- til beste for barn og unge Kartleggingsspørsmål 2012 Sjumilssteget - overorda artikkel: Artikkel 3 Ved alle handlingar som vedkjem barn, anten dei blir sette i verk av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgivande organ, skal det som gagnar barnet best, vere eit grunnleggjande omsyn.
Medverknad STEG 1 - Medverknad Sikre barns sjølvråderett og medverknad (Artikkel 12) 1. Partane skal sikre eit barn som er i stand til å danne seg sine eigne sjølvstendige meiningar, retten til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som gjeld barnet, og leggje tilbørleg vekt på desse synspunkta i samsvar med alderen og modninga hans eller hennar. 2. For dette formålet skal barnet særleg få høve til å bli høyrt i all rettsleg og administrativ saksbehandling som gjeld barnet sjølv, anten direkte eller gjennom ein representant eller eit eigna organ, på ein måte som er i samsvar med saksbehandlingsreglane i nasjonal rett. 1. Kva organ og system har kommunen der barn kan medverke? Dersom kommunen har slike organ, kven kjem med framlegg til saker og kva saker vert handsama i desse organa? 2. Korleis sikrar kommunen at enkeltbarn vert høyrt når det vert teke avgjerd i kommunale organ som vedkjem barnet direkte? 3. Korleis sikrar kommunen at barn og unge sine interesser vert ivaretekne i saker etter plan- og bygningslova (t.d. i kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel, i reguleringsplanar og i dispensasjonssaker)? Korleis har kommunen sikra at barna sin rett til medverknad er reell? 4. På kva måte gir kommunen opplæring til barn og unge som skal delta i ungdomsråd eller andre organ? God omsorg STEG 2 - God omsorg Barna har rett til god omsorg frå foreldre og offentlege tenester (Artikkel 18) 1. Partane skal leggje vinn på å sikre godkjenning av prinsippet om at begge foreldra har eit felles ansvar for oppsedinga og utviklinga til barnet. 2. Foreldre, eventuelt verjer, har hovudansvaret for oppsedinga av og utviklinga hos barnet. For dei skal det som gagnar barnet best, komme i første rekkjeegnede ordninger. 1. Kva tiltak har kommunen etablert for å sikre at foreldre får informasjon om og tilbod om råd eller nødvendige tenester som kan styrke dei i foreldrerolla? 2. Kva tiltak har kommunen for å hjelpe foreldre, med dette også foreldre frå andre kulturar, slik at dei kan gje barna sine god omsorg? 3. Korleis sikrar kommunen at tenestene som er involverte i dette arbeidet, samarbeider om å fange opp behov for hjelp, undersøkjer, set i gang og evaluerer tiltak for familiar som treng hjelp? 4. Korleis sikrar kommunen at dei kommunale tenestene har rutinar for samarbeid og samhandling for å gi hjelp til barn og foreldre etter prinsippet om tidleg intervensjon? 5. I kva grad samarbeider kommunen med frivillige organisasjonar som kan bidra til å gje gode oppvekstvilkår for barn? Døme kan vere idrettslag, Røde Kors, speidarlag, Inn På Tunet, m.m.
Særskilt vern og støtte STEG 3 - Særskilt vern og støtte Barn som ikkje kan bu i sitt heimemiljø har krav på særskilt vern og støtte frå offentlege instansar (Artikkel 20) 1. Eit barn som mellombels eller permanent er fråteke familiemiljøet sitt, eller som i eiga interesse ikkje kan tillatast å bli verande i eit slikt miljø, skal ha rett til særskilt vern og særskild støtte frå staten. 2. I samsvar med den nasjonale lovgivinga skal partane sikre alternativ omsorg for eit slikt barn. Slik omsorg kan til dømes vere plassering i fosterheim, Kafala etter islamsk lov, adopsjon eller, om nødvendig, plassering i institusjon eigna for omsorg for barn. Når ein drøftar moglege løysingar, skal ein ta tilbørleg omsyn til ønsket om kontinuitet i oppsedinga av barnet og til den etniske, religiøse, kulturelle og språklege bakgrunnen til barnet. 1. Korleis sikrar kommunen at barn som bur i kommunen uavhengig av kva kommune som har gjennomført plasseringa får tilstrekkeleg oppfølging i barnehage eller skule, frå helse-, sosial- eller barnevernstenester? 2. Korleis sikrar kommunen at tilsynsførarane for barn i fosterheim er kompetente, at tilsyn vert utført i tråd med sentrale retningsliner og at det vert gjort jamlege vurderingar av tiltak som er gjort for barnet? 3. På kva måte sørgjer kommunen for at barna kan ha ein stabil omsorgsbase, kontakt med den biologiske familien sin og det tidligare nettverket sitt? 4. Korleis sikrar kommunen at det er eit tilstrekkeleg samarbeid og oppfølging for å hjelpe unge i alderen frå 18-23 år (ettervern)?
