7350 egg pr dag. Side 12-15. fylkesmagasinet.no



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

mmm...med SMAK på timeplanen

OK, seier Hilde og låser.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Minnebok. Minnebok NYNORSK

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jon Fosse. For seint. Libretto

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

I N N H O L D. Forord

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS



TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

FANTASTISK FORTELJING

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

6-åringar på skuleveg

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Plassebakken Barnehage

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Informasjon til elevane

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Månadsbrev for Rosa september 2014

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brukarrettleiing. epolitiker

MEDLEMSINFO. august 2009

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kva er økologisk matproduksjon?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Plassebakken Barnehage

Brukarrettleiing E-post lesar

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsplan for Hare November

Info til barn og unge

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

«Ny Giv» med gjetarhund

Psykologisk førstehjelp i skulen

Velkommen til DUGNAD!

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Om å høyre meir enn dei fleste

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Transkript:

NR. 3 MARS 2011 fylkesmagasinet.no 7350 egg pr dag Side 12-15 M2 Harevadet Hyttegrend side 32-33 REPORTASJE Yndestad Mekaniske side 28-31 LITE NYTT The Aller Best of 2010 side 46

LIVET ER MEIR ENN BILAR. VOLVO HAR KUTTA MEST I UTSLEPP* OG AVGIFTER, OG NO GJER VI DET IGJEN! NYE VOLVO V50 DRIVe MED 99 GRAM/KM CO2-UTSLEPP LEASINGTILBOD: VOLVO V50 kkr 81,- Leige pr. dag. inkl. mva. Forskot kr 37.500,- inkl. mva 36 mnd./45.000 km Pr. mnd. KR 2429,- inkl. mva. Lev. med ny, større motor D2 115 hk og skinninteriør til same pris! KAMPANJETILBOD V50 FRYDENBØ EDITION Dieselvarmar m/tidsur Skinninteriør Cruise control Vinterhjul på alu.felgar Aluminiumspanel Fjernkontroll for stereo i rattet Fuktigheitssensor Regnsensor Ryggesensor Alarm Kurve/tåkelys framme IAQS-interiør Air Quality System* Bluetooth handsfree 2-sona klimaanlegg Du betalar Kun kr 299.900,-** Veil. pris kr 337.900,- KAMPANJETILBOD PÅ NYE VOLVO V50 DRIVe 99 GRAM MED START/STOPP *KJELDE OFV/BILNYTT.NO 5. OKT. 2010.** PRIS INKL. FRAKT-, LEVERINGS- OG ADM.KOSTNADER LEVERT FORHANDLAR. GJ.SN. FORBRUK 3,9 L/100 KM. CO2-UTSLEPP 99 G/KM. ALLE VOLVOS DIESELMODELLAR HAR PARTIKKELFILTER SOM STANDARD. ATTERHALD OM TRYKKFEIL. AVBILDA BIL KAN AVVIKE FRÅ ANNONSERT MODELL. TILBODET GJELD KJØP AV NY BIL FRÅ AUT. FORHANDLAR OG GJELD UT 2011. TREFF VOLVO PÅ FACEBOOK.COM/VOLVOCARSNO OG WWW.VOLVOCAR.NO LIVET ER MEIR ENN BILAR. DET ER KJENSLA AV KRAFT, KONTROLL OG SIKKERHEIT. OG DET ER Å NYTE DEI DYRISKE FORMENE. DERFOR KØYRER DU HEILT NYE VOLVO V60 SPORSWAGON. VELKOMMEN TIL PRØVE- KØYRING HOS OSS Her er oppfølgjaren til Volvo S60 som blei lansert i september. Heilt nye Volvo V60 Sportswagon byr på fleksibilitet og litt meir plass bak utan det minste kompromiss på sporty design og spennande køyreopplevingar. Volvo V60 har det prisvinnande sikkerheitssystemet City Safety som standard. Eit system som ved kø og bytrafikk sjølv kan bremse bilen om den registrerer at ein kollisjon er i ferd med å inntreffe. I tillegg er Volvo S60 og V60 dei første bilane i verda som kan stoppe av seg sjølv for fotgjengarar (tilleggsutstyr). Les meir på www.volvocars.no VOLVO V60 FRÅ KR 339 000,- * Inkl. v.hjul *PRIS INKL. FRAKT-, LEVERINGS- OG ADM.KOSTNADER LEVERT FORHANDLAR. VOLVO V60 D3 GJ.SN. FORBRUK 5.5 6.1 L/100 KM. CO2-UTSLEPP 144 162 G/KM. ALLE VOLVOS DIESELMODELLAR HAR PARTIKKELFILTER SOM STANDARD. ATTERHALD OM TRYKKFEIL. AVBILDA BIL KAN HA EKSTRAUTSTYR. TREFF VOLVO PÅ FACEBOOK.COM/VOLVOCARSNO OG WWW.VOLVOCAR.NO Volvo. for life SOGNDAL: 94 81 80 81 FØRDE: 57 83 72 00 SANDANE: 57 86 84 00 ÅSANE: 55 53 68 00 MINDE: 55 59 97 00 BERGEN VEST: 55 50 15 42 www.frydenbo.no

NR. 1 JANUAR 2011 FYLKESMAGASINET I denne utgåva kan du lese om: Instrumental blues Bratt og skummelt 7350 egg om dagen Ordførarkandidaten i Flora Vårmote Del 1 Rett på Lær deg kystmeitefiske Zumbaen herjar Yndestad Mekaniske 47 år utan å skuffe Harevadet Hyttegrend Rett kompetanse kan bli mangelvare X-ord nr. 45 Bokbåten Epos lever vidare Bil og motor - Isuzu D-Max Lite nytt Harald og Harald Framsidefoto: Roy Sunde Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001 Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde Tlf. 95 93 99 99 REDAKTØR ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90 Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om så ta kontakt med meg! MARKNADSANSVARLEG OLE JONNY KLOPSTAD ole@inform-media.no Tlf. dir. 95 93 99 98 Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap ta kontakt med meg! Annonseprisar 2011 Storleik Ann.pris Årsavtalepris* 2/1 side 33.500,- 26.000,- 1/1 side 20.500,- 16.000,- 1/2 side 11.000,- 9.000,- 1/4 side 6.000.- 4.700,- 1/8 side 3.600.- 2.900,- 1/12 side 2.400.- 1.900,- *) Årsavtalepris betingar innrykk i 14 utgåver frå avtale vert inngått. Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Inform Media Trykk Mediatrykk Bergen Distribusjon Posten Opplag 42500 Er vi alle drikkfeldige tjukkasar? Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) er den største helseundersøkinga i Norden, og representativ for Norges befolkning. Dei siste 30 åra er den blitt gjennomført tre gongar, og gjev god innsikt i nordmenn si helse. Over 50.000 deltok i siste runda, og konklusjonen er at nordmenn er for tjukke. BMI har i snitt auka med to poeng for både kvinner og menn sidan den første HUNT-undersøkinga i 1980, som også viste at vi var overvektige. BMI er ikkje noko perfekt verktøy det tek ikkje omsyn til muskelmasse, men det er likevel ei utvikling til uro. Overvekt og fedme har samanheng med mange sjukdommar. Når ein kombinerer det med det andre funnet i undersøkinga, at vi drikk for mykje, gjev det ei tikkande bombe som ventar trygdesystemet og helsevesenet om nokre år, dersom ikkje trenden blir snur. Det er alltid billegare å førebygge enn å reparere og behandle etter at skaden er gjort. I tillegg kostar det utruleg lite i kroner og øre å gå ned i vekt og opp i form. Punkt ein er å auke aktivitetsnivået: Gå ein tur med kona eller mannen, dra med deg ungen ut på akebrettet, eit treningskort kostar nokre hundrelappar i månaden, men betaler seg tifold. Meld deg inn i Friskis og Svettis, ta turen i symjehallen, stikk innom ei squashbane, sykle, gå til butikken eller på jobb, vie din betre halvdel enno meir «ekteskapleg» merksemd, ta ein tur på fjellet, ro båt og lev eit meir aktivt liv. Kanskje enno viktigare er å redusere inntaket av kaloriar, spesielt dei «unødige» i form av sukker, snop og snacks. Det er viktig å basere kosthaldet meir på grønsaker, frukt, fiber, heilkorn, magert kjøt, fisk osv, heller enn kjappe løysingar med ferdigmat og frosenpizza i kvardagen. Ein konklusjon i undersøkinga er at vi sit meir, har mindre fysisk aktiv arbeidsdag og kvardag, og difor får i oss for mykje kcal. Ein time no og då på treningsstudio erstattar ikkje ein dag med fysisk krevjande arbeid, sjølv om det bidreg positivt i form av betre kondisjon. Difor må vi som ikkje har slikt arbeid la vere å ete og leve som om vi hadde det. For å gjere vondt verre tviheld vi på den gode, gamle norske flatfylla, og supplerer med kontinentale drikkevanar. Det seier seg sjølv at det ikkje nødvendigvis er eit gode. Så meir aktivitet, mindre mat, mindre alkohol og sunnare kosthald er lange steg på veg mot betre folkehelse. Det skadar neppe om du stumpar røyken også. Du vil takke deg sjølv om nokre år. 3 Redaktør: Roy Sunde I Fylkesmagasinet vil nokre av artiklane vere merka med film og foto-symbol. Det vil då liggje film og/eller fleire foto om saka på fylkesmagasinet.no Reklamebyrået Inform Media - 95 93 99 99 - inform-media.no VI ER STOLTE AV Å KUNNE FEIRE 10 ÅR SOM FYLKETS STØRSTE REKLAMEBYRÅ

