45. bergtatt Bergtatt har sterke band knytta til både rocken og folkemusikken, og debuterte i 2009 med plata Røter, som fekk mykje merksemd. Konserten deira på By:Larm i 2009 blei lagt merke til i festivalleiinga, og det er alt anna enn tilfeldig at dei no er klare til Målrock. Bandet er særs solide live, og held eit høgt nivå. Sjølvsagt fortener dei di merksemd når dei kjem til Årdal! Scene 2, fredag kl. 22.15. b0b hund Det er stort å få storfint besøk frå Sverige av eit av dei beste livebanda landet har å presentere i Bob Hund. Dei 7 medlemmene i bandet byrja si karriere allereie i 1991, og fekk tidleg merksemd med ein unik musikkstil og eit energisk liveshow som har vore til inspirasjon for særs mange artistar i ettertid. Dei har gitt ut seks studioalbum, og etter å ha hatt nokre års pause kom deira siste plate i 2009, Folkmusik för folk som inte kan bete sig som folk, heile åtte år etter den førre. Musikalsk ligg svenskane ein plass innanfor indierocken, men med eit heilt eige uttrykk. Bob Hund er eit band som må og bør opplevast live. Scene 1, fredag kl. 23.15. bj0rn hellfuck Bjørn Hellfuck var omringa av mykje mystikk heilt til VG avslørte mannen bak maska tidligare i år. Uansett, mykje merksemd har han fått etter at han dukka opp på NRK Urørt i 2007 med kommersiell viserock, provoserande tekstar og eit show som skapar fest. Lydverket-programleiar Asbjørn Slettemark har sagt følgjande om Bjørn Hellfuck live: -Deilig smakløst og upretensiøst, og forhåpentligvis fryktelig irriterende for alle som hater ham. Scene 2, fredag kl. 01.00. F0t0CREDItS De Lillos pressefoto John Olav Nilsen & Gjengen pressefoto Bergtatt pressefoto Bob Hund Marcus Torncrantz Bjørn Hellfuck pressefoto Bare Egil Band pressefoto Sivert Høyem Cathrine Wessel Staut Andreas Hognerud Dum Dum Boys Anders Nilsen Black Debbath pressefoto Odd pressefoto 8

artistar laurdag bare egil band Bare Egil Band, alias Egil Hegerberg, har gjeve ut fire plater, der den siste kom 22. februar. Her er det fantastiske viser om viktige ting som sko og brigg, samt meir tunge saker som låtar frå Bare Egil By, til dømes Politimester Egil. Bare Egil Band er i liveformatet eit fyrverkeri av musikk, show og humor du ikkje vil gå glipp av. Scene 1, laurdag kl. 18.00 sivert h0yem Sivert Høyem er dei fleste kjend med. Den tidligare vokalisten i Madrugada har gjort stor suksess med soloprosjektet sitt. Den tredje plata hans, Moon Landing, kom i 2009, og gjorde det særs godt i Noreg. Live gjev den karismatiske stemma til Høyem ei ekstra nerve i musikken som få andre klarar å følgje opp, og det er grunn til å glede seg! Scene 1, laurdag kl. 20.15 staut Staut er enda ein av dei nye artistane vi har trua på. Bandet har allereie fått mykje merksemd lokalt i Valdres og når stadig nye område. Dei har fått platekontrakt med Grammofon og det er planlagt plateutgiving i løpet av 2010. Staut har tekstar av høg kvalitet på dialekt, og Ørnulf Juvkam Dyve, som skriv dei fleste låtane mottok målprisen i Valdres i 2005. Musikalsk ligg bandet i litt same retninga som Helene Bøksle og Valkyrien Allstars som allereie har besøkt Målrock, og det er duka for ei fantastisk oppleving! Scene 2, laurdag kl. 19.15 dumdum b0ys Dumdum Boys er rekna blant dei fire store i norsk rock saman med Jokke & Valentinerne, De- Lillos og Raga Rockers, og har vore eitt av banda vi har hatt lyst å booke til Målrock i fleire år, men det har ikkje gått av ulike årsaker. Bandet ga ut si ferskaste plate i 2009, og det trengs vel neppe stort meir presentasjon av eit av våre aller beste liveband. Scene 1, laurdag kl. 23.15 black debbath Black Debbath er eit firkløver med Lars Lønning, Aslak Guttormsgaard, Egil Hegerberg og Ole Martin Andreassen som har stått for ei rekke hardtslåande rockelåtar på norsk. Deira siste plate var ei samleplate som kom i fjor, med tittelen Ti år med rock mot alt som er kult. Egil Hegerberg spelar i både Bare Egil Band og Black Debbath under Duplex-paraplyen, så ingen vil kjede seg laurdagen under Målrock! Scene 2, laurdag kl. 21.45 0dd Årdølen Odd Einar Nordheim har vore på Målrock med eitt nynorskprosjekt ein gong tidligare. Denne gongen kjem han med fullt band og sitt eige låtmateriale som held særs høg kvalitet. Solide melodiar og tekstar er nøkkelordet, og Odd får gleda av å avslutte årets festival laurdag kveld. Scene 2, laurdag kl. 01.00 9

