BRANNSLOKNINGS-UTSTYR

Like dokumenter
Hva ma jeg ha hjemme av slokkeutstyr?

Branntryggleik i heimen

BRANNTRYGGLEIK I HEIMEN

LES MER PÅ Brannvesenets aller viktigste råd!

BRANNVESENET INFORMERER: TRYGG LEIE!

BRANNINSTRUKS FOR SISOF SINE STUDENTBUSTADER

De aller viktigste brannvernrådene! LES MER PÅ

Forskrift om brannforebygging

12 Særskilt plikt til systematisk sikkerhetsarbeid for virksomheter som bruker byggverk

Kapittel 1. Innledende bestemmelser

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Forskrift om brannforebygging

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Vedlegg i sak nr. 2014/18308 Anmodning om fastsettelse av ny forskrift om brannforebygging

husbrannslange Veiledning

Kjøp og installasjon av vassmålar

OK, seier Hilde og låser.

BRANNSIKKERHET I BOLIG

Brannsikkerhet i bolig

Du kan. liv. brann 110. ditt eige eller andre sitt ved å lære meir om brannvern

6-åringar på skuleveg

TRYGG på hytta LES MER PÅ

Refleksjon og skriving

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Espresso maskin (cb 171)

Rettleiing tilrettelegging for innsats

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Revidert Side 1 av 10

Røykvarsleren. Slukkeutstyret. Elektriske ting. Sett et kryss i ruta når du er ferdig med å sjekke. Lykke til! Greit å vite for voksne

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

"Din lokale energileverandør!"

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

BRANNSIKKERHET I BOLIG

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Feiing og boligtilsyn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TYSNES BOLIG. Ny og moderne leilegheit i naturskjønne omgjevnader i nytt byggjefelt med nydeleg utsikt over Lundebygda

Brannsikkerhet av Brynjar Henriksen

SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Hallingdal trepellets

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn av fyringanlegg, Stranda kommune.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

NORM FOR VASSMÅLARINSTALLASJONAR Vedteken i Bystyret den i sak 093/09. Norma gjeld frå

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Bruk av reiserekning i Agresso

Sansehage Kleppheimen

Brannforebyggende tiltak i hjemmet.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

RETNINGSLINER FOR GRUNNRETTAR TIL HØGSPENTANLEGG I KVINNHERAD ENERGI AS (KE) SITT FORSYNINGSOMRÅDE.

LAG DIN EIGEN POPCORN-MASKIN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

FEIING OG TILSYN Bømlo brannvern - Stord brann og redning Sveio brann- og redningsvesen - Fitjar brannvesen

Råd og tips i høve tilrettelegging av bustad v/åshild Nenseter Ergoterapeut og bustadrådgjevar NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland

SAMEIET ROLFSTANGVEIEN 5

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Brukarrettleiing E-post lesar

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv»

ehandel og lokalt næringsliv

Kor stor er bustaden din? Ny likningsverdi på bustadeigedomar

Gassvannvarmer 12L. Installasjons og brukermanual 0063

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Ute mat Korleis laga god mat UTE

mmm...med SMAK på timeplanen

Trygg hyttekos. unngå brann på hytta

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kvalitetssikring sjekkliste for arkivarar

LAG DIN EIGEN POPCORN-MASKIN

Transkript:

Kva type brannsløkkingsapparat skal du velje skum eller pulver? Skum og pulverapparat er dei mest vanlege brannsløkkingsapparata på den norske marknaden. Desse er lette i bruk og sløkkjer effektivt. Problemet er at desse, avhengig av storleiken, berre sløkkjer i 15-25 sekund. I tillegg kan dei for mange vere tunge å løfte, særleg dersom flammene er vanskeleg tilgjengelege. Ein husbrannslange er difor eit godt supplement. I 1990 blei det vedteke at alle bustadar skal ha eigna sløkkjeutstyr. Med bustadar meiner ein leilegheit, rekkjehus, privatbustadar, hyblar og hytter. Det er eigaren av bustaden som har ansvaret for å skaffe og montere sløkkjeutstyr. Det er brukaren av bustaden som har ansvaret for å kontrollere at utstyret er i orden, jf.: «Eieren skal sørge for at boliger og fritidsboliger er utstyrt med minst ett av følgende slokkeutstyr som kan brukes i alle rom: a) formfast brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm fast tilkoblet vannforsyningsnett b) pulverapparat på minst 6 kg med ABC-pulver c) skum- eller vannapparat på minst 9 liter

