Foto: Laila Ommedal Etiske retningslinjer Jølster kommune 2018-2020
Visjon Skaparkraft i verdas vakraste ramme Verdiar: Raus Inkluderande Modig Løfte til omverda: Reindyrka Ekte Innhaldsrik - Skapande VÅR VERDIPLATTFORM: Samhald Heilskap Brukarfokus Våre handlingar fremjar samhald. Det handlar om: Likeverd og respekt Samvære og samhandling Tillit og lojalitet Kunnskap /kompetanse Det gjer til at vi: Brukar tid på å utvikle samhaldet, t.d i møte med medarbeidarar Informerer om aktuelle utfordringar Har leiarar som bryr seg Har møteplassar i eiga teneste Vi fremjar heilskap ved å: Ta omsyn til utfordingane vi møter i tronge tider Respekterer spelereglar Har eit perspektiv utover eige fagområde Nytte oss av organisasjonen sin samla kompetanse Ha takhøgd for det å «bry seg om» Dette gjer til at vi: Formaliserar spelereglar og held oss til desse Legg vekt på god informasjonsflyt Tek vare på og støttar kvarandre Arbeide for felles profil Unngår dobbelt arbeid Vi yter gode tenester ved å: Setje brukarane/individet /innbyggjarane i sentrum Late brukarane ha lov til å stille krav til kommunen Møte alle med respekt Vere opne med brukarane Vere høflige med brukarane Medverke til samordning av tenester
LEIING Trygge og tydelege leiarar Leiarar i Jølster kommune skal vere trygge og tydelege i leiarrolla. Deira leiarskap skal medverke til å utvikle medarbeidarar og organisasjonen til det beste for brukarane og Jølster sine innbyggjarar. LEIINGSPRINSIPP Leiarprisnippa i Jølster kommune er tufta på verdiane; raus, modig og inkluderande og visjonen til kommunen; skaparkraft i verdas vakraste ramme. Krafta til å skape er del av alt vi gjer gjennom livet. Alle har i seg ei skaparkraft og glede av å kunne skape. Krafta får fram ressursane i menneska. LEIINGSVERDIAR Jølster kommune skal ha leiarar som er: Rause Modige Inkluderande Vektlegg mangfald, verdset nye tankar og framhevar kollegaer. Vågar å fornye seg, tek grep, gjev og tek ansvar. Skapar tillit, fremjar samarbeid, utvikling og meistring hjå medarbeidarane. LEIARANSVAR INNEBER Alle leiarar har ansvar for at medarbeidarar opptrer etisk forsvarleg. Dei har ansvar for at medarbeidarane følgjer kommunen sine retningsliner. Dei må syte for at mynde og ansvar er klart definert, oppfatta og akseptert. Leiarane etterlever allmenngyldige etiske verdiar/normer som rettferd, lojalitet, ærlegdom, pålitelegheit, sannferdigheit og det å handsame andre slik at dei sjølve ønskjer å verte handsama. Leiarane organiserer, utviklar og tek i bruk tilgjengelege ressursar på best mogleg måte innanfor vedtekne rammer. Medarbeidarane får raskt og fortløpande attendemelding på korleis dei utfører sine oppgåver. Leirane syter for at det å vise initiativ og ta ansvar vert verdsett. Krav til leiar: Kunne samarbeide Respektere andre sine synspunkt og meiningar Motiverer og hjelper medarbeidarane til å vere kreative, nytenkande og engasjerte - Er resultatorienterte Kan ta avgjerder - Er lojal og viser tillit Kommuniserer ope
MENNESKEVERD RESPEKT I Jølster kommune: Handsamar vi alle menneska med respekt og likeverd. Vi tek alle menneske på alvor, og alle skal oppleve rettferdig handsaming. Vi diskriminerer ikkje PERSONLEG ÅTFERD OG ANSVAR Vi i Jølster kommune representerer kommunen i omverda og tek ansvar for kommunen sitt omdøme. Kommunen forvaltar samfunnet sine felles midlar. Difor vert det stilt særskilt høge krav til medarbeidarane sin etikk og etikk og haldningar. Alle medarbeidarar held det dei lover, føresegner og reglement som gjeld for verksemda. Alle er lojale mot organisasjonen sine interesser. Alle har ansvar for at eigen kompetanse vert nytta til det beste for menneske, miljø og samfunn. TILHØVE TIL INNBYGJARANE OG OMVERDA Vi skal til ei kvar tid opptre venleg, korrekt, imøtekommande og i samsvar med god forvaltningsskikk. Dette inneber mellom anna at vi svarar raskt og seriøst på alle spørsmål. Vår sakshandsaming er upartisk, rettferdig og skjer utan ugrunna opphald. ANSVAR FOR VERDIAR OG ØKONOMI Vi skal nytte arbeidskrafta effektivt Privatbruk av kommunen sitt drifts utstyr skal berre skje etter avtale med aktuell tenesteleiar/ kommunalsjef Vi skal nytte kommunen sine ressursar på ein mest mogleg økonomisk og effektiv måte Vi tek vare på kommunen sine eigedelar og nytter dei med varsemd Bruk av internett i arbeidstida skal samsvare med kommunen sitt behov.