Dum Dum Boys og De Lillos til Målrock: det var ein g0ng ein s0mmar... Når to av dei største banda i norsk rockehistorie går på scena under Målrock, vil dei gi publikum opplevingar dei vil ta med seg i lang tid. Vi har spurt fire sogningar kva opplevingar dei knyter til De Lillos og Dum Dum Boys. blei vaksen med dumdum b0ys I 1989 og 1990 var det eitt band som dugde for NRK Puls-trenar og målpris-vinnar Yngvar Andersen: Dumdum Boys. Eg høyrte på dei, og berre dei, konstant gjennom desse to åra, seier lustringen. De Lillos, som var eitt av banda som etterkvart fekk innpass i stereoen hans, hadde han eit noko mindre intenst og ikkje fullt så monogamt forhold til. Men det var nok meir langvarig. Heile 90-talet var De Lillos blant mine absolutte favorittar. I likskap med Gunnar O. Hæreid, klarte Yngvar å snike seg inn på konsert med eitt av favorittbanda sine før han var gammal nok. Det var stort. Då eg kom meg inn på Dumdum Boys-konsert var det første gong eg følte meg «ordentleg vaksen», seier Andersen. «f0r var det m0rs0mt med sn0» I gledesrus over å ha møtt Lars Lillo Stenberg på 80-tallsdisco i Stavanger, bytte Svend Arne Vee vekk mor sin heimastrikka gensar med ein De Lillosgensar med påtrykket «Før var det morsomt med snø». I fylla den gongen virka det som ein utruleg god ide. I ettertid ser eg at det kanskje ikkje var det, seier Firdaposten-redaktør og Strupetakarane-vokalist, Svend Arne Vee. I Stavanger fekk han også gleda av å oppleve Dumdum Boys på den vesle intimscena «Det Røde Sjøhus». Eg trur det var i 1987. Vi var vel rundt 50 i salen som fekk sjå eit band spele som om det sto om livet. Resten er rockehistorie, seier Vee. Tekst frode aga 17 år 0g på nachspiel med de lill0s Gunnar O. Hæreid var berre 17 år då De Lillos skulle spele på Lægreidskjellaren i Sogndal. Det var berre eitt problem: 18 årsgrensa. h0ggravid på dumdum b0ys Eg meiner det var i 1988. Eg og eit par andre årdøler tok turen i vinterferien, og sidan me ikkje hadde fylt 18 enno, fann me ut at den beste måten å komme seg inn på konserten på, var å ta inn på hotellet, seier Hæreid. Det var ein genistrek. Ikkje berre unngjekk dei alderskontrollen ved inngangen dei fekk også vere med på lydsjekk og og nachspiel på De Lillos sitt rom. Det var stort for ein 17-åring. Seinare har det blitt over ti konsertar med De Lillos, seier årdølen, som i dag er advokat hjå Regjeringsadvokaten. Den trufaste målrockaren har med andre ord blitt meir opptatt av å følgje lovar og reglar med åra. Berre nokre veker før sonen Nikolai blei fødd, var TV2-verdame Eli Kari Gjengedal på Dumdum Boys-konsert i Grieghallen. Då var det full rulle i magen skal eg seie deg! Det var eit herleg gjensyn med eit band som eg også fekk med meg live i Førde i russetida. Det var heilt rått, minnest Eli Kari Gjengedal. Leikanger-jenta er ikkje i tvil om kva Dumdum Boys- og De Lillos-låtar ho gjerne vil høyre på festival. Eg skulle gjerne høyrt både «Kokken Tor» og «Neste Sommar» songar dei fleste kan og som verkeleg inviterer til allsong. Elles er «Glemte Minner» og «Fornøyd» dei låtane eg diggar aller mest. Av Dumdum Boys er «Metallic Hvit» og «Splitter Pine» låtar som får stemninga i taket. 10

