Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins



Like dokumenter
MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kom og bli med på inspirasjons- og motivasjonsdag med årsmøte i Aksdal kyrkje 21.mars

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsplan for Hare November

KULTURKONTORET 8305e

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

5. Soknerådsmøte mai Referat

«Ny Giv» med gjetarhund

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Brødsbrytelsen - Nattverden

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

Hordaland krins av Norges speiderforbund

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJON om førestellinga:

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

k o n f i r mant 2013

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

KVINNHERAD KOMM KULTURKONTORET

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Kandidater til Fana sokneråd 2015

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!


VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Såkornet Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins. Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

Valdres vidaregåande skule

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Kva er økologisk matproduksjon?

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

I N N H O L D. Forord

PROTOKOLL GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Stemnehandboka for NKSF

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for ROSA mars 2015

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Transkript:

Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins Nr 2/14/27 årgang Les meir om bl.a: Leirar og søndagsskulebesøk Inspirasjonsdag med årsmøte Planar for hausten God sommar!! 1

Du skal itte trø i graset Eg trur det sit i ryggmargen til alle som har vakse opp på gard, me går ikkje i graset på innmarka. Me går ikkje over sletta, me går rundt! Me trør ikkje ned ungt gras som skal vekse seg høgt og sterkt. Det har me høyrt sagt frå me var små. På søndagsskulen møter me leiarar mange små spirer. Me møter barn som skal vekse, både i seg sjølv og i trua på Jesus. Men me møter og vaksne, foreldre eller besteforeldre, som er små spirer og ynskjer veksa i si tru. Me har ei stor og viktig oppgåve, men «me må ikkje trø i graset», men varsamt hjelpa både store og små trus-spirer vidare. Slik kan dei veksa seg sterke i trua. I kristen Norge er det mange kristenleiarar med kjente namn. Nokre er kjent fordi dei er etterspurte forkynnarar. Andre fordi dei talar sine meiningars mot i media. Me ser opp til dei, og tenkjer at det er dei som gjer den viktigaste jobben i Guds rike. Eg er ikkje sikker på at det er heilt sant. Eg veit at det er så mange søndagsskuleleiarar som med måten dei er på, slik dei bryr seg og slik dei fortel om bibelen på, er viktige i Guds rike. Barn og ungdom merkar når noko er ekte, og ein søndagsskuleleiar som ser og viser omsorg gjer verdiar for livet! Som søndagsskuleleiar får me vera med å peika på Jesus for store og små, både med omsorg og medkjensle og med bibelforteljing og song. Slik får me vera viktige reiskap for Gud. Slik får me hjelpa små-spirer til å vekse i tru. Og tilbake får me Mestarens velsigning. Herren velsigne deg og bevare deg, Herren la sitt andlet lyse over deg Herren lyfte sitt åsyn på deg, Og gje deg fred, fred. Elisabeth -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- SØNDAGSSKOLEN Karmsund- Sunnhordland krins. Møllergården. Strandgt 196, 5525 Haugesund Tlf 95274976. e-mail: karmsund.sunnhordland@sondagsskole.no Søndagsskolekonsulent Elisabeth V Fauskanger, tlf 95274976/ privat 534 11618 Kontortid 09.00-15.00, Kretskontor onsdager. nettside: www.sondagsskole, link kretser, link karmsund,sunnhordland. kontonr 8220 02 81272. 2

Juniorhelg på Brandøy - «snakk om å vere heldig med veret!!» Det var kommentaren som gjekk igjen blant dei vaksne på Juniorhelga dette året. For maken til fantastisk vårver skal ein leita lenge etter som det var akkurat den siste helga i mars då det var Juniorhelg! Juniorhelga er ei helg for barn 4-9 år med følgje, i år var me 84 deltakarar i alt. Juniorhelga er ei helg med bibelsamlingar og song, med leik og aktivitetar for barna både inne og ute, med fellesskap og samtale, med kiosk-kø og glade barn og vaksne. Å hoppa høgt på tramplina eller kome til toppen i klatreveggen er ikkje noko bare barna får gjere! Tema på leiren var OPP-NED og på bibelsamlingane møtte me mange som fekk liva sine snudd opp ned i møtet med Jesus. Misjonstime med fokus på Bangladesh hadde me og, og kollekten samla mykje pengar til barna i Bangladesh. Elles er ei juniorhelg leirfest med leiker og litt tøysete leiarar, laga puslespel og opp-ned kylling og vera med på sporleik med mykje kjekt undervegs i postane. Leiren er eit godt samarbeid mellom indremisjonen og søndagsskulekrinsen. Det er ein leir der barna er i starten av si «leir-karriere», og dei kjem med forventningsfulle auge på leir. Å då få vere med og gje gode leirminne, det er stort! 3