Instrumental blues i Flamencolandskap Steinar Karlsen har lang fartstid i innan blues og rock, men «Ulydium» er debutplata på eiga hand. Den mottok særs gode terningkast frå plateanmeldarane. TEKST: Roy Sunde FOTO: David Zadig 4 Det er sjølvsagt veldig kjekt og inspirerande å få så positiv reaksjon frå platemeldarane. Det er gøy at musikkjournalistane gjev så mykje plass til alternative genrar. Det støttar jo absolutt opp om tanken på å gjere ein oppfølgjar, smilar han lurt. God kritikk skadar ikkje platesalet heller? Det er for tidleg å sei korleis salet går via distribusjonselskapet, men eg er nøgd med direktesalet. Interessa for konsertar er aukande, men det blir ikkje stadionturnè, ler han. Instrumentalt overskot Han har lenge laga instrumentallåtar, til slutt var overskotet slik at han ville lage ei heil plate. Det har vore ein tradisjon å ha med minst ei instrumentallåt på platene eg har spelt inn med Good Time Charlie og Hot Little Mama. Men eg har skrive fleire enn dei som er med der. Overskotsmaterialet vart ikkje brukt til noko, og det var for dumt at låtane skulle bli gløymt. Plateinnspelinga byrja som eit prøveprosjekt, ved å spele inn fire-fem låtar som eg har hatt liggande. Det gav meirsmak så eg booka ny runde i studio eit par månadar seinare. I mellomtida skreiv eg mykje nytt materiale, som og fekk plass på plata, seier han. Kubansk bluesgalskap Plata er prega av inspirasjonskjeldene til Karlsen. Musikken er låtbasert; det vil seie at låtane har tydeleg melodilinjer og oppdeling i vers og refreng, som om det er ein vokalist med. Ein del av låtane har veldig spans/kubansk-inspirert tonespråk. Eg er inspirert av Tom Waits sin gitarist: Marc Ribot, som har gjort nokre flotte kubanske plater. Gitarlyd, lydbiletet og måten å spele gitar på er inspirert av twang-musikken frå 60-talet. Typisk for slik musikk er tydlege melodilinjer, ofte på dei djupe gitarstrengane. Mange tenkjer nok på The Shadows, eg vil heller trekke fram Link Wray som inspirasjonskjelde. Ein pioner med rå og tøff gitarlyd, kombinert med fengande melodiar og gitarriff. From Eikefjorden with gitar Gitarist og låtskrivar Karlsen(31) er frå Eikefjord. Der vaks eg opp og budde til eg var 16. Då flytta eg til Sandane og starta på Musikklinja. Etterpå flytta eg til Bergen. No bur eg med sambuar og 4 kattar i eit lite hus i skogen i Indre Arna. Utanom speling underviser eg på Kulturskulen i Kvam to dagar i veka, fortel han. Mest i band Karlsen er eit kjent namn musikkglade, etter lang fartstid i blant anna Good Time Charlie. Eg har spelt i Hot Little Mama, frå 1999-2005, og to plater. Eg byrja i Good Time Charlie i 2003, der eg framleis er med og har delteke på to plater. I tillegg spelte eg i Rock n Roll Roosters frå 2007-2009, og var med på 1 EP. Og så spelar eg med jamne mellomrom diverse prosjekt i lag med Jarle Grotle og Laila Beathe Førde, begge frå Bremanger. Sjekk ut heimesida for ein smakebit av musikken: www.steinarkarlsen.no GASSPEIS Kombinér det vakre og elegante, med det reine og miljøvennlege! www.inform-media.no Trimline 120 tunnel Tlf. 57 82 99 90 E-post: firmapost@gastech.no Firdav. 14 6801 Førde www.gastech.no

Audi A4 allroad quattro - nå med 2.0 TDI 143 Hk! Den opptrer like godt på veien som utenfor, og er dessuten spekket med det siste og beste innen teknologi og sikkerhet. Audi A4 allroad quattro loser deg trygt og komfortabelt dit du skal, uansett om ferden går til fjells eller bare en rask tur gjennom kaotiske storbygater. Audi A4 allroad quattro fra kr. 480.000,-* Velg blant følgende pakker til kampanjepriser: Teknikkpakke: Xenon plus, Audi parkeringssystem bak Cruise control og Audi sound system Nå kr. 16.900,- veil. kr. 21.790,- Navigasjonspakke: Navigasjonssystem basic, Førerinfosystem i farger Avtakbart tilhengerfeste Nå kr. 14.900,- veil. kr. 35.600,- 5 Audi Q5 - nå med 2.0 TDI 143 Hk og 2.0 TFSI 180 Hk! Utstyrt med quattro permanent firehjulsdrift er dette en bil som garanterer enestående kjøreopplevelser uansett underlag. Samtidig er nye Audi Q5 sportslig uten å være ufornuftig, og overbevisende uten å være skrytete. Utfordringen blir da å finne utfordringer. Audi Q5 fra kr. 490.300,-* Velg blant følgende pakker til kampanjepriser: Sportspakke: 19 alu.felger i 5-arms design Designpakke sport (sportsseter og valgfri dekor) Nå kr. 19.900,- veil. kr. 28.050,- Teknikkpakke: Xenon plus og Cruise control Audi parkeringssystem bak 3-eikers sportsratt i skinn Nå kun kr. 16.900,- veil. kr. 20.010,- * Veiledende pris levert forhandler, inkl. frakt og leveringssomkostninger. Årsavgift kommer i tillegg. Drivstofforbruk 0,62-0,93 l/mil ved blandet kjøring. CO2-utslipp 164-218 g/km. Tallene gjelder samtlige motorer som tilbys. Bildet kan avvike fra tilbudet.