F R I L U F T S B A D A I Å R D A L OPNINGSTIDER Øvre Årdal - 13.00 18.30 alle dagar Årdalstangen - 12.00 17.30 alle dagar Born 20,- Vaksne 40,- 20 klipp born 200,- 20 klipp vaksne 400,-

festivalinf0 festiv Med atterhald om endringar. billettsal Billettsal (prisane gjeld førehandssal/kjøp i porten) ekskl. avg.: Kan kjøpast via Billettservice.no, Posten, Narvesen eller 7 11. Merk at reserverte billettar på Billettservice ikkje kan hentast hjå Post i Butikk. Dersom du bestiller billettar tilsendt i Posten og ikkje har motteke desse innan ca 1 veke, ta kontakt med Billettservice. Kvittering på kjøp er ikkje gyldig som billett. Lokalt vert det lagt ut billettar for sal hjå MIX Årdalstangen og Skrivargarden i Øvre Årdal. Dagsbillett fredag: 500, / 600, (+ avgift) Dagsbillett laurdag: 600, / 700, (+ avgift) Festivalpass fredag og laurdag: 900, / 1000, (+ avgift) Førehandssalet vert avslutta torsdag 5. august kl. 16.00. Alle kjøpte billettar må bytast om i eit armband med farge etter type billett og om ein er over/under 18 år. Billettar kan bytast inn i band slik: Øvre Årdal ved Skrivargarden torsdag 5. August frå kl. 14 16. Årdalstangen ved Kiwi fredag 6. August frå kl. 14 16. Ved inngang til festivalen 30 minuttar før portane opnar og fram til 01.00 kvar kveld. Særleg fredag ettermiddag vil det vere kø ved bandpåsett dei første timane på kvelden, så spar deg for mykje tid ved å få band før festivalstart og gå rett inn! servering Det er servering av øl og vin på festivalen. Alt sal skjer ved hjelp av bongar, som må kjøpast i eigne utsal under festivalavviklinga. Det er høve til å kjøpe så mange bongar som ønskeleg, og bongane er gyldige både fredag og laurdag. Betaling her kan skje både med kort og kontant, men ver merksam på at ubrukte bongar ikkje vert refunderte. Idrettslaga Årdalstangen og Jotun serverar grillmat på området under festivalavviklinga. Denne må og kjøpast med bongar. Bongane kan kjøpast i to ulike verdiar, kr. 60, og kr. 30,. aldersgrense Målrock har i utgangspunktet ingen aldersgrense, men festivalen er generelt lite egna for mindre born. Alle under 15 år må vere i følgje med føresette. Legitimasjon må førevisast ved bandpåsett for å få band med riktig farge. Alle under 18 får eigne band som ikkje gir adgang til å kjøpe alkohol, og dersom mindreårige vert observerte med alkohol vert festivalbandet klypt av og den mindreårige vist vekk frå området. Det same gjeld personar over 18 som gir alkohol til mindreårige. Det er nulltoleranse for alkoholinntak blant personar under 18 år. Dersom ein ved inngang vert oppfatta som berusa, vil ein bli nekta inngang, uavhengig av om ein har gyldig billett. Billetten vert då ikkje refundert. minisp0ns0rar 2010 www.ardalsnett.no post@ardalsnett.no / 57 66 44 00 Synecho AS Øvre Årdal Tlf. 57 66 32 76 www.hestetun-gartneri.no Øvre Årdal 12