Friluftsleir på Utsira. «Ho har gleda seg til denne leiren eit heilt år» -sa mora då ho ringte og meldte dottera på friluftsleir. Det er fantastisk kjekt å høyra, for det viser at me har klart å lukkast med målet vårt for friluftsleirane å laga ein annleis leir. Ein friluftsleir er ein leir for 4.-7.klasse, ein leir utan program med mange klokkeslett. Det er meir ein leir der me ser både klokka og deltakarane an og tar det som det kjem. Bibelsamlingane var det Elisabeth som hadde. Utgangspunktet var 4 ulike stader i Israel: Kapernaum, Betania, Jeriko og Jerusalem. På kvar bibelsamling var utg.p ein av desse stadane og fleire ulike forteljingar frå bibelen om ting som skjedde akkurat der. For mange blei det ein ny måte å tenka bibelen på. På ein friluftsleir er me mykje ute. I år var det litt surt og kaldt, men tur til vindmøllene blei det likevel. Nokon ville fiska, så då blei ein leiar med dei og på det. Andre ville leika, så dei gjorde det. Laurdag ettermiddag var dei som hadde lyst i bassenget og bada. Laurdag kveld hadde me ein super leirfest med mange kjekke leiker og uhøgtidelige konkurransar. 4

På ein friluftsleir et me mykje! Det er ikkje uvanleg at mange set ny rekord i talet på brødskiver dei et på eit måltid. Fellesskap rundt bordet er viktig. Såkornet 2-14 Stor takk til leiarane som var med; Tormod Stautland og Stig Mikal Matre frå Stord og Anne Jorunn Lindevik frå Etne. De er med og gjer denne leiren så unik som han er!! og ein stor takk til ein flott gjeng deltakarar frå store delar av krinsen vår! Hurra! Ny søndagsskule i krinsen vår: Denne våren er det starta ein ny søndagsskule i krinsen vår. Det er Rosendal søndagsskulekor i Kvinnherad. Dei samast annakvar veke, er ca 10 kvar gong og syng bl.a. mange kjekke songar frå søndagsskulen. Dei har delteke på gudsteneste i Rosendal kyrkje, og skal synga igjen der 17.mai. I denne søndagsskulen er dei så heldige at den eine leiaren; Tone R Hellesøy lagar middag til alle som vil før samlinga og øvinga startar! Hovudleiar Solfrid H Siqveland fekk ein ide om å bruka songane frå søndagsskulecd-ar i eit kor. Ho fekk fleire med seg, og slik starta denne søndagsskulen. 5

Inspirasjonsdag med årsmøte Laurdag 15.mars var datoen for årets inspirasjonsdag med årsmøte. Staden var Misjonshuset i Haugesund, og etter kvart som klokka nærma seg starttidspunktet vaks køen ved registreringa. Kjekt at mange tok turen og blei med denne dagen! «God start på dagen» med bibel, song, bøn og nattverd er viktig! Tilbakemeldingane viser og at akkurat denne delen av programmet betyr mykje. I år hadde me med oss Gjermund Lygre. Song gjorde Carina Tysvær. Før lunsjen hadde Elisabeth Fauskanger ei kort avdeling der ho sette fokus på «Barn og tru». Så var det fellesskap rundt borda med god mat før Lars Skjæveland hadde kurs i bruk av flanellograf, papirbretting og litt av kvart anna for ei lydhør og ivrig forsamling. Lars er barne,-og familiearbeidar i NLM i Region Sør-Vest. Han er kreativ, alltid på jakt etter nye idear og gode løysingar og brenn for at barn og unge skal få bli kjent med Jesus! Entusiasmen hans til å nå barna med ordet om Jesus smitta til mange denne dagen! 6

Ivrige søndagsskuleleiarar med papirbretting. Kaker og kaffipause var neste punkt på programmet. Så tok Elisabeth med seg alle hjelpeleiarane som var med denne dagen til ei eiga slush-samling, mens dei vaksne starta årsmøtet i krinsen vår. Mini-slush kurs På mini-slush kurset snakka me om Timoteus. Han var ung, men Gud ville bruka han. Og så fekk Timoteus vere med Paulus og læra av ham. Me snakka om at dei var som Timoteus, og ingen av dei var i tvil om kven som var deira «Paulus». Kven som rettleia og viste dei, kven dei kunne læra av i søndagsskulearbeidet. Me hadde jo vore på flanellografkurs, så då var det sjølvsagt at me måtte bruka flanellografen. Og det gjorde me til gangs!! Her var det mykje kreativitet i bibelforteljingane, og mykje godt samarbeid. 7