Det er bratt, og det Du står i ei skummel fjellside og vurderer å ringje etter hjelp. Sjå no for deg at nokon legg is og snø i den same fjellsida. Ville du da tenkt; ja no går det fint? I Sogndalsdalen ikkje bere står dei i fjellsida, nei, dei tek fart før dei hoppar ut frå ho. TEKST og FOTO: Joachim Vie 6 er skummelt Sjå film og fleire bilder på fylkesmagasinet.no

GJE EIN VARM APPLAUS for Torgeir Sværen Henjum frå Sogndal, mannen som skal ha mykje av æra for at vi har Norgescupen i Freeride no, ropar speakeren til god mottaking hos publikum. Sogndal fekk også i år arrangere ein av seks konkurransar for å kåre den beste frikøyraren på ski og brett i Norge. Dei beste utøvarane i Norgescupen får heider og ære, gode relasjonar til sponsorar, og i nokre tilfelle blir dei invitert til å delta i prestisjefulle konkurransar ute i verda. Mange om tryggleiken Vi spelar ikkje golf akkurat, det er masse logistikk, seier Roar Erlandsen, Frikøyringsmajor, sortert under frikøyringsgeneral Per-Odd Grevsnes. Han snakkar om kapp med speakeren, som spelar musikk frå iphonen mellom kommentarar om deltakarane og plasseringar. Deltakarane står oppe på framsida av Frudalshesten i Sogndalsdalen, og måtte trakke opp til start for eiga maskin. Vi har lege på plass, saman med ei alpin redningsgruppe og ein tindevegleiar som har sjekka snøtilhøva og rasfare, i tillegg eit dommarpanel. Tryggleiken er i førarsetet, men ein kan jo ikkje gardere seg mot alt. Jobben vår er å ha folk her i fall det skjer noko, fortel Erlandsen vidare. Om ein misser ei ski eller ein stav, er ein automatisk diskvalifisert, informerar speakeren. Erfaring viser at løparar som ramlar, eller mister utstyr, ofte satsar over evne, for å rette opp inntrykket. Det kan føre til nye og alvorlege krasj. Redningsansvarleg og tindevegleiaraspirant, Stein Falsen Møller kjem gåande frå ei solfylt side og ned i skuggen kor speaker og publikum er. Det er vel ein generell skredfare på 2, av 5, altså moderat. Det kan vere lommer av meir farleg snø, men det er ikkje snakk om store skred i så fall, fortel Stein, som har grave snøprofilar til den store gullmedalje. Det blir ein heil del profilar ja, og snøen oppfører seg stort sett fint, smilar han før det sprakar i radioen og han legg av garde. Frikøyringsmajor Roar Erlandsen (t.v.) og redningsansvarleg Stein Falsen Møller. Dette arrangementet er jo rett inn i faget vårt, fortel lærar for VG2 reiseliv, Britt Hovland Selseng. Dei står for servering, organisering og opprydning. I ei grop i snøen sit nokre av elevane og smilar nøgde. Det ser ikkje ut til å plage dei at dagens klasserom er ei hole i snøen. Det er jo eit knallgodt arrangement, men eg veit ikkje om sogndølane har fått det med seg, seier ho på klingande sogning. Det er stort sett tilreisande og austlendingar ein høyrer når ein beveger seg blant publikum. Det er jo synd, for i Europa trekkjer slike arrangement mykje folk! Eg er glad eg kan lære elevane at dette faktisk er stort, og at vi ikkje må sjå på fjella som ein trussel, slik vi gjerne har gjort opp gjennom tidene i Sogndal. Til start står ein nøttebrun, og kanskje Sogndals penaste fyr, min sambuar Njål Sund, fortel speaker til latter frå publikum. Stort i Europa, men likevel eit lokalt arrangement med lokale køyrarar. Eller som deltakar i snowboard dameklassa, Eline Andre Garlie sa det: Eg har vore med på det her i tre år, men det er dei same folka eg treff kvar gong. Ikkje berre seier det oss at miljøet består av få, men også at det ikkje er for kvar og ein å setje utfor ei stupbratt upreparert fjellside med klipper. Ikkje nok med at du skal ned i live, du skal vere raskast, hoppe frå den høgaste klippa, velje den tøffaste vegen ned og du skal gjere det heile med stil og flyt. Er det rart det er få? Vil ha gard oppe i fjellsida 7 Kjentfolk Kan vi berre vente litt, vi kjenner han der, seier Nora Helleland. Saman med Morten Christensen og Silje Storevik har dei grave seg ei sittegrop under to lokale reklamebanner. Kom an Torkjell, ropar dei i det han set utfor ei fjellside ein knapt kan fote seg i. At han umogleg kan høyre dei er ikkje så viktig. Vi kjenner jo mange som køyrer, svarar dei i kor på spørsmål om kvifor dei har sett seg til her i kulden. Nora bur austpå, men prøvar å kome seg heim så ofte som mogleg. Vi likar jo å stå på ski, og her i Sogndal blir det mykje toppturar, stadfestar Silje. Det er ingen tvil, det blir ein av dei lokale som vinn, Torgeir, Steinar eller Henrik! I fjellsida står ein ny deltakar og vurderer om han skal hoppe eller ikkje. Publikum jublar medan køyraren hiv seg ut i dagens høgaste dropp. Han landar i eit kaos av snø før han skyt vidare ned fjellsida, og publikum veit å setje pris på våghalsen. Undervurdert Om deltakarane leverar inn startnummeret skal dei få ein hamburgar i byte, proklamerar speakeren, og legg ikkje skjul på at elevane frå Sogndal vgs. har gjort ein god jobb på grillen.

- Eg vil ha meg ein gard oppe i fjellsida Eg er jo for gammal til å sitje heime, så eg ville no vere med. Eline Andrea Garlie frå Naustdal stilte i klassa snowboard damer. Legen hennar hadde nok sett at ho tok det litt meir med ro, sidan ho har ein kneskade. Eg er kjempenøgd, forholda her er fantastisk bra. Eg køyrde ei kjedeleg linje i kvalliken, og fekk lite poeng men fekk kjent på kroppen at den fungerte så då valte eg ei meir krevjande linje i finalen og vann! Kjempeflott face arrangørane hadde funne, all kredd til Sogndal freeride. 8 Opp og fram med damene Eline er busett i Lillehammer og deltek i Norgescup Freeride på fjerde året. Er forhandskvalifisert i alle konkurransane, etter tredjeplass samanlagt i cupen i fjor. Det er viktig å få fram damene i sporten, seier ho bestemt. Sjølv er ho sjølvstendig næringsdrivande og kurshaldar for instruktørutdanning innan snøbrett, og sit som vara i styret til Den Norske Skiskole. Vi er kanskje litt late i dag, og vil helst bli dratt opp fjellsidene, men det er jo dette som er fantastisk. Nesten galskap, når ein nyttar to timar opp for tre minutt med køyring, flirar ho. Så vendar ho hovudet mot fjelltoppane som er bada i sola på veg ned. Sjå på det her, det er dette det handlar om. At ein tek i bruk naturen som ein leika i og vaks opp i. Ein må ikkje berre gå rundt og tenkje at fjella er farlege, slik det verkar som enkelte gjer, meiner ho. Men respekt skal ein ha! Eline reiser mykje, både i Norge og i utland for å stå på snowboard. På slike arrangement både treff ein likesinna og får reise mykje rundt, seier ho og klemmer 71 grader Nord-vinnar Mari Wedum, som akkurat susa ned fjellsida. Når eg kjem attende til fylket skal eg ta med meg alle erfaringane eg har samla. Draumen er at eg skal ta med meg kjærasten min (Torbjørn Paulsen, som også kjører i NFC) og kjøpe ein gard oppi ei fjellside, ropar ho på veg bort til ein gjeng deltakarar. Normalt ville Eline valt ei halsbrekkande linje ned Frudalshesten, men sidan ho slit med ein kneskade, så blei det ein «kosetur». Eline (t.h.) i prat med 71 grader nord vinnar Mari Wedum. På scooteren sit Fred Syversen, kjend frikøyrar, og ikkje minst kjend for å ha køyrt utfor ei over 100 meter høg klippe under ei filminnspeling i Alpane. AVIS - Fjordane Bilutleige tilbyr bilar til dei fleste føremål, stasjonert på fylgjande stadar: - FLORØ - FØRDE - LEIKANGER - MÅLØY - SANDANE - SOGNDAL - STRYN Pristilbod og reservasjon på telefon 57 72 50 80 www.avis.no KOSTNADSFRI RUTEREPARASJON PÅ DAGEN! Glass- og frontrutereparasjon/skift Klimaanlegg reparasjon/påfyll Skadereparasjon Lakkering Solfilm Skade- og lakkverkstad for: Biltreff, Sunnfjord Auto og Opus. Opningstider: Mandag - fredag 7 30-16 00