alinf0 festivalinf0 0vernatting Festivalcamp: Festivalcamp vert organisert av Vikadalen Ungdomslag, og er lokalisert i Saltviki, like ved festivalområdet. Inngang på festivalcamp krev eige band som vert utlevert ved ankomst og betaling av plass. Festivalcampen opnar torsdag 5. august kl. 16.00 og stenger søndag 8. august. Plass på campen kostar kr. 100, per person, og førehandstinging av plass kan gjerast til Aleksander Øren Heen, telefon: 911 34 842 eller e-post: aleksander.heen@gmail.com Fasilitetar på festivalcampen: Toalett Dusj- og bademoglegheiter i det kommunale badeanlegget like ved camp- og festivalområdet (ope frå kl. 12 18, billettar kostar 40, for vaksen og 20, for born), samt i garderobeanlegget på Tangen Skule. Straumuttak (krev førehandstinging) Frukosttilbod: Årdalstangen Musikklag stiller opp med god og heimelaga frukost på campområdet fredag, laurdag og søndag. Prisane på dette vert annonsert på www. malrock.no. Hotell: For dei som ynskjer hotellovernatting, kan vi tilby eigen Målrockpris på hotell i Lærdal, 30 km frå festivalen. Det går bussar både til og frå festivalen direkte frå hotellet, tider kjem på www.malrock.no. Enkeltrom: Kr. 795, Dobbeltrom: Kr. 995, Kode ved bestilling: Målrock 2010 Telefon: 57 66 65 07 Epost: post@lerdalhotel.no 0pningstider Festivalområdet er ope slik: Fredag 6. August frå kl. 18.30 02.15 Laurdag 7. August frå kl. 17.30 02.15 Ledsagarbevis vert akseptert på festivalen. Festivalen har ingen garderobeløysing eller tilsvarande oppbevaring av saker og ting, så følgjande ting er det lurt å la ligge heime når du reiser på festival: Paraply (ta med regnjakke!) All mat og drikke Profesjonelle fotoapparat Medisinar og liknande. transp0rt Til og frå Sogn går det fleire bussruter, dei fleste i regi av Nor-Way Bussekspress. Nor-Way har daglege avgangar til Årdal direkte frå Oslo og Bergen. Sjå www.nor-way.no og www.ruteinfo.net for rutetider og prisar på ekspress- og lokalbuss. Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. For flytider og tilbod sjå www.wideroe.no. Lokalt i Sogn vert det satt opp festivalbussar både til og frå festivalen. Bussane frå festivalen har eigne takstar, og går kort tid etter at festivalen er avslutta for kvelden. Rutetider og prisar vert lagt ut innan 1. august på www. malrock.no. dagarrangement i skåri Det vert guida tur til Avdalen og konsert med Valkyrien Allstars i Skåri kl. 16.00. Tilslutningsbussar vert satt opp. Arrangementet er familievenleg og gratis for alle med festivalpass eller laurdagsbillett. Dersom ein berre ynskjer å sjå Valkyrien Allstars kostar billetten kr. 100,, men gratis for born under 15 år. Tidspunkt og andre detaljar vert offentleggjort på www.malrock.no så snart desse er klare. sp0ns0r 2010 13

Nytt av året: Frukost! Årets Målrockarar får kjøpa seg sikringskost til frukost. På festivalcampen skal Årdalstangen Musikklag få liv i trøytte festivaldeltakarar med deilig duft kvar morgon: Egg & bacon Fredag laurdag søndag Kl. 9 12 Korpset sitt «Sit in-ensemble» på fjorårets Målrock. Vaflar i juni, egg og bacon i august. d e s i g n & r e k l a m e Skrivargarden as tilbyr tenester og produkt innan grafisk design, foto og trykk. vi har lang erfaring i praktisk design og reklame for bedrifter og private. hjå oss får du alt du treng for å bli Synleg for kundane dine. www.skrivargarden.no // storevegen 13, 6884 øvre årdal 14

