TIME
Grunnsyn Senterpartiet vil at Norge skal bygga framtida si på dei kristne grunnverdiane og vårt demokratiske styresett. Målet vårt er å skapa eit betre samfunn der rettferd, jamstilling og retten til arbeid er grunnlaget best muleg livskvalitet for alle. Omsynet til miljøet skal setjast framfor omsynet til forbruk og sikra utjamning og rettferdig fordeling. Senterpartiet vil fortsatt arbeida for at heim og familier får trygge og gode kår. Oppsedinga av barna må vera foreldra sitt ansvar. Skule Senterpartiet vil fortsatt prioritera og vidareutvikla grunnskulen og oppretthalda nåværande skulekrinsar i kommunen. Lærartetthet må oppretthaldast på dagens nivå. Tilbodet om alternativ skule på Eikeland må førast vidare og utviklast. Me er positive til fortsatt drift av kulturskulen.. Partiet vil legga til rette for gode utemiljø og trygge skulevegar. Skulebygg må sikrast nødvendige midlar til vidareutbygging og vedlikehald. Senterpartiet går inn for at Bryne fortsatt skal vera eit senter for vidaregåande opplæring.
Barnehage I perioden vil Senterpartiet halda fram arbeidet for full barnehagedekning. I kommunen skal dette tilbodet vera godt og allsidig, og best muleg tilpassa brukarane sitt behov til dømes med opningstider og deling av plassar. Omsorg og helse Innan helse- og sosialtenesta vil Senterpartiet prioritera desse tiltaka: Styrka omsorgstenesta for pleietrengjande Sikra best muleg heimehjelp og heimesjukepleie Bygga nye sjukeheimsplassar Sikra dei eldre eit variert og godt sosialt tilbod Tilføra barnevernet større ressursar for å løysa dei aukande oppgåvene innan området Avlastningstilbod til dei funksjonshemma Gjennomgangsbustadar for sosialt vanskelegstilte Styrka støttekontaktordninga Auka midler til omsorgsløn Auka innsats for å få yngre sosialhjelpsmottakarar ut i arbeid Støtta rusmiddelførebyggande tiltak spesielt retta mot barn og ungdom
Kulturpolitikk Senterpartiet vil støtta opp om frivillig lagsarbeid, særleg det som vert retta mot barn og ungdom. Heimen og foreldra er den grunnleggande ressurs for eit godt oppvekstmiljø. Det er viktig å vidareføra og utvikla tiltak for ungdom under 16 år i alle kommunekrinsane. Ungdomsgruppa mellom 16 og 20 år må sikrast attraktive fritidstilbod som støttar opp om ei god utvikling for desse. Dette er mest aktuelt i Bryne. Skulane bør i større grad nyttast til fritidstilbod. Frivillige organisasjonar er viktige medspelarar i ungdomsarbeidet. Senterpartiet vil vera med å verna om kulturskattane våre, som Knudaheio, Fotland Mølle, Garborgheimen med fleire. Bryne Mølle må fyllast med aktivitetar på tvers av generasjonane. Kyrkja må få tilstrekkelege midlar til å løysa pålagde oppgåver. Byutviklingsprosjektet må vidareførast samtidig som ein og utviklar dei andre tettstadane. Me må ha eit godt samarbeid med grunneigarane for å få nytta kultur-, frilufts- og naturområda som er så viktige for idrett, rekreasjon, helse og oppleving i fellesskap for betre livskvalitet. Miljø og forureining Senterpartiet vil setja sterkt fokus på miljøpolitikken slik at natur og miljø tek minst muleg skade. Kommunen må sikra kommunale utslepp og aktivt arbeida for at utslepp frå industri, jordbruk og private hushald kjem i ordna forhold. Den globale forureiningsfaren med sterk auke i verdas CO 2-utslepp må takast omsyn til i all kommunal og privat verksemd i kommunen. Aktiv ressursutnytting og gjenvinning må vektleggast.
Bustadpolitikk og utbygging Senterpartiet vil prioritera bustadbygging på Lyefjell mellom anna ved tilbod om tomter til kostpris. Det må arbeidast vidare med vegkontakt over fjellet mot Frøyland og E-39. Dobbeltsporet for jernbanen må vidareførast til Bryne. SP meinar at det må leggast til rette for bustadbygging i alle krinsane i kommunen. Partiet ønskjer god arealutnytting i sentrumsnære områder. Bustadpolitikk og utbygging må fylgja naturleg vekst i kommunen. Me vil arbeida for å bygga gang- og sykkelvegar, først og fremst for å sikra skulevegane. Kommunen må vera positiv til, og stimulera lag/samanslutningar som vil utføra dugnadsarbeid for å realisera sykkelvegar, idrettshallar og liknande. Det må avsetjast tilstrekkelege midlar for å oppretthalda forsvarleg standard på kommunale gater og vegar. Kommunen må etablera praksis med lik pris ved grunnerverving innan aktuelt område uavhengig av kva grunnen skal disponerast til.
1. Inger Tjåland 2. Jon Laland 3. Bjørgulv Fjermestad 4. Kirsten Kverneland 5. Geir Pollestad 6. Ragnhild Dyngeland 7. Jone Fosse 8. Brigt Åge Høyland 9. Inger Helen Aanestad 10. Arnt Moi 11. Karin Varhaug Ree 12. Livar Nedrebø 13. Maria Undheim 14. Odd Grødem 15. Magne Hognestad 16. Sigrunn Prestegård
17. Kristian Skrudland 18. Anne Gro Rimestad 19. Tordis Undeim 20. Ådne Øverland 21. Torbjørn Garborg 22. John Børge Vikanes 23. Nils Petter Aarrestad 24. Grete Marie Undheim 25. Gunnhild Kverneland 26. Ommund Hognestad 27. Sigrid Kari Undheim
Økonomisk politikk og næringsutvikling Dei tilsette i Time kommune er ein verdifull ressurs. Ein god arbeidsgjevarpolitikk er det viktigaste redskap for å yta service og teneste til beste for innbyggarane. Omsorgstenesta skal fortsatt vera i kommunal regi. Konkurranseutsetjing kan vera aktuelt innafor enkelte andre områder. Senterpartiet vil styrka Bryne som handelssenter og arbeida for at industri, handels- og servicebedrifter kan utvikla seg vidare. Time er ein god jordbrukskommune med eit sterkt jordbruksmiljø. Dette må me ta vare på. Vern av jordbruksjorda må takast omsyn til ved planlegging og arealbruk. Kommunen må vera ein aktiv pådrivar for å få vidareutvikla næringslivet i Time. Senterpartiet ynskjer å delta i samarbeid med nabokommunar på område som kan føra til innsparing og betre servicetilbod for innbyggarane.