Årsmøtet. Årsmøtet vedtok årsmeldinga og rekneskapen for 2013 og budsjett for 2014. Krinsen driv eit aktivt arbeid noko årsmeldinga viser. Vi driv økonomisk med eit lite overskot på drifta for 2013. Kretsen har solid likviditet. Såkornet 2-14 Samtalen på årsmøtet hadde sitt utgangspunkt i kretsstyret sitt ønske om å drøfta om kretsen skal gjera innkjøp som kan koma søndagsskulane i kretsen til gode. Eksempel som blei vist var hoppeslott, slush-maskin, ulike ballar og liknande som det er tanken at søndagsskulane kan leia for ein billeg penge. Årsmøtet gav kretsstyret fullmakt til å arbeida vidare med denne saken. Informasjon vil koma om vidare arbeid med dette. Under valet takka Brynhild Meyer Stautland av som leiar. Ny krinsleiar er Else Gurine Stople. Else Gurine er frå Ølensvåg, men bur i Skjold. Ho har vore med i kretsstyret i fleire periodar og er godt kjent med arbeidet i kretsen vår. Elles i det nye kretsstyret blei desse valt inn: Greta S Elverhaug frå Tysvær, Grethe L Grimsbø frå Stord, Gunnbjørg Nesbu frå Vindafjord og Ståle Sakseide frå Bømlo. Frå før er Jorunn Svendsen og Øyvind Halvorsen frå Karmøy med i kretssttyret. Nye varamedlem er Roald Alsaker frå Karmøy, Solveig Gjøvåg frå Stord og Jorunn S Baustad frå Tysvær. Tilbakemeldingane etter denne dagen er gode. «Eg koste meg gjennom heile dagen» var dei ein leiar som sa. Målet er at dette skal vera ein dag med senka skuldre og god mat og godt fellesskap. Det skal både gje noko for sjela og noko som er aktuelt for tenesta i søndagsskulen. Og så gjer deltaking på årsmøtet innsikt i arbeidet i krinsen og anledning til å vere med å påverka arbeidet i krinsen. 8

Kretslotteri. I løpet av nokre månader i starten av året har det blitt selt og kjøpt mange søndagsskulelodd i kretsen vår. Takk for den innsatsen du gjorde for søndagsskulelotteriet. Trekking fann stad på kretskontoret 21.mai Vinnarar. 1. Trøtraktor Grethe og Oddvar Olsen, Karmøy 2. Brio-togbane sett Jon Erik Strand, Haugesund 3. lego city, brannstasjon Maria Tøtlandsmo, Etne 4. lego city, brannstasjon Gerd Kristin Høivik, Haugesund 5. lego-city, brannstasjon Kaja S Olsen, Haugesund 6. hardangerbestikk, Ramona 12 personar Solveig B Hetland, Ølensvåg 7. laken & 2 sengesett Sara Marie Aga, Bømlo 8. ryggsekk, Häglofs 40 liter fam Åge Baustad, Nedstrand 9. fiskestang Ingrid Haraldseid, Haugesund 10. heimestrikka genser Alfhild Hestenes, Bømlo 11. hardangersaumsløpar Jan Olav Hjelmeland, Kvinnherad 12. dokke m/ trevugge og klede Grethe Lønning Grimsbø, Stord 13. bålpanne Mariann Berg, Kvinnherad 14. bålpanne Anund Vikingstad, Karmøy 15. verktøykasse Askild Sandvoll, Kvinnherad 16. verktøykasse Vanja Kristine H Nilsen, Stord 17. kaffimaskin Irene og Henrik M Eide, Kvinnherad Rett trekking bevitnes: Else Gurine stople og Elisabeth Fauskanger Gratulerer til alle vinnarar! 9

