Venstre - eit sosialliberalt parti



Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Program OSTERØY HØGRE

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Program for. Sykkylven Venstre

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Ei god framtid for alle!

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Program for Bømlo Venstre

Sandeid skule SFO Årsplan

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Referat frå folkemøta:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Ål Venstre. Ål Venstre

«Nordhordland kommune»

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Hemsedal KRF Program

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Utkast til program Meland Høgre 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Fjell Venstre. Program

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SOGN driftig raus ekte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Til veljarane i Tysnes

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Program for Masfjorden Venstre

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy

Plan for Liabygda SFO

10/60-14/N-211//AMS

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Kommunedelplan for oppvekst

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Transkript:

Venstre - eit sosialliberalt parti Venstre set mennesket i sentrum. Vi trur på den myndige borgaren som bryr seg. Vi trur at menneske som vert viste tillit tek ansvar, og at systemet er til for menneska, ikkje omvendt. Venstre trur på fridom. Vi trur på mennesket sin fridom til å forme sitt eige liv, og på fridom frå fattigdom, naud og urett. Venstre vil utvide einskildmennesket si moglegheit til å ha makta over sitt eige liv uavhengig av kjønn, livssituasjon og bakgrunn. Alle skal ha moglegheit til å bruke evnene sine til beste for seg sjølv og samfunnet. Venstre trur på sterke fellesskap der folk bur og verkar. Vi meiner fellesskap er eit flott ord, ikkje eit sosialistisk eit. Fellesskapet er avhengig av at individet sin fridom og skapartrang får utvikle seg fritt, utan for mykje hinder frå fellesskapet. Vi trur på lokaldemokrati, ytringsfridom og frivillig arbeid. Grunnlaget for samfunnet vårt må vere trygge heimar. Omsynet til barna må vege tungt i alle samanhengar. Dei som treng hjelp frå samfunnet til å leve et verdig liv, skal få det. Vi vil verne om klimaet og livsmiljøet og Volda må gå føre i kampen for miljøet. Alle næringspolitiske prioriteringar må ha rein jord, reint vatn og rein luft som føresetnad, og alt planleggingsarbeid må ta grunnleggande omsyn til natur og miljø. Næringsutvikling og miljøomsyn står ikkje i motsetnad til kvarandre, snarare tvert om. Utfordringane til Volda kommune står i kø. Vi meiner kommunen i komande valperiode er nøydd til å ta grep for å sikre både gode kommunale tenester og ei positiv folketalsutvikling i framtida. Ein aktiv næringspolitikk er naudsynt, og ein må vidareutvikle Volda som ein attraktiv bukommune både i sentrum og på bygdene. Økonomien til kommunen er ei utfordring. Vi meiner likevel at ein må tore å satse offensivt på positive verkemiddel og tiltak for å auke skatteinntektene og sikre ei god utvikling i tida framover. I valperioden 2011-15 vil Volda Venstre arbeide for: Ein god og trygg alderdom Tilbodet om hjelp til eldre vert tilpassa den einskilde sine behov. Eldre som får vanskar med å klare seg sjølv må, så langt det er råd, kunne velje mellom heimebasert omsorg, eldrebustadar i tilknyting til fellestenester, eller institusjon. legge til rette for at eldre som ønskjer det kan bu heime så lenge som råd. Vi vil mellom anna opprette vaktmeisterteneste for dei som treng hjelp til daglegdagse gjeremål, og styrkje heimetenesta satse på kvalitet i eldreomsorga. Mat, pleie, tryggleik og stell, er dei basale behova som må dekkjast. Venstre er oppteken av at dei eldre i tillegg får ta del på konsertar, utstillingar, arrangement og at dei opplever ein mangfaldig og rik kvardag saman med andre om dei ønskjer det satse på kvalitet i eldreomsorga på det viset at dei som arbeider i denne tenesta får tilbod om