d) skum- eller vannapparat på minst 6 liter med effektivitetsklasse på minst 21A e) annet manuelt slokkeutstyr med tilsvarende slokkekapasitet. Eigaren skal sørge for at røykvarslarane og manuelt slokkeutstyr i boligar og fritidsboligar blir kontrollert ved funksjonsprøve eller ettersyn i samsvar med leverandørens anvisningar, og at de vedlikeholdast slik at de fungerer som forutsatt.» (Forskrift om brannforebyggande 7) Eit pulverapparat er lett å ta med seg og effektivt mot flammene. Pulverapparat kan brukast på alle typar brann, også skorsteinsbrann. Det blir likevel tømt på omlag 20 sekund. Både husbrannslange, pulverapparat og skumapparat skal monterast lett tilgjengeleg. Det er viktig å halde vedlike og kontrollere sløkkjeutstyret. Husbrannslangen bør kontrollerast kvart år. Rull ut heile slangen og kontroller at kranen fungerer og at slangen er utan sprekker. Handsløkkjeapparatet kan du kontrollere med å sjå om manometerpila står på det grøne feltet og snu det slik slik at du høyrer at pulveret er laust inni.

SKUMAPPARAT Inneheld skum basert på vatn. Skummet vert spraya på/over brannen og legg seg over/dekkjer den. Tilførsla av oksygen stoppast og flammene kvelast. Skummet har også ein kjølande effekt som medverkar til å redusere flammene. Brannapparat med skum eignar seg spesielt godt for sløkking av flytande materiale/vesker der det er vanskeleg å dekkje heile brannen. Væsker vert dette i rørsle og flammene kan spreiast snøgt. Skummet legger seg som eit lag over brannen og kveler flammene utan å sette væska i rørsle. Du bør velje eit godkjent apparat med ein storleik på minimum 6 liter og ha ein effektivitetsklasse på minst 21A eller eitt på 9 liter.

Føremonar med skumapparatet Kan brukast på brann i alle typar materialar, både faste, flytande og i elektriske anlegg Både stoppar og kjøler ned brannstaden Enklare reingjering av brannstaden samanlikna med pulverapparat Ulemper: Krev meir vedlikehald enn pulverapparat Toler ikkje frost og må ikkje utsetjast for minusgrader, det vil øydeleggje skummet Har kort brukstid, om lag 25 sekund (9 liter) Relativt tungt å bere Pulverapparat Pulverapparatet sløkkjer på same måte som eit skumapparat, dvs. flammene blir kvelte. Apparatet inneheld eit fint pulver som vert mot sprøyta mot brannen med trykkluft. Pulveret vert spreidd meir ein

skum og dekkjer eit større område på ein rask måte og er svært effektivt. Pulverapparat kan brukast på alle typar brannar. Som beredskap i ein bustad må du velje ein storleik på minimum 6 kg. Slik sløkkjer ein brann, sjå lenke. https://film brann slokking Kvart 5 år må apparatet kontrollerast av ekspert. Kvart 10.de år skal det leverast inn for vedlikehald og påfylling. Føremonar med pulverapparat: Effektiv sløkking av eit større brannområde, pulveret vert spreidd raskt. Eignar seg mot alle typar brannar Leier ikkje straum og eignar seg for sløkking av elektriske apparat (inntil 1 000 volt) Toler minusgradar, som er ein føremon ved lagring t.d. på hytta Ulemper:

Problemet med pulverapparat er at pulveret vert spreidd over alt ved bruk og at det lett fører til skadar. Skal du sløkkje ein liten flamme på komfyren risikerer du at heile kjøkkenet blir fullt av pulver, noko som betyr ei enorm opprydding. Har kort varigheit, 15-25 sekund (6-9 kg) BRANNSLANGE Minimumskrav til brannslange på trommel i bustad er formfast brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm. Brannslangen må vere lang nok til å nå inn i alle rom i bustaden. Brannslangar i bustader bør koplast slik at ein kan ta med seg trommelen til brannstaden. Då vert den utrulla delen av slangen liggjande stille og kjem ikkje i klem under

dører o.l. På brannstaden tek ein fram spreiemunnstykket som ligg i senter på trommelen. Føremonar Vatn er det best eigna sløkkemidlet i dei fleste brannar, som er branntype A (der vatn eignar seg som sløkkjemiddel). Mengda av sløkkjemiddel er vanlegvis uavgrensa, til skilnad frå ein handsløkkjar, som raskt går tom. Driftssikkerheita er betre ein for handsløkkjarar, særleg dersom ein nyttar brannslangen på andre bruksområde, t.d. til spyling av golvet og då ser at den fungerer. Brannslange krev mindre vedlikehald enn handsløkkjarar. Ulemper Bruksområdet er avgrensa. Brannslange må brukast med varsemd mot brann i elektrisk utstyr. Det er svært farleg å bruke vatn mot brann i væsker (B-brannar) fordi vatn fordampar og kan spreiast i rommet saman med den brennande væska, ofte eksplosjonsaktig. Plasseringa er stasjonær. Ein brannslange har som regel meir stasjonær plassering enn handsløkkjarar og er vanskelegare å flytte ved ombygging og ommøblering.