Velkommen til visning. Enkel servering 12. Finn inspirasjon til din neste ferie hos oss! Delta i Hobby-lotteriet, og ver med i trekninga av mange flotte premiar! Kjempetilbod på utstillingsvogner: Hobby Excellent 540 KMFe Med følgjande ekstrautstyrspakke: Steikeomn, Havana stoffkombinasjon og 12V med batteri og ladar. Ord.pris med utstyr: kr 201.350,- Tilbod: kr 179.000,- inkl. 11 kg gassflaske, frakt og lev.kostn. Sjå det utstilt! Alle som kjøper ny vogn denne helga får med Ventura Basic Large lettvekstelst inkl. i prisen! Dethleffs Magic Edition 545 DBM Med stor utstyrspakke: Ekte skinn, glatte plater sølv, alufelgar, Ultraheat 230V til Truma kamin og golvvarme 230V ++ Ord.pris med utstyr: kr 302.600,- Tilbod: kr 269.000,- inkl. frakt og lev.kostn. 9 Vi fyller eine bilhallen, og har i tillegg utstilt vogner og campingbilar ute. Start ferieplanlegginga hos oss! Ventura og Isabella fortelt Utstyr Delelager Verkstad NB! Opningstider: Laurdag 12. mars kl 10-16 og søndag 13. mars kl 12-16 Forhandlar for: BMW Mitsubishi Bruktbilar Hobby campingvogner og bubilar Dethleffs campingvogner og bubilar Fendt campingvogner og bubilar Sjå vårt utval av brukt på www.biltreff.no Medlem i Norges Caravanbransjeforbund NCB-autorisert Caravanverkstad

E-PRAT med ÅSHILD KJELSNES Alder: Fødd 1957. Bustadkommune: Flora. Yrke: Fylkesvaraordførar 10 Aktuelt: Åshild Kjelsnes er leiar av Nasjonal rassikringsgruppe, som jobbar for rassikring av alle offentlege vegar innan 2030. Korleis ligg ein ann i høve dette målet? Midt i trappa! På dei 10 år Nasjonale rassikringsgruppe har vore i aksjon har det vore stor auke i forståing for at rassikring er eit nasjonalt ansvar vi må ta på alvor. Då vi starta var dei årlege løyvingane på ca. 250 mill kr. Med den takta ville rassikring bli eit evigheitsprosjekt. No vert det løyvd 1 mrd pr. år, men kostnadane, kunnskapen om ras og klimautfordringane gjer at vi framleis har eit etterslep på rassikring på fleire titals milliardar. Derfor må vi springe trappa litt fortare. Kva trengs for å oppnå målet? Ut frå dagens kunnskap trengs det 2 milliardar kr årleg for å komme i mål, ei dobling av dagens løyving. Då vil ein vere à jour i 2030, og det blir ikkje så krevjande å halde vegnettet rassikkert for framtida. Det betyr ikkje betyr at vi ikkje trur det vil verte hendingar naturen er lunefull og mektig det veit vi alle. Kva er den største utfordringa i høve å få på plass rassikring av alle offentlege vegar? Vi, og folk elles, forstår at ein ikkje kan ordne alt i ein fei. Vi jobbar i 20-års perspektiv for å sikre kjende raspunkt. Det meiner vi er eit nøkternt og tomodig krav, med respekt for at det er mykje som skal på plass. Den største utfordringa er vilje og handlekraft frå regjering og storting til å prioritere rassikring i neste rullering av Nasjonal Transportplan. 2 milliardar kr pr år er ikkje urealistisk, eg har forventingar til at regjeringa føl opp opptrapping dei har starta. Teikn eit bilete av deg sjølv slik du trur andre oppfattar deg? Kanskje ærleg, sta og blid? Eg trur også mange meiner eg ikkje prioriterer som gjennomsnittet, for alle vennane mine veit at eg heller drar på ei reise enn å kjøpe nye gardiner. Beskriv den ultimate frihelga. To alternativ.: Hytteliv utan sakspapir og berre styre tid og gjeremål sjølv, gjerne med besøk av ungdommane våre, eller tur f. eks. til Paris med min kjære, der vi kunne sitte på ein fortauskafé og beundre det glitrande Eiffeltårnet om kvelden. Kva har du liggande på nattbordet? Lommelykt, klokkeradio og boka «Tre koppar te» av Greg Mortenson og David Oliver Relin Kva musikk/musikarar lyttar du til? Eg vaks opp i ein musikalsk heim, med mykje klassisk musikk. Det har eg tatt med meg, men eg er glad i mange sjangrar. Eg lyttar til alt frå Bach og Sarah Brightman til die Toten Hosen og Nightwish. Blant favorittane finn du Queen, Abba, Billy Joel, Odd Nordstoga, Hellbillies og ikkje minst Jan Werner Danielsen. Stemma hans kan aldri erstattast, det er synd at han døydde så ung. Du har invitert fire vener til middag heime hos deg sjølv. Kva serverer du dei? Eg ville alliert meg med mannen min og bedt han diske opp med raspeballar. Det hadde vore bankers i venneflokken, han lagar dei beste i mils omkrets. Så skulle eg følgt opp med god kaffi og Cognackake etter oppskrift frå Bestebakken i Luster. Kva drøymde du om å bli då du var liten? Det varierte mellom flyvertinne og radiotelegrafist. Flyvertinnedraumen havarerte då eg innsåg eg ikkje vart meir enn 152 cm høg og fekk flyskrekk. Ambisjonen om å bli radiotelegrafist forsvann då morsealfabetet gjekk ut på dato. Kva får deg skikkeleg irritert? Når folk ikkje gidd å bry seg om andre, men er opptatt av seg sjølv og å sikre eigne fordeler. Du får 50.000 kroner du skal gje til eit lag eller ein organisasjon. Kven får pengane og kvifor? Pengane ville gått til Amnesty International. Kan du finne ein organisasjon med ei meir prisverdig målsetting enn drømmen om ei verd der dei grunnleggande menneskerettane vert oppfylt for alle? Kva hugsar du best frå barneskulen? Det eg hugsar aller best er dei flotte skuleturane i Årdalsfjella både til fots og på ski. Kva ville du vist fram for ein turist som kom til heimstaden din? Helst ville eg tatt han med frå perle til perle, Kinn, Svanøy, hellerisningane i Ausevika osv. Ein kortversjon er opp på Brandsøyåsen og vise fantastiske Flora frå storhav til breen, med utsikt frå Alden til Sagafjella. Når eg først var i Brandsøya ville eg tatt han med heim på tunet så han fekk prøve å mate «hushjorten» vår. Så ville eg vist han rundt på Fjordbase og mangfaldet av aktivitet som finns der, teke turen gjennom Strandgata og innom Kinn bryggeri, der han kunne få smake lokalt øl brygga med kjærleik. Eg ville avslutta med middag på Kinarestauranten ytst i Strandgata. Ikkje fordi lokaliteten er så spesiell, men du får den beste kinamaten på Vestlandet der. Det er i alle fall eg viss på. Med litt flaks kunne vi sjå solnedgangen vest i havet frå Fugleskjærskaien etterpå. Vi jobbar i 20- års perspektiv for å sikre kjende raspunkt

Kos Kos Kos Vinterhygge Handel og kos midt i Førde! de! 11 Gyngehesten Leikebutikken Yes Førde Libris Bunnpris Rema 1000 Fastfrilans Førde Multimedia Torg Mobildata Gullsmed & Urmakar Brændmo & Pettersen Audhild Viken Jernia Førde Kid Interiør Sybutikken Ting Olefine - Naustdal Dampbakeri Spiseriet Bik Bok Carlings Chatlet Sport1 Førde Cubus Dressmann Jakt og Fritid Lindex Mozart Non Stop Sko Smia Dame Smia Herre Skoringen Vivikes Centrum Salong Parfymelle Non Stop Sko Opningstider:10 20 (10-16) Matvarebutikkane har eigne opningstider gåkovert Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre butikkar! Følg oss på Reklamebyrået Inform Media Handel