Glimt frå søndagsskulebesøk. Uskedalen. I Uskedalen har dei søndagsskule i bedehuskjellaren på måndagar. Eg fekk vera med ein kveld i starten av mars. Inn døra kjem det mange barn og nokre vaksne. Først leier Nelly gjennom ei samlinga som inneheldt gratislotteri, skattekiste, ljostenning og bøn. Ho har god hjelp til songane av Camilla på gitar. Eg fekk vera med og fortelja om Nikodemus. Etterpå er det aktivitetar i for dei minste i Gullivergruppe og for dei største i Tårnagentgruppe. Den kvelden eg var med hadde eg tatt med mange ulike eksperiment som me gjorde i lag med Tårnagentane. Kjempespennande!! Me laga lavalampe, fekk rosiner til å dansa, laga vulkan og mykje anna spennande. Vats. I midten av mars fekk eg vera med søndagsskulen i Vats då dei hadde samling på Vindafjordtunet. Vindafjordtunet er ein aldersheim. Her kom søndagsskulebarna og foreldra, barnekoret var med og mange av dei som bur på aldersheimen. Det er desidert den søndagsskulesamlinga eg har vore på med mest rullestolar og rullatorar! men du verden så kjekt for både store og små å ha søndagsskule på aldersheimen!! 10

Øvrebygda på Fitjar. Ein fin tysdagsettermiddag i mai fekk eg vera med gjengen frå Tysdagsklubben i Øvrebygda på avslutning ute i marka på Helland. Det blei to fine timar med bibelforteljing om fiskefangst i Tiberiassjøen, pølsegrilling og så full fart med 50-leiken til slutt. Fitjar Fitjar Søndagsskule hadde ønskje om å dra til Espevær. Det skulle vera avslutningstur før sommaren, søndag 18.mai 2014. Og gjett om det vart tur? Ein fantastisk flott tur for søndagsskuleborna og dei av foreldra som kunne vera med. Totalt ca. 65 born og ca. 50 vaksne. Det var strålande sol og flott temperatur. Turen starta i småbilar frå Fitjar kl 11, og me hadde tinga ekstratur med Øyrosa frå Eidesvik til Espevær. Den måtte gå 3 turar for å få alle med. På Espevær hadde me først matpause nede på den heilt nyslådde leikeplassen. Det var kjempestemning. I Bedehuset på Espevær hadde me deretter søndagsskuletime kor me fekk høyra om då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus. Ein av søndagsskulelærarane i Fitjar vaks opp på Espevær, og han fortalde litt om korleis det var her ute på den tida i 1950-åra. Det var 50-60 born som var med i søndagsskulen, omtrent like mange som tur-borna frå Fitjar. Etterpå gjekk mange på tur rundt øya. Natursti i utmarka og elles langs dei koselege småvegane. For dei som hadde lyst å vera litt lengre, vart det grilling på bryggja i Vestbygda. Ei flott avslutning på søndagsskulen for dette semesteret. Trygve Eiken 11

Søndagsskulane i krinsen. I krinsen vår er det 80 aktive søndagsskular. I fjor gjekk det 3118 barn på ein søndagsskule i krinsen vår. Det er fantastisk kjekt! Takk for at du er med og gjer det beste til dei minste!! Søndagsskole hovudleiar barn totalt -13 /-12 kommune Aksdal kyrkje s.sk. Greta S Elverhaug 57 54 Tysvær Amigos Magni Skaar 5 3 Haugesund Betania s.sk. Langåker Øyvind Meistad 85 80 Karmøy Bokn dåpsskole Greta S Elverhaug ny i 2013 Bokn Borgundøy s.sk. Edith Brekke 12 14 Kvinnherad Bråtveit s.sk. Rune Hjelmeseter 30 18 Sveio Bua s.sk. Aud Hovda 11 12 Sveio Bømlo s.sk Guri G Vespestad 21 18 Bømlo Dåfjord s.sk. Gunn Kari Auestad 36 34 Fitjar Eide s.sk. Silje T Nordhus 29 16 Karmøy Falnes krk s.sk Elin Grindhaug 20 15 Karmøy Finnås s.sk. Heidi V Ådnanes 49 49 Bømlo Fitjar s.sk Astrid Prestbø 91 91 Fitjar Fredagsklubben Anne Jorunn Lindevik 101 77 Etne Førde s.sk. Vigdis I Huseby Sveio Førre s.sk. Hartvig Waage 43 31 Tysvær Gilje slush-klubb Margaret Gjerde 45 31 Bømlo Gilje s.sk. Margaret Gjerde 42 60 Bømlo Goddo s.sk Kjersti Klubben 3 10 Bømlo Halsnøy s.sk. Inger Elin Nesheim 59 64 Kvinnherad Horneland s.sk. Hege Myhre Hope 66 71 Stord Husnes s.sk. Marta Kroka 57 48 Kvinnherad Hystad s.sk. Jostein Grimsbø 112 88 Stord Håvik & Foldrøy s.sk. Helga Stokka 32 41 Bømlo Innvær s.sk. Torill I Eidesvik 8 8 Bømlo Karmel s.sk Gunnar H Sjøen 116 99 Karmøy Kjekk S, Barnas gudstj Ove Sjursen 72 60 Karmøy Kolnes s.sk. Rolf Hauge 8 ny i 2013 Karmøy Kristkyrkja s.sk Åsmund Hellesøy 17 17 Stord 12