Vasskadar kan gi større sekundære skadar enn skadane frå sjølve brannen og røykgassane, spesielt dersom brukarane ikkje har tilstrekkeleg opplæring og øving. Det er som regel dyrare å installere brannslangar enn handsløkkjarar. Brannslange kan ikkje plasserast i rom med frostfare. I t.d. kalde lagerrom må brannslangen plasserast i oppvarma skap. I ein panikksituasjon er det fare for at ein kan gløyme å opne stengeventilen i skapet til brannslangen Ein hageslange montert utvendig eller i garasjen er ikkje godkjent som husbrannslange. Vatn kan ikkje brukast mot brann i feittgryte, bensin og andre flytande stoff. Brann i feittgryte kan lett sløkkjast ved å leggje på grytelokket. Trekk gryta vekk frå plata og skru av straumen.

Eit typisk døme på kva eit brannteppe kan brukast til er ein kasserolle som står i full fyr. Du legg teppet forsiktig over og brannen sløkkjer. Dette kan gjerast i mange situasjonar og fungerer bra så lenge ein klarar å dekkje heile brannen. Dekkjer ein ikkje heile brannen, vil du ikkje stoppe tilførsla av oksygen og difor ikkje klare å sløkkje flammane. Kva storleik har brannteppe? Du får brannteppe i mange storleikar. Dei største er store og kan brukast til å sløkkje brannar i for t.d. køyretøy. Teppet kan leggjast over ein bil i brann og oksygentilførsla stoppast. Slike teppe har ein storleik på rundt 7 x 9 meter. For privatpersonar er mindre storleikar aktuelle (1 x 1 til 2 x 2 meter). Desse kan brukast av éin person. Det finst mange typar brannteppe med ulike tjukkleikar for ulike temperaturar og typar brann. Vanlege brannteppe for bruk heime eller på hytta skal tole ein temperatur på 550 grader, det skal i følgje reglar og fagekspertise halde for «vanlege» brannar. For større brannar og i materialar som skaper større varme finst brannteppe som toler over 1 500 grader C. Eit brannteppe er eit større tøystykke som vert lagt over flammane for å kvele desse ved å fjerne/hindre tilgang på oksygen. Utan oksygen vert flammen kvelt og brannen sløkt. Brannteppe er laget av eit stoff som gir godt vern mot varme og flammar og kan difor også brukast for å beskytte mot brannskadar i kritiske situasjonar relatert til brann.

Kva føremonar har sløkking med brannteppe? Reinsleg: Du unngår store følgjeskader som følgje av sløkkinga. Brukar du vatn eller pulver kan det bli mykje å rydde opp etterpå, og det er kjedeleg om du berre skal sløkkje ei liten gryte som har blitt litt for varm. Sikkert: For enkelte typar brannar kan du ikkje bruke vatn, for t.d. brennande olje. Kaster du vatn på ei gryte der det brenn olje vil brannen nærmast eksplodere med ein enorm kraft og risiko for spreiing. Billeg: Eit brannteppe for enklare brannar kostar ikkje mykje. Unngår kortslutning: Brenn det i det elektriske anlegget vil bruk av vatn kunne føre til kortslutningar som igjen kan ekspandere brannen i tillegg til å vere eit trugsmål for personar i nærleiken. Kva med ulempene? Berre for små brannar: Eit brannteppe eignar seg for mindre brannar der det brenn på eit avgrensa område. Brenn det t.d. oppover veggar eller på eit større område med mange møblar eller objekt er det vanskeleg å sløkkje effektivt med eit brannteppe. Du må også kunne kome nær brannen; brenn det opp under taket hjelper det ikkje å kaste opp eit teppe. Du må difor sjå eit brannteppe som ein del av brannberedskapen, du kan ikkje berre basere deg på eit brannteppe.

Korleis bruker ein eit brannteppe? Når du grip fatt i teppet må hendene vere på rett side og ikkje eksponert mot flammane. Du må difor halde i teppet slik at hendene er beskytta. Bruk teppet til å beskytte deg sjølv når du går mot og nærmar deg brannen. Hald det høgt slik at også andlet og hovud er beskytta. Teppet skal leggjast forsiktig over objektet som brenn. Prøv å unngå å kaste det slik at det river med seg andre objekt som kan forverre situasjonen og gjere sløkkinga vanskelegare. Når du legg teppet over brannen kan flammane finne ein veg rundt teppet, ver merksam på dette. Sjekk at brannen er sløkt ved å sjå forsiktig under teppet, men hugs og halde god avstand. Når du fjernar teppet må du halde det slik at du er beskytta på same måte som når du la det på. Flammane kan brått blusse opp att. Sjølv om brannen er sløkt må du forsikre deg om at den ikkje har spreidd seg. Du må få kontroll over og eventuelt ettersløkkje alle involverte objekt slik at du er 100% sikker på at den ikkje blussar opp att. Det finst nok av døme på brannkatastrofar som skuldast at ein trudde brannen var sløkt.