7350 egg om dagen (sånn cirka) I eit landbruk med store utfordringar og stadig endring lukkast den som evner snu seg om. Bente og Bjarte Nordanger satsar på egg som tilleggsnæring og lukkast med det. TEKST og FOTO: Roy Sunde Sjå film og fleire bilder på fylkesmagasinet.no 12 Garden til Bente og Bjarte Nordanger ligg på Sande på Sandøya i Gulen, eit par steinkast unna Hordaland og Mongstad, der dei for to år sidan kunne opne sitt nye hønsehus for storproduksjon av egg to år etter at dei valte å satse. Du må sette skoa her, seier Bjarte Nordanger og finn fram kvite plastfrakkar til nysgjerrige journalistar. Det er veldig strenge krav til hønsedrift og kva ein lyt gjere for å unngå sjukdom. Eg veit ikkje om eit hønseri er meir utsett for smitte, men konsekvensane er i alle fall mykje større, fortel han og viser oss inn i lokalet der egga blir frakta frå hønsedelen av huset og opp i emballasjen. Her må de bytte sko igjen, forklarar han i det vi når neste sone, tre meter unna, ved inngangen til hønseriet. 7200 Der inne ventar over 7000 høns, travelt opptatt med sitt. Skal du ha fleire enn 7500 må du ha konsesjon. Og for å få det må du ha hatt løyve før, så det var ikkje aktuelt for oss når vi starta. Det er same investeringa om du skal ha 5000 eller 7500. Då bygger ein så stort som ein kan, fortel han. Inne i hønsehuset er det høgt støynivå, og eit yrande liv, på fleire plan. Nokre eggprodusentar ligg roleg for seg sjølv inne i avlukka der dei trekk inn når dei skal verpe egg, andre sit på Bjarte, og ei tilfeldig valt høne som fekk æra av å representere dei andre under ein rask fotoshoot. Vi er overbevist om at frittgåande er mest framtidsretta pinnar og studerer inntrengjarane med eit skrått blikk. Mesteparten flokkar seg rundt brøda Bjarte spreiar rundhanda ut på golvet. Om du syns dei bråker no skal du høyre dei på morgonen når dei fleste verper, smiler han. Og verper gjer dei. På det meste legg 98 prosent av hønene legg egg dagleg. No er vi i veke 55 av livet deira, og nok nede i cirka 95 prosent og 7200 høner. Vekeproduksjonen ligg no på rundt 45.000 egg, seier han, og fortel om ei hektisk karriere for hønene. Unghønsene er 16 veker når dei kjem, og byrjar å verpe når ca. 20 veker gamle. Full produksjon når ein frå veke 23-24, og så produserer dei egg til dei er 76 veker. Då må vi skifte heile besetninga, det er eit krav. Deretter har vi fire veker opphald, der vi vaskar og desinfiserer anlegget, forklarar han. Frittgåande Ekteparet Nordanger satsa frittgåande. Då vi byrja tenke på dette var eg fylkesleiar i bondelaget, kom i kontakt med ulike miljø, og såg moglegheita for å starte med høns. Produksjonen er regulert, så ein må ha på plass avtale med eggmottakar og stå på venteliste. Etter halvtanna år kom opninga. Vi trudde det skulle ta lenger tid, men vi kasta oss rundt og satsa. Valet enda med frittgåande høns, sjølv om det er lov med bur også. Vi er overbevist om at frittgåande er mest framtidsretta, sjølv om det er meir arbeid og større utfordring. Det er best for dyra, og då er det beste løysinga for oss, seier han, og legg til at anlegget tilfredsstiller nye arealkrav som kjem neste år. Eit hønsehus med plass til 7500 høns er eit solid løft økonomisk. Vi bikka ikkje fem millionar kroner på driftsbygg og inventar, men det var veldig nær. Det er eit alvorleg løft for oss, det er det ikkje tvil om. Ein lyt vite at det fungerer etterpå. Ei årsak til at dei valte å satse på høns er ønsket om å vere bonde på heiltid. Det er mjølkeproduksjonen vi lever av. Begge jobbar heiltid på bruket, og det er slik vi vil ha det. For oss er det slik at skal ein vere bonde lyt ein vere bonde for å leve av det. Difor har vi prøvd å satse på fleire felt. Det er betre enn å vere bonde på deltid og springe rundt og hente pengar andre stader. Av

m 2 og til skulle ein kunne ønske å vere meir einsretta i drifta, men vi trivast med å ha det litt spreidd og å ha fleire bein å stå på. Til no har vi vore i samdrift, men den går vi diverre ut av til nyttår. Vi finn nok ei løysing, for vi ønskjer å ha ferie og leve som «vanlege» folk, seier han. Enkel rekneskap Etter to år med drift er konklusjonen at det har gått bra. Vi har lukkast i å få eit bra resultat. Det er eigentleg veldig enkelt å finne ut av når ein driv med høne. Det er egg minus fôr, så sit ein med fasiten på om det har gått bra eller dårleg. Ting som dødlegheit, kvalitet på egg osv spelar inn, og det hjelp godt på at renta på lånet har vore gunstig også. Vi fekk også støtte på 600.000 kroner frå Innovasjon Norge. Det var, saman med tilliten frå banken, avgjerande for at vi våga satse. Vi fekk raskt god kvalitet på egga, og vi har heller ikkje mista mange høner så langt. Men det er små marginar, så ein skal ikkje gjere store feil før det gjev store utslag, fortel Bjarte. Teknikk er fantastisk når det fungerer, men det kan gjere deg sløv. Hos oss fungerte alt heilt topp, men brått gjekk noko gale, og det vart for lite vatn i to dagar. Då stupte produksjonen, fortel han. Med 7500 høner laus går det fort gale om det klikkar. Dei er ikkje snille når dei blir stressa, og det er ei utfordring. Blir dei redde klumpar dei seg, og dei underste får lite luft. Ein kan miste mykje fugl på den måten, fortel han. Og som troll i ord kvepp nokre tusen høns til i det journalisten prøver å knipse eit blinkskot. Hønene slår med vingene for å flytte seg opp og fram. Lyden kan kveppe hjarteinfarkt på ein stakkar. Dei roar seg veldig raskt ned, seier Bjarte, og får heilt rett. Få sekund seinare er dei samla i brødpikking att. Slow food I botnen av drifta ligg produksjon av mjølk. Mjølkeproduksjon gjev ikkje den beste innteninga, men det er sjeldan ein ikkje tener pengar på mjølkeproduksjon. Likevel er det basisen for drifta. Og så satsar ein på økt overskot på andre ting, fortel Bjarte, som også har satsa utradisjonelt på kalv som tilleggsnæring. Vi sel kalvekjøtet direkte til forbrukar, etter å ha kasta oss på i Sponheimtida. Då skulle alle vidareforedle, og vi er lettpåverkelege og likar utfordringar, slår han fast med glimt i auget. Det er ei låg satsing, der Nortura slaktar for oss, og vi leiger lokale til pakking, merking med meir. Før var vi aktive på Bondens marknad og liknande, men det kravde så mykje at vi slutta med det. Men det gav oss erfaring, nettverk, og ein marknad å levere kjøtt til. Kalv er sjeldan i butikk, fordi kiloprisen blir høg. Slaktevekta er jo berre halvparten av vakse storfe. Marknaden har ikkje vore villige til å betale høg nok pris i Nortura-systemet til no. Det er gjerne dei delane av kalven ein kan ta høg utpris på restaurantar vil ha, seier han, som biffar og filetar. Det vanlegaste produktet vi leverer er ein kvart kalv. Nortura slaktar, har det til møring og grovparterar, så overtek vi og tilpassar eventuelle ønskjer frå kunden. Om ein kjøper ein kvart kalv er kiloprisen 140 kroner kilo, anten det er kjøttdeig eller indrefilet, mens indrefileten åleine kostar 350 kroner kiloen. Om ein kjøper ein kvart kalv får ein jo litt av alt, fortel han. Det er ikkje på impuls dette, det går 14 dagar frå slakt til levering. Vi slaktar 1-2 gongar i månaden, seier han og trekk fram ei veldig positiv side med lokal mat. Som bonde føler ein det ofte som det blir mykje negativ omtale, medan lokal mat gjev tilbakemeldingar om at det er flotte produkt. Hest på si Som ei anna attåtnæring har dei fire islandshestar på beite. Vi driv stall i tillegg til gardsdrifta. Det er mest ein hobby vi prøver avgrense tapet på, slår han fast med eit smil, medan han prøver lokke hestane bort til gjerdet med brød og gode ord. Det er kona som er stallmeister, men ho er i Bergen i dag, unnskyldar han dei lite velvillige hestane. Til slutt lyt vi ta beina fatt. Dei har nett fått frukt, så dei er vel ikkje så svoltne, slår han fast, og fortel om bruksområdet. Barnehagen her nede er innom med kvar unge ein til to gongar i året. Vi har også hatt rørslehemma personar innom for å ri fast, ein gong i veka. Elles er det spesielt jenter frå 8 til 15 år som er veldig interessert i hest som er her på nybyrjarkurs, samt ein del hyttefolk som kjem innom. Vi skulle gjerne satsa meir på slikt, men døgnet har berre 24 timar, slår han fast 13

