Prøvetaking Innværfjorden Bømlo kommune 2015 Driftsassistansen I Hordaland - Vann og Avløp IKS (DIHVA) er eit interkommunalt selskap der medlemskommunane er Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Eidfjord, Fitjar, Fjell, Fusa, Gulen, Haugesund, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Odda, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Stord, Sund, Tysnes, Tysvær, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. DIHVA skal vera eit kompetansesenter for vass- og avlaupssystem og utføra/ formidla tjenester og produkt slik som driftsassisanse eller driftsansvar, kvalitetssikring, analyseverksemd, opplæring, erfaringsutveksling og informasjon.
1. Bakgrunn I Innværfjorden (Figur 1) er det dei siste åra registrert ein overflatefilm, som ofte samlar seg i bukter på dagar med svak pålandsvind. Det er gjennomført fleire undersøkingar for å prøve og finne ut kva dette belegget inneheld og vidare kva som kan vera kjelda. I 2014 vart det gjennomført ei resipientgransking av tilhøva i fjorden. Resultata vart samanlikna med tidlegare undersøkingar av fjorden frå 1983, 1990 og 2000. Resultata synte ein auke i innhaldet av organisk materiale på 10 % på B2, og ein stimulans av botnfaunaen, ved at talet på individ var dobla sidan 2000 (Kvalø et al. 2014). Oksygenmålingane synte mangel på oksygen i djupet i det inste bassenget under 50 m djup. Grensa for H2S var noko djupare i 2014 samanlikna med 2000, og syner at det var vore ei utskifting i dei øvre vasslaga. Undersøkinga i 2014 vart utvida til også å omhandle blåskjel. Blåskjela vart analysert for innhald av tungmetall, PCB og PAH. Innhaldet av dei undersøkte parametrane kom alle i tilstandsklasse bakgrunn (I) og god (II). Tidlegare undersøkingar av overflatefilmen har gitt utslag på diesel og eit feitt liknande stoff (SINTEF 10.4.2003). 15. september 2014 vart det meldt om ny film på overflata. Personell frå Bømlo vatn og avløp (BVA) fekk tatt prøvar av filmen. Denne vart analysert for totale hydrokarbon (THC) og tarmbakteriar Escherichia coli (E. coli) og intestinale enterokokkar. Resultata synte kunn funn av enterokokkar. Det tyder på at det ved prøvetakingstidspunktet var restar av avløpsvatn i området. 28. oktober 2014 vart det tatt ny vassprøve av overflata frå same staden. Dei gav utslag på enetrokokkar og koliforme bakteriar. Det var ikkje synleg belegg på overflata ved prøvetakingstidspunktet. Desse resultata syner at overflatelaget er påverka av avløpsvatn sjølv når det ikkje vert registrert film på overflata. 2. Formål På bakgrunn av tidlegare undersøkingar, ynskjer Bømlo kommune og BVA å finne ut kva denne filmen inneheldt, kva som kan vera kjelda og ein oversikt over innhaldet av tarmbakteriar i overflatevatnet som mål på påverknad frå avlaupsanlegg. Dette notatet presenterer resultata frå ei undersøking av overflatefilmen, og resultata frå åtte prøvetakingar av tarmbakteriar frå seks punkt i Innværfjorden i mai til juli 2015. Side 2 av 35
3. Materiale og metodar Overflatefilmen Så mykje som mulig av overflatefilmen vart samla på ei ein liter glasflaske 9. juni 2015 ved punkt O1 (Figur 1). Det vart og tatt ein prøve av vatnet under filmen til referanse. Prøvane vart sendt Eurofins sitt laboratorium i Bergen i kjølebag med forsending over natta. Det vart kjørt ein GC profil og MS scan av overflatefilmen. Analysebevis med kromatogram er gitt i Vedlegg 1. Tarmbakteriar Det vart tatt prøvar av overflata for analyse av Escherichia coli (E. coli) og intestinale enterokokkar frå seks stasjonar (Figur 1). Det er tatt prøvar ein gang i veka i månadane mai til juli. Frå kvar stasjon vart det tatt to parallelle prøvar ved kvar prøvetaking. Prøvane vart tatt frå land av personell frå kommunen. Eksakt plassering av stasjonane er gitt i Vedlegg 2. Prøvane vart sendt i kjølebagg til SLab AS for analyse same dag som dei vart tatt. B2 BA3 BA5 O1 BA1 BA2 BA4 BA6 Figur 1. Oversiktskart over Innværfjorden med stasjonane inn teikna. BA1-6 stasjonar for bakterieprøvetaking. B2 er stasjon for prøvetaking av botnsediment, undersøkt i 2014. O1 er prøvepunkt for overflatefilm. Side 3 av 35