13 Såkornet 2-14 Søndagsskole hovudleiar barn totalt -13 /-12 kommune Laurhammar s.sk Tone O Baugstø 56 88 Bømlo Lykling s.sk. Alfhild Hestenes 10 11 Bømlo Matre s.sk Magni Hegland 15 15 Kvinnherad Meling s.sk. Ingunn Anglevik 35 31 Bømlo Microklubben Jan Erik Strand 25 21 Haugesund Misjonshuset s.sk. Bjarte Kalleland 8 13 Haugesund Norheim s.sk. Ellen Hansen 32 32 Karmøy Nysæter s.sk Brynhild M Stautland 25 20 Stord Omvikdalen s.sk. Kristine Hestad 54 45 Kvinnherad Onsdagsklubben Lillian Eikeland ny i 2013 Vindafjord Regnbuelandet Thea L Brekkå 144 134 Karmøy Rosendal s.sk kor Solfrid H Siqveland ny i 2014 Kvinnherad Rossabø krk s.sk Anne Birgitte Ruus 20 32 Haugesund Rubbestadneset s.sk. Asta M Tollaksvik 38 ny i 2013 Bømlo Røvær s.sk Oddny Brynjelsen 16 15 Haugesund Salem s.sk Mosterhamn Unni Møgster 67 62 Bømlo Sandvoll s.sk Kristine Hellås 25 25 Kvinnherad Seveland s.sk. Hans-Jacob Sæther 77 63 Karmøy Skjold s.sk. Else Gurine Stople 65 87 Vindafjord Skudeneshavn s.sk. Laila Næss 47 42 Karmøy Skånevik s.sk Aud Karin Leknes 6 6 Etne Stegaberg s.sk Marita E Hamn 30 32 Tysvær Stokkastrand s.sk. Ruth S Sveistrup 70 69 Karmøy Storesund s.sk. Johanne Lomheim 35 69 Karmøy S.sk. Stord kyrkje Barbro H Andersen 19 12 Stord Sunde s.sk. Anne Britt Titternes 14 17 Kvinnherad Sund-Ytreland s.sk. Kari S Kristiansen 34 26 Karmøy Sveio småbarnssang Urd Hjelmeseter 21 20 Sveio Sævereid tripp-trapp Anne Jorunn Lindevik 23 23 Etne Søndagsgjengen Førland Kørner Høie 15 ny i 2013 Tysvær Tirsdagklubben Ingrid H Landro 28 25 Tysvær Tripp-trapp Etne Astrid A Johnsen 16 24 Etne Tripp-Trapp Skånevik Astrid A Johnsen 42 33 Etne Tysdagsklubben, Øvrebygda Karen Elisabet R Sæbø 62 42 Fitjar Tysværvåg s.sk. Anna Borghild Reiersen 22 20 Tysvær Udland s.sk. Bjørg Lund 42 40 Haugesund Uskedalen s.sk. Nelly Kjærland 59 44 Kvinnherad Utsira s.sk katrine Klovning ny i 2013 Utsira Valestrand s.sk. Kate-Elin Rasmussen 32 32 Sveio Vatland s.sk. Anne Marie Leth 26 24 Tysvær

