Teknisk notat Til: v/: Kopi til: Akvator Turid Verdal Dato: 2. april 2013 Rev. nr./ Rev. dato: 0 Dokumentnr.: Prosjekt: Utarbeidet av: Prosjektleder: Kontrollert av: 20130143-01-TN Skredfarevurdering, Løfallsstrand og Varaldsøy Hedda Breien Hedda Breien Øyvind Armand Høydal Skredfarevurdering for alternative vegtrasear og fergeleier, Varaldsøy Innhold 1 Innleiing 2 2 Terreng 2 2.1 Nordre og midtre del av området 3 2.2 Søndre del 4 2.3 Berggrunn 6 3 Skredfarevurdering 8 Kontroll- og referanseside
Side: 2 1 Innleiing På oppdrag frå Akvator har NGI vurdert skredfaren for alternative fergeleier (Glevika og Hestevika) og vegtrasear sør på Varaldsøy, Kvinnherad kommune (figur 1). Aktsemdskart for området tilseier at det kan vere lokal skredfare langs skrentar og liknande på øya (figur 1). NGI ved Øyvind Armand Høydal og Hedda Breien synfarte området 20. mars 2013. Figur 1 Kartet viser dei alternative vegtraseane og fergeleiene på Varaldsøy (blå og lilla line). Dei røde sonene viser potensielle fareområder for steinsprang- og snøskred, henta frå www.ngu.no. 2 Terreng Området er småkupert og kledd med furuskog med innslag av varmekjære treslag som kristtorn og eføy. Det er nokre opne bergryggar på kring 10 m høgd som går i retning SV-NØ. Vegtraseen er i stor grad felles for begge dei aktuelle fergeleia og går for det meste langs ein eksisterande skogsveg (figur 1). Det er i dag fleire skjeringar langs skogsvegen (5-7 m høge), desse kjem i stor grad fram som bratte områder på kart i figur 2 og 4. Figur 3 og 5 er eksempel på slike skjeringar. Slik vegtraseane ned til fergeleia er teikna på kartet vil dei delvis krysse og delvis skjere bergryggar og skrenter (figur 6 og 7). Dette vil krevje nye skjeringar.
Side: 3 2.1 Nordre og midtre del av området I denne delen av området er vegtraseen felles og fylgjer eksisterande skogsveg. Eksempel på bratte områder i nordre del er vist i kart og bilete under. Midtre del har ingen bratte parti og er ikkje vist i kart. Figur 2 Kart som viser bratte områder i nordre del av eksisterande vegtrase. Ring viser kvar bilete i figur 3 er teke (mot sør) Figur 3 Dagens skjering i byrjinga av skogsvegen. Ring i figur 2 viser plassering i kart.
Side: 4 2.2 Søndre del I denne delen av området er det to alternative vegtrasear. For alternativet mot Glevika er veglinja lagt midt i det bratte området og det er relativt stor høgdeforskjell på kort strekning frå toppen av åsen til sjøen. Vi tilrår at veglinja byggjast inn i ein terrengmodell. Innsprenging og sikring av vegskjeringane for vegen vil være totalt dominerande i høve til utfall frå naturlege skrenter. Terrenget ned mot sjøen i Hestevika, sør for figur 7, er karakterisert av parallelle ryggar med bratte kantar i retning mot sjøen. Veglinja vil her måtte skjære gjennom fleire rygger eller søkk/daler. Figur 4 Kart som viser bratte områder i søndre del. Svart ring viser område med skjering (figur 5). Blå ring viser skrenter som vegtrase mot Glevika må krysse (figur 6). Rosa ring viser ryggar som berører vegtrase til Hestevika (figur 7).
Side: 5 Figur 5 Skjering langs skogsvegen som planleggast opprustast til tilkomstveg til fergeleie. Svart ring i figur 4 viser plassering i kart. Figur 6 Skrent i skifer i området der vegtrase alternativ 1 er planlagd (Glevika). Vist med blå ring i figur 4.
Side: 6 Figur 7 Området for fergeleie alternativ 2 med vegtrase (Hestevika). Vegtraseen må skjere fleire slike ryggar. Vist med rosa ring i figur 4. 2.3 Berggrunn I nordre og vestre del av området er det lagdelt fjell av dårleg kvalitet (glimmerskifer med sandig fyllitt og sandstein). I dette området går den delen av vegtraseen som er felles for dei to alternativa. Fergeleie alternativ 1 (Glevika) ligg også i dette området. Lengre sør og aust i området går det eit band av kalkstein, og sør og aust for dette er det metaryolitt og metadacitt som er fastare bergartar av betre kvalitet. I dette området er alternativ 2 plassert (Hestevika).
Side: 7 Glimmerskifer med sandig fyllitt og sandstein Metaryolitt og metadacitt Kalkstein Figur 8 Berggrunnskart for Varaldsøy sør
Side: 8 3 Skredfarevurdering Skrentane som gjev opphav til aktsemdsområde på oversiktskartet er låge og det er ikkje skredfare i tradisjonell forstand langs vegtraseane, hovudutfordringa vil bli skjeringar i samband med anlegging av veg og fergeleie. For begge alternativa vil arbeidet med nye vegtrasear og fergeleier krevje nye skjeringar. Fleire av skjeringane vil vere i glimmerskifer og fyllitt. Dette er bergartar med foliasjon og lagdeling som gjer at det kan forekomme utfall frå skjeringane. Utfall frå skjeringane vil i stor grad kunne ivaretakast gjennom anleggsarbeidet og ved for eksempel anlegging av ei grøft mellom veg og skjering. I kapittel 2 Terreng er området delt i nordre og søndre del og det er vist på kart kvar det er eksisterande skjeringar og kvar vegtraseane vil berøre ryggar og skrenter.
Kontroll- og referanseside/ Review and reference page Dokumentinformasjon/Document information Dokumenttittel/Document title Skredfarevurdering for alternative vegtrasear og fergeleier, Varaldsøy Dokumentnr./Document No. 20130143-01-TN Dokumenttype/Type of document Teknisk notat / Technical Note Oppdragsgiver/Client Akvator Emneord/Keywords Steinsprang, vegskjering Distribusjon/Distribution Begrenset/Limited Dato/Date 2013-04-02 Rev.nr.&dato/Rev.No.&date 0 / 2013-04-02 Stedfesting/Geographical information Land, fylke/country, County Hordaland Kommune/Municipality Kvinnherad Sted/Location Varaldsøy Kartblad/Map Havområde/Offshore area Feltnavn/Field name Sted/Location Felt, blokknr./field, Block No. UTM-koordinater/UTM-coordinates Dokumentkontroll/Document control Kvalitetssikring i henhold til/quality assurance according to NS-EN ISO9001 Rev./ Rev. Revisjonsgrunnlag/Reason for revision Egenkontroll/ Self review av/by: 0 Originaldokument HBre OAH Sidemannskontroll/ Colleague review av/by: Uavhengig kontroll/ Independent review av/by: Tverrfaglig kontroll/ Interdisciplinary review av/by: Dokument godkjent for utsendelse/ Document approved for release Dato/Date 2. april 2013 Sign. Prosjektleder/Project Manager Mal rev. dato: 2012-05-30 Skj.nr. 043