Figur 2. Oversiktskart over utsleppspunkta av avløpsvatn til Innværfjorden. Blå linjer syner vassleidningar medan grøne og raude syner avlaupsleidningar. 4. Resultat og vurdering av resultata Overflatefilmen Analysen av overflatefilmen syner at den innehaldt diesel (Vedlegg 1). Det vart og funne spor av diesel i referanseprøven som vart tatt av vatnet under filmen. Det same vart funne i prøvane tatt i mars 2003. Undersøkingane av overflatefilmen i 2014 gav ikkje utslag på hydrokarboner (THC). Overflatefilmen som blir registrert i fjorden, treng difor ikkje alltid innehalde diesel. Tarmbakteriar Det vart funne eit lågt innhald av tarmbakteriar i overflatelaget på alle stasjonane (Tabell 1). Ingen av målingane synte E. coli over grenseverdien for utmerket badevasskvalitet etter EU direktivet for badevatn (2006/7/EC) (Figur 3) (Vedlegg 4). Innhaldet av enterokokkar var og lavt med unntak av ei måling ved Ba 6 19. mai. Undersøkinga syner sporadiske funn av tarmbakteriar i overflatevatnet ved stasjonane BA2 og BA3 ved Furuneset og BA6 ved Mækjebakken. Side 4 av 35
Ant. I. enterokokker / ml Ant. E.coli / ml For å kunne klassifisere badevasskvaliteten som utmerket kvalitet, skal 95 % av prøvane vera innanfor grenseverdien. Både innhaldet av E. coli og enterokokkar oppfyller dette kravet. E. coli 300 250 200 150 100 50 0 BA1 BA2 BA3 BA4 BA5 BA6 Stasjon 12.05.2015 19.05.2015 29.05.2015 02.06.2015 09.06.2015 16.06.2015 23.06.2015 02.07.2015 Grense badevann Figur 3. Oversiktskart over innhaldet av E. coli i overflatevatnet frå seks stasjonar i Innværfjorden mai og juli 2015. Raud strek syner grensa for utmerka badevasskvalitet (EUdirektiv 2006/7/EC). Intestinale enterokokker 200 180 160 140 120 100 80 60 40 20 0 BA1 BA2 BA3 BA4 BA5 BA6 Stasjon 12.05.2015 19.05.2015 29.05.2015 02.06.2015 09.06.2015 16.06.2015 23.06.2015 02.07.2015 Grense badevann Figur 4. Oversiktskart over innhaldet av intestinale enterokokkar i overflatevatnet frå seks stasjonar i Innværfjorden mai og juli 2015. Raud strek syner grensa for utmerka badevasskvalitet (EU-direktiv 2006/7/EC). Side 5 av 35
Tabell 1.Oversikt over prøveresultata. 12. mai vart det berre tatt ein prøve per stasjon. Nedre rapporteringsgrense for E. coli er < 10. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. E.coli Enterok. 12.05.2015 19.05.2015 29.05.2015 02.06.2015 09.06.2015 16.06.2015 23.06.2015 02.07.2015 BA1 10 0 <10 2 <10 0 <10 4 <10 1 <10 2 <10 0 0 1 <10 2 <10 0 <10 7 <10 0 20 1 <10 0 0 0 BA2 <10 0 <10 3 <10 1 140 4 <10 0 <10 0 <10 0 0 26 <10 3 <10 0 60 0 <10 0 <10 0 <10 1 10 16 BA3 111 22 <10 2 <10 0 <10 3 <10 0 10 0 <10 1 0 5 <10 1 <10 0 <10 1 <10 1 20 0 <10 0 0 6 BA4 10 1 10 2 <10 1 <10 8 <10 0 <10 0 <10 0 0 0 <10 4 <10 0 30 2 <10 0 <10 0 <10 1 0 0 BA5 20 10 10 2 <10 0 10 3 20 0 <10 1 <10 0 0 0 <10 1 <10 1 10 3 <10 0 <10 0 <10 0 0 0 BA6 <10 1 30 185 160 6 <10 1 <10 1 <10 0 90 5 10 0 10 199 190 7 <10 0 <10 0 10 0 40 4 10 1 5. Referansar Kvalø S.E., Haave M., Torvanger R., Alme Ø., Johannessen P. 2014. Resipientovervåking av fjordsystemene rundt Bergen 2011-2015. SAM e-rapport nr. 27-2014. EU-direktivet om kvaliteten på badevann (2006/7/EC) 6. Vedlegg Vedlegg 1. Analysebevis for overflatefilm. Vedlegg 2. Analysebevis for bakterieanalysar. Vedlegg 3. Oversikt over prøvetakingsstasjonar for bakterieprøvar. Vedlegg 4. Grenseverdiar for badevasskvalitet. EU-direktiv 2006/7/EC Side 6 av 35
Vedlegg 1. Analysebevis for overflatefilm. Side 7 av 35
Side 8 av 35
Side 9 av 35
Vedlegg 2. Analysebevis for bakterieanalysar. Side 10 av 35
Side 11 av 35
Side 12 av 35
Side 13 av 35
Side 14 av 35
Side 15 av 35
Side 16 av 35
Side 17 av 35
Side 18 av 35
Side 19 av 35
Side 20 av 35
Side 21 av 35
Side 22 av 35
Side 23 av 35
Side 24 av 35
Side 25 av 35
Side 26 av 35
Side 27 av 35
Side 28 av 35
Side 29 av 35
Side 30 av 35
Side 31 av 35
Side 32 av 35
Vedlegg 3. Oversikt over prøvetakingsstasjonar for bakterieprøvar. BA1: Innerst i bukta. X BA2: Furuneset. Prøvepunkt ved sida av strand. X Side 33 av 35
BA3: Prøvepunkt på kai.12. mai vart prøven tatt ved Xa, medan dei andre prøvane vart tatt ved X. X Xa BA4: Prøvepunkt ytst på flytebrygge. X BA5: Prøvepunkt ytst innerst i bukta. X Side 34 av 35
BA6: Ute på neset. X Vedlegg 4. Grenseverdiar for badevasskvalitet for salt- og brakkvatn. EU-direktiv 2006/7/EC A B C D E Mikrobiologisk parameter Utmerket kvalitet(veiledende verdi) God kvalitet(krav) Tilstrekkelig kvalitet Analysemetoder Intestinale enterokokkar CFU/100 ml Escherichia coli CFU/100 ml 100* 200* 185** ISO 7899-1 eller 7899-2 250* 500* 500** ISO 9308-3 eller 9308-1 *Basert på at 95 % av prøvene skal være bedre enn angitt verdi ** Basert på at 90 % av prøvene skal være bedre enn angitt verdi Side 35 av 35