Søndagsskole hovudleiar barn totalt -13 /-12 kommune Vats s.sk. Synnøve Stødle 25 24 Vindafjord Vedavågen s.sk Roald Alsaker 191 186 Karmøy Vikebygd s.sk./l.treff Kjersti H Bjerga 32 36 Vindafjord Vikse s.sk Heidi Storstein 18 24 Sveio Visnes s.sk Toralf Utvik 16 18 Karmøy Ølensvåg s.sk Solveig B hetland 57 43 Vindafjord Ådland s.sk Britt Oddny Mjølhus 86 59 Karmøy Åkra s.sk, Åkrehamn Anne Amdal 75 69 Karmøy Åkra s.sk Kvinnherad Aase Farestveit Kvinnherad -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Tilsaman 3118 2952 Hausten 2014. Velkomen til Inspirasjonssamling. Dette skuleåret har OPP-NED vore eit gjennomgangstema. Me har møtt mange som fekk liva sine snudd opp-ned i møtet med Jesus. Tilbakemeldingane har vore gode over løysinga med eit gjennomgangstema og ein eigen song gjennom eit heilt år. Neste skuleår 2014/2015 er gjennomgangstemaet Bibelen bøkenes bok. Bibelforteljingane er det sentrale på søndagsskulen. Slik har det vore, og slik er det nå. Det er og dette året laga ein eigen temasong som me kan bruka heile året. Tema på inspirasjonssamlingane i haust tek utgangspunkt i årstema Bibelen. Me skal læra den nye songen og så skal me gjennom praktiske eksempel frå dei ulike tema i SPRELL LEVENDE i haust bli klar for eit nytt semester. Me tar eit halvår på ein time og går gjennom tema for tema med bibelforteljing, undring, oppdrag eller song. 14

«Inspirasjonssamlinga du hadde redda halvåret mitt i søndagsskolen» sa ein leiar til meg i fjor. Ein annan sa «dette burde vore obligatorisk». Så nytt sjansen, kom og bli klar for hausten i søndagsskolen. Program for inspirasjonssamlingane 1. SPRELL LEVENDE hausten 2014, ulike innslag frå dei ulike tema 2. Mat & prat. Ein viktig del av ei inspirasjonssamling er matpausen, der ein får snakka med andre søndagsskoleleiarar og henta tips og idear frå andre som er aktivt med i det same arbeidet som ein sjølv er- 3. Semesterplanlegging i den enkelte lokale søndagsskole. For mange er hausten travel, det er mye som startar opp og skal planleggast. Som eit forsøk på å gjere det litt enklare for dykk kan de som er leirarar i dei enkelte søndagsskulane, om de vil, setta dykk saman og planlegga hausten i dei enkelte lokale søndagsskulane Stad og dato for inspirasjonssamlingane. I haust blir det samlingar følgjande stader. Kom der det passar for dykk. Horneland bedehus, Stord måndag 25.august kl. 19.00 Aksdal kyrkje, Aksdal torsdag 28.august kl. 18.30 Austreimsbygda bedehus, Skjold måndag 1.sepember kl. 19.00 Ådland bedehus, Åkrehamn tysdag 2.september kl. 19.00 Gilje bedehus, Bømlo torsdag 4.september kl. 19.00 Husnes bedehus, Kvinnherad tirsdag 9.sepmeber kl. 19.00 Besøk i haust. Kalendaren min for hausten er foreløpig ganske tom. Det er planlagt nokre søndagsskulebesøk og eit slush-kurs, men det er god plass til meir! Har de på din søndagsskole lyst på besøk, så ta kontakt på mail eller telefon med meg. karmsund.sunnhordland@sondagsskole.no eller tlf 952 74 976 15

På kretskontoret hjelper vi til med oppstartshjelp til nye søndagsskolar. Ta kontakt på 95274976 eller på mail til kretsen om du veit om stader der det kan startast søndagsskole!.fast giver til søndagsskolen? Søndagsskolen treng støtte både i arbeidet på hovudkontoret for å kunne laga materiell, og i kretsane for å kunne ha besøka søndagsskolane, ha kurs og inspirera og hjelpa søndagsskolane. Som ny givar støttar du både kretsen vår i Karmsund-Sunnhordland og hovudkontoret. Vil du vere med og støtta arbeidet i Søndagsskolen som fast givar? Kontonummeret er 8220 02 81701. Send gjerne mail til giver@sondagsskole.no eller ring 22087100. Eller gå inn på nettsida www.sondagsskolen.no og klikk på giver. TAKK for støtta di! 16

SØNDAGSSKOLEN NORGE 125 ÅR. Søndagsskolekretsen vår er medarrangør til søndagsskoledagane i Kongeparken 6.og 7. september. Kom og bli med! 17

Støttespelarar. Vi takkar føljande firma for støtta til arbeidet i søndagsskolekretsen vår: Då vil søndagsskolekrinsen takka deg for tålmod, kreativitet, samarbeid, omsorg, rettleiing, song, bibelformidling og alt det ein leiar på søndagsskulen gjer. GOD SOMMAR!! 18

19 Såkornet 2-14