ulike typar etterutdanning, vidareutdanning, kurs o.l. som gjer at dei heile tida får påfyll i arbeidet sitt erstatte eller renovere/byggje nytt Nilletun ikkje smørje auka løyvingar jamnt utover, men i samråd med administrasjonen og dei tilsette, gjennomføre målretta utviklingsarbeid, som til dømes 2-årige prosjekt med «Nordsjø-turnus» og auke av grunnbemanninga på utvalde avdelingar. Då vil effekten av tiltak og ressursbruk vere målbar at det skal vere samsvar mellom behov for, og tilbod om institusjonsplassar Ei kvalitetssikra opplæring for born og unge I Volda Venstre er vi opptekne av at berre det beste er godt nok for borna våre. Vi må sikre kvalitet i opplæringa på alle nivå, barnehage, grunnskule, skulefritidsordning og ungdomsskule. Men skal ein sikre kvalitet, må ein satse. Det gjer Volda Venstre. ha bygging av Nye Øyra skule som sikrar elevane dei aller beste rammene for god undervisning og god trivsel arbeide for vidare opprusting av Volda Ungdomsskule ha maksimum 15 elevar pr. kontaktlærar arbeide for å få maks 20 elevar i ei klasse sikre at spesialundervisning alltid blir gjeve av faglærte PC-satsing i grunnskulen for elevar og lærarar. Mål om at alle lærarar i Volda kommune får (eigen) berbar PCi løpet av dei neste fire åra. God tilgang på oppdatert dataverktøy for elevar i grunnskulen ha gradvis innføring av kompetanseår for etterutdanning av lærarar sikre kvalitet i skulefritidsordningane, gjennom tilbod om kursing/skulering av dei tilsette sikre kvaliteten i leksehjelpa for å sikre at elevane får best mogeleg nytte av dette, og vurdere kva aldersgruppe som vil ha best nytte av tiltaket styrkje helsesystertenesta og tilsette fleire miljøarbeidarar vurdere å sjå løysing med hall ved Øyra-skulen i samanheng med bygginga av ny skule Noko å leve for kultur Vi ønskjer å styrke det samla kulturtilbodet i Volda. byggje kulturhus alle kan ha glede av, både store og små, eldre og yngre. Eit allsidig fleirbrukshus med bibliotek med ulike aktivitetar, øvingsrom og lokale for kulturskule, musikkgrupper osv og teater-, konsert- og kinosal med fleksibilitet til både store og små arrangement innan musikk, kunst, drama, dans, osv. sikre at «Maurtua» vert renovert så snart som råd at kommunen skal ha eit medvite forhold til viktige signalbygg i kommunen, og vil be

adminstrasjonen fremje godt utgreidde saker kring bruk, finansiering og ev. kjøp. Kommunen leiger i dag mange bygg til kommunale føremål, som ikkje har desse kvalitetane sikre skikkelege forhold for idretten, m.a i form av ny idrettshall byggje skatepark lage kunstisbane i sentrum av Volda vidareutvikle ungdomsklubben gi kultursjefen eit kulturbudsjett. Det må setjast av midlar til utdeling til kulturtiltak og frivillige organisasjonar utvide tilbodet ved kulturskulen. Dette kan skje i samarbeid med Ørsta, slik at lærarstillingane blir større og meir attraktive ruste opp og halde vedlike rekreasjonsareal og leikeplassar i Volda kommune i samarbeid med grendelaga realisere gangvegen langsmed heile Rotevatnet, og knyte sentrumskjernen på prosjektet i andre enden av Elvadalen legge til rette for å knytte tur- og friluftsområdet på Reset til turvegnettet opp mot Dinglavatn og Klepp/Engeset Noko å leve av i Volda Vi treng meir heilskapstenking i tilhøvet mellom sentrum og bygder i Volda kommune, mellom Ørsta og Volda, og statlege institusjonar og privat næringsliv. Noko vil vi, noko vil vi ikkje. Vi vil ikkje innføre eigedomsskatt i Volda. Venstre vil : ha ei arbeidsgruppe som er sett saman av politikarar, næringsdrivande og administrasjonen som tek ein gjennomgang av den kommunale ressursbruken kring næringsetablering og -støtte. Gruppa skal få mandat til å peike på aktuelle løysingar for å få ein «ny giv» i næringsetableringa i kommunen og som involverer næringslivet i langt sterkare grad enn i dag sikre framdrifta kring etablering og drift av kulturnæringshagen gjere informasjon om støtteordningane for nyetablering lett tilgjengeleg og sakshandsamingstida kort samarbeide nærare med Ørsta kommune om m.a. næringsutvikling, reiseliv og tiltak for auka tilflytting Noko å leve av i sentrum Sentrum er viktig for alle innbyggjarane i Volda, -som servicesenter, møtestad og identitetsskaping. støtte opp om satsing på nisjebutikkar i sentrum og koselege serveringsstadar. at kommunen evt. i samarbeid med private aktørar tilsett ein sentrumskoordinator med ansvar for fellestiltak for å auke aktiviteten i sentrum endre vedtektene til næringsfondet, slik at også handelsnæringa i sentrumkjerna kan nyte godt av støtte i ei eableringsfase