årdalstangen IL, «LaGEt F0R alle» åtil har som mål å la alle som ynskjer det delta på sitt nivå innanfor sine idrettar, samstundes som dei som vil satsa og skal få moglegheit til dette. Med godt over 200 born i alderen 0 18 år så trengs det midlar for å halda desse i aktivitet, samt syte for at dei får trygg transport til og frå arrangement utanfor Årdalstangen med dei 2 bussane som ÅTIL eig. Utdanning og kurs for nye og etablerte trenarar er viktig for å utvikla og motivera borna til aktivitet, men dette er kostbart og viktig i satsing på å få alle med i idretten, små som store. Det er fleire måtar å skaffa midlar til å drifta eit idrettslag, men Målrock er eit av to store arrangement som ÅTIL er med på for å skaffa midlar til drift. I år stiller ÅTIL med ca. 150 personar frå torsdag til søndag i samband med Målrock, i tillegg til nokre få som er på møter i forkant og skal sette opp dugnadslister. Utan engasjerte føresette så hadde det ikkje vore mogleg å fått gjennomført eit slikt stort arrangement. Ta turen på Cuba så ser ein born er i stor aktivitet heile året, eller ta ein tur på Seimsåsen om vinteren og trim saman med barna i nypreparerte løyper som ildsjeler i ÅTIL lagar på ein utmerka måte. ÅTIL vil takka alle som støtter opp om idrettslaget. Målr0ck-festivalen si betyding f0r IL J0tun den årlege målrock-festivalen er hovudinntektskjelda til fotballgruppa i il jotun. Me stiller kvart år med ca 150 personar på denne dugnaden. Inntektene av dette arbeidet går berre til aktivitetar for barn og unge i fotballgruppa. Årleg utgjer desse inntektene ca 50 60 % av dei inntektene me får inn. Utan desse vil me måtte auke foreldrebetaling betrakteleg. Me har i dag ein eigenandel på turar/bortekampar samt treningsavgift for kvar enkelt spelar. I tilegg tek me på oss dugnader av mindre art / inntekt. Inntektene frå Målrock er med på å inkluderer alle som ynskjer å spele fotball. Hovudmålsetjinga til IL Jotun Fotball er å ha eit tilbod til alle uavhengig av etnisk opphav, talent, motivasjon og personlig økonomi. Mvh Børre Øvstetun IL Jotun Fotball 15

målr0cksp0n h0vudsp0ns0r 2010 YIT AS Årdal Årdalsvegen 22 57 64 88 00 / 478 94 160 Together we can do it. h0vudsp0ns0r 2010 16

s0rar 2010 målr0cksp0ns0rar 2010 h0vudsp0ns0r 2010 sp0ns0r 2010 17

målr0cksp0n sp0ns0rar 2010 tlf.: 57 66 00 00 www.kontorsenter.no ISB INDRE SOGNBIL AS P E U G E O T F O R H A N D L E R Storevegen 4, 6884 Øvre Årdal Tlf.: 57 64 85 90 Fax: 57 64 85 91 www.indresognbil.no 18

s0rar 2010 målr0cksp0ns0rar 2010 19

PR0GRAM FREDAG 6. AUGUSt laurdag 7. AUGUSt 18.30 Portane opnar 17.30 Portane opnar 19.00 De Lillos Scene 1 18.00 bare egil band Scene 1 20.45 John Ol av Nilsen Scene 1 19.15 staut Scene 2 & Gjengen 20.15 sivert høyem Scene 1 22.15 Bergtatt Scene 2 21.45 black debbath Scene 2 23.15 Bob Hund Scene 1 23.15 dumdum boys Scene 1 01.00 Bjørn Hellfuck Scene 2 01.00 odd scene 2 Design-SKRIVARGARDEN AS