Vern mot overgrep STEG 4 - Vern mot overgrep Barn har rett til vern mot overgrep og utnytting (Artikkel 19, 34 og 36) Jf. Artikkel 19 1. Partane skal setje inn alle eigna lovgivingsmessige, administrative og sosiale tiltak og opplæringstiltak for å verne barnet mot alle former for fysisk og psykisk vald, skade eller misbruk, vanstell eller forsømmeleg behandling, mishandling eller utnytting, medrekna seksuelt misbruk, mens ein eller begge foreldra, verjer eller eventuelle anna person har omsorg for barnet. 2. Slike vernetiltak bør omfatte effektive prosedyrar for utforming av sosiale program som gir nødvendig støtte til barnet og til dei som har omsorga for det, og andre former for førebygging, påpeiking, rapportering, vidaretilvising, undersøking og behandling og oppfølging av tidlegare nemnde tilfelle av barnemishandling, og om det er nødvendig, rettsleg oppfølging. Jf. Artikkel 34 Partane tek på seg å verne barnet mot alle former for seksuell utnytting og seksuelt misbruk. For dette formålet skal partane særleg setje i verk alle eigna nasjonale, bilaterale og multilaterale tiltak for å hindre at nokon a) oppmuntrar eller tvingar eit barn til å delta i noka form for ulovleg seksuell aktivitet, b) utnyttar barn ved å bruke dei til prostitusjon eller andre ulovlege seksuelle handlingar, c) utnyttar barn ved å bruke dei i pornografiske framsyningar eller i pornografisk materiale. Jf. Artikkel 36 Partane skal verne barnet mot alle andre former for utnytting som på nokon måte kan vere til skade for velferda til barnet. 1. Korleis sikrar kommunen at eigne tilsette har god nok kompetanse til å handtere alle former for vald og overgrep retta mot barn, eller barn som vert vitne til vald og overgrep? 2. Har kommunen utarbeida handlingsplan for arbeid med vald i nære relasjonar? Dersom kommunen har slike planar, vert desse gjennomgått jamleg? Dersom kommunen ikkje har slike planar, har kommunen andre system for å fange opp og handtere slike saker? 3. Korleis sikrar kommunen at barna i kommunen veit kven dei skal kontakte dersom dei ønskjer å fortelje om vald som har ramma dei sjølve eller nokon dei kjenner? 4. Har kommunen samarbeid med instansar utanfor kommunen på dette området? Kva går samarbeidet ut på?