ha ein eigen plan for sentrumskjernen, som altfor lenge har vore prega av manglande politisk styring, og kan verke planlaust utvikla. Ein slik plan vil vere positiv for alle, også dei handelsdrivande ikkje støtte vidare utbygging i Furene, men legge til rette for ei god utnytting av industriarealet på Rotset til handel- og servicefunksjonar vere ei drivkraft i utviklinga av eit sentrum med gode sosiale møteplassar, estetiske kvalitetar og trivselsskapande tilbod verne om den gamle bygningsmassen i sentrumskjernen og utvikle aktivitetar og næring langs sjøsida -arbeide for gjeninnføring av Torget-planane og andre tiltak som kan skape attraktive møtestader i sentrum -oppfordre næringsetaten til å ha god kontakt med eigarar av sentrumseigedomar og heile tida vere på utkikk etter utviklingspotensiale og foreslå løysingar. Noko å leve av på bygdene Det må leggjast til rette for at folk kan bu og arbeide på bygdene. Bygdene er ressursar i kommunen og setje i gang ei registrering av nedlagde småbruk, hus som ikkje er i bruk, og tomter som kan leggjast ut for leige/sal. Dette kan gjennomførast som eit samarbeidsprosjekt gjennom regionrådet leggje til rette for byggjefelt og spreidd bustadbygging der det er naturleg, og krevje rask sakshandsaming frå ein person melder interesse til ein kan starte å byggje at ferjene mellom Folkestad, Lauvstad og Volda skal ha minst same kapasitet som i dag arbeide for å oppretthalde, eller auke aktiviteten i, landbruksrelatert verksemd i Volda fremje sak om fleire bygdeutviklingsprosjekt, og støtte tiltak som bygdene kan samle seg om med kommunale midlar samarbeide med Ørsta om ein felles ilandføringsstad for Cruise-turistar, med halv- og heildagsturar i regionen ny/rullering av kommunedelplan for Austefjorden Å kome seg til og frå I vårt område med høge fjell og djupe fjordar, treng vi mange kommunikasjonstilbod for å kunne kome oss til og frå. ruste opp kommunale vegar og få asfalt på alle vegar ruste opp og rassikre fylkesvegen i Dalsfjorden, og få fylkeskommunen til å prioritere strekninga få til rask oppstart av Voldatunnelen, om naudsynt med bompengefinansiering arbeide for fleire direkteruter mellom Volda/Ørsta lufthamn og Bergen, og få til flytilbod til