14 OPEN HELG / Fredag 4. - søndag 6. mars Ope: Fre 10-18 / Lør 10-17 / Søn 12-16 Adria importøren stiller med representant på fredag. NCC Sogn og Fjordane stiller med representant. Vi viser fram 2011-modell Adria bubilar og vogner samt FlexiCamp stålfortelt Skriv du kontrakt denne helga får du: GRATIS fortelt, gassalarm og brannsløkkjar ved kjøp av 2011-mod vogn GRATIS markise, gassalarm, røykvarslar og radio/cd ved kjøp av 2011-mod bubil GRATIS vognruller ved kjøp av FlexiCamp Vi har nokre få 2010 bubilar / vogner som vert selde til sterkt reduserte prisar! Vi ønsker gamle og nye kundar velkomne inn til ein hyggeleg caravanprat med noko attåt! Caravan Vest AS Tlf: 57 82 62 50 www.flexicamp.com www.caravanvest.com

DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER OG BRILLER? Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar Ta kontakt for meir informasjon og referansar! Synskirurgi er ei tillitssak Alderslangsynt? Ikkje la alderdomsbetinga langsyn legge avgrensingar på ein aktiv alderdom. Ein enkel, smertefri og rask operasjon er alt som trengs. Etterpå kan du legge briller og linser på hylla, og starte eit nytt liv. I tillegg til mjølke- og eggproduksjon har også Bjarte og Bente fire islandshestar. Dei takkar ikkje nei til litt dagsferskt brød, på ein kald vinterdag. om tidsklemma som festar grep i Gulen også. Vi har idear. Til dømes kunne det vore spennande å prøve ut eit opplegg med ridetur til Sande sitt høgste fjell, og servering av mat med basis i kalvekjøt. I klårt ver har vi utsyn til sju kommunar og stor sjanse for å treffe både hjort, havørn og andre dyr på vegen. Møttes på halvvegen At paret skulle ende i Gulen var ikkje sjølvsagt. Men at dei skulle bli bønder var bombesikkert. Garden kjøpte vi i 1987 på den frie marknaden, men vi er ikkje frå Gulen. Eg er frå Bergen og Bente er frå Tromsø. Eg brukar å seie vi møttest på halvvegen medan vi gjekk på jordbruksskulen på Stend i Fana, ler han. Vi ønskte begge å bli bønder, så vi hadde det nok i genane, men ingen av oss hadde noko odelsgard. Bente hadde besteforeldre på Austrheim, som ho vitja kvar sommar, medan eg hadde ein onkel som dreiv gard i Radøy. Når vi vitja besteforeldra mine enda det alltid med at eg var med onkel i fjøsen, køyrde traktor osv. Vi hadde aldri planar om å bli noko anna enn bønder, smiler Bjarte. Framtida som bonde trur han på. Eg er betinga optimist, men trur ikkje nokon blir rik av landbruk på våre kantar, ikkje på pengar i alle fall. Har ein ei genuin interesse for yrket er det høve til å både leve av det, og leve ganske godt med det. Stoggar ein opp og står på staden kvil har ein alt byrja å avvikle, så ein må følgje med i faget og hive seg rundt når høvet byr seg. Ein kan ikkje bygge hønsehus til fem millionar kroner kvart år, men ein kan heller ikkje kvile på kva far din investerte for 25 år sidan heller, slår han fast og kjem inn på utfordringar i landbruket. Vi er like effektive som resten av landet inne i driftsbygga våre, men dagens landbruk er meir arealintensivt. Buskapen er større og krev at ein haustar meir. Det er ei utfordring å rekke over nok areal på våre kantar, på grunn av topografien vår, samt at vi har mykje nedbør i vekstsesongen. Større areal gjev også meir frakt, som ureinar og slepp ut CO2. Landbruket er avhengig av at folk meiner vi steller godt med kulturlandskapet. Det gjer legimitet for dei tilskota vi får. Blir ein pressa til effektivisering kan mykje landbruksjord gå ut av drift, fordi vi ikkje har tid til å stelle areal som er bratt, lite eller har dårleg arrondering. I eit fylke som er så avhengig av turistar får det uheldige konsekvensar. Det er heller ikkje er bra at areal går ut av produksjon, når det er for lite dyrka areal totalt sett i høve til jordas aukande befolkning. Norge har pengar til å kjøpe mat til folket sitt, men er det rett å auke prisen på mat i U- land, slik at fleire svelt der, medan vi kan eta oss mette på deira bekostning? spør Nordanger. Tilknytta kirurgar: dr.thilesen, dr.plesner, dr. Meberg Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 www.synskirurgen.no Vårfest 9. april Vassendgutane og Heimalanne - Her vert det høg allsangfaktor og god stemning i begge etager. Bill kr 420,- / 450,- i døra. Dansegalla 16. april Musikk og dans frå to scener med Bjørns Orkester, PK og Dansefolket og Dansebændet Eige Elvis-show med Isak Søraa! Bill kr 300,- / 350,- Bill til desse arrangementa får du kjøpt i resepsjonen på hotellet. Tlf: 57 83 40 00 Fax: 57 83 40 01 - rica.sunnfjord.hotel@rica.no 15

Sunnfjord Energi er eit energiselskap med 120 tilsette. Vi driv med produksjon, distribusjon og sal av fornybar energi i Sunnfjord og ytre Sogn og andre aktivitetar knytt til dette. Hovudkontoret vårt ligg i Førde. Skoseljaren Som spiss scora han mål med hoftefeste. Til hausten kan det henge eit ordførarkjede om halsen. Bengt Solheim-Olsen er mannen frå gata som samla Høgre. TEKST og FOTO: Joachim Vie 16 Konsulent kraftmarknad Sunnfjord Energi si marknadsavdeling har ansvar for kraftomsetning til kundar i forsyningsområdet. Arbeidsoppgåver: Stillinga vil medføre utstrakt kundekontakt, både med privat- og bedriftskundar, samt tilliggande oppgåver. Du vil vere fagleg ressursperson i avdelinga for lovverket som regulerer omsetning av kraft og nettleige, samt ha ansvar for effektiv bruk og oppdatering av ny funksjonalitet knytt til kundesystemet. I tillegg vil du være back-up for prognosering og avrekning av produksjon og forbruk mot Statnett og Nordpool. Din profil: Vi søkjer deg som har relevant utdanning på høgskulenivå, og som har interesse for system, regelverk og kraftmarknaden. Du er omgjengeleg og kundeorienter og har interesse for jus og økonomi. For meir informasjon ring marknadssjef Rune Reed på tlf 952 53 934, eller personalsjef Marit Moene, tlf 952 53 938. Les meir om stillinga og arbeidsoppgåvene på www.sunnfjordenergi.no, eller send søknad m/ CV merka Konsulent til jobb@sunnfjordenergi.no Søknadsfrist: 11. mars 2011. Sommarjobb 2011 Vi tilbyr sommarjobbar som kan gi relevant praksis til studentar innan relevante fagfelt. Du vil verte kjent med kraftbransjen generelt, og Sunnfjord Energi spesielt. Les meir om jobbane og kven som kan søkje på www.sunnfjordenergi.no Søknadsfrist: 15. mars 2011 www.sunnfjordenergi.no Skal de inn til Bengt, spør sambuar Therese Svortevik smilande når vi rundar hjørnet på skobutikken. Berre gå inn i smauet der og opp trappa. I eit kvitt, lite trehus i Florø sentrum, i andreetasjen på skobutikken, driven av familien Solheim-Olsen sidan 1897, er det to dører. Den eine tek deg ned ei trapp som buktar seg nedover mellom skoøskjer og gjennom ei lukt av skinn og nye sko. Bak den andre er det lukta av morgonkaffi, egg og bacon og ein smørblid Bengt Solheim-Olsen som tek imot oss. Diplomaten Eg var aktiv i det meste på 80-talet, byrjar Bengt, medan han delar eit fint rundstykke, legg på pålegg og gjev eit til kvar av døtrene Maren og Sara, på høvesvis to og eit halvt og eitt år. Ei potensiell konflikt ved kjøkkenbordet; kven skal ha toppen av rundstykket, med frø? Det går bra. Er du ein diplomat? Openheit er viktig for Høgre. Då er det fort at diskusjonar internt i partiet også kjem ut i det offentlege rom, held han fram. Han siktar til bråket i Høgre som prega starten på 2010, og for så vidt går lengre attende i tid. I februar 2010 greidde dei å bli samde om at Bengt skulle bli leiar for Flora Høgre, men det var det einaste vedtaket dei fekk gjort under det møtet. Partiet var delt i to, og partane var meir opptekne av å kjempe mot kvarandre, enn å kjempe for politiske saker. Ti månader etterpå kunne NRK Sogn og Fjordane melde at Flora Høgre no står samla. Det er fort å trekke slutninga at dette er takka vere mine diplomatiske evner, men det skal vi ikkje gjere, seier Bengt kledeleg beskjeden. Han legg ikkje skjul på at noko av dette kan skuldast at det er valår i år, og det «skal ein ha respekt for», som han seier det. Det same sa han under årsmøtet i Høgre. Gateguten Klart at eg tek med meg noko frå fotballen, seier Bengt. Og uttrykka kjem som perler; politikk er eit lagspel og ein må trekkje i same retning, både innad og på tvers. Høyrest du ut som ein trenar når du talar for Høgre? Nei! Det gjer eg ikkje, seier han bestemt. Fotballuttrykka i dag er toskete! Altså, ei midtbane er ei midtbane og ikkje eit midtbaneledd. Han er for å seie ting direkte, vere klar, tydeleg og fair. Men det byråkratiske spelet er ikkje alltid rett fram. Eg vil ha enno meir kontakt med folket i Florø