Fullverdig liv STEG 5 - Fullverdig liv Funksjonshemma barn har rett til eit fullverdig liv og skal ha tilgang til nødvendige offentlige tenester (Artikkel 23) 1. Partane godtek at eit barn som er psykisk eller fysisk funksjonshemma, bør ha eit fullverdig og anstendig liv under forhold som sikrar verdigheit, fremmar sjølvstende og gjer det lettare for barnet å delta aktivt i samfunnet. 2. Partane godtek at barn med funksjonshemmingar har rett til særleg omsorg, og skal, innanfor ramma av dei midla som står til rådvelde, oppmuntre til og sikre at barn som oppfyller vilkåra, og omsorgspersonar får den hjelpa dei har søkt om, og som er rimeleg i forhold til tilstanden til barnet og situasjonen til foreldra eller andre omsorgspersonar. 3. I det ein godtek at funksjonshemma barn har særlege behov, skal hjelp som blir ytt i samsvar med nr.2. vere gratis når dette er mogeleg. Samstundes som ein tek omsyn til økonomien til foreldra eller andre omsorgspersonar, og hjelpa skal innrettast slik at funksjonshemma barn har effektiv tilgang til og får undervisning, opplæring, helsetenester, rehabiliteringstenester, førebuing til arbeidslivet og høve til rekreasjon på ein måte som best mogeleg fremmar den sosiale integreringa og personlege utviklinga til barnet, også den kulturelle og åndelege utviklinga. 4. I den internasjonale samarbeidsånda skal partane fremme utveksling av eigna informasjon om førebyggjande helsearbeid og om medisinsk psykologisk og fysikalsk behandling av funksjonshemma barn, også spreiing av og tilgang til informasjon om rehabiliteringsmetodar, undervisning og kompetansen sin og utvide erfaringane sine på desse områda. I denne samanheng skal det takast særleg omsyn til behova i utviklingslanda. 1. Kva råd/organ/koordinerande einingar har kommunen etablert for barn og unge som har behov for langvarige og koordinerte tenester? Korleis sikrar kommunen at desse barna får tilgang til slike tenester? Kva viser eventuelle brukarundersøkingar? 2. I kva grad har kommunen tilrettelagt tilbodet slik at barn med funksjonsnedsetting har tilgang til offentlege bygg, slik at dei kan gjere seg nytte av tilboda på lik linje med andre barn? 3. Korleis arbeider kommunen for å hindre at barn med funksjonsnedsetting blir utsett for diskriminering? 4. Korleis sikrar kommunen at prinsippet om universell utforming vert ivareteke i planlegginga etter plan- og bygningslova og i det enkelte byggjetiltak? I kva grad samarbeider kommunale instansar med tenesteapparatet utanfor kommunen?
God helse STEG 6 - God helse Barn har rett til tiltak som sikrar best mogleg helse og behandlingstilbod for sjukdom og rehabilitering. (Artikkel 24) 1. Partane godtek at barnet har rett til å nyte den høgast oppnåelege helsestandarden og til behandlingstilbod for sjukdom og rehabilitering. Partane skal leggje vinn på sikre at ingen barn blir fråtekne retten sin til å bruke slike helsetenester 2. Partane skal arbeide for full gjennomføring av denne retten og skal særleg setje i verk tiltak for å a) redusere spedbarnsdøying og barnedøying, b) sikre at det blir gitt nødvendig legehjelp og helseomsorg til alle barn, med vekt på å utvikle primærhelsetenesta, c) motarbeide sjukdom og feilernæring, også innanfor ramma av primærhelsetenesta, ved mellom anna å bruke teknologi som alt er tilgjengeleg, og ved å stille nok næringsrike matvarer og reint drikkevatn til rådvelde, der ein også har tanke for farane og risikoen som er knytte til miljøureining, d) sikre eigna helseomsorg for mødrer før og etter fødselen, e) sikre at alle grupper i samfunnet, særleg foreldre og barn, er informerte om, har tilgang til undervisning om og blir støtta i bruken av grunnleggjande kunnskap om helsa til og ernæring for barn, fordelane ved amming, hygiene, miljøhygiene og førebygging av ulykker, f) utvikle førebyggjande helseomsorg, foreldrerettleiing og undervisning og tenester innanfor familieplanlegging 3. Partane skal setje i verk effektive og eigna tiltak for å avskaffe tradisjonsbunden praksis som er skadeleg for helsa til barn. 4. Partane forpliktar seg til å fremme og oppmuntre internasjonalt samarbeid med tanke på gradvis å verkeleggjere fullt ut dei rettane som godtekne i denne artikkelen. I denne samanhengen skal det særleg takast omsyn til behova i utviklingslanda. 1. Korleis legg kommunen til rette for at alle barn kan leike og ferdast trygt mellom heim, skule- og fritidsaktivitetar? 2. Korleis legg kommunen til rette for at alle barn kan være fysisk aktive ut frå sine eigne føresetnader, både i skule og på fritida? 3. Korleis kartlegg kommunen utfordringar som gjeld helse og trivsel for barn og unge? 4. Korleis arbeider kommunen med tilrettelegging og tiltak som fremjar eit godt kosthald og førebygger bruk av tobakk og rusmidlar blant barn og unge? 5. Deltek alle ungdomsskuleklassar i kommunen i det tobakksførebyggande FRI-programmet? 6. I kva grad har kommunen ein rusmiddelpolitikk som også har tiltak som rettar seg mot barn og unge? 7. Korleis sikrar kommunen at barn og unge sin rett til helsetenester blir ivareteken gjennom eit helsestasjonsog skulehelsetenestetilbod? 8. Korleis sikrar kommunen eit reelt tilbod om habilitering og rehabilitering til barn og unge?