Trondheim ta initiativ til ein tverrpolitisk kamp for at vegen via Folkestad skal få riksvegstatus satse på eit betra tilbod innan kollektivtransport som gir god dekning i byggjefelta, med mindre bussar og auka frekvens utruste ferjekaia på Lauvstad for å få til nattferje i eit trekantsamband Lauvstad-Folkestad-Volda Ein trygg og god plass å bu Volda og omegn skal vere ein god og trygg plass å bu for alle. betre trafikktrykkleiken med t.d. fleire og utvida soner for låg fart i bustadområde. Til dømes meiner vi kommunale samlevegar, utan fysisk skilje mellom bilar og gåande, bør få redusert fartsgrense frå 50 km/t til 40 km/t. Bustadområde bør ha 30 km/t-soner ha ein ny skiltplan for sentrumsområda rydde opp i sentrumstrafikken for å gjere den tryggare og meir brukarvenleg for alle ta særleg omsyn til mjuke trafikantar i sentrumsplanlegginga byggje fleire gang- og sykkelvegar satse på sentrumsnære bustadar for dei med særskilte behov funksjonshemma m.fl. byggje bukollektiv for eldre, gjerne med privat medfinansiering ha auka fokus på butilhøve og bustadbygging for innbyggarar med rett til kommunal bustad, og som ikkje har økonomi til å etablere seg på bustadmarknaden byggje nye barnehagar etter behov, gjerne i samarbeid med private, men med stort fokus på tryggleik og kvalitet i innhald arbeide for at dei i som vil ha BPA (brukarstyrt personleg assistanse) i Volda kommune, skal få det ta vare på område som er regulert til friområde i Volda sentrum sikre grunnleggande servicetilbod på bygdene, særleg barnehagetilbod, skular og SFO rullere trafikktryggingsplanen Noko å leve for miljø Volda må bli ein miljøkommune og gå føre i kampen mot global oppvarming. styrke VØR (Volda og Ørsta Reinhaldsverk) og arbeide for innføring av fleire resirkuleringsordningar og betre informasjonen om eksisterande ordningar. Det bør også utgreiast om VØR kan bli energiprodusent og ta i bruk fjordvarme og bioenergi få fart på fjordvarmeprosjektet betre kollektivtilbodet gjennom Eiksundsambandet følgje opp klimaplanen med handling. Kommunen må tenkje energisparing i gamle og nye bygg, kjøpe miljøvenlege bilar når nye skal kjøpast inn, og nytte miljødrivstoff der det er det beste alternativet sjå positivt på etableringa av fleire småkraftverk, som er ei viktig form for produksjon av rein

energi. Småkraftverk må sikrast føreseielege vilkår for levering av kraft, som sikrar produksjonen på lang sikt. Ved vurdering av utbygging må det leggjast avgjerande vekt på å ta vare på biologisk mangfald og verdien av naturopplevingar styrke rutetilbodet, og betre informasjonen om lokale bussruter arbeide for den mest skånsame linjeføringa av 420 kv-lina, no når trasèvalet er gjort. Omsynet til naturen og menneska skal vege tyngst! Alle skal med Volda skal vere tilgjengeleg for alle. Det skal vere openheit i den kommunale forvaltninga og Volda. at det skal vere enkelt å få informasjon frå kommunen. Vi ønskjer at det vert innført ein møtefri dag for ordførar, etatssjefar og sakshandsamarar på rådhuset, slik at ein kan få tak i den ein treng å snakke med auke satsinga på kommunal informasjon på kommunen sine heimesider slik at det skal vere enkelt å finne fram til den informasjonen ein treng og at informasjonen heile tida er oppdatert styrke rådgjevingstenesta til nyinnflytta med omsyn til moglegheiter for bustad, servicetilbod, fritidssyslar og arbeid styrke integreringsarbeidet for flyktningar og andre innflyttarar i lokalsamfunnet. Særleg meiner vi ordninga med Flyktningguidar til Raude Krossen/Frivilligsentralen er viktig, ikkje minst i høve til ungdom. Frivillige organisasjonar som gjer eit viktig integrasjonsarbeid må støttast økonomisk av kommunen prioritere å finne arbeidsplassar til flyktningar busett i kommunen