som vil bli ordførar 17 Eg tenkjer jo heile tida på kvifor eg ikkje sa det eine eller det andre, eller på den eine eller andre måten. Det er klart at ein som har vore i politikken i tjue år er meir innforstått med byråkratiet og korleis det fungerer, seier han tankefullt. Som alle andre ungar som er ferdige med maten, byrjar Maren og Sara å bli utålmodige ved kjøkkenbordet. Det blir mykje prat rundt bordet, og fjernsynet med teiknefilm lokkar. Sambuar Therese Svortevik tek med seg ungane inn i stova. Eg meiner jo det er ein styrke at eg er «henta frå gata», seier Bengt medan han tygg på ein bolle med egg og bacon. Folkemeiningane får du i Strandgata. Og du vil ikkje tru kor mange gode innspel og debattar ein kan ha over eit skosal, flirer Bengt, med eit seriøst glimt i auget. Her er han inne på noko av kjernen i hans ordførarkandidatur. Eg vil ha enno meir kontakt med folket i Florø. Eg vil finne løysingar i det uformelle miljøet. Eg er bekymra for stagnasjonen i fylket, for det er ingen tvil om at fogderistrid har øydelagt mykje, forklarar han, og ber om auka satsing frå stat og fylkeskommune på aksen Florø Førde Sogndal. Når eg seier dette snakkar eg ikkje om ei nedprioritering av dei andre. Men ved at denne aksen veks og styrkar seg så vil omlandet også tene på det, spår han, og legg vekt på at fogderistriden må vekk. Bakrommet I stova sit Therese i sofaen, medan Maren og Sara sit på kvar sin ministol framfor fjernsynet. Eg trur Bengt kan bli ein god ordførar om han blir vald. Han er bånn ærleg og ein kan stole på det han seier, rosar ho sambuaren. Therese har sjølv vore aktiv i bystyret for Arbeidarpartiet. Det fekk Bengt sjølvsagt gjort noko med. Bengt Solheim-Olsen håper å flytte inn på ordførarkontoret etter valet. Om så blir lovar han å bli ein ordførar i kontakt med gata. Familien samla: Maren og Sara er oppteken av fjernsynet, og syns foreldra brukar for mykje tid på prat med journalisten. Med to små i hus er ho klar for ein travel kvardag om han må ikle seg ordførarkjede. Det blir nok meir på meg, men det er ikkje noko problem, forsikrar ho. Frå kjøkkenet snakkast det om Leeds, Florø-fotballen og Fjordbasen. Florø har alltid greidd seg- Sjå berre på Fjordbasen, dei byggjer og utvidar dag for dag, ropar Bengt, og seier at dette vil han satse vidare på. Han har starta valkampen, og for dei som kjenner Bengt, så veit dei at dei kan vente det uventa. Fortel om båtturen med Liverpoolsupporterane. Eg er ikkje heilt med, seier han usikkert. Vi friskar opp minnet med historia om då Bengt skulle vere med på båttur med ihuga Liverpool-supporterar og gamle Liverpool-stjerner. Med største sjølvsagte mine hoppa han ned i båten ikledd Leedsdrakt hans favorittlag gjennom oppveksten. Ein må ta i bruk dei verkemiddela ein har, flirar han. Vi skal jobbe traust og godt på bakrommet, men utad må vi få fart på byen og byrje å selje den!

1 2 3 4 18 5 6

Vårmote - Del 1 Det blir ein fargerik vår, under motevekene briljerte designarane med sterke, tropiske fargar. Nyansane er som henta frå ein pose med drops, eller eit sminkeskrin; sukkertøyrosa, fersken, knallraudt, grønt, turkis og sitrongult. TREND OG MOTE med Regine Engevik Førsund På same tid held designarane framleis godt tak i det kvite, anten i romantiske blonder, eller avslappa og kvardagsleg med dressjakker, bukser, skjørt og herreskjorter. 70-talet har eg nemnt før, og i vår svingar silhuetten frå det klassiske og glamorøse, bukser med sleng og blazere, til lange og flagrande kjolar med trykk. Legg bak deg haustens tøffe uttrykk, og gå våren i møte med ein mjukare og meir feminin stil. FARGAR: Våren og sommaren byr på ein regnboge av fargar: Her kan du mikse på kryss og tvers, eller skape eit ton-i-ton antrekk med same fargar. Tips: Med mindre du ynskjer å ta heilt fullstendig av, gå for ein einsfarga kjole. Til dømes sennepsgul eller raud med enkle snitt. Kombiner med hælar, solbriller og veske i fargen svart, og det blir eit stilig og elegant antrekk. 70-TALET:70-talsstilen dominerer sesongen. Du kan velje mellom den avslappa utgåva og glamversjonen, som eg nemnte i innleiinga. Silkebluser, flagrende, mønstrete kjolar, samt elegante bukser med høgt liv og vide bein. Tips: Ha på deg ein klassisk blazer, delikat silkebluse, ei bukse i røft, semska skinn og sandalar eller piff opp ein mønstra kvardagskjole med blomsterspenne i håret, platåsko og ei frynseveske over skuldra. mykje vidde i beina. Gå for ein utvaska blåfarge. Tips: Kombiner denim med klassiske t-skjorter, feminine bluser og oppknappa skjorter. Tilfør antrekket eit 70-talssnev med høgt liv og platåsandalar. KVITT: Nyansar av kvitt er eit must i vår. Du kan velje tonar av porselen, elfenbein, krem og kritkvitt, og material som bomull, chiffon, silke og blonder. Den kvite herreskjorta kjem i mange variantar og er eit skikkeleg ITplagg i vår, kombiner saman med eit langt skjørt, jeans eller shorts. Tips: Miks transparente materialar med elegante kjolar, enkle t-skjorter og stive kragar og bryt opp den uskuldige stilen med stramt hår og raude lepper eller ta stilen heilt ut med naturleg sminke og lause lokkar. LEIK DEG! La deg inspirere av kjendisar, magasin, tv-serien That 70 s Show og folk på gata, snapp til deg litt her og litt der og gjer det til din eigen stil. Det er ikkje SO alvorleg, det er tross alt berre klede, ha det kjekt og leik deg med fargar og miks forskjellige teksturar. Prøv deg fram og kos deg det skal eg! I neste utgåve av fylkesmagasinet kjem del 2 om vår moten, so følg med! Regine Engevik Førsund 19 DENIM: Her er alt frå skjørt og bukser, til toppar, kjolar og jakker. Bruk det gjerne frå topp til tå. Den heitaste jeansen er inspirert av 70-talet og har Ta turen innom reginef.blogg.no dersom du vil lese meir om mote, mine antrekk og innkjøp. Stort bilete: Kjole, Sophie Faroh (Bonito) / Øyredobbar, H&M / Hals, Pieces. Små bilete: 1: Kvit silkebluse - www.forever21.com / 2: Blomstrete bluse - www.urbanoutfitters.co.uk / 3: 70-tals jeans - www.hm.com 4: Skinnjakke - net-a-porter.com / 5: Maxikjole - www.hm.com / 6: sennepsgul kjole - www.asos.com Hand ndel sh uset Før de