God utdanning STEG 7- God utdanning Barn har rett til grunnutdanning og at vidare utdanning blir gjort tilgjengeleg og oppnåeleg for dei (Artikkel 28 og 29) Artikkel 28 1. Partane godtek at barnet har rett til utdanning, og med sikte på å oppnå denne retten gradvis og på grunnlag av like sjansar, skal dei særleg a) gjere grunnutdanninga obligatorisk og gratis tilgjengeleg for alle, b) oppmuntre utviklinga av ulike former for vidaregåande opplæring, både allmennfagleg og yrkesfagleg opplæring, gjere dei tilgjengelege og oppnåelege for alle barn og setje i verk eigna tiltak som til dømes innføring av gratis undervisning og tilbod om økonomisk støtte ved behov, c) med alle eigna midlar gjere høgare utdanning tilgjengeleg for alle på grunnlag av evnene hos den einskilde, d) gjere informasjon og rettleiing om undervisning og opplæring tilgjengeleg og oppnåeleg for alle barn, e) setje i verk tiltak for å oppmuntre til regelmessig skulegang og for å redusere talet på dei som ikkje fullfører skulegangen. 2. Partane skal setje i verk alle eigna tiltak for å sikre at disiplinen i skulen skal utøvast på ein måte som kan sameinast med menneskeverdet til barnet og er i samsvar med denne konvensjonen. Partane skal fremme og oppmuntre internasjonalt samarbeid om forhold som gjeld utdanning, særleg med sikte på å medverke til å avskaffe vankunne og analfabetisme over heile verda og å lette tilgangen til vitskapleg og teknologisk kunnskap og moderne undervisningsmetodar. I denne samanhengen skal det takast særleg omsyn til behova i utviklingslanda. Artikkel 29 1. Partane er samde om at utdanninga til barnet skal ta sikte på a) at barnet skal utvikle personlegdommen sin, talenta sine og dei psykiske og fysiske evnene sine så langt det er mogleg, b) å utvikle respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og for prinsippa som er fastsette i pakta til Dei sameinte nasjonane, c) å utvikle respekt for foreldra til barnet, for den kulturelle identiteten, språket og Verdiane til barnet, for dei nasjonale Verdiane i det landet barnet bur i, for landet barnet eventuelt kjem frå, og for kulturar som er ulike kulturen til barnet, d) å førebu barnet til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, 1. Korleis sikrar kommunen alle elevar sin rett til tilpassa opplæring? 2. Kva system har kommunen for å fange opp og vurdere barn og unge som treng ekstra oppfølging i barnehage og skule? 3. Korleis sikrar kommunen eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring? 4. Har alle barnehagar og skular i kommunen ein handlingsplan mot mobbing? 5. Sikrar kommunen at alle foreldre som ønskjer det, får barnehageplass for barna sine? Vert retten til barnehageplass jf. barnehagelova 12 a halden? 6. Har alle barnehagar og skular i kommunen ein plan for korleis krisesituasjonar skal handterast? 7. Har kommunen ein plan for overgangen mellom barnehage og skule, og korleis sikrar kommunen at planen vert gjennomført i praksis?
toleranse, likestilling mellom kjønna og vennskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolket, e) å fremme respekten for det naturlege miljøet. God utdanning 2. Ingen del av denne artikkelen eller artikkel 28 skal tolkast slik at det blir gripe inn i den fridommen personar og organisasjonar har til å opprette og styre utdanningsinstitusjonar, under føresetnad av at prinsippa som er fastsette i nr. l i denne artikkelen, blir følgde, og at den undervisninga som blir gitt i slike institusjonar, er i samsvar med dei minimumskrava vedkommande stat eventuelt har fastsett.
Sjumilsteget sin grafiske profil er utvikla av Fylkesmannen i Troms