SPELEREGLAR Interessekonflikt, habilitet og spelereglar mellom tilsette: Når vi jobbar for kommunen fremjar vi ikkje private interesser/synspunkt som konkurrerer med kommunen sine interesser/vedteken politikk KOMMUNEN SINE TILSETTE OPPTRER SLIK: Lojale mot organisasjonen sine interesser Konstruktiv kritikk skal kunne gjevast utan redsel for negative konsekvensar Vi skal vere opne om verv og organisasjonsarbeid som kan medføre tvil om habilitet eller lojalitet i samband med dei tenestene vi er sett til å utføre GÅVER Vi har spørjeplikt om vi lurer på noko, og informasjonsplikt om ting kollegane bør vite noko om Vi skal ikkje ha eigarskap, verv, styreverv eller andre løna oppdrag som kan skade kommunen sine interesser eller svekke tilliten til kommunen. Dersom det er tvil, så skal dette avklarast med nærmaste leiar Snakkar med kvarandre, og ikkje om kvarandre. Vi let ikkje eigen interesse til menneske i nære relasjonar til oss (slekt og vener) påverke våre handlingar, saksførebuingar eller vedtak. Eit særleg ansvar kviler på tilsette som også er folkevalde Det er fleire ting ein som tilsett må tenkje på før ein tek i mot ei gåve: 1. Kva er gåva sin verdi? 2. Kvifor får akkurat eg denne gåva? 3. Vil eg få dårleg samvit dersom eg tek i mot gåva? 4. Er det uproblematisk å fortelje min overordna om gåva? 5. Er det ok om det står om gåva i media? Vi skal unngå å ta i mot personlege fordelar som gjer oss ugilde i saker. Dersom arbeidstakar er i tvil om fordelane, så skal nærmaste overordna kontaktast. Vi tek ikkje i mot gåver eller andre fordelar som kan påverke tenestehandlingane våre, eller kan vere eigna til å så tvil om desse. Vi gjev heller ikkje gåver, tenester eller andre fordelar som kan påverke tenestehandlinga til mottakar. Gåver omfattar ikkje berre materielle gjenstandar, men også andre fordelar til dømes i form av personlege rabattar ved kjøp av varer og tenester. Dersom arbeidstakar er i tvil i ei slik sak, så skal nærmaste overordna kontaktast.
TEIEPLIKT OG INFORMASJON Alle tilsette pliktar å følgje reglane som om teieplikt i forvaltningslova. Teieplikta gjeld også etter at arbeidstilhøvet er avslutta. Vi følgjer kommunen sin kommunikasjonsstrategi i kontakt med media. Intern informasjon vert handtett på ein slik måte at uvedkomande ikkje får del i han. VARSLING Varsling er å seie i frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Arbeidstakar har plikt til å melde frå dersom ein gjennom arbeidet vert kjend med tilhøves om ikkje er i samsvar med lov, allment aksepterte etiske normer eller kommunen sine etiske retningsliner. Kommunen sine rutinar for varsling kan nyttast. Varsling skal skje på ein forsvarleg måte der ein seier i frå til nærmaste leiar eller til rådmannen. Alternativt kan tillitsvalde og verneombod varslast. Hemnferd mot varslar er forbode med lov (AML 2-5 pkt. 1-3). KONSEKVENSAR VED BROT PÅ ETISKE RETNINGSLINJER: Brot på etiske retningslinjer kan medføre personalsak. ETIKKTEST Er det lovleg? Stemmer dette med Jølster kommune sine verdiar? Kjenner eg ubehag ved å gjere det? Toler det å kome i media? Er noko feil? Stopp! Er eg usikker? Stopp! Får eg ikkje svar? Spør igjen!