SAGT PÅ lett bris idag.. 80 knop vind, fint å stå innendørs inatt ja!!:) 6 dager igjen, og ser veeeldig fram til ei kanoonhelg i hemsedal neste helg me en god gjeng! Skal ikkje du skifte status?? Hørt noen rykter...=) WTF. Drit i å snø mer nå. "Definition of an asshole: owning a tanning bed." "Det snør vannrett!" "har verdens snillaste kjæreste, som er handyman og fikser ting for meg sjølv om han egentlig ikkje har lyst :-) " "Hvis ein knipe igjen augene og ønske hardt, går d da i oppfyllelse? Eg gir d eit forsøk og ønske meg ein butler..." "BMI'en min seier at eg er overvektig! Det er faktisk LOL" "One night in Bangkok and the world's your oyster! Sjekker utelivet. Pingpong show?" "Woke up at 6.30 for gangway, and at 7.30 we're still moving up the Bangkok river. Oh, well, I don't like to sleep anyway..." 5 km i kveld Utan å spy!!!.. Etter 2 timer i bjørkelia!!! Seie ikkje meir :) Mathilde til Mathea under tannpuss: Åhh, jeg tror jeg ser en Karius!! Mathea: Gjemme oss!!! Fort!! Charter-piss RETT PÅ Kva gjer ein når Kong Vinter regjerer og landet vårt ligg dekt med snø, kulda riv i nasehåra og nasebora kleber seg saman på kvart innpust? Jau, ein kan til dømes bestille ein chartertur til eit land på eit anna kontinent, der minusgradene er bytta ut med plussgrader, og temperaturen i vatnet er om lag som i eit norsk badekar. med Tore Fossen 20 Som tenkt, så gjort. Ein chartertur til Egypt er om lag like langt unna som det tek å fiske fram ei nettside til ein av dei mange turoperatørane sine nettsider. Med andre ord ca tre minutt. I alle fall i teorien. Men det er langt frå teori til praksis. Ein køyretur frå Førde til Bergen på holka tek fire timar, og flyet går grytidleg neste morgon. Derfor blir det overnatting på hotell, og ein kjapp hotellfrukost før ein må haste av stad til flyplassen og innsjekk. Den startar sjølvsagt ca to timar før avgang, og akkurat denne dagen ser det ut som absolutt alle charteravgangane i januar var lagt til denne laurdagen. Etter ei stund i kø var det tid for tryggleikssjekken, som skal avsløre om vi er terroristar. Også denne gongen gjekk vi klar, utan å bli mistenkt for noko som helst. Så er det tid for ei øl i restauranten før boarding, og berre 17 timar etter at vi forlot heimen tok SK eitelleranna av frå rullebana. Alt vel så langt. Så kjem det merkverdige: I det skiltet for «Fest setebeltet» vert sløkt, sprett det umiddelbart opp åtte-ti personar som må på do. Eg var plassert på setenummer 29D, altså fjerde bakarste seterad, og plass mot midtgangen. Det betyr at Pissetrengt nr 5 i køen står rett ved sidan av meg. Og når har rykka ein plass fram, er Pissetrengt nr 6 kloss oppi olbogen min. Og sånn held det fram. Fleire og fleire finn ut at dei må få gjort sitt fornødne. Om dei skal sitte eller stå når dei gjer det, veit eg lite om, men at desse vesle avlukka er umåteleg populære på ein chartertur er i alle fall brennsikkert. Med 188 passasjerar om bord i flyet og gitt at alle desse brukar tre minutt på sitt dobesøk, fordelt på tre toalett, betyr det at kvart av toaletta er i bruk totalt over tre timar. Vel, då skulle du gjerne tru at det innimellom er råd å legge venstre arm på armlenet? Feil! For når Pissetrengt nr 1, 2, 3 og så vidare har fått litt tid på seg, så er dei i gang med runde to. I alle fall mange av dei. Dersom alle tek to besøk, er med andre ord alle toaletta i kontinuerleg bruk på heile den nesten seks timar lange flyturen. Eg prøvar å lese, men eg føler at Pissetrengt nr 65 står over meg og deltek i historia til Håkan Nesser om Runke-Robert og familien hans i Kymlinge i Sverige. Eg føler meg beklemt. Er det ikkje mogeleg å knipe att ei lita stund? Det er nesten ikkje råd å få bladd om utan at olbogen min skal sveipe over ei eller anna hofte. Og når flyvertinna kjem med drikkevogna si, smyg ho seg bak Pissetrengt nr 74, medan han pressar gylfen sin opp i kjaken min. desse avlukka er umåteleg populære på ein chartertur Av og til blir nokre ståande så lenge ved sida av meg, at eg lurer på om det kan vere nokon som prøver å komme inn i den vidgjetne «Mile high»-klubben klubben for dei som greier det kunststykket å ha seg med kvarandre på desse knøttsmå dassane. Kvifor blir folk så dotrengde på charterturar, at dei alt etter 12 minutt i lufta må lette på trykket? Det skjer aldri på innanriksflygingar. Ein og annan må sjølvsagt på do, men ikkje alle på ein times flytur? Kanskje det er nervøsiteten som slår ut? Redsla for å møte nye kulturar i framande land? Ikkje veit eg, men eg trur det hadde vore til god hjelp om ein tok eit dobesøk før avreise. Nøyaktig 22 timar og 30 minutt etter avreise frå Førde landar vi på flyplassen i Sharm El Sheikh. Alle blide og fornøgde og mest truleg ikkje ei sjel som er pissetrengt. Denne artikkelen er skriven på heimreisa. Eg har fått plass på seterad 29 denne gongen også, men med vindaugsplass. I skrivande stund har vi flydd i ein time og førti minutt. Og køen står sjølvsagt langt bakover i midtgangen. Derfor har eg bestemt meg for følgjande: Eg skal ikkje besøke flytoalettet på heimreisa. Ikkje om eg så sit med urin opp til jekslane. For meg sjølv og alle andre flypassasjerar skal eg bevise at det er mogeleg å foreta ei flyreise på ca seks timar, utan å måtte reise seg frå setet ein einaste gong. ES 1: Kl 22.10 seks timar og tjue minutt etter avreise Egypt går eg på toalettet. På Flesland. Yesss!!! Det gjekk bra, sjølv om det berre var så vidt. Så byrjar eg å tenke på kva han eller ho har på seg under dongerien, medan dei står der og småtrippar rett ved sidan av naserota mi. Tanga? Hipster? Bjørn Borg? Dolce Gabbana? Var ikkje Pissetrengt nr 84 identisk med Pissetrengt nr 8? Pokker og. Burde vel heller tatt eit glas raudvin, i staden for øl, han karen der, tenker eg. Eller har han berre urinvegsinfeksjon? Og om køen er aldri så lang og vedvarande, hindrar det absolutt ikkje nye å komme til. ES 2: Like etter heimkomst eskalerte uroen i Egypt, men det trur eg ikkje eg var skuld i. Det var nok meir at folk var dritlei av å bli undertrykt, og skikkeleg pisst på Hosni